Hjartdal kommune 3692 Sauland Møtedato: 19.05.2016 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 18.00 Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur Utvalsmedlemene blir med dette kalla inn til møtet. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 35 02 80 00, slik at varamedlem kan bli kalla inn. Sauland, 04.05.2016 Sakliste Sak nr. Saktittel 017/16 GODKJENNING AV MØTEBOK 018/16 DELEGASJONSSAK Gro-Anita Særsland leiar 019/16 TUDDAL HØYFJELLSHOTELL AS - SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 020/16 BØEN KIOSK OG KAFE- SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 021/16 LØVHEIM GJESTEHUS - SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 022/16 NORDBØ PENSJONAT - SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-20 023/16 JOKER HJARTDAL - SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 024/16 SAULANDTUNET MAT- SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 025/16 JOKER TUDDAL - SØKNAD OM LØYVE TIL SALG AV ALKOHOL 2016-2020 026/16 FRAMLEGG TIL RETNINGSLINER - DIALEKTPRIS I HJARTDAL KOMMUNE 027/16 FORPROSJEKT - FRITIDSTILBOD TIL UNGDOM I EI NY TID 028/16 STIFTELSEN MØLLA NY BRUK OG TUDDAL MUSEUMSLAG - ANMODNING OM UTBETALING AV TILSKOT 2016 029/16 KONSERT I SAULAND - SØKNAD OM ØKONOMISK GARANTI 030/16 HOVUDFORDELING AV KULTURMIDLAR 2016 031/16 KULTURPRISEN FOR 2015 - HJARTDAL KOMMUNE Unntatt - ikkje offentleg
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 017/16 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 16/835 GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå LOK-møte 05.04.2016 blir godkjent slik ho ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 018/16 ISO Saksansvarleg: Ingrid Sletta Olsen Arkiv: K1-033 Arkivnr.: 16/834 DELEGASJONSSAK FLOK-007/16 25.04.2016: UTBETALING AV KOMPENSASJON, KOMMUNALE AVGIFTER 2016 FOR FORSAMLINGSHUS VEDTAK Det betalast ut kompensasjon for kommunale avgifter og gebyr i samsvar med oversyn i tabellen over, totalt kr 72.708,50 frå budsjettpost 1.4700.210.3850 RÅDMANNEN TILRÅR: Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 019/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63, K2- Arkivnr.: 16/750 TUDDAL HØYFJELLSHOTELL AS - SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 24.04.2016 Tuddal Høyfjellshotell as v/einar Z Gurholt SØKNAD OM SERVERINGS- OG SKJENKEBEVILLING 3 I 02.05.2016 NAV Hjartdal SØKNAD OM SERVERINGS- OG SKJENKEBEVILLING- UTTALE FRÅ NAV HJARTDAL Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale bevillingar for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gangen og med normal opphør senast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjort innan bevillingsperioden utløp, er bevilling fortsett gyldig inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, staden sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet.
Tuddal Høyfjellshotell AS søker om alminnelig bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for perioden 01 07.2016-30.06.2020. Styrar er Einar Gurholt og stedfortreder er Malin Abrahamsen. Tuddal Høyfjellshotell har restaurant, overnatting og konferanse/festlokaler. Det er søkt om bevilling i alle opphaldsrom på hotellet, samt bygningar og område rundt. Bilder av områder der det er søkt bevilling til er vedlagt søknaden, samt romplan for hotellet. Bevilling er søkt for: Alle oppholdsrom i selve hotellbygget. Alle terrasser og utestoger. Terrasse ved badstuhuset. Gildehallen: spisesal, bar og terrasse. Gildehallen består av kjøkken, bar, WC, spisesal og terrasse. Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollovas 1-7 og vandelskrava i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt lensmannen for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i 1-7b og 1-7c. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det fremkommer ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova. RÅDMANNEN TILRÅR: I medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunen sine alkoholpolitiske retningsliner blir det gitt bevilling til skjenking av alkoholhaldig drikk etter følgjande spesifikasjon: 1. Tidsrom: 01.07.2016-30.06.2020 2. Bevillingshavar Tuddal Høyfjellshotell as, Hotellvegen 92, 3697 Tuddal. Org. Nr: 970 951 113 3. Styrar Einar Z Gurholt, Hotellvegen 92, 3697 Tuddal 4. Stadfortredar Malin Abrahamsen, Hotellvegen 92, 3697 Tuddal 5. Serveringsstadar Tuddal Høyfjellshotell, alle opphaldsrom i hotellbygget, alle terrasser og utestoger, terrasse ved badstuhuset, Gildehallen m spisesal, bar og terrasse. 6. Alkoholvare Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3. 7. Skjenketider Skjenking av alkoholhaldig drikk med lågare enn 22 volumprosent kan skje i tidsrommet 08.00-02.00 Skjenking av alkoholhaldig drikk med høgare enn 22 volumprosent kan skje i tidsrommet 13.00-02.00 All utandørs skjenking av alkohol gruppe 1, 2 og 3 kan skje i tidsrommet kl. 13.00 24.00. Alle skjenketider gjeld òg ved slutta selskap. Konsum må opphøre 30 minuttar etter at skjenketida er slutt. Elles gjeld alminnelege lover og føresegner for skjenking. Saksordførar:
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 020/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63 Arkivnr.: 16/362 BØEN KIOSK OG KAFE- SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 16.02.2016 Anne Lise Tjønn v/bøen kiosk og kafe BØEN KIOSK OG KAFE- SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova med forskrift Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for Levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale løyve for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gangen og med normal opphør seinast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjort innan bevillingsperioden utløp, er bevilling fortsett gyldig inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, staden sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet. Bøen Kiosk og Kafé har søkt alminneleg skjenkebevilling for alkohol gruppe 1, 2 og 3. Søknaden gjeld området inne samt et avgrensa område ute bak kafeen. Foto og kart over områder der det er søkt bevilling til er vedlagt tidlegare søknad våren 2015, og syner at det omsøkte området er klart definert og avskjerma.med gjerde.
Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollovas 1-7 og vandelskrav i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt lensmannen for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i 1-7b og 1-7c. Bøen Kiosk og Kafé ved Anne Lise Tjønn har serveringsløyve frå tidligare. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar, og det er ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøva i alkohollova. Uttaler frå NAV og Hjartdal Lensmannskontor har ingen merknader til søknaden. Etter ei generell heilskapsvurdering ser rådmannen positivt på søknaden. RÅDMANNEN TILRÅR: Rådmannen tilrår at i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske retningsliner gir Bøen Kiosk og Kafé, 3697 Tuddal bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i gruppene 1, 2 og 3 etter føljande spesifikasjon: 1. Tidsrom: bevilling gjeld frå 03.06.2016-30.06.2020 2. Bevillingshavar: Bøen Kiosk og Kafe, Tuddalsvegen 2130, 3697 Tuddal, Org. Nr.: 989 313 142 3. Styrar: Anne Lise Tjønn, 3697 Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal 4. Stedfortreder: Jon J. Tjønn, Tuddalsvegen 2125, 3697 Tuddal 5. Serveringsstad: Bøen Kiosk og Kafé, Tuddalsvegen 2130, 3697 Tuddal. Bevillinga gjeld kafe/restaurant med 48 plassar og veranda på baksida av bygningen ( 60 m2) med kapasitet til ca 40 gjester, totalt ca 90 gjester ute og inne. 6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3 7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan skje i tidsrommet kl. 08:00 02:00. Dette gjeld også i lukka selskap. Skjenking av alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl. 13:00 02:00. All utandørs skjenking av alkohol gruppe 1, 2 og 3 kan skje i tidsrommet 13.00 24.00. Alle skjenketider gjeld også i lukka selskap. Saksordførar: Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminneleg lover og føresegner for sal og skjenking.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 021/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U60 Arkivnr.: 16/777 LØVHEIM GJESTEHUS - SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 25.04.2016 Løvheim SØKNAN OM FORNYA SKJENKELØYVE Interiørbutikk og Gjestehus 3 I 02.05.2016 NAV Hjartdal SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE 2016-2020 - UTTALE FRÅ NAV HJARTDAL Vedlagde dokument: Dokument nr. Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale løyve for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gangen og med normal opphør seinast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjort innan bevillingsperioden utløp, er bevilling fortsett gyldig inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, staden sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet.
Løvheim Gjestehus, 3692 Sauland, søkjer om alminnelig bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for perioden 01.07.2016-30.06.2020. Styrar er Wierd Oosterloo og stedfortreder er Marijke Hilda de vries. Løvheim Gjestehus er restaurant og overnattingsstad. Alminneleg skjenkjeløyve vart løyvd i K-sak 37/14 for kaféareale/lunsjrom i 1. etasje i hovudbygg. I K-sak 56/15 vart skjenkeområdet utvida til å gjelde for terrasseområde i perioden 01.05 30.09. Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollovas 1-7 og vandelskrava i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt politiet for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i 1-7b og 1-7c. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det fremkommer ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova. RÅDMANNEN TILRÅR: Rådmannen tilrår at Hjartdal kommune i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske retningsliner gir Løvheim Gjestehus, 3692 Sauland serveringsbevilling og skjenkeløyve til sal av alkoholhaldig drikk i gruppene 1, 2 og 3 etter følgjande spesifikasjon: 1. Tidsrom: bevilling gjeld frå 01.07.2016 til og med 30.06.2020 2. Bevillingshavar: Løvheim Gjestehus, 3692 Sauland, Org.nr: NO 912 781 356 MVA 3. Styrar: Wierd Oosterloo, 3692 Sauland 4. Stedfortreder: Marijke Hilda Oosterloo de Vries 5. Serveringsstad: Løvheim Gjestehus, 3692 Sauland. Bevillinga gjeld kafe/restaurantlokale og terrasse. For terrassearealet i perioden 01.05. - 30.09. Utearealet for skjenking må vere tydeleg avskjerma med gjerde. 6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3 7. Skjenking av alkoholhaldig drikk med alkoholinnhald lågare enn 22 volumprosent kan skje i tidsrommet kl. 08:00 02:00. Skjenking av alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir kan skje i tidsrommet kl. 13:00 02:00. All utandørs skjenking av alkohol gruppe 1, 2 og 3 kan skje i tidsrommet kl. 13.00 24.00. Alle skjenketider gjeld òg ved slutta selskap. Saksordførar: Konsum må opphøre 30 minuttar etter skjenketida slutt. Elles gjeld alminnelege lover og føresegner for sal og skjenking.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 022/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63 Arkivnr.: 16/206 NORDBØ PENSJONAT - SØKNAD OM FORNYA SKJENKELØYVE FOR ALKOHOL 2016-20 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 24.01.2016 Nordbø pensjonat SØKNAD OM SERVERINGS- OG SKJENKEBEVILLING - NORDBØ PENSJONAT 2 U 12.02.2016 Nordbø pensjonat SØKNAD OM SERVERINGS- OG SKJENKEBEVILLING - NORDBØ PENSJONAT 3 U 12.02.2016 Nordbø pensjonat FØREBELS INFORMASJON TIL SALS- OG SKJENKESTADER FOR ALKOHOL I HJARTDAL KOMMUNE Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale løyve for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gangen og med normal opphør seinast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjort innan bevillingsperioden utløp, er bevilling fortsett gyldig inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, staden sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet.
Nordbø pensjonat Clijsters, 3690 Hjartdal søker om alminnelig bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1, 2 og 3 for perioden 01.07.2016-30.06.2020. Styrar er Paulus F. M. Clijsters og stedfortreder er Marieke Clijsters v/d Horst. Nordbø pensjonat Clijsters er restaurant og overnattingsstad. Det er søkt om utandørs servering på 2 uteområde ved pensjonatet. Den eine bak pensjonatet mot elva, den andre på sida mot Frivillighets-/bygdesentralen. Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollovas 1-7 og vandelskrava i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt politiet for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i 1-7b og 1-7c. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det fremkommer ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova. RÅDMANNEN TILRÅR: I medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunen sine alkoholpolitiske retningsliner blir det gitt bevilling til skjenking av alkoholhaldig drikk etter følgjande spesifikasjon: 1. Tidsrom 01.07.2016-30.06.2020 2. Bevillingshavar Nordbø Pensjonat Clijsters (org.nr 892 916 292) 3. Styrar Paulus Franciscus Maria Clijsters, Hjartdalsvegen 762, 3690 Hjartdal 4. Stadfortredar Marieke Clijsters-v/d Horst, Hjartdalsvegen 762, 3690 Hjartdal 5. Serveringsstadar Nordbø pensjonat, Hjartdalsvegen 762, 3690 Hjartdal. Bevillinga gjeld kafé/restaurant med ca 50 plassar, område bak bygget mot elva med plass til 30 og område sør for bygget med plass til 20, totalt ca 100 personar. 6. Alkoholvare Alkoholhaldig drikk i gruppe 1, 2 og 3. 7. Skjenketider Skjenking av alkoholhaldig drikk med lågare enn 22 volumprosent kan skje i tidsrommet 08.00-02.00 Skjenking av alkoholhaldig drikk med høgare enn 22 volumprosent kan skje i tidsrommet 13.00-02.00 All utandørs skjenking av alkohol gruppe 1, 2 og 3 kan skje i tidsrommet kl. 13.00 24.00. Alle skjenketider gjeld òg ved slutta selskap. Konsum må opphøre 30 minuttar etter at skjenketida er slutt. Elles gjeld alminnelege lover og føresegner for skjenking. Saksordførar:
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 023/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63, K2- Arkivnr.: 16/744 JOKER HJARTDAL - SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 21.04.2016 Joker Hjartdal v/ken Henry Skeie SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 3 I 21.04.2016 Joker Hjartdal v/ken Henry Skeie SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 5 I 02.05.2016 NAV Hjartdal JOKER HJARTDAL - SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL- UTTALE FRÅ NAV HJARTDAL Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale bevillingar for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gangen og med normal opphør senast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjera innan bevillingsperioden utløp, er bevilling fortsett gyldig inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, staden sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet.
Joker Hjartdal AS, 3690 Hjartdal søker om bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 i Joker Hjartdal for perioden 01.07.2016-30.06.2020. Styrar er Ken Henry Skeie og stedfortreder er Ellen Skeie. Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollova 1-7 og vandelskrav i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt Telemark Politidistrikt for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollova sine krav i 1-7b og 1-7c. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det fremkommer ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova. RÅDMANNEN TILRÅR: Hjartdal kommune gir i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske retningsliner Gvammen Handel bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 i Joker Hjartdal, 3690 Hjartdal etter føljande spesifikasjon: 1. Tidsrom: bevilling gjelder frå 01.07.2016-30.06.2020. 2. Bevillingshavar: Gvammen Handel (org. nr: 971 042 079) 3. Styrar: Ken-Henry Skeie, 3690 Hjartdal 4. Stedfortreder: Ellen Skeie, 3690 Hjartdal 5. Utsalsstad: Joker Hjartdal, 3690 Hjartdal 6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1 7. Godkjent areal for sal: 150 m2 Salstidar: måndag-fredag kl. 08:00-20:00 laurdag og dagar før heilagdagar kl. 08:00-18:00 Sal og utlevering av drikk som nemnt i første ledd skal ikkje skje på søndag og heilagdagar, 1. og 17. mai, og på valdagane for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemning vedtatt ved lov j.fr. Alkohollova 3-7. Saksordførar:
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 024/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-, K2- Arkivnr.: 16/746 SAULANDTUNET MAT- SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 16.02.2016 Saulandtunet Mat SØKNAD OM SALGSBEVILGNING 3 I 02.05.2016 NAV Hjartdal SØKNAD OM FORNYA SALSLØYVE FOR ALKOHOL 2016-2020- UTTALE FRÅ NAV HJARTDAL Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale løyve for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gongen og med normal opphør seinast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjort innan bevillingsperioden sitt utløp, er bevilling fortsett gjeldande inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfelle legge vekt på antall sals og skjenkestader, stadane sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet. Saulandtunet Mat AS, 3692 Sauland søker om bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 i Spar Saulandtunet mat for perioden 01.07.2016-30.06.2020. Styrar er Arnt Helge Langåsdalen og stedfortreder er Reidun Sisjord.
Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollovas 1-7 og vandelskrava i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt Telemark Politidistrikt for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollovas krav i 1-7b og 1-7c. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det framkommer ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova. RÅDMANNEN TILRÅR: Hjartdal kommune gir i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske retningsliner Spar Sauland mat bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 i Spar Saulandtunet mat, 3692 Sauland etter føljande spesifikasjon: 1. Tidsrom: bevilling gjelder frå 01.07.2016-30.06.2020. 2. Bevillingshavar: Saulandtunet Mat AS, 3692 Sauland (org. nr: 985 161 593) 3. Styrar: Arnt Helge Langåsdalen, 3690 Hjartdal 4. Stedfortreder: Reidun Sisjord, 3691 Gransherad 5. Utsalsstad: Spar Saulandtunet Mat, 3692 Sauland 6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1 7. Godkjent areal for sal: ca. 500 m2 8. Salstidar: måndag-fredag kl. 08:00-20:00 laurdag og dagar før heilagdagar kl. 08:00-18:00 Sal og utlevering av drikk som nemnt i første ledd skal ikkje skje på søndag og heilagdagar, 1. og 17. mai, og på valdagane for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkeavstemning vedtatt ved lov j.fr. Alkohollova 3-7. Saksordførar:
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Kommunestyret BR Utval for levekår og kultur 19.05.2016 025/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-U63 Arkivnr.: 16/672 JOKER TUDDAL - SØKNAD OM LØYVE TIL SALG AV ALKOHOL 2016-2020 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 07.04.2016 Tuddal Handelslag As SØKNAD OM LØYVE TIL SALG AV ALKOHOL 2016-2020 3 I 02.05.2016 NAV Hjartdal SØKNAD OM LØYVE TIL SALG AV ALKOHOL 2016-2020 - UTTALE FRÅ NAV HJARTDAL Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Alkohollova Alkoholpolitiske retningsliner for Hjartdal kommune 2016-2020 Saksgang: Utval for levekår og kultur tilrår Kommunestyret vedtek Bakgrunn for saka: Kommunale bevillingar for sal av alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 4,7 volumprosent gis for 4 år om gangen og med normal opphør senast 30. juni året etter nytt kommunestyre har tilrådt. Dersom spørsmålet om fornying av tidligare gitt bevilling ikkje er endeleg avgjera innan bevillingsperioden utløp, er bevilling fortsett gyldig inntil utgangen av den månad der endeleg vedtak om ny bevilling er gjort, likevel ikkje utover 3 månader frå starten av den nye bevillingsperioden. Alkohollova gir høve til skjønnsmessige vurderingar og det gis høve til å knytte vilkår til bevillinga. Kommunen vil i slike tilfeller legge vekt på antall sals og skjenkestader, stader sin karakter, beliggenhet, trafikk og ordensmessige forhold, næringspolitiske omsyn og omsynet til lokalmiljøet. Tuddal handelslag AS, 3697 Tuddal søker om bevilling til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 i Joker Tuddal for perioden 01.07.2016-30.06.2020. Styrar er Lars Tveiten og stedfortreder er Ingunn Merete Lid.
Vurdering: Søknaden er i samsvar med Alkohollova 1-7 og vandelskrav i same lov 1-7b og 1-7c er oversendt Telemark Politidistrikt for uttale. Ut i frå opplysningar samt uttale frå lensmannen tilfredstiller bevillingssøkjar krav i alkohollova sine krav i 1-7b og 1-7c. Det føreligg skatteattest for bevillingssøkjar. Det fremkommer ingen restansar på skattar og avgifter. Styrar og stedfortreder har bestått kunnskapsprøven i alkohollova. RÅDMANNEN TILRÅR: Hjartdal kommune gir i medhald av Alkohollova med forskrifter og kommunens alkoholpolitiske retningsliner Tuddal handelslag bevilling til sal av alkoholhaldig drikk i gruppe 1 i Joker Tuddal, 3697 Tuddal etter følgjande spesifikasjon: 1. Tidsrom: bevilling gjelder frå 01.07.2016-30.06.2020. 2. Bevillingshavar: Tuddal Handelslag AS, 3697 Tuddal (org.nr. 996 692 958) 3. Styrar: Lars Tveiten, 3697 Tuddal 4. Stedfortreder: Ingunn Merete Lid, 3697 Tuddal 5. Utsalsstad: Joker Tuddal, 3697 Tuddal 6. Alkoholvare: Alkoholhaldig drikk i gruppe 1 7. Godkjent areal for sal: ca. 200 m2 8. Salstidar: måndag-fredag kl. 08:00-20:00 Laurdag og dagar før heilagdagar kl. 08:00-18:00 Sal og utlevering av drikk som nemnt i første ledd skal ikkje skje på søndag og heilagdagar, 1. og 17. mai, og på valdagane for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkerøysting vedtatt ved lov j.fr. Alkohollova 3-7. Saksordførar:
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 026/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K2-C58 Arkivnr.: 16/377 FRAMLEGG TIL RETNINGSLINER - DIALEKTPRIS I HJARTDAL KOMMUNE Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 18.02.2016 Hjartdal Mållag OPPRETTING AV DIALEKTPRIS I HJARTDAL KOMMUNE 3 U 11.04.2016 Hjartdal Mållag v. Olav Tho MELDING OM VEDTAK - OPPRETTING AV DIALEKTPRIS I HJARTDAL KOMMUNE 5 I 21.04.2016 sakshandsamar FRAMLEGG TIL RETNINGSLINER - DIALEKTPRISEN Vedlagte dokument: Dok. nr.5 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: LoK-sak 16/16 Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Utval for Levekår og kultur behandla i møte 05.04.16 sak vedrørande oppretting av dialektpris i kommunen etter framlegg frå Hjartdal Mållag. Utvalet gjorde slikt vedtak: LOK-016/16 VEDTAK: 1. Utval for Levekår og kultur vedtek å opprette ein dialektpris i Hjartdal kommune. 2. Rådmannen blir beden om å kome tilbake med forslag til statuttar/retningsliner. Rådmannen har i ettertid utarbeidd framlegg til retningsliner, og legg desse fram for utvalet til politisk behandling. Vurdering: Rådmannen har vurdert døme på slike retningsliner i nokre andre kommunar. Eit generelt trekk ved alle døma er at det må vere rom for eit visst skjønn, og at det er behov for ein basiskunnskap om typiske kjenneteikn ved sitt eige målføre for å kunne føreta ei kvalitativ vurdering.
Rådmannen har difor laga ei kort innleiing i retningslinene der det peikast på nokre klare typiske trekk ved dialekten vår. Retningslinene er elles fire punkt der det går fram kvifor, til kven, korleis og når ein dialektpris skal tildelast, og kva prisen har som innhald. I kommunen er det mykje kunnskap å finne om målføra i kommunen. I oppmodinga frå Hjartdal Mållag nemner forslagsstillarane heftet Håtte sie du? (Gudrun Hovde Gvåle, Hjartdal Mållag). Det kan også tenkjast at utvalet vil ha nytte av den kunnskapen som til dømes Hjartdal Mållag har om dialekten i kommunen, og eventuelt be om at representantar for mållaget eller andre ressurspersonar er med i vurderingsarbeidet. Rådmannen legg opp til at eventuell dialektpris vert utdelt fyrste gong i 2017. Det vil vere behov for å skape blest om prisen og motivere til dialektbruk som vert registrert. Om ein går inn for eit diplom som del av prisen bør dette vere kunstnarleg utforma i ein form som høver til føremålet. Det bør forventast at ein nyoppretta dialektpris vil skape medieomtale, noko som er ein del av føremålet med prisen. Når det gjeld det økonomiske knytt til prisen, vil truleg symbolverdien vere den største, men ein gavesjekk bør vere på eit visst nivå for å ha nokon verknad. Samanlikna med kulturprisen har sistnemnde eit høgare samla kostnadsnivå. Det førutsetjast at auka kostnader ved å opprette dialektpris dekkjast innanfor kulturbudsjettet si samla ramme. RÅDMANNEN TILRÅR: Retningsliner for Dialektprisen i Hjartdal kommune vedtakast slik dei ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 027/16 RE Saksansvarleg: Rune Engehult Arkiv: K2-C11 Arkivnr.: 16/721 FORPROSJEKT - FRITIDSTILBOD TIL UNGDOM I EI NY TID Vedlagde dokument: Forslag til prosjektmandat. Saksgang: Utval for levekår og kultur vedtek. Bakgrunn for saka: Kommunestyret vedtok i møte 16.12.15 i samband med handsaming av kommuneplanen sin handlingsdel og økonomiplan 2016-2019 følgjande verbalpunkt: Rådmannen blir beden om å fremme sak til utval for levekår og kultur om omorganisering av ungdomsarbeidet i kommunen. Vurdering: Kommunestyret sitt vedtak gir ingen grunngjeving for bakgrunnen eller signal om kva som skal vere målet. Rådmannen legg vekt på at ei omorganisering av ungdomsarbeidet må vere basert på faktakunnskap både om lokale forhold og meir generelle utviklingstrekk i ungdomskulturen. Rådmannen ser på vedtaket som ei open bestilling for å kartlegge status, synleggjere ønskjer, behov og mogelegheiter før ein tek ei endeleg avgjerd på korleis ungdomsarbeidet skal vere organisert. Det er avgrensa med ressursar og kompetanse knytt til ungdomskultur i den kommunale organisasjonen. Rådmannen har derfor tatt kontakt med Høgskolen i Sørøst-Norge - Institutt for kultur og humanistiske fag, for å undersøke om ei oppfølging av kommunestyret sitt vedtak kunne eigne seg for eit studentarbeid. Leiinga ved Institutt for kultur og humanistiske fag er svært begeistra for ideen og meiner det vil eigne seg godt for ein bacheloroppgåve på studiet i kulturleiing. Rådmannen har, saman med leiinga ved instituttet, utarbeidd ein prosjektbeskriving som både fangar opp kommunestyret si bestilling og dei krav som blir sett til ei bacheloroppgåve.
Rådmannen meiner at dette er ei løysing som på ein rimeleg måte tilførar Hjartdal kommune både ressursar og kompetanse knytt til kommunalt ungdomsarbeid. Prosjektet vil etter rådmannen si meining gi eit godt grunnlag for både ei administrativ tilråding og politisk avgjerd om korleis ungdomsarbeidet bør bli organisert i framtida. Studentane vel tema for bacheloroppgåve ved overgangen til siste semester. Det vil derfor først ved slutten av året vere avklart om nokon av studentane ønskjer å gjennomføre prosjektet som sin bacheloroppgåve. Rådmannen meiner løysinga er så interessant at det overskygger tidsaspektet i saka. RÅDMANNEN TILRÅR: Utval for levekår og kultur vedtek forslag til mandat for forprosjektet "Fritidstilbod til ungdom i ei ny tid" slik det ligg føre.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 028/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223 Arkivnr.: 16/657 STIFTELSEN MØLLA NY BRUK OG TUDDAL MUSEUMSLAG - ANMODNING OM UTBETALING AV TILSKOT 2016 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 3 I 05.10.2015 Stiftelsen Mølla -ny STIFTELSEN MØLLA - DRIFT M.V. - NY BRUK bruk 1 I 04.04.2016 Tuddal museumslag ANMODNING OM UTBETALING AV TILSKOT 2016 Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 og 3 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Tuddal Museumslag v. kasserar Håvar Kaasa bed i brev av 04.04.2016 om utbetaling av årleg tilskot til drift av laget/tuddal Bygdetun. Tilskot til Tuddal Bygdetun er ei årleg kommunal tilskotsordning sidan ordninga med halvoffentlege museer vart avslutta på 1990-talet. Årleg tilskot har fram til no vore kr 80.000. Tilskotet er budsjettert under post 14702.210.3750 Museer. For 2016 er posten budsjettert med 110.000. Stiftelsen Mølla Ny Bruk v. styreleiar Frøydis Hagene Skoje søkjer i brev av 05.102015 kommunen om 30.000 i driftstilskot for 2016. Søknaden vart teke med i budsjettprosessen hausten 2015, og kommunestyret imøtekom søknaden ved å auke budsjettpost for tilskot til museer med tilsvarande beløp. I brevet gjer Stiftelsen Mølla- Ny Bruk greie for bakgrunn for historikken til stiftelsen, og grunngjev søknad om driftstilskot i pkt 3.2, side 4 i vedlagte brev. Følgjande avsnitt er henta frå nemnte brev:
Vurdering: Rådmannen ser på utbetaling av årleg driftstilskot til Tuddal Museumslag som ein fast årleg prosedyre. Det er ikkje gjeve administrativ fullmakt til utbetalinga, som må gjerast av Utval for Levekår og kultur. Når det gjeld Stiftelsen Mølla Ny Bruk ser rådmannen det slik at vurdering av saka er gjort i samband med at kommunestyret har føreteke budsjettauke under handsaming av budsjett for 2016. Rådmannen reknar difor utbetaling av tilskot for 2016 som ei kurant sak. Det ligg ikkje føre administrativ fullmakt til utbetaling, så vedtak om dette må gjerast av Utval for Levekår og Kultur. RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Anmodning om utbetaling av årleg driftstilskot til Tuddal Museumslag imøtekomast med kr 80.000 frå post 1.4702.210.3750. 2. Det utbetalast kr 30.000 i driftstilskot til Stiftelsen Mølla Ny Bruk for 2016. Summen belastast budsjettpost 1.4702.210.3750 Museer.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 029/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223 Arkivnr.: 16/698 KONSERT I SAULAND - SØKNAD OM ØKONOMISK GARANTI Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 12.04.2016 Sauland Bygdelag og Sauland Ungdomslag KONSERT I SAULAND - SØKNAD OM ØKONOMISK GARANTI Vedlagde dokument: Dokument nr. 1 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Ingen Saksgang: Utval for Levekår og kultur vedtek Bakgrunn for saka: Kommunen har motteke søknad frå Sauland Ungdomslag og Sauland Bygdelag om underskotsgarant for konsertarrangement 24.05.2016. Søknadssum er kr 15.000. Konserten er med norske Daytrippers, som gjennomfører ein coverkonsert med Beatlesrepertoir. Arrangementet er planlagt i gymsalen på Sauland skule, og er basert på billettsal. Noko av målsettinga med konserten er å skape inspirasjon og ekstra motivasjon til kulturskulen sine elevar som skal ha konsert dagen etter i same lokale. I tillegg ønskjer arrangørane å gje kommune sine innbyggjarar eit kvalitativt godt tilbod for ein rimeleg inngangsbillett. Ved å samordne arrangementa oppnår ein redusert kostnad for kulturskulen sitt arrangement når det gjeld leige av lyd/lys. Dei to laga vil vere teknisk arrangør for konserten, og tek ansvar for praktisk gjennomføring før, under og etter. Eit viktig prinsipp for arrangementet er at barn og unge skal kome gratis inn, men vaksne må kjøpe billett. Billettprisen er førebels rekna til 100-150 kr.
Vurdering: Arrangementet er eit samarbeid mellom frivillige organisasjonar og kommunale tenester, i tråd med eit prinsipp som kommunen generelt ønskjer å utvikle. Det er også positivt at arrangementet kan bidra til meirverdi for aktiviteten kulturskulen står føre. Billettprisen er rekna til eit nivå som må vere akseptabelt. Eit tal på vaksenpublikum på 50 60 personar bør vere realistisk, medan 100 kanskje er eit optimistisk anslag. Altså bør det vere rimeleg å rekne med eit underskot i storleik kr 6000-10.000. Rådmannen ser positivt på tiltaket, og ønskjer å tilrå at kommunen støttar arrangementet i form av ein underskotsgaranti. Rådmannen ønskjer likevel å avgrense garantien til kr 7.500. RÅDMANNEN TILRÅR: Søknad frå Sauland Ungdomslag og Sauland Bygdelag om underskotsgaranti i samband med konsertarrangement 24.05.2016 imøtekomast med inntil kr 7.500. Eventuell garanti utbetalast frå konto 1.4700.210.3850 etter innsendt rekneskap.
Hjartdal kommune Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 030/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-223 Arkivnr.: 16/439 HOVUDFORDELING AV KULTURMIDLAR 2016 Dokument i saka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 29.02.2016 Hjartdalskoret SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 v/solveig Stuvrud 10 I 10.03.2016 Hjartdal Musikkorps SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 2 I 21.03.2016 Sauland barnegospel KULTURMIDLAR 2016 5 I 29.03.2016 Bondal Bygdetun SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 6 I 29.03.2016 Hjartdal Historielag SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 7 I 30.03.2016 Sauland U.L. SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 8 I 30.03.2016 Refleksklubben i SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 Hjartdal 3 I 30.03.2016 Sauland Bygdelag SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 4 I 30.03.2016 Sauland skyttarlag SØKNAD OM KULTURMIDLAR 2016 Aktuelle lover, forskrifter, avtaler m.m.: Hjartdal kommune, årleg hovudtildeling av driftstilskot til lag og foreningar Saksgang: Utval for Levekår og Kultur vedtek. Bakgrunn for saka: Kommunen ved politisk utval vedtek årleg hovudtildeling av driftstilskot til lag og organisasjonar på kulturområdet, etter utlysing i media og kommunen si heimeside. I utlysinga gjerast det merksam på at aktivitetstiltak for barn og unge er prioriterte tiltak. Budsjettpost 14700, Generelt tilskot/støtte er delt inn i områda 2830 (Drift av Frivilligsentralen) 3800 (Idrett) og 3850 (Andre kulturaktivitetar) 14700 er samla sett budsjettert med totalt 1.115.000, men av desse er største del av midlane binde til faste driftsoppgåver eller vedtekne tilskot, til dømes drift av Frivilligsentralen (vedtak i LoK), tilskot til Bergtun fotballanlegg (budsjettvedtak) og drift av idrettsanlegg til fordeling av Hjartdal Idrettsråd (budsjettvedtak) Til disposisjon på underpost 1.4700.210.3850 (Generelt tilskot/støtte, Andre kulturaktivitetar) var det budsjettert med kr 485.000. ( 485.000 i 2015) Tilskot til drift av Frivilligsentralen på kr 100.000 er løyvd frå den generelle ramma for budsjettpost 14700, noko som reduserar reelt disponible midlar til 385.000. I tillegg til kulturmidlar påreknast følgjande utgifter for 2016:
Til disposisjon, Generelt tilskot/støtte, andre kulturaktivitetar 385.000 Løyvd hittil i 2016 26.500 Tilskot til forsamlingslokale, handsamast hausten 2016 150.000 ( i 2015) Kompens. for kommunale avgifter, vedtak i LoK-sak, 05.04.16, 100 % 80.000 Resterande til disposisjon, kulturmidlar m.m. 128.500 Innan søknadsfristen har kommunen motteke følgjande søknader: Søkjarliste Søknadssum Søknadsobjekt Hjartdalskoret 35-40.000 Dirigentløn, materiell, utgifter ved konsertar, kulturkveldar o.l. Sauland Bygdelag 20.000 Sauland- net, quiz-kveldar, konsertar, møter, julegrantenning, dugnader evt. andre arr. Bondal Bygdetun 71.587,50 DVD-produksjon om stulane til Suigard, stulsreiskap, husmannsplassen Åmot Sauland 20.000 Partytelt til bygdedag, bord Barnegospel Hjartdal Historielag 15.000 Lokalhistorisk årbok, Hjartdalskalender, registrering av husmannsplassar, lokalhistorisk arkiv, medlemsturar og møter. Sauland Ungdomslag 15.000 Generelle driftsmidlar strikkekveldar, datakurs for eldre,m.m. Sauland Skyttarlag 15.000 Innkjøp av utstyr og ammunisjon til trening for ungdom, materiell til vedl.hald av elektroniske skiver, generell drift Refleksklubben Ikkje spesifisert Materiell, måltider, prosjektor, lavvo (Tidlegare Hjartdal søndagsskule) Hjartdal Musikkorps 25.000 Instrument nye og reparasjonar Kjøp av underevisningstimar frå kulturskulen, dirigent. Vurdering: Søkjarliste Sauland Ungdomslag Prioritering Individuell vurdering 1 Søknaden er prioritert i gruppe 2 fordi aktiviteten i mindre grad enn tidlegare er retta mot barn og unge. Resultat i rekneskap for 2015 er positivt, laget har eigenkapital, delvis øyremerka utbygging av scenearealet i Klubbhuset. Sauland Barnegospel Tilråding etter ei totalvurdering: kr 6.000 1 Søknaden er prioritert i gruppe 1 fordi aktiviteten er retta mot barn og unge og laget har høg aktivitet. Resultatet for 2015 er positivt. Jfr. søknaden ønskjer laget å investere i møblar og partytelt. Tilråding etter ei totalvurdering: kr 15.000 Sauland Skyttarlag 1 Søknaden er prioritert i gruppe 1 fordi aktiviteten er retta mot både barn/unge og vaksne. Laget har trening kvar veke for ungdom. Av totalt 203 medlemmer er 15 under 20 år.
Laget hadde i 2015 rekneskapsmessig underskot på 21.000. Tilråding etter ei totalvurdering kr. 10.000 Sauland Bygdelag 2 Søknaden prioriterast i gruppe 2, fordi aktiviteten til laget ikkje rettar seg direkte mot den prioriterte målgruppa. Negativt driftsresultat i 2014 Innsatsen til Sauland Bygdelag viktig når det gjeld å skape trivsel og aktivitet for alle aldersgrupper. Laget hadde i 2015 eit underskot på 26.000 Tilråding etter ei totalvurdering: kr 10.000 Hjartdal Historielag 2 Søknaden prioriterast i gruppe 2, fordi aktiviteten til laget ikkje rettar seg direkte mot den prioriterte målgruppa. Negativt driftsresultat i 2015 med ca 16.000. Arbeidet laget driv er viktig for alle aldersgrupper når det gjeld kulturvernarbeid i høve til immaterielle kulturminne. Tilråding etter ei totalvurdering: kr 10.000 Bondal Bygdetun 2 Søknaden prioriterast i gruppe 2, fordi aktiviteten til laget ikkje rettar seg direkte mot den prioriterte målgruppa. Arbeidet laget driv er viktig for alle aldersgrupper, når det gjeld kulturvernarbeid. Rekneskap ettersendast. Tilråding etter ei totalvurdering: kr 10.000 Hjartdalskoret 3 Søknaden prioriterast i gruppe 3, fordi aktiviteten til laget ikkje rettar seg mot den prioriterte målgruppa. Målgruppa for laget er vaksne deltakarar. Driftsresultatet for 2015 er svakt positivt. Hovudutgiften til Hjartdalskoret er dirigentløn, hovudinntektene er vaksenopplæringstilskot og kommunal støtte i tillegg til medlemskontingent. Tilråding etter ei totalvurdering: kr 5.000 Refleksklubben 1 Søknaden prioriterast i gruppe 1, fordi aktiviteten rettar seg mot barn og unge. Laget hadde i 2014 positivt driftsresultat, og var nystarta i oktober 2014. Til søknaden er det lagt ved detaljert oversyn over aktivitetar. Søknadssum er ikkje spesifisert i søknaden. Tilråding etter ei samla vurdering: kr. 10.000 Hjartdal Musikkorps 1 Søknaden prioriterast i gruppe 1 fordi korpset arbeider aktivt med rekruttering frå aldersgruppa 8 12 år. Korpset samarbeider med kulturskulen og grunnskulen om rekruttering. Rekneskap for 2015 er i balanse. Tilråding etter ei samla vurdering kr.10.000 Erfaringsmessig kan det vere ønskjeleg å la det stå att midlar på budsjettposten til tiltak ein ønskjer å støtte seinare på året. Administrasjonen tilrår difor at det tildelast kr 86.000 frå aktuell budsjettpost. Restsum på budsjettposten vil eventuelt bli kr 42.500.
RÅDMANNEN TILRÅR: Det tildelast kr 86.000 frå post 1.4700.210.3850 etter følgjande liste: Lag/organisasjon Tilrådd tildeling Sauland Ungdomslag 6.000 Sauland Barnegospel 15.000 Sauland Skyttarlag 10.000 Sauland Bygdelag 10.000 Hjartdal Historielag 10.000 Bondal Bygdetun 10.000 Hjartdalskoret 5.000 Refleksklubben 10.000 Hjartdal Musikkorps 10.000
Hjartdal kommune Unntatt - ikkje offentleg Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Utval for levekår og kultur 19.05.2016 031/16 BR Saksansvarleg: Bjørn Rugaas Arkiv: K1-077 Arkivnr.: 16/627 KULTURPRISEN FOR 2015 - HJARTDAL KOMMUNE RÅDMANNEN TILRÅR: 1. Hjartdal kommune sin kulturpris for 2015 tildelast for 2. Med heimel i offentleglov 5 er saka unnateke offentlegheit fram til prisutdelinga finn stad. 3. Kostnadene dekkast frå kto. 1.4706.210.3850.