Bustadsosiale tiltak i Vennesla og Hjørring



Like dokumenter
Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Pilehagen Eit småhustiltak. Innlegg

Til deg som bur i fosterheim år

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 11/2019 Levekårsutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Eksempel frå Stord kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJON OM KNUTSAÅSEN OMSORGSSENTER

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

ÅDALEN ALLÉ 6. Nye kommunale omsorgsbustader Skodje kommune

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Informasjonshefte Tuv barnehage

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Team Hareid Trygg Heime

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Erfaringar frå kommunalt arbeid med LAR. Flora kommune, tiltakstenesta Anne Merete Ødven

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Marit Isene Medlem KRF

Samhandling i praksis

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Tilpassa bustader erfaringar frå Karmøy. Innlegg Stavanger 4 april 2017

Sluttrapport Forsøk med fleksible arbeidstidsordningar i Vestnes kommune.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Betalingssatsar for helse- og omsorgstenester, gjeldande frå

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

10/60-14/N-211//AMS

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rektorforum 15. april

Trygge, gode boliger og bomiljø for alle. Lise Henriette Rånes, Bodø kommune og Marit Iversen, Husbanken nord, Bodø

Betre akutthjelp. -eit fagleg og økonomisk samhandlingsprosjekt

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Velkomen til Mork barnehage

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

«Det muliges kunst» Kurs for pårørande ved rusproblematikk

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

KOMMUNALT RUSARBEID Ulstein kommune

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Handlingsplan mot «Vald i nære relasjonar»

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Transkript:

Bustadsosiale tiltak i Vennesla og Hjørring Rapport Studietur 13-15 mai 2008 Bø-, Nome-, Sauherad- og Seljord kommune med støtte frå Husbanken, Arendal 1

Innhald: Innleiing/bakgrunn for studieturen s. 3 Vennesla kommune s. 4 Ambulerande buteam s. 4 Holte bustad s. 4 Dølebakken bufellesskap s. 5 Hjørnet dagsenter s. 5 Kontakten bu-og aktiveterssenter s. 6 Hjørring kommune s. 8 Orientering om kommunen, organisering, tilbod til psykisk sjuke, rusmisbr. m.v. s. 8 Etablering av butilbod, byggeprosess, finansiering m.v. s. 10 Laden s. 11 Vikingebanke s. 12 Havglimt s. 13 Oppsummeringsmøte s. 14 Vedlegg: Program s. 15 Deltakarliste s. 17 Rekneskap. s. 18 Foto: Knut Dyrland, Seljord kommune 2

Innleiing: Kommunane Bø, Nome, Sauherad og Seljord fekk etter søknad til Husbanken eit tilskot på kr. 50.000,- til gjennomføring av ein felles studietur 27 29. mai 2008. Målet med turen var å innhente erfaringar frå andre kommunar i prosessen frå bustadsosial handlingsplan til bustad her under: Prosessen fram til val av planløysing for bygg Organisering, bemanning m.v. Finansiering: Sjølveige, kommunalt eller burettslag? Vi ynskte spesielt å sjå på Bustader for psykiatripasientar med tilhøyrande vaktrom/dagsenter (her under også dobbeltdiagnose rus/psykiatri). Bustader for funksjonshemma ungdom med tilhøyrande fellesrom og personalrom. (Gjeld fysisk funksjonshemma, AdHd, Asberger m.v.) Mindre bueiningar tilpassa andre bustadsosiale behov (rus, åtferd, manglande struktur m.v) og med ambulerande oppfølging. Målgruppe for turen var personar som jobbar med bustadsosiale spørsmål i kommunen (politikarar, brukarrepresentantar, tilsette frå sosial/psykiatri/teknisk/leiing m.v.) Vi var på førehand i kontakt med fleire kommunar og valde å reise til Vennesla og Hjørring. Kvar av dei deltakande kommunar fekk ansvar for å skrive eit referat frå ein del av turen. Det er desse referat som nå er samla til ein rapport. Det er berre gjort små endringar i det som har kome inn, noko rapporten bærer preg av. (vekslande målform, setningsbygging m.v.) Studieturen har gitt oss mange viktige innspel til det vidare bustadsosiale arbeidet i dei einskilde kommunane m.a: Bufellesskap på 6 einingar er for smått pga. bemanning, økonomi og miljøet på staden. Integrering i nærområdet skjer berre i liten grad. Bebuarane er avhengige av å finne fellesskap med dei andre på huset Viktig å taka omsyn til funksjonsnivå ikkje berre diagnose. Det eksisterer mange fordommar i høve til dei andre sine diagnosar. Vekt på tverrfagleg bemanning sosialpedagogisk og helsefagleg Kontinuerleg opplæring og rettleiing av personalet temadagar og månadleg rettleiing. Bufellesskap: Det rådast til at bebuarar leigar. Fellesrom/kjøkken er heilt sentralt i eit bufellesskap. Brukarmedverknad viktig i utforming av kvardagen. Pårørande kjenner oftast brukaren best. I tillegg har deltakarane fått eit innblikk i kva som skjer i nabokommunane og det har blitt utveksla idear og informasjon kommunane imellom. Seljord november 2008 Richard Vaaben Jensen 3

Vennesla kommune: Kommunen har ca. 12 000 innbyggarar. Ambulerande buteam i Vennesla kommune. Teamet har 2 årsverk, 1 person har vakt ut over ordinær arbeidstid. Dei som arbeider i teamet har utdanning som psykiatrisk sjukepleier og verne pleier. Dei er på sida av psykiatrisk team. Psykiatrisk team (17 årsverk) server omsorgssenteret, helsetenestane og bufellesskap. Brukarane av tenestane får organisert frukost 1 gong i veka. Tenestene er gratis. Dei som har bruk for den vert henvist av lege. Teamet tar ein kartlegging og undersøker behovet, og så vert det gjort vedtak. Alle LAR-pasientane vert henvist hit. Tålegrensa for sidemisbruk er ikkje klart definert, så det skal mykje til før ein mister metadon. Det er sjukehuset som bestemmer dette. Tiltaket er berre på dagtid, ikkje alle er rusavhengige. Holte bolig Dette er eit bufelleskap som høyrer til under eininga for habilitering. Bustadene vart bygd som PUbustadar i 1992, i regi av den kommunale bustadstiftelsen. Det er 10 sjølvstendige einingar (75 m2) som er bygd rundt eit felles tun med. Alle bustadar har eigen inngang. Eit av husa vert bruka til felles opphaldsrom/aktivitet for dei som bur der. Husa ligg sentralt i Vennesla med gangavstand til sentrum og til butikkar. Dette er viktigare enn at dei skal vera integrert i eit vanleg bustadområde. Bustadane vert i dag nytta til alle brukargrupper (ikkje rusproblem). Det er viktigare å samle folk etter kva som dei treng hjelp til. Alle er med på arbeidsenteret, mellom kl. 09.00 15.00. På kveld kan det vera 2-3 tilsette på vakt. Det er 1 kvilande nattevakt. Husleiga er på 4800 kr pr mnd, og alle har bustønad. Ein av bebuarane i PU bustadene har sagt at Før prøvde eg å skjule at eg var psykisk utviklingshemma, men no fortel eg det til alle, no seier alle at eg er flink. Dei tilsette sine prinsipp er å vera flink med folk, og så spør me dei kva dei vil ha! 4

Dølbebakken bufelleskap Dette er eit bufellesskap som høyrer til Eining for psykisk helse. Husa var ferdig 28 januar 2008, det er 6 bueiningar. Ein leilighet er tatt i bruk som fellesbase. Kvar har sin eigen leilighet på ca. 60 m2 til ein pris på 5000 kr. + straum. Ein leilighet er på 70 m2 med 2 soverom til 5600 kr. Kommunal bustadstifting eig og driv husa. Alle betalar depositum på 6 gongar husleiga. Dei som bur her får bustøtte og diverse tilskot. Alder på brukarane av bustadane er mellom 20 og 40 år, dei har samansette diagnosar og problemstillingar. Det er behov for 13 årsverk, men bufellesskapet har førebels berre 4,8 årsverk. Det er bemanna på dagtid kl. 14.00 22.00, i helgane er det ikkje bemanning. Erfaringane deira med bygginga var at det tok lang tid å finne gode tomter i eigna bustadmiljø, som hadde gangavstand til sentrum. Ein del skepsis til brukargruppa i nabolaget måtte og bearbeidast. Kommunen er i dag veldig fornøgd med dette huset, det ligg fint i terrenget og har gode naboar og kort veg til sentrum. Det vert nytta leigeavtalar etter husleigelova 11,2 midlertidig bustad. Bustad med bistand, samarbeidsavtale med brukarane. Det er ingen alarmsystem i bustadane, men det er rømningsvegar for personalet. Dei har tatt lærdom av studiereise før bygging av husa om at diskusjon om bemanning bør lyftast til rådmannsnivå. Einingane og 2.linjetenesta skal ikkje diskutera dette. Hjørnet Dagsenter Dagsenteret høyrer inn under Eining for psykisk helse. Representantar for brukarrådet orienterte om tilbodet på dagsenteret og korleis det fungerte. Tilboda på aktivitetar er delt utover på ulike dagar. Dei har delt tilboda mellom menn og kvinner, og nokre tilbod er blanda. Det er vanleg at 70 80 pesonar brukar tilbodet pr. veke. Snitt alder er 45/50 år. Det er brukarbetaling på 50 kroner for mat, 10 kroner for kaffi 5 kroner for kaker. 5

Det er 3 årsverk på dagsenteret. I tillegg kjem 1 frivillig i 50 %. Dei har ulike aktivitetar som å lage glasfat, bilder, strikking og liknande. Tilbodet er opent for dei som vil bruka det. Men dei må søkje seg inn på dei organiserte tilboda. Då må ein fylle ut skjema, og etter kartlegging/vurdering og samtale blir det gitt eit tilbod. På open dag kan alle som ynskjer det kome og delta. Dette tilbodet er viktig som eit sosialt samlingspunkt for mange av brukarane. Dei har eige brukar kontor og tilgang på data. Dei har eit budsjett på 75 000 kroner som dei skal vera med å bestemme kva dei skal bruke til. I Vennesla har dei 3 typar arbeids tiltak: Samarbeid med NAV. Vennesla kommune sitt. Knutepunkt Sør som er eit samarbeid med kommunane rundt Vennesla. Ein av dei tilsette arbeider med pårørande arbeid. Det vert arrangert ulike møter på senteret. Temamøter kan være om måtar å forstå psykisk helse på, måtar å forstå psykose på og liknande. Kontakten bu -og aktivitetssenter. Det er ein felles kristen stiftelse hvor menighetane i bygda står bak som eigar. Stiftelse som arbeider med menneske som slit med rusproblem. Stiftelsen har eit nært samarbeid med Vennesla kommune. Det er to ulike tilbod som denne Stiftelsen gjev: Lågterskel tilbod. Dette er til personar som ikkje vil slutte å ruse seg, men treng ein plass å bu. Det er lokalisert i eigne brakker like utanfor senteret Reglar for dei er : Dei må ha 2 3 måltid i veka eller frukost kvar dag. Det vert ikkje tolerert trussel med vold. Ut over dette er det eit minimum med reglar. Det er lov å ha besøk. 6

Rusfritt tilbod. Lille promille Grå Moelvenbrakke med 2 rom og dusj, som låg ved sida av hovudhusa. Dette vert brukt til avrusing, for dei som skal inn i behandling og til andre som treng plass til avrusing. Plass til 1 person pr veke. Den som ber om det fyrst får tilbodet. Ein får då tilbod om seng, mat, oppfyljing, medisinar. Heimesjukepleien deler ut metadon og subutex. Gulehuset. 1. Kontor, felles opphaldsrom. 7 ventehyblar til behandling. Dei får ferdig mat. Det er også vaktmester bustad i huset. Gulehuset. 2. Ettervern. Individuelle avtalar. Rusfritt. Dei som sprekk må ut i Lille promille før dei kan kome tilbake. Rutinar på huset er: Alle vert vekt kl. 08.00. Frukost er kl. 09.00. Mat ordnar alle sjølv. Arbeidstilbod på området: Sykkelverkstad med arbeidstid frå kl. 09.00 15.00. Bruktbutikken har arbeidstid frå kl. 09.00-15.00. Kafeen er for tida ikkje i drift. Dei som arbeider får motivasjonspengar på 25 kr. pr time. Dei må seia ifrå når dei startar å arbeide og når dei sluttar, elles får dei ikkje betalt for det dei gjer. Alle brukarane som ikkje har jobb eller skule arbeider på bruket. Dei har 19 til 23 overnattingsplassar. Den yngste bebuar er 19 og den eldste 60 år. Folk bur her i snitt 1,5 år dvs 1 2 år. Dei som bur her må betale 2000 kroner i husleige og 1000 kroner i straum og 700 kroner i matpengar. Stiftelsen får eit grunnbeløp frå kommunen. Vennesla kommunen betalar 10.000 kr pr mnd med oppfyljing og husly. Andre kommunar betalar 15.500 kr pr mnd. Dagbemanning er 1 sjukepleiar og 1 miljøarbeidar, 1 leiar og 1 arbeidsleiar. Om natta er det ein på vakt aleine. Alle som bur her har ei ansvarsgruppe med psykiatrien og A klinikken i Kristiansand og sosialtenesten i kommunen. (Ref: Sauherad kommune) 7

Hjørring kommune: Generell orientering om Hjørring kommunes organisering og tilbud til psykatribrukere, misbrukere og utsatte grupper. v/pia Skaarup Nye Hjørring kommune fra 01.01.2007. Tidlegare Hjørring, Hirtshals, Løkken/Vrå og Sindal kommunar. 72 000 innbyggere, mye arbeid med å harmonisere servicetilbud, og tilbud til utsatte grupper, misbrukere og psykiatribrukere. Organisert: Felles administrasjon bestående av en direktør for sundhed, ældre og handicap, en administrasjons- og servicestab og etater for sundhed, ældre og handicappede. Innbyggerkontakten foregår ute i tettstedene, men administrasjonen er samlet. Handicapsjefen har: En myndighetsavdeling som fatter vedtak om borgernes tilbud En pensjonsavdeling som fatter vedtak om borgerenes pensjoner En tverrfaglig konsulent Driftsnivå: Nordjyllands beskyttede verksted, dagtilbud for psykisk- og fysisk utviklingshemmede (4 forskjellige tilbud), botilbud for psykisk- og fysisk utviklingshemmede både med og uten bemanning, sosial psykiatri og særlig utsatte grupper botilbud m/bemanning og væresteder. Det ble arbeidet med å lage plan for evt. å etablere nye botilbud, stort budsjett for kjøp av tjenester og Hjørring kommune hadde 250 beboere plassert utenfor kommunen. Gruppen sosialpsykiatri hadde flest nye saker (eks. personer med ADHD diagnose) 8

9

Rusmisbrukere som etterspør behandling selv har en lovfestet garanti på at behandling skal igangsettes innen 14 dager etter henvendelse. Det er ikke lovfestet hvilken behandling som skal gis. - Tilbud til alle målgrupper i alle byer i Hjørring kommune - Ingen ventetid på å bli tatt inn til avrusing. Det brukes i dag 15,3 mill. kr. på misbruksbehandling i Hjørring kommune. Mer fokus på behandling i eget miljø i stedet for behandling på et beskyttet sted. Mål å håndtere eget liv og behandling i eget miljø. Etablering av botilbud, bygningsprosesser, finansiering v/jørgen Pedersen, Teknikk og miljøområdet. Mål og muligheter: - Forbedre boligstandard - Fra institusjon til egen bolig - Leve-bo miljøer (boliger med fellesareal) - Flere mulige byggherrer Tidlig på 80-tallet var det populært å bygge små enheter (6 personer) i etablerte villastrøk. Dette har vist seg å være en dårlig løsning, skaper dårlig integrering. Det er nå ønske om større boenheter. Finansiering: Kommunen gir tilsagn på statens vegne, kommunen tar stilling til om prosjektet skal gjennomføres. Kommunen har også anvisningsrett (dvs. rett til å velge leietaker, men må da betale tomgangsleie når leiligheter ikke er utleid). Viktige premisser for gjennomføring av bygging: - Handicapvennlige boliger - Arbeidsmiljøvennlige boliger - Boligareal på 65 kvm - Boligareal på 75 kvm for sterkt funksjonshemmede (arealgrensene er viktige i forhold til boligstøtteberegning) - Rammebeløp på kr. 18 820,- pr. kvm boligareal, inkl. mva. Det legges vekt på: - Hybelkjøkken fordi det er stort kjøkken i fellesareal. Fellesskap om matsituasjon er viktig og inkluderende for beboerne. - Svingradius på 2,10 kvm - Boder legges utenfor leilighet, og beregnes ikke med i arealet - Det tilrettelegges for takheis mellom soverom og bad. 10

Finansiering av bygging: Realkredittlån, 84 % av totalkostnad (91 % over 30 år) Kommunal grundkapital indskud, 14 % (7 % over 30 år) Beboerindskud 2 % (dersom leietaker har bodd i kommunal bolig før betaler kommunen innskuddet, ellers betaler beboeren selv) Kommunal garantistillelse over 65 % av verdi, kommunen betaler servicearealet. Husleiebetaling: - Årsbudsjett etter balanceleieprinsippet - Kapitalutgifter, 3,4 % av anskaffelseskostnad uansett rentesats - Øvrige driftsutgifter - Avsetning til vedlikehold/renovering - Forbrugsavgift i felles boligareal, fordeles på bolig etter areal - El/varme i bolig betales individuelt - Mottar boligytelse Stor fleksibilitet i forhold til beboergrupper, både demens, aldersboliger, multifunksjonshemmede bosettes i samme bomiljø. Utbedring i egen bolig tilpasning til funksjonshemming: Kommunen skal betale utbedringskostnaden - kommunen vurderer, individuelle saker, ingen øvre kostnadsgrense. Besøk på Laden Laden består av 13 leiligheter, i tillegg er det felles oppholdsrom og kjøkken. Egen leilighet for personalet, hvor det også er en hvilende nattvakt. Brukerne leier leilighetene fra en stiftelse og skal selv bestemme i eget hjem. Personalet har ikke anledning til å låse seg inn i de enkelte leiligheter. Det er ikke lov med et aktivt misbruk eller ha besøk av aktive misbrukere. Alkohol er tillatt og det oppleves ikke som noe problem. Det er også et eget røykerom. Brukerne skal ha mest mulig innflytelse på eget liv, det er ikke fokus på behandling, det blir gitt veiledning, hjelp og støtte etter behov. Den hvilende nattvakten er svært viktig for å skape trygghet. 11

Det er 3 faste måltider pr. dag. Maten tilberedes av brukerne med hjelp fra personalet, menyen bestemmes av brukerne selv. Rengjøring og vanlig husarbeid utføres også av beboerne selv, med støtte fra personalet. Det er dagsformen til den enkelte som bestemmer hvor stort behovet for hjelp og veiledning er. Avtaler og arbeidsplaner utarbeides sammen med de det gjelder. Personalet får fast veiledning der brukerstyring er et viktig tema. Når er det selvbestemmelse og når er det omsorgssvikt? Det legges vekt på en tverrfaglig personalgruppe der pedagoger er i flertall. (Ref. Nome kommune) Vikingebanke i Hirtshals: Vikingbanke er eit bu-tilbod bygd i 2004 og består av seks bustader for psykisk sjuke. Leileghetane er små, med stove, soverom og kjøkkenkrok. I tilegg til leilegheta, betalte kvar bebuar for 1 / 6 av fellesarealet, i alt kr 5000 per månad pluss straum. Personalrom og fasilitetar blir betalt av Hjørring kommune, som eig bustadane og har ansvar for administrasjon og vedlikehald. Vi traff Jesper, ein mann i sin beste alder. Han var tydeleg fornøgd med tilbodet ved Vikingbanke. Han viste villig vekk sin leileghet og sin vesle kjøkkenhage der 8 potetris hadde kome opp av jorda. Han framheva særleg verdien av fellesarealet, her har dei alle måltid sammen og har glede av kvarandre. Måltida blir finansiera ved at bebuarane betaler til felles matkasse. Alle har plikter i samband med fellesarealer, t.d. når det gjeld reinhald. Det er felles planlegging av plikter og aktivitetar. 12

Bustadane har ikkje døgn-bemanning, men kvar brukar har tildelt 4 timar per veke til butrening. Personalet arbeider etter hjelp til sjølvhjelp prinsippet, og gjer ikkje tenester for, men med brukarane. Havglimt i Hirtshals: Havglimt blei bygd som privat pleieheim i 1934, er nå ein sjølvstendig stiftelse for brukarar med dobbeltdiagnose. Stiftelsen har administrativ avtale med Dansk diakonhjem. Fleire kommunar kjøper plassar ved Havglimt, men Hjørring kommune disponerar 4 av i alt 16 plassar. Mindre institusjonar får lett gjennomtrekk av personalet p.g.a. stor belastning. Brukarane er nå i alderen 45 til 82 år, og har massiv misbruk, mest alkohol. Mange er også svært sjuke psykisk. Det vert gjeve basalomsorg ved institusjonen, målet er at kvar dag skal ha kvalitet, og at den enkelte skal vera edru. Det skjer likevel ofte at bebuarane sprekk. Reaksjonen på sprekken vert drøfta i kvart enkelt høve, men hjelp til eigenomsorg vert gjeve også etter sprekken. Personalet jobbar mellom anna etter MarteMeo metoden. Institusjonen har 18 årsverk, mest sosial- og sunnhetsassistentar. Vi traff ingen av brukarane her, men ein engasjert leiar som skapte engasjemnet også blant det norske besøket. Kva blir gjort for våre innbyggjarar med rus/psykiatri problematikk, får dei eit godt nok tilbod eller dett dei mellom to stolar? vart tema på verandaen på Havglimt og i bussen etterpå.. (Ref. Seljord kommune) 13

Oppsummering på Phønix hotell Et spørsmål som ble reist var, hvor de ansatte i Hjørring Kommune får sitt pågangsmot i fra? Vedrørende dette spørsmålet ble tverrfaglighet et tema, vanskeligheten med at fleire profesjoner arbeider sammen er også noe som forekommer i Hjørring Kommune. Det er flere profesjoner som samarbeider tett. Ofte er det sykepleiere, sosialpedagoger og selvlærte. Det som er fokus fra staben er at man har et stort fokus på motivasjon. Tema dager forekommer ofte og da er hele ansatt gruppa delaktig. Det er også ekstern veileding en gang i mnd, dette skjer også når hele ansatt gruppa er tilstede. De ansatte har stor fokus på brukermedvikning, det å lytte til brukeren og få brukeren til å bli delaktig i sin egen situasjon. Et annet tema som kom fram var om vi gjør det samme hjemme som de gjør her i Hjørring kommune? På dettet spørsmålet kom det fram at vi har nok ikke kommet så langt på det tverrfaglige planet, det oppleves som at vi har mer profesjons kamp og at vi har mye å lære av det de gjør i Hjørring kommune. Det ble stilt et spørsmål til Hjørrings representant om de hadde erfaring med å samle forskjellige diagnoser på et sted (i bofellesskap og dagsenter). Dette har de prøvd i Hjørring men som representanten da sier er, at dette har de ikke noe god erfaring med. Det å blande Psykisk syke og personer med en funksjonshemming er ikke bra. Det ble stilt et spørsmål om pårørende og deltaking i prosessen rundt byggingen av bofellesskapene for de psykisk syke i Hjørring kommune? Representanten sier at de pårørende er alltid delaktige i form av at det er jo de som har levd med problematikken lengst og som kjenner sine best. De pårørende synes at bofellesskapene fungerer godt og synes det er bra at sine egne har muligheten til et sånt tilbud fra kommunen. De pårørende er også med på feiringer av bursdager osv i bofellesskapene. Neste tema var om man som mange små kommuner har mulighet til å se på problematikken på et interkommunalt nivå. Det å lage spisskompetanse på enkelte steder i de små kommunene og at man for eksempel etablerer et bofellesskapet med mange nok plasser sånn at man kan samle de meste syke fra flere kommuner og bruke kompetansen på best mulig måte. Det ble også diskutert noe rundt problematikken med dobbeltdignose og om dette ikke har vært prioritert på det politiske plan. Og hva skal man gjøre med denne problematikken framover, skal man her også etablere boliger på sammen måte som de psykiske syke. Det at kommune må jobbe mer interkommunalt på dette område kom også. Det å jobbe interkommunalt og ha fellesmål er viktig. På vei til egen bolig har blitt tatt opp av rådmennene i Midt-Telemark. Handlingsplanen har nok ikke fått så mye fokus som det burde. Vi må bla. få mer fokus på boliger og arbeid med personer med dobbeltdiagnose. Det å også se brukerens syn på saken er også viktig, det å høre hva brukerne sier må også tas i betraktning. Husbankens representanter legger frem at når man skal bygge boliger er det fult mulig og søke om økonomisk bistand. Dette kan gjøres hos husbanken og i fylket. Det var bare å ta kontakt med husbanken om råd og veiledning. (Ref. Bø kommune) 14

Bustadsosiale tiltak i Vennesla og Hjørring. Studietur for Bø-, Nome-, Sauherad- og Seljord kommune 13. - 15. mai 2008 Program: Tysdag 13. mai 07.30 Buss frå kommunehuset i Seljord (5 pers) 08.00 Frå kommunehuset i Bø (3 pers) Stopp Mannebru (1 pers) 08.10 Frå Kivi på Gvarv (7 pers) 08.30 Frå kommunehuset på Ulefoss (6 pers) 10.15 (Beinstrekk) Frå Harebakken, Statoil, Arendal (3 pers) Vennesla kommune v/anna Kristine D.Bayram, Enhet psykisk helse 11.30 12.10 Lunch på VOMS (Vennesla omsorgssenter)(venneslaveien 289) 12.15-13.30 Befaringer: Først tar vi dere med på befaring hos ambulerende boteam som holder til i underetasjen på VOMS Deretter spaserer vi ned til Holte bolig som hører til under Enhet for habilitering og ser på det bofellsskapet. Enhetslederen blir med under hele besøket deres og er mottakelig for spørsmål underveis og etterpå i plenum Deretter forflytter vi oss til vårt nye bofellesskap Døblebakken 3 5 som hører til Enhet psykisk helse. Ca 3 minutter å kjøre. Her venter en av de som bor der for å vise dere hjemmet hans i tillegg til at dere får se personalbasen og fellessarealet. 13.30-15.00 Det kommer nok til å gå litt fort i svingene, så derfor har vi planlagt en sekvens på Herredshuset der vi samler noen personer vi tror kan gi dere svar på noe av det dere spør om, da i et slags panel. Dere må komme med det dere lurer på og så svarer vi så godt vi kan. Ellers tenker jeg dere kan få navnet på dem dere kan få behov for å kontakte senere. 15.00-15.30 Besøk ved Hjørnet Dagsenter, Enhet psykisk helse. Her får dere se og høre hvordan dette drives. Representanter fra Brukerrådet vil delta. Det blir servert frukt og kaffe \ te. 15.45-16.30 Avslutning hos Kontakten bo og aktivitetssenter. Dette er en stiftelse som jobber med mennesker som sliter med rusavhengighets problemer. Denne stiftelsen sammarbeider med kommunen. Ingen planlagt opplegg fram til 19.00. 19.00 Oppmøte ved båtterminalen 20.00 Båt frå Kristiansand, kveldsmat på båten (Buffet) 23.15 Ankomst Hirtshals 24.00 Innkvartering Hotel Phønix, Jernbanegade 6, Hjørring 15

Onsdag 14. mai Morgenmad på hotellet Hjørring kommune 09.00 09.30 Generel orientering om Hjørring Kommunes organisering og tilbud til psykiatribrugere, misbrugere og udsatte grupper. (Hotel Phønix) orientering vhandicapchef Pia Skaarup) 09.30 10.30 Etablering af botilbud bygningsprocesser, finansiering m.m. orientering v/jørgen Pedersen, Teknik- & miljøområdet 10.45 12.00 Besøg på Laden Sjællandsgade 6 D, 1. tv., orientering v/afdelingsleder Louise Hvelplund afdelingsleder Else Marie Bach møder os her og følge med resten av turen 12.00 Frokost, Bryghuset Vendia, Markedsgade 9, 13.30 15.30 Besøg på Vikingebanke i Hirtshals orientering v/afdelingsleder Else Marie Bach Besøg på Havglimt i Hirtshals orientering v/leder Anne Vandevier 19.30 Middag på hotellet Torsdag 15. mai Morgenmad på hotellelt 08.30 Spørsmål til Hjørring kommune, v/afdelingsleder Else Marie Bach Spørsmål til Husbanken v/bjørn Notto Eppeland/Roy Bendiksen. Oppsummering (Hotel Phønix) 10.00 Utsjekking 10.45 Avrejse frå hotellet 12.15 Avreise Hirtshals. Lunsj på båten (buffet) 15.30 Ankomst Kristiansand Heim via, Harebakken (kort pause med baguett), Ulefoss, Gvarv, Bø og Seljord ca. 19.30. 16

Studietur Bustadsosiale tiltak Vennesla og Hjørring 13 15 mai 2008 Deltakarliste Seljord Kommune Kari Gro Espeland Kommunalsjef 91 55 39 85 Ann-Kari Straand Østerberg Miljøterapeut 48 04 26 11 Knut Dyrland Bygningskontrollør 90 63 03 70 Bente Thorjussen Vernepleiar 93 88 10 78 Arvid Vala Politikar 91 55 11 15 Gunvor Hegni Brukarrepresentant 90 95 22 95 Richard Vaaben Jensen Sosialleiar 99 38 44 25 Bø kommune Espen Nordli Eriksen Miljøterapeut 41 24 89 09 Gunnar Sjøli Miljøterapeut 97 96 50 32 Sauherad kommune Heine Århus Leiar utval for oppvekst og omsorg 90 52 78 84 Torunn Hesthag Avdelingsleiar p.u. eining, plo. 45 43 80 72 Olaug Fjeldly Avdelingsleiar arbeidssenter p.u. Bente Helle Alfsen Htv. Fagforbundet 99 74 52 61 Ernst Valen Ingeniør, Plan og forvalting 95 17 08 58 Kjell O. Berland Rådgjevar, rådmannskontoret 95 88 49 77 Erik Søndergaard Arkitekt, Søndergaard & Richfelt AS 97 47 35 00 Nome kommune Laila Damkås Bustadkonsulent 95 76 13 44 Arne Engskaug Burettleiar 97 74 14 48 Jan Thorsen Ordførar 97 66 75 90 Tore Rønningen Avd.leiar, eigedomsavd. 99 22 73 22 Trine Eknes Ergoterapeut 95 82 04 46 Ellen Moen Pleie og omsorgsleiar 95 28 14 04 Husbanken, Arendal Bjørn Notto Eppeland Rådgjevar 90 86 53 41 Roy Bendiksen Rådgjevar 92 85 35 57 Kviteseid transportservise Stein Rønningen Sjåfør 99 26 44 74 17

Studietur Bustadsosiale tiltak Vennesla og Hjørring 13 15 mai 2008 Rekneskap Inntekter: Tilskot Husbanken 50.000,- Deltakarbetaling, Sauherad 10.000,- Deltakarbetaling, Nome 7.500,- Deltakarbetaling, Seljord 7.500,- Deltakarbetaling, Bø 3.000,- Deltakarbetaling, Husbanken 5.000,- I alt 83.000,- Utgifter: Colorline (Båt, hotell o.a.) 53.625,- Kviteseid transportservise (Busstransport) 17.000,- Div. utlegg, Richard ( mat o.a.) 7.948,- Vest-Telemark Libris (bokgåver) 1.341,- Seljord kommune (bokgåver) 1.050,- I alt 80.964,- Overføring til fond interkommunale bustadtiltak 2.036,- I tillegg har kommunane sjølv dekt løn og ev. godtgjersle til tilsette og godtgjersle til politikarar og brukarrepresentantar Rekneskapet og bilag er på økonomiavdelinga i Seljord Kommune. 18