Gjennomgang av innsendt planmateriale 26.11.2015, for detaljregulering for Snekkevikneset gnr. 43/750 m. fl. Snekkevika Liste over førebelse merknader: Generelt 1 Arealdelen til kommuneplanen (KPA) 2015 2026 vart vedteke 18.06.2015, og det er no stilt nye krav til reguleringsplanar. Vi ber difor at de ser over at planframlegget er oppdatert etter gjeldande føresegner. a) Det er mellom anna rekkjefølgjekrav til at byggjeområde som krev reguleringsplan, ikkje kan byggjast ut før det er bygd samanhengande fortau eller gang- og sykkelveg fram til nærmaste kollektivhaldeplass. Vi meiner at arbeidet med planframlegget har komen så langt at det kan synes urimeleg å krevja at vegen fram til Fv233 skal opparbeidast med fortau eller gang- og sykkelveg. Likevel meiner vi at temaet må omtalast i planarbeidet, og ber om at de gjer vurderingar knytt til føresegna. Vurderinga må mellom anna ha fokus på trafikktryggleik. Vi vil også gjera merksam på at politikarane kan krevja at dei nye føresegene i KPA vert følgd. b) I ny kommuneplan er det stilt krav om at VArammeplan skal utarbeidast samstundes med reguleringsplanarbeidet. Vi ber difor om at de utarbeidar ei VA rammeplan. 2 Tilrådingar til endringar a) Jf. punkt 3. e i mangelliste (23.04.15): Det er ikkje sikra maks tal på båtplassar. b) Jf. punkt 3. g i mangelliste (23.04.15): Det er ikkje teke stilling til tilrådinga om oppføring av fellesnaust og fellesbrygge med enkel tilkomst til sjø for mindre båtar som kajakk og kano. Vi tilrår at det vert lagt opp til ei felles flytebryggje med ei tilkomst som ivaretek strandsona og svaberga. 3 Ber om at de leverer lengdeprofil og tverrprofil for den valde vegløysinga. 4 Vi er negative til at det vert lagt opp til byggjegrense i den funksjonelle strandsona.
Planskildring 5 Kap 4.5 om undervegsmøte Her står det at det ikkje har vore undersvegsmøte. Undervegsmøte vart heldt den 28.05.15. Ber om at de skriv opp hovudpunkta frå dette møtet. 6 Kap 7.16.6 om potensielle forureiningskjelder Her skriv de at gamle toalettløysingar vil bli rydda opp ved regulering. Dersom dette er tilfelle, bør det sikrast i føresegnene. 7 Kap 8.3.2 naust a) Intensjonen viser at nausta skal leggjast på ei best mogleg måte i terrenget for å minimera terrenginngrep. Ber om at de sikrar dette i føresegnene. b) De har ikkje svart på spørsmåla i punkt 35, b i mangelliste (23.04.15): Kvifor er det behov for nausta og kvifor er plasseringa best eigna til naustbygging. Skal det vera brygge i forkant? 8 Kap 8.3.3 om leike og uteopphaldsareal a) I dette kapitlet står det at eksisterande terreng og vegetasjon innanfor områda skal bevarast så mykje som mogleg. Dette må sikrast i føresegnene. Innanfor f_but er det mellom anna viktig å ivareta svaberga ved sjøen. På leikearealet bør de sikra at ein del av arealet vert sett av til vegetasjon/tilsåing. b) Det er ikkje svart på korleis arealet skal brukast, og kvifor plasseringa av f_but er best eigna, sjå punkt 36 i førre mangelliste. 9 8.3.4 om kommunaltekniske anlegg Er det tenkt på avfallshandtering for dei utanfor planområdet som nyttar båtplassane/nausta? 10 8.9 overordna planar og retningsliner Båtfesterett er ikkje det same som rett til flytebrygge. Vi tilrår at det opprettast maks 4 flytebrygger innanfor f_bbs2, inkludert dei som ligg føre. 11 8.6 om støytiltak Vi er klar over at flystøy kan vera utfordrande, og vi har ikkje ei klar rutine for kva tiltak som er tilfredstillande og kva avvik som kan tillatast. Støy vil truleg takast opp som tema i politisk utval i januar, der dei vil diskutere områda i kommunen utsett for støy, og korleis støy skal handterast i planlegginga. a) Lden = 54 db er høgare enn maks tillate støygrense for flystøy. Med konkrete krav kan kommunen vurdere å tillate bruksendring til busetnad med støyfølsamt bruksareal i avviksområdet. Vi må då vite at tiltaka som er
beskriven er tilfredstillande. De må dokumentera at t.d takoverbygg gir tilfredstillande støytilhøve for uteopphaldsareala. b) Føresegna 2.8 om støy er for vag. Tiltaka må sikrast i føresegnene og vera så konkrete som mogleg. Avvik kan gje grunnlag for motsegn til planen frå statlege mynde, t.d frå fylkesmannen. 12 9.5 om konsekvensar for naboar og andre interesser Konsekvensar for brønn, og tiltak ved fjerning må sikrast i føresegnene. 13 9.8 om trafikktilhøve og teknisk infrastruktur Ved endring frå fritidsbustad til bustad, vil det vera naturleg at trafikken aukar til planområdet. Det vil då vera feil å si at planframlegget ikkje vil føra til ei auke i trafikken til planområdet, med mindre alle allereie nyttar fritidsbustadene som bustad. 14 ROS- analysen Punkt 40 om støy støttar ikkje opp under støyvurderinga. 15 Kap 11 om merknader a) Statens vegvesen: Denne merknaden er berre delvis teken til følgje då merknaden gjeld den private og den kommunale vegen fram til Fv 233 som strekk seg utanfor planområdet. b) Frå fylkesmannen: Flystøyrapport er utarbeidd, men det er ikkje dokumentert at det kan sikrast tilfredsstillande kvalitet på uteopphaldsareala når det gjeld støy. Plankart 16 Parkeringsplassar Det kan sjå ut til at krysset ved f_sv2, f_sv3 og parkeringsplassane er svært uoversiktleg. Areala har ingen fysisk avgrensing, og det kan sjå ut til at dei glir inn i kvarandre. a) Sidan det ikkje er nokon konkret innkøyrsle til parkeringsplassane f_spp1 og f_spp2. Bør de sikra at vegen og parkeringsplassane vert opparbeidd med ulike dekke, eventuelt løysingar som gjer at areala ikkje glir inn i kvarandre. b) Innkøyrsle til f_spp3 ligg mellom to kryss, ber om at denne vert flytta til f_sv3. c) Det må leggjast inn annan veggrunn med tilsåing mellom veg og parkeringsplass der dette er mogleg.
d) Det bør sikrast i føresegnene at bustader skal ha to parkeringsplassar på eiga tomt. Der dette ikkje er mogeleg, må dette gå fram av føresegn og planskildring. Det kan sjå ut til at planen ikkje legg opp til ei forbetring av parkeringsarealet som er der i dag. Planen legg opp til eit større areal for parkering og meir vegareal. e) Det er om lag 30 tinglyste parkeringsplassar innanfor området. Dersom 10 eller fleire av desse parkeringsplassane kan løysast innanfor kvar einskild tomt, er det vel nok med parkeringsplassane f_spp1, f_spp2, f_spp4 og f_spp5? Dersom dette er tilfelle, tilrår vi at f_spp3 takast ut av planen. 17 Ber om at de skriv inn stigning på vegane i planen. 18 Skriv inn planid i teiknforklaringa: 20080002 19 Skriv om namnet i teiknforklaringa til: Detaljregulering for Snekkevikneset gnr. 43/750 m. fl. - Snekkevika 20 Jf. punkt 9 i mangelliste (23.04.15): Vi kan ikkje sjå at f_sv1 er delt opp. Føresegner 21 Skriv inn planid i føresegnene: 20080002 22 Feil i nummereringa - Under 2.2 står det 2.3.1 - Under 2.3 står det 2.4.1 23 2.4.3 om skjeringar fyllingar og murar Ber om at de skriv om føresegna til: Murar over 2 meter skal avtrappast for kvar 1,5 meter, og skal plantast til/såast til med eigna vegetasjon ved kvar avtrapping. 24 2.8 støy Denne føresegna er for vag. De må skrive klare og konkrete tiltak for støy og setta rekkefølgjekrav til dei, sjå punkt 11 over. 25 3 om rekkefølgjekrav
a) Ber om at de skriv «(...) skal vera ferdigstilt før det kan gjevast bruksløyve for nye tiltak og bruksendring innanfor planområdet.» b) 3.2: Føremålsnamna i føresegnene må vera like til namna i plankartet. Ber difor om at de skriv f_spp1- f_spp3 i staden for SPP1-SPP3. c) Det må stillast rekkefølgjekrav til SPP4 og SPP5. d) Ber om at de sett rekkefølgjekrav til anna veggrunn, SVG. Vi meiner dette er naudsynt sjølv om det er presisert under 6.2.1 at det skal opparbeidast samstundes med veg. 26 3.6 om kulturminnedokumentasjon Jf. punkt 7 i mangelliste (23.04.15): De må sikra kva kulturminnedokumentasjonen av hyttefeltet skal innehalde. Markering i kart, foto av fasadar og planskisse, og kva år hytta er bygd. 27 4 om eigarform a) Dersom SPP5 er parkering for BFS4, bør dette stå under eigartilhøve parkeringsplassar. Det same gjeld for parkering SPP4. b) f_gb bør vera tilgjengeleg/felles for brukara utanfor planen også. 28 5.1 om bustader - frittliggjande a) 5.1.1; I denne føresegna står det at det kan førast opp maks 10 bustadeiningar innanfor BFS1-BFS4. Dette blir ei uheldig setning, då bustadene er eksisterande. Her må det t.d stå: Det er maksimalt tillate med 10 bustadeiningar innanfor BFS1-BFS4. b) 5.1.2 Her bør det stå at mønehøgde går fram av plankartet. c) 5.1.4 Utnyttingsgraden innanfor BFS1 bør reduserast. d) 5.1.5 Utnyttingsgraden for BFS2 bør reduserast til BYA 20 % e) 5.1.6 Utnyttingsgraden for BFS3 er for høg. Med denne utnyttingsgraden kan det byggjast over 400 m 2 i grunnflate inkl. parkering og garasje. 29 5.2 om fritidsbustader - frittliggjande De kan skrive noko om byggehøgde og mønehøgde her. 30 5.4 om småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone a) Ber om at de legg inn ei setning om at det ikkje er tillate med oppføring av naust i dette formålet. b) 5.4.1; ber om at de legg til ei setning: «Det er ikkje tillate med oppføring av fleire flytebryggjer»
c) 5.4.2; vi tilrår at de endrar føresegna til: «Innanfor f_bbs2 er det tillate med maksimalt 4 flytebrygger, der minimum 4 stk. må gå saman ved etablering av kvar brygge.» De bør setja eit maksimal tal på båtplassar. Ta ut tinglyste båtfeste frå føresegnene, då dette er privatsrettslig. Båtfeste er ikkje det same som båtplass, og formuleringane skapar forvirring. d) 5.4.4; vi er usikre på kva de legg opp til her. Dette er ikkje omtalt i planskildringa. De må vera meir konkret i kva de vil med denne føresegna. Vi meiner det er viktig å ivareta store delar av strandsona urørt, og at svaberga vert ivareteke. 31 5.5 om naust Ber om at de tek ut T i «T-BYA». 32 5.6 om uteopphaldsareal a) Det må leggjast inn ei føresegn om kva som er tillate innanfor f_but b) Det bør sikrast at svaberga innanfor f_but vert sikra. c) Det bør også vera ei føresegn som seier kva BAU er til og kva som er tillate i dette området. Dette arealet bør vera felles: f_bau. d) Jf. punkt 30 i mangelliste (23.04.15): vi kan ikkje sjå 5.6.3 33 6.1 om veg 6.1.1 «Eit lite strekk på den austlege delen» er for vagt. Vegen f_sv1 må delast opp, sidan den har ulike vegbredder jf. punkt 9 i førre mangelliste. 34 6.4 Parkeringsplassar a) 6.4.1: Ber om at de tek ut «som er i samsvar med parkeringsnormen for Fjell kommune» eventuelt skriv i samsvar med arealdelen til kommuneplanen for Fjell kommune. Parkeringskrav ligg nå i kommuneplanen sin arealdel. Ber også om at de skriv 0.8 parkeringsplassar for bustader under 65m2. b) 6.4.1: Her må de skrive at parkeringsplassane skal løysast innanfor kvar einskild tomt. c) 6.4.2 Ber om at søppelhandtering berre vert knytt til f_bkt med omsyn til bossbil. 35 7.2 om naturområde 7.2.1 Skal f_gn6 med her? 36 7.4 om badeplass - område Vi er usikre på kva som meinast med bortkøyring og pålegging av massar. Dette må spesifiserast.
Sosi- fil 37 Grense flate sammenhengsproblemer RpFormålGrense er ikkje brutt i krysning, sjå blå prikkar under. Det ligg doble RpFormålGrense i dei same punkta.