Strategisk plan for Høgskolen i Telemark 2010-2014 Rullering Framlegg frå rektor 26.02.14 I Verksemdsidéen Høgskolen i Telemark (HiT) skal oppfylle samfunnsoppdraget sitt ved å tilby utdannings-, forskings- og formidlingstenester av høg kvalitet med basis i regionale og nasjonale behov. HiT skal vere regionalt forankra, ha godt nasjonalt omdømme og vere internasjonalt orientert. Høgskolen skal setje studentane i sentrum, vere endringsdyktig, og fremje innovasjon og entreprenørskap i samfunns- og næringsliv. II Våre verdiar HiTs verksemd byggjer på følgjande verdiar: Heilskap i mangfald Eit rikt og variert fagleg og sosialt miljø skal vere berar av identiteten vår. Vi gir rom for og verdset mangfaldet og arbeider for heilskap og felles ansvar. Involvering Samhandling og kommunikasjon i høgskolen skal vere prega av rausheit, dialog og respekt. Vi stiller krav til kvarandre og vi støttar kvarandre. Kvalitet Kvalitet skal prege alle delar av verksemda. Den faglege verksemda skal vere driven fram av nyfikne, djervskap og sanningssøking. Utvikling Vi skal møte utfordringar og nye krav ope og utviklingsvillig. Vi skal stimulere til kreativitet og nyskaping. Vi skal skape lyst og evne til å strekkje oss mot nye mål.
2 III Fundament for utviklinga i planperioden Den strategiske utviklinga av HiT i planperioden skal byggje på følgjande fundament: 1. HiT har universitetsetablering, eventuelt vidareutvikling av universitetsfunksjonane i Telemark, som mål. 2. HiT skal delta i eit institusjonelt forankra samarbeidsprosjekt med Universitetet i Agder med sikte på å utvikle og realisere konkrete fellestiltak av fagleg og administrativ karakter og å greie ut grunnlaget for fusjon eller utvida samarbeid mellom dei to institusjonane. 3. Noverande studiestadstruktur, inkludert Drammen, skal liggje fast til 4. Det skal gjerast eit særleg løft for å vidareutvikle kompetansen i alle delar av høgskolen, og særleg innanfor primærverksemda (undervisning, forsking og formidling). 5. HiT skal leggje stor vekt på kvalitetsarbeid, både i primærverksemda, i støttetenestene (administrasjon, bibliotek, drift og IKT) og i samarbeidet med Studentsamskipnaden i Telemark. 6. HiT skal vere langt framme mellom dei høgare utdannings- og forskingsinstitusjonane når det gjeld å ta i bruk e-læring og ny teknologi innan primærverksemda og støttetenestene. 7. Internasjonalisering i ulike former skal vere ein viktig del av den faglege verksemda ved HiT. 8. HiT skal leggje vekt på nyskapande verksemd, og medverke til innovasjon og fornying i samfunns- og næringsliv. 9. Høgskolen si forsking, kunnskapsutvikling og andre faglege ressursar skal så langt råd er gjerast tilgjengelege gjennom opne kanalar. 10. Det er viktig for høgskolen at større delar av FoU-verksemda blir eksternt finansiert. Fagmiljøa knytte til doktor- og mastergradsstudia må medverke særleg til dette. 11. HiT skal ha ein tydeleg miljøprofil, og skal gjennom verksemda si skape medvit om og aktivt møte miljøutfordringane. Miljøprofilen skal vere integrert i arbeidet med utvikling av primærverksemda og støttetenestene. 12. HiT skal delta aktivt i arbeidet med å fremje samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) i universitets- og høgskolesektoren i Noreg. Gjennom samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon internt og eksternt skal ein skape større og meir robuste forskingsmiljø. 13. HiTs fagprofil skal kjenneteiknast av to berande element, som er integrerte. Det eine er dei etablerte og planlagde doktorgradsprogramma og eksisterande studieprogram som støttar opp under desse. Det andre er profesjonsutdanningar og andre yrkesretta utdanningar. Det skal leggjast til rette for utvikling av sterkare forskingsmiljø knytte til desse utdanningane.
3 14. HiT skal arbeide aktivt for å få sin del av den forventa veksten i talet på studentar. Målet for planperioden er minst 6 000 heiltidsekvivalentar. Auken i studenttalet skal følgjast opp ved nødvendig utbygging av infrastrukturen ved dei ulike studiestadene. 15. HiT skal ha solid eigenkompetanse på IKT-infrastrukturen og ta del i samarbeid om IKTtenester for universitets- og høgskolesektoren. IV Utdanning og læringsmiljø Sektormål 1 HiT skal tilby utdanning av høg internasjonal kvalitet i samsvar med samfunnets behov. Verksemdsmål 1.1 HiT skal ha eit rikhaldig studietilbod både i breidd og nivå, og skal utdanne dugelege kandidatar som samfunnet har bruk for. Fagprofilen skal vere kjenneteikna av doktorgradsprogramma i teknologi, økologi og kultur, studieprogramma som stør opp under desse, og profesjonsutdanningane. a) Talet på førstevalssøkjarar i Samordna opptak skal auke frå 2 301 i 2009 til minst 3 100 i b) Talet på studentar (eigenfinansierte heiltidsekvivalentar) skal auke frå 4 947 i 2009 til minst 5 870 i Verksemdsmål 1.2 HiT skal tilby eit godt læringsmiljø med undervisnings- og vurderingsformer som sikrar fagleg innhald, læringsutbytte og god gjennomstrøyming. HiT sine nettbaserte studietilbod skal vere blant dei beste i landet. c) Talet på eigenfinansierte nye 60-studiepoengseiningar skal auke frå 4 038 i 2009 til minst 4 668 i d) Talet på uteksaminerte bachelorgradskandidatar skal auke frå 686 i 2009 til minst 920 i e) Talet på uteksaminerte mastergradskandidatar skal auke frå 108 i 2009 til minst 160 i
4 V Internasjonalisering Verksemdsmål 1.3 HiT skal ha eit utstrekt internasjonalt utdanningssamarbeid som medverkar til auka utdanningskvalitet. f) Talet på utvekslingsstudentar (ut-/innreisande) skal auke frå 132 i 2009 til minst 245, av dei 75 utreisande, i g) Talet på tilsette som blir utveksla via programavtalar skal auke frå 9 i 2009 til minst 10 i VI Forskings- og utviklingsarbeid Sektormål 2 HiT skal, i tråd med sin eigenart, utføre forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet. Verksemdsmål 2.1 HiT skal prioritere tverrfagleg og praksisnær forsking som stør opp under høgskolens utdanningsprofil og som samstundes møter regionens kompetansebehov. h) Talet på avlagde doktorgradar tildelte av HiT skal vere 8 i i) Talet på avlagde doktorgradar av personar HiT har arbeidsgjevaransvar for skal vere 10 i 2014 mot 7 i 2009. Verksemdsmål 2.2 Innan områda teknologi, økologi og kultur skal HiT skal drive forsking og forskarutdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. j) Talet på publikasjonspoeng totalt skal auke frå 56 i 2009 til minst 155 i
5 VII Formidling, samfunnskontakt og verdiskaping Sektormål 3 HiT skal vere ein tydeleg samfunnsaktør og medverke til formidling, internasjonal, nasjonal og regionale utvikling, innovasjon og verdiskaping. Verksemdsmål 3.1 HiT skal utvide og forsterke samarbeid og kontakt med samfunns- og næringsliv. M.a. gjennom sin desentraliserte struktur skal høgskolen stå fram i regionen som ein tydeleg og sjølvsagt samarbeidspartnar. Verksemdsmål 3.2 Både gjennom utdanning, forsking og formidling skal HiT, saman med regionale aktørar, medverke til innovasjon og entreprenørskap. k) Det totale omfanget av eksterne inntekter, dvs. alt utanom tildelt løyving over statsbudsjettet, skal vere minst 38 mill. kroner. VIII Personal- og økonomiforvaltning Sektormål 4 Høgskolane skal ha effektiv forvaltning av verksemda, kompetansen og ressursane i samsvar med si samfunnsrolle. Verksemdsmål 4.1 Høgskolen i Telemark skal ha god strategisk styring og kompetanse- og ressursplanlegging som fremjar kvalitet og omstillingsevne. Verksemdsmål 4.2 Høgskolen i Telemark skal ha høg fagleg kvalitet med høgt kompetente medarbeidarar og sterke og robuste fagmiljø. l) Del første- og toppstillingar av det totale talet på undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar (ekskl. stipendiatar) skal auke frå 0,38 i 2009 til minst 0,45 i Verksemdsmål 4.3 Høgskolen i Telemark skal drive effektiv tenesteproduksjon med høg kvalitet i alle ledd.
6 X Rullering og oppfølging Denne strategiske planen skal rullerast årleg. I samband med rulleringa skal det gjevast ein rapport om utviklinga, sett i høve til dei måla planen fastset. Planen skal følgjast opp gjennom årsplanar for alle høgskolen sine driftseiningar og gjennom den årlege budsjetthandsaminga. Med utgangspunkt i den strategiske planen kan det bli fastsett særskilte handlingsplanar på spesielle område. Det vert teke eigne avgjerder om kva handlingsplanar som skal arbeidast ut, på område der det ikkje er lovfesta at det skal vere slike.