Forskarboka. for deg som vil forske sjølv

Like dokumenter
Nysgjerrigpermetoden for elever. Arbeidshefte for deg som vil forske selv

Idebank fra Nysgjerrigpers lærerkonferanse 2017

Mennesker er nysgjerrige

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Mennesker er nysgjerrige

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Nysgjerrigper. Forskningsrådets tilbud til barneskolen. Annette Iversen Aarflot Forskningsrådet, 13.november 2015 Nysgjerrigperkonferansen 2015.

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Info til barn og unge

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Årets nysgjerrigper 2009

Årets nysgjerrigper 2010

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Elevundersøkinga 2016

Nysgjerrigper. Forskningsrådets tilbud til barneskolen. Nysgjerrigpermetoden. Annette Iversen Aarflot 10. november 2017 Nysgjerrigperkonferansen

Refleksjon og skriving

Mobbing på mindre og større skular

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Nysgjerrigper. Forskningsrådets tilbud til barneskolen. Annette Iversen Aarflot 2. november 2018 Nysgjerrigperkonferansen. Nysgjerrigpermetoden

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nysgjerrig på det meste

Frå dikt til teikneserie

NASJONALE PRØVER. Matematikk 10. trinn delprøve 2. Skolenr. Elevnr. Oppgåver som kan løysast ved hjelp av lommereknar. Tid: 90 minutt.

Forskerspiren. Didaktisk modell for ope forsøk. Idar Mestad

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

Barnerettane i HEIMEN

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Nysgjerrigper-konkurransen Er det ei grense for kor lenge vi kan klare å halde auga opne utan å blunke?

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst


Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Eksamen MAT 1011 Matematikk 1P Hausten 2014

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Barnerettane i SKULEN

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers


Velkome åt bygda vår!

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

LÆRARRETTLEIING. Nysgjerrigpermetoden. Vitskapleg metode til skulebruk. nokree gonger sak

Vintervèr i Eksingedalen

OK, seier Hilde og låser.

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

Årets nysgjerrigper 2010

mmm...med SMAK på timeplanen

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Eksamen matematikk S1 løysing

ÅRSPLAN I NATURFAG 6. TRINN

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Kvifor luktar hundebæsj og kattebæsj vondare enn menneskebæsj?

Nysgjerrigper-konkurransen 2018

Kor lenge søv ein hest, og ligg hesten når han søv?

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Regionalt fagnettverk. Den første lese- og skriveopplæringa Norsk trinn

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

Til deg som bur i fosterheim år

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

På skolen til Tatiana har historiedagar. Elevane på heile ungdomsskolen. samarbeide og lage historieprosjekt på tvers trinn og klassar.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Vel nynorsk for barnet ditt!

Spørsmål frå Elevundersøkinga Ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring

Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

Kom i gang med Nysgjerrigper

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Biletbruk på nettet 1 2

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Om å høyre meir enn dei fleste

«Mestringsforventningar»

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Første prinsipp: Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

6-åringar på skuleveg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Å observere saman med barn

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

SØTT OG SUNT? Kor sunt er det å eta honning?

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Kvifor er ein mørkredd?

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR TRINN

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Transkript:

Forskarboka for deg som vil forske sjølv

Om dette heftet Nysgjerrigpermetoden er ei slags oppskrift på å forske. Han hjelper barn med å finne svar på ting dei lurer på. Slik bruker du heftet Dette heftet kan du som er barn eller ungdom, bruke mens du forskar sjølv. Vi anbefaler at du jobbar saman med nokon. Då er det lettare å få det til. Heftet er delt i 6 delar, eller trinn, akkurat som Nysgjerrigpermetoden. På partallssidene i heftet står det ei forklaring til kva du skal gjere på kvart trinn, og på oddetallssidene kan du skrive om det du eller de har gjort. Viss du fyller ut sidene grundig, får du ein miniforskingsrapport. Lykke til med forskinga! Forskernotata mine Tips I desse boksane skriv du inn sjølv. Då lagar du ein minirapport. Hypotesar Kva trur de kan vere svar på problemstillinga dykkar? Hypotese 1 Hypotese 2 Hypotese 3 Hypotese 4 Teikn og forklar ein eller fleire av hypotesane: Vil de lage ein større rapport? Då finn de gode tips nedst på sida. Kanskje de får lyst til å sende rapporten til Nysgjerrigperkonkurransen når de er ferdige? Rapportskriving: Skriv kva for hypotesar de har valt, og kvifor de valde akkurat desse. Skriv hypotesane som heile setningar, for eksempel Eg trur det er fordi... 7 Forskingskonkurransar for elevar: 1.-7. trinn: Nysgjerrigper.no 8.-10. trinn: Ungeforskere.no 2

Nysgjerrigpermetoden 1 Dette lurer vi på 2 Kvifor er det slik? 3 Legg ein plan 4 Hent opplysningar 5 Dette har vi funne ut 6 Fortel til andre 3

1 Dette lurer vi på Det første de treng, er ei god problemstilling, altså eit spørsmål de vil forske på. Samle på spørsmål Kva lurer de på? Bruk tid saman eller kvar for dykk på å samle spørsmål. Spørsmål kan dukke opp når som helst og kvar som helst! Gå gjerne med ei lita notisbok i lomma og skriv ned spørsmåla med ein gong, så de ikkje gløymer dei. Leit etter noko du synest er rart, noko du ikkje forstår, eller eit problem du har lyst til å løyse. Vel ei problemstilling Når de har samla spørsmål, skal de velje ut eitt av spørsmåla som problemstilling. Tenk dykk godt om før de vel! Kjenneteikn på gode problemstillingar: Det er noko de verkeleg lurer på og er interesserte i. De finn ikkje svaret med eit enkelt søk på nett, i ei bok eller ved å spørje nokon. De kan tenkje dykk fleire moglege svar (hypotesar). De kan gjere eigne undersøkingar for å sjekke hypotesane. Det kan for eksempel vere eksperiment eller spørjeundersøkingar. Det er noko som er interessant for fleire. Ikkje vel problemstillingar som: handlar om ting for langt borte frå heimstaden dykkar (det er vanskeleg å gjere undersøkingar i verdsrommet eller andre verdsdelar). krev at de må gjere eksperiment som er ulovlege eller farlege for dykk sjølv eller andre krev masse dyrt utstyr Sjå film Sjå filmen Hvordan finne gode spørsmål å forske på på youtube.com/nysgjerrigperno Tips Gode problemstillingar startar ofte med kvifor eller korleis. 4

Forskernotata mine Dette spørsmålet skal vere problemstillinga: Vi valde dette spørsmålet fordi: Dette veit eg om temaet frå før: Rapportskriving: Begynn på ein forskningsrapport på eigne ark eller pc. Skriv ned kven som er med på prosjektet, kva for ei problemstilling de har valt, og kvifor de valde akkurat denne. Skriv gjerne litt meir om kva de meiner med problemstillinga. Kva er det ved akkurat dette temaet som interesserer dykk, og kvifor vil de forske på det? 5

2 Kvifor er det slik? Her på trinn 2 skal de fortelje kva de trur er svaret på spørsmålet dykkar. Kva for forklaringar kan de tenkje dykk no, før de forskar vidare? Desse forklaringane kallar vi hypotesar, og det er dei de skal jobbe vidare med og teste. Bruk det de veit om temaet frå før når de lagar hypotesar. Det greiaste er å ha to-fire hypotesar. Viss de har veldig mange hypotesar, må de velje ut nokre. Vel dei de har mest tru på, ut frå det de veit frå før. Kanskje nokre er litt like og kan slåast saman til éin? Vel dei hypotesane de sjølv kan teste ut. Eksempel på problemstillingar med hypotesar: Kvifor luktar det verre på gutedoen enn på jentedoen? 1. Eg trur det er fordi det er masse såper og parfymar på jentedoen. 2. Eg trur det er fordi gutane står og tissar, slik at dei søler utanfor doskåla. 3. Eg trur det er fordi gutedoen blir vaska dårlegare. Kvifor begynte menneska å snakke om troll? 1. Eg trur det var fordi menneska høyrde brak og skumle lydar i skogen og i fjella. 2. Eg trur det var fordi dei ville skremme barna sine. 3. Eg trur det var fordi menneska ville gjere eventyra meir spennande. Eg trur det er fordi... Kvifor klør vi? 1. Eg trur vi klør når vi tenkjer på det og snakkar om det. 2. Eg trur vi klør når vi har ull og andre stikkete stoff på oss. 3. Eg trur vi klør berre når vi har lus. 6

Forskernotata mine Hypotesar Kva trur de kan vere svar på problemstillinga dykkar? Hypotese 1 Hypotese 2 Hypotese 3 Hypotese 4 Teikn og forklar ein eller fleire av hypotesane: Rapportskriving: Skriv kva for hypotesar de har valt, og kvifor de valde akkurat desse. Skriv hypotesane som heile setningar, for eksempel Eg trur det er fordi... 7

3 Legg ein plan På trinn 3 skal de planleggje korleis de kan finne ut om hypotesane stemmer eller ikkje. Det er fleire måtar å teste hypotesar på, og de kan gjera fleire typar undersøkingar. Nokre undersøkingar eignar seg best til å telje og måle noko. Andre undersøkingar passar betre når de skal gå djupt inn i eit tema. Tenk gjennom kva for type informasjon de treng. De kan godt gjere fleire typar undersøkingar til kvar hypotese. Eksempel på undersøkingar de kan gjere: spørjeundersøking intervju eksperiment eller målingar observasjon søkje på internett eller lese i bøker måle og telje kontakte ein ekspert Planlegg nøye, for dei to neste trinna i Nysgjerrigpermetoden avheng av jobben de gjer no. Planlegg for éin og éin hypotese om gongen. Hugseliste for planen: Kven skal gjere kva? Når skal de gjere det? Kva for typar undersøkingar skal de gjere? Kva for kjelder skal de bruke? (f.eks. fagfolk, folk på kjøpesenteret, biblioteket, ) Korleis skal de få kontakt med desse kjeldene? (Ringje? Sende e-post? Reise ein stad?) Kva treng de å førebu før de gjer undersøkingane? Treng de å be om løyve frå nokon? Kva treng de av utstyr, og korleis skal de skaffe det? Korleis skal de dokumentere det de finn ut? (Skrive ned? Ta bilete? Gjere lydopptak? Filme?) 8

Forskernotata mine Slik vil vi undersøkje hypotesane våre: Hypotese nummer Undersøking 1 2 3 4 Arbeidsfordeling i gruppa vår: Vi treng: Spesielle ting vi må hugse på: Rapportskriving: Skriv ned korleis de har planlagt å teste kvar enkelt hypotese. Korleis tenkte de då de planla undersøkingane? Kven skal gjere kva, og kva treng de å førebu? 9

4 Hent opplysningar No skal de gjennomføre det de planla i førre trinn. Det er tid for å samle inn data! De skal samle inn opplysningar som har med hypotesen å gjere, både dei som tyder på at hypotesen stemmer, og dei som tyder på det motsette. Kanskje får de nye idear til korleis de kan finne ut meir, eller til nye hypotesar. Det er slik forskarar jobbar! Når de gjer undersøkingar og hentar inn opplysningar ute i felt, må de hugse å skrive ned kva de gjer, og kva for opplysningar de får. Ta gjerne bilete undervegs. Hugs også å få med det som ikkje gjekk etter planen. Rydd i opplysningane Etterpå må de rydde i opplysningane. De må få oversikt over kva de har funne ut. Kanskje det er lurt å setje opplysningane inn i oversiktlege tabellar, eller vise svara i diagram? Eksempel: Vi las ei historie om kløing for ulike klassar og klødde oss mens vi las. Vi talde kor mange som klødde. Tabell med teljestrekar: Klasse Kor mange klødde? Talet på elevar i klassen Diagram som viser resultata våre: 20 2 20 3 21 4 21 Kor mange som klødde 15 10 5 7 20 0 2 3 4 7 Klasse 10

Forskernotata mine Dette gjorde vi då vi henta inn opplysningar: Desse opplysningane fekk vi (bruk gjerne eigne ark i tillegg): Dette gjekk ikkje etter planen: Rapportskriving: Fortel om det de gjorde då de henta opplysningar. Gjekk alt som planlagt, eller møtte de på utfordringar undervegs? Få med det som gjekk gale òg. Kva gjorde de med opplysningane de fekk inn? Sørg for å få med resultata i rapporten. Ta med både spørjeskjema og svar, tabellar, e-postar og anna som viser kva de har gjort og funne ut. 11

5 Dette har vi funne ut No når de har gjort undersøkingane, må de sjå på det de har funne ut om hypotesane. Tenk gjennom kva de har gjort, og fortel kva slags svar de kan gi på problemstillinga. Hypotesane Kva har de funne ut om kvar hypotese? Gå gjennom éin og éin. Stemmer forklaringa godt, stemmer ho litt, eller stemmer ho ikkje i det heile? Kanskje treng de å gjere nokre fleire undersøkingar for å kunne seie om hypotesane stemmer eller ei? Då kan de godt gjere det no. Hugs at det er like viktig å finne ut kva for hypotesar som ikkje stemmer, som det motsette. Sjå på resultata De må òg tenkje gjennom kor mykje de stoler på resultata de har fått. Er det noko som kan ha påverka resultata? Kan nokon ha misforstått spørsmåla? Kan nokon av målingane ha blitt feil? Gjorde de same forsøk fleire gonger? Vart alle forsøka utførte heilt likt? Fortel om slike ting når de forklarer kva for resultat de kom fram til. Konklusjon Gå tilbake til problemstillinga de starta med, og tenk etter: Kva slags svar kan de gi på spørsmålet no? Nokre gonger kan de oppleve at ingen av hypotesane stemmer, og at de ikkje har funne svar på det de lurte på. Dette er også eit viktig resultat, for då veit de kva for forklaringar som ikkje har med problemstillinga å gjere. De er likevel eit steg nærmare svaret enn då de begynte å forske. 12

Forskarnotata mine Dette har vi funne ut om kvar hypotese: Hypotese nummer Stemmer Stemmer litt Stemmer ikkje Veit ikkje Forklar meir 1 2 3 4 Tenk gjennom: Kor mykje kan vi stole på resultata våre? Problemstillinga vår var: Dette svaret kan vi gi no (konklusjon): Rapportskriving: Oppsummer kva de har funne ut om kvar hypotese. Stemmer han, stemmer han litt, eller stemmer han ikkje i det heile? Kvifor? Trur de at de kan stole på det de har funne ut? Kunne de ha gjort noko annleis? Kva for konklusjon kan de no gi på problemstillinga de starta med? 13

6 Fortel til andre Det er viktig at forskarar fortel andre om det dei har funne ut. Kven vil de fortelje til? Dei som kan ha bruk for resultata, bør få vite om dei. Det er mange måtar å fortelje om forskinga dykkar på. De kan: lage ei forskarutstilling og invitere foreldre og andre interesserte kontakte lokalavisa og spørje om dei vil skrive om forskinga dykkar lage ein video lage ei brosjyre sende brev eller epost til dei som kan ha bruk for resultata lage Visste du at-plakatar og hengje opp Lag ein forskingsrapport Lag gjerne ein rapport der andre kan lese om prosjektet dykkar, kva de fann ut, og korleis de gjorde det. Del han inn i 6 kapittel, eitt for kvart trinn i Nysgjerrigpermetoden. Då kan de få hjelp av stikkorda nedst på sidene i dette heftet. De kan lage rapporten på data eller skrive for hand. Det er fint om de bruker bilete, teikningar, diagram og tabellar i rapporten. Då blir han meir spennande å lese og enklare å forstå. Delta i forskingskonkurranse Rapporten kan sendast inn til Nysgjerrigpers forskingskonkurranse. Då får mange lese rapporten! Frist for å vere med i konkurransen er 15. mars kvart år. Les meir på nysgjerrigper.no/konkurransen. Dei som går i ungdomsskolen, kan vere med i Unge forskere. Då kan de vere maks tre elevar i gruppa. Les meir på ungeforskere.no. 14

Forskarnotata mine Slik vil vi fortelje om prosjektet vårt: Det viktigaste vi fann ut: Dei tre kulaste tinga ved prosjektet var: Rapportskriving: Kven vil de fortelje til om forskinga dykkar, og korleis? Kven trur de kan ha nytte av det de har funne ut? Kva har fungert bra i prosjektet, og kva ville de ha gjort annleis? Er det noko her som de eller andre kan forske vidare på? 15

Verda treng nysgjerrigperar Forskingsrådet vil at barn skal vere nysgjerrige og utforske ting dei lurer på. Difor har vi Nysgjerrigper! Forsking startar alltid med nysgjerrigheit og at nokon lurer på noko som det ikkje er lett å finne svar på. Då må dei jobbe grundig og systematisk for å finne svar sjølv. Ein forskar må kunne jobbe mykje åleine og sjølvstendig, men også saman med andre. Med dette heftet kan du prøve deg som forskar. Nysgjerrigper er for elevar og lærarar på 1. 7. trinn. facebook.com/nysgjerrigper.no nys@forskningsradet.no nysgjerrigper.no