Miljø, Teknisk, Næring iflg adresseliste Vår ref: Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2012/12635216/2012/ OYSO / 14.09.2012 Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for nærvarmeanlegg på Loms vestside Forprosjekt for biovarmeanlegg i Lom vart handsama av Lom kommunestyre 19.06.2012, med følgjande vedtak; 1. Lom kommune utlyser anbod på levering av varme til følgjande kommunale bygg: Lom helseheim, Lom fleirbrukshus, Loarområdet (Loar ungdomsskule, Drengjestua, Steinfjoset og biblioteket), og Kulihaugen omsorgsbustader. 2. Lom kommune skal berre opptre som kjøpar av varme, - ikkje eige fjernvarmenett eller varmesentral. 3. Lom kommune startar ein reguleringsplanprosess for to alternative tomter for biovarmesentral, ein ved flishuset til Eggjalia industribygg og ein på kommunal tomt i Grov. 4. Lom kommune lyser ut anbod med begge tomtealternativa som mogleg plassering av varmesentralen. 5. Lom kommune ynskjer også anbod som gjev biovarmeløysing med damp for Ottadalen Mølle, men avgjerd vil bli teke etter ei totalvurdering av tilboda som kjem inn. Lom kommune løyver kr 100 000 frå Næringsfondet til konsulentbistand i prosessen med utlysing og gjennomføring av bioenergiprosjektet. I tråd med vedtakets punkt 3 vert det no starta opp reguleringsplanarbeid, med varsling i.h.h.t. PBL 12-8. Kommentarar, merknader, opplysningar m.v. (innspel) som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg til: Lom kommune Midtgard 2686 LOM e-post: post@lom.kommune.no Frist for innspel er sett til 1. november 2012. Utfallet av kommunen si handsaming gjerast kjend ved offentleg ettersyn av planen. Det kan difor ikkje ventast skriftleg attendemelding på innspela utover dette. Med helsing Øyvind Sødal Arealplanleggar Postadresse Besøksadresse Telefon Bank Sognefjellsvegen 6 Midtgard 61217300 2085.07.00010 2686 Lom Org.nr E-post: post@lom.kommune.no www.lom.kommune.no 959377677
Side 2 av 2 Bakgrunn Lom kommune har arbeidd med forprosjekt for bygging av eit biovarmeanlegg i Lom. Fleirbrukshallen og dei planlagde omsorgsbustadene må ha miljøvennleg oppvarming. Utgreiingar har synt fram at biovarme er det mest realistiske alternativet. Tomtealternativa er ved 1) Flishuset på Eggjalia industriområde og 2) på kommunalt disponert tomt i Grov. Samla varmeleveranse kan bli opp til 3,3 GWh (3 300 000 kwh), som tilsvarar forbruket til 170 einebustadar. Planstatus Plassering av varmesentralen Det er to moglege plasseringar av ein varmesentral for flis. Den eine er ved flishuset nedafor Eggjalia industribygg,den andre på ei tomt kommunen eig i Grov. Tomta er i dag leigd av Oddmund Fjeld AS. Fig. 1 Planområdet i to alternativ. Eggjalia, (alternativ 1) og Grov (alternativ 2).
Side 3 av 3 Bruken av områda i dag Eggjalia er eit tomteareal som ikkje er utnytta i dag. Eit flishus/lager for snikkarfabrikken står oppført på tomta, men huset vert ikkje nytta til dette formålet. Snikkarvegen (kommunal), som førar til tomta er tilkomstveg for fem bustadhus. Områda kring tomta nyttast til næringsformål og bustader. Ned Snikkarvegen og gjennom skogen søraust for flishuset går det en snarveg, antakeleg mellom bustadområda og idrettsanlegga i Grov. Tomta i Grov er bortleigd til Oddmund Fjeld AS, (maskinentreprenør), som nytter tomta til mellomlagring i tilknyting til anleggsdrift i sentrum. Arealet har tilkomst via Grovavegen. Det er i dag utstrakt anleggsverksemd i nærområdet i.f.m. bygging av fleirbrukshus. Nærliggande område er naturområde, idrettsanlegg og næring (prosessindustri og camping). Planstatus Kommunedelplan for Fossbergom (2003) syner tomt i Eggjalia (merka In1) som framtidig industriområde med krav om utarbeiding av reguleringsplan før den blir teke i bruk. Energianlegg (nærvarme) reknast til å vera i samsvar med overordna plan. Tomt i Grov (merka I1) er avsett til framtidig utviding av idrettsområda i Grov. Planlagt arealbruk reknast til å ikkje vera i tråd med overordna plan. Fig 2. Utsnitt frå kommunedelplan for Fossbergom (2003). Tomtene er i dag regulert til park/turveg/leik, F11 (Grov), i reguleringsplan for Loar-Grov (1988) og til jord/skogbruk, J (Eggjalia), i reguleringsplan for Prestgardsskogen (1982). Sistnemnde reguleringsplan har liten interesse da arealet er avsett til industriformål i seinare vedteke overordna plan med krav om detaljregulering til industriformål. Fig 3. Utsnitt frå reguleringsplan for Prestgardsskogen (1982) til venstre, og Loar-Grov (1988) til høgre, som syner gjeldande reguleringar for h.h.v. Eggjalia og Grov som tomtealternativ for varmesentral. Statens vegvesen er i gang med reguleringsplanarbeider for gang- og sykkelveg Lom Vest Nørdre Vike. Trasseen følgjer i deira forslag til reguleringsplan sørsida av riksvegen. Forslag til avgrensing av planområde ved Eggjalia i denne planen følgjer formålsgrensa mot anna veggrunn, grøntareal i forslag til reguleringsplan for gang- og sykkelveg. Varmesentral lokalisert på Eggjalia vil krevje tett dialog med Statens vegvesen opp mot gang- og sykkelvegprosjektet, og ved påkobling av Ottadalen Mølle (gjennomføring av rør i riksvegtrasse).
Side 4 av 4 Forholdet til overordna plan som reviderast Kommunedelplan for Fossbergom er under revisjon. Det er venta at forslag til revidert plan vil bli lagt fram i.l.a. hausten 2012. I dette arbeidet blir det utgreidd to tomtealternativ for varmesentral etter reglane om konsekvensutgreiingar (PBL 4-2). Det er ikkje gjeve konklusjonar i dette arbeidet enno, men frå ein praktisk ståstad kan det synast vesentleg mindre konfliktfylt å plassere varmesentral på Eggjalia kontra i Grov. Dette har samanheng med krossande arealbruksinteresse, kjent ulempe med grunnforureining, samt mogleg flaumkonflikt som ligg til tomtealternativet i Grov. Det er venta at konsekvensutgreiinga til kommunedelplanarbeidet vil føreligge undervegs i reguleringsarbeidet, og at denne bør gje føringar for val av tomt. Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiing Forskrift om konsekvensutgreiingar (2009) 4 krev at planar som kan ha vesentleg innverknad på miljø og samfunn skal vurderast etter forskrifta. Forskrifta er delt i to delar der den eine omhandlar reguleringsarbeid som automatisk utløyser krav om konsekvensutgreiing, (t.d. kommuneplanar, utlegging av bustads- /fritidsbustadsområde som ikkje er i tråd med overordna plan, osv.) Det er og krav om dette for forbrenningsinstallasjonar med energiproduksjon > 150 MW. Ein har kome til at planarbeidet ikkje automatisk utløyser krav til konsekvensutgreiing etter forskriftas del 1. I kommunedelplan for Fossbergom er det eine tomtealternativet, alternativ 2, avsett til framtidig utviding av idrettsområde. Del 2 i forskrifta omhandlar planarbeid som skal vurderast etter forskriftas 4; Planarbeidet skal vurderast etter forskrift om konsekvensutgreiing, FOR 2009-06-26 på grunn av følgjande forhold: a) Tomtealternativ 2 tek sikte på ein arealbruk som ikkje er i tråd med gjeldande kommunedelplan for Fossbergom (2003), der arealet er avsett til framtidig utviding av idrettsområda i Grov. b) Tomtealternativ 2 er eit areal som tidlegare er nytta som kommunal avfallsdeponi. Grunnen består antakeleg av ureine massar, og ein må pårekne undersøking av omfang/tyding av evt. forureining. Basert på vurderinga kan det i reguleringsplanen bli naudsynt å stille krav til tiltaksplan (jf. forureiningsforskrifta, kap. 2) for graving i forureina grunn. Konsekvensutgreiing i overordna plan er under utarbeiding. Det er venta at ei samla vurdering på dette plannivået vil føreligge undervegs i reguleringsarbeidet, og at denne bør gje føringar for val av tomt. På noverande tidspunkt er det forutsett at begge tomtealternativa er aktuelle, men at det kan vera fordeler/ulempe som kjem fram i planarbeidet, og/eller tilbodsinnhenting, jfr vedtak 19.06.2012. Etter ei samla vurdering av planens innverknad på miljø og samfunn, har Lom kommune komme til at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiingar. Hovudtema i planarbeidet Fordelar og ulempe ved tomtealternativa Dei to alternativ til tomt for varmesentral er begge strategisk vurdert i.f.t. distribusjonsnett for varme til dei bygga som er aktuelle for tilkopling, samt ledige tomteareal i kommunalt eige det ikkje knyter seg direkte konkurranse til. Tabell 1. Førebels vurdering av faktorar ved tomtealternativ i Eggjalia: Strategisk plassering, varmedistribusjon Levering av damp Produksjons og lagertilhøve, flis Miljø, forureining Tryggleik mot naturpåkjenning Arealkonflikt Infrastruktur Antas bra Usikker Ikkje tilrådeleg
Side 5 av 5 Tabell 2. Førebels vurdering av faktorar ved tomtealternativ i Grov: Strategisk plassering, varmedistribusjon Levering av damp Produksjons og lagertilhøve, flis Miljø, forureining Tryggleik mot naturpåkjenning Arealkonflikt Infrastruktur Antas bra Usikker Ikkje tilrådeleg Begge tomtealternativa har sine fordelar og ulemper. Det er avgjort at planarbeidet skal starte med to alternativ til tomter, og det skal og ved gjennomføring av anbodsprosess haldast ope to alternativ. Dette for å kunne tilby ein konkurranse på like vilkår der tomt for varmesentral og produksjons-, og lagerområde for flis er løysbart for flest mogleg tilbydarar. Det er ønskja at resultatet frå anbodsprosess, saman med resultatet frå planfaglege vurderingar, samla vil gje best grunnlag for å velje den mest fordelaktige plasseringa av varmesentralen. Utslepp og forureining Eit flisfyringsanlegg vil generere noko utslepp frå inntransport av flis. Det er venta lite til moderate utslepp frå fyringskjelen (i hovudsak vassdamp). Det forutsettast drift i tråd med gjeldande utslippsgrenser og styringskrav gjeve i forureiningsforskrifta 27. Skulle tomtealternativ 2 bli vald som tomt for varmesentral, vil det bli naudsynt med vidare undersøkingar av kjend lokalitet med forureina grunn (tidlegare kommunalt avfallsdeponi). Basert på vurderinga kan det i reguleringsplanen bli naudsynt å stille krav til tiltaksplan (jf. forureiningsforskrifta, kap. 2) for graving i forureina grunn. Støy Sidan det ligg an til at produksjon av flis vil gå føre seg ein annan stad enn ved varmesentralen er det venta liten støypåverknad på generelt nivå. Det vil likevel vera noko støypåverknad i tilknyting til bygging og drift av anlegget. Det er da særleg innlasting av flis til fyringskjel som vil kunne generere noko støy. Reguleringsplanarbeidet må vurdere om ein vil stille særskilde krav til støytilpassa drift av anlegget. Bygningsmiljø Utforming av varmesentralen vert styrt gjennom anbodsdokumenta. Pipa er rundt ein meter i diameter, og vil antakeleg bli mellom 13-16 meter høg. Farge og overflate på pipa har mykje å seie for kor dominerande pipa blir, og dette blir styrt gjennom anbodsdokumenta. ROS-analyse I forbindelse med utarbeiding av reguleringsplanen, skal det utarbeidast ei risiko- og sårbarheitsanalyse. Det er venta at tema i ROS-analysa særleg vil fokusere på: Trafikktryggleik for gåande i nærområde til varmesentralen Tilgangsavgrensingar til anlegget Brannfare Tryggleik mot naturpåkjenningar. Det er førebels lagt til grunn at varmesentralen plasserast i tryggleiksklasse S2 (skred) og F2 (flaum), jf. Tek 10, kap. 7. Framdrift Planarbeidet er sett i gang parallelt med utlysing av tilbodskonkurranse for levering av varme. Det er lagt opp til at val av tomt, og detaljregulering av denne vil skje i samråd med tilbydar, og slik at plangrunnlaget i størst mogleg grad ivaretek kommunen sine interesser i å etablere eit biovarmeanlegg.
Side 6 av 6 Nedanfor er førebels oppsett på framdriftsplan, milepælar i planarbeidet i utheva type; September 2012, utlegging av kjøp av biovarme på Doffin (database for offentlege innkjøp) September 2012, oppstart av planarbeid, medverknad Oktober 2012, anbodssynfaring November 2012, gjennomgang av innkomne tilbod. Desember 2012, forhandling med utvalde tilbodsgjevarar. Desember 2012, vinnar av konkurransen blir peikt ut. Desember 2012, forslag til reguleringsplan, medverknad Februar 2013, godkjenning av reguleringsplan April/mai 2013, byggjestart varmesentral og fjernvarmenett 7. oktober 2013, start varmeleveranse Varslingsliste, oppstart av planarbeid Navn Epost/ postadresse Postnr. og stad Fylkesmannen i Oppland postmottak@fmop.no Oppland fylkeskommune postmottak@oppland.org NVE Region Øst ro@nve.no Statens vegvesen, region øst firmapost-ost@vegvesen.no Mattilsynet postmottak@mattilsynet.no Lom og Skjåk brannvesen Eidefoss AS Lom eldreråd v/jon Torkveen Kommunalt råd for funksjonshemma Atle.Festervoll@skjaak.kommune.no firmapost@eidefoss.no jtorkvee@bbnett.no karin.sveine@helfo.no Lom ungdomsråd v/sekr. Kristbjørn kristbjorn.rossehaug@lom.kommune.no Rossehaug Ansvarleg for barn og unges interesser v/kristin Volden Mundhjel 2686 LOM Ottadalen Mølle A/L Bergomsvegen 49 2686 LOM Lom Næringsbygg AS c/o Stokk og Stein AS 2686 LOM Geir Bakken 2690 SKJÅK Gerd Marie Offerdal og Eivind Ragnar Bergomsvegen 53 2686 LOM Bakken Lom idrettslag Postboks 33 2688 LOM Jan Erik Husom Gamelvegen 3 2686 LOM Bjørn Magnar Vike Gamelvegen 5 2686 LOM Ingvard Olstad Snikkarvegen 2 2686 LOM Marit Bergljot Moen Snikkarvegen 4 2686 LOM Alf Tore Sørhage Snikkarvegen 6 2686 LOM Tore Frøise Snikkarvegen 8 2686 LOM Anita Fosstuen og Torkjell Solbakken Ottadalsvegen 6195 2686 LOM Opplysningsvesnets fond v/ Advokatfirmaet Harris Pb. 4115 Sandviken 5835 BERGEN