TIME KOMMUNE Arkiv: PLNR-250, K2-L12 Vår ref (saksnr.): 2004000860-22 Løpenr.: 2004014529 Saksbeh.: Hilde Tjemsland REGULERINGSPLAN FOR MASSEUTTAK VED OSLANDSVATNET - PLAN 250 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Seniorrådet 047/04 22.11.2004 Plan- og økonomikomiteen 156/04 23.11.2004 Time kommunestyre 068/04 14.12.2004 Framlegg til vedtak: Vedtaket er gjort i medhald av 27-2, punkt 1, i plan- og bygningslova. Seniorrådet Framlegget vart samrøystes vedtatt. SEN-047/04 Framlegg: Vedtaket er gjort i medhald av 27-2, punkt 1, i plan- og bygningslova. Plan- og økonomikomiteen Framlegget vart samrøystes vedtatt. PØK-156/04 Framlegg:
Vedtaket er gjort i medhald av 27-2, punkt 1, i plan- og bygningslova. Time kommunestyre Framlegg frå PØK vart samrøystes vedtatt. KS-068/04 Vedtak: Vedtaket er gjort i medhald av 27-2, punkt 1, i plan- og bygningslova.
FORSLAG TIL REGULERINGSPLAN FOR MASSEUTTAK VED OSLANDSVATNET - PLAN 250 1.0 SAKA GJELD Det har tidlegare vore mindre masseuttak på gnr. 50 bnr. 1 og 6 ved Oslandsvatnet. Denne verksemda er ikkje avslutta på ein tilfredsstillande måte fordi det var ønske om å fortsette / utvide verksemda. Bakgrunnen for planforslaget er ønsket om å nytte sand- og grusressursar til produksjon av betong. Risa AS har ved fleire høve vist interesse for å regulera eit stort masseuttak ved Oslandsvatnet. 2.0 SAKSGANG Ferdig sakshandsaming 01.12.03 Varsling 28.05.04 Mottatt planforslag 22.06.04 1. gangs handsaming i PØK PØK-100/04 Vedtak: Plan- og økonomikomiteen vedtar i medhald av plan- og bygningslova 27-1 nr 2 å leggje forslag datert 25.05.2004 til reguleringsplan for masseuttak ved Oslandsvatnet med tilhøyrande føresegner ut til offentleg ettersyn. 30.06.04-01.09.04 Høyring og offentleg ettersyn 23.11.04 2. gangs handsaming i PØK Skissert handsaming 14.12.04 Godkjenning i Time kommunestyre 3.0 GJELDANDE PLANAR Kommuneplanen for Time kommune Kommuneplanen for Time 2003-2014 viser området som landbruks-, natur- og friluftsområde. 4.0 SKILDRING AV PLANFORSLAGET Planområdet er om lag 56 dekar. Areal regulert til masseuttak er i alt om lag 41,7 dekar, og vil omfatte om lag 250 000 m³ masse. Grusmassane skal nyttast som betongtilslag og vil bli transportert til Risa AS sitt knuseanlegg i Hå kommune. Området foreslått til masseuttak er ikkje vist som dette formålet i kommuneplanen. Det er avgrensa forekomstar av eigna lausmassar til betong i Rogaland. Gode naturlege råstoff vil føre til betre kvalitet og eit lågare forbruk av energi og miljøskadelege bestanddelar i produkta. Masseførekomstane ved Oslandsvatnet gir difor moglegheit for ein miljømessig god produksjon av betong. Det kjem til å kjøre 15 30 semitrailerar i veka. Transporten frå dette masseuttaket kjem til å erstatta eksisterande transport frå Moi i Bjerkreim, og vil difor ikkje føra til auka transport i området. Innafor området for masseuttak er det merka av tre plasseringar av sedimenteringsdammar. Det er eit belte på 30 meter mellom masseuttaket og Oslandsvatnet som er regulert til LNF-
område. Det er regulert privat veg som tilkomst til masseuttaket. Vedlegg 3 viser illustrasjon over dagens landskap og planlagt landskap. 5.0 HØYRING OG OFFENTLEG ETTERSYN Då planforslaget var ute til høyring og offentleg ettersyn kom det 5 merknader. 1. Bergvesenet, brev datert 12.07.04 Vi er nøgd med at det i reguleringsføresegnene er tatt inn krav om at det skal utarbeidast driftsplan for massetaket som skal godkjennast av Bergvesenet. Vi vil med grunnlag i driftsplanen også føre tilsyn med uttaket. 2. Fylkesmannen i Rogaland, brev datert 07.10.04 Ingen merknader til planforslaget. 3. Statens Vegvesen, brev datert 12.07.04 Det må sikrast i føresegnene at Statens vegvesen får kontroll med opparbeidinga av avkøyrsla til rv. 504. Kommentar Det er sikra i føresegnene at avkøyrsla skal vere godkjent av Statens vegvesen før området kan tas i bruk. 4. Ola og Liv Mellemstrand, gnr. 50, bnr. 2, brev datert 25.08.04 Dei godtar at masser tas ut, men vil ikkje godta knuseverk og solling fordi dette gir støy og støvplagar. Dei viser til masseuttaket på eigedomen til Magne I. Undheim. Dei meiner at 10 års uttakstid er lenge og ønskjer at uttakstida skal vere 5 år fordi eit masseuttak alltid vil vere negativt for trivsel, miljø- og naturopplevingar. Dei viser då til deira eigedom. Kommentar Det er sikra i føresegnene at det ikkje er lov å etablere knuse- og sikteanlegg i området. Rådmannen ønskjer å oppretthalde uttakstid på 10 år, og meiner at restriksjonane i kor stort område som kan vere aktivt til ei kvar tid sikrar estetikken på ein tilfredstillande måte. 5. Oddvar Mellemstrand, brev datert 25.08.04 Han peiker på at både etternamnet og stadnamnet er skrive feil, det skal vere Mellemstrand og ikkje Mellomstrand. På plankartet står det at masseuttaket ligg på Osland, og han peiker på at Osland ligg i Bjerkreim kommune. Han skriv at LNF-område ved uttaket lengst aust bør jamnast ut og tilplantast i strandsona for å unngå erosjon og for at det skal sjå naturleg ut når uttaket er ferdig. Kommentar Skrivefeilen på plankartet er retta opp. Området for masseuttak skal nyttast som jordbruksareal når uttaket er ferdig. Rådmannen vil ikkje nå gå inn på korleis desse areala skal sjå ut. Det er planlagt 3 sedimenteringsbasseng for hå hindre erosjon frå området.
6.0 ENDINGAR I PLANEN ETTER HØYRING Ein liten del av spesialområde for masseuttak er tatt ut av planen. Søkjar og grunneigar er informert om dette og har ingen motforestillingar mot dette. Området er tatt ut for å sikre ei finare avgrensing av masseuttaket. Det er innarbeida i føresegnene at den private avkøyrsla skal bli godkjent av Statens vegvesen. 7.0 VURDERING Masseuttaket Masseuttaket omfattar eit forholdsvis lite massevolum. Planområdet skal mellombels bli nytta til masseuttak før det igjen blir landbruksareal. Det er sikra i føresegnene at området skal tilbakeførast som jordbruksareal og at det skal utarbeidast ein driftsplan som gjer det mogleg for Bergvesenet å føre kontroll med uttaket. Planlagde kotehøgder er vist på plankartet. Til saman sikrar desse forholda at uttaket blir drive på ein tilfredstillande måte i høve til plan- og bygningslova. Økologi og estetikk Areal sett av til sedimenteringsdammar og U-grøfter bør vere på om lag 2 % av nedslagsfeltet. Rådmannen meiner at desse forholda er tilstrekkeleg ivaretatt i planforslaget. Det er og sikra i føresegnene at aktivt uttak kan vere 15 dekar og at areala der uttaka er ferdig skal tilbakeførast til jordbruksareal innan eitt år. Vedlegg 3 viser korleis planlagt terreng skal sjå ut. Rådmannen meiner at omsyna til økologi og estetikk er tilstrekkeleg tatt vare på i planen. Kommuneplanen Rådmannen vurderer verknadene av planforslaget på natur og miljø som små. Ut frå dette tilrår rådmannen at planen kan godkjennast sjølv om området ikkje er vist som masseuttak i kommuneplanen. 8.0 OPPSUMMERING OG KONKLUSJON Planen er utarbeida i tråd med føringane kommunen og fylkesmannen ønskjer å ha for masseuttaket. Området er ikkje vist som masseuttak i gjeldande kommuneplan, men rådmannen tilrår likevel at området blir regulert til dette formålet fordi planforslaget vil føre til relativt liten konflikt med natur og landskap. Området vil verte innarbeidd i ny arealdel av kommuneplanen som no er under rullering. Rådmannen tilrår at planen blir godkjent. Rådmannen i Time, den 11.11.2004 Brit Nilsson Edland rådmann Bjørn Meling kommunalsjef samfunn
Vedlegg: 1. Føresegner, datert: 25.05.04, revidert: 01.11.04 2. Plankart, datert: 25.05.04, revidert: 01.11.04 3. Illustrasjon over dagens terreng og planlagt terreng
VEDLEGG 1 FØRESEGNER TIL: REGULERINGSPLAN FOR MASSEUTTAK VED OSLANDSVATNET PLAN 250 Datert: 25.05.04 Revidert: 01.11.04 1 FORMÅL Formålet med planen er å legge til rette for masseuttak og å sikre ein god tilbakeføring til formålstenleg jordbruksareal. 2 LANDBRUKSOMRÅDE Området kan nyttast til jordbruk og/eller skogbruk. 3 SPESIALOMRÅDE 3.1 Masseuttak Det skal utarbeidast ein driftsplan som skal godkjennast av Bergvesenet. Planen skal og innehalda plan for oppfølging og tilsyn med masseuttaket. Avgrensinga av sedimenteringsbassenga er retningsgivande. Desse skal byggast der det er mest formålstenleg. Forventa uttakstid er 10 år. Området skal tilbakeførast til dyrka mark etter at masseuttaket er ferdig. Aktivt uttaksområde kan vere inntil 15 dekar. Når eit område på 15 dekar er avslutta skal området vere ferdigstilt som jordbruksareal innan eitt år. Jordbruksområda skal opparbeidast med normalfall frå 2 til 5 %. 40 til 50 cm matjord skal leggast oppå dette. Jordbruksjorda skal leggast over grunnvatnsnivå. Jordmassar for tilbakefylling må vere reine og utan innhald av skrap eller forureining. Det er ikkje lov å etablera knuse- og sikteanlegg i området. Masseuttaket skal drivast slik at det blir mest mogleg skjerma for innsyn frå Buevegen, rv. 504. 3.2 Privat veg Avkøyringa skal asfalterast i ei lengde på minimum 25 meter frå rv. 504. Tekniske planar for avkøyrsla til rv. 504 skal godkjennast av Statens vegvesen. 3.3. Frisiktsoner Innafor frisiktsonene skal det vere frisikt i ei høgd over 0, 5 meter over tilstøytande vegars nivå. 4 FØRESEGN OM REKKEFØLGE Før området for masseuttak kan tas i bruk skal avkøyrsla til rv. 504 vere godkjent av Statens vegvesen.