Kvam herad. Budsjett 2012 / Økonomiplan 2012-2015. www.kvam.no



Like dokumenter
KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

Tertialrapport 2 tertial 2015

Oversyn over økonomiplanperioden

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kvam herad. Sakspapir

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Vegen fram til ØH-sengerplanar

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Budsjett Økonomiplan

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Kvam herad. Sakspapir

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Kommunedelplan for oppvekst

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

061/13: KVAM HERAD - BUDSJETT 2014 OG ØKONOMIPLAN

3. tertial Økonomistatus for Kvam herad per 3. tertial 2016

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

10/60-14/N-211//AMS

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Politisk verksemd. Kostradokument nr. 1. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for 2010

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

VEDLEGG 3 TIL MØTEPROTOKOLL FOR SAMNANGER KOMMUNESTYRE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Tertialrapport

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

MØTEBOK Tysnes kommune

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Kommunedelplan for oppvekst

Saksnr Utval Møtedato

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Møteprotokoll for Formannskapet

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

2. Kommunestyret vedtek følgjande prinsipp for drifta i Volda kommune:

Handlingsprogram og økonomiplan

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Bremanger kommune kontroll av revidert budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Bjørg Kyrkjebø Staaland MEDL AP

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

066/12: KVAM HERAD - BUDSJETT ØKONOMIPLAN

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Budsjett 2012 / økonomiplan

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Økonomiutvalet vert sett med 11 medlemmer. Pål Rørby møtte som nestleiar i Hovudutval for Livsløp

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Budsjett Intern Service Helse Førde

Austevoll kommune. Møteprotokoll ELDRERÅDET. Møtedato: Møtetid: Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

NY Landkommune arbeidsnotat økonomi

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Transkript:

Kvam herad Budsjett 2012 / Økonomiplan 2012-2015 www.kvam.no - 1

Innhaldsliste 1 HST-137/11 Vedtak:... 2 Kvam heradsstyre vedtek følgjande:... 2 2 Pimp my kommune... 6 2.1 Innleiing... 6 2.2 Det økonomiske bakteppet... 9 2.3 Hovudutfordringar... 10 2.4 Satsingsområde... 11 3 Rammeområda samla... 13 3.1 Politisk verksemd... 15 3.2 Administrasjon, styring og fellesutgifter... 16 3.3 Barnehagar... 17 3.4 Grunnskuleopplæring... 19 3.5 Kommunehelse... 21 3.6 Helse og omsorg... 24 3.7 Sosialteneste og NAV... 27 3.8 Barnevern... 29 3.9 Bustader... 31 3.10 Fysisk planlegging, kulturminne, natur og nærmiljø... 33 3.11 Næringstøtte og kommunal forretningsdrift... 36 3.12 Brann og ulukkesvern... 39 3.13 Samferdsle og grøntanlegg... 40 3.14 Vatn, avlaup og renovasjon/avfall (VAR)... 41 3.15 Kultur... 43 3.16 Kyrkje... 45 3.17 Skatt og rammetilskot... 46 3.18 Finans... 47 3.19 Tiltak og ynskjer det ikkje funne plass til... 48 4 Økonomisk oversiktar... 49 4.1 Hovudoversikt totalt 2012 2015 (inkl. prosjekt og VAR)... 49 Budsjettskjema 1A... 50 4.2 Budsjettskjema 1B... 51 5 Investeringar Kvam herad 2012-2015... 52 5.1 Økonomisk hovudoversikt investeringar... 52 5.2 Budsjettskjema 2A investeringar... 53 5.3 Budsjettskjema 2B investeringar... 53 6 Prosjekt i økonomiplanperioden 2012 2015... 54 6.1 Nye prosjekt... 54 6.1.1 3. kvartal 2011... 54 6.1.2 Øk.plan 2012-2015... 54 6.2 Vedtekne prosjekt... 57 6.2.1 Driftsprosjekt... 57 6.2.2 Investeringsprosjekt... 59 6.2.3 Aktive VA prosjekt... 62 Avslutta prosjekt... 65 6.2.4... 65

1 HST-137/11 Vedtak: Kvam heradsstyre vedtek følgjande: 1. Skatt på eige og inntekt Skatt på eige og inntekt vil verta utlikna med maksimalsatsane. 2. Skattemargin Avsetnad til skattemargin er 9 % 3. Eigedomsskatt 2012 a) Med heimel for utskriving i medhald av Eigedomsskattelova 2 og 3 skal eigedomsskatten i 2012 gjelda heile heradet. b) Eigedomsskattesatsen i 2012 vert 7,0 promille i samsvar med eigedomsskattelova 13. c) Differensiering: I medhald av eigedomsskattelova 12 a vert skattesatsen (skattøyre) for bustader og fritidshus sett til 2,5 promille. d) Botnfrådrag: Det vert ikkje gjeve botnfrådrag på bustaddelen i eigedomar/fritidseigedomar. e) Fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova 7 vert gjeve for eigedomar som fell inn under 7 a (Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten) og 7 b (bygning som har historisk verde). f) Nyoppført bygning som vert nytta til husvære vert etter søknad friteken for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova i 7 i 5 år frå den tida bygningen vart ferdig eller heradsstyret endrar eller opphevar fritaket. 4. Låneopptak Rådmannen får fullmakt til å inngå avtalar om opptak av nye obligasjonslån, sertifikatlån eller andre lån til finansiering av prosjekt etter kvart som dei vert vedtekne, samt å avtala nærare lånetidspunkt og lånevilkår, og underteikne lånekontraktar. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale med Husbanken om inntil 10,0 mill. kr. i lån til vidare utlån (Startlån). 5. Refinansiering Rådmannen får fullmakt til å inngå avtalar om refinansiering av eksisterande lån, til å inngå avtale om lånetidspunkt og lånevilkår, samt underteikne lånekontraktar. Refinansiering av eksisterande lån skal ikkje medføre endring i den reelle avdragsplanen. 6. Låneavdrag Det skal betalast 24,0 mill.kr i avdrag i 2012. 7. Trekkrett I følgje vedteken plasseringsstrategi for Kvam herad vert det vedteke oppretthalde trekkrett i kontosystemet til Kvam herad. Trekkretten for 2012 skal vera på inntil 40 mill.kr. 8. Godtgjersle til politikarar (jfr. Reglement for arbeidsvilkår) 2

Ordføraren si godtgjersle for 2012 vert kr 735 000, men godtgjersla skal vurderast ved revisjon av arbeidsvilkåra for dei folkevalde. Satsane for møtegodtgjersle til folkevalde vert ihht. Reglement for arbeidsvilkår som skal reviderast 2012 9. Delegeringsreglement Budsjettet for 2012 er definert gjennom obligatoriske hovudoversikter for drift og investering. Rådmannen får fullmakt til å fordela ramma i samsvar med underliggjande dokumentet og tabellar. Prosjekt vert vedtekne i særskilde tabellar. 10. Justering av prosjekt i tid. Rådmannen får fullmakt til å justera budsjetta for prosjekt i høve til endringar i tid. 11. Avgiftsbudsjett og gebyr Avgiftsbudsjett og kommunale gebyr vert vedteke i samsvar med føresetnader i eiga sak. 12. Satsar for økonomisk sosialhjelp Satsar for økonomisk sosialhjelp er i samsvar med statlege rettleiande retningslinjer for utmåling til livsopphald etter sosialtenestelova si 5-1 tredje ledd mv. 13. Driftsbudsjett i 2012-2015 Driftsbudsjettet vert vedteke i samsvar med tabellen nedanfor og underliggjande tabellar. (Mill kr.) Sjå side 49-50-51 14. Rammeområde. Budsjettet fordelt på rammeområde, jfr. Økonomireglementet for Kvam herad (1000 kr) sjå side 14 15. Investeringsbudsjettet for 2012-2015 Investeringsbudsjettet vert vedteke i samsvar med tabellen nedanfor og underliggjande tabellar. Mill. kr. Sjå side 52-53. 16. Gardskartprosessen Kvam heradsstyre løyver kr. 450 000 frå næringsfondet til prosjektet Gardskartposessen. Løyvinga vert dekka over næringsfondet 14708 32551 40000 8000. Vidare hovudstrategi for Kvam herad med endringar skal innarbeidast i budsjett som fylgjer: Kvam herad skal i tillegg til lovpålagte oppgåver og servicetenester til innbyggjarane arbeida for vekst i folketalet, auka sysselsetjing og verdiskaping. For å auka interessa for Kvam herad som etableringsstad med bustadbygging og næringsverksemd, er arealdisponering og eit godt vegnett internt og ut av heradet viktig. Kvam heradstyre viser til auke i samla drift og lønskostnader i Kvam herad, som med tillegg av kapitalutgifter ikkje er i samsvar med inntektsutviklinga. Når ein korrigerer for investeringsprosjekt og VAR, viser det ein samla auke i behov for nye inntekter og reduserte kostnader i storleiken 13.5 mill. kr. i 2012. Kvam herad har vedteke ei målsetjing om å oppnå eit årleg netto driftsresultat på 3 % i økonomiplanperioden. Kvam heradstyre viser til vedteke budsjett for 2011. Slik det kjem fram frå rådmannen jamfør rapport for 3. kvartal, vert kravet til netto driftsresultat 3

vesentleg redusert. Kvam heradsstyre ber rådmann og økonomiutvalet i året 2012 leggja særleg vekt på effektiv drift og organisering av heile verksemda, for å oppnå årleg netto driftsresultat på 3% i økonomiperioden 2012-2015. Lånegjelda til Kvam herad er ved utgangen av 2011 ca. 616 mill. kr. Lånegjelda vil auka i 2012 til ca. 733 mill. kr. Med bakgrunn i den høge lånegjelda vil Kvam heradstyre oppretthalda investeringstopp for åra 2012-2013 som vedteke i HST sak 121/10. Målet er å redusera lånegjelda. Investeringsstoppen gjeld ikkje rådmann sitt forslag til investeringar i VAR område. Framtidige investeringsprosjekt som kan fremjast i perioden 2012-2013 må vera sjølvfinansierande med inntekter som dekkjer renter/avdrag og driftsutgifter med tiltaket. Investeringsplanen skal ta inn fylgjande postar: - Kvam heradsstyre ber rådmannen fremja ei sak vedrørande opprusting av skule i Ålvik innan sommaren 2012. Opprusting av skule i Ålvik skal inn som eigen post i budsjettet for 2014.. - Erverving av grunn/opparbeiding av kommunal veg til Thon Hotel. Administrasjonen kjem tilbake med plan for finansiering. - Midlar til Sjusete skianlegg vert overført frå 2011 til 2012 (Diversekode: K106). Heilskapleg kvammaskule med felles styring og mål. Me ynskjer å styrkja tilpassa opplæring i ordinære klassar, for å redusera andelen elevar i spesialundervisning. Rådmannen skal utarbeida ein ny skulebruksplan for Kvam Herad. SFO: frå 01.08.2012 bør det vere minst 10 barn i kvar avdeling. Rådmannen ser på alternative løysingar når det gjeld SFO i avdelingar med under 10 born. Kvam heradsstyre vedtar tilsetjingstopp, men den tenesteytande produksjon vert skjerma i størst mogeleg grad. Rådmannen skal rapportere til økonomiutvalet på kvart møte. Kvam heradsstyre ber rådmannen setta i verk revisjon av serviceerklæringane. Det må også utarbeidast ein plan/revisjon vedrørande soneinndeling i helse og omsorg. Det er eit mål å arbeide for reduksjon og seinare fjerning av eigedomsskatt på bustad og fritidsbustader så snart økonomien tillet det. Kvam herad er i dag eit fleirkulturelt samfunn, som skal ha stort fokus på likestilling og integrering. Rådmannen fremjar plan til HST som gjeld integrering av barn av flyktningar og arbeids innvandrarar snarast. Kvam herad ser med gleda fram til at Hardanger kunstskule vert ein realitet og ønskjer å vera ein positiv støttespelar. Kvam heradsstyre ber rådmannen fremja ei sak i løpet av 2012 om den vidare bruken av tidlegare Norheimsund ungdomsskule. 4

Budsjettframlegg 2012-2015 Definering av inntektsbehov: 2012 2013 2014 2015 Netto driftsres. I rådmannens budsjettframlegg (6 100) (3 700) (3 600) (5 100) - Korrigert netto driftsres. (6 100) (3 700) (3 600) (5 100) Endringsframlegg: Inntektsbehov/kutt i drift for å oppnå rådmannens Budsjettframlegg 6 100 (3 700) (3 600) (5 100) Auke utbytte BKK 1 000 1 250 1 500 2 000 Reduksjon i drift / forbetra innkjøpsavtalar / kjøp av tenester 1 000 1 500 1 500 1 500 Reduksjon i Helse og omsorg 2 500 2 000 2 000 2 000 Reduksjon i Skule 1 500 1 500 1 500 1 500 Reduksjon i Barnehage 1 000 1 250 1 500 2 000 Reduksjon Sosialtenester og NAV 500 500 500 500 Reduksjon i lønnsutgifter øvrige / Tilsetjingsstopp generelt 2 000 2 500 3 000 3 000 Reduksjon i Kulturelle skulesekk 250 250 250 250 Ytterligare reduksjonar må innarbeidast 12 950 12 350 13 350 Sum nye inntekter 9 750 23 700 24 100 26 100 Netto driftsresultat i fellesframlegget 15 850 20 000 20 500 21 000 Krav til netto driftsresultat (3 %) iflg budsjettvedtak 19 500 20 000 20 500 21 000 Differanse i høve kravet (3 650) - - - 5

2 Pimp my kommune 2.1 Innleiing Rådmannen legg ved dette fram framlegg til årsbudsjett for 2012. Årsbudsjettet byggjer på ei framskriving av driftsnivået i 2011, vedtak i økonomiplan 2012-2015, saman med endringar i framlagt statsbudsjett 2012 og andre endringar i heradet sine økonomiske rammevilkår. For eit år sidan la rådmannen fram sitt framlegg til budsjett under parolen «Bremsane på». I mitt hovud danna det seg då eit bilete av at Kvam herad var ein gammal bil som sakte men sikkert rulla fram mot kanten av eit stup; Det er banken som eig bilen, sparekontoen er tom, vedlikehaldet nedprioritert og styringssystemet begynt å skranta. Me sat inne i bilen, beit neglar og kryssa fingrane for at vedlikehaldet har vore godt nok til at i alle fall bremsane og reversgiret virka. I år tenkjer eg litt annleis. Budsjettet for 2012 vert lagt fram med referanse til tv-serien «Pimp my ride». I fylgje wikipedia er «Pimp My Ride ein serie på MTV. Programmet går ut på at ein heldig deltakar får sin gamle, falleferdige brukte bil reparert og lakkert på nytt av profesjonelle mekanikarar». Meir om det seinare. Eg legg fram eit budsjett som ikkje er i balanse. Det manglar faktisk 6,1 millionar før me går i null. Mange vil nok allereie då seia at rådmannen ikkje har gjort jobben sin og gje dårlege karakterar for manglande gjennomføring. Men som vanleg i vår bransje, skal eg spele poker med alle korta synleg på bordet. Eg har ein strategi ved å gjera det på denne måten. Sjølvsagt kunne eg lagt fram eit saldert budsjett med den same kuttlista som har blitt vist siste 24 år. Det hadde ført oss inn i det same sporet som fleire gongar før. Eg skal ikkje gjera det for vane å stela sitat frå andre, men i siste FSK sette Jostein Ljones ord på mantraet mitt som økonomisjef: «Ostehøvelen er god til å skjera ost med». Eg tolkar dette, andre uttalelsar og valprogramma dykkar som ein politisk vilje til å flytte fokuset i budsjettdebatten frå generelle kutt til større grep. Min strategi er som fylgjer: ved å leggje fram eit usaldert budsjett vonar eg at administrasjon og politikk no samlar seg som profesjonelle mekanikarar og reparerer bilen. Det vil seia at me saman finn ut korleis me skal få budsjettet i balanse før 20. desember. Me kan sikkert diskutere tydinga av «større grep» i det uendelege. Større grep slik eg ser det kan vera strukturendringar, sentralisering, reduksjon i kvalitetsnivå (serviceerklæringar), legge ned eller kutte i ikkje-lovpålagte tenester, omorganiseringar, omprioriteringar eller teknologiske forbetringar. Slike grep krev stort politisk mot, og kraftig endringsvilje i administrasjonen. I ein organisasjon med eit budsjett på nesten 700 millionar vil det vera potensiale for forbetringar, men grepa som no må gjerast er av ein slik karakter at ein rådmann ikkje kan gjera dei utan at dei er politisk initiert. Eg inviterer no heradsstyret til å peike på områder eller tenester der me kan vurdera endringar. Effektivisering handlar om ein av to ting, enten å få meir igjen for kvar krone, eller få det same igjen for færre kroner. Situasjonen vår er slik at det er det siste alternativet som må 6

gjelde. Me må arbeide for å få det same igjen for færre krone. Klarar me det vil ikkje den jamne kvemming merka stor forskjell, fordi nivået på tenestene i Kvam er jamt over godt. Det er sjeldan me får kritikk for nivået på den ordinære tenesteproduksjonen. Kritikken mot heradet rettar seg vanlegvis heller mot strategiske vegval som vert gjort (eller ikkje gjort). I framlegget de sit med i handa er det allereie lagt inn eit generelt kutt. Einingane sine budsjett for driftsmidlar er ikkje justert for prisvekst. I realiteten betyr det eit kutt på 2% over heile fjøla. Driftsbudsjetta er no pint ned på eit minimumsnivå. Mange budsjettansvarlege vil nok få vanskar med å halde seg innanfor rammene sine. Det er heller ikkje budsjettert inn bufrar for uforutsette hendingar. Kvifor kan ikkje eg foreslå kva større grep som må gjerast? Eg burde vel vita best kvar potensialet ligg? Jau, ideelt sett burde det gjerast slik, men eg slit med at kommuneplanen eg skal rette meg etter vart utarbeidd for over ti år sidan og byrjar bli utdatert. I tillegg inneheld den over 250 prioriterte strategiar. Eg klarar ikkje å tolke meg fram til kva me skal prioritera bort. Eit anna moment er at det akkurat er valt eit nytt heradsstyre. Eg ynskjer derfor å lytte til dei folkevalte og gå i dialog for å finne fram til dei rette prioriteringar og omprioriteringar. Dette må då vera ein fantastisk demokratisk framgangsmåte. Me har ikkje tid til å vente med å setje i gang arbeidet. Skal me vente til ny rådmann er på plass, skrivebordsanalysar, lange meiningsutvekslingar og ny kommuneplan så havnar me under statleg styring og kontroll lenge før me er ferdige. Her må me brette opp ermane. Biletleg sagt må me køyre førestellinga vår på hovudscenen kvar dag, samtidig som me dagleg skriv om manuset og endrar koreografien og regien. Publikum ventar at flyten i showet skal vera like god kvar dag, dei har trass alt betalt for det. Men me må òg leva med at crewet blir mindre og mindre. Det er nok ingen som seier det høgt, men nokon, i alle fall Fylkesmannen, tenkjer kanskje at kvifor kan ikkje Kvam herad berre auka eigedomsskatten endå meir og løysa problemet på den måten. Det verktøyet ligg trass alt heilt øvst i kassen. Økonomisjefen i meg vil nok seia at det er ein fornuftig ide, fordi takstane ligg fast i ti år, og så lenge me ikkje inflasjonsjusterer satsen på 2,5 promille så har me ein reell nedgang i eigedomsskatten i Kvam. Eg føreslår likevel ikkje å auka eigedomsskatten og det er to grunnar til det. Eg er sjølv veljar og har lese valprogramma og veit at forslaget vil verta forkasta. Det andre er at eg meiner at no må me gje oss sjølve eit spark bak og heller byrja arbeide med å redusere utgiftene. Eg meiner at skal me klare å friskmelde økonomien vår må me setje oss som mål å redusere dei årlege utgiftene med 20 mill over to år, og 30 mill over heile økonomiplanperioden. Matematisk betyr dette at det vil bli utført omlag 40 årsverk mindre i Kvam herad ved neste val. Dette er nok ikkje populært hjå arbeidstakarorganisasjonane, men eg kan i alle fall senda dei ei trøyst om at eg ikkje tenkjer at dei skal måtte sitja i drøftingsmøter i 4 år. Statistikken viser at 88 personar oppnår pensjonsalder i denne perioden. I tillegg er det alltid ein del personar som sluttar av andre årsakar, slik at i teorien kan me erstatte 2 av 3 som sluttar og likevel oppnå målsetjinga. Men det er rein teori, å få dette til å fungere i praksis vil krevje mykje dialog, kløkt, endringsvilje, hardt arbeid, politisk mot og, ja paradoksalt nok, kanskje ekstra ressursar. 7

Å utfordre etablerte sanningar er krevjande. Eg har ikkje vore i organisasjonen lengre enn at eg fortsatt ofte spør spørsmålet: «kvifor gjer med det eigentleg slik?» Svaret er som regel at «slek gjer me det i Kvam». I framtida, det vil seia frå i morgon av, må oppfylgjingsspørsmålet bli «korleis kan me gjera det betre?» Det betyr at me må ta i bruk nye deler av hjernen og tenkja heilt nytt. Me må sjå på vår eigen kommune, organisasjon eller avdeling med heilt nye auger. I starten har eg to verktøy i kassen som skal framprovosere kreativiten hjå den enkelte. Det første er at me kjem til å jobbe på ein heilt annan måte i utarbeidinga av budsjettet for 2013. Slik me arbeider no så sit alle på si tue og reknar ut behova sine framover. Då sit den enkelte rektor, styrar eller gruppeleiar og ser på enkeltbrukarane sine behov. Per slit med bokstavar og treng ekstraressursar, Pål slit med tal og treng litt ekstra, Kari har problem heime og treng litt ekstra, Ola er ofte sjuk og treng litt ekstra, Til slutt kjem alt dette inn til økonomikontoret som summerer opp, samanliknar med inntektene og som regel ser at det manglar fleire titals millionar. I løpet av vinteren og våren må me bruke tid på å lage ressursfordelingsmodellar som gjer at me meir objektivt og på ein meir rettferdig måte kan fordela ressursar ut på dei enkelte einingane. Svært forenkla betyr dette at eg tenkjer meg ein modell der me stykkprisfinansierer kvar avdeling ut frå kor mange og kva type brukarar dei har, deretter må dei tilpasse drifta si ut frå kva dei får tildelt av midlar. Dette tek meg vidare til det neste verktøyet som er leiarskap. Leiarar som arbeider mot felles mål, men med stor handlingsfridom, er kreative og løysingsorienterte. Leiarar i Kvam må vise stor endringsvilje, gje tydeleg retning til sine medarbeidar og ha fokus på resultat. Gjennom å stille tydlege krav til leiarar om kva som er forventa av dei er eg overtydd om at me kan klare å omstille oss for å byggje ein ny type organisasjon. Hovudparolen i budsjett 2012 er som eg skreiv i byrjinga «Pimp my ride». Eg er stygt redd for at hovudoverskrifta etter denne innleiinga vert at rådmannen vil kutte 40 årsverk i organisasjonen. Sjølv vil eg prøve å vinkla dette meir positivt. Eg overset «Pimp my ride» fritt til nynorsk og då blir det «framtidas Kvam herad». No slår me oss saman og reparer bilen, eller byggjer framtidas organisasjon. Dette skal vera ein handlekraftig organisasjon med stor gjennomføringsevne, der brukarane klart veit kva dei kan forvente å få. Kvam herad skal ha ein sunn økonomi, og årleg kunna setje av pengar til vidareutvikling av samfunnet. Den nye kommuneplan må vera tydeleg og setja tæring etter næring og prioritera kva som er viktig for at me skal bli det samfunnet me ynskjer innanfor dei ressursane me har. Kvam, den 15. november 2011 Arild McClellan Steine - Konstituert rådmann - 8

2.2 Det økonomiske bakteppet Kvam herad er inne i ein vanskeleg periode økonomisk. Heradet har over fleire år auka inntektene sine betydeleg. Dette har virka som ei sovepute ved at behovet for å ta grep kostnadane har blitt mindre synleg. Momskompensasjon frå store investeringar, eigedomsskatt og kraftinntekter har kome inn i drifta og ein har tilpassa driftsnivået deretter. Det økonomiske handlingsrommet til alle kommunar har generelt vorte mindre år for år i lengre tid. Dette er staten sin måte å be kommunane om å effektivisera. Dette er eit rammevilkår som me må læra oss å leva med. I 2011 vart inntektssystemet for kommunane endra. Kvam var ein av dei store taparkommunane. Sjølv om auka kostnader som følgje av demografiske endringar i stor grad skal kompenserast gjennom inntektssystemet, er det ikkje alltid dette skjer for enkeltkommunar. Dette vart forklart i budsjettet i fjor. Gjennom eit ekspansivt investeringsbudsjett siste tiåret har Kvam plassert seg sjølv i noregstoppen når det gjeld lånegjeld, med påfølgande store finansutgifter (i overkant av 50 millionar i avdrag og renter i 2012). Heldigvis for Kvam sin del er rentenivået historisk lågt, og ser ut til å halde seg lågt litt lenger enn venta for eit år sidan. Heradet bør likevel vera budd på at finansutgiftene vert monaleg høgare i framtida. Det som gjer situasjonen ekstra vanskeleg er at alle bufrar er brukt opp. Disposisjonsfonda er òg tomme. Dei fleste av dei «enkle» salderingspostane er redusert til langt under eit minimumsnivå. Dette gjeld i hovudsak vedlikehald av bygg og vegar, IT-investeringar og kompetanseheving. Kutt i slike områder syner gjerne ikkje første eller andre året, men over tid har det veldig uheldige konsekvensar, og etter nokon år er etterslepet så stort at kostnadane med å ta det igjen er uhandgripelege. Kvam herad styrer sannsynlegvis mot eit underskot i 2011. Inntektene som me ikkje burde ha gjort oss avhengig av i drifta har svikta. Samstundes har hendingar utanfor vår kontroll påført oss ekstra utgifter. Når situasjonen først har oppstått hadde det vore ei føremon med pengar på fond for å saldere rekneskapen. Det står at litt pengar frå overskotet i 2010 som kan dekkje litt av underskotet, det vil likevel stå at nokre millionar. Slik eg ser har me to val for å dekkje det inn. Den enkle, men ubehagelege, er å nytta nokre millionar frå mastemillionane. Den andre er å skyve problemet framfor oss og håpa på at me klarar å dekke inn underskotet i 2012. Sett i lys av budsjettet og dei utfordringar eg legg fram her vil eg på det aller sterkaste tilrå å ikkje gå på den løysinga. Konsekvensen av det er at me har ein fot inn i Robek-lista. I Robek havnar me dersom eit av desse fire kriteria er oppfylt (kommunelova 60): «a.kommunestyret har vedtatt å fastsette et årsbudsjett uten at alle utgifter er dekket inn på budsjettet, b.kommunestyret har vedtatt å fastsette en økonomiplan uten at alle utgifter er dekket inn på økonomiplanen, c.kommunestyret har vedtatt at et regnskapsmessig underskudd skal fordeles ut over det påfølgende budsjettår etter at regnskapet er framlagt, eller d.kommunen ikke følger vedtatt plan for dekning av underskudd.» Konsekvensen av å stå i dette registeret er at følgjande vedtak må godkjennast av fylkesmannen: - Vedtak om opptak av lån og finansiell leasing - Vedtak om leige av bygg, anlegg og varige driftsmiddel 9

Eg skulle gjerne tenkt å føreslå eit investeringsbudsjett i denne økonomiplanen som er meir restriktivt enn det som ligg føre. Tidlegare politiske vedtak og må-tiltak gjer det vanskeleg å vera meir restriktiv. Men eg vonar me kan einast om eit prinsipp om at me ikkje kan satse på investeringar som gjer oss høgare driftsutgifter. 2.3 Hovudutfordringar Integrering Kvam herad er i ferd med å bli eit svært multikulturelt samfunn. Det bur menneske frå over 50 ulike nasjonar i heradet no. Me skal vera glad for den folketilveksten og det kulturelle mangfaldet det gjer oss. Dette utfordrar likevel organisasjonen vår på nye måtar og stiller krav til oss som me ikkje alltid klarar å handtere på ståande fot. Det er innan skuleverket og NAV tenestene at dette er mest merkbart foreløpig. Det er utfordrande for skulane å ta i mot elevar med liten eller ingen norskkunnskap, ofte på svært kort varsel. Ei av utfordringane til NAV går på å i fyrste omgang å skaffe bustad til flyktningar. Etter kvart som flyktningane nærmar seg slutten på introduksjonsprogrammet er utfordringa å hjelpe dei ut i arbeidslivet. Samhandlingsreforma Samhandlingsreforma er forklart nærare under rammeområda «Pleie og omsorg» og «Kommunehelse». For å møte reforma på ein god måte må me vurdera om tenestene er organisert hensiktsmessig i høve til dei utfordringane kommunen står overfor. Reforma stiller store krav til god flyt i pasientløpet og legg stor vekt på førebygging. Dette kan få konsekvensar for den interne organiseringa. Både i samband med samhandlingsreforma og generelt er det ei utfordring at fleire og fleire oppgåver vert overført til kommunen, gjerne i følgje med sterke rettar for brukarane. Detaljerte og rigide krav i lover og føresegner fører til at statlege styresmakter må auke opp kontrollen gjennom endå fleire tilsyn. Kommunane må rette seg etter dette og opplever at dei mister meir og meir av eige handlingsrom. Det blir eit gap mellom pålagte oppgåver og finansiering. Kommunane må bruke stadig fleire ressursar til internkontroll, dokumentasjon og styring. Dette fører i sin tur til at kommunen kontinuerlig må vurdere kompetansen, organiseringa og kva ressursar ein har for å kunne tilpasse seg desse krava. Vedlikehaldsetterslep Etterslep på vedlikehald i offentleg sektor er eit nasjonalt problem som me merkar godt også på bygga til Kvam herad. Trass store investeringar i nybygg og utvikling av eksisterande bygg siste tiåret er det mykje som står att. Heradsstyresalen er kanskje det beste symbolet på dette. Bygg er blitt mykje meir enn tak, vegger og vindauga. Tekniske anlegg er blitt særs viktige komponentar i bygga, og desse har gjerne kortare levetid enn sjølve bygga. Mange bygg har lite tilfredsstillande ventilasjonsanlegg som må oppgraderast. Også dei kommunale vegane slit med stor slitasje. Fleire harde vintrar på rad har gått hardt ut over vegdekka. Asfaltering vart i 2011 råka av investeringstoppen. Auka behov for hjelpetenester Også her er Kvam ein del av ei nasjonal trend, men statistikken viser at me har vore litt i forkant. Behovet for spesialpedagogiske tenester i skule og barnehage har vakse fort. På enkelte skular i Kvam har har kvar fjerde elev vedtak om spesialundervisning. Også innan barnevernet har det vore ein vekst i tal saker, og kanskje endå verre, det er ei trend at sakene har høgare alvorsgrad enn tidlegare. 10

Rekruttering og kompetanse Framtidig behov for arbeidskraft følgjer i stor grad den demografiske utviklinga i kommunen. Kommunane sin arbeidsgjevar og interesseorganisasjon (KS) anslår at kommunesektoren vil ha størst rekrutteringsbehov innan sektorane barnehage, pleie/helse/omsorg i åra framover, medan behovet vil vera mindre innan undersvisningssektoren. Rekruttering av teknologikompetanse er ei utfordring fordi ein konkurrerer med privat sektor om denne arbeidskrafta, men det er eit lite volum på dette feltet samanlikna med behovet innan helse og omsorg. Evne til utvikling og nyskaping er viktige utfordringar for kommunen. Rett og god kompetanse grunnleggjande for å lukkast. Kompetansebehov oppstår som følge av dei måla me set oss for kvaliteten på tenestene, vekst i folketal og aldersstrukturen i kommunen. Endringar i rammevilkår som følge av statlege reformer og politiske satsingar får stor betydning for lokale kompetansebehov. Samhandlingsreforma og nye helselover vil dei neste åra medføre behov for større kapasitet og ny og meir spesialisert kompetanse i kommunane. Kommunen må difor arbeida med strategisk kompetanseutvikling i tråd med dei måla som er sett for tenestene. 2.4 Satsingsområde Trass denne heller dystre bodskapen i innleiinga, det tunge økonomiske bakteppet og andre vanskelege utfordringar har rådmannen valt å satse på fleire tiltak som han meiner både vil sukre pillen og møte nokre av utfordringane. Det er ikkje sett av eigne midlar til å løyse integreringsutfordringa. Dette er likevel eit prioritert område. Det er von om i løpet av 2012 å få sett i gang eit samarbeidsprosjekt som skal ta tak i dette mellom fleire aktørar, både offentlege og private. Dette vil bli lagt fram politisk når ein har noko meir handfast å kome med. Dei seks sengepostane på Øysteseheimen som har vore stengt ein del år vert føreslått opna opp igjen, som ein del av samhandlingsreforma. Utgifta med dette er i overkant av tre millionar per år. Finansieringa vert henta frå rammeoverføringa på 11,5 millionar i samband med samhandlingsreforma. Det kan vera litt gambling å nytta midlane på denne måten, men hovudargumentet for er at dette er med på gjera oss betre rusta til å møte utfordingane i reforma. Nytt bufellesskap i Gropa for 5 unge psykisk utviklingshemma vert ferdigstilt i løpet av 2012, og vert naturlegvis føreslått opna. Brukarane har tidlegare budd heime, slik at dette medfører ei auke av ramma til området pleie og omsorg. Pleie og omsorg har i samarbeid med Grannhjelpa gjennomført eit prosjekt over 2 år med fokus på aktivitet i omsorgsbustad og institusjon. Det vert føreslått å opprette ny stilling som frivilligkoordinator fordi samfunnsgevinsten med dette tiltaket har vist seg å vera høg. Dette heng også saman med målsetjinga i samhandlingsreforma om å halde befolkninga friske og i aktivitet. Kunstnarhuset Messen har vore og er fortsatt viktig for Ålvik, Kvam og heile Hardanger. Messen husar kunstnarar frå heile verda som er med på å setje Kvam på kartet i heile verda. Prosjektet har visst seg å ha ein høg samfunnsverdi. Sjølv om huset no er i ferd med å bli seld, 11

er det mykje som tyder på at prosjektet kan førast vidare, enten i Messen, eller andre lokale i kommunen. I samband med etableringa av Hardanger Kunstskule er det viktig at prosjektet vert oppretthalde. Difor gjer eg framlegg om å setje av 200.000 til dette. Øystese Grendautval har søkt Kvam herad om kr 100.000 til ferdiggjering av fellesareal i Øystese sentrum. Tiltaket har høg grad av dugnadsinnsats og eigenfinansiering, og er viktig for å skape ein heilskap i Øysteseparken. Eg gjer framlegg om å imøtekomma denne søknaden. Det vert gjort framlegg om å yte tilskot til Storeteigen venelag til vedlikehaldstiltak med kr 50.000,- i 2012 og i 2012. For å bøte på noko av det kommunale vedlikehaldsetterslepet vert det gjort framlegg om å opprette to nye prosjekt. Det første prosjektet er på kr 1 million til vedlikehald av kommunale bygg. Dette er eit driftsprosjekt, finansiert med momskompensasjon frå investeringar. Det andre prosjektet er eit er også på 1 million som skal nyttast til mindre oppgraderingar, og er såleis eit investeringsprosjekt, lånefinansiert. Midlane i begge prosjekta skal nyttast til prioriterte prosjekt i vedlikehaldsplanen. Dette er prosjekt som normalt burde vore finansiert med eigne midlar, men blir vurdert som viktige å setje i gang allereie no for å spare høgare utgifter seinare. Innan IT har Kvam herad på seks år gått frå å vera ein føregangskommune til å bli ei sinke. Det er ikkje ein ambisjon å igjen bli ein føregangskommune. Fyrst å fremst må me setja oss som mål å få heng på dei som er i same område som oss. Kvam nyttar no ei Microsoft Office løysing som er ti år gammal. Dette fører til at me ikkje lenger klarar å opne filer som kjem frå departementa eller KS. Me får heller ikkje oppgradert andre system, til dømes Websak, som er integrert med Office. Det vil kosta 2,6 mill årleg over tre år oppgradere for alle tilsette samt alle elevar i skulen. Også innan hardware er det store behov for investeringar og det vert gjort framlegg om årlege IT-investeringsprosjekt. 12

3 Rammeområda samla Tabellen under viser hovudoversikt drift fordelt på vedteke KOSTRA tema for Kvam herad: Hovudoversikt drift 2012. Fordelt på Kostra tema 3. kvartal 2011 Budsjett 2012 Tema (i 1000 kr) Brt. utg. 2011 Netto utg 2011 Brt. utg. 2012 Netto utg 2012 Endring 2011/2012 Politisk verksemd 4 878 4 652 4 316 4 132 519 Adm. og fellesutgifter 46 467 36 250 37 866 27 521 8 729 Barnehagar 66 418 50 871 66 442 52 440 1 569 Grunnskule 147 680 127 991 169 491 138 113 10 122 Kommunehelse 30 372 23 871 31 937 25 429 1 557 Pleie og omsorgstenesta 182 729 153 166 203 053 168 349 15 184 Sosialteneste og NAV 28 658 23 528 26 403 22 967 560 Barnevern 14 429 13 303 14 751 13 961 658 Bustader 12 731 2 285 13 159 2 717 432 Plan 14 226 8 581 17 036 7 786 795 Næringstøtte og komm. forretningsdrift 16 378 17 134 20 631 17 078 56 Brann og ulykkesvern 8 566 6 820 8 562 7 131 311 Samferdsle og grøntanlegg 14 986 12 378 14 511 10 946 1 433 Vatn avløp og renovasjon/avfall 44 178 3 715 38 755 6 444 2 729 Kultur 19 900 14 616 17 248 13 514 1 102 Kyrkje 6 336 6 323 4 882 4 844 1 480 Skatt og rammetilskot 0 442 190 0 476 149 33 959 Finans 78 717 12 083 50 633 25 511 13 428 Løn til fordeling 218 218 0 0 218 Motpost avskrivingar 0 29 351 0 29 355 4 Sum 737 869 23 739 674 9 100 9 077 Premissar for driftsbudsjettet 2012: Innsparingskrava frå 2011 er vidareført i 2012. Driftsbudsjettet er i hovudsak ei rein framskriving av budsjett 2011 og viser kva det vil kosta å driva kommunen i 2012 ved å vidareføra same aktivitetsnivå, kun justert for kjende endringar, lønnsvekst og pensjon. Normal prisvekst er berre teke omsyn til i faste avtalar med naturleg prisjustering. Det er ikkje regulert for prisvekst på sekkepostar, og dette representerer i så måte eit generelt kutt på 2 % mange stader. Lønnsvekst med 4,25 % i 2011. Prisindikatoren i nasjonalbudsjettet for 2012 er 3,25 %, fordelt med ein lønnsvekst på 4,0% og varekjøp på 2,0 %. For kvart rammeområde vert berre større kjende endringar kommentertert. Mindre endringar på lønn og prisvekst vert ikkje nemnt. 13

Større endringar på rammeområda som ikkje vert kommentert spesielt, kjem av ein eller begge desse årsakene: o Utgifter og inntekter som me veit kjem, men ikkje heilt veit kvar dei kjem. Dette gjeld til dømes sjukelønn, foreldrepengar, sjukelønnsrefusjon og lønnsjustering. Desse utgiftene og inntektene er budsjettet utifrå rekneskap 2011, men fordelinga treng ikkje verta den same i 2012. o Auke i pensjon. Pensjon er budsjettert utifrå prognose frå pensjonsselskapa. Pensjonskostnaden på kvart rammeområde aukar med ca. 7%. Denne auken tilsvarer ikkje auken i kommunen sine pensjonskostnader. Dette kjem av at heile premieavviket er budsjettert på rammeområde skatt og rammetilskot. Kolonna Just. bud 2011 syner framlegg til, men ikkje vedteke budsjett, 3. kvartal 2011. 14

3.1 Politisk verksemd Politisk verksemd Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Opphav. Bud 2011 Just bud 2011 Bud 2012 Endring 2011/2012 100 Politisk styring og kontrollorgan 3 450 4 035 4 035 3 461 573 110 Kontroll og revisjon 410 617 617 671 54 Politisk verksemd 3 860 4 652 4 652 4 132 519 Status: Politisk styring omfattar drift av dei politiske organa. Hovudutgiftene er lønnskostnader som godtgjersle, tapt arbeidsforteneste, frikjøp skyssgodtgjersle osv. Utgifter knytt til politikar på nett, tilskot til politiske parti og grendeutvala vert og ført her. Kvart valår får kommunen ei ekstrautgift på kr 3-400 000, avhengig av om det er stortingsval eller kommunestyreval. Kostnader knytt til dette området er avhengig av struktur og aktivitet, erfaringar frå tidlegare valperiodar er at aktivitet og kostnad er størst dei to første åra. Budsjettet for 2012 er på nivå som rekneskap for 2010. Det er ikkje gjeve rom for auke i godtgjersle men møtegodtgjersla er ikkje endra sidan 2006 og bør vurderast på nytt. Godtgjersle til ordførar vart sist justert i 2010 (735 000). Det er viktig at nivået godtgjerslene er slik at ein ikkje hindrar rekruttering inn i politikken. Kontroll og revisjon omfattar kontrollutvalet og revisjonskostnader. Kvam herad kjøper revisjonsteneste hos Deloitte, avtalen gjeld ut 2011 med opsjon på forlenging ut 2013 (jfr H- sak). Sekretærtenesta kjøper me hos Hordaland fylkeskommune, dette er ei ordning som fungerer godt. Kostnadene til kontroll og revisjon er stabile. Utfordringar Drift av dei politiske organ er prega av valperiodar og årshjulet for budsjett og rekneskap. Utfordringane ligg på god informasjonsutveksling og dialog mellom administrasjon og politikk, gode møtelokale og å ta i bruk teknologi som forenklar og kvalitetssikrar arbeidet for politikarane og administrasjonen. Målsetjing for perioden At vi leverer saksdokument av god kvalitet, til rett tid og at vi kan ta i bruk ny programvare for å forenkla arbeidet med saksdokument for politikarane og for administrasjonen. Forklaring til endringar i budsjett 2012 (netto reduksjon med 0,5 mill. kr): Funksjon 100 Politisk styring har samla sett ein reduksjon på 0,57 mill. kr som følgje av at det ikkje er val i 2012. 15

3.2 Administrasjon, styring og fellesutgifter Adm. og fellesutgifter Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Opphav. Bud 2011 Just bud 2011 Bud 2012 Endring 2011/2012 120 Administrasjon 33 429 31 978 30 571 32 567 1 995 121 Forvaltningsutgifter i eiendomsforvaltningen 542 539 1 336 2 110 774 130 Administrasjonslokale 1 775 1 693 1 807 2 113 306 170 Premieavvik 7 304 2 124 2 124 9 651 11 774 180 Diverse fellesutgifter 588 396 396 382 14 190 Interne serviceeiningar 0 359 15 0 15 Adm. og fellesutgifter 29 029 37 089 36 250 27 521 8 729 Status: Rammeområdet har 6 funksjonar med underliggjande tenesteområde, i dagleg tale vert området omtala som sentraladministrasjonen. I samsvar med KOSTRA vert og lønns- og driftskostnader for einingsleiarar ført her. Budsjett 2012 er vidareføring av 2011 nivået, dvs det er ikkje rom for vidare utvikling og digitalisering av arkiv, sak og informasjonstenesta, heller ikkje oppgradering av arkivlokala i samsvar med nytt regelverk frå 1. januar 2012. Utfordringar Ved tusenårsskiftet var Kvam i 1. pulje når det gjaldt å ta i bruk ny teknologi og utvikla gode digitale tenester i kommune-norge, vi er no i siste/nest siste pulje. Det gjer at vi ikkje klarar å følgja opp statlege føringar og regelverk knytt til digitalisering av tenester og interne Ikrutinar. Området er ikkje prioritert dei siste 5 åra, korkje ovanfor ideologi, kompetanse eller økonomi. Utfordringa no er å gjera det best mogeleg med den økonomi og kompetanse vi har. Målsetjing for perioden Systematisk kartlegging av tenesteområda/aktivitet når det gjeld behov for forbetring og utvikling. Dette vil gje oss eit betre grunnlag for prioritering av tiltak i føreståande planprosessar. Forklaring til endringar i budsjett 2012 (netto reduksjon med 7,5 mill. kr): Funksjon 120 Administrasjon har samla sett ein auke på 3 mill. kr. som følgje av bl.a. 1,2 mill. auke på drift. Dette er knytt til bl.a. kurs, IKT og faktureringstenester. Dette inkluderer oppgradering av Microsoft. 16

3.3 Barnehagar Barnehagar Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Opphav. Bud 2011 Just bud 2011 Bud 2012 Endring 2011/2012 201 Førskule 7 687 38 750 41 552 45 138 3 585 211 Styrka tilbod til førskuleborn 4 613 6 561 5 761 3 761 2 000 221 Førskulelokale og skyss 3 891 3 570 3 558 3 541 17 Barnehagar 16 191 48 881 50 871 52 440 1 569 Status: Frå om med 1.sept 2011 vart barnehage organisert i ny oppveksteining. Barnehagane byggjer verksemda på lov om barnehagar og rammeplanen. I 2011 har vi ei prøveordning der vi utvidar tilbodet slik at det skal vera plass til alle born som ønskjer det. Det er kome mange fleire små barn inn i barnehagane og det fører til eit noko endra pedagogisk tilbod (sjå eige HST-sak). Bjørketeigen barnehage, med sju avdelingar, vart ferdig i august 2011. Det er starta arbeidet med ny barnehage i Ålvik, og utviding av Tørvikbygd er under planlegging. Det er i 2011 oppretta eit pedagogisk fagteam, leia av PPT. Dei arbeider førebyggjande med språktrening og andre spesialpedagogiske utfordringar. I framlegg til budsjett 2012 er ein del av 2-åringane rekna som 3-åringar. Det vil seie at 2- åringar som er fødde innan utgangen av juli for vårhalvåret og innan utgangen av desember for hausthalvåret vert rekna som 3 år frå barnehagen startar i januar og august. Utfordringar: Generelt vedlikehald og utbetringar av vognskur, garderobar og anna for at lokala blir tenlege òg for dei minste borna er ei utfordring i barnehagane. Det er stor mangel på tilsette med førskulelærarutdanning, og barnehagane driv no si verksemd med for mange som arbeider på dispensasjon frå regelverket. Det er ei utfordring for barnehagane å rekruttera nok kvalifisert arbeidskraft. I 2011 er minimumsforpliktinga til ikkje- kommunale barnhagar 91% av det dei kommunale borna kostar, Regjeringa tek sikte på å oppnå full likeverdig behandling innan 2014. Budsjettert tilskot for 2012 er foreløpig ei framføring av tilskot 2011, utslagsgjevande for utmålinga i 2012 er kostnad per opphaldstime, både for små og store born. Til opplysing var småbarnssatsen for 2011 kr 170 426 og storebarnssatsen kr 83 928 ( ved 100% tildeling) Målsetjing for perioden: Det er eit hovudmål å sikra at barnehagane får tilsett fleire førskulelærarar. Vi arbeider med å få på plass ei desentralisert førskulelærarutdanning i Voss og Hardanger kompetanseregion. Det må utarbeidast ein god plan for korleis ein skal driva barnehagane vidare i kommunen. Kostnad per opphaldstime i den kommunale barnehagen må reduserast 17

Forklaring til endringar i budsjett 2012 (samla auke på 2,7 mill. kr): Funksjon 201 Førskule har ein auke på 4,7 mill. kr. o Lønnsutgifter utan sos.kostnder aukar med ca. 1,2 mill. kr. Årsaka til dette er i hovudsak heilårsverknad av utviding til fleire avdelingar. Det var 16 nye born ved oppstart i Bjørketeigen barnehage. Tørvikbygd barnehage fekk utvida avdeling med to tilsette tom juli 2012 for å kunna ta inn fleire born. o Brukarbetaling aukar med 0,4 mill. kr. o Kjøp av Microsoft lisensar til barnehage gjev ein kostnad på 0,3 mill. kr. Funksjon 211 Styrka tilbod til førskuleborn - har ein reduksjon på 2,0 mill. kr. o Reduksjonen er i hovudsak på lønn. Redusert behov for ekstraressursar for barn med spesielle behov (overført til skule). Dette gjeld enkeltbarn med store funksjonshemmingar, barn med språkvanskar og barn med minoritetsbakgrunn. 18

3.4 Grunnskuleopplæring Grunnskule Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Opphav. Bud 2011 Just bud 2011 Bud 2012 Endring 2011/2012 202 Grunnskule 92 777 95 096 96 853 102 093 5 240 213 Vaksenopplæring 3 127 3 519 3 760 5 323 1 563 214 Spesialskular 12 0 0 0 0 215 Skulefritidstilbod 1 613 1 694 1 777 2 583 806 222 Skulelokaler 15 716 18 779 18 551 20 009 1 458 223 Skuleskyss 3 336 2 470 2 470 2 800 330 383 Musikk og kulturskular 5 040 4 207 4 580 5 305 726 Grunnskule 121 621 125 765 127 991 138 113 10 122 Status: Opplæringslova med forskrifter styrer mykje av aktiviteten i eining for skule. Stadige lovendringar har ført til auka aktivitet i grunnskulen nesten kvart år. Her kan nemnast fysisk aktivitet for mellomtrinnet, leksehjelp og timar til tidleg innsats for elevane i 1. 4. klasse. For fyrste gong på vel 10 år er det ein liten auke i elevtalet. Hausten 2011 er det 1050 elevar i grunnskulen i Kvam mot 1038 i 2010. Rundt 60 av desse elevane er minoritetsspråklege, dvs. at dei har rett på særskild norskopplæring og i nokre høve òg tospråkleg fagopplæring. Denne hausten har vi fleire elevar som krev store ressursar. Vaksenopplæringa har auka aktivitet, og frå hausten er det starta opp eit kurs som heiter språk og kultur. Dette blir gjennomført i grunnskulen som eit ekstra tiltak for dei minoritetsspråklege. Kulturskulen har om lag same aktivitet som tidlegare år. Framlegg til budsjett samsvarar med eige sak der det vert gjort framlegg om å legge ned Vikøy/Aksnes og Steinsdalen skular frå sommaren 2012. Utfordringar Skulen har store utfordringar knytt til å få til ei god nok organisering og gjennomføring av den spesialpedagogiske undervisninga. Det er mange elevar som mottar spesialundervisning. PPT og skule må arbeida tett for å endra arbeidsmåtar, styrka tilpassa opplæring og heva den spesialpedagogiske kompetansen blant tilsette. Målsetjing for perioden Det vert arbeidd med ei endring av leiarstrukturen i skulane. Dette gjer vi fordi vi ønskjer ei leiing som er «tettare på». Det betyr betre koordinering av spesialundervisning, meir samla pedagogisk tenking og tydelegare framtidsmål for læring i skulane. Det er og eit mål å få på plass ein plan for skuleutvikling som har eit langsiktig perspektiv. Denne planen må setja innhaldet i skulen i fokus, gjennom bruk av nye, gode skulebygg 19

Forklaring til endringar i budsjett 2012 (netto auke med 12,4 mill. kr): Funksjon 202 Grunnskule - auka netto med 7,2 mill. kr som følgje av bl.a.: o Fastlønn aukar med 2,6 mill.kr. Dette kjem av heilårsverknad av auke i antal stillingar frå skuleåret 2010/2011 til 2011/2012. Grunnen er fleire klassar og auka behov for oppfylging av elevar med spesielle behov. o Kjøp av Microsoft lisensar til skule vil koste om lag 0,66 mill. kr. Funksjon 213 Vaksenopplæringa auke på 1,5 mill. kr er auka lønnskostnader som fylgje av aktivitetsauke. Funksjon 215 Skulefritidstilbod (SFO) ein auke med 0,8 mill. kr kjem av fleire barn og dermed auka lønns- og sosiale kostnader med verknad frå skuleåret 2011/2012. Det er og fleire barn som treng ekstra oppfylging i SFO. Funksjon 223 Skuleskyss aukar med 0,33 mill. kr når elevane frå Steinsdalen og Vikøy/Aksnes vert overført til Norheimsund barneskule. Funksjon 383 Musikk- og kulturskular - har ein netto auke på 0,7 mill.kr, der om lag halvparten er knytt til løn. 20

3.5 Kommunehelse Kommunehelse Funksjon og rammer Rek 10 (netto) Opphav. Bud 2011 Just bud 2011 Bud 2012 Endring 2011/2012 232 Førebyggjing skule og helsestasjonsteneste 4 869 6 037 5 263 5 794 531 233 Anna førebyggande helsearbeid 3 217 3 639 3 680 4 737 1 058 241 Diagnose, behandling, rehabilitering 13 028 14 202 14 929 14 897 32 Kommunehelse 21 114 23 878 23 871 25 429 1 557 Status: Innan området kommunehelse har det hausten 2011 vore gjennomført ei omorganisering. Tenestene som eining for helse- og velferd har hatt ansvaret for; barnevern, fysioterapi, helsesystertenesta, kommunepsykologen, PPT og skjenkekontrollen, er dels flytta til den nye oppveksteininga og dels til eining for helse og omsorg. Helsestasjon og skulehelsetenesta: Primæroppgåva er helsestasjon for barn, ungdom og flyktning, skulehelseteneste inkl. vg.skule, jordmorteneste, vaksinasjonsprogram og reisevaksine. Fysioterapitenesta: Det vert gjeve tilbod om fysioterapi i alle soner. Fysioterapeutane utøver både førebyggjande, kurative og rehabiliterande tenester for aldersgruppa 0-100. Tenesta er organisert med kommunale fysioterapeutar (primært for barn, funksjonshemma og eldre) og kurative tenester (primært av privatpraktiserande) på institutta. Kommunepsykologtenesta: Kommunepsykologtenesta for barn, unge og familiar er etablert som fast teneste i Kvam, og inkluderer Jondal kommune som kjøper tenester. Kommunepsykolog for vaksne er tilsett i prosjektstilling delfinansiert av Helsedirektoratet, også eit samarbeid med Jondal. I tillegg til individretta arbeid og rettleiing, har tenestene eit medansvar for utvikling av tverrfaglege samhandlingsmodellar og befolkningsretta tiltak innan helsefremming og førebygging. Kommuneoverlege: Kommuneoverlegen rapporterer til rådmannen, har ansvar for lege og legevaktteneste og folkehelsekoordinator, er medisinsk fagleg rådgjevar og smittevernlege. Legetenesta: Fastlegetilbod: Kvam har 10 fastlegar med varierande listestorleik. Legekontora i Ålvik, Øystese og Norheimsund er privatdrivne. I Strandebarm driv kommunen legekontoret som utekontor, dvs at kommunen har utgifter og inntekter ved kontoret og kjøper legetenester hjå 5 privatpraktiserande legar Sjukeheimslege: Frå 2009 har det vore heiltidstilsett sjukeheimslege ved Toloheimen. Ved Øysteseheimen, Firkløveren og Strandebarmheimen er det sjukeheimslege i deltidsstillingar. Legevakt: Legevakta er lokalisert til Helsebanken legekontor i Øystese på kveldstid og i helg og høgtid. På natt er det interkommunal legevakt på Voss i samarbeid med fleire kommunar i Voss sjukehusområde. På dagtid dekkar fastlegekontora kvar si sone. Det er for tida avtale om 10 delt vakt i Kvam. Interkommunalt har Kvam ansvar for kvar 6. natt på Voss. Folkehelse:Frå 2008 har Kvam hatt partnerskapsavtale om folkehelse med Hordaland fylkeskommune. Det har vore tilsett folkehelsekoordinator for å følgje opp dette arbeidet. Avtalen vart fornya i 2011. Utfordringar 21

Nytt Lovverk frå 2012. Frå 1.1.2012 vert ny helse og omsorgslov og ny folkehelselov iverksett. Det kjem også ny forskrift om fastlegeordninga og om akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus i løpet av 2012. Samhandlingsreforma vert innført og kommunen får medfinansieringsansvar for medisinske sjukehustenester og krav om betaling for utskrivingsklare pasientar. Det skal lagast nye samarbeidsavtalar mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Fastlegane og legevaktslegane får ei endå meir sentral rolle både ved innlegging og utskriving frå sjukehus saman med sjukeheimslegane og pleie og omsorgstenesta. Opplæring i og tilpassing til nytt lovverk, nye forskrifter og nye avtalar vert sentrale tema i 2012. Rekruttera og behalda: Innan rammeområdet kommunehelse har bemanninga stort sett vore stabil i mange år, og vi har greidd å rekruttera til dei fleste nye ledige stillingane. Alder og legevakt er ei utfordring i åra som kjem i Kvam i det fleire av legane i Kvam no har passert 50 år. Aldersgrense for legevakt er 60 år. Kompetanse: Fleire fysioterapeutar har vidareutdanning innan ulike spesialområde. 8 av fastlegane er spesialistar i allmennmedisin, og dei 2 siste er under vidareutdanning til spesialiteten. Ei ny spesialutdanning innan legevaktmedisin for sjukepleiarar er starta i Bergen. Det er ynskjeleg å vidareutdanna sjukepleiarane våre ved legevakta i denne spesialiteten. Kommunane får større faglege utfordringar i åra som kjem. Interkommunalt samarbeid: Prosjekt samhandlingsreforma i Hardanger engasjerer fleire av dei tilsette innan rammeområdet helseområde i større og mindre grad. I prosjektperioden kan det by på utfordringar i høve utøvinga av kommunale oppgåver. Prosjekt Lokalmedisinsk senter på Toloheimen: For å møta ein del av utfordringane knytt til samhandlingseforma er det starta arbeid både med tilbygg og nye oppgåver knytt til drift ved ny rehabiliterings og behandlingsavdeling, hjelpemiddel lager, legevakt, spesialistpoliklinikk og ambulansestasjon. Lærings og meistringsoppgåver og frisklivstilbod er tenkt knytt til det lokalmedsinske senteret. Det er knytt mange utfordringar til dette arbeidet. Økonomi: Mykje av aktivitetane knytt opp til samhandlingsrefoma er finansiert gjennom prosjektmidlar. Vi legg opp til at deler av utviklingsarbeidet vidare vert finansiert gjennom prosjektmidlar og auka ramme innan helse og omsorg i samband med samhandlingsreforma/pasientbetaling. Målsetjing for perioden Hovudmålet i 2012 er å tilpassa seg best mogeleg krava i nye lover og forskrifter, ta vare på fagfolka og tilby kompetanseheving slik at dei kan gje tenester med høg kvalitet til brukarane og verta verande i kommunen. Gjennomføring av prosjekt lokalmedisinsk senter på Toloheimen med tilhøyrande aktivitetar er viktige mål. Samhandlingsreforma legg opp til meir vektlegging av førebyggjande arbeid. Vi tek mål av oss til å utvikla dette arbeidet ytterlegare gjerne i samarbeid med nabokommunane våre. Forklaring til endringar i budsjett 2012 (auka med 1,6 mill. kr): Funksjon 232 Førebygging- skule og helsestasjonsteneste auke med 0,5 mill. kr. o 0,25 mill. kr er auke i fastlønn som gjeld flytting frå teneste 241.. Funksjon 233 Anna førebyggjande helsearbeid - auke med 1 mill. kr. 22