Barnehagedagen 2011. Vi kan! Det er sjuande året på rad at denne dagen markerast, i samarbeid med Utdanningsforbundet og Fagforbundet. I år er barnehagedagen 15. mars og slagordet er Vi kan!. Vi ved Helland barnehage har tidlegare markert barnehagedagen på ulike måtar m.a. med stand på brygga og open dag i barnehagen. Visjonen vår er lyst på læring i det legg vi at vi vil arbeide for at barnehagen skal ha eit godt læringsmiljø. Det meiner vi er eit miljø der barn og vaksne kjenner på tryggleik og trivsel, og der det er tid til gode opplevingar som leik og venskap. For å få til ei god læring er kvaliteten på relasjonane mellom barn og vaksne avgjerande, og i samband med gode relasjonar arbeider vi kontinuerlig med barns medverknad. I år vil vi høyre meir frå dei som kjenner oss best, og som er grunnen til at vi gler oss til å kome på jobb for å yte vårt beste: barna. Vi tok ei runde med spørsmål blant dei, og dette er det vi fikk til svar. Matheo Hulsker Brastad, 5 år Jeg har lært at man ikkje skal slå, slåss og sånt. Det er ikke lov! I samling har jeg lært litt om kalender og tall og sånt. I hallen har jeg lært å bli flinkere til å stupe kråke og faktisk så har jeg lært masse om skjelettet i barnehagen.
Da kan man leke med leker, det er veldig gøy å sykle på den store røde sykkelen. De voksne kan også leke, men de må passe på barna og sånt. Om du var vaksen, og hadde jobb i barnehagen. Kva ville du lært barna? Jeg ville lært barna å sykle på to hjul. Andreas Hamnes Lønseth, snart 5 år I har lært at en ikkje skal bade i søledamma, da blir vi våt. I har også lært å ikkje gå ut i veien når vi e på tur. Vi skal heller ikkje bråke inne, det kan vi gjør ute. Forresten så har i lært nye eventyr i samling. I går hørte vi Prinsessa på erten Det var gøy! I slepp å ta ut av oppvaskmaskina og å passe barna. I kan leike heile tida, det kan ikkje voksne. Dæm må på møte og slikt. Æsj, i lika ikkje møte! Ute kan i leike masse i sandkassa, i like å lage vulkana. Kommer ikkje på nåkka.
Johanna Salthammer, 5 år Det e ikkje lov å springe inne, ikkje lov å slå, bite eller klipe. Da sei dei vaksne at en må slutte. Det er bra fordi at om noen slår så kan andre få vondt. I he faktisk lært noe av me sjølv også. På tur såg i en gang at en anna unge stakk hull på en pose med vann slik at alt vannet for ned i regnjakka på arma..det var ikkje lurt! I samling så har i lært om kroppen, f.eks at vi har ribbein og at inni øyet har vi øyestein. At vi får leike for visst i hadde jobba så hadde i ikkje fått leike, men måtta hjelpe ungan heile tida. Og så har i faktisk sett at voksne veldig ofte blir masa på. Det slepp i! Men når ungan blir voksne e det deres tur til å jobbe. I lika veldig godt å leike me ho Emma. Ho e en veldig god venn, vi hjelpe kvarandre. Visst du var vaksen og hadde jobb i barnehagen. Kva ville du ha lært barna? Vi hører her lyden av ryddebjella inne på avdelinga og Johanna seier at no må ho faktisk gå.
Vi forsyner oss med frukt og sender vidare til nestemann og passar på at alle får. Mange av barna er oppmerksomme og ser når dei andre vil ha meir frukt. Då passar dei på at fatet vert sendt til den som vil ha. Vi kan å seie versågod og takk skal du ha og vi kan å ta vare på kvarandre under måltidet! Oliver Skøld 3 år og Fride Andrea Hoem 3 år Vi kan trille ball i Hallen. Kenny Dolbey 3 år og Adrian Connor Søreng 3 år.
Kva har vi lært? At vi kan lage kostymer av papp og filt. Vi kan klippe og lime, og bruke fantasien vår til og lage mange fine dyrekostymer. Benjamin Frostad Møller 5 år og Bendik Andre Berg 5 år lager seg dinosauruskostymer. Renate Nyheim Lervik 5 år har laga seg hest med vinger kostyme. Mange fine dyrekostymer vart det. Dette kan vi
På bilde: frå venstre Liam Vasby (1år), Isabell Sandnes Mehl (1), Hermine S. Kleiven(2), Maria Hollingsæter Alvsåker (2), Jorunn Bråten Sande(2), Karoline Nerås Eide (3), Tuva Kleive Bredeli(2). Tuva Kleive Bredeli 2 år. Det var samlingsstund, og vi hadde forskjellige dyr i samlingseska vår. Den vaksne tar ut eit dyr om gongen og spør barna om dei veit om ein sang om dette dyret. Denne gangen tar Marit (vaksen) ut ei mus (barna har lært ein musesang: når ei lita mus skal ut og gå ), og spurde: kva kan vi synge til musa? Tuva svarte først: Bæ bæ lille lam! Marit: men kan vi synge til musa om lammet? Ho vil sikkert ha ein sang om seg sjølv. Veit du om ein sang om ei mus, kanskje? Tuva smilte og sa: Bæ bæ lille mus! Og slik vart det! Hermine S. Kleiven 3 år Ein dag følte Pille (vaksen) seg ikkje så bra, ho var kvalm og hadde litt vondt i magen. Hermine ville gjerne leike den samme leiken som dei leika ein dag før, flystasjon. Då låg Pille på ryggen på golvet og reiste barna opp i lufta med føttene sine. I dag måtte Pille sei dessverre, men vi kan ikkje leike det i dag, fordi eg har litt vondt i magen. Hermine ser bekymra ut og seier: Hmmm, eg veit kva som hjelp! Pille: Veit du? Så bra, vil du fortelje det til meg. For eg tok ein tablett og det hjalp ikkje Hermine: Du må sette på eit plaster, det hjelp!
Kaia Stokkeland Kleiven 5 år Om det som er inne i kroppen. Slik som tjukktarmen, tynntarmen, lungene og hjernen. Eg lærer å ikkje sparke folk. Lærer å male og pusle puslespel. Å leike med Eljana. Teikne, slå hjul og stå på hendene. Leike ute. Være med på samling. Vist du var vaksen, og hadde jobb i barnehagen. Kva ville du lært barna? Å ikkje slå. Ikkje bite. Ikkje skubbe. Ikkje krangle. Dei skulle leike.
Mathilde Kvithaug Stokkeland 5 år Eg har lært å rydde. Være venna og ikkje sparke eller gjere noko slemt. Ikkje lov å springe inne. Å leike med kjøkkenet. Det er morosamt å byggje hus med madrassar. Der er morosamt å leike med Kaia og Eljana. Vist du var vaksen, og hadde jobb i barnehagen. Kva ville du lært barna? Dei skulle lære seg å sete i garderoben. Lære dei å rydde ute. Dei måtte lære å være snille.
Olav Dalhaug 6 år Lært om kroppen. Lage ting. Lært å bygge lego. Teikne. Å leike med putene. Leike at me skyt på blink. Bygge hytte med madrassar. Leike med bilar og byggje med klossar. Vist du var vaksen, og hadde jobb i barnehagen. Kva ville du lært barna? Å snakke ordentleg. Lære dei å klatre i tre. Eit lite tre i begynnelsen. Lært dei å teikne. Lært dei å skrive namnet sitt.