VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 2012/1594 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 03.05.2012 Interkommunalt samarbeid i Romsdalregionen med utgangspunkt i rapport frå NIVI Utval Møtedato Utvalssak Kommunestyret Administrasjonssjefen si innstilling 1. Vestnes kommune tek forstudierapporten fra NIVI Analyse til etterretning. Det er ei felles forståing og aksept av det utfordringsbiletet som rapporten viser for det interkommunale samarbeidet i regionen. 2. Vestnes kommune er samd i utfordringsbiletet, og har difor til hensikt å styrke og utvikle sitt interkommunale samarbeid i Romsdal Regionråd (ROR) på ein langt meir strukturert måte for å løyse dei utfordringane kommunen og regionen står framfor. For å få til dette må ressursane i ROR aukast. 3. Det blir etablert eit forprosjekt med formål å fremme konkrete forslag til samarbeidsområde og korleis kommunane i ROR kan organisere, strukturere og formalisere sitt samarbeid slik at lokal folkevalt styring blir ivareteken. 4. Romsdal Regionråd får mandat til å gjennomføre forprosjektet i løpet av første halvår 2013. Kommunane skal involverast i prosessen, og medlemsmøtet i ROR skal haldast løpande orientert. (Referansegruppe). I forprosjektet skal det utarbeidast forslag om ein forpliktande samarbeidsmodell og aktuelle samarbeidsområde for dei deltakande kommunane. Forslaget blir oversendt kommunane til endeleg avgjerd om vidare deltaking. Hovudprosjektet blir å innføre ein slik samarbeidsmodell, og bør ha ei varigheit på 3-5 år. SAKSUTGREIING: Det er utarbeidd eit felles saksframlegg for alle kommunane: Saksopplysningar Bakgrunn for forstudiet og rapporten fra NIVI:
Romsdal Regionråd fekk i 2010 tildelt kr 500 000 fra Fylkesmannen til ei forstudie for å vurdere muligheitene for eit utvida interkommunalt samarbeid i Romsdal. Dette er fase 1 i eit større prosjekt mellom ROR kommunane for på sikt å få til auka forpliktande interkommunalt samarbeid. Etter ein tilbodskonkurranse vart det i januar 2011 gjort vedtak om at NIVI analyse fekk oppdraget med å utarbeide ein forstudierapport. For å sikre god forankring i ROR kommunene, samt Eide og Gjemnes, vart formannskapa inviterte til eit felles formannskapsmøte der oppstarten og mandatet vert presentert. Det vart arrangert tilsvarande fellesmøte med formannskapa då rapporten var ferdig og vart presentert i juni 2011. Målet med forstudien har vore å etablere eit kunnskapsgrunnlag for utvida samarbeid eller eventuelt utgreiingar av kommunesamanslutningar i regionen. Skal vi kome vidare i dette arbeidet må alle vere samde i utfordringsbiletet. NIVI analyse har i sitt arbeid intervjua alle rådmenn og ordførarar i dei 9 kommunane, samt hatt kontakt med representanter for fylkeskommunen, fylkesmannen og andre regionale aktørar. I tillegg er sentrale dokument og kjelder med kommuneopplysningar lagt til grunn. Hovudpunkta frå NIVI analyse om utfordringsbiletet kan oppsummerast slik: 1. Kommunane i Romsdal har utvikla eit svært omfattande interkommunalt samarbeid målt i talet på ordningar. Det formelle interkommunale samarbeidet i Romsdal, inkl Eide og Gjemnes består av 100 forskjellige ordningar. Dette er det høgste talet som NIVI har registrert når dei ser på alle andre kartleggingar dei har gjort rundt om i Norge. 2. For Fræna, Eide, Aukra og Molde er det registrert mellom 44 og 48 formelle ordningar. Det er det høgste tal ordningar pr kommune som er registret i NIVIs kartleggingar som til no er føreteke i 102 kommunar. Molde er den senterkommunen i landet der det førebels er registrert flest formelle samarbeidsordningar. 3. Nærmare analyser av geografisk samarbeidsmønster for grensekommunar mot Nordmøre og Sunnmøre viser at Eide, Nesset og Vestnes er sterkare integrert mot Molde og dei andre Romsdalskommunane enn mot hhv Nordmøre og Sunnmøre. Gjemnes er i ein spesiell situasjon med ei jamn fordeling av samarbeidsordningar mot både Romsdal og Nordmøre. 4. Mange av samarbeidsordningane er reine avtalebaserte samarbeid eller har ei form som administrativt vertskommunesamarbeid. I dei sistnemnde samarbeidsformene deltek ikke politikarane i eigne styringsorgan. Det kan reisast spørsmål om omsynet til politisk styring og kontroll blir godt nok ivareteke gjennom dagens samarbeidsordningar. 5. Dagens samarbeid framstår som dårleg tilpassa utfordringsbiletet for kommunane som er prega av kompetanseutfordringar og veksande sårbarheit som følge av nasjonale reformer og mer krevande oppgåver. 6. Potensialet for høgare kompetanse, betre kvalitet på tenestetilbodet og betre ressursbruk gjennom utvida samarbeid blir vurdert som stort. Betre samordning av utviklingsoppgåver kan gi større regional utviklingskraft! 7. Kommunane står no ved eit forvaltningsskille som følge av nasjonale reformer som er dårleg tilpassa det lokale kompetanse- og ressursgrunnlaget som følger av dagens kommunestruktur. Dette krever overgang fra eit praktisk samarbeid i ulike geografiske retningar til eit meir strategisk forpliktande samarbeid mellom faste partnarar. 8. Endringar i kommuneinndelinga kan vere eit naturleg svar på utfordringane, men krever nasjonal medverknad. I mellomtida kan kommunane velge strukturert samarbeid som
hovudmodell, og kanskje tenke moderne regionkommunar basert på felles bustad og arbeidsmarknadsområde. 9. Regionrådet bør difor reorganiserast og styrkast som støtte og utviklingsorgan i det vidare arbeidet. Regionrådets funksjon I Møre og Romsdal er det 4 regionråd. Nordmøre 11 kommuner 60 773 innbyggere 6 071 km2 Romsdal 7 kommuner 57 700 innbyggere 3 784 km2 Ålesundsreg. 24 kommuner 166 571 innbyggere 6 383 km2 Både ROR, ÅRU og OKRide vart etablert på slutten av 1980/byrjinga av 1990-tallet, og sidan den gong har kommunesektoren hatt mange omfattande reformer og omleggingar. NIVI har spurt om sterke og svake sider ved ROR sin funksjon. Som sterke sider ved Romsdal Regionrådet vert framheva: A) Korte avstandar mellom kommunesentra, og allereie eitt felles bo- og arbeidsmarked. B) Nær tilknytning til næringslivet og aktive næringsforum C) Godt samarbeidsklima mellom kommunane prega av openheit og vilje til å tenke heilheitlege løysinger for Romsdal D) Evne til å stå saman i viktige saker overfor staten og andre aktørar E) Muligheit for løpande drøfting og høyring i viktige saker som berører kommunene F) Stor innsats i sekretariatet som får til mykje ut av knappe ressursar G) Rask og fleksibel organisering av prosjekt Det er ingen tvil blant informantane om behovet for eit regionråd i Romsdal. Det kjem fram ei brei og samstemt vurdering som tilseier at ROR bør reorganiserast og styrkast. De svake sidene ved ROR kan oppsummerast slik: A) For få konkrete resultat og for lita framdrift i samarbeidet, særleg omkring administrasjon og tenesteyting i kommunane B) For svak prioritering og styring av samarbeidet som har leds til eit fragmentert og lite oversiktleg samarbeidsmønster mellom kommunane C) Dagens regionråd er dårleg egna til å treffe forpliktande strategiske beslutningar som følge av svak forankring i medlemskommunane D) Samarbeidet framstår som lite effektivt som følgje av arbeidsform som er for mykje prega av lause prosessar E) Laus organisering betyr at samarbeidet ofte ikkje er tilgjengeleg for demokratisk innsyn og kontroll for ålmenta F) Det er behov for større administrativ kapasitet og breiare kompetanse på kommunal forvaltning i regionrådet sitt sekretariat. Det er imidlertid viktig å understreke at sekretariatsfunksjonen, som i dag er lagt til Molde Næringsforum, fungerer på ein god måte utfrå dei rammebetingelsane som er gitt. NIVI kommenterer i sin rapport at prosjektaktiviteten må betraktast som omfattande sett i forhold til oppfølgingsressurser i sekretariatet. Det nyaste dømet på interkommunalt samarbeidsprosjekt som er gjennomført i ROR er IK legevakt mellom Molde, Nesset, Fræna og Eide. Denne vart iverksett frå 11.04.2012. Utfordringsbiletet for kommunane: 1) Velferdsutfordringa omhandlar mellom anna endringar i befolkningssammensetninga i kombinasjon med stadig aukande ambisjonar om gode velferdstenester, peiker i retning av ein kraftig ekspansjon i det kommunale tenestetilbodet. Nasjonale reformer utfordrar også.
2) Arbeidskraftutfordringa handlar rett og slett om å drive kommunen med så god arbeidsgjevarpolitikk at personar med rett fagkompetanse ønskjer å velge kommunal sektor. Spesielt vil nok småkommunane merke konkurransen om arbeidskrafta betre enn dei store. Det kan på sikt bety auka forskjellar i tenestetilbodet mellom by og land. 3) Kompetanseutfordringa inneheld minst 3 viktige perspektiv. Det eine dreier seg om kapasitet i form av nok personell. Det andre dreier seg om fagkompetansen til personellet som følge av utdanningsbakgrunn og yrkeserfaring. Det tredje dreier seg om fagmiljø, som kan vere viktig for å skape eit attraktivt og utviklingsorientert miljø i kommunen. 4) Økonomiutfordringa handlar om trange økonomiske rammer i åra framover, og behovet for kontroll og oppfølgingssystem som er viktig for å sikre ei god og langsiktig økonomistyring i kommunane. 5) Utviklingsutfordringen handlar om å sikre levande lokalsamfunn med gode tenester til innbyggarane, eit moderne og konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv infrastruktur. 6) Generalistutfordringa viser til utviklingstrekka med at dei store kommunane får tilført kompetanse og ressursar, medan mange små og lite sentrale kommunar er inne i ein motsett utviklingsbane som er kjenneteikna av langvarig og systematisk ressurstapping. I lengda er det vanskelig å sjå at ei slik utvikling er mulig å kombinere med eit kommunesystem som forutset like oppgåver til alle. 7) Demokratiutfordringa handlar grunnleggande sett om innbyggarane si muligheit for deltaking og påverknad i lokalpolitikken og i saker som påverkar desse. Utfordringa dreier seg også om lokalpolitikarane sin innflytelse i forhold til andre aktørar som påverker samfunnsutviklinga. Felles kommunestyremøte i ROR Den 7. mars 2012 vart det arrangert felles kommunestyremøte for alle kommunane i Romsdal, samt Eide og Gjemnes. Hovudtema var folkevaltopplæring med fokus på interkommunalt samarbeid og regionsutvikling. På slutten av møtet vart det gjort følgande intensjonsvedtak: 1) Kommunene i Molde-regionen tar forstudierapporten fra NIVI Analyse til etterretning. Det er felles forståelse og aksept av det utfordringsbildet som rapporten viser for det interkommunale samarbeidet i regionen. 2) Kommunene i Molde-regionen skal (i egen sak) behandle forstudierapporten fra NIVI Analyse og kommunens deltakelse i et eventuelt forprosjektet innen juni 2012. 3) Kommunene i Molde-regionen har til intensjon å styrke og utvide sitt interkommunale samarbeid på en langt mer strukturert måte for å løse det utfordringsbildet kommunene står framfor. 4) Det tas sikte på å etablere et forprosjekt med formål å fremme konkrete forslag til samarbeidsområder og hvordan kommunene i Molde-regionen kan organisere og formalisere sitt samarbeid slik at lokal folkevalgt styring ivaretas. 5) Styret for Romsdal Regionråd utarbeider forslag til mandat, organisering og finansieringsplan for forprosjektet. Vurdering Det er eit viktig vegskille ROR kommunane no står overfor.
Gjennom NIVI rapporten har vi fått dokumentert at vi er god på samarbeid, men at det manglar ein samla struktur, formell organisering, og at det kan stillast spørsmål om det er god nok demokratisk styring. I Stortingsmelding nr 12 (2011-2012) som har fått tittelen Stat og kommune styring og samspel er departementet opptatt av å bevare generalistkommunesystemet som baserer seg på at alle kommunane har samme breie oppgåveansvar, og at staten styrer kommunen på en lik måte. Departementet påpeikar at dette systemet har vore ein berebjelke i oppbygginga av vårt velferdssamfunn. Likevel er dept opptatt av å gi økonomisk støtte til de kommunane som finn det mest hensiktsmessig å slå seg saman. Fortsatt skal endringar i kommunestruktur vere basert på frivilligheit. Departementet skriv videre at det framover vil være en utfordring for flere kommuner å rekruttere og halde på fagfolk for å kunne tilby kvalitativt gode tenester innanfor heile spektret av oppgåver som dei har ansvar for. Interkommunalt samarbeid kan bidra til å sikre tilgang til kompetanse eller vere tenleg for å få ei rasjonell organisering av tenestene. Departementet viser til at kommunane har gode samarbeidsmodellar å velge mellom. Den enkelte kommune må imidlertid ha merksemd på å organisere samarbeida sine på ein måte som gir god demokratisk styring og kontroll. NIVI analyse er tydelig på konklusjonen om at Romsdal Regionråd vil spele ei sentral rolle for utvikling av regionen i åra framover, men at tida nærmast er overmoden for å ta nødvendige grep for å styrke ROR kommunane sine samarbeidsmuligheiter framover. Spesielt er det sentrale reformer og mangel på fagleg spisskompetanse som vil utfordre kommunene. Både regionrådet på Nordmøre og i Ålesundsregionen bruker langt større ressurser på interkommunalt samarbeid enn ROR. Det er difor hensiktsmessig at den generelle kontingenten for medlemskap i ROR samarbeidet aukar. Kommunane rundt Molde har alle sine ulike fortrinn og område som dei er gode på. I det vidare samarbeidet er det viktig for Molde å vise rausheit til dei omkringliggande kommunane. Frykta for at alt skal havne i Molde er noko som bekymrer dei fleste lokalpolitikarane i kommunane rundt Molde, og det er derfor viktig at Molde som motor i den regionale utviklinga framover har med seg dette i det vidare samarbeidet. For å komme i gang med forprosjektet til hausten bør det tilsettast ein person i deltidsstilling med brei kommunal kompetanse. Det er naturlig at det er ROR som styrer forprosjektet, og legg resultatet fram som sak for kommunestyra i ROR kommunane, samt Eide og Gjemnes. Prosjektet er planlagt slik: Forstudie: Forståelse og aksept av felles utfordringsbilde Forprosjekt: Hvordan løse utfordringsbildet? Hovedprosjekt: Gjennomføring! Forstudie Forprosjekt Hovedprosjekt Vedtakspunkt Vedtakspunkt Vedtakspunkt Særutskrift til: Romsdal Regionråd