Periodeplan Kvitveis September 2015 Februar 2016 Øyra Barnehage 1
Velkomen til eit nytt barnehageår! Vi er godt i gang med det nye barnehageåret. I starten byrja vi året roleg der vi fokuserte mest på tilvenninga for dei nye og overgang for dei barna som gjekk på småbarn i fjor. Vi har fokusert på å halde gruppa samla og skjerma i måltid og samling, slik at vi vert kjende med kvarandre. Dette er viktig for å tryggje barna og for at dei skal få nokon og støtte seg på. Til no ser det ut til at både nye barn og vaksne har funne seg til rette. Dei nye har blitt kjend og gruppa viser eit godt samhald. Vi ser at barna leikar på tvers av kjønn og vi oppmuntrar til det for å skape eit betre samhald i gruppa. Gruppa vår Andreas Frid Olai Malin Tobias Pia Johannes Lilly Kristine Tara Personale Arlene, Pedagogisk leiar/assisterande styrar Elisabeth, Førskulelærar Barna vil og møte Lone, Førskulelærar i språktrening, Hanne Marit, Assistant som er faste vikar på storbarnsbasen. Livet i gruppa Det er ein fin gjeng som er aktiv, omgjengeleg og glade i å gå på tur! Dei likar veldig godt å vere ute. Barna er observante og utforskar ting dei ser og er spørjande og nysgjerrig. Det er godt samhald i gruppa og det er godt samarbeid barna i mellom. Vi er i dagleg kommunikasjon med barnet, vi lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn. Under måltida og andre kvardagssituasjonar vidareutviklar vi omgrepsforståinga og brukar eit variert ordforråd. I samlingsstund vert vi kjend med bøker, songar, bilete og media. Vi syng mykje i samlingane og har lest boka «Å ha ein venn» om Karsten og Petra. Her har vi fokus på at alle barna skal utvikle vennskapsrelasjonar. 2
Vennskap fremjas først og fremst gjennom den frie, spontane leiken og eit godt samspel. I det sosiale samspelet gjer barna seg erfaringar som er viktige faktorar i den sosiale læingsprosessen. Vi vil at barna skal utvikle seg som eigne individ og til å kunne fungere i ei gruppe. Vi ønsker at barna utviklar ei positiv haldning til det å hjelpe, oppmuntre og dele med kvarandre. Vi vil oppmuntre barna til å hevde seg sjølv og ha eigne meiningar på ein god måte. Dei skal bry seg om kvarandre, løyse konfliktar og ta andre sitt perspektiv. Det er også svært viktig å vise glede og humør. I tillegg let vi barna fortelje mykje sjølv om kva tankar dei har om ulike tema. Dette for å skape eit språkstimulerande miljø. Det er tillit i gruppa, dei føler glede ved å kommunisere og er tryggje i bruken av språket. Vi ser at barna reflekterer og tenkjer mykje om ting som skjer rundt seg. Dette opplever vi igjen i samtalane med dei. Vi har eit felles tema i barnehagen i år som heiter «På Veg». Der skal gruppe finne noko dei interesser seg for og vil fordjupe seg i. Prosjekt «På veg» Prosjekt er ein fin arbeidsform for å holde barna sine spørsmål, hypotesar og teoriar levande. Samtidig som vi observerar måten barnet leitar etter svar og skapar meining i verda på. Prosjekta vil ha sitt utspring i observasjonar av barna sine engasjement og interesser. Det stillast krav til oss vaksne om å kunne ta i bruk det barna er opptekne av. Vi må få dei nysgjerrige, få dei til å bringe fram nye idear og næring i prosjektet, å inspirere dei til å ville utforske, oppdage og diskutere. Vi vil arbeide i små grupper slik at alle blir sett og hørt. Alle skal få delta ut ifrå eigen føresetnad, det dei vert inspirert av og tør å la seg utfordre til. I august starta vi med prosjektet «høner». Dette vart barna svært opptekne av. Dei har vore med på å skape eit hønsehus og fått gitt sitt uttrykk i det under prosessen. Vi har både i vaksenleidde og barnastyrde aktivitetar gitt dei høve til å utrykkje seg estetisk både ved å male høner på staffeli, teikna, forma plastalin, klipt og limt. 3
Vi har og brukt bringebæret som eit gjennomgåande tema og dei har laga sylte og teikna bringebær. Dei har fått skapt både todimensjonale og tredimensjonale verk. Dette skal vi jobbe meir med i perioda. 4
Musikk, dans og drama Barna er glad i song og musikk. Barnehagedagen er fylt til randen med songar, rørslesongar og songleikar. Det er ei stor glede å sjå kor glade barna er i musikk og rørsle. Vi har no hatt fokus på å syngje dei songane som barna kan frå før og samtidig skal dei lære noko nytt. Vi legg vekt på at barna skal få kjennskap til eventyr og forteljingar. Vi brukar kjende og kjære eventyr og forteljingar som vi fortel til dei med stor innleving. Barna skal få vere med å dramatisere enten med dokker, flanellograf eller seg sjølv. Vi vaksne er der for å hjelpe og støtte. Siste veka i månaden har vi felles samlingsstund for heile barnehagen. Kvar gruppe har musikkstund, dramatisering tatt frå ei bok, kvardagssituasjon, eventyr eller noko barna er interessert i. Dette er til inspirasjon, god underhaldning og for å gjere noko fint i fellesskap Uteliv Gjennom fysisk aktivitet lærar barna sosiale reglar. Dei oppdagar korleis ting heng saman, og dei utviklar språk. For barn er rørsle ein glede i seg sjølv. Barn har eit indre giv til å utforske eigne moglegheiter og det er viktig at vi har tiltru til barnet sin eigen utfolding og initiativ. Dei ulike årstidene har ulike utfordringar og ting å vere nysgjerrige på. Vi ser på endringane som skjer i naturen når årstidene endrar seg. Kvar torsdag har vi turdag der vi går i nærområdet blant anna Tuespretten, Lærehøgskule-skogen og leikeplassen ved Engeset. Vi har fokus på det barna ser på vegen og interesser seg i. Her er vi med i undringa over natur, miljø og andre filosofiske tankar som kjem opp. Vi kjem til å sanke inn naturmateriale som skal sorterast og seinare nyttast til ulike aktivitetar. Vi skal lage haustbilete, 5
studere korleis dei ulike blada ser ut og lære oss nytta av eit forstørringsglas og bordlys. Konstruksjon I konstruksjonsrommet har barna moglegheit til å bygge med mange ulike material og størrelsar. For å styrke barna si undring og lyst til å utforske, har vi ulike typar leiker, klossar, tellematerial og formingsmaterial. Desse gir barna erfaring med klassifisering, ordning, sortering og samanlikning. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar opplever barna gleda av å utforske rommet dei er i. Det er viktig at vi vaksne er tilstades for å støtte barna nysgjerrigheit, glede og lyst til å utforske. Forming Borna har jobbe med klippe og lime, samtidig er dei opptek av glitter, klistermerker, maling, teikning og perle. Her skal vi introdusere borna dei for ulike teknikkar innan forming. Vi vil at dei skal lære seg grunnfargane, raudt, gult og blått og korleis vi blandar oss fram til dei sekundære fargane grønt, oransje og lilla. Med kroki får dei teikne med frihand etter modell der vi bytar på å vere modell. Kroki er ei rask skisse med kolstift. Vi vil og at dei skal ha moglegheit til 6
å skape eit større verk utifrå deira tankar og idear ved bruk av akrylmåling på staffeli. Nysgjerrigper/ bibliotek / Gymsal «Nysgjerrigper» skal nyttast til forsking og undring innanfor området naturfag. Her kan vi finne bøker om dyr, blomar, jorda og universet. Globus, verdskart og tema kroppen vår er andre ting vi kan undre oss over å sjå nærare på her. Biblioteket er ut i gangen. Her skal ein kunne setje seg ned å nyte ei roleg stund, enten lese aleine, fleire saman eller at ein vaksen har høgtlesing. I gymsalen kan vi lage hinderløyper av matter og balansekuler. Her får barna utfalde seg fysisk innanfor visse rammer. Språk Å tileigne seg språkferdigheitar er ein viktig del av sosialiseringsprosessen i ein barnehage. Leiken er det verktyet som setter barnet i stand til å lære noko om seg sjølv og sine omgjevnaden, og leiken er barnets naturlege form for kommunikasjon og den viktigaste vegen til å lære språket. Vi vaksne skal vere gode språklege førebileter som forstår og bekreftar barnets utrykk. Samtidig skal vi hjelpe til med å sette ord på deira sine inntrykk og oppleving og hjelpe dei til å få erfaringar som bygger opp deira sine begrepsforståing og ordforråd. I samlingsstunder er det viktig å la alle få kome til orde, og vi vil vere opptek av å snakke mykje med barna. Ikt Vi starta opp med Ikt i fjor, der barna fekk innblikk i bruk av digitale verkty som til dømes IPad. Vi har lasta ned ein del pedagogisk spel som skal passe til alder. Vi bruker å ta med oss IPad på tur og bruker den til å ta bilete av barna i ulike aktiviteter, ting dei ser og er opptekne av. I samlingsstund tek vi fram IPadden igjen og ser på bileta saman. I samtale med barna kan vi reflektere over bileta og minnast hendingar og ting vi har opplevd på tur. Vi brukar og bileta 7
til dokumentasjon. Borna får vere med på å skrive ut bileta og laminere dei med lamineringsmaskin. Øyra Barnehage i eit fleirkulturelt perspektiv Vi har mange barn med ulike nasjonalitet, religion og tru, difor er det viktig at vi skal vise openheit og toleranse for kvarandre. Barna skal få høve til å bli kjend med den kristne og humanetiske kulturarven ved at vi markerar dei viktigaste kristne høgtidene. Vi ynskjer at barna skal få innsikt i dei kristne grunnverdiane og kulturelle tradisjonar som er representerte i barnehagen. I adventstida skal barna høyre om kvifor vi feirar jul og få kjennskap til det kristne innhaldet i jula. Vi fokuserer på å glede andre. Vi tender adventslys og opnar adventskalender. Vi syng julesongar og høyrer juleforteljingar. Vi feirar også blant anna Id som er ei islamsk høgtid, der Luul (assistent på Solsikke) lagar somalisk mat i barnehagen. Vi voksne skal vere gode rollemodellar som i sitt møte med barna skal gi støtte til barna si identitetsdanning og bidra til toleranse for ulike kulturar og ulike måtar å leve på. Organisering Barnehagen opnar kl. 07.15 og stengjer 16.45. Frukosten startar kl. 8.00, men dersom barna vil ete når dei kjem får dei det. Vi avsluttar frukosten kl.09.00 Barna tek med eigne matpakkar til frukosten, men får drikke i barnehagen. For å gje barna eit godt og meiningsfylt tilbod om morgonen har vi delt inn i ulike aktiviteter på funksjonsrom mellom kl. 8.00-10.00. Det er konstruksjon, forming, musikk, dans og drama og uteliv. Her har ein vaksen ansvar for at barna får halde på med tilrettelagt aktivitet, bli kjent med ulike materiale og kunnskap innan dei ulike faga. Kvar tredje veke vert det utemorgon for dei ulike gruppene (denne oversikta ligg som vedlegg, det ligg også i vekeplanen på nettsida). Gruppetida er frå kl. 10.00 14.00. Vi har samling eller barnemøter og delar oss i små grupper. Vi jobbar då med små og store prosjekter innan for dei ulike faga og ut i frå barna sine interesser. Torsdagar er turdag for kvitveisane, då går vi frå barnehagen kl. 10.00! Husk å ha med riktig klede etter været og ein god ryggsekk, drikkeflaske og sitteunderlag! 8
Viktige ting som skjer September : Tysdag 22 Onsdag 23 Oktober: Veke 38-40 V 42 Fredag 16 Torsdag 22 V 43-44 Foreldremøte Id ul adha, offerfesten i Islam Brannvernveke Haustveke, Fotografering i barnehagen av Fotograf Elvebakken FORUT-AKSJON kafê og Konsert av Bonanza Kidz Praksis studentar 3BLU og elevar frå ØVS, Barne og ungdomsarbeid November: V 45-47 Praksis studentar 3 BLU v og elevar frå ØVS, Barne og ungdomsarbeid, Foreldresamtale Desember V 50 Fredag 11 Torsdag 17 Januar Lyktefest Lucia feiring Nissefest Vinteraktivitet Helsing, Arlene, Pedagogisk leiar/assisterande styrar Elisabeth, Førskulelærar 9