Budsjettnotat nr

Like dokumenter
Tertialrapport 2 tertial 2015

Budsjettnotat frå rådmann datert

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Oversyn over økonomiplanperioden

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Budsjett 2012, økonomiplan

Budsjett 2018, økonomiplan , vedlegg til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag av Rådmannen

Endringsliste Budsjett 2016, økonomiplan

Budsjettnotat nr. 2. Innhold. Innleiing. Innleiing... 1 Konsekvensar for ytterlegare innsparing i Helse og omsorg... 2 Nye formelle endringar...

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

FASTSETT AV KOMMUNESTYRET I SAK 87/15

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

Oversyn over økonomiplanperioden

Saksprotokoll. Arkivsak: 07/779 Tittel: PROTOKOLL: BUDSJETT ØKONOMIPLAN

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

STATSBUDSJETT Skatt og rammetilskot 2012

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Sak 40/08 vart handsama fyrst i møtet.

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret


Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Statsbudsjettet 2018 kommuneøkonomi

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Møte finansutvalet Notat budsjett 2015, orientering om status pr. 17. september 2014.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 60/12 12/682 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL BUDSJETTREVISJON

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

Reglement for godtgjersle til folkevalde. Vedteke i kommunestyre sak 21/16.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneproposisjonen 2020

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

May Britt Vihovde(V) fremmet Venstre sitt forslag til budsjett 2013 og økonomiplan

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

BUDSJETTNOTAT - Vedlegg 2 MOTTAK AV FLYKTNINGAR I 2018

Tertialrapport 1. tertial 2014

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Saksprotokoll. 1 Kontrollutvalet gjer framlegg om budsjett for 2009/økonomiplan på programområde 11 Kontrollorgan: Netto- Budsjett 2009

Å rs pl a n f o r kontrollutvalet Bjerkreim

Budsjettguide Kinn. Felles kommunestyremøte

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Handlingsprogram og økonomiplan Hovedpunkt inneverende års budsjettramme pr. avd./sektor

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2012, eksklusive ufordelt skjønn.

Rådet for eldre og funksjonshemma

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE I SAMNANGER KOMMUNE Vedteke av Samnanger kommunestyre Sist ajourført

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Tertialrapport 1. tertial 2015

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

VEDTEKT av februar 2007

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 108/2016 Formannskapet PS Kommunestyret

Transkript:

Budsjettnotat nr. 1. 2013 Innhald 1. Formelle endringar/korrigeringar... 2 Skatt og rammetilskot (frie inntekter)... 2 Tilskot til særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester (Ans. 800)... 2 Vertskommunetilskot (Ans. 800)... 3 Revisjon og kontroll (Ans. 100)... 3 Sogn Brann og redning IKS (Ans. 380)... 3 Oppvekstkontoret (Ans. 200)... 3 Kostnader knytt til idrett (Ans. 262/350)... 4 2. Moglege endringar driftsrekneskapen... 4 Forvaltningsrevisjon (Ans. 100)... 4 Nesse oppvekstsenter (Ans 212)... 4 Sagatun barnehage (Ans. 220)... 4 Kulturskulen (Ans. 250)... 4 Biblioteket (Ans. 260)... 5 Disposisjonsfond /Integreringstilskot flykningar (Ans. 800/296)... 3 Utvida grense for eigedomsskatt til å omfatta heile kommunen (Ans. 100)... 5 Kommunedelplan Esefjorden (Ans 300)... 5 Samordning av rektorfunksjonen... 5 Livssynsnøytrale seremonirom... 8 Politiske møter på dagtid eller kveldstid (Ans. 100)... 9 3. Moglege endringar investeringsrekneskapen med konsekvens i driftsrekneskapen... 10 Dette notatet summerer opp verknaden av forslag til statsbudsjett 2014 og verknaden av andre nye opplysningar som er kjente etter at rådmannen la fram sitt arbeidsgrunnlag til budsjett 2014, økonomiplan 2014 2017. I tillegg er det gjort greie for moment som vart drøfta i finansutvalet 17.10.2013. Taldelen blir sett opp i endringsliste med utgangspunkt i rådmannen sitt arbeidsdokument, og som kan nyttast som grunnlag for vidare drøftingar. 1

1. Formelle endringar/korrigeringar Skatt og rammetilskot (frie inntekter) I framlegg til statsbudsjett 2014 er det skissert ein nominell vekst til kommunesektoren med kr 5,9 mrd. kroner, eller 4,1% med utgangspunkt i anslag oppgåvekorrigerte inntekter 2013. Realveksten er rekna til 3,3 mrd. kroner eller 1,1%. For Balestrand kommune viser nominell vekst kr 2,0 mill medan realveksten er negativ med kr 0,6 mill. Av kommunane i Sogn og Fjordane er Balestrand den kommunen som har lågast vekst i frie inntekter. Vekst rekneskap Balestrand Landet Sogn og Fjordane Balestrand 2013-2014 Verknad i kr. 1) Nominell vekst 4,1% 3,8% 2,3% 2.000.000 Prisvekst (deflator) 3,0% 3,0% 3,0% 2.600.000 Realvekst i frie inntekter 1,1% 0,8% -0,7% - 600.000 1) Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Kommuneøkonomi budsjett 2014 av 14.10.13 Noko av forklaringa til at kommunen har så låg vekst i frie inntekter skuldast at folketal per 1.7.2013, som er grunnlag for blant anna innbyggartilskot og utgiftsutjamning, er redusert frå 1.7.2012 med 12 innbyggjarar. I tillegg er skjønnstilskot frå fylkesmannen redusert med kr 200.000 frå 2013 til kr 2.400.000. Statsbudsjettet har rekna frie inntekter til kommune i 2014 til kr 89.874.000, ein auke på kr 2.000.000. I budsjettet må kommune sjølv vurdera utvikling i skatteinntekter og folketal per 1.1.2014. Ved å nytta KS sin prognosemodell for 3 års gjennomsnitt, viser denne at kommunen vil få ein samla vekst på frie inntekter på vel kr 89.600.000. Det er denne prognosen som ligg til grunn i rådmannen sitt arbeidsgrunnlag for 2014. Nye tiltak som er innlemma i rammetilskotet: Barnehage: Maksimalpris i barnehagen blir sett til kr 2 360 per månad frå haust 2014 Skule: Valfag for 10. klasse på ungdomstrinnet frå haust 2014. Det er lagt inn 1½ time per veke, der ein ½ time er ny tid og 1 time blir fordelt innanfor eksisterande timetal. Omsorg: Kommunal utbygging av øyeblikkeleg hjelp skal finansierst av øyremerka tilskot og bidrag frå regionale helseføretak. Det er difor gjort eit trekk i rammetilskotet for dette. Tilskot til særleg ressurskrevjande helse- og omsorgstenester (Ans. 800) Kommunen har motteke «foreløpig orientering» frå Helsedirektoratet datert 14.10.13 med oversyn over nye kreteria for tilskotet som fylgje av «forsiktig innstramminger» i statsbudsjettet gjeldande frå 2013 : Innslagspunktet blir auka frå kr 975.000 til kr 1.010.000. Refusjon av direkte lønsutgifter blir redusert frå 80% til 77,5%. Endringane vil ha verknad frå og med rekneskapsåret 2013. 2

Konsekvensen av redusert refusjon frå 80% til 77,5% vil åleine utgjera kr 123.000. Det vil i tillegg vere fare for at 2 av tenestemottakarane vil falle ut av ordninga i 2014, redusert tilskot ca. kr 200.000. Samla redusert tilskot kr 323.000 Vertskommunetilskot (Ans. 800) Helsedirektoratet har kalkulert fordeling av verskommunetilskot for 2014. Balestrand kommune har 12 personar i ordninga og tilskot er rekna til kr 20.139.600, ei meirinntekt i høve rådmannen sitt arbeidsgrunnlag på kr 119.600. Revisjon og kontroll (Ans. 100) Rådmannen sitt budsjettframlegg blir å justera i samsvar med kontrollutvalet sitt budsjettframlegg sak 16/13 med unntak av kostand til forvaltningsrevisjonsprosjekt i 2014. Kontrollutvalet sitt framlegg til kostand til finanisell revisjon blir justert i samsvar med representantstyremøte i Sogn og Fjordane IKS sak 9 2013, til kr 318.030. Samla reduksjon av ramme kr 25.900. Sogn Brann og redning IKS (Ans. 380) Det er lagt fram framlegg til budsjett 2014 frå SBR. Budsjett 2014 inneber at kommunen skal kjøpe tenester av selskapet for kr 2.484.000, ein auke frå 2013 på kr 237.000 frå 2013. Kostandene fordeler seg slik (bud. 2013 i parentes): driftskostander med kr 1.842.000( 1.638.000), kompetansetiltak kr 346.000 (kr 325.000), feiing/ettersyn kr 202.000 (kr 195.000) og byggetilsyn kr 93.000 (kr 89.000). Nettokostnad utover skissert i rådmannen sitt budsjettframlegg kr 135.000. Oppvekstkontoret (Ans. 200) Inntil kr. 30 000 + skyss utgifter - kostnader med gjesteelev i Høyanger. Her ligg det føre ny søknad om overflytting av elev til Høyanger frå hausten 2014 og kostnadane for 2014 kan bli høgare. Disposisjonsfond /Integreringstilskot flykningar (Ans. 800/296) Rådmann har i sitt arbeidsgrunnlag til budsjett 2014 lagt inn føresetnad om å balansera driftsrekneskapen med bruk av disposisjonsfond med kr 1.316.000. I tertialrapport 2. tertial 2013 varsla rådmann om ubalanse i driftsbudsjett som vil medføra bruk av tidlegare års avsett fondskapital med kr 424.400 for å balansera drifta. Disponibelt disposisjonsfond per 1.01.2014 vil då vise kr 1.936.000. Korrigert for bruk av fondet i budsjettframlegget for 2014 på kr 1.316.000, vil disponibel saldo visa kr 620.000. Bruk av disposisjonsfondet vil kunne gje kommunen utfordringar i høve plikter som kommunen har teke på seg som vertskommune for flykningar. Dette av di saldo på fondet per 1.1.2013 på kr 2.360.000 var unytta integreringstilskot avsett for bruk seinare år. 3

NAV Balestrand har gjort framlegg til budsjett under teneste 24213 som gjeld flyktningar. Det er 7 som framleis er i introduksjonsprogrammet. Desse er planlagt avslutta våren 2014. Kor mykje utgifter ein kan berekne framover, har sjølvsagt med om personane kjem i arbeid eller utdanning. Av erfaring er det ikkje alle som er i stand til å syte for sitt livsopphald etter 2 år i program. Økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogrammet er utgiftspostar som naturleg er høgre i ein periode før flyktningane er avklart til arbeid eller evt trygdeyting. Vi ser også av erfaring at det kan bli utgifter i tilknyting til flytting. Tolketeneste vil også vera naudsynt for nokon. Unytta avsett fond bør difor budsjetterast inn som styrking av ansvar 296 NAV i 2015 og 2016 med kr 310.000 kvart år. Kostnader knytt til idrettsanlegg (Ans. 262/350) I framlegg til budsjett er alle kostander knytt idrett og kommuneplan idrett og friluftsplan budsjettert på ansvar 262 Kultur. I praksis vil ansvar for idrettsanlegg og oppfylging av prosjekt knytt til kommunedelplan ligge til tekniske tenester. Det blir difor gjort flg. endring: Betaling for kjøp av vaktenester Belehalli kr 35.000 og leigeinntekter/interne leigeinntekter på til saman kr 265.000, netto kr 230.000, blir overført frå ansvar 262-38011 til ansvar 350-38112. 2. Moglege endringar driftsrekneskapen Forvaltningsrevisjon (Ans. 100) Kommunestyret har vedteke at det i kvar valperiode skal gjennomførast eit forvaltningsrevisjonsprosjekt. Kontrollutvalet ber om at det blir sett av kr 150.000 til dette. Nesse oppvekstsenter (Ans 212) Det er trong for kr. 25 000 for å auke opp vikarpost og andre drift postar. Sagatun barnehage (Ans. 220) Kr. 145 000 til spesialundervisning våren 2014. Dette vert i dag utført av pedagogiske leiarar som forlet avdelinga for å gjere spespedarbeidet. Kr. 269 000 for evt. å opne avdeling nr. 4 våren 2014, frå mars - til 01.08.2014. Dersom ein ikkje opnar den 4. avdelinga, må ein avvise søknad frå foreldre som etter lova har rett på plass frå mars 2014. Kulturskulen (Ans. 250) Kr. 30 000 til kulturtimen. Dette er eit tilbod som truleg vert lovpålagt frå 01.01.2014. kr. 30 000 for å støtte korpset til å få kjøpe dirigenttenester frå Høyanger. Balestrand kommune støttar koret på liknande måte og med same summen 4

Biblioteket (Ans. 260) kr. 25 000 til biblioteket til inventar og liknande i samband med flytting til Sagatun skule. Bokbåten ligg inne i biblioteket med kr. 12 000 i 2014 budsjettet. Dersom ein vel å avslutte bokbåten, kan ein redusere kostnadane tilsvarande kr. 13 000 til inventar. Utvida grense for eigedomsskatt til å omfatta heile kommunen (Ans. 100) Ved eit eventuelt vedtak om å innføre eigedomsskatt i heile kommunen, vil mykje av kostander med taksering komme i året før skatteåret. Ved eit evt. vedtak om å utvide eigedomsskatteområdet bør ein rekna med ein kostand i 2014 på kr 600.000, inntekstspotensiale år 2015 blir stipulert til kr 450.000 og kr 650.000 i resten av perioden. Kommunedelplan Esefjorden (Ans 300) Kommunestyret har vedteke at det skal utarbeidast ein kommunedelplan for Esefjorden. Kostand med planen er stipulert til mellom 1 1,5 mill. kroner. Om dette skal reknast som ei driftsutgift eller investeringsutgift er drøfta i GRS 4 Avgrensing mellom driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen, som gir standard for god kommunal rekneskapsskikk. I punkt 3.1 nr. 7 er det uttalt: «Utgifter til prosjektering av en konkret investering, klassifiseres som investeringsutgifter. Utgifter til utarbeidelse av planer som er pålagt etter plan- og bygningsloven og annen generell planlegging av investeringer, er ikke utgifter av investeringsmessig karakter. Dersom det i ettertid viser seg at investeringen ikke blir gjennomført, anses dette som en indikasjon på varig verdifall og nedskrivning skal vurderes i henhold til KRS nr. 9 Nedskrivning av anleggsmidler» Samordning av rektorfunksjonen Kva kostnadsreduksjonen bli ved dei ulike alternativa? Kva seier opplæringslova om at ein leiar er rektor på fleire enn ein skule. Opplæringslova 9-1. Leiing Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål. Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på. I nærare forskrift gjev utdanningsdirektoratet greie for vilkåra for at ein leiar skal kunne vere rektor på to eller fleire skular 5

1. Hva er vilkårene for at en leder kan være rektor for to eller flere skoler? Ledelse i offentlige skoler Det går fram av ordlyden i opplæringsloven 9-1 at hver skole skal ha en forsvarlig faglig, pedagogisk og administrativ ledelse. Opplæringen i skolen skal ledes av rektor. Det står videre at rektor skal holde seg fortrolig med den daglige virksomheten i skolen og arbeide for å videreutvikle virksomheten. Rektor er den øverste leder ved den enkelte skole. Kravet om rektor som øverste leder gjelder ved alle grunnskoler og videregående skoler, uansett skolens størrelse. Loven er ikke til hinder for at to eller flere skoler har felles rektor. Vi viser til forarbeidene til lovendringen, Ot, prp, nr. 67 (2002-2003), blant annet s. 23: Dette inneber at alle skolar skal vere underlagde ein rektor med ansvar for opplæringa, og at det vil vere tillate for skolar å ha felles rektor, men berre så langt det da vil vere mogleg for rektor å halde seg fortruleg med den daglege verksemda, med det for auget at denne kan vidareutviklast. Utdanningsdirektoratet vurderer det slik at kriteriene ovenfor er skjønnsmessige og at vurderingen av hvorvidt to skoler kan ha felles rektor må avgjøres etter en konkret helhetsvurdering i hvert enkelt tilfelle. Vi vurderer det slik at det vil være rektors nærkontakt med skolene som er det viktigste. Det er altså ikke avstanden mellom skolene alene som vil være avgjørende for vurderingen av om rektor kan være rektor ved flere skoler. I tillegg setter vilkåret om at rektor skal holde seg fortrolig med virksomheten ved skolene, krav til rektors tilstedeværelse ved den enkelte skole. Hvor mye rektor må være til stede vil blant annet variere med skolens størrelse og antall årstrinn og tilbud ved den enkelte skole. Det vil for eksempel være lettere å holde seg fortrolig med den daglige virksomheten ved en liten grunnskole for 1. til 4. årstrinn, enn ved en stor videregående skole med mange elever og ansatte. Det å ha felles rektor for to store skoler som ligger geografisk atskilt vil lett kunne være i strid med loven. Rektor skal jo i tillegg til å holde skolen igang også bruke tilstedeværelsen til å videreutvikle skolen. Oppsummering: Etter opplæringslova 9 1 og utdanningsdirektoratet si utgreiing og forklaring av denne lovparagrafen, kan ein leiar vere rektor for fleire skular. Kostnadsreduksjon ved felles rektor for alle tre skulane/ oppvekstsentra Dersom ein tenkjer seg at rektor ved Sagatun skule er fysisk til stades ved Fjordtun oppvekstsenter og ved Nesse oppvekstsenter ein dag pr. veke og at han dei resterande 3 dagane er ved Sagatun skule, vil ein kunne spare inn rektorlønene ved oppvekstsentra, noko som på sikt utgjer ca. kr. 250 000. pr. år. I tillegg vil den som ikkje lenger er rektor ved oppvekstsentra kunne undervise til saman ca. 25 t/v meir, noko som utgjer ei innsparing på ca. kr. 575 000. (Årstimar kostnadsrekna til kr. 23 000 ) Rektor v/ Sagatun skule vil bli friteken frå å undervise i ca. 4 timar pr. veke ved Sagatun skule, noko som utgjer ein ekstra kostnad på Sagatun på ca. kr.100 000. Utlegg i samband med pendling utlegg reiseutgifter pr. år: 90 km (tur retur Sagatun skule Nessane tur retur Sagatun Fjordtun) x 46veker x kr. 3.50 = kr. 14490 I dette reknestykket har ein ikkje teke med kostnader med bilhald utover statens regulativ som er kr. 3,50 pr. km. 6

Ein bør og rekne med ei godtgjersle for lærar som tek seg av dagleg administrasjon ved oppvekstsentra dei dagane rektor ikkje er til stades. Ein timeressurs på totalt 4 t/v utgjer ca. kr. 100 000 I utgangspunktet kan ein ha ei prøveordning frå hausten 2014 og den økonomisk utteljinga ville ein få fullt ut etter kvart. Dette er ei stor reform som vil krevje at alle som arbeider innanfor oppvekst vert utfordra til å gjere oppgåvene på nye måtar. Blir ei slik ordning vedteken, er det viktig med å kople på organisasjonane i dei drøftingane som må kome utover våren 2014. Det er ekstra viktig at det er forsvarleg pedagogisk bemanning i barnehagen i eit slikt omstillingsarbeid. Ei slik ordning vil kunne samordne det pedagogiske arbeidet i balestrandskulen. Ein kan og` få utnytte den 50% merkantile stillinga på Sagatun skule på ein meir effektiv måte. Oppsummering: Ved å samle rektorfunksjonen for alle tre skulane i ei stilling, kan det gi ei innsparing på ca. kr. 610 000 årleg Kostnadsreduksjon med felles rektor ved oppvekstsentra Dersom ein tenkjer seg at rektor ved Nesse oppvekstsenter er fysisk til stades ved Fjordtun oppvekstsenter ein dag pr. veke og at han dei resterande 4 dagane er ved Nesse oppvekstsenter, vil ein kunne spare inn rektorløn ved Fjordtun oppvekstsenter, noko som på sikt utgjer ca. kr. 130 000. pr. år. I tillegg vil rektor ved Fjordtun oppvekstsenter kunne undervise til saman ca. 12 t/ v meir, noko som utgjer ei innsparing på ca. kr. 300 000. Rektor v/ Nesse oppvekstsenter vil bli friteken ekstra frå å undervise i ca. 9 timar pr. veke, noko som utgjer ein ekstra kostnad på ca. kr.200 000. Utlegg i samband med pendling utlegg reiseutgifter pr. år: 90 km x 46veker x kr. 3.50 = kr. 14490 I dette reknestykket har ein ikkje teke med kostnader med bilhald utover statens regulativ som er kr. 3,50 pr. km. Ein bør og rekne med ei godtgjersle for lærar som tek seg av dagleg administrasjon ved Fjordtun oppvekstsenter dei dagane rektor ikkje er til stades. Ein timeressurs på totalt 2 t/v nedsett lesetid for denne jobben utgjer ca. kr. 50 000 Framlegget er ikkje drøfta med rektorane eller andre tilsette organisasjonen /ane. Rektorane er informerte om kva utgreiingsarbeid som føregår. I utgangspunktet kan ein ha ei prøveordning frå hausten 2014 og den økonomisk utteljinga ville ein få etter kvart. Dette er ei stor reform som vil krevje at alle som arbeider ved dei to oppvekstsentra vert utfordra til å gjere oppgåvene på nye måtar. Blir ei slik ordning vedteken, er det viktig å kople på organisasjonane i dei drøftingane som må kome utover våren 2014. Det er ekstra viktig at det er forsvarleg pedagogisk bemanning i barnehagen i eit slikt 7

omstillingsarbeid. Konklusjon: Ve d å ha felles rektor ved oppvekstsentra vil ein kunne få ei innsparing på ca. kr. 165 510 Kostnadsreduksjon dersom elevane ved Fjordtun reiser nokre dagar til Sagatun skule Skuleskyss Kostnader for 6 elevar - 3 dagar pr. veke i 38 veker mellom Fjordtun og Sagatun skule: ca. kr.50 000 Lærartimar og dermed kostnadsreduksjon: 8 t pr. dag x3 dagar x kr. 23 000: ca. kr. 552 000 Ein kan kombinere denne ordninga med at rektor ved Sagatun skule og` er rektor ved Fjordtun oppvekstsenter og spare rektorløn på sikt. Oversikt Tiltak Kostnadsreduksjon ved felles rektor for alle tre skulane/ oppvekstsentra Innsparing pr. år Kr. 610 000 Kostnadsreduksjon dersom elevane ved Fjordtun reiser nokre dagar til Sagatun skule Kr. 552 000 Kostnadsreduksjon med felles rektor ved oppvekstsentra Kr. 165 510 Livssynsnøytrale seremonirom I statsbudsjettet for 2014 er det sett av 10,3 mill. kroner til livssynsnøytrale rom. Frå departementet er det opplyst at dette er ei prøveordning og forvaltast av fylkesmennene. I 2014 omfattar dette fylkeskommunane Troms, Akershus, Oslo, Rogaland og Sør-Trøndelag, utvida med to fylkeskommunar frå 2013. På spørsmål om ordninga ville bli utvida ytterligare og eventuelt når, vart det opplyst at dette var ei politisk prioritering. 8

Politiske møter på dagtid eller kveldstid (Ans. 100) Tabellen under viser kostand dersom møte blir halde på dagtid, alternativt på kveld. I tabellen er det ikkje teke med møtegodtgjersle då denne vil vera lik uavhengig av tidspunkt. Kommunestyret Dag 08.00-16.00 Kveld 16.00 -> Tapt arbeidsforteneste, sjølvstending næringsdrivande, kr. 167,- pr. time mellom 08.00 og 16.00. Maks kr. 1256,- pr. dag. 2 representantar. 2 512,00 - Legitimert tap av arbeidsforteneste. Maks kr. 2180,- pr. dag. 10 representantar ikkje tilsett i kommunen/staten. 21 800,00 2 reiser langt og kan krevje tap ved kveldsmøte. 4 360,00 24 312,00 4 360,00 Formannskapet Dag 08.00-16.00 Kveld 16.00 -> Tapt arbeidsforteneste, sjølvstending næringsdrivande, kr. 167,- pr. time mellom 08.00 og 16.00. Maks kr. 1256,- pr. dag. 1 representant. 1 256,00 - Legitimert tap av arbeidsforteneste. Maks kr. 2180,- pr. dag. 2 representantar ikkje tilsett i kommunen/staten. 4 360,00-5 616,00 - Utval for oppvekst og omsorg Dag 08.00-16.00 Kveld 16.00 -> Tapt arbeidsforteneste, sjølvstending næringsdrivande, kr. 167,- pr. time mellom 08.00 og 16.00. Maks kr. 1256,- pr. dag. Ingen representantar. - - Legitimert tap av arbeidsforteneste. Maks kr. 2180,- pr. dag. 4 representantar ikkje tilsett i kommunen/staten. 8 720,00-8 720,00 - Utval for plan og utvikling Dag 08.00-16.00 Kveld 16.00 -> Tapt arbeidsforteneste, sjølvstending næringsdrivande, kr. 167,- pr. time mellom 08.00 og 16.00. Maks kr. 1256,- pr. dag. 2 representantar. 2 512,00 - Legitimert tap av arbeidsforteneste. Maks kr. 2180,- pr. dag. 2 representantar ikkje tilsett i kommunen/staten. 4 360,00-6 872,00 - Kontrollutvalet Dag 08.00-16.00 Kveld 16.00 -> Tapt arbeidsforteneste, sjølvstending næringsdrivande, kr. 167,- pr. time mellom 08.00 og 16.00. Maks kr. 1256,- pr. dag. 1 representant. 1 256,00 - Legitimert tap av arbeidsforteneste. Maks kr. 2180,- pr. dag. 2 representantar ikkje tilsett i kommunen/staten. 4 360,00-1 reiser langt og kan krevje tap ved kveldsmøte. 2 180,00 5 616,00 2 180,00 Reisegodtgjersle kjem i tillegg uansett møtetidspunkt. For tida ingen kommunalt tilsette representantar der det kan vere behov for vikar på dagtid. 9

3. Moglege endringar investeringsrekneskapen med konsekvens i driftsrekneskapen Det vert vist til eige oppsett over framlegg til investeringsprogram 30.10.13. Konsekvensane med auka opptak av lån er lagt inn i endringsliste. Det er lagt til grunn ei rente på 2,75% og avdragstid på gjennomsnitt 20 år som vil gje følgjande auka kostnader til rente og avdrag på lån i driftsbudsjettet: 2014: kr 264.000 2015: kr 683.000 2016: kr 769.000 2017: kr 769.000 10