SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE 8.-10 KLASSE"

Transkript

1 SPØRJEGRANSKING Om leselyst og lesevanar blant unge SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE Irene, Terese, Sigurd, Lars i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 INNHALD Innleiing... 3 Diagram og Kommentarar... 5 Drøfting Samandrag Kjelder

2 Innleiing Etter kvart som den teknologiske verda kjem med nye dingsar som vi kan «sløse» vekk tida på, hevdar fleire at lesing blir mindre populært. Vi ser kanskje for oss at færre ungdom les og kanskje spesielt gutar les mindre enn før? Ei amerikansk undersøking viste at berre 28% ungdom mellom år les daglig. ( Ungdommar frå USA kan nå være vidt forskjellige frå norsk ungdom. Kanskje har amerikanarane eit dårlegare skulevesen og større tilgang på elektroniske gjenstandar som datamaskiner og mobilar. Men det er ikkje sikkert at denne statistikken gjeld for vår land og distrikt. Difor bestemte vi oss for å finne ut om dette, og vi planla ei undersøking med denne problemstillinga. Kor mange av ungdommane i nabobygdene les bøker aktivt? Kva er grunnane til at folk ikkje les? Vi ville også finne ut kor stor betyding bibliotek, lydbøker, e-bøker og andre viktige ting hadde med lesevanane å gjer. Ein ting som også var interessant for oss å finne ut var om det var store forskjellar på lesevanane mellom jenter og gutar. For å lage ei spørjegransking med resultat som er til å stole på, må ein spørje flest mogleg. Vi valte å spørje ungdomsskuleelevane på Hornindal skule, der det er over 60 elevar totalt, noko som kan vere nok for ei spørjegransking. Vi formulerte ei passande mengd spørsmål, og av dei valde vi 16 aktuelle som gir 2

3 oss svar på det vi lurar på. Vi bestemte oss for at vi skulle utelate lekser og skulerelatert lesing i undersøkinga. Ettersom dette er noko dei aller fleste ungdomsskuleelevar les fleire gongar i veka, ville utfallet av spørjeundersøking blitt annleis, og vi kunne ikkje vite om svara var basert på skulerelatert lesing eller frivillig. Spørjeskjemaa sendte vi til Hornindal skule der lærerane hjelpte oss med å få gjennomført undersøking. Spørjeskjemaa sendte vi ut ein måndag ettermiddag, og etter eit par dagar fekk vi dei att. Då gjekk vi gjennom dei og grupperte og telte opp svara, dette var ein tidkrevjande prosess ettersom vi etter kvart møtte på fleire problemstillingar som vi måtte rette opp i. Deretter prøvde vi å sjå samanhengar og lagde ulike diagram som illustrerte dette. Det var 64 utfylte spørjeskjema, men av dei 64 måtte vi forkaste 3 stykk, ettersom dei hadde misforstått spørsmåla eller at dei ikkje svarte slik at vi kunne ta dei med i oppteljinga. Totalen vart dermed 61. (N=61) 3

4 Diagram og kommentarar I denne seksjonen har vi tatt med diagram som er interessante og som gjeld heile ungdomstrinnet. Diagramma er kommentert. For å sjå alle diagramma (delt opp i klassetrinn og kjønn) bed vi deg om å studere vedlegg 1. Vedlegg 2 er spørjeskjema som vart brukt. Diagram 1 Som vi kan sjå er det 30 elevar som les skjønnlitterære bøker. 6 elevar les også /eller berre, saklitteratur. 17 av 61 elevar ved skulen les ikkje trykte medier 4

5 Diagram 2 Det er flest jenter som les. Men som vi kan sjå på diagrammet les gutane klart mest aviser og teikneseriar, mens jentene dominerer med vekeblad og magasin. Det er også ein del fleire jenter enn gutar som les skjønnlitterære bøker. 32 av elevane les bøker; skjønnlitteratur og/eller saklitteratur Diagram 3 Som vi kan sjå på diagrammet er det om lag lik fordeling mellom dei elevane som les bøker; skjønnlitteratur og/eller saklitteratur og dei som ikkje les på Hornindal Ungdomsskule, men eit lite fleirtal les bøker. 5

6 Diagram 4 Dette diagrammet viser kor mange bøker ungdomsskuleelevane i Hornindal skule les i løpet av eit år, og her kan vi sjå eit stort fleirtal som les ganske få bøker i løpet av året. Det er ikkje mange av elevane som les meir enn ti bøker i året, og nesten dobbelt så mange elevar les mindre enn ti bøker enn dei som les meir. Diagram 5 På diagrammet ovanfor ser vi at det ikkje er store forskjellar på dei forskjellige sjangrane ungdommen les i Hornindal, men få les faktabøker/saklitteratur. Vi kan også sjå at det blir lese flest bøker innafor spenningssjangeren. 6

7 Diagram 6 På diagrammet ser vi ei samanlikning av jenter og gutar i 10. klasse og deira lesevanar når det kjem til E-bøker. Som vi ser er det eit stort fleirtal av både gutar og jenter som aldri har lest E- bøker. Men diagrammet viser også at det er fleire gutar som les E-bøker. Grunnen til dette kan vere at gutar er meir på data og er meir oppdatert på teknologi. Diagram 7 Diagrammet visar at det er eit stort fleirtal som ikkje les e-bøker. Det har vore diskutert om e-bøkene kom til å ta over for dei gamle formata men i følgje granskinga i Hornindal skule nok ikkje det med det fyrste. Det er heller ikkje sikkert at alle elevane har høyrt om E-bøker. 7

8 Diagram 8 Diagrammet viser at over 10 % av dei som les bøker les kvar dag. 1 av 5 les sjeldnare enn ein dag i månaden. 8

9 Diagram 9 Diagrammet viser at så godt som ingen lånar ofte frå biblioteket, Over 1/3 lånar sjeldan frå biblioteket. Det er også litt over ein tredel som aldri nyttar biblioteket. Diagram 10 Fleirtalet av dei som svarar at dei les bøker høyrer aldri eller sjeldan på lydbøker. Ein firedel nyttar lydbøker av og til eller ofte. SPØSMÅLA TIL DIGRAMMA VIDARE ER STILT TIL ALLE ELVANE N=61 9

10 Diagram 11 Eit klart fleirtal seier at dei finn lesestoff sjølv. Det er nesten ingen som får anbefalingar frå biblioteket. Elles er alternativa ganske jamt fordelt på rundt 10 av 61. Diagram 12 Her ser vi at omtrent halvparten får tak i det dei les på biblioteket. Litt under halvparten seier at dei får lesestoffet heimanfrå. 10

11 Diagram 13 Diagrammet viser at 31elevar har kryssa av på at dei meiner at fin framside, og layout er viktig i val av lesestoff. Nest viktigast er tittelen, med 29 kryss. Dei andre alternativa ligg på rundt 10 avkryssingar. 11

12 Drøfting Prosjektet har vist at det er ein del variasjon mellom kjønna på Hornindal Skule når det kjem til det å lese bøker. Jentene les i gjennomsnitt litt meir enn gutane. Men det vi ser er at det er store variasjonar mellom kvart enkelt klassetrinn. Heilt ideelt burde vi hatt eit par hundre i kvar klasse for å få eit betre grunnlag for konklusjonane våre. Vi ser at gutane les klart mest aviser og teikneseriar, mens jentene dominerer med vekeblad og magasin. Det er også ein del fleire jenter som les skjønnlitterære bøker. «Kva type litteratur les du» sjå diagram 2. Det spørsmålet var ganske interessant, fordi der får vi vite kva type litteratur elevane føretrekkjer, og om dei les i det heile. Det vi fekk fram var at 17 av dei 61 spurde ikkje les i det heile! 13 av dei er gutar, og 7 av dei går i 10.klasse. I tiande er altså då berre 30% av gutane i 10. klasse som les! Det er ein stor skilnad frå gutane i niande og åttande der 75% og 70% les. Andre ting vi såg var at skjønnlitteratur er mest populær med 30 kryss og teikneseriar kjem på andre med 21 kryss. «Les du bøker?» var og eit av spørsmåla vi stilte elevane. Sjå diagram 3. Alle elevane svarte på dette. Det som kom fram i det spørsmålet var at litt over halvparten las bøker mens resten las ikkje bøker i det heile. Grunnen til at det er så få ungdommar som les bøker i Hornindal er ikkje vi heil sikre på. Det at det er så få elevar på ungdomskulen gjer at det kan vere tilfeldigheiter som rår i svara vi får. Ein anna ting vi ser er at det er heile 28% som ikkje les i det heile. Det er vanskeleg å seie kvifor så få les bøker, for ungdommen i Hornindal har bibliotek og ikkje så veldig lang køyreveg til nærmaste bokhandel. Det kan hende at det ikkje er noko kultur for lesing i bygda og difor ikkje så mange som les. Eit anna spørsmål vi spurte elevane på ungdomskulen i Hornindal var «kor mange bøker les du i løpet av eit år?» sjå diagram 4. Diagrammet viser at av dei 32 som har svart, er det flest som les 1-4 bøker i løpet av eit år, men det er ikkje så store forskjellar mellom kor mange som les 1-4 bøker, og dei andre svaralternativa. Ein anna ting som vi må ta med til vurdering er at vi ikkje veit kor lange bøkene er, om ein person les

13 bøker så betyr ikkje det han har lese mindre enn ein som les 15 bøker eller meir fordi det kjem an på storleiken på boka, noko som er umogleg for oss å finne ut av. Når det kjem til bøker er det stor variasjon mellom åttande og niande klasse kor mange elevar som les bøker og kor mange bøker dei les i løpet av eit år. Om ein ser på diagram 4, så ser vi at det er stor forskjell mellom dei to klassene når det kjem til kor mange bøker dei les i løpet av eit år. Kvifor det er slik er ikkje godt å vite, det kan være tilfeldigheita sidan vi det ikkje er så veldig mange elevar i kvar klasse. Men ein teori kan være at det er vanskelegare og meir leksearbeid i 10. klasse enn i 9. klasse. Difor må dei bruke meir tid på leksene, og då ynskjer dei kanskje å gjere andre ting enn å lese når dei er ferdige med leksene. Vi spurte elevane om kva for boksjanger dei helst les. Sjå diagram 5. Der var det 52% av elevane som svarte. Det vi fant ut var at dei bøkene som det vart lest mest av var spenningsbøker, fantasy og krim. Det er altså bøker innanfor spenningssjangeren som er mest interessant for ungdommane i Hornindal. Dei to sjangrane som kjem like etter er humor og romantikk. Faktabøker og bøker innafor saklitteratur er det ganske få som les. Grunnen til at det er mest bøker innanfor sjangeren spenning kan vere det at ungdomen ønskjer å lese noko som er utanfor slike det er i verkelegheita, det som kan vere positivt med den sjangeren er at ungdomen får betre fantasi. Det at det ikkje er så mange som les faktabøker kan vere negativt sidan at det er lærerikt for ungdommen, men det beste hadde vore om det vart les like mykje av begge sjangrane sidan det er positive og negative sider med begge sjangrane. På spørsmålet «kor ofte les du bøker i løpet av eit år» svarte 25 prosent at dei les meir enn to dagar i veka, noko som ikkje er så gale. Berre litt over 10 prosent les kvar dag. Dette viser at leselysta i Hornindal ikkje er altfor stor. Eit anna interessant spørsmål var om ungdommen les E-bøker. Det var 52% prosent av alle som svarte. Det vi ønskte å finne ut av var om det å lese E-bøker, som er å lese bøker digitalt, er populært blant ungdomen. E- bøker er ganske nytt så når vi fekk tilbake resultatet vart vi ikkje spesielt overraska. Berre nokre få les E-bøker sjeldan eller av og til. Sjå diagram 7 og 8. Det er litt tidleg endå å seie at E-bøker ikkje er populær blant ungdomen sidan det er eit så nytt produkt, men i framtida kan det hende at 13

14 E-bøker blir meir attraktivt. Det som er positivt med E- bøker er at det kan bli lettare for ungdomen å få tak i bøker, det kan føre til ei auke i lesinga blant ungdom. Er biblioteket viktig for å få folk til å lese? Før i tida ville svaret vore ja. Men no er det ikkje godt vite. Bøker er mykje billigare og meir tilgjengeleg enn før, og det har kome nye format som lydbøker og e-bøker.. Det var berre ein som hadde svart at han ofte lånte bøker på biblioteket. Litt over 20% lånar frå biblioteket av og til. «Føretrekkjer du lesestoff på nynorsk eller bokmål». 22 av 60 vil helst ha lesestoffet på nynorsk, og berre 11 føretrekk bokmål. Av dei resterande var det 27 som meiner at det ikkje speler nokon rolle. Dette viser at bokmål ikkje har så godt grep i Hornindal, noko som er et bra teikn for nynorsken. 14

15 Samandrag Statistikken vi har kome fram til viser at elevane i og 10. klasse ved Hornindal skule ikkje les ikkje så mykje. Den viser faktisk at 28% av dei spurde ikkje les i det heile. Ettersom det ikkje er så mange spurde kan det vere tilfeldigheiter på kvart klassenivå. Det vi kan konkludere med er at leselysten i Hornindal ikkje er så høg som forventa. Vi kan og konkludere med at det er færre som les bøker, enn litteratur som magasin og teikneseriar. Det var også mest populært for dei som les bøker å lese spenningslitteratur. Vi fant ei undersøking frå universitetet i Oslo som viser kva for slag litteratur som ungdomen les, dette kan samanliknast med resultata vi fekk frå Hornindal. Det var vanskeles å seie ein eksakt grunn for at leselysta til ungdomselevane i Hornindal ikkje var spesielt høgt, for dei har god tilgang til lesestoff, både i form av bøker og andre litteraturformar. Ein teori kan vere at sidan vi ikkje tok med lekser i undersøkinga, kan det vere at dei bruker meir tid på det enn på sjølvvalt lesing. Det kan hende at elevane ønskjer å bruker meir tid på fritidsaktivitetar enn å sitje inn og lese ei bok. Ein anna teori for at leselysta er så lav kan vere at teknologien har kome så langt at det er lettare og meir underhaldande å setje seg ned å spele eit spel enn det er å lese. Det kan òg vere det at lesing ikkje lenger er sett på som «kult». Det ein kan gjere for å få lesing meir attraktivt blant ungdommen er å fokusere meir på lesing frå dei er små. Det er blitt forska på om eit barn blir lest til frå dei er små kan det gjere at dei les meir når dei er eldre. Skulane bør òg ta ansvar for at lesing blir framstilt som noko positivt, og at lesing utanfor skulen ikkje blir samanlikna med lekselesing. Kanskje det med å gjere bøkene og layouten meir spanande for ungdomen kjem det til å auke leselysten. Ungdomen driv mykje meir med data og på anna teknologi, så om det blir meir fokus på E-bøker, som endå er ganske ukjend blant folket, så blir det kanskje meir ungdom som les bøker. 15

16 Kjelder Amerikansk undersøking om lesevanar Informasjon om biblioteket i Hornindal Norsk undersøking om lesevanar 16

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen Anette, Jarl Vegard, Ola Tobias i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste 1. Innleiing

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Kvifor kan ikkje alle krølle tunga Nysgjerrigperprosjekt 5.- 7.kl 2008. Davik Oppvekst Innhaldsliste: Framside med problemstilling Hypoteser Plan Spørjeskjema Arbeid med prosjektet Kjønn Trening Alder

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Matpakkematematikk Data frå Miljølære til undervisning Statistikk i 7.klasse Samarbeid mellom og Miljølære Lag riktig diagram Oppgåva går ut på å utarbeide ei grafisk framstilling

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet Samtaleguide om lesing Innleiing Samtaleguiden er meint som ei støtte for opne samtalar mellom lærar, elev og foreldre. Merksemda blir retta mot lesevanar, lesaridentitet

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære? Innlevert av 6. og 7. ved Marvik Skule (Suldal, Rogaland) Årets nysgjerrigper 2015 Det er første gong både lærar og elevar i 6. og 7. ved Marvik skule

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland Februar 2007 Om undersøkinga Undersøkinga er gjennomført av arbeidslaget AUD (Analyse, utgreiing og dokumentasjon) på oppdrag frå Europakontoret. Datainnsamlinga

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn

Nasjonale prøver 2005. Matematikk 7. trinn Nasjonale prøver 2005 Matematikk 7. trinn Skolenr.... Elevnr.... Gut Jente Nynorsk 9. februar 2005 TIL ELEVEN Slik svarer du på matematikkoppgåvene I dette heftet finn du nokre oppgåver i matematikk. Dei

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1015 Matematikk 2P Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2 timar.

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn Lesing er grunnlaget for suksess i neste alle skulefag. Lesesvake elevar får ofte problem med å fullføre vidaregåande skule. Lesesvake vil møte mange stengte dører

Detaljer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE Vedteke av kommunestyret 2. oktober 2014, sak 67/14 1 Innhold 1. Kvifor plan for bruk av nynorsk i Nissedal kommune?... 3 1.1 Bruk av nynorsk internt i organisasjonen

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Frå novelle til teikneserie

Frå novelle til teikneserie Frå novelle til teikneserie Å arbeide umarkert med nynorsk som sidemål Undervisningsopplegget Mykje av inspirasjonen til arbeidet med novella, er henta frå i praksis: nynorsk sidemål i grunnskule 1 (2008).

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar.

Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar. Rumenske og norske studentars bruk av bibliotek og ressursar. Av Ane Landøy og Angela Repanovici Hausten 2007 gjorde Universitetsbiblioteket i Bergen og the Central Library of Transylvania University,

Detaljer

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte. AUD-rapport 09-17 Tittel: Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte AUD-rapport

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Eksamen 23.11.2011. MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål Eksamen 23.11.2011 MAT1005 Matematikk 2P-Y Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid: Hjelpemiddel på Del 1: Hjelpemiddel på Del 2: Framgangsmåte: 5 timar: Del 1 skal leverast inn etter 2

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 24.11. 2014 SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Omdømmemåling 2014 ARKIVSAK: 2014/816/ STYRESAK: 145/14 STYREMØTE: 08.12. 2014 FORSLAG

Detaljer

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE Samandrag av prosjektrapport FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE Ei kvantitativ kartlegging av flyttegrunnar blant folk som har flytta til og frå kommunen dei siste fem åra Spørjeskjema er utforma av Bykle og Hovden

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. Handlingsplan for biblioteket ved Sylte skule, perioden 2009-2010 Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty. 1. Biblioteket skal vere ein viktig aktør når det gjeld å stimulere elevane til leselyst, og vere

Detaljer

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017 Kva er det som gjer at lærarane ikkje er like strenge? 7.klasse ved Solund barne- og ungdomskule Dei fleste elevar tenker vel på at den og den læraren er streng, og den læraren

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Skolespørjeskjema 4. klasse Rettleiing Skolen din har sagt seg villig til å vere med i TIMSS 2003, ein stor internasjonal

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011. Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking 2011 Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr 7 2011 1 2 Metode Undersøkinga er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay Malin Ersland Bjørgen 07.02.2014 Innledning Eg valde å tolke oppgåva slik at ein skulle framstille ein «historie» kun ved hjelp av bilete. Eg tolka det òg slik

Detaljer

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» «ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG

Detaljer

Brysame byrder. Elevprosjektet til Holbergprisen i skolen våren 2011 Lundeneset VGS. Eit forskingsprosjekt om sjølvbilete:

Brysame byrder. Elevprosjektet til Holbergprisen i skolen våren 2011 Lundeneset VGS. Eit forskingsprosjekt om sjølvbilete: Brysame byrder Elevprosjektet til Holbergprisen i skolen våren 2011 Lundeneset VGS «Hva min skapning er angående, da må jeg være fornøyd med himlens gave.» -Ludvig Holberg Eit forskingsprosjekt om sjølvbilete:

Detaljer

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss. Spørjeundersøking blant tilsette i Hordaland fylkeskommune AUD-rapport nr. 6 2013 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag

Detaljer

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område: saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.05.2015 35299/2015 Rune Solenes Opstad Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Ung i Møre og Romsdal - rapport Bakgrunn Som eit ledd i UNG-programmet

Detaljer

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN Oppsummering/ evaluering av månaden Også denne månaden har me vore mykje ute. Prøver å komma oss ut to gonger i løpet av dagen om veret er nokon lunde ok. Det er mykje sykling

Detaljer

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det? Korleis har ungdommen i Hordaland det? Eva Vinjevoll Utgangspunkt Spørjeskjema til ungdom 17 kommunar var med i 2017 Omfattar tema som > Åtferdsproblem > Foreldre og lokalmiljø > Framtid > Helse og trivsel

Detaljer

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom

Detaljer

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår? Innlevert av 7B ved Bergsøy skule (Herøy, Møre og Romsdal) Årets nysgjerrigper 2015 Vi i klasse 7B har mange ulike ting vi lurer på, og synes det høyrdes spanande

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Side 1 Tingvoll, 21. september 2013 NVE FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs elva på den planlagde utbyggingsstrekninga 15.9.2013. Vi har ikkje gått traseen

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Høyr ei bok! Biblioteket for alle som strever med å lese trykt tekst BARN & UNG

Høyr ei bok! Biblioteket for alle som strever med å lese trykt tekst BARN & UNG Høyr ei bok! Biblioteket for alle som strever med å lese trykt tekst BARN & UNG Vanskeleg å lese trykt tekst? Vi har ei bok til deg NLB er biblioteket for alle som har problem med å lese trykt tekst og

Detaljer

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman. Introduksjon av økta Bilda: er dei vener, kva er bra og korleis er det forskjellar? Fakta-ark med tilbakemeldingar Gruppe: Kan alkohol styrkja og svekkja venskap? Gruppe: Kva gjer me for at det skal halda

Detaljer

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b - 2014

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b - 2014 Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12b - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Tilleggsinnkalling til Formannskapet FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Formannskapet Møtedato: 17.02.2015 Møtestad: Flora Samfunnshus Møtetid: 12:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd

Detaljer

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål VINJE SKOLE SOM MUSEUM Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål Vinje skole som museum Innleiing Dette notatet er laga etter at eg på vegne av Sparbyggja fortidsminnelag (av Fortidsminneforeninga)

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn Framleis rom for lesing heime Leseutviklinga held fram Dei første skuleåra lærte barnet ditt å lese. Men lesedugleik er ikkje noko som blir utvikla

Detaljer

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkinga Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema som omfattar

Detaljer

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012 Mål: Lære å lese fagtekstar (både tekst, bilete og overskrifter). Lære å kunne trekke ut opplysningar frå ei fagtekst. Lære å kunne søke etter informasjon

Detaljer

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Månadsbrev frå oktober, Grøn avd. Oppsummering/ evaluering av oktober Oktobermånad starta me med eit lite epleprosjekt. Inndelt i grupper, fekk alle barna vere med på tur for å hauste eple og plommer.

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Førde kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkelsen Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema

Detaljer

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det? Ungdataundersøkelsen Ungdata blir gjennomført ved at skuleelevar over heile landet svarer på eit elektronisk spørjeskjema

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går?

Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går? Korfor går skulegrensene på Radøy der dei går? Innlevert av 5.trinn ved Austebygd skule (Radøy, Hordaland) Årets nysgjerrigper 2014 Eg har verdens beste jobb. Eg er nemlig kontaktlærar for ein superinspirerande

Detaljer

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap Fakultet for samfunnsfag Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap Kunnskapsorganisasjon 3 Bokmål / Nynorsk Dato: Mandag 29. april 2013 Tid: 4 timer / kl. 9-13 Oppgavesettet består av: 11 sider Antall

Detaljer

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a - 2014 Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet AUD-rapport nr. 12a - 2014 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå, og i samarbeid med, Samferdselsavdelinga i Hordaland

Detaljer

Jon Fosse. For seint. Libretto

Jon Fosse. For seint. Libretto Jon Fosse For seint Libretto Personar Eldre kvinne, kring seksti-sytti Middelaldrande kvinne, kring førti Mann, kring femti Fylgje Yngre kvinne, kring tretti Med takk til Du Wei 2 Ei seng fremst, godt

Detaljer

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar. Trude Bukve Institutt for lingvistikk, litteratur og estetiske fag Kort om masteroppgåva.. Ei undersøking av finansterminologi

Detaljer

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 1/2018 Tittel: Innbyggarhøyring

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule UTVIKLINGSPLAN 2018-2019 Bø skule 1.0 Mål... 3 1.1 Lesing... 3 1.2 Inkluderande og trygt skulemiljø... 3 2.0 Nå-situasjonen ved Bø skule... 3 2.1 Nå-situasjonen knyta til lesing... 3 2.2 Nå-situasjonen

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer