VESTNES KOMMUNE Administrasjonsutvalet Innkalling til møte i Administrasjonsutvalet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 12.03.2013 Kl.15:30 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post ellen.forland@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 08 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: rune.haseth@vestnes.kommune.no, eller tlf. 901 41 565. ordførar Side 1
Saksliste Saksnr Innhald Lukka PS 1/2013 PS 2/2013 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte PS 3/2013 Sjukefråversrapport for 3. termin 2012 og heile 2012 PS 4/2013 Endring permisjonsreglement. PS 5/2013 Løn til ferievikarar/vikarar - legestudentar. X PS 6/2013 Søknad om permisjon - ***** ***** ***** X PS 7/2013 Permisjon i stilling skuleåret 2013/2014 X Side 2
PS 1/2013 Godkjenning av innkalling PS 2/2013 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 461 Arkivsaksnr.: 2012/2372 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 21.02.2013 Sjukefråversrapport for 3. termin 2012 og heile 2012 Utval Møtedato Utvalssak Arbeidsmiljøutvalet 28.02.2013 Administrasjonsutvalet 12.03.2013 3/2013 Administrasjonssjefen si innstilling Oversikta over sjukefråveret for 3. termin, perioden 01.09.12 31.12.2012 vert teken til vitande. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Sjukefråversstatistikken skal leggjast fram for kommunen sitt AMU tre gonger i året. Rapportane vert sendt driftsleiarane som ved store endringar kan kome med kommentarar til desse. På einingar med få tilsette vil eit langtidsfråver gjere store utslag. Vurdering: Sjukefråveret har over fleire år vore høgt i kommunen, i størrelsesorden 9 til 10 %. Tendensen i 2012 er en nedgang i fråveret. Totalt sjukefråver 3. termin 2012 var på 7,2 % Sjukefråver 1. termin 2012 var på 11,4 % Sjukefråver 2. termin 2012 var på 6,9 % For heile 2012 var sjukefråveret på 8,6 %. For heile 2011 var sjukefråveret på 9,9 %. Sjukefråveret har gått ned og noko av forklåringa kan vere ny ordning frå juli 2011 med tidlegare oppfølging av sjukemeldte i IA-bedrifter. Vidare har utviklinga på nokre einingar vore positiv over tid. Vi ser at langtidsfråveret utgjer den største utfordringa, noko som skulle tilseie Side 4
at det er viktig å kome inn tidleg i eit sjukemeldingsløp. For nokre tilsette som er ute i legemeldt fråver over 40 dagar, ligg alvorleg sjukdom til grunn og tidsforløpet vert soleis påkrevd. I andre høve kan tilrettelegging tidleg hindre lange fråver. Nye tiltak i kommunen: Møteplassen er ein ny arena for oppfølging av sjukemeldte. Kvar 2. tysdag i månaden vert avvikla møteplassen kommunen sin offisielle arena for oppfølging av sjukemeldte eller arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukemeldt eller har helseplager som krev særskilt tilrettelegging. Her deltek arbeidstakar, arbeidsgjevar, BHT, personalkonsulent, NAV og sjukemeldande lege. Hensikta er å få ein dialog mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar slik at ein kan få avklart saka i ein tidleg fase i høve tilrettelegging. Einingane følgjer opp sine sjukefråver og melder opp saker til Møteplassen. På noko sikt håper vi at ein systematikk i oppfølgingsarbeidet kan føre til at sjukefråveret går ned. Turnusprosjektet som vart starta opp i september 2012 er i gang med å prøve ut 4 ulike turnusar i einingane. Målet er redusert bruk av deltid og vi trur ein bieffekt kan vere nedgang i sjukefråveret. IA-forum er etablert som ein overordna arena for IA-arbeidet i kommunen. Her deltek hovudverneombod, hovudtillitsvald, NAV arbeidslivssenter, lokalt NAV kontor, representantar frå driftsleiarane, frå personalavdelinga og frå BHT på enkelttema. Her vert meir overordna føringar for oppfølgingsarbeidet i kommunen lagt. Vedlegg: Oversikt over sjukefråver 2. og 3. termin og heile 2012 Side 5
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Synnøve Sæterøy Dato: 04.03.2013 Endring permisjonsreglement. Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 12.03.2013 4/2013 Administrasjonssjefen si innstilling 1 Ved alvorleg sjukdom i næraste familie kan arbeidstakar få permisjon med løn i inntil 10 dagar. Permisjonen gjeld familiemedlemmer i rett opp eller nedgåande linje eller ektefelle. Ordninga gjeld og sambuar, sambuar sine barn og ektefelles tidlegare barn. Sjukdom utover 3 dagar må stadfestast av lege. 1.2 Ved alvorleg sjukdom i nær familie, eller hos andre som står arbeidstakaren nær, kan permisjon med løn gjevast i inntil 3 dagar.. Som nær familie reknar ein søsken, svigerforeldre, svigerinne og svoger. 2 Det gjeld dei same endringane i 2.1 og 2.2 for næraste familie og nær familie. SAKSUTGREIING: Bakgrunn: I samband med at permisjonsreglementet skulle leggast ut offentleg fikk ein tilbakemelding på 1 og 2. Tilbakemelding om at det også bør gjelde ektefelles tidlegare barn. Det var ikkje tenkt at permisjonsreglementet ikkje skulle gjelde for ektefelles tidlegare barn. Side 6
1 og 2: 1 Ved alvorleg sjukdom i næraste familie kan arbeidstakar få permisjon med løn i inntil 10 dagar. Permisjonen gjeld familiemedlemmer i rett opp eller nedadgåande linje eller ektefelle. Ordninga gjeld og sambuar og sambuar sine barn. Sjukdom utover 3 dagar må stadfestast av lege. Her legg ein til ektefelles tidlegare barn. Ny 1 Ved alvorleg sjukdom i næraste familie kan arbeidstakar få permisjon med løn i inntil 10 dagar. Permisjonen gjeld familiemedlemmer i rett opp eller nedgåande linje eller ektefelle. Ordninga gjeld og sambuar, sambuar sine barn og ektefelles tidlegare barn. Sjukdom utover 3 dagar må stadfestast av lege. 1.2 Ved alvorleg sjukdom i nær familie, eller hos andre som står arbeidstakaren nær, kan permisjon med løn gjevast i inntil 3 dagar. Som nær familie reknar ein besteforeldre, barnebarn, søsken, svigerforeldre, svigerinne og svoger. Her stryker ein foreldre, besteforeldre, barn, barnebarn då dette kjem under næraste familie. Ny 1.2 Ved alvorleg sjukdom i nær familie, eller hos andre som står arbeidstakaren nær, kan permisjon med løn gjevast i inntil 3 dagar. Som nær familie reknar ein søsken, svigerforeldre, svigerinne og svoger. 2 Det gjeld dei same endringane i 2.1 og 2.2 for næraste familie og nær familie. Vurdering: Særutskrift til: Side 7
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 515 Arkivsaksnr.: 2012/806 Saksbehandlar: Synnøve Sæterøy Dato: 04.03.2013 Løn til ferievikarar/vikarar - legestudentar. Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet 12.03.2013 5/2013 Administrasjonssjefen si innstilling Lønn for legestudentar: 2. og 3. års studie - lik lønn som helsefagarbeidar årsløn kr. 307 000,- 4. års studie - lik lønn som høgskuleutdanna årsløn kr. 357 900,- (Lønna er lik begynnarløn i kommunen - 4 års ans.) I tillegg sponsing: - dekt halvparten av husleige inntil kr. 1 000,- - dekt utgifter av reise inntil kr. 2 500,- SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Vi har lyst ut etter ferievikarar med søknadsfrist 04.03.13. Kvart år så har vi store problem med å rekruttere nok ferievikarar med fagkompetanse slik at vi kan ha ei forsvarleg drift når det er ferieavvikling i kommunen. For å ha ei forsvarleg drift i fjorårets avvikling av ferie så leigde vi inn frå byrå. Ein har mottatt ein del søknader frå svenske legestudentar. I dei siste åra har vi hatt legestudentar inne som ferievikarar ved Vestnes sjukeheim, Tresfjord trygdeheim, Heimetenestene og Hellandtunet. Dei fleste har vore frå Sverige og dette har fungert godt. Ved desse plassane treng ein kompetanse, særleg høgskulekompetanse for å ha ei forsvarleg drift. Dette gjeld både i ferievikariat og elles i året. Vi har for få søkjarar til stillingane som har krav til høgskuleutdanning eks. sjukepleiarar. Sjukeheimen har dei størst problem med rekruttering i sjukepleiarstillingane på natt. Side 8
Når det gjeld legestudentar så kan dei gå inne å erstatte høgskuleutdanna i forhold til medisinering, dette gjeld dei som er 4 års studentar. Dei kan også ansvar i avdeling på lik linje med hjelpepleiar/helsfagarbeidar/omsorgsarbeidar. På område innan denne kompetanse så konkurrerer vi med andre kommunar. ( I fjord så mista vi fleire legestudentar då dei fekk betre betalt i andre kommunar). Vi måtte leige inn frå byrå som er ein større kostnad for kommunen. I tillegg så vart personale med fagkompetanse oppfordra til å avvikle ferien utanom hovudferien. Dei som gjorde det fekk ei godtgjersle på kr. 10.000,-. Det var driftsmessige omsyn som avgjorde flytting av ferie. Dette vil ein også oppfordre til i år. Kommunen har pr. i dag rekrutteringsløn til studentar vedtak i adm.styret 24/2011. Vurdering: Driftsleiarane i pleie- og omsorg har vurdert behovet for tiltak i høve å rekruttere ferievikarar i sommar. For at ein skal konkurrere om legestudentane så ønskjer dei slike tiltak: Lønn for legestudentar: 2. og 3. års studie - lik lønn som helsefagarbeidar årsløn kr. 307 000,- 4. års studie - lik lønn som høgskuleutdanna årsløn kr. 357 900,- (Lønna er lik begynnarløn i kommunen - 4 års ans.) I tillegg sponsing: - dekt halvparten av husleige inntil kr. 1 000,- - dekt utgifter av reise inntil kr. 2 500,- Særutskrift til: Side 9