Vi har fått SU si tilslutning til å prolongere langtidsplanen fram til ny Rammeplan føreligg i 2017.

Like dokumenter
VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

LANGTIDSPLAN FOR BARNEHAGENE I HELSE BERGEN

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

LANGMYRA OG BANEHAUGEN BARNEHAGER Årsplan 2017

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Skjema for eigenvurdering

Leikande, glade barn og natur hand i hand

VOGNSTØLEN BARNEHAGE Årsplan

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Du må tru det for å sjå det

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Stokkalandsmarka barnehage

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Innhald. Innleiing s. 4. Formål s. 6. Språk, kultur og natur s. 8. Leik og læring s.10. Barnehagen som lærande organisasjon s.12. Sluttord s.

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

VINTERDALEN BARNEHAGE ÅRSPLAN

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Utviklingsplan Borsheim barnehage Vi skaper livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn. Tryggleik, respekt og inkludering

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

KOMPETANSE FOR MANGFALD ENGESET BARNEHAGE SIN PRESENTASJON AV UTVIKLINGSARBEIDET HAUSTEN 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Månadsbrev for Rosa september 2014

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan

RAVNEBJERGET BARNEHAGE Årsplan Ein grunnmur for livet

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Årsplan for Straume barnehage Del 2. Arbeid med fagområda

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Saksgang. Møtedato Saksnr. Kultur- og oppvekstutvalet /05. Sakshandsamar: Arkiv: K2-A10 Arkivsaknr Runa Nybakk Objekt 04/33

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Barnehagen sitt samfunnsmandat

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Saman om Ørstabarnehagen

RAVNEBJERGET BARNEHAGE ÅRSPLAN Ein grunnmur for livet

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

PEDAGOGISK PLAN BARNEHAGANE I LOM. Loar og Garmo barnehage

Bjørnehiet SFO - informasjon

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Vi bruker ofte smågruppepedagogikk, dvs. at vi deler barna inn i smågrupper sammen med en voksen.

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årsplan for. Gjelsvik barnehage 2016/2017. ein god plass å vere VELKOMMEN TIL NYTT BARNEHAGEÅR! Satsingsområde2016/2017 Kommunikasjon, språk og Tekst

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Årsplan 2018 for Bekkelaget Kirkes barnehage. Versjonsnummer 6 - Fastsatt av Samarbeidsutvalget

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Årsplan for Lalm- og Søre Grindstugu barnehage

Sandøy kommune Eining for Oppvekst og kultur

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Nynorsk lesefrø. Språkstimulering i barnehagen med vekt på nynorsk litteratur. Liv Kristin Bjørlykke Øvereng Nynorsksenteret

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

Rutinar for Overgang barnehage - skule

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Ei skisse på essensen i rammeplana. Slik vi ser det.

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING VENNSKAP OG FELLESSKAP. Våre tiltak

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

OM ÅRSPLANEN OG KOMMUNENS MÅL FOR BARNEHAGENE OM BARNEHAGEN TILVENNING. Våre tiltak

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

Språkstimulering i det fysiske miljøet

I året som kommer skal vi øke vår faglige kompetanse på lek og læring og se dette i sammenheng med de rommene vi har i barnehagen; inne og ute.

Månadsplan for Hare November

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

Å RSPLÅN. Treungen barnehage RELASJONAR

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

VINTERDALEN BARNEHAGE Årsplan Uteliv. Vi vil leke mer! Fokus: Årstema:

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Transkript:

FORORD Helse Bergen HF eig og driv 4 barnehagar som vert nytta til rekruttering av nøkkelpersonell og for å sikre stabil arbeidskraft i Helse Bergen HF. Barnehagane vert driven i samsvar med «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». I følgje lova skal kvar barnehage ha ein årsplan som skal gi opplysningar om barnehagen sitt satsingsområde, mål og vurderingsområder. Den skal innehalde informasjon om barnehagen sitt arbeid med mellom anna omsorg, danning, leik og læring, og er eit viktig arbeidsreiskap for personalet. Årsplanen gir informasjon til føresette, eigar, og andre interesserte og er viktig for samarbei det med føresette. Årsplanen byggjer på Langtidsplan 2012-2015 som er eit felles styringsdokument for barnehagane i Helse Bergen. Langtidsplanen skal sikre progresjon og samanheng i barna si læring og opplevingar gjennom heile barnehageopphal det, og byggjer på «Lov om barnehagar» og «Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver». Vi har fått SU si tilslutning til å prolongere langtidsplanen fram til ny Rammeplan føreligg i 2017. Årsplanen er førelagt samarbeidsutvalet for Vognstølen barnehage i møte 16.06.16 Inger Johanne Klausen Barnehagesjef Teikna av Elise 5 år

ÅRSTEMA Ein kort, ein lang, ei pyramide, ei stang.. Vi tek med oss fagområdet «tekst, språk og kommunikasjon» vidare i vårt arbeid, men flyttar no fokus over mot «tal, rom og form». Val av bøker, rim og regler/ellingar vil gjenspegle dette fagområdet. Målet er å gi barna gode opplevingar knytta til tal, rom og form gjennom språkleik, rolleleik, estetiske fag, turar og kvardagsaktivitetar som måltid og garderobesituasjon. Ved systematisk bruk av omgrep som liten, mindre, minst eller stor, større, størst, over og under med fleire så styrkar vi barna si forståing av omgrep generelt og då spesielt matematiske omgrep. Det skal være fokus på årstema i dei ulike fagområda og gjeremåla i løpet av dagen. Stikkorda er nysgjerrigheit, utforsking, samanheng, sortering og klassifisering. I tidsrommet august til desember vil vi jobbe med: Tryllebukett / eg og familien min / kroppen min Advent og juleaktivitetar I tidsrommet januar til juli vil vi jobbe med: Forut forteljing frå Nepal Årstema gjennom forteljing, eventyr og vers Vårteikn og småkryp Dette vil bli nærare skildra i avdelingane sine månadsplanar og påfølgande oppsummeringar. DANNING Danning er ein kontinuerleg prosess som blant anna handlar om å utvikle evne til å reflektere over eigne og andre sine handlingar og veremåtar. I alle gjeremål gjennom dagen må ein sjå til at barna tileignar seg ein akseptabel og hensiktsmessig væremåte. Saman med barna kan vi fabulere om korleis eigne handlingar og val kan påverke andre menneske, samfunn og miljøet rundt oss. OMSORG For å gi adekvat omsorg utover å dekke barn sine primærbehov er vi avhengige av å være observante og lydhøre for å danne oss eit bilde av kva kvart enkelt barn treng. Anerkjenning av barna sine forteljingar og uttrykksmåtar styrkar barnet si sjølvkjensle og identitet. Vi må ta barn på alvor og hjelpe dei til å tolke ulike situasjonar, kropps- og ansiktsuttrykk for å gi dei moglegheit til å gi omsorg. Vi må være gode forbilde som fremmar bærekraftig utvikling og gi barna moglegheit til å syne omsorg for kvarandre, naturen og alt levande rundt oss, samt dei som kjem etter oss.

LEIK Leiken står i særstilling i dei små barna sin kvardag. Gjennom leik øver barnet seg på å meistre omgivnadane. Leik er frivillig, prega av glede, den stimulerar fantasien og den fremmar vennskap mellom barna. Eit personale som tek del i leiken, saman med dag- og vekeplanar som gir tid og rom for leik, er grunnleggande for det vi kallar gode leikevilkår. Det, i tillegg til eit rikt repertoar av forteljingar, dikt, rim, og regle saman med variert utstyr og leikemateriale vil vi gi god næring til leiken. LIKESTILLING Målet for likestillingsarbeidet er at vi skal gi jenter og gutar like moglegheiter, og at vi skal gjere dei medvetne på at dei har dei same moglegheitene i livet. Dersom vi er medvetne på dette når vi gjer innkjøp og når vi tilbyr leiker, spel og aktivitetar så kan det minske fokuset som er på kjønnsroller. Vi samtalar og reflekterer rund likestilling i fellesskap, noko som vil være haldningsskapande i forhold til barna si oppfatning om kva som er «guteting og jenteting» BARN SIN MEDVERKNAD Ut frå alder og modning skal barna få påverke sin eigen kvardag. Dei må oppfordras til å sette ord på, og fortelje om eigne ønsker, behov og idear som vi må anerkjenne og i størst mogleg grad prøve å etterkome. Dersom barn aldri opplever å bli anerkjent vil dei truleg slutte å fremje eigne tankar og ønske. Vi må være merksame og ta utgangspunkt i det som barna er opptekne av og arbeide vidare med det. Det er eit viktig utgangspunkt for å fremje eit demokratisk tankesett. Teikna av Fabian 5 år

LÆRING, INKLUDERING OG LIKEVERD Barn er grunnleggande nysgjerrige, utforskande og interesserte i å lære, og dei lærer noko heile tida. Læring skjer på mange plan ved prøving og feiling og prøving igjen. I samspel med andre barn i leik, når dei fortel eller skapar noko, lærer barna av den responsen dei får frå omgjevnadane. Gode modellar er avgjerande for at barna si læring er av positiv og hensiktsmessig karakter. Vi må hjelpe barna til å utvikle ei positiv nysgjerrigheit overfor ander mennesker og kulturar. Vognstølen barnehage samarbeidar med bistandsorganisasjonen FORUT (forut.no). Gjennom forteljing, film og bilde blir vi kjent med barn frå andre delar av verda. Dette barnehageåret får vi kjennskap til barn og deira levekår i Nepal. I arbeidet med FORUT ser vi at barn kan leike og ha det moro sjølv i fattige omgivnadar. Vi kan vise solidaritet med dei ved at vi ikkje forbrukar meir enn det vi treng. BARNEHAGEN SOM KULTURARENA Kultur rommar alt frå kjennskap til ulike levesett i by og land, tradisjonar, kulturelle arrangement, kulturelle uttrykk og mykje meir. Barna skal få eit innblikk i alt dette ut frå alder og modning. I arbeidet med barnehagen som kulturarena ser vi på barna som både produsentar og konsumentar av kultur. Samtidig som barna får moglegheit til å skape sine eigne kulturuttrykk nyttar vi oss av kulturtilbod som blir tilbydd dei ulike aldersgruppene. Nokre gongar kjøper vi inn framsyning til barnehagen og andre gongar nyttar vi kulturtilbod i byen. Vi besøker ein gard med 3-6 åringane, noko som vil gi barna eit lite glimt av den kulturen som gardsdrift representerar. Barna skal i størst mogleg grad få dokumentere sine kulturelle uttrykk med blant anna utstyr som teiknemateriell, fotoapparat og ipad Teikna av Johannes 6 år

SPRÅKLEG KOMPETANSE Samvær, samtalar, leik og forteljing er det viktigaste området når det gjelder å stimule barna si språkutvikling. Ved bruk av bilde, bøker og forteljing utvidar barna sitt ordforråd og forståing av ulike omgrep. Saman med barna skapar og lyttar vi til lydar, rim og rytme i språket. Vi tolkar det vi ser og høyrer saman, og set ord på det. I år har vi ekstra fokus på tal, rom og form, noko som vil gi barna ei større forståing av ord og omgrep innanfor dette emnet. FAGOMRÅDA Rammeplanen inneheld sju fagområde som barnehagen skal dekke. Nokon av fagområda har ein naturleg og tydeleg plass i kvardagen, medan andre må jobbast meir spesifikt med. Vi viser til Langtidsplanen for barnehagane i Helse Bergen 2012-2015 som set mål for dei ulike aldersgruppene. MILJØPEDAGOGISK ARBEID Barnehagane i Helse Bergen er miljøsertifiserte etter ISO 14001 standard, og vårt viktigaste bidrag er det miljøpedagogiske opplegget som fremjar gode haldningar til natur og miljø. I tillegg til riktig avfallshandtering er vi medvetne verdien av såkalla verdilaust materale til leik og formingsmateriell. Gjenbruk av blant anna sko, klede, vesker og hattar er ypparleg materiale som stimulerar fantasi og rolleleik. Som ein del av det miljøpedagogiske arbeidet har vi ein kjøkkenhage som fire- og femåringane har ansvaret for. Det mest populære er sukkererter og rabarbra med sukker! Ein viktig del av det miljøpedagogiske arbeidet er å redusere vårt forbruk og fokusere på bruk og kast. Kva kan vi bruke om att? OVERGANG BARNEHAGE SKULE Siste året i barnehagen er det ekstra fokus på å gjere barna kompetente til å møte krav og forventingar som blir stilt til dei i skulen. Det generelle førskuletilbodet er skildra i Langtidsplanen for barnehagane i Helse Bergen 2012-2015. For å styrke barna sine evner til å sjølvhevding ved å «stå fram» har førskulebarna i Vognstølen barnehage eige songkor. Dei øver kvar veke og alle vert oppmoda til å synge i mikrofon. Vårt inntrykk er at barna set pris på dette, og dei syner stor songglede. Koret opptrer både i og utanfor barnehagen. Vi har tradisjon for at førskulebarna dramatiserer og framfører juleevangeliet for dei andre barna i barnehagen. Førskulebarna er kvar veke på trim i HSI-hallen og/eller på turar. Etter jul har dei «førskulegruppe» kvar veke, der dei øver på finmotoriske ferdigheiter, omgrepstrening, bokstavar, tall etc. Førskulegruppa har avslutning med kinobesøk og pizzaeting ein dag i juni

EKSTERNE SAMARBEIDSPARNARAR HØGSKULEN I BERGEN Helse Bergen har inngått avtale med Høgskulen i Bergen om praksisundervisning for barnehagelærarstudentar og nokre avdelingar får studentar om hausten og våren. LÆREBEDRIFT Barnehagane i Helse Bergen er nyleg blitt godkjent som lærebedrift for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. PEDAGOGISK, PSYKOLOGISK SENTER I samråd med foreldra kan vi kontakte og eventuelt inngå samarbeid med denne eller tilsvarande hjelpeinstasar utanfor barnehagen. BARNEVERNET Personalet i barnehagen har opplysningsplikt til barnevernet ved mistanke om at barn blir utsatt for omsorgssvikt, vold eller overgrep. PLANLEGGINGSDAGAR 2016-2017 Komande barnehageår har vi følgjande planleggingsdagar: Måndag 12. september Fredag 14. oktober Fredag 11. november Fredag 3. februar Fredag 26. mai KONTAKTINFORMASJON Blåklokke // 55 97 49 49 Hvitveis // 55 97 49 49 Solsikke // 55 97 49 50 Tusenfryd // 55 97 49 50 Konvall // 55 97 49 50 Styrar // Gerd Bakken / 55 97 49 48 / 476 36 138 /932 53 890 E-post // vognstolen.barnehage@helse-bergen.no Teikna av Herman 5 år Formgitt av Torun Hunnes // Teksta er skreva av styrar og pedagogane ved barnehagen // Teksta er oversatt til nynorsk av Torun Hunnes