Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet 30.06.2009 087/09 HEIORJ Avgjerd av: Saksh.: Heidi E. Ørjansen Arkiv: N-504 Objekt: Arkivsaknr 07/248 1. gongs handsaming, reguleringsplan for Linga, del av gnr 101, bnr 1, Strandebarm. Samandrag: Eide kart, plan og foto legg fram privat framlegg til reguleringsplan Linga, gnr 101 bnr 1 m.fl. i Strandebarm, Kvam herad. Tiltakshavar er Jakob Linga. Området ligg frå sjøen med eksisterande campingplass og på oppsida av Rv. 49 i Røyrvik, Strandebarm. Planområdet omfattar ca. 160 da. Føremålet med planen er å etablere eit nytt hytteområde, legge til rette for at nye tiltak på campingplassen skal følgje gjeldande regler etter Plan- og bygningslova og Brannforskrifta, sikre og verne to gravrøyser i planområdet, betre trafikktilhøve for Rv49 med utvida svingradier, gangareal og busslommer. Reguleringa er i tråd med eksisterande kommuneplan, vedteken 13.06.06. Det er ein konflikt i planen med omsyn til drift av jordbruksareal tett inn til ei drikkevasskjelde. Delar av buffersona kring drikkevasskjelda er dyrka jord, der m.a. møkaspreiing føregår. Grunneigar som driftar jordbruksarealet ønskjer ikkje begrensningar på sitt areal, samstundes som Mattilsynet påpeiker at det er forbod mot å forureina ei drikkevasskilde. Rådmannen har i føresegnene lagt inn eit rekkeføljekrav som sett krav til tilstrekkeleg dokumentasjon godkjend av mattilsynet på at drikkevasskjelda er sikra mot forureining før det vert gjeve igangsetjingsløyve om bygging av fritidsbustader. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Næring-, plan- og bygningsutvalet (NPB), som det faste utval for plansaker, godkjenner framlegg til reguleringsplan for Linga, del av gnr 101 bnr 1 m.fl, Strandebarm i Kvam herad. Plankartet er datert 06.04.09, og tilhøyrande føresegner er datert 15.05.09 Det vert stilt krav om at planleggjar/tiltakshavar dekker kostnader / tek arbeidet med oppdatering av plankart og føresegner i samsvar med vilkår gjeve i dette vedtak. Likeeins skal det vera levert SOSI-fil i gjeldande versjon av plankartet. Når planframlegget er oppdatert, og plangebyret er betalt, vert planframlegget i samsvar med Plan- og bygningslova 27-1 nr.2 kunngjort og sendt på høyring.
30.06.2009 Nærings-, plan- og bygningsutvalet Framlegg til vedtak Heidi Sandven Botnen: som rådmannen sitt framlegg til vedtak. Røysting: Framlegget til Heidi Sandven Botnen vart samrøystes vedteke. NPB-087/09 Vedtak: Næring-, plan- og bygningsutvalet (NPB), som det faste utval for plansaker, godkjenner framlegg til reguleringsplan for Linga, del av gnr 101 bnr 1 m.fl, Strandebarm i Kvam herad. Plankartet er datert 06.04.09, og tilhøyrande føresegner er datert 15.05.09 Det vert stilt krav om at planleggjar/tiltakshavar dekker kostnader / tek arbeidet med oppdatering av plankart og føresegner i samsvar med vilkår gjeve i dette vedtak. Likeeins skal det vera levert SOSI-fil i gjeldande versjon av plankartet. Når planframlegget er oppdatert, og plangebyret er betalt, vert planframlegget i samsvar med Plan- og bygningslova 27-1 nr.2 kunngjort og sendt på høyring. Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar 07/4661 12.03.07 Referat planavklaringsmøte Jofa 07/5852 30.03.07 Oppstartssak reguleringsplan Jofa 09/10452 03.06.09 Reviderte føresegner heiorj 09/10456 03.06.09 Revidert planframlegg (Planomtale, Eide kart-, plan og foto reguleringskart) 09/9062 13.05.09 ROS-analyse Eide kart-, plan og foto 09/10595 04.06.09 Reguleringsplan for Linga, del av gnr 101 bnr 1, Røyrvik, Strandebarm, Kvam herad (her ligg det 46 dokument, levert som CD av planleggjar) Eide kart-, plan og foto Inneholder bl.a: - Arkeologisk registrering - ROS-analyse - Merknadar - Utgåande brev frå planleggjar For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false
Saksopplysningar: Kvam herad mottok den 10.05.09 reguleringsframlegg for Linga, gnr 101 bnr 1, Strandebarm, Kvam Herad. Revidert planomtale: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009008745&dokid=314195& Planframlegget er etter dette supplert og revidert utifrå dialog med planavdelinga. Reguleringsframlegget som vert lagd til grunn for 1.gongshandsaming i planutvalet er reguleringskart datert 06.04.09 og reguleringsføresegner datert 15.05.09. Reguleringskart: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010456&dokid=316079& Reguleringsføresegner: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010452&dokid=316073& Tiltakshavar for planarbeidet er Jakob Linga. Planframlegget er utarbeidd av Eide kart- plan og foto. Planområdet omfattar ca 160 da i område frå sjøen med eksisterande campingplass og på andre sida av Rv. 49 i Røyrvik, Strandebarm, sjå plankart datert 06.04.2009. Planområdet framgår også av oversiktskart i planomtalen. Føremålet med planen: Å presisere arealbruken på området for eksisterande campingvogner, presisera areal og avstand mellom campingvogner. Etablera hyttar ovanfor Rv. 49. Hyttane skal byggjast over tid og skal nyttast til utleige. Leggja til rette for trivsel og fritid for brukarane innan planområdet og for allmenn ferdsel til friluftsområdet ved sjøen. Sikra og verna gravrøysar i området. Betra svingradiane på Rv. 49, leggje inn gangveg og to busslommer. Planar i området: Planen ligg innan kommuneplan for Kvam herad, vedtatt 13.06.06 - Reguleringsplanen er i tråd med kommuneplanen, føremål for campingplass er byggjeområde eksisterande og formål for hyttane er fritidsbusetnad framtidig med krav om regulering. Historikk: Det vart helde planavklaringsmøte med planleggjar og grunneigar/tiltakshavar den 25.01.07. Ref. møtereferat Møtereferat: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2007004661&dokid=264882& Oppstartsvedtak i Kvam formannskap 24.04.07, sak 060/07. Saksdok: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2007005852&dokid=266122& Melding om oppstart kunngjort i HF og på Kvam herad si nettside 04.09.07 Arkeologisk registrering v/hordaland Fylkeskommune, 11. 12.11.08 Planframlegg kom inn den 10.05.2009. Sakshandsamingsfristen er på 12 veker. Fristen er overhelde i denne saka Følgjande har hatt innspel til planoppstarten: - Mattilsynet - Side 1: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316239& - Side 2: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316240& - Fylkesmannen i Hordaland, landbruksavdelinga - Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga - Side1: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316256& - Side2: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316257& - Kystverket Vest
- Hordaland Fylkeskommune - Brev1, s1: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316244& - Brev1, s2: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316245& - Brev1, s3: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316246& - Brev1, s4: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316247& - Brev2, s1: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316248& - Brev2, s2: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316249& - Brev 2, s3: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316250& - Fiskeridirektoratet, Region Vest - Statens Vegvesen - Bård Terje Røyrvik - Side1: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316260& - Side2: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316261& - Kvam Herad, landbrukssjefen Vurdering: Ved vurdering av planframleg tek rådmannen utgangspunkt i historikken i den konkrete saka og Kvam herad si sjekkliste for utarbeiding av reguleringsframlegg http://www.kvam.no/plan/filarkiv/25032009_142148.doc Dei tema rådmannen så langt i plansaka finn løyst/framlagd på tilfredsstillande måte, vert ikkje nærare kommentert i dette sakspapir. Løysingane og vurderingane skal framgå i den journalførte korrespondansen i saka. Tidlegare vedtak i saka. Kvam formannskap, som det faste utval for plansaker (planutvalet), godkjenner at eit område på om lag 160 daa, på gnr. 101, bnr. 1, ved Røyrvik i Strandebarm vert teke opp til regulering i samsvar med gjeldande kommuneplan. Oppstart av planarbeidet som er vedteke her skal kunngjerast i tråd med reglane i plan- og bygningslova 27-1 Tilhøvet til overordna plan: Tiltaket er i tråd med overordna plan og rådmannen vil dermed tilrå planen. Innkomne merknader: Dei merknadane som ikkje vert kommentert har finn rådmannen tilfredsstillande vurdert/løyst av planleggjar. Link til dei merknadane som er kommentert finn de under saksopplysningar. Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga: Fylkesmannen hadde krav om ROS-analyse for planen. De har også sterk anbefaling om å utarbeida ein landskapsanalyse for området. Kommentar: Etter tilbakemelding frå rådmannen til planleggjar om manglande ROS-analyse, ble denne levert i etterkant og er godkjent som ROS-analyse av Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga. Det er ikkje utarbeida ein landskapsanalyse for området, men det er satt krav i føresegnene til utarbeiding av detaljert situasjonsplan og snitt av tiltaket i høve tilgrensande område, det skal utarbeidast ein marksikringsplan og planlagde snitt og fasadar av bygg mot eksisterande terreng. Rådmannen finn at dette kan aksepterast for ein vurdering av landskapsomsyn. Link til ROS-analysen: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316230& Fylkeskommunen i Hordaland: Fylkeskommunen kom med krav om arkeologisk undersøking og sikring av eksisterande kulturminne i planområde.
Kommentar: Det har vore tett kommunikasjon mellom planleggjar og fylkeskommunen med omsyn til registrerte gravrøyser i planområdet. Det er utført ei full arkeologisk registrering i området og utarbeida ei rapport, Rapport 23/2008. Med denne rapporten meiner rådmannen at det er teke omsyn til og sikring av kulturminne i planområde. Link til rapport: http://www.kvam.no/innsyn5/wfdocument.aspx?journalpostid=2009010595&dokid=316233& Bård Terje Røyrvik (nabo): Ønskjer at drikkevasskjelda vert flytta slik at denne ikkje kjem i konflikt med landbruksdrift av eigedomen hans. Han vil ikkje akseptere restriksjonar på sin eigedom. Ønskjer å fjerna dei 5 nærmaste hyttene og at bruk av skogsveg som tilkomstveg og utbygging av hytteområde tas opp med veglaget. Skisse av drikkevasskjelda med omkringliggjande LNF område: LNF område Drikkevasskjelde LNF område Kommentar: Rådmannen har etter samtale med mattilsynet fått beskjed om at all form for forureining av drikkevasskjelde er ulovleg. Det er lagt inn eit rekkeføljekrav i føresegnene om at drikkevasskjelda skal være sikra mot forureining etter Drikkevassforskrifta 4 før det vert gjeve igangsetjingsløyve om bygging av fritidsbustader. Dette må dokumenterast og godkjennast av mattilsynet. Rådmannen ser at dette kan leggja restriksjonar på bruk av tilgrensande areal til drikkevasskjelda. Mattilsynet: Mattilsynet krev at det vert gjort grundig vurderingar av korleis krav til forsyning av godkjent drikkevatn skal stettast på ein forskriftsmessig måte og at det er fokus på at drikkevasskjelda skal skjermast mot all form for forureining. Kommentar: Planleggjar har i føresegnene sagt at heile drikkevassområdet skal gjerdast inn, det skal også etablerast eit UV-filter for drikkevatnet. Etter samtaler med mattilsynet er det krav til minst to barrierar i samband med drikkevasskjelde noe planleggjar her har teke omsyn til. Desse
barrierane skal godkjennast av mattilsynet. Rådmannen meiner dermed at ein tek omsyn til drikkevasskjelda og fare for forureining av denne.