Møteinnkalling. Side 1. 10:00 NB! Oppmøte kommunestyresalen. Program:



Like dokumenter
Regional planstrategi Møre og Romsdal

Regional planstrategi Høyringsmøte, 18 og

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Regional planstrategi

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Regional planstrategi - RPS

DELPROGRAM A. Regional planstrategi prosess og medverknad

Regional planstrategi - RPS

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Regional planstrategi Sogn Regionråd Fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

Regional delplan for attraktive byar og tettstader

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Kommunal planstrategi for Midsund kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

UTTALE TIL FORSLAG TIL FORVALTNINGSPLAN OG TILTAKSPROGRAM FOR VANNREGION ROGALAND

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

ROS-analyse i kommuneplan

Same ordlyd som oppsummeringa i saksframlegget på s , med unntak av kulepunkt 4 på s. 20.

VOLDA KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fylkesmannen si rolle i kommunale plansaker - med søkelys på plansamordning hos FMMR

Kommuneplan Samfunnsdel

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Framtidige behov for hjelpemiddel

Forslag frå fylkesrådmannen

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

SANDE KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Styresak. Styresak 11/05 Styremøte I føretaksmøte 17. januar 2005 blei det gjort følgjande endringar i vedtektene til Helse Vest RHF:

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Planstrategi for Ullensvang herad

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INTERNASJONAL STRATEGI

SOGN driftig raus ekte

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Regionale roller og regionalt samarbeid i klimatilpassingsarbeidet

HANDLINGSPROGRAM

Regional plan for vassforvaltning. Vassforskrifta og organisering av arbeidet

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Kommunedelplan for oppvekst

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Flaum i eit framtidig klima - korleis kan vi tilpasse oss?

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Møtestad: Dato: Tid: Miljøutvalet Gurisenteret (Smøla) 14.06.2011 10:00 NB! Oppmøte kommunestyresalen Program: 10.00 Orientering ved Tor Moholt. Kompetansesenteret og vindmølleparken. 11.00 Omvisning i vindmølleparken. 12.10 Avreise Gurisenteret 12.30 Lunch 13.00 Omvisning i Gurisenteret Møter med vinden" 13:30 Møtestart MU Forfall skal meldast til utvalssekretær på tlf 71258605 som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Side 1

Saksnr Innhold OS-10/11 Orientering ved AGR om batteriferge Aura - Hitra MU-17/11 Utkast - Regional planstrategi MU-18/11 Rapportering Regional energi- og klimaplan RS-17/11 Klage - Løyving til heliskiing. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. RS-18/11 Tilskot til energianalyser RS-19/11 Tilskot til NEAS til energianalyser RS-20/11 Tilskot til Rauma Energi til energianalyser RS-21/11 Tilskot til Nordvest Kraft AS til energianalyser RS-22/11 Nytt skatteregime for vindkraft RS-23/11 Bioforsk Økologisk - etablering av Tingvoll Økopark - støtte til prosjektleiar RS-24/11 Orientering om EU-prosjektet EfficienSea RS-25/11 Høyring - effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa OS-11/11 Papirlause møte - Opplæring ved Eirik Jenssen Side 2

OS 10-11 Orientering ved AGR om batteriferge Aura - Hitra Side 3

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.06.2011 31392/2011 Ingunn Bekken Sjåholm/ Heidi-Iren Wedlog olsen Saksnr Utval Møtedato MU-17/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Regional planstrategi - arbeidsdokument Bakgrunn På miljøutvalet sitt møte 10. mai fekk utvalet ein presentasjon av regional planstrategi (RPS) og arbeidet med denne. Det kom da fram at miljøutvalet ønskte, dersom det var muleg, å få dokumentet til behandling i sitt møte 16. juni. Saka om regional planstrategi skal leggjast fram for fylkesutvalet 27. juni, og er ikkje ferdigstilt frå administrasjonen si side ennå. Det er ikkje gjennomført språkvask og det kan komme endringar i dokumentet. Arbeidet er likevel i sluttfasen, og for at miljøutvalet skal kunne gi ein uttale til fylkesutvalet om saka, legg vi fram arbeidsdokumentet. Heile dokumentet følgjer som vedlegg til saka. Oppsummering av RPS Formålet med den regionale planstrategien er å avklare kva som er Møre og Romsdal sine viktigaste utfordringar og moglegheiter, samt prioritere fram viktige område for regional samhandling og planlegging i perioden 2012 2016. Planstrategien skal også ivareta nasjonale forventingar og prioriteringar. Møre og Romsdal er eit fylke med gode føresetnader for framtidig vekst og utvikling. Fylket er blant dei fremste verdiskaparane i landet. God folketalsvekst, høg sysselsetting, høgt kunnskapsnivå og gode levevilkår er viktige faktorar for å forklare dette. Samtidig har fylket sine utfordringar. Det vil vere viktig for framtida å få til ei meir balansert demografisk samansetting i befolkninga. Likeins må vi arbeide for større variasjon og breidde i arbeidsmarknaden, då næringslivet i fylket er svært maskulint og arbeidsmarknaden klart kjønnsdelt. Framtidig bu- og blilyst er dessutan avhengig av den enkelte innbyggjars opplevde livskvalitet. Trygge lokalsamfunn, god folkehelse og tilgang for alle er viktig i ein slik samanheng. Ein stads attraktivitet er dessutan avhengig av gode offentlege tenester, kultur- og fritidstilbod, handel- og sørvistilbod og gode transport- og samferdselsløysingar. I denne samanhengen vil det vere viktig å fremme sterke bysentra og eit nettverk av tettstader, samt arbeidsdeling mellom desse. Ei konsolidering av bu-, arbeids- og sørvisregionar vil også vere viktig for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. For å styrke fylket sin samla attraktivitet, medverke til vekst og utvikling, livskvalitet og folkehelse foreslår fylkesrådmannen å utarbeide følgjande planar: Regional plan for Møre og Romsdal 2013 2016, med satsingsområda kultur, kompetanse, verdiskaping og samferdsel Regional delplan for bibliotek Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi Side 4

Side 2 Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap Regional delplan for senterstruktur Regional delplan for folkehelse Regional delplan for tannhelse Folkehelse, universell utforming, likestilling, miljø/klima og internasjonalisering skal vere sentrale, gjennomgåande perspektiv i alle desse planane. I Møre og Romsdal er fiskeri- og havbruksnæringa viktig. Fylket er eit av landets største oppdrettsfylket og det er brei politisk semje om vidare satsing på denne verksemda. Miljø, berekraftig utvikling og arealstruktur er viktige perspektiv for den vidare utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa. Likeins må planlegginga medverke til å sikre vill laksen, samt god sameksistens med andre interesser i kystsona og langs vassdrag. Vi foreslår derfor å utarbeide Regional delplan for kystsona Natur, kulturmiljø og landskap er andre sentrale stikkord for den regionale planlegginga. Dette vil bli særleg ivaretatt gjennom revidering og/eller utarbeiding av følgjande planar: Regional delplan for villrein Ottadalen (ny) Regional delplan for villrein Dovrefjell (reviderast) Regional delplan Energi- og klima (reviderast) Viktig i denne samanhengen er også vidareføringa av: Fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområde Skal vi lykkast i å utvikle samfunnet Møre og Romsdal i den retninga vi ønskjer, må planarbeidet og iverksettinga ha legitimitet hos og skje i samarbeid med kommunar, regionale statlege etatar og andre aktørar i fylket. Forslag til vedtak: Miljøutvalet støttar forslaga og prioriteringane til regionale planar slik dei ligg føre i arbeidsdokumentet. Nils Gunnar Solli administrasjonssjef Vedlegg 1 Regional planstrategi - arbeidsdokument Side 5

Side 6

Innhald Forord... 2 Framlegg til regionale planar 2012 2016... 3 Rammer for den regionale planlegginga... 4 Bakgrunn for utarbeiding av regional planstrategi... 4 Kva er ein regional planstrategi?... 4 Regional planlegging - prosesskrav... 4 Plansystemet i Møre og Romsdal fylkeskommune... 4 Nasjonale rammer og forventingar... 5 Andre føringar... 6 Plan- og bygningsloven og særlover... 7 Arbeidet med regional planstrategi... 8 Prosess... 8 Høyringsperiode og medverknad... 8 Regionale utviklingstrekk... 9 Folk... 9 Næring... 10 Trivsel... 11 Eksisterande planar... 12 Fylkesplanar... 12 ROS-analyser... 17 Sektorrelaterte planar- og strategiar... 18 Avvikla planar... 19 Prioriterte område for regional planlegging... 20 Planar under utarbeiding... 20 Planar som reviderast... 21 Nye planar... 24 Ikkje tilrådde tema for regional planlegging... 27 Fylkesdelplanar som vidareførast... 28 Fylkesdelplanar som avviklast... 28 Tidsakse for vidare regional planlegging... 29 Kommunal planlegging - tilrådingar... 30 1 Side 7

Forord Saman om framtida Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av å vere ein tydlege medspelar i bygginga og vidareutviklinga av Møre og Romsdal. Dette gjer vi i fellesskap og i samarbeid med andre kommunar, regional stat, næringslivet, frivillige organisasjonar og andre aktørar. Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2012 2016 har som føremål å identifisere regionale utviklingstrekk og vurdere og prioritere mellom område for vidare regional planlegging. Høyringsforslaget til regional planstrategi er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune, i dialog med kommunar og regionale statsetatar. Ved å legge regional planstrategi ut på høyring, inviterer vi til samarbeid om den vidare utviklinga av Møre og Romsdal og utfordrar alle til å delta og å gje sine innspel til høyringsforslaget. Molde, juni 2011 Olav Bratland Fylkesordførar i Møre og Romsdal 2 Side 8

Framlegg til regionale planar 2012 2016 Føremålet med den regionale planstrategien er å avklare kva som er Møre og Romsdal sine viktigaste utfordringar og moglegheiter, samt prioritere fram viktige område for regional samhandling og planlegging i perioden 2012 2016. Planstrategien skal også ivareta nasjonale forventingar og prioriteringar. Møre og Romsdal er eit fylke med gode føresetnader for framtidig vekst og utvikling. Fylket er blant dei fremste verdiskaparane i landet. God folketalsvekst, høg sysselsetting, høgt kunnskapsnivå og gode levevilkår er viktige faktorar for å forklare dette. Samtidig har fylket sine utfordringar. Det vil vere viktig for framtida å få til ei meir balansert demografisk samansetting i befolkninga. Likeins må vi arbeide for større variasjon og breidde i arbeidsmarknaden, då næringslivet i fylket er svært maskulint og arbeidsmarknaden klart kjønnsdelt. Framtidig bu- og blilyst er dessutan avhengig av den enkelte innbyggjars opplevde livskvalitet. Trygge lokalsamfunn, god folkehelse og tilgang for alle er viktig i ein slik samanheng. Ein stads attraktivitet er dessutan avhengig av gode offentlege tenester, kultur- og fritidstilbod, handel- og sørvistilbod og gode transport- og samferdselsløysingar. I denne samanhengen vil det vere viktig å fremme sterke bysentra og eit nettverk av tettstader, samt arbeidsdeling mellom desse. Ei konsolidering av bu-, arbeidsog sørvisregionar vil også vere viktig for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. For å styrke fylket sin samla attraktivitet, medverke til vekst og utvikling, livskvalitet og folkehelse foreslår vi å utarbeide følgjande planar: Regional plan for Møre og Romsdal 2013 2016, med satsingsområda kultur, kompetanse, verdiskaping og samferdsel Regional delplan for bibliotek Regional delplan for kulturminner av regional og nasjonal verdi Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap Regional delplan for senterstruktur Regional delplan for folkehelse Regional delplan for tannhelse Folkehelse, universell utforming, likestilling, miljø/klima og internasjonalisering skal vere sentrale, gjennomgåande perspektiv i alle desse planane. I Møre og Romsdal er fiskeri- og havbruksnæringa viktig. Fylket er eit av landets største oppdrettsfylket og det er brei politisk semje om vidare satsing på denne verksemda. Miljø, berekraftig utvikling og arealstruktur er viktige perspektiv for den vidare utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa. Likeins må planlegginga medverke til å sikre vill laksen, samt god sameksistens med andre interesser i kystsona og langs vassdrag. Vi foreslår derfor å utarbeide Regional delplan for kystsonen Natur, kulturmiljø og landskap er andre sentrale stikkord for den regionale planlegginga. Dette vil bli særleg ivaretatt gjennom revidering og/eller utarbeiding av følgjande planar: Regional delplan for villrein Ottadalen (ny) Regional delplan for villrein Dovrefjell (reviderast) Regional delplan Energi- og klima (reviderast) Viktig i denne samanhengen er også vidareføringa av: Fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområder Skal vi lykkast i å utvikle samfunnet Møre og Romsdal i den retninga vi ønskjer, må planarbeidet og iverksettinga ha legitimitet hos og skje i samarbeid med kommunar, regionale stat og andre aktørar i fylket. 3 Side 9

Rammer for den regionale planlegginga Bakgrunn for utarbeiding av regional planstrategi Regional planstrategi er eit nytt planinstrument for fylkeskommunane. Planstrategien er heimla i plan- og bygningsloven og er den einaste obligatoriske planoppgåva på det regionale nivået. Ny plan- og bygningslov (PBL) tredde i kraft 1. juli 2009 og føremålet med revideringane var å forenkle og effektivisere planarbeidet og auke medverknaden frå partar planarbeidet rører ved. Med PBL er også omgrepa fylkesplan og fylkesdelplan fasa ut og erstatta av regional plan. PBL stiller krav om at alle planar som blir utarbeidd er forankra i den regionale planstrategien. Kva er ein regional planstrategi? Regional planstrategi (RPS) er ein overordna politisk vedtatt strategi som skal vere grunnlaget for den vidare regionale planlegginga innanfor ein tidsavgrensa periode. RPS skal gjere greie for sentrale regionale utviklingstrekk og utfordringar og vurdere langsiktige moglegheiter for utvikling. Den skal vidare ta stilling til kva spørsmål som skal takast opp gjennom den vidare regionale planlegginga og innehalde ein oversikt over dei prioriterte planoppgåvene som skal følgjast opp og korleis ein skal sikre medverknad (PBL 7). Dei prioriterte planoppgåvene skal ta opp sentrale samfunnsutfordringar som krev avvegingar og planavklaringar mellom ulike interesser over sektor- og kommunegrenser. Dette føreset samordning og samarbeid mellom ulike aktørar i gjennomføringa. Det er fylkesutvalet som legg RPS til høyring, medan fylkestinget som regional planmynde skal vedta RPS, før den blir sendt til Kongen i statsråd for endeleg godkjenning (jf. PBL og delegert mynde T-74/09). Både statlege organ, regionale organ og kommunane skal etter lova legge planstrategien til grunn for vidare planlegging i regionen. Regional planlegging - prosesskrav Omgrepet regional plan (tidlegare fylkesplan) er henta frå heimelsverket i plan- og bygningslova. Omgrepet er knytt til planar utarbeidd i samsvar med prosesskrav fastsatt i PBL. Dette inneber mellom anna at ein ved oppstart av planarbeidet skal utabeide eit planprogram ( 4-1). Dersom planen gir rammer eller retningsliner for utbygging er det plikt til å utabeide konsekvensutgreiing etter eiga forskrift ( 4-2). Vidare er det spesifikke krav til medverknad og offentleg ettersyn (Kap 5). Regionale planar skal vedtakast i fylkestinget og det er krav om årlege handlingsprogram/-planar. I delegasjonsreglementet til Møre og Romsdal fylkeskommune er det nedfelt at oppstart av planarbeid skal vedtakast av fylkesutvalet og at desse også vedtar kva som skal leggast til offentleg ettersyn. For handlingsprogram/-planar gjeld ikkje prosessreglane i PBL. Ved visse høve kan det vere naturleg å utarbeide planar utan omfattande prosessar (jf. PBL). I slike tilfelle bør ikkje omgrepa regional plan eller regional delplan nyttast. Plansystemet i Møre og Romsdal fylkeskommune I Møre og Romsdal nyttar vi omgrepa regional plan og regional delplan. Dette for å skilje mellom den overordna regionale planen og dei andre regionale delplanane. Desse omgrepa skal berre nyttast når planane stettar prosesskrava i PBL. 4 Side 10

Det er vidare eit mål at alle handlingsprogram/-planar i det fylkeskommunen er forankra vertikalt i plansystemet. Det betyr at handlingsprogram eller handlingsplanar må vere forankra i ein regional delplan eller direkte i regional plan. Dette vil sikre at bruken av omgrep og nemningar er eintydig og gjere plansystemet i fylkeskommunen føreseieleg og oversiktleg. I kapittel 5 vert eksisterande planverk drøfta, og det vert gitt tilrådingar om revidering, vidareføring eller avvikling i samsvar med premissa gitt ovanfor. Gjeldande fylkesplan i Møre og Romsdal vart vedteken 10.12.08. Denne stettar alle prosesskrav. Utover dette ligg det føre ei rekkje fylkesdelplanar som har dekking i formale prosesskrav og ei rekkje strategidokument som ikkje har dekking i formale prosesskrav (jf. kapittel 5). Forankringa strategidokumenta har i den overordna fylkesplanen eller i eksisterande fylkesdelplanar er også av varierande karakter. I kapittel 5 er det gitt tilrådingar om korleis omarbeiding og avvikling i samsvar med premissa gitt ovanfor. Noko av planverket er likevel utarbeidd som følgje av krav frå statleg hald. Her kan det synest nødvendig å nytte dei omgrepa som kjem fram av kravet. Dette gjeld til dømes Regional forskingsstrategi. Dette kjem også fram i kapittel 5. I slike tilfelle er det likevel viktig å vere tydlege på forankring, prosess og bruk av omgrep. Nasjonale rammer og forventingar Med innføring av ny PBL, kom også kravet om at regjeringa kvart år utarbeide eit dokument med nasjonale forventingar til den regionale og kommunale planlegginga. Forventingsbrevet om den regionale planlegginga er venta i juni/juli 2011. Forventingane vil vi søke å innarbeide i slutthandsaminga av den regionale planstrategien. Av det vi kjenner til per i dag, vil forventingsbrevet frå regjeringa sett søkjelys på følgjande tema som demografisk utvikling, klima og energi, by- og tettstadsutvikling, samferdsel og infrastruktur, verdiskaping og næringsutvikling, natur, kulturmiljø og landskap, samt helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Vi antek at folkehelse, universell utforming, klima, naturmangfald, kulturhistoriske verdiar vil vere gjennomgåande perspektiv i alle tema. Vidare vil regjeringa forvente at fylkeskommunen: Utarbeidar regionale planar for temaa senterstruktur (jf. og i trå med rikspolitiske retningsliner om kjøpesentre), villrein og for samordna areal- og transportplanlegging Vurderer regionale planer innan områda vindkraft, små vasskraftverk og regionale kystsoneplaner Vurderer revisjon av klima- og energiplanen Forventingsbrevet erstattar ikkje statlege planretningsliner og statlege planbestemmingar. Heller ikkje statlege interesser, oppgåver og omsyn som er forankra i forskrifter, stortingsmeldingar og rundskriv. For den regionale planlegginga er dessutan St.meld. nr. 31 (2000 2001) Kommune, fylke, stat en bedre oppgavefordeling og St.meld. nr. 25 (2008 2009) Om distrikts- og regionalpolitikken sentrale dokument. Det vil bli gjort nærare greie for sentrale forskrifter, retningsliner, stortingsmeldingar, rundskriv og rettleiarar i samband med oppstart av dei komande regionale planprosessane. 5 Side 11

Andre føringar Utdanning I opplæringslova (1998) med forskrifter er det føringar om kva planar fylkeskommunen må ha for vidaregåande opplæring. Lova stiller mellom anna krav om kompetanseplaner for dei tilsette i den vidaregåande skolen ( 10.8) og om at fylkeskommunen skal planleggje og byggje ut det vidaregåande opplæringstilbodet som tek omsyn til nasjonale mål, søkjarane sine ønske og det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring ( 13.3). Fylkeskommunen legg slike planar kvart år i skolebruksplanen, som blir handsama saman med økonomiplanen kvart år. Forskrift til opplæringslova stiller krav om at skuleeigar skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa, jf. 2.2. I Møre og Romsdal skal kvalitetsplanen og -rapporten medverke til å oppfylle dette kravet. Kvalitetsplanen blir vedteke i fylkestinget i juni og kvalitetsrapporten blir vedteke av fylkestinget i oktober. Ingen av desse er samordna i ein regional plan, men dei er viktige i totalbiletet av viktige planar for ein av nøkkelsektororane i fylkeskommunen og vil vere viktige for å realisere regionale målsettingar. Folkehelse Ny folkehelselov tre i kraft 01.01. 2012 og slår fast at fylkeskommunen skal ha oversikt over helsetilstand og faktorar som påverkar helsa til innbyggarane i fylket. Denne oversikten skal gjerast skriftleg og leggast til grunn for planstrategi og planarbeid både for fylkeskommunen og kommunar. Universell utforming Dei seinare åra har det i større grad kome lovverk og krav i forhold til universell utforming (uu) som ein plikter å følgje opp. Mellom anna har vi fått ny diskriminerings- og tilgjengelighetslov og ny plan- og bygningslov med tilhøyrande teknisk forskrift og strengare prestasjonskrav. Som offentlig verksemd har fylkeskommunen både en aktivitetsplikt og en rapporteringsplikt i forhold til uu Vassforskrifta Vassforskrifta (2006) er ei oppfølging av EUs rammedirektiv for vatn frå 2000. Hovudføremål er å beskytte, og om naudsynt forbetre, tilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystnære områder. Forskrifta sett miljømål for alt ferskvatn, grunnvatn og kystvatn inntil 1 nautisk mil utanfor grunnlinja, og ut til territorialgrensa når det gjeld miljømål for kjemisk tilstand. Det er stilt krav om at det blir utarbeidd regionale forvaltningsplanar med tiltaksprogram, som skal leggast til grunn for fylkeskommunal verksemd og vere retningsgivande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i vassregionen. Havbruksnæringa og arealbruk Rapporten frå Utvalet for effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa (Gullestadrapporten), tek føre seg havbruksnæringa sin arealbruk, miljøutfordringar og sameksistens med andre brukarar. Rapporten kjem med faglege anbefalingar og råd, og er venta å vere ein sterk premissgivar for havbruksnæringa si vidare utvikling. Andre nasjonale føringa for havbruksnæringa og arealbruk, er m.a. forankra i St.meld. nr 48 (1994 1995), kor det blir sagt at tilstrekkelige og tilfredsstillende arealer skal sikres til en miljøvennlig og helsemessig 6 Side 12

forsvarlig havbruksproduksjon i stadig utvikling og i Ot.prp. nr 61 (2004 2005) Om lov om akvakultur (akvakulturloven). Her står det m.a. at Tilgang til areal er ett viktig element for videre vekst i akvakulturnæringen. Tilgangen kan økes ved å få nye arealer avsatt til akvakultur og ved å effektivisere bruken av eksisterende areal. Loven skal fremme dette hensynet gjennom en bred interesseavveiing i forhold til andre brukerinteresser i kystsonen der det legges vekt på god sameksistens. Plan- og bygningsloven og særlover Plan- og bygningsloven samverkar med ei rekke sektorlover, der mynde er fordelt mellom kommunen, fylkeskommunen og ulike statsetatar. Når ikkje noko anna er bestemt, gjeld PBL for heile landet, også for vassdrag. I sjøområde gjeld lova ut til ei nautisk mil utanfor grunnlina ( 1-2). Tiltak som er unnateke loven er røyrdelingar i sjø for transport av petroleum. For anlegg for overføring eller omforming av elektrisk energi, som omtalt i energiloven 3-1, tredje ledd, gjed berre kapittel 2 og 14 i PBL ( 1-3). 7 Side 13

Arbeidet med regional planstrategi Fylkeskommunen starta arbeidet med Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2012 2016 i februar 2011. Arbeidet følgjer prosesskrava i plan- og bygningsloven. Prosess Framlegg til høyringsdokumentet for regional planstrategi er utarbeidd av administrasjonen, etter føringar frå fylkesutvalet (U-17/11, 21.02.11). I U-17/11 er det stilt krav om at den regionale planstrategien skal ta utgangspunkt i samfunnsutviklinga i brei forstand og gjere greie for sentrale regionale utviklingstrekk og utfordringar. Det skal utarbeidast eit eige statistikkgrunnlag til planstrategien, som skal kartlegge generelle utviklingstrekk og regionale utfordringar for Møre og Romsdal innan område som befolkning, næringsliv, transport og areal. I tillegg bør ein sjå nærare på faktorar som styrkar sentrumskvalitetane i fylket. Planstrategien skal dessutan både gje eit oversyn over gjeldande regionale planar, vurdere og kome med tilråding om dei skal reviderast, vidareførast eller avviklast, og innehalde eit oversyn over prioriterte planoppgåver i perioden 2012 2016. I utarbeidingsprosessen har arbeidet og ulike ukast til dokumentet vore gjenstand for dialog og diskusjon med kommunar, regionale statsetatar og andre aktørar i regionen. Mellom anna Møte i Søre Sunnmøre regionråd, Volda 15.04.11 Møte i Orkidé, Tingvoll 20.05.11 Møte i regionalt planforum, Molde 25.05.11. Her møtte Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, Kystverket Midt-Norge og Statens vegvesen. Møte i plannettverka, høvesvis 07.06.11 (Nordmøre), 09.06.11 (Romsdal) og 15.06.11 (Sunnmøre). Høyringsperiode og medverknad Høyringsfrist er 15. desember 2011, noko som gjev ein høyringsperiode på 5 månader. I denne perioden vil det bli arrangert to opne høyringsmøter, i Kristiansund 18. oktober og i Ålesund 28. oktober 2011. Regional planstrategi vil dessutan vere tema i ei rekke arrangement og møte fylkeskommunen har med nettverka sine utover hausten 2011. Oversikta over desse møteplassane vil vere å finne på nettet http://mrfylke.no/rps Vi håper at dette vil gje kommunane, regionale statsetatar og andre aktørar fylkeskommunen samhandlar med, tid og muligheit til å møte, drøfte og gje tilbakemelding på den regionale planstrategien, hans innhald og prioriteringar. 8 Side 14

Regionale utviklingstrekk Møre og Romsdal er blant dei fremste verdiskaparane i landet, og næringslivet vårt hevdar seg godt på den nasjonale og internasjonale marknaden. Vi har god vekst i folketalet, høg sysselsetting, høgt kunnskapsnivå i arbeidslivet og gode levevilkår. Samstundes har Møre og Romsdal sine utfordringar. Det er ei utfordring at folketalet og store delar av næringslivet er svært konjunkturutsett, likeins at den demografiske samansettinga i befolkninga er høvesvis skeiv og at utdanningsnivået i befolkninga er lågare enn i landet elles. Høg folketalsvekst, ung befolkning, høg sysselsetting, høgt kunnskapsnivå og gode livsvilkår er viktige fortrinn for å hevde seg i den globale marknaden og den stadig sterkare internasjonale konkurransen. Vi må såleis arbeide for å bygge opp under dei fortrinna vi har og kompensere for dei vi ikkje har, då det har stor betyding for fylket sin attraktivitet. Folk Befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal har dei siste åra vore svært god, men den er svakare enn for landet elles. Den viktigaste faktoren til å forklare folketalsauken, er innvandringa frå utlandet. Utan innvandringa frå utlandet ville folketalsutviklinga i Møre og Romsdal sett svært annleis ut, m.a. grunna stort innanlandsk flyttetap over fleire ti-år. Møre og Romsdal har stor netto utflytting i aldersgruppa 20 29 år. Tidlegare var fleirtalet av desse kvinner. I dag er det ikkje store skilnader mellom unge menn og kvinner sitt flyttemønster. Saman med stor innvandring frå utlandet, der fleirtalet er menn, forklarar dette fylket sitt kvinneunderskot i aldersgruppa 15 44 år. Ingen andre fylker har færre kvinner enn menn i denne aldersgruppa enn Møre og Romsdal. Ei netto utflytting av unge vaksne, og kvinner i fødedyktig alder, til sentrale strøk i Noreg over lang tid, har ført til at ein stadig større del av barna i Noreg blir født i desse områda. I Møre og Romsdal ser vi også denne utviklinga. Trass gode fruktbarheitstal og eit godt fødselsoverskot, ser vi at andelen barn i befolkninga er svekka dei siste 30 år. Frå 1981 til 2009 er det 13 pst. færre unge i aldersgruppa 0 17 år i Møre og Romsdal. Til samanlikning har denne gruppa sin relative del av befolkninga i Noreg auka med 2 pst. i same periode. Konsekvensane av at stadig færre barn har røtene sine i distrikta. Sidan tilknyting til stader er viktig for val av bustad, vil denne strukturelle endringa sannsynlegvis få konsekvensar for komande generasjonars bustadsval. Møre og Romsdal har i dag ei høvesvis skeiv kjønns- og alderssamansetting. Innvandringa medverkar til dette. Samtidig er den viktig, då det utan innvandring ville ha vore lagt færre innbyggjarar i Møre og Romsdal. Innvandringa er slik sett eit tviegga sverd, då innvandrarar i utgangspunktet er mindre knytt til ein kommune eller stad og av den grunn mindre stadbunden enn dei som er født og veks opp i området. Trenden viser at mange av innvandrarane som kjem til mindre, rurale kommunar, flyttar vidare etter nokre få år. Å oppretthalde dagens busettingsmønster i Møre og Romsdal vil m.a. vere avhengig av at ungdom som veks opp i meir sentrale strøk, vil velje å busette seg i mindre sentrale strøk som vaksne. Analyser av årskulla født mellom 1950 og 1970 syner at stadig færre flyttar til mindre sentrale regionar enn dei vaks opp i. I mindre kommunar er busettinga i aukande grad samansett av personar som har vakse opp i kommunen, samtidig som at utflyttinga ikkje har blitt mindre. Nettoinnvandringa frå utlandet vil derfor ha avgjerande innverknad på utviklinga framover. Både talet innvandrarar, kor dei vel å busette seg når dei kjem til landet, deira framtidig flyttemønster og kor dei vel å få sine barn vil ha innverknad på befolkningsutviklinga i Møre og Romsdal. 9 Side 15

Næring Industrifylket Møre og Romsdal er landets tredje største eksportfylke (2010) og utviklinga i verdsøkonomien har stor innverknad på utviklinga i fylket sitt næringsliv. Prognosane framover viser høgt aktivitetsnivå og moderat produksjonsvekst dei neste åra, samtidig kan vi vente oss store skilander mellom næringane. Medan utsiktene for industrien er svak, vil aktivitetsnivået i privat tenesteyting og offentleg sektor auke. Også innan primærnæringane er utsiktene positive. SSB si prognose for Møre og Romsdal viser ein produksjonsauke som vil vere sterk nok til å unngå vekst i arbeidsløysa. Det er venta at Møre og Romsdal vil vere blant dei fylka i landet med lågast arbeidsløyse også i åra som kjem. Den nasjonale trenden er at både primærnæringane og industrien rasjonaliserer. Utviklinga nasjonalt viser nedgang i sysselsettinga i desse næringane. Denne trenden er også gjeldande for Møre og Romsdal. På slutten av 1980-talet spådde ekspertane ein snarleg industridød i Noreg. Men industrien, spesielt i Møre og Romsdal, har vist ein eineståande evne til omstilling og innovasjon og er i dag like sterk som for 25 år sidan. Eit kjenneteikn ved den delen av eksportindustrien som klarer seg godt i Møre og Romsdal, er at dei produserer produkt med eit tydeleg innslag av tenesteproduksjon. I tillegg har dei utvikla effektive produksjonsprosessar for å kompensere for høge norske kostnader. Viktige utfordringar på sikt, er å halde oppe merkevarekarakteren gjennom offensive innovasjonsstrategiar og effektivisere produksjonsprosessane for å kompensere for høgt lønnsnivå og sterk kronekurs. Frå 2005 til 2009 vart omsettinga innan den maritime næringa dobla og den var i 2009 på om lag 50 milliardar kroner. Reiarlaga i Møre og Romsdal, som er dominert av offshoreverksemda, er drivarane i den maritime klynga på Sunnmøre. Samtidig er investeringsvilja blant reiarlaga svekka. Finanskrisa, redusert etterspørsel etter transporttenester, redusert leiteaktivitet, overkapasitet og pressa ratar er viktige årsaker til dette. For norsk økonomi er fisk den viktigaste eksportartikkelen etter olje og gass. Møre og Romsdal er det største sjømatfylket i landet, og eksporterer i verdi om lag 25 pst. av samla sjøeksport frå landet. Innan fiskeforedling er det framleis ei utfordring å få større verdiar ut av kvar fisk. Trass allereie sterk strukturering, må produsentar satse meir på å posisjonere seg, og auke fokuset på produktinnovasjon. Andre viktige utfordringar framover er å intensivere tiltak for meir berekraftig produksjon og å styrke oppdrettsnæringa sitt omdømme. KIFT-bedriftene i Møre og Romsdal er meir lønnsame og har ein betre kapitalsituasjon enn i landet elles, men dei er små og få. I perioden 2005 2009 var den gjennomsnittlege årlege veksten innan KIFTbransjen på 28 pst. Framtidsutsiktene i bransjen er tett knytt til utviklinga elles i næringslivet, særleg utviklinga innanfor den maritime klynga. Det betyr at utviklinga i kronekurs, oljepris og ordreinngangen til verftsindustrien vil ha avgjerande innverknad på KIFT-bedriftene i fylket. Auka internasjonal konkurranse og globalisering vil gje bedriftene auka konkurranse, men også tilgang til ein større marknad. Samstundes må KIFT-bedriftene framleis ha søkjelys på innovasjon og kostnadsmessig konkurranseevne for å hevde seg både nasjonalt og internasjonalt. Også kulturnæringane er sterkt veksande i fylket, og er ein viktig del av økonomien. Og som KIFT-bedriftene, er også denne næringa konjunkturutsett. Sett under eitt er næringslivet i Møre og Romsdal lønnsamt, og det er i hovudsak dominert av enkeltmannsføretak og bedrifter med 1 9 tilsette. Samtidig er næringsstrukturen dominert av bedrifter og føretak som er svært utsett når dei internasjonale rammevilkåra endrar seg. Det gjer dessutan at område kor slik verksemd er dominerande, er meir utsett enn andre når rammevilkåra endrar seg. Ein stor maritim og marin sektor og ein sterk industri, gjer næringslivet i Møre og Romsdal svært maskulint. Delar av næringslivet har eit høgt teknologisk nivå, men utdanningsnivået i Møre og Romsdal er lågare enn i landet. Det er ei sentral utfordring i åra som kjem å sikre arbeidslivet tilgang til rett og ønska kompetanse. Undersøkingar viser at etterspørselen etter arbeidstakarar med universitets- eller høgskuleutdanning vil auke i dei komande 20 åra, innan både offentleg og privat sektor. Arbeidstakarar med yrkesfag frå den vidaregåande skulen vil også bli meir ettertrakta. Næringslivet konkurrerer allereie i dag på den nasjonale og internasjonale marknaden om dei beste hovuda. Næringslivet i fylket er i Noregstoppen når det gjeld å nytte utanlandsk arbeidskraft, særleg frå 10 Side 16

EU. Løysinga vil nok vere å halde fram med dette, då vekstprognosane for næringslivet er positive og arbeidsløysa er venta å holde seg lav. Utfordringa er at vi konkurrerer både med ei rekke nasjonale kompetansemiljø og fleire rike, attraktive EU-land om den same arbeidskrafta. Rekruttering av kompetent arbeidskraft er avgjerande for næringslivet og samfunnsutviklinga framover. Å rekruttere og halde på ønska og nødvendig arbeidskraft vil vere viktig i åra som kjem. Det er derfor ei at vi i tillegg til å ha eit maskulint næringsliv, også har ein klart kjønnsdelt arbeidsmarknad. Tiltak som medverkar til å rekruttere arbeidskraft med rett kompetanse og skape større breidde i arbeidsmarknaden, vil vere viktige for å styrke fylket sin samla attraktivitet i åra som kjem. Det vil vidare vere viktig med gode rammevilkår for å sikre og vidareutvikle dagens næringsliv, særleg marin og maritim sektor. Trivsel Gode bu-, arbeids- og sørvisregionar (ABS-regionar) vil vere ein viktig nøkkel for framtida. Diskusjonar om gode, levedyktige ABS-regionar vert ofte knytt til ei forståing av regionar som økonomisk funksjonelle regionar, basert på parameter som arbeidspendling og reiseavstand. Ei slik forståing av ABS-regionar, vil verke avgrensande på utviklinga av fylket. Framtida til fylket er avhengig av at folk vil bu og arbeide i Møre og Romsdal. Arbeid er viktig, men ikkje nødvendigvis den einaste flyttedrivande faktoren. Det er i dag sterkare søkjelys på forhold som fremmar den enkeltes opplevde livskvalitet, og ein stads attraktivitet som arbeidsstad er avhengig av andre kvalitetar, t.d. tilgang på gode offentlege tenester, kulturtilbod, handel- og sørvistilbod eller gode transport- og samferdselsløysingar. Kultur er viktig for den enkelte si oppleving av livskvalitet og glede. Møre og Romsdal har eit godt kulturliv, og svært mange nyttar dei kultur- og fritidstilboda som er tilgjengeleg, både lokalt og regionalt. Ei undersøking viser at nærare 40 pst. er regionale kulturpendlarar minst ein gong i månaden. Undersøkinga viser vidare at dei med høgare, lengre utdanning og kvinner i større grad enn andre nyttar kultur- og fritidstilbodet i fylket. Kulturpendlinga går i alle retningar i fylket, men tilboda i byane er viktige trekkplastre. Stadig fleire av innbyggjarane i Møre og Romsdal bur i meir sentrale, tettbygde strøk og dagen sentralisering- og urbaniseringstrend er meir eit resultat av personlege preferansar enn eit nødvendig val. Møre og Romsdal har ikkje noko stort landsdelsenter innanfor fylkesgrensene og trekker få vekslar på dei næraste landsdelssentra sin vekst og attraktivitet (Bergen og Trondheim). Det er småbyane som er Møre og Romsdal sin urbanitet og som dermed også har det største potensialet for å svare på kravet om urbane kvalitetar. Regionalisering er eit viktig tiltak for å bremse den nasjonale sentraliseringa, men fordrar sterke bysentra og eit nettverk av tettstader og helst eit hierarki desse imellom. Handel- og sørvis og lokalisering av slike tilbod vil vere sentralt. Men by- og tettstadsutvikling handlar om meir. Investering i romlege kvalitetar og fysiske miljø og satsing på lavterskel kulturtilbod, som t.d. bibliotek, er tiltak som har vist seg og vere viktige verkemiddel i høve til by- og tettstadsutvikling. Sentralt i høve til livskvalitet er også tilgangen på offentlege tenester, og ikkje minst kvaliteten på desse. Å arbeid for trygge lokalsamfunn, god folkehelse og eit samfunn som er tilgjengeleg for alle vil gi fylket komparative fortrinn i konkurransen om innbyggjarane og framtid. 11 Side 17

Eksisterande planar Kapitlet inneheld ein oversikt over vedtekne fylkeskommunale planar, som er utarbeidd etter prosesskrava i plan- og bygningsloven. For kvar av desse er det gjort greie for innhald og det er gitt tilrådingar om framtida for desse planane. I tillegg er det underkapitel som gjer greie for ROS-analyser som fylkeskommunen har vore aktiv i utarbeidinga av, samt sentrale sektorrelaterte planar og -strategiar. Til slutt er det ein oversikt over fylkesdelplaner som er å sjå som avslutta, eventuelt erstatta av andre planer. Fylkesplanar Fylkesplan 2009 2012 Vedteken i T-80/08, 10.12.08, gjeldande for perioden 01.01.09-31.12.2012 Innhald: Fylkesplan 2009 2012 er bygd opp rundt åtte gjennomgåande perspektiv, tre satsingsområde og fem flaggsaker. Dei gjennomgåande perspektiva er meint å styrke fylkeskommunen sin evne til å ta eit heilskapleg grep og ansvar for samfunnsutviklinga samt styrke fylkeskommunen si rolle som planmynde. Iverksettinga av desse byggjer på sektoransvarsprinsippet. Dei tre satsingsområda er Kultur, Kompetanse og Verdiskaping. Til kvar av desse er det formulert eit hovudmål og 10 13 resultatmål. Resultatmåla er følgt opp i handlingsprogram med årlege handlingsplanar. Handlingsplanane er utarbeid i samarbeidd med partnarskapen og nettverka til fylkeskommunen. Flaggsakene er saker som politisk nivå ønskte å løfte særskilt fram og sette på dagsorden i planperioden. Flaggsakene femnar frå samferdsel til samfunnstryggleik, kultur og miljø og klimarelaterte saker. Tilråding: Fylkesplan 2009 2012 har hatt politisk og administrativ legitimitet, og er mykje nytta i kommunane og av andre regionale aktørar. Ein har gjennom val av gjennomgåande perspektiv, nokre få satsingsområde og flaggsakene lykkast i å sette dagsorden, samt prioritere fram sentrale område som er viktig å arbeide med for å fremje regional utvikling og attraktivitet. Å formulere nokre få hovudmål, med tilhøyrande resultatmål synes å fungere godt. Det same gjeld iverksettinga og oppfølginga av planen, særleg innanfor satsingsområda. Erfaringane er noko meir blanda i høve til oppfølging av dei gjennomgåande perspektiva. Fleire av flaggsakene er realisert eller under realisering. Sidan fylkesplanen vart vedteken, har regionreforma gjort fylkeskommunen til ein stor samferdselsaktør. Dette bør kome tydeleg fram i framtidige regionalpolitiske dokument. Fylkesplanen bør vidareføras, men med nokre endringar. Resultatmåla innan dei tre satsingsområda bør vurderast og eventuelt endrast. Transport/samferdsel bør leggast til som eit 4. satsingsområde. Talet på gjennomgåande perspektiv bør kuttast og ein må finne nye måtar å arbeide med desse på. Det er vidare behov for å vurdere flaggsakene som metodisk grep. 12 Side 18

Regional energi- og klimaplan Vedteken i T-72/09, 07.12.09. Ikkje avgrensa gyldigheit. Skal reviderast kvart andre år. Innhald: Energi- og klimaplanen er bygd opp i to delar: Første del omhandlar mål og strategiar for klimaarbeidet i Møre og Romsdal. Planens hovudmål er at klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal reduserast med meir enn 10 pst. frå 2007 til 2020. Det er sett sektorvise mål for reduksjonar der klimagass, og planen legg fram strategiar for måloppnåing på områda transport, industri, primærnæringar, avfall, petroleum og energi, samt fylket si eiga verksemd og samhandling med kommunane. Del 2 av planen er dokumentasjon og vurdering av regionalt handlingsrom. Tilråding: Planen er relativt ny, og problemstillingane den tek opp er framleis svært aktuelle. Fylkeskommunen fell gjennom forvaltingsreforma nye oppgåver innanfor miljøområdet. Fylkestinget sitt vedtak om å vidareføre miljøutvalet viser at miljøspørsmål er ønska på dagsorden regionalt. Nasjonalt er det no fokus på tilpassing til klimaendringar, jf. NOU 2010:10. Dette vil mest sannsynleg føre til nye forventningar til fylkeskommunane i klimatilpassingsarbeidet. Det er derfor behov for å revidere regional- energi og klimaplan. Regional plan Forvaltningsplan for vassregion Møre og Romsdal Vedteken i T-48/09, 12.10.09, og gjeld for perioden 2010 2015. Innhald: EU sitt rammedirektiv for vatn vart innlemma i EØS-avtalen i 2008, og saman med nasjonal forskrift om rammer for vassforvaltinga (vassforskrifta, 2006) gjev dette eit samla grunnlag for fastsetting av forvaltningsplanar for vassførekomstane. Målet med vassdirektivet er at alt vatn, ferskvatn, grunnvatn og kystvatn ut til 1 nm utanfor grunnlina, skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand. Det er sett opp klassar og standardar for ei rekkje faktorar. Planen er utarbeidd av fylkeskommunen som vassregionmyndigheit (VRM) for vassregion Møre og Romsdal i samarbeid med vassregionutvalet (VRU), og følgjande vassområder er med: Søre Sunnmøre, inkl. delar av Eid og Selje som drenerer dit Eira, Aura og indre Nesset med Langfjorden Litjdals-vassdraget i Sunndal Vassførekomstane er vurdert, og det er sett på om det er risiko for ikkje å nå målet om god økologisk og god kjemisk tilstand. Årsaka til at ein ikkje når god økologisk tilstand, er for dei aller fleste vassførekomstane sin del inngrep i samband med kraftutbygging, kanalisering eller andre tekniske tiltak. Forureining er ein risiko for nokre sjøområde med dårleg utskifting og store lokale forureiningskjelder, samt for enkelte vassdrag. Det er utarbeidd eit tiltaksprogram med 70 enkelttiltak eller grupper av tiltak som må gjennomførast for at ein skal nå miljømåla ved utløpet av perioden. Det er både førebyggande og avbøtande tiltak, heilt nye og tiltak som alt blir gjennomførte i dag. Tilråding: Det er satt krav frå statlig hald om at planen skal reviderast innan 2015. 13 Side 19

Fylkesdelplan Dovrefjell Vedteken i T-13/07, 18.04.07. Ikkje avgrensa gyldigheit. Innhald: Knytt til forsøket i Dovrefjell-området med lokal forvalting av verneområda. Samordnar arealforvalting, forvaltingsprinsipp og praksis i dei åtte kommunane i fire fylke som er involvert i forvaltinga av verneområda i Dovre-Sunndalsfjella. Dette gjeld også i randsoner utanfor verneområda. Omsynet til villreinen og høgfjellsøkosystemet er sentralt, men i tillegg ligg føre ein omfattande og konkret handlingsplan og ulike prosjekt, hovudsakleg med sikte på lokal næringsutvikling og tilrettelegging for turisme/ferdsel basert på naturkvalitetane. Tilråding: Det er gitt nye, nasjonale føringar for villreinpolitikken. Dette inneber mellom anna at det er varsla oppstart av revidert plan med siktemål å kartfeste meir nøyaktig kva som er nasjonale villreinområde. Fylkesdelplan for senterstruktur Vedteken T-56/04, 11.10.04, gjeldande i perioden 2004 2008. Ikkje erstatta eller vedteken avslutta. Innhald: Planen er utarbeidd med utgangspunkt i midlertidige rikspolitiske retningslinjer om kjøpesenter 1999-2004, og gir oversikt over strukturen av sentrumsdanningar i fylket og avgrensar retten til kjøpesenteretableringar/-utvidingar. Slike etableringar skal etter planen berre tillatast i eksisterande kommunesentra, og etter at desse er drøfta og nærmare definert gjennom kommuneplan eller i regulering. Kjøpesenter er i planen definert som detaljhandel utover 3000 kvm samla i enkeltbygningar eller i bygningsstrukturar som oppfattas som ei eining. Unntak knytt til sal av plasskrevjande varer, er nærare definert i planen. Etter innføring av nye rikspolitiske bestemmelser om kjøpesenter (RPB), 1.7.2008, er planen praktisert i tråd med desse. Tilråding: Planens tematiske substans er svært relevant, dels politisk konfliktfylt. Det er behov for revidering, først i lys av at det har kome ny RPB, dernest i lys av at fokus på styrking av sentrum har auka sidan planen vart vedteken. Planen må sjåast i samanheng med fylkeskommunens tettstadsprogram og andre verkemiddel retta inn mot regionsbygging. Fylkesdelplan for likestilling Vedteken i T-27/02, 24.06.02. Gjeldande for perioden 2002 2005. Vidareføring av vedteken plan for perioden 2000 2004. Innhald: Fylkesdelplan for likestilling omhandlar likestilling mellom menn og kvinner, likestilling mellom etniske minoritetar og majoriteten og likestilling mellom funksjonshemma og ikkje-funksjonshemma. Hovudperspektiva i planen er demokrati, fordeling av ressursar og bruk av menneskeleg ressursar. Planen sett søkjelys på tre tema utdanning og arbeid, kultur og fritid og helse. Tilråding: Tematikken er moden for revidering og nytenking. Planen vert avvikla under føresetning om at likestilling blir eit gjennomgåande perspektiv i Regional plan for Møre og Romsdal 2013-2016. 14 Side 20

Fylkesdelplan Transport 2002-2011 Vedteken i T-27/01, 19.06.01, gjeldande for perioden 2002 2011. Innhald: Transportplanen skal samordne statlege, fylkeskommunale og kommunale verkemiddel saman med dei ulike sektorane, for å utvikle dei beste transportløysingane for brukarane. Planen har eit status- og utfordringskapittel som og er inne på temaet arealplanlegging. Vidare er planen delt i persontransport og godstransport. Til slutt er det eit kapittel om ulykker og miljøulemper, og eit om ressursar til utvikling av transportsystemet. Planen er avrunda med eit eige kapittel med konklusjon. Det ligg strategiar og tiltak i alle kapitla utanom innleiing og konklusjon. Tiltaka er sett opp med ansvar og aktør. Tilråding: Planen har høg formell relevans og er gyldig ut 2011. Dei fleste tiltaka gjennomført eller totalt utan relevans fordi dei vart utforma i 2001 under planarbeidet. Tiltak i ein plan med gyldigheit i 10 år vil bli irrelevante. Planen bør rullerast, og erstattas ved at transport blir eit satsingsområde i komande Regional plan Møre og Romsdal 2013 2016. Fylkesdelplan for stand- og kystsona Vedteken i T-59/00, 12.12.00, gjeldande i perioden 2001 2005. Ikkje erstatta eller vedteken avslutta. Innhald: Analyserer brukarkonfliktar og status for ulike arealbruksinteresser i strand- og kystsona i fylket. Skisserer fire strategiske val for arealforvaltinga; 1) Bærekraftig arealforvalting, 2) Fleksibel arealforvalting, 3) Stor kommunal fridom i arealforvaltinga og 4) Ålmenta skal ha god tilgang til rekreasjon i kystsona. Ut frå desse er det utarbeidd noko meir konkrete mål og tiltak retta både mot kommunale planprosessar, mot næringsutviklinga inkludert akvakultur, mot kunnskapsgrunnlaget og mot friluftslivet. Det ligg føre eit grunnlagsdokument med analyser og kunnskapstilfang. Tilråding: Planen er i liten grad nytta som styringsverktøy. Gjennom forvaltingsreforma sine grep med omsyn til akvakultur vert ein del av problematikken introdusert på nytt på den regionalpolitiske arenaen. Likeeins er friluftsliv no i større grad eit fylkeskommunalt ansvar. Til sist er det grunn til å drøfte dei statlege planretningslinjene for differensiert strandsoneforvalting. Revidering bør såleis vurderast, men ut frå noko andre premiss enn tidlegare. Fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområde Vedteken i T-11/00, 11.04.00. Ikkje avgrensa gyldigheit. Er ikkje revidert. Innhald: Vurderer graden av inngrep i større naturområde i fylket og prioriterer kva område som er viktige å ivareta urørt. Har tilrådingar om praksis for ulike sektorar. Tilråding: Nyttig som kunnskapsbase vedrørande større naturareal, fragmenteringsspørsmål o.l. Er referanse i nokre saker, men ikkje nødvendigvis relevant som styringsdokument fordi nyare føringar nasjonalt gir tilsvarande signal. Ikkje utan vidare behov for revidering, men må truleg sjåast i samanheng med behovet for 15 Side 21

avgjerdsgrunnlag når det gjeld ansvaret for ivaretaking av friluftsinteressene (temakartlegging). Vi vil vere tent med å oppdatere kartvedlegga i planen. Fylkesdelplan for elveoslandskap Vedteken i fylkestinget, 20.04.94. Ikkje avgrensa gyldigheit. Er ikkje revidert. Innhald: Vurdering og kategorisering av elveoslandskap i Møre og Romsdal. Gir retningsliner for arealforvaltinga. Tilråding: Seinare etterfølgt av vern etter naturvernlova av nokre av objekta. Med utgangspunkt i nyare nasjonale føringar for arealplanlegging, som dels erstattar og dels går utanpå denne planen, er han å sjå som utdatert som styringsverktøy. Kan vere relevant som kunnskapsbase. 16 Side 22

ROS-analyser FylkesROS-sjø Vedteken i T-15/07, 18.04.07. Ikkje avgrensa gyldigheit, men analysen bør reviderast ved behov og første gong innan utgongen av 2008. Innhald: Bakgrunn for ROS-analysen var auka fokus på den aukande maritime trafikken i fjordane og langs kysten av Møre og Romsdal. Analysen inneheld ei kartlegging av risiko i høve til 27 uønskte hendingar til sjøs. Hendingane er delt inn i 5 ulike kategoriar Hendingar med fly/helikopter, skip, petroleumsrelaterte hendingar, akutt forureining og andre hendingar. På bakgrunn av risikokartlegginga er det utarbeidd og gjennomført ein beredskapsanalyse med utgangspunkt i to scenario: skipsbrann og grunnstøyting. På grunnlag av desse er det dratt konklusjonar og definert behov for vidare oppfølging. Sentralt her er behovet for å auke ansvars- og rolleforsåinga mellom nøkkelaktørane i den maritime beredskapen, samordning av beredskapsplanverk og avgjerdsstøtteverkty og stryking av brannberedskapen til sjøs. Tilråding: Analysen har medverka til å sette søkjelys på hendingar og utfordringar innan den maritime beredskapen og til at risikoreduserande tiltak blir gjennomført. Analysen tener framleis som grunnlag for politisk engasjement og politiske og administrative avgjersler i fylkeskommunen. I staden for ei samla revidering, vil det vere tenleg at delar av analysen blir revidert i samband med ei eventuell utarbeiding av ein regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap. Risiko- og sårbarheitsanalyse for fjellskred i Møre og Romsdal Analysen er utarbeidd i eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Norges geologiske undersøkelse (NGU), og vart avslutta i april 2011. Innhald: Analysen dokumenterer at fjellskred med tilhøyrande flodbølgjer utgjer ein alvorleg risiko i Møre og Romsdal. Vi kan forvente eitt til to store fjellskred for kvart hundreår, med fare for svært store ulykker. Analysen påviser over 80 ustabile fjellsider i fylket som kan utvikle fjellskred. Av desse er fire høgrisikoobjekt der store fjellvolum er i sakte rørsle (inntil 10 cm/år), med fare for store skred med påfølgjande flodbølgjer og flaum. Tre av desse fjellpartia er i indre Storfjorden og eitt i Romsdalen. For alle desse er det etablert overvaking og varsling i regi av Åknes/Tafjord Beredskap IKS (ÅTB) på Stranda. 15 fjellparti er karakterisert med moderat risiko, 36 med låg risiko, medan 33 er ikkje klassifisert. Innhald: Nasjonale styresmakter er i ferd med å adoptere Møre og Romsdal si risikohandtering for fjellskred (kartlegging og beredskap). Olje og energidepartementet vurderer om ÅTB skal fortsette som eit IKS (med statlege tilskott) eller om staten skal overta senteret. Eigarane av ÅTB, her under fylkeskommunen, har argumentert for statleg overtaking. Det er også eit mål for eigarane at ÅTB skal bli eit nasjonalt senter for fjellskredberedskap. Regional- og næringsavdelinga prioriterer i denne samanhengen å støtte opp om ÅTB, mellom anna ved å stille geologisk kompetanse til disposisjon for senteret (0,3 årsverk pr. år). Elles vidareførast dialogen med nasjonale fagstyresmakter (NVE/NGU), fylkesmannen og ÅTB om rollefordeling i oppfølginga av ustabile fjellsider med moderat risiko (periodiske overvaking) og for dei som manglar risikoklassifisering (vidare undersøkingar og risikoklassifisering). Målet er å tilføre ÅTB nye oppgåver. 17 Side 23

Sektorrelaterte planar- og strategiar Samferdsel/transport I Møre og Romsdal er det utarbeidd ei rekke strategiar innan samferdselssektoren, som er vedtekne av fylkestinget. Desse er utarbeidd i staden for handlingsplaner for iverksetting av fylkesdelplan Transport. Eksisterande strategiar innan transport er: Ferjestrategi for Møre og Romsdal 2006 2015, T-70/05, 14.12.05 Luftfartsstrategi 2007 2015 Møre og Romsdal, T-19/07, 18.04.07 Gang- og sykkelvegstrategi for Møre og Romsdal 2010 2019, T-44/07, 13.06.07 Finansieringsstrategi I tillegg er Kollektivstrategi for Møre og Romsdal under utarbeiding og det er meldt inn eit inn eit behov for å utarbeide ein hamnestrategi. Det må vere eit mål at strategiane dei vert erstatta av handlingsplaner knytt til regional plan 2013 2016, der det er tenleg. Dette bør også gjelde for strategiar som er under utarbeiding og som er planlagt utarbeidd. Innan denne sektoren er det også ei rekke andre planar som rører ved arbeidet i sektoren. Sentrale er Nasjonal Transportplan, Regional transportplan Midt-Norge (samarbeid mellom Trønderfylka og Møre og Romsdal) og Vestlandsrådet sin Transportplan 2007 2019. Regional transportplan Midt-Norge (RTP), er eit samarbeid innanfor samferdselssektoren basert på behovet for koordinering og utvikling av heilskaplege løysingar på tvers av transportetatane og fylkesgrensene. Utarbeidinga av RTP er meint å medverke til ein målretta innsats innan samferdselsområdet i Midt-Norge. RTP er også meint og vere eit grunnlag for innspel til revisjon av nasjonal transportplan, 2014 2023. Vestlandsrådet sin Transportplan 2007 2019 vart vedteken i fylkesutvalet i sak U-188/2008. Planen trekkjer opp Vestlandsrådet sine mål og strategiar for ei framtidsretta transportutvikling. Planen omhandlar områda vegsektoren, jernbane, sjøtransport, luftfart, regional kollektivtransport, byområde og finansiering og organisering. Planen føresett at mål og strategiar skal konkretiserast nærare i handlingsplanar. Ein 4- årig handlingsplan vart utarbeidd saman med planen. Den er no under rullering, og skal opp i Vestlandsrådet i juni 2011. Vestlandsrådet sin Transportplan 2007 2019 blir vurdert til å ha svært høg relevans. Til ei kvar tid går det større planprosessar som det er viktig at fylkeskommunen prioriterer og deltek på. Dette gjeld m.a. NTP og RTP. Sjølv om slike planar ber namn som t.d. Regional transportplan, er dei ikkje ein regional plan etter prosesskrava i PBL. Det vil vere viktig at innspela til NTP, RTP og andre planprosessar er forankra i fylkeskommunen sitt eige planverk. Regional- og næring Fylkestinget vedtok i sak T-16/09, 22.04.09, Strategi for internasjonalt arbeid i Møre og Romsdal fylke. I tillegg er Regional forskingsstrategi vedteken av fylkestinget i sak T-36/09, 17.06.09. Regional forskingsstrategi er eit resultat av at dei Regionale forskingsfonda vart etablert i 2010 og forventingar frå sentralt hald om å utarbeide ein strategi som skal danne grunnlag for forvaltinga av fondet. Målsetting er å styrkje den regionale FoU-kompetansen, og midla i fondet blir tildelt, etter søknad, lokalt forankra bedrifter og FoU-miljø. Strategien gjeld for perioden 2010 2011, og det er i 2011 under utarbeiding ein meir langsiktig strategi. Strategien er ikkje ein regional plan, jf. prosesskrava, men det vil vere viktig å forankre den i regional plan. 18 Side 24

Strategi for internasjonalt arbeid i Møre og Romsdal fylke er forankra i Fylkesplan 2009 2012. Få har eigarskap til strategien, samstundes er det viktig med eit internasjonalt engasjement i fylkeskommunen. Strategien bør avviklast og erstattast av handlingsplan knytt til iverksetting av Regional plan 2013 2016. I sak T-60/08, 13.10.08, vedtok fylkestinget Strategi for skogbruket i Møre og Romsdal 2008 2016. Strategien beskriv status og sett mål for skogbruket i Møre og Romsdal. Det er i planen også utarbeidd ein handlingsplan for perioden 2008 2012, som er revidert i 2011. Strategien vert i dag følgt opp av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kultur Plan for kulturminnevernet (1999), er godkjent i Miljøverndepartementet, men har aldri vore til godkjenning i fylkestinget. Arbeidet med planen starta opp i september 1998 og var ferdig i 1999. Planen er delt i 3 planhefte. Hefte nr. 1 gir eit kort samandrag med utfordringar og mål og handlingsprogram. Dette er og sjå på som sjølve hovuddokumentet. Hefte 2 og 3 gir grunnlag for planarbeidet med status for kulturminnevernet i fylket. Her er også med gode register og oversikter over ulike type kulturminne og kulturhistoriske utviklingstrekk. Det er skilt mellom tiltaksperiode 2000 2003 og tiltak som må gjennomførast seinare, etter 2003. Planen vert vurdert som framleis å vere gyldig, særleg gjeld dette mange av utfordingane samt hovudmål/delmål. Når det gjeld dei konkrete forslag til tiltak er mykje gjennomført eller starta opp, men det er også ein del tiltak som fortsatt står att og som bør gjennomførast. Noko bør gjennomførast i form av justeringar og nye tiltak. Hefte 2 og 3 med oversikter og bakgrunnsstoff har særs stor relevans som kjeldemateriale og informasjonsstoff. For å gje legitimitet til og styrkje kulturminnevernet i fylket, bør planen reviderast etter prosessreglane i planog bygningsloven. Avvikla planar Kulturplan 2001-2004 Kulturplan 2001-2004 (T-44/00) vart vedtatt 16.10.00, og var eit samla plangrep for å skape ein overordna, strategisk fylkesdelplan for heile kulturområdet og ein vedtok at følgjande planar var å sjå som verksemdsplaner, underordna Kulturplanen (U-59/99): Revidert museumsplan for Møre og Romsdal (1996), Fylkesdelplan for idrett og friluftsliv (1996-1999), Bibliotekplan for Møre og Romsdal (1997-2000), Plan for kulturminnevernet (2000-2003), Fartøyvernplan for Møre og Romsdal (1999) (temaplan), Plan for kunst og kulturformidling (temaplan), og På helsa laus, fylkesdelplan for førebyggjande og helsefremjande arbeidet (1998). Planen er erstatta av Fylkesplan 2009 2012. 19 Side 25

Prioriterte område for regional planlegging Kapitlet tek synleggjer kva område som skal takast opp gjennom vidare regional planlegging og synleggjer, der det er mogleg, korleis ein skal sikre medverknad. Ein plan har status som regional plan når den er utarbeidd og vedteken etter prosessreglane i plan- og bygningsloven (2009): Planprogram er utarbeidd, lagt til høyring og offentleg ettersyn og fastsett av fylkesutvalet. Regional plan er utarbeidd, lagt til høyring og offentleg ettersyn av fylkesutvalet og vedtatt av fylkestinget. Departementet kan gjere endringar i planen ut frå nasjonale interesser. Dette skal varslast regional planmynde innan 3 månader. Planar under utarbeiding Regional delplan Forvaltingsplan for vassregion Møre og Romsdal 2016 2021 Oppstart og planprogram: Planprogram vart sendt på høyring 15. desember 2010, med høyringsfrist 15.06.11. Føremål: Føremål med forvaltningsplanen er å få ei oversikt over alle vassførekomstane i vassregionen, finne status, overvake, lage miljømål og tiltak for å nå måla. Alt vatn skal ha mål om god kjemisk og økologisk tilstand. Prioriterte problemstillingar i alle påverknader som reduserer/svekkjer vasskvaliteten i vassregionen. Organisering og medverknad: Det skal opprettast ei regional referansegruppe med regionale aktørar som har interesse i arbeidet. Det vil mest sannsynleg også bli oppretta lokale referansegrupper/temagrupper i kvart vassområde, men arbeidsmåten vil vassområdeutvala sjølv kunne velje. Direktoratsgruppa har utarbeidd ein rettleiar, Medvirkning og samråd (03:2010), som vil vere retningsgivande for alt arbeid. Særskilte behov: Det vil vere nødvendig med økonomisk støtte både frå stat, fylkeskommune, fylkesmann, sektorar og kommunar for å finansiere arbeidet i vassregionen, drive overvaking av vassførekomstane, og gjennomføring av tiltak. Det vil også vere nødvendig med personellressursar. Regional delplan for villrein - Ottadalen Oppstart og planprogram: Fylkestinget vedtok planprogram i april 2011. Føremål: Føremålet med arbeidet er tredelt: Fastsetje grenser for det nasjonale villreinområdet (Ottadalen villreinområde) Synleggjere rammer og potensiale for næringsutvikling med utgansgpunkt i villreinområdet 20 Side 26

Samordne forvaltingsprinsipp og praksis innan plangrensene Organisering og medverknad: Prosjektet er eit samarbeid mellom Oppland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Ti kommunar er involvert i planområdet. Det er oppretta ei styringsgruppe der også villreinnemnda og kommunane er representert. Prosjektleiar vil vere tilknytt Oppland fylkeskommune. I Møre og Romsdal er kommunane Stranda, Rauma og Norddal involvert og det er lagt opp til særskilde møte under prosessen, som er tenkt avslutta desember 2012 Særskilte behov: Planarbeidet er rekna å koste om lag 2 mill. Mykje av dette blir dekt frå Miljøverndepartementet. Fylkeskommunen må rekne med å dekkje inntil 200.000,- Regional delplan for villrein Dovrefjell Oppstart og planprogram: Oppstart av planarbeidet vart vedteke hausten 2010. Arbeidet med planprogrammet vil skje i løpet av 2011. Føremål: I dette området er andre generasjon plan allereie vedteken, men i siste godkjenning frå Miljøverndepartementet ligg det innebygd eit krav om revidering, med siktemål å fastsetje avgrensinga av det nasjonale villreinområdet (Snøhetta villreinområde). Dette arbeidet er såleis ein del mindre omfattande enn planen i Ottadalsområdet. Organisering og medverknad: Prosjektet er eit samarbeid mellom Oppland, Hedmark, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Det vil bli oppretta ei styringsgruppe der villreinnemnda og kommunane er representert. Prosjektleiar vil vere tilknytt Oppland fylkeskommune. I Møre og Romsdal er kommunane Rauma og Sunndal involvert og det er lagt opp til særskilde møte under prosessen, som er tenkt avslutta desember 2012 Særskilte behov: Det meste av kostnadene vil verte dekt av Miljøverndepartementet. Det er uklart kva fylkeskommunen må medverke med, men ein stad mellom 50 000 og 100 000 kr. Planar som reviderast Regional plan Møre og Romsdal 2013-2016 Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte våren 2012, og skal gjere grei for vidare behov for utreiingar, deltaking og prosess. Det er eit mål at planen blir vedteken i fylkestinget i desember 2012, eventuelt april 2013. Føremål: 21 Side 27

Innbyggjarane er Møre og Romsdal sin viktigaste ressurs for framtida. Planen skal medverke til å gjere Møre og Romsdal til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Regional plan Møre og Romsdal 2013 2016 bør difor sette søkjelys på og ha ei overordna målsetting knytt til innbyggjarane sin opplevde livskvalitet. Som regional utviklingsaktør ønskjer fylkeskommunen å medverke til å gjere Møre og Romsdal til eit attraktivt samfunn, kor den enkelte både har noko å leve av og noko å leve for. Mangfald av kompetanse og erfaringar og breidde i kultur og levesett skaper rom for nye tankar og påfølgjande handling, og er ein føresetnad for omstilling, nyskaping og vidare utvikling av fylket. For å vidareutvikle innbyggjarane sin opplevde livskvalitet, vil det vere viktig med satsing innanfor nokre få område. Den pågåande satsinga på Kultur, Kompetanse og Verdiskaping blir opplevd som særs positiv i dei ulike nettverka til fylkeskommunen. I tillegg bør Samferdsel inn som ei eiga satsing, slik at det i komande regional plan blir fire satsingsområder. Arbeidet innan satsingsområda skal vere tufta på erkjenninga at kultur, kompetanse, verdiskaping og samferdsel er verkemiddel for regional utvikling og ikkje mål i seg sjølv. For satsingsområde samferdsel, vil det bli utarbeid eit eige analysedokument, som vil erstatte analysane i Fylkesdelplan transport 2002 2011. Fylkeskommunen har ei sentral rolle som regional utviklingsaktør, og for å styrkje fylkeskommunen si evne til å ta eit heilskapleg grep og ansvar for samfunnsutviklinga i fylket, bør planen ha følgjande gjennomgåande perspektiv: Folkehelse Universell utforming Likestilling Miljø/klima Internasjonalisering Desse perspektiva skal vere synleg innan alle dei anbefalte satsingsområda. Organisering og medverknad: Planarbeidet organiserast av fylkeskommunen og skal utarbeidast og settast i verk i eit samarbeid mellom fylkeskommunen og aktørane i den regionale partnarskapen. Det skal leggast opp til ein prosess som sikrar brei og god medverknad, basert på erfaringane frå førre fylkesplanprosess. Den vidare organiseringa av planarbeidet og korleis medverknad skal sikrast avklarast i samband med utarbeidinga av planprogrammet. Særskilte behov: For å måle om satsingane i planen har effekt, skal det gjennomførast ei spørjeundersøking i befolkninga, før ny planperiode tek til og ved slutten av komande planperiode. Regional delplan Klima og energi Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte våren 2012. Det er nødvendig med ei evaluering av eksisterande energi- og klimaplan før planprogrammet utformast. Dette vil gje eit best mogleg utgangspunkt for vidare behov for utgreiingar, presisering av planens føremål og langsiktige mål, deltaking og prosess. Føremål: Føremålet med dagens plan vidareførast, dvs. reduksjon av klimagassutslepp i Møre og Romsdal. Nivået på reduksjonen kan vidareførast eller vurderast på nytt. Det vil vere eit mål i planen at omsynet til klimagassutslepp blir implementert i all fylkeskommunal verksemd, planlegging og politikkutforming. Fylkeskommunen skal samstundes gjennom informasjonstiltak, 22 Side 28

kompetansebygging og stimuleringstiltak medverke til reduksjon i utslepp frå andre aktørar og kjelder i Møre og Romsdal. Eit mål med planen er også at samfunnet Møre og Romsdal skal vere best mogleg budd på klimaendringane. Planen skal medverke til auka medvit om konsekvensar av klimaendringane i Møre og Romsdal. Organisering og medverknad: Organisering og medverknad vil bli avklart i samband med utarbeiding av planprogram til planen. Særskilde behov: I arbeidet med økonomiplanen må det vurderast å avsette ein eigen pott til oppfølging av energi- og klimaplanen. Regional delplan for senterstruktur Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte hausten 2012. Programmet vil gjere greie for innhald, deltaking og prosess. Føremål: Planarbeidet vil henge saman med den totale satsinga kring bygging av robuste bu-, arbeidsmarknads- og serviceregionar, der kvalitetar i regionsentra er heilt sentrale med omsyn til å fremje vekst og gjere regionane attraktive. Det ligg føre ei rekkje undersøkingar som dokumenterer samanhengen mellom regionssentra sin kvalitet og attraktiviteten til regionen samla. Det bør derfor vere eit mål å byggje under og auke dei kvalitetane som allereie ligg i tettstadene og regionstrukturen vår. Eksisterande delplan fokuserer i stor grad på kjøpesenteretableringar. Revideringa bør ha ei breiare tilnærming. Sentrale problemstillingar i dette arbeidet bør vere knytt til tema: Senterstruktur og regiondanning innan fylket Lokalisering av sentrumsdannande aktivitet, detaljhandel særskilt Lokalisering av offentlege tenester Universell utforming Kultur- og naturmiljø Retningsliner for bruk av tettsadmidlar Organisering og medverknad: Organisering og medverknad vil bli drøfta i planprogrammet, men regional- og næringsavdelinga, kommunar og næringsliv er sentrale aktørar. 23 Side 29

Nye planar Regional delplan for kulturminner av nasjonal og regional verdi Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte hausten 2011, og skal gjere greie for innhald, deltaking og prosess. Det er eit mål at Regional delplan Kulturminner av regional/ nasjonal verdi i Møre og Romsdal skal leggast fram til politisk vedtak i desember 2012/våren 2013 og at det skal lagast til eit første forslag til ei liste over utvalte kulturminne innan utgangen av 2011. Føremål: Planen skal innehalde ei liste over ulike typar kulturminne av regional og nasjonal verneverdi. Lista skal vere så utfyllande som mogleg, og tematisk tak for seg eit vidt spekter av kulturminne. Dette er kulturminne av høg kvalitet som på ein god måte synleggjer og fortel vår historie. Det er viktig å sikre kulturminne som viser sentrale utviklingstrekk og det typiske og særeigne ved kulturhistoria i Møre og Romsdal. Ein må likevel ha klart for seg at ein aldri vil kunne utarbeide ein fullstendig liste og at nye kulturminner vil kunne kome til og supplere planen. Det er eit mål at planen skal fungere som grunnlag for forvaltning av kulturminne i arealplansamanheng slik at ein får eit klårare skile mellom kulturminne av lokal og regional/nasjonal verdi og dermed eit tydlegare ansvarsforhold mellom kommune og fylkeskommune og kva saker som eventuelt må sendast vidare til Riksantikvaren. Samhandling og samarbeidsplikt vil vere nøkkelord i prosessane. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å vere tydlege på kva område med kulturminne og kulturmiljø som kommunane og eventuelle utbyggerar skal vere særleg merksame på. Dette vil gjere planprosessane og forvaltning av areal og kulturminne ryddigare. Kulturminneloven, ny plan- og bygningslov og ulike rundskriv og statlege retningslinjer knytt til delegering av statleg mynde av kulturminneinteressene vil danne grunnlag for arbeidet med planen. Organisering og medverknad: Planprogram utarbeidast av fylkeskommunen. Kulturavdelinga skal leie og organisere prosjektet. Den vidare organiseringa av planarbeidet og korleis medverknad skal sikrast vil bli avklart i samband med utarbeiding av planprogrammet, men det er ein føresetnad med brei lokal medverknad. Særskilte behov: Utarbeiding av planen vil krevje ei økonomisk løyve på kr 100.000,- Regional delplan for samfunnstryggleik og beredskap i Møre og Romsdal Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte 1. juli 2011 og skal gjere grei for innhald, deltaking og prosess. Det er eit mål at planen skal leggast fram til politisk vedtak i april 2013. Føremål: Alle sektorar pliktar å ta omsyn til samfunnstryggleik i utforming av planar og i praktisk politikk. Planlegging etter plan- og bygningsloven skal m.a. fremje samfunnstryggleik ved å førebyggje risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar, med vidare ( 3-1). Samfunnstryggleik handlar om eit samfunn si evne til å ta vare på liv og helse og dekkje grunnleggande behov for innbyggjarane sine, samt oppretthalde viktige samfunnsfunksjonar under ulike påkjenningar. God samfunnstryggleik føresett målretta førebygging av ikkje ønskte hendingar og god beredskap som 24 Side 30

reduserer skadeverknadane når noko likevel går gale. Det må vere eit mål at planen skal fungere som eit plangrunnlag for det samla arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Møre og Romsdal; i fylkeskommunen, i kommunane, for fylkesmannen og andre sentrale beredskapsaktørars planarbeid. Innanfor det førebyggjande området, er søkjelyset på samfunnstryggleik styrkja gjennom ny plan- og bygningslov (2009) og Lov om kommunal beredskapsplikt, sivilbeskyttelsestiltak og sivilforsvaret (2010) og Forskrift om kommunal beredskapsplikt (2011). I utforminga av planen bør bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) vere eit sentralt verktøy for å gjere planen tilgjengeleg og direkte anvendeleg for t.d. kommunane. Planen bør vidare sette søkjelyset på behovet for samhandling mellom ulike aktørar når det gjeld arbeidet med førebyggande samfunnstryggleik, beredskapsplanlegging og øvingar. Det bør i dette arbeidet vurderast om ROS-analysen i planen mellom anna skal omfatte hendingar knytt til hendingar innan transport/samferdsel, vassforsyning, forureining, epidemiar, skred, flaum og bortfall av kritisk infrastruktur, som t.d. straum. Organisering og medverknad: Arbeidet er tenkt organisert som eit prosjekt, med Møre og Romsdal fylkeskommune (MRfk) og Fylkesmannen i Møre og Romsdal (FMMR) som prosjekteigarar. Prosjektleiar er tilsett hos FMMR. MRfk har ansvar for at prosesskrava (jf. PBL) blir følgt. Til prosjektet vil det vere knytt ei arbeidsgruppe, med representantar frå begge organisasjonane. Den vidare organiseringa av planarbeidet og korleis medverknad skal sikrast avklarast i samband med utarbeiding av planprogrammet. Regional delplan for tannhelse Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte opp sommaren 2011 og skal gjere greie for innhald, deltaking og prosess. Det er eit mål at regional delplan for tannhelse skal leggast fram for politisk vedtak, seinast våren 2012. Føremål: Planen skal medverke til å klargjere premissane og forankre vegvala for den vidare utviklinga av den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Planen skal vere framtidsretta og sette tannhelsetenesta i stand til å møte framtidige utfordringar med rekruttering av nøkkelpersonell for å sikre mest mogleg likeverdige tannhelsetenester i fylket med omsyn til tilgjenge og kvalitet. Planen må identifisere strukturar og organisering som best kan sikre tannhelsetenesta eit kunnskaps- og kompetanseløft til beste for innbyggarane. Organisering og medverknad: Den vidare organiseringa av planarbeidet og korleis medverknad skal sikrast blir avklart gjennom utarbeiding av planprogrammet. Planprogrammet vil gi retningslinjer for prosessmedverknad og identifisere høringsinstansar. 25 Side 31

Regional delplan for bibliotek Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte andre halvår 2012. Programmet vil gjere greie for innhald, deltaking og prosess. Oppstart og innhaldet vil vere avhengig av når arbeidet med revidering av Lov om Folkebibliotek blir starta opp nasjonalt. Føremål: Planen skal medverke til å utforme ein regional bibliotekpolitikk med ei sentral målsetjing om at alle innbyggarane skal få eit likt bibliotektilbod uavhengig av kvar dei bur. Den regionale bibliotekpolitikken skal vere basert på gjennomgåande perspektiv som samhandling, nettverksbygging, kompetanseutvikling og biblioteka si samfunnsrolle, og sette søkjelys på utfordringar innan områda struktur og organisering, kompetanse og innhald og tenester. Det bør jobbast fram ein sentral visjon for Bibliotekfylket Møre og Romsdal. Organisering og medverknad: Organisering og medverknad vil bli avklart i samband med utarbeiding av planprogram til planen/interkommunalt samarbeid. I samband med dette er det viktig at arbeidet omfattar og trekkjer med seg alle bibliotektypar i fylket. Regional delplan for folkehelse Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte hausten 2012, og skal gjere greie for innhald, deltaking og prosess. Regional delplan Folkehelse for Møre og Romsdal skal leggast fram til politisk vedtak i desember 2013. Føremål: Januar 2012 trer den nye folkehelselova i kraft. Lova skal sikre eit systematisk folkehelsearbeid i regi av statlege myndigheiter, fylkeskommunen og kommunane. I tillegg til eigen lov, er folkehelse som tema også styrkja gjennom ny plan- og bygningslov (2009). Det har aldri vore utarbeidd ein regional plan for folkehelse, og føremålet med delplanen er at vegvala for det systematiske folkehelsearbeidet i fylket skal vere godt forankra i en god planprosess. Det må vere eit mål at planen skal fungere som eit plangrunnlag for det samla arbeidet med folkehelse i Møre og Romsdal, i fylkeskommunen, i kommunane, for fylkesmannen og andre sentrale aktørar sitt planarbeid. Arbeidet med partnarskapet God Helse starta i 2004 og omfattar no 32 av 36 kommunar. Målet er at dei siste 4 kommunane blir med i løpet av 2012. Med eit ferdig utbygd nettverk av kommunar som har forplikta seg til eit systematisk folkehelsearbeid, vil utgangspunktet vere det beste for å lage ein plan som kan føre til handling på regionalt og lokalt nivå. For å ta ut dette potensialet, er det viktig at utviklinga av delplanen skjer i eit samspel med partnarkommunane. Den nye folkehelselova pålegg fylkeskommunane og kommunane å utarbeide oversikt over helsetilstand og kartlegge faktorar som verker inn på helsa til innbyggarane. Frå hausten 2011 og ut 2012 vil vi søke å utarbeide ein slik oversikt. Undersøkingane vil vere eit viktig grunnlag for planarbeidet som skal gjerast. Organisering og medverknad: 26 Side 32

Fylkeskommunen leiar planarbeidet. Organiseringa av planarbeidet og korleis medverknad skal sikrast avklarast i samband med utarbeiding av planprogrammet. God helse-partnarskapen vil vere sentral samarbeidspart i planarbeidet. Særskilte behov: Utarbeiding av planen vil krevje ei særskilt økonomisk løyve til å gjennomføre kartlegging av helsetilstanden som skal nyttast som grunnlag for planarbeidet. Regional delplan for kystsonen (alternativt interkommunale planer) Oppstart og planprogram: Arbeidet med planprogrammet vil starte 2012, og skal gjere grei for innhald, deltaking og prosess. Føremål: Sjømatnæringa er ei stor eksportnæring og bidrar til aktivitet og sysselsetting i heile fylket. Den marine sektoren må få muligheit for langsiktig og miljømessig forsvarleg verdiskaping. Planlegginga må leggje til rette for å oppretthalde og vidareutvikle fiskeri- og havbruksnæringa innanfor ei miljømessig forsvarleg ramme. Gjennom eit regionalt perspektiv på arealbehovet for havbruksnæringa, vil ein kunne rekkje opp rammene for framtidas arealstruktur og medverke til at næringa får ein balansert og berekraftig sameksistens med andre interesser i kystsona og langs vassdrag. Slik sett vil planlegginga medverke til at potensialet for havbruk i Møre og Romsdal utnyttast optimalt, samstundes som andre samfunnsomsyn blir ivareteke. Havbruksnæringa i fylket er avhengig av at dei områda som best eignar seg til akvakulturproduksjon blir sett av til dette. Det vil m.a.o. vere viktig at planverket stettar krava om dei arealbehova som nye driftsstrategiar med soneinndeling og spesialproduksjon (FOU, stamfisk, etc.) genererer, samt at tilstrekkelig med areal til anna oppdrettsproduksjon enn laks blir ivaretatt. Andre perspektiv som må ivaretakast i planarbeidet er dei nasjonale laksefjordane, marint biologisk mangfald, fiskerihamner, nødhamner og ankringsplassar. Organisering og medverknad: Organisering og medverknad vil bli avklart i samband med utarbeiding av planprogram til planen. Kystverket, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet vil vere viktige samarbeidspartar i dette arbeidet. Planprogrammet vil også gjere greie for det vil vere hensiktsmessig å ta omsyn til den regionaliseringa som skjer innan næringa og slik sett utarbeide minst 2 regionale delplaner for kystsonen som følgje av dette. Særskilte behov: Møre og Romsdal Fylkeskommune disponerer Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond. Søknadsfrist for midlar frå fondet i 2011 er 1. september 2011. Eit av dei temaområde som kan få støtte i 2011 er Utgreiing og kartlegging i samband med oppdatering av kystsoneplanar i fylket. Ikkje tilrådde tema for regional planlegging I arbeidet med regionalplanstrategi er behovet for regionale delplaner innanfor ei rekkje områder vurdert. Nedanfor følgjer ein oversikt over desse, med grunngjeving av kvifor vi ikkje vil utarbeide regionale delplanar innan desse områda. Det er vurdert om ein bør utarbeide regional delplan om likestilling og regional delplan om universell utforming. For begge desse har ein vurdert at vi vil oppnå meir innan desse områda, om dei blir innarbeid 27 Side 33

som eigne perspektiv i dei regionale planane som skal utarbeidast i planperioden 2012 2016. Vi ser føre oss at det i ny regional plan for Møre og Romsdal skal likestilling og universell utforming vere to av dei gjennomgåande perspektiva, som det skal utarbeidast resultatmål på. Desse skal det rapporterast på innan satsingsområda, men ein kan også legge opp til at sektorar som ikkje har eit eige klart definert oppfølgingsansvar til satsingsområda skal rapportere på arbeidet dei gjer innan likestilling og universell utforming. Det vil sikre sektoransvarsprinsippet, altså at den einskilde sektor sjølv er ansvarleg for å gjennomføre tiltak innan eige ansvarsområde. Det er vidare vurdert om det er potensiale for utbygging av vindkraft og små vasskraft. Dette blir vurdert som lite hensiktsmessig å utarbeide regionale planer for desse, då ein per i dag er komen for langt i konkrete utbyggingar. Det vil derfor ikkje bli utarbeid verken regional delplan om småkraftverk eller regional delplan om vindkraft i komande planperiode. Sjå elles vurderingar gjort i U-64/06, U-167/06 og U-15/10. Når det gjeld vurderingar kring ein mogleg regional delplan om samordna areal- og transportplanlegging, ser vi at dette vil vere vanskeleg å få til i komande planperiode. Samordna areal- og transportplanlegging har som mål å redusere behovet for transport. Ein regional delplan om senterstruktur vil delvis ivareta behovet. Likeins er tematikken sentral i den samla vegplanlegginga i fylket. Saman med bruk av rikspolitiske retningsliner for areal og transportplanlegging og fylkeskommunale sjekkelister nytta i planhandsaminga, vil tematikk og utfordringar knytt til areal- og transportplanlegging, vere godt ivareteke. Fylkesdelplanar som vidareførast Fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområde Vidareførast. Kartvedlegg oppdaterast. Fylkesdelplanar som avviklast Fylkesdelplan for elveoslandskap Avviklast. Fylkesdelplan Transport 2002-2011 Avviklast, under føresetnad at tema er eit eige satsingsområde i ny regional plan 2013 2016. Fylkesdelplan for likestilling Avviklast, under føresetnad at tema er eit gjennomgåande perspektiv i ny regional plan 2013 2016. Fylkesdelplan for stand- og kystsona Avviklast under førestad om at regional delplan for kystsonen (alternativt interkommunale planar) er utarbeidd i planperioden 2012 2016. 28 Side 34

Tidsakse for vidare regional planlegging Medan grøn tekstfarge markerer tidspunktet då planarbeidet starta eller startar opp, markerer den blå tekstfargen kva år og eventuelt tidspunkt på året, at planen er tenkt vedtatt. Plan 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 Regional delplan Forvaltingsplan for vassregion Møre og Romsdal 2016 2021 X X Regional delplan Ottadalen X Des. Regional delplan Dovrefjell X Første halvår Regional delplan Kulturminner av regional og nasjonal verdi Andre halvår April Regional delplan Samfunnstryggleik og beredskap i Møre og Romsdal Andre halvår April Regional delplan for tannhelse Regional plan Møre og Romsdal 2013-2016 Andre halvår Første halvår Feb. Des. Regional delplan Senterstruktur Juni April Regional delplan Folkehelse Andre Des. halvår Regional delplan Klima og energi Andre X halvår Regional delplan Bibliotek Andre halvår Første halvår Regional delplan Kystsone X X Regional planstrategi Feb. April 29 Side 35

Kommunal planlegging tilrådingar Gjennom den regionale planlegginga ønskjer fylkeskommunen å legge til rette for eit utviklingsarbeid som gjer at både vi sjølve og omverda ser Møre og Romsdal som eit fylke for framtida (jf. Fylkesplan 2009 2012). Dette er ei målsetting som fylkeskommunen ikkje maktar å realisere åleine, og vi må derfor arbeide målretta saman med andre aktørar i fylket. Sentralt blant desse er kommunane. Den kommunale planlegginga skal etter PBL samordne både den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga og den offentlige innsatsen mellom forvaltningsnivå, sektorar og næringar. Eit sentralt nøkkelord i denne samanhengen er medverknad, frå private lokale interesser til statlege og fylkeskommunale organ. Med heimel i PBL har fylkeskommunen, som regional planstyresmakt, plikt både til rettleiing og til medverknad i den kommunale planlegginga. Fylkeskommunen skal gjennom sin medverknad sikre at regionale interesser vert ivareteke i planlegginga. I Regional planstrategi for Møre og Romsdal 2002 2016 har omgrepet attraktivitet ein sentral plass. Planstrategien sett søkjelys på område som vi tru vil vere med på å styrke fylket sine føresetnader for framtidig vekst og utvikling og som vi ønskjer å prioritere i perioden 2012 2016. Nøkkelorda er folk, næring og trivsel (jf. kapittel 4). Vi tilrår, med heimel i 7-2, at også kommunane løftar fram og nyttar desse nøkkelorda i sitt vidare planarbeid. At nøkkelorda også vert nytta i høve til vidareutvikling av eigen tenesteproduksjon og arealdisponeringar er viktig, då kommunane har andre tenesteområder og anna mynde innan arealforvaltinga enn fylkeskommunen. Kommunane er i lov pålagt å ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel (PBL, 11-1). For ei samla, heilskapleg utvikling av samfunnet Møre og Romsdal vil det vere viktig at kommunane innan arealforvaltinga tek både lokale, regionale og nasjonale omsyn. Vi vil vidare tilrå at folkehelse, universell utforming, klima og miljø, samfunnstryggleik og kultur- og naturverdiar er sentrale gjennomgåande perspektiv i den samla kommunale planlegginga. Vi ber også om at kommunane i planstrategien vurdere interkommunalt plansamarbeid innan område som går utover den enkelte kommune og kor det er viktig å ta omsyn til regionale tilhøve, t.d. innan næringsutvikling og arealdisponeringar i kystsonen/sjøareal. Arbeidet i kommunane bør vere tufta på ei brei og godt gjennomarbeida samfunnsanalyse. Det er viktig at analysen har både eit historisk og eit samanliknande perspektiv. Vi minner her om LUK-prosjektet og det tilbodet vi gir for å styrke kommunane sitt arbeid med samfunnsanalysane. Ein sentral føresetnad for god, effektiv kommunal planlegging er tidleg kontakt mellom og eit god samspel mellom kommunen, private lokale interesser og statlige og fylkeskommunale organ under utarbeiding av planane. Fylkeskommunen ser det som viktig at kommunane stimulere både til medverknad frå partar arbeidet rører ved og til offentlig debatt om planane før dei blir endeleg vedtatt. 30 Side 36

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.06.2011 31139/2011 Ingunn Bekken Sjåholm Beate Hostad Aukan Saksnr Utval Møtedato MU-18/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Fylkesutvalet 27.06.2011 Rapportering Regional energi- og klimaplan Bakgrunn Regional energi- og klimaplan vart vedtatt av fylkestinget 07.12.2009. Planen er bygd opp i to delar: Første del omhandlar mål og strategiar for klimaarbeidet i Møre og Romsdal. Planen sitt hovudmål er at klimagassutsleppa i Møre og Romsdal skal reduserast med meir enn 10 prosent frå 2007 til 2020. Det er sett sektorvise mål for reduksjon av klimagass, og planen legg fram strategiar for måloppnåing på områda transport, industri, primærnæringar, avfall, petroleum og energi, samt fylket si eiga verksemd og samhandling med kommunane. Del 2 av planen er dokumentasjon og vurdering av regionalt handlingsrom. Det er i planen lagt opp til at strategiane skal bli følgt opp med sektorvise handlingsplanar. Både i Årsrapport 2010 for Møre og Romsdal fylkeskommune og i Rapportering fylkesplan gjennomgåande perspektiv og flaggsaker (T-sak 5/11) er det omtala kva energi- og klimatiltak sektorane har sett i verk. For å gi ein meir heilskapeleg oversikt over status for iverksetting av energi- og klimaplanen, legg fylkesrådmannen no fram ei sak som viser kva som har vore gjort for å realisere strategiane i planen. Saka inneheld ikkje noko evaluering av planen, dette vil fylkesrådmannen komme tilbake til ved ei eventuell revidering av planen, som er foreslått i Regional planstrategi. Status Det er utarbeidd mål og strategiar for ti ulike sektorar/temaområde. Måla og strategiane som er lagt fram i planen er forankra i den einskilde sektor, basert på tilgjengelege data for situasjonen i dag og potensialet for framtidige reduksjonar i utslepp. I denne rapporteringa er måla vist i kursiv og strategiane som kulepunkt. Side 37

Side 2 4.1 Stasjonær energibruk til oppvarming Mål: Utslepp av klimagassar frå stasjonær energibruk til oppvarming av bygg i industri og tenesteytande sektor (private og offentlege bygg) skal reduserast med ca. 80 000 tonn CO2ekvivalentar innan 2020 med 2007 som referansebane. Det skal frigjerast minst 400 GWh elektrisitet som i dag vert brukt til oppvarming av bygg i tenesteytande sektor innan 2020. Frigjeringa av elektrisitet skal blant anna skje ved omlegging til vassboren varme der energibrensla er fornybare. Minst 150 GWh av energiomlegginga skal bestå av trefiber. Møre og Romsdal fylke etablerer eit forum for stasjonær energibruk som blir ein arena der kommunar og fylket kan samarbeide om å nå klimamålsetjingar innan stasjonær energibruk for kommunal og fylkeskommunal bygningsmasse. Status: Fagleg sett blir oppgåvene som er omtala ivareteke av Energiregion Møre direkte og gjennom Forum Fornybar som blir arrangert to gonger om året. Energiregion Møre meiner det er grunn til å vurdere på nytt behovet for eit eige forum for stasjonær energibruk. Møre og Romsdal fylke vil arbeide for å oppnå avtalar for partnarskap mellom fylket, nettselskap, kommunar og industriaktørar for å redusere bruk av fossile brensler til oppvarming. Status: Energiregion Møre har vore involvert i etableringa av fjernvarmeanlegget til Istad (Årølia varmesentral), Tussa Energi i Ørsta sentrum og til Norddal kommune sitt i Valldal. I tillegg er det brukt tid til å prøve å få til nær- og fjernvarmeanlegg i Volda, Rindal, Sykkylven, Batnfjordsøra, Tingvollvågen og Beiteråsen og også på etableringa av flismarknaden. Biowood Norway AS vil vere ein sentral aktør for å etablere ei levedyktig verdikjede for biobrensle. Status: Biowood har ikkje kome i produksjon og er difor ikkje aktør i verdikjeda for biobrensle så langt. 4.2 Energieffektivisering Mål: Møre og Romsdal fylke vil arbeide for at bruken av elektrisitet til oppvarming og belysning i alle offentlege og private bygg i tenesteytande sektor skal bli redusert med 20% innan 2020 (200 GWh), i forhold til energibruken i 2007. Forumet for energiomlegging vil også arbeide fram gode lokale og regionale energirammekrav, som er berekraftige og framtidsretta. Forbruket av energi i eit bygg skjer i mange små einingar, og til saman utgjer dei eit stort potensial for energisparing. Etablere energieffektiviseringspakkar som inkluderer styring og kontroll. Barrierar for iverksetting av ENØK-tiltak må identifiserast. Side 38

Side 3 Handlingsprogram til Energiregion Møre. Status: Energiregion Møre har saman med Svorka Energi gjennomført eit pilotprosjekt der ni bedrifter i Rindal, Surnadal og Halsa fekk gjennomført enkle energianalyser for å avdekke enøkpotensialet i bedriftene og foreslå konkrete tiltak for å utløyse dette. Pilotprosjektet resulterte i etableringa av Energinettverk Svorka, eit treårig prosjekt, der Enova kom på banen med tilstrekkeleg økonomisk tilskot til både å engasjere prosjektleiar og finansiere kompetanseheving og få innført energileiing i bedriftene. Målet er at dette vil utløyse eit enøkpotensial på 4,8 GWh/år erfaringane frå det første halvåret tyder på at målet blir nådd med god margin. Det viser seg at det å komme i kontakt med bedriftene og få dei overtydde om fordelane med å innføre energileiing og dermed utløyse enøkpotensialet deira er ein overraskande stor barriere. Ein må derfor bruke ein del tid og ressursar på å motivere leiarane i bedriftene. Erfaringane frå prosessen som førte fram til etableringa av Energinettverk Svorka har vist seg å ha stor overføringsverdi. Det har resultert i at ein har kome godt i gang med det første steget, gjennomføre energianalysene, både i områda til NEAS, Rauma og Nordvest Kraft. For skoleåret 2011/2012 er det er sett i gang eit pilotprosjekt med å innføre energileiing i to vidaregåande skolar, Romsdal og Surnadal vgs. Pilotprosjektet har vekt stor interesse både hos Enova og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arbeider på oppdrag frå Utdanningsdepartementet og er deira forlenga arm for undervisning i naturfaglege emne. 4.3 Samferdsel Mål: Utslepp av klimagassar frå samferdselssektoren i Møre og Romsdal skal reduserast med 10% (ca 80.000 tonn CO2ekvivalentar) innan 2020, med 2007 som referansebane. Møre og Romsdal fylke skal medverke til ein samordna areal og transportutvikling som reduserer transportbehov og bilbruk og gir ei berekraftig regional utvikling. Status: Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom forvaltningsreforma blitt meir delaktig i planprosessar, både på overordna nivå og på arealplannivået. Plan og analyseavdelinga følgjer opp alle arealplansaker knytt til vegutbygging og ny infrastruktur i kommunane. Samferdselsavdelinga er og inne i mange av sakene. Avdelinga prøver å tenke heilskap og ser på transportmidlane i forhold til kvarandre. På det overordna nivået arbeider samferdselsavdelinga no med ein regional transportplan for Midt-Norge i samarbeid med trøndelagsfylka. Prosessen er nå i innspurtsfasen og har fokus på felles flaggsaker som gjeld alle tre fylka. Mykje av arbeidet handlar om å finne mest mogleg effektive måtar å løyse utfordringane knytt til transport i regionen. Det vert sett fokus på både gode kollektivtilbod og betre veger gjennom både vedlikehald, drift og investeringar. Planen skal i første rekke vere eit innspel til nasjonal transportplan 2014-2023. I planen vert det lagt opp til optimale transportløysingar i eit berekraftig miljøperspektiv. Side 39

Side 4 Også gjennom Vestlandsrådet held Møre og Romsdal fylkeskommune på med eitt oppdateringsarbeid i forhold til Transportplana for Vestlandet. Handlingsplana vert revidert i desse dagar. Dette arbeidet har og fokus på optimale transportløysingar sett i forhold til klima. Hovudfokuset er likevel på E39. Her kan det vere målkonfliktar. Ein betre E39 vil truleg føre til auka trafikk og derav meir klimagassutslepp. Ein betre veg vil og føre til jamnare kjørestil og avløysing av forureinande ferjer. Dette vil kunne gi positive effektar med tanke på klimagassutslipp. Møre og Romsdal fylkeskommune skal og i gang med ei eiga transportplan for eige fylke. Her vil det vere stort fokus på å sjå heile transportsektoren i samanheng. Eit fokus på berekraftig transportutvikling vil danne bakteppet i planarbeidet. Møre og Romsdal fylke skal satse på betre kollektiv-, gang- og sykkeltrafikk, spesielt i byområda samt overføring av meir godstransport til sjø og jernbane. Status: Samferdsle arbeider heile tida med å forbetre rutetilbodet knytt til kollektivtransporten. Mellom anna er det no sett i verk prosessar med å utvikle ein kollektivstrategi. Fylkeskommunen er og invitert med i arbeidet med bypakkene for Ålesund, Molde og Kristiansund. Når det gjelder gang- og sykkeltrafikk, så har fylkestinget etter forvaltningsreforma auka satsinga frå ca 4-5 millionar årleg før 2010 til 25-30 mill kr årleg etter 2010. Det er spesielt fokus på å byggje ut og utvikle gang- og sykkelvegnettet nær skolar. Fylkeskommunen har og etter at klima- og energiplana blei lagt fram arbeidd med prosesser for å få meir gods over på sjøtransport. Både gjennom arbeidet med RTP Midt-Norge og gjennom arbeidet med å oppdatere handlingsprogrammet knytt til transportplana for Vestlandet er dette ein stor del av fokuset. Fylkeskommunen har også hatt møter med Kristiansund, Molde og Ålesund hamner i samband med desse prosessane. Kollektivtransporten i Møre og Romsdal fylke skal energieffektiviserast og skal i størst mogleg grad nytte fornybare energikjelder og gass som drivstoff. Status: Gjennom utlysing av anbod knytt både til buss, ferje og hurtigbåt er miljøperspektivet ivaretatt i kravspesifikasjonane. Dette har ført til at fleire av transportmidlane blir meir energieffektive. I nokre samanhengar har ein og fått til løysingar som bruker gass eller anna alternativt drivstoff, med eit heilt anna utsleppsnivå enn det tradisjonell diesel eller bensin har. Møre og Romsdal fylke skal medverke til ein takstpolitikk innan samferdsel som medverker til best mogleg kapasitetsutnytting. Status: Det arbeidast kontinuerlig med å utvikle takstsystem som medfører større etterspørsel etter kollektive transportmidel. Forvaltningsreforma vil legge til rette for større regionalpolitisk styrt samferdsel. Møre og Romsdal fylke skal i samarbeid med transportetatane Side 40

Side 5 overordna mål for ei god tilgjenge og eit trygt og miljøvenleg transportsystem. Status: Forvaltningsreforma har medført større regionalpolitisk styring. Fylkestinget har etter at reforma trådde i kraft mellom anna auka satsinga på drift og vedlikehald av vegnettet og utbygging av gang- og sykkelvegar, tiltak som fører til mindre klimautslepp. 4.4 Effektiv avfallspolitikk Mål: Redusere utslepp frå avfallsbransjen med 60 000 tonn CO2-ekvivalentar innan 2012, og gjere renovasjonsselskapa klimanøytrale. Status: Avfallsmengdene har auka jamt i ei årrekkje, men i 2009 gjekk avfallsmengdene ned for første gong sidan 1995. Det var sett ei nasjonal målsetting om at omkring 75 prosent av avfallet skulle gjenvinnas innan 2010. Berekningar gjennomført av SSB viser at denne målsetnaden vart nådd. I 2009 vart omkring 78 prosent av avfallet gjenvunne. Renovasjonsselskapa i fylket har sidan planvedtaket gjort ein heil del tiltak retta inn mot miljø og klima. Grunna kapasitetsmangel hos forureiningsseksjonen hos Fylkesmannen er det ikkje samla saman data i ei oversikt over konkrete tiltak, det er heller ikkje nye tal på avfallshandteringa tilgjengelege på kort varsel, med unntak av hushaldningsavfall. Data og oversikt over dette blir å kome attende til ved ei rullering av planen. Informasjonen må samlast inn via avfallsrådet, dei enkelte selskapa og hos Fylkesmannen. Møre og Romsdal fylke vil støtte renovasjonsselskapa med å bli klimanøytral innan 2012 Dialog med kommunar og renovasjonsselskap for å redusere avgassing frå deponi Redusere avfallsmengda og auke gjenvinning og redusere forbruk Utgreie potensialet for biogass frå avløpssektor og matavfall Status: Energiregion Møre har både gjennom økonomisk tilskot og aktiv deltaking i NEAS sitt arbeid med å utgreie moglegheitene for å etablere eit biogassanlegg basert på det organiske avfallet til NIR og RIR. Energiregion Møre er involvert i biogassanlegget til NORSØK på Tingvoll. Innovasjon Norge MORO har og ei eiga stasing inn mot biogass. 4.5 Landbruk Mål: Møre og Romsdal skal vere eit fylke som vil arbeide for å nå nasjonale mål om klimagassreduksjonar frå landbruket. I dialog med næringa vil fylket identifisere dei virkemiddel som utløyser klimatiltak. Side 41

Side 6 Klimatiltak i landbruket Fylkesmannen har i samarbeid med Senter for etter- og vidareutdanning ved UMB arrangert kurset Klimatiltak i landbruket hausten 2010. Møre og Romsdal var første fylke der dette kompetansehevande kurset om landbruk og klima vart gjennomført. Målgruppa var deltakare frå offentleg og privat landbruksforvaltning. Landbrukskonferansen 2009 Landbruk og klima Fylkesmannen arrangerar kvart år ein konferanse for landbruksforvaltninga i fylket. Tema under landbrukskonferansen den 19. -20 oktober 2009 var landbruk og klima. Gjennom ulike innlegg vart dei viktigaste tema i St.mld. nr. 39 Klimautfordringane landbruket ein del av løysninga tatt opp. Kommunale energi- og klimaplanar Fylkesmannen gir innspel til alle kommunale energi- og klimaplanar som kjem på høyring. Det blir gitt ulike tilbakemeldingar og innspel for å sikre auka måloppnåing om landbruk og klima. Potensialet for reduksjon i utslepp av metangass er på ca. 42 000 tonn CO2- ekvivalentar. Fylket skal vere ein pådrivar for etablering av gardsanlegg for biogass. Status: Fylkesmannen deltar i nettverket Biogass Midt-Noreg der ulike kompetansemiljø er samla for kompetanseheving og utveksling av erfaringar på tvers av regionar. Tingvoll gard som er eid av stiftinga Norsøk har etablert eit pilotanlegg for biogass der blant anna husdyrgjødsel skal nyttast som råstoff. Anlegget blir nytta til visning og læring og er knytt opp mot kompetansesenteret for Sol og Bioenergi og Bioforsk. Fleire interessentar frå fylket har vært på studietur for å sjå nærare på konkrete anlegg. Det må avklarast nødvendige økonomiske tilskott for å nå mål om reduserte utslepp frå gjødsling og husdyrgjødsling. Status: Fylkesmannen har i samarbeid med faglaga og Statens Landbruksforvaltning (SLF) sett nærare på muligheita for eit sterkare klimafokus i Regionalt miljøprogram (RMP). Dette har fram til no ikkje gitt resultat. Arbeide for ein berekraftig forvaltning av skogen som ein fornybar ressurs, som produserer energi, materialar og industrielt råstoff på ein miljøeffektiv måte. Følgje opp tiltaka som kjem fram i kystskogmeldinga og strategiplan for skogbruket der ein legg opp til auka uttak av klimanøytralt råstoff til bygningsindustrien og bioenergianlegg. Status: Gjennom Kystskogmeldinga og Strategiplan for skogbruket er det sett i gong fleire prosjekt for å sikre auka måloppnåing. Aktuelle prosjekt er Ørstaskogen (2010-2013), Skogkulturprosjektet (2009-2012), Hovudplan veg (2008-2012), Møre og Romsdal skognæringsforum etablert (2010), Drift i vanskeleg terreng (2008-2011?), Veg- og kaiprosjekt (2008-2011). Gjennom det landsomfattande prosjektet Trefjøs i regi av Innovasjon Norge er det etablert fleire signalbygg for moderne trebruk i driftsbygningar i Møre og Romsdal. Fylkesmannsembeta Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har etablert bioenergiprosjektet Biostigen for å bidra til oppretting av effektive og lønnsame verdikjeder for uttak av skogsvirke som råstoff til produksjon av brenselflis. Oppdragsgjevar for Biostigen er Landbruks- og Side 42

Side 7 matdepartementet. Tiltaksdelen i Strategiplanen for skogbruket i Møre og Romsdal er revidert og er sendt til fylkespolitisk behandling våren 2011. Ved å vere ein pådrivar for å kombinere tradisjonell byggeteknikk og lokale råstoff med regional utvikling av passivhus medverkar ein til innovative løysingar som både er klimavenlege og styrkar lokalt næringsliv. Status: Møre og Romsdal arkitektforening har gjennomført forprosjektet Berekraftig bygg i Møre og Romsdal 2012 (BB2012). Forprosjektet vart avslutta i 2010. Fylkesmannen har tatt initiativ til å starte opp ei 3-årig satsing for å vidareføre erfaringane frå forprosjektet og bidra til auka måloppnåing i Regional energi- og klimaplan. Arbeidet blir gjennomført i samarbeid med Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. Partane er i ein dialog- og planleggingsfase der målsettinga er at hovudsatsinga blir starta opp frå 2012. 4.6 Berekraftig arealpolitikk Mål: Fylket vil vere ein pådrivar for å få til ein samla verkemiddelpakke som reduserar utslepp av klimagassar. Det er her snakk om å utvide overordna strategiske areal- og transportplanar som kan leggjast til grunn for fylkesplan, samfunnsdelen i kommuneplanane, store næringsetableringar, investeringar i infrastruktur og driftsplanlegging, mellom anna for kollektivtransporten. Status: Overordna strategiske areal- og transportplanar er ikkje utvikla per i dag. I komande planstrategi vert det teke til orde for ei revidering av regional plan for senterstruktur. Klimaomsyn er eitt av fleire som ligg til grunn for tenkinga bak denne. Det er også i gang eit arbeid med regional transportplan, der klimaomsyn er noko av det som vert vurdert. Det er usikkert kva resultatet av dette vert. Det skal leggast vekt på å redusere transportavstandar gjennom fortetting og lokalisering av transportgenererande verksemder. Status: Reduksjon av transportavstandar, fortetting og lokalisering av transportgenererande verksemder er moment som vert drøfta når kommuneplanar og reguleringsplanar er inne til høyring. Lokalisering av ny utbygging til allereie eksisterande kollektivaksar og kollektivknutepunkt. Effektiv bruk av areal gir reduserte transportavstandar. Status: Når det gjeld kollektivaksar og kollektivknutepunkt, vert dette i mindre grad drøfta ved høyringar på kommuneplanar og reguleringsplanar. Gjennom Vegvesenet vert dette likevel i ein viss grad ivareteke. Møre og Romsdal fylke skal støtte opp under og stimulere til framtidsretta og miljøeffektive byggeprosjekt både i eigen organisasjon og innan bygningsindustrien generelt. Klargjere retningslinjer for arealplanlegging i fylket ved å konkretisere på kva måte arealplanlegging bør skje for ikkje å generere utslepp av klimagassar. Arealforbruket bør minimaliserast og transportarbeidet avgrensast. Side 43

Side 8 Status: Retningslinjer for arealplanlegging er ikkje utarbeidd per i dag. Sjå punkta over. 4.7 Miljøteknologi Mål: Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for utvikling og produksjon av regional miljøteknologi. Etablere eit "miljøteknologiråd" som i dialog med politikarar, myndigheitsorgan, forskningsmiljø og sentrale teknologinæringar som kan medverke til å styrke regional miljøteknologis konkurransekraft og leverandørindustriens konkurranseevne innanfor miljøteknologi. Vere ein støttespelar for regionale aktørar innan skipsindustrien slik at næringa kan levere framtidsretta lavutsleppsenergi. Synleggjere marknadsmuligheiter gjennom analyser og kunnskapsspreiing. Status: Med ei bebuda løyving på 274 mill kr nasjonalt i 2011 er Energi og miljø (E&M) den sektoren som har hatt størst vekst i Innovasjon Norge (IN) dei siste åra. I Møre og Romsdal vert det satsa innanfor sektoren "Klimavennleg energi (fra vann, vind, bio, avfall, spillvarme, hav og sol), der vind ser ut til å ha det største potensialet. Her er det allereie initiert aktivitetar rundt vind med utgangspunkt i maritim næring. Basert på erfaringane frå olje- og gass kan regionen ta ein sentral posisjon som tilbydar av tenester innan "avanserte maritime operasjonar". I det ligg det både utvikling, bygging og ikkje minst operasjon av avanserte farty for installasjon, drift og vedlikehald av flytande og faste installasjonar. Det kan og vere moglegheiter innan utvikling og bygging av plattformer og infrastruktur for vindmøller. På same vis eksisterer det ein del idear og initiativ basert på bølgjekraft, der Runde miljøsenter er ein sentral aktør. Utfordringa her er at kommersiell utnytting av bølgeenergi ligg enda lengre fram enn offshore vind. Her vil det dei næraste åra vere eit fokus på uttesting og eksprimentering med utstyr framfor produksjon av utstyr og løysingar. Det tredje hovudområdet av ein viss størrelse for IN i Møre og Romsdal er bioenergi. Satsinga på energi- og miljø i IN Møre og Romsdal har til no vore knytt opp til den maritime satsinga. Dette vert truleg også vidareført. Innovasjon Norge har innvilga til saman kr 50 000 000 i lån og kr 9 015 000 i tilskudd frå maritim tiltakspakke til bedrifter i Møre og Romsdal som har fremma prosjekt med miljøprofil i 2010. Totalt løyd frå Maritim tiltakspakke for postane Innovasjonslån- Maritim, IFU-Marin og UT-Nærskipsfart var kr. 105 501 500 i 2010. Nokre av dei som har motteke midlar frå Maritim tiltakspakke, er Odim Holding AS, Nyborg AS, Ulstein Design & Solutions AS, AGR Marine Engineering og Marine Power Technologies. Satsinga på energi- og miljø i Møre og Romsdal førutsett ein tett samarbeide med dei viktigaste aktørane i partnarskapet og innovasjonsmiljøa. Side 44

Side 9 4.8 Forsking og utvikling Mål: Møre og Romsdal fylke vil arbeide for å styrke regional forsking og utvikling omkring tema som vedrørar klima og biologisk mangfald. Møre og Romsdal fylke vil medvirke til at Runde miljøsenter blir ein arena for regional, nasjonal og internasjonal forsking og utvikling knytt til klimarelatert forsking i hav og ved kyst. Runde Miljøsenter fekk Møre og Romsdal fylkeskommune sin Miljøpris i 2009. Miljøsenteret har og motteke støtte til ulike prosjekt frå fylkeskommunen, og eit eit av kompetansesentera på fornybar energi. Aktivitetane på dei tre planlagte kompetansesentera på fornybar energi må bli koordinert med energi- og klimamål for alle sektorar i fylket. Det gjeld spesielt kunnskapsbygging, etablering av møteplassar og visning av gode døme på ny teknologi. Status: Dei tre kompetansesentra for berekraftig energibruk er komne godt i gang med aktivitetane sine. Bygge opp kompetansen omkring miljøvennlege bygg og energibruk i byggesektoren. Status: Møre og Romsdal arkitektforening har gjennomført forprosjektet Berekraftig bygg i Møre og Romsdal 2012 (BB2012). Forprosjektet vart avslutta i 2010. Fylkesmannen har tatt initiativ til å starte opp ei 3-årig satsing for å vidareføre erfaringane frå forprosjektet og bidra til auka måloppnåing i Regional energi- og klimaplan. Arbeidet blir gjennomført i samarbeid med Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune. Partane er i ein dialog- og planleggingsfase der målsettinga er at hovudsatsinga blir starta opp frå 2012. Arbeide for å styrke forsking, utvikling og implementering av effektiv logistikk. Stimulere forsking og kunnskapsformidling på utvikling og kommersialisering av klimavennleg teknologi. Status: Gjennom forvaltningsreforma vart det etablert ei ordning med regionale forskingsfond, som legg til rette for meir regionalt initiert forsking og utviklingsarbeid. Fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag gikk saman i Midtnorsk forskningsfond. Fondet har i sitt bestillingsbrev valt fornybar energi og miljøteknologi som eit av fem prioriterte forskingsområde. Bestillingsbrevet bygger på dei to vedtekne FoU-strategiane i Trøndelag og Møre og Romsdal. I bestillingsbrevet vart følgjande tema innanfor området fornybar energi trekt fram som særlig relevante for Midt-Norge: Offshore vindkraft Bølge- og tidevannskraft Bioenergi Side 45

Side 10 Innanfor området miljøteknologi vart følgjande forskingstema sagt å vere relevante: Vassrenseteknologi Maritim energibruk I Handlingsplan Regionalt Forskningsfond Midt-Norge 2010 2011 vart det prioriter å utlyse både eitt institusjonsprosjekt og eitt bedriftsprosjekt med fokus på offshore vindkraft. Aktuelle tema for institusjonsprosjektet var logistikkutfordringar knytt til offshore vindkraftproduksjon, og utvikling av heilskapelege modellar og teknologisk plattform for simulering og visualisering av integrerte maritime operasjonar knytt til meir effektive løysningar for montering og drift av havmøller til havs. For institusjonsprosjektet var det eit krav til søkarar at dette skulle vere eit samarbeidsprosjekt mellom minst to FoU-miljø, eitt i Møre og Romsdal og eitt i Trøndelag. Det regionale bedriftsprosjektet innan offshore vindkraft vart knytt til utvikling, produksjon og installasjon av botnfaste vindturbinar, som eit alternativ til dyrare flytande vindturbinar på djupt vatn og som ligg lenger fram i tid. I tillegg vart det utlyst to regionale bedriftsprosjekt med fokus på miljøteknologi, eitt med fokus på vassrenseteknologi og eitt med fokus på maritime framdriftssystem. Følgjande bedrifter / forskingsinstitusjonar frå Møre og Romsdal fekk støtte frå Regionalt forskningsfond Midt-Norge innan område fornybar energi og miljøteknologi i 2010: Bioenergi fra macroalger ved hypertermofil fermentering, HYPERTHERMICS HOLDING AS (kvalifiseringsstøtte) Gårdsbaserte biogassanlegg i Midt-Norge - forprosjekt for kartlegging av kunnskapsbehov, Bioforsk økologisk (kvalifiseringsstøtte) PowerUP Effektive verdikjeder for offshore vindmøller (institusjonsstøtte, SINTEF Teknologiledelse har prosjektledelsen og samarbeider med NTNU, Møreforskning, Høgskolen i Molde og industrielle aktører, bl.a. Fiskerstrand BLRT AS) 4.9 Klimatiltak i samfunnet elles Mål: Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for energieffektivisering og energiomlegging i hushaldningane og i samfunnet generelt. Fram til 2020 er målet å fase ut 100 GWh fossile energibererar og frigjere minst 150 GWh elektrisk energi ved energiomlegging og energieffektivisering. Møre og Romsdal fylke vil medverke til prosjekt i regi av frivillige organisasjonar som medverkar til å nå måla i planen. Status: Klimakampen i Møre og Romsdal var ein konkurranse mellom kommunar og bedrifter i fylket i regi av Grønn hverdag der målet var å bli mest klimavennleg. Klimakampen fekk ein vinnande kommune og bedrift i kvar region, desse konkurrerte detter om å bli best i heile fylket. Samtidig som kommunane og bedriftene i kvar region konkurrerte om å bli best, var dei og på lag i konkurransen om å bli den beste regionen. Klimakampen hadde ein eigen nettstad: Side 46

Side 11 www.klimakampen-mr.no, der alle konkurransedeltakarane la inn relevant informasjon som genererte klimapoeng. Samarbeid med aktørar i energimarknaden for å styrke informasjonen om energieffektivisering og energiomlegging generelt. Status: Sjå under punkt 4.2. om energieffektivisering. 5.0 Utdanning Mål: Møre og Romsdal fylke vil arbeide for at opplæringa i læreplanmåla som omfattar berekraftig utvikling styrkast for at tema som gjeld den globale og regionale klimautfordringa. Status: Vår hovudstrategi er at dette skal skje gjennom sertifiseringa til Miljøfyrtårn og bransjekrav til skole. Det er i dag 15 skolar som er sertifiserte og 8 som er i arbeid og truleg vil sertifiserast gjennom året.mange av desse sertifiseringane er avhengig av byggjeprosjekt som kan dra ut i tid. Fylkeskommunen har styrka innsatsen med dette arbeidet gjennom å kurse to internkonsulentar som skal rettleie skolane gjennom sertifiseringsprosessen. Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for å få etablert partnarskapsavtalar mellom kompetanse/forskingsmiljø på klima og den vidaregåande skulen. Status: Utdanningsavdelinga har arbeidd for at kompetansesentra for fornybar energi(tingvoll, Smøla og Runde) skal utvikle tilbod for skolane, og at skolane skal oppdage dette som ein viktig ressurs i arbeidet med læreplanmål. Hausten 2010 vart det gjennomført kurs for realfagslærarar på Runde miljøsenter knytt mote tema frå læreplanen. Kurset fekk svært god respons og utdanningsavdelinga ønskjer å gjenta dette i 2011. Det føregår også samarbeidsprosjekt mellom ulike skolar og desse sentra utover slike kurs, og utdanningsavdelinga ønskjer å invitere inn kompetansesentra på samlingar der dette er naturleg. Fleire av skolane har søkt midlar gjennom Den naturlige skolesekken i 2009 og 2010: o Atlanten vgs: Kartlegge arts- og økosystemmangfaldet i nærmiljøet vha. GPS i nærområdet til skolen. Etablere langtidsovervaking. (fått midlar i 2 år): o Volda vgs: Havet kjelde til energi o Herøy vgs: Frå fjell til fjøre, naturen som klasserom. Herøy vgs kjem til å søkje på nytt etter oppfordring frå Utdanningsdirektoratet, som framhevar dette prosjektet som eit spennande tverrfagleg prosjekt. Oppmuntre skular og skulemiljø til å legge til rette tverrfaglege undervisningsopplegg som syner samanhengen mellom energi, teknologi og klima. Jfr. Planen utdanning for berekraftig utvikling. Status: Utdanningsavdelinga ønskjer å knytte dette arbeidet mot bransjekrava til skole i sertifiseringsordninga Miljøfyrtårn, og informerer om ulike program som til dømes Den naturlige skolesekken. Det blir jobba med å få skolane til å trekkje inn fleire aspekt i prosjekt dei er engasjerte i, mellom anna gjennom å nemne klima og alternative energikjelder i plandokument, til dømes i strategi for internasjonalisering. Sjå elles om Den naturlege skolesekken over. Side 47

Side 12 Møre og Romsdal fylke vil vere ein pådrivar for å sikre at elevane har reell medverknad innanfor opplæring om berekraftig utvikling, til dømes gjennom entreprenørskapsmetodar som er opplevings- og erfaringsbasert, handlingsretta, og som gir fagleg fordjuping. Status: Ungt entreprenørskap har arrangert desse grundercampane med tema energi: 1. Gründercamp i Tingvoll - for region Nordmøre, Dato: 17.2.2011. Stad: Tingvoll vgs 45 elevar og 7 lærarar = 10 elevar m/lærar får kvar av dei vg skolane på Nordmøre deltok. Samarbeidspart og oppdragsgjevar var Bioforsk Tingvoll Frå skolane: Kristiansund, Tingvoll, Atlanten, Sunndal og Surnadal. Alle vgs. 2. Gründercamp region Romsdal (VGS): Dato: 18.11.2010. 1 dag Stad: Aker stadion. Samarbeidspart og oppdragsgjevar: Istad Kraft AS 41 elevar frå skolane: Romsdal, Molde, Fræna og Rauma. Alle vgs. 3. Gründercamp region Nordre Sunnmøre (VGS): Dato: 23.11.2010. 1 dag Stad: Borgund vgs. 47 elevar frå skolane: Borgund, Ålesund, Akademiet Ålesund og Sykkylven. Alle vgs. Samarbeidspart og oppdragsgjevar: Tafjord Kraft AS Utdanningsavdelinga har også gjennom fleire år støtta og oppfordra skolane til å bruke vindenergi-leirane som er blitt arrangert på Smøla. 5.1 Tiltak i eiga verksemd Mål: Møre og Romsdal fylke skal vere ein regional aktør i arbeidet med å fremme fornybar energiproduksjon samt effektivisere og spare energi i eiga verksemd. Styrke arbeidet med uthenting av ENØK-potensialet i fylkeskommunal bygningsmasse. Status: Generelt kan ein seie at for alle investerings- og driftstiltak som blir gjennomført retta mot den fylkeskommunale bygningsmassen er energieffektivisering eit berande prinsipp. Dette gjeld m.a dei prosjekteringskrav/ -anvisningar som blir lagt til grunn for tiltaket. Dei fleste tiltak som gjennomførast, tek sikte på å bringe området for tiltaket opp på TEK 10 - nivå (Tekniske forskrifter til plan- og bygningsloven, sist revidert i 2010.) Bygningselement/-delar som hyppig blir berørt ved mindre og mellomstore tiltak er etterisolering av fasadar, automatisk styrt belysning, behovsstyrt ventilasjon m.v. For nybygg og større gjennomgåande rehabiliteringsarbeider knytt til einskildbygg blir TEK 10 lagt til grunn for heile tiltaket. Side 48

Side 13 Under punktet energieffektivisering bør også nemnast eit eige pilotprosjekt for energileiing som er vedteke oppstarta i 2011. Det er peika ut to skolar som skal vere med i pilotprosjektet, Surnadal vgs og Romsdal vgs. I følgje prosjektplanen handlar energileiing "om å iverksette organisasjonsmessige, tekniske og adferdsmessige tiltak for å fremme energiøkonomisk drift, påverke brukarane energimessig adferd og avdekke muligheiter for lønsame energibesparelser." Prosjektet er planlagt avslutta ved utgangen av skoleåret 2011-2012. Opprette signalbygg for bruk av klimanøytrale byggemateriale i fylkeskommunal bygningsmasse ved rehabilitering og nye bygg. Status: Sjå omtale av BB2012 under punkt 4.8. Etablere strategi for auka bruk av fjernvarme og lokale varmesentralar som nyttar fornybar varme som energikjelde til oppvarming. Status: Utvikling sidan status gitt på planstadiet: o Surnadal vgs: I 2010 ble samtlige bygg på skolen koblet til fjernvarmelevering, som er basert på flis. o Borgund vgs: Alle bygg ved skolen er nå, inklusiv bygg 01 (som er totalrehabilitert) og nybygd idrettshall, tilknyttet fjernvarmelevering. o Gjermundnes vgs: I forbindelse med rehabilitering av administrasjonsbygget (med gymsal, kantine og kjøkken) ble det valgt en varmepumpeløsning knyttet til vassbåren varme. o Kristiansund vgs: Ved den stegvise utviklinga av bygningsmassen som pågår ved skolen legg ein til rette for framtidig tilknytning til fjernvarme. Generelt kan ein seie at ein legg opp til framtidig tilknyting til fjernvarmeløysingar der det ligg praktisk og økonomisk til rette for det. Etablere ladepunkt for elbilar ved sentraladministrasjonen og nokre av dei vidaregåande skulane for å medverke til å styrke infrastrukturen for elbilar i Møre og Romsdal. Status: Det er etablert ladestasjon ved fylkeshusa, og nokre av dei vidaregåande skulane planlegg å investere i ladepunkt. Til no har Romsdal vgs og Fagskulen i Ålesund knytt seg til ei slik ordning. Haram vidaregåande, Sykkylven vidaregåande og Tingvoll vidaregåande undersøker moglegheitene for å nytte seg av stønad frå Transnova. Skulane vert informert om støtteordningane frå Transnova, og har høve til å få assistanse frå miljøfyrtårnansvarlege ved ein eventuell søknadsprosess. Legge til rette for, og etterspørje meir bruke av e-møte og e-konferansar i verksemda. Status: Tenestereisereglementet for fylkeskommunen vart revidert hausten 2009, og alle tilsette og politikarar vert oppfordra til å etterspørje videokonferansar og streaming frå konferansar der dei er deltakarar. Både politikarar og administrasjonen bør og vurdere om e-møter kan vere eit godt verkty i staden for å reise der det er høveleg. Fylkeskommunen har per i dag ikkje utstyr for større videokonferansar, men løysingar for bruk av videoutstyr skal vurderast til hausten. Førebels vert det nytta utstyr hos Innovasjon Norge, Fylkesmannen og Statens Vegvesen ved behov. Nokre Side 49

Side 14 har og utstyr ved arbeidsstasjonane sine til å gjennomføre møter via Skype og Live Meeting. Innføre flykvoteordning for å motsvare utsleppa frå flyreisene i verksemda. Status: I første omgang er ei ordning med registrering av talet på reiser og utsleppskalkulering av desse reisene naudsynt for å få oversikt over utsleppa organisasjonen har. Det vert i dag registrert antall reiser, samt kilometer reist med bil. Når denne registreringa har kome godt i rute, kan ein vurdere kva løysing ein vil velje for å kompensere for utsleppa. Styrke miljøkriteria ved innkjøp av varer og tenester Status: Gjennom Lov om offentlege anskaffingar 6 blir vi som offentleg innkjøpar pålagt å stille relevante miljøkrav ved alle innkjøp. Fylkesrådmannen har i tillegg bestemt at Møre og Romsdal fylkeskommune skal bli eit Grønt fylke og at sentraladministrasjonen, dei vidaregåande skulane og tannhelseklinikkane skal Miljøfyrtårn sertifiserast. Dette skal gjere fylket vårt meir miljøeffektivt og sørgje for at miljøomsyn er ivareteke ved inngåing av rammeavtaler. Alle anskaffingar skal gjennomførast innanfor rammene til Møre og Romsdal fylkeskommune sine krav til helse, miljø og tryggleik. GRØNT FYLKE skal vere ein integrert del av organisasjonen sitt styringssystem. Det betyr at miljøomsyn skal prege vår rolle som innkjøpar, produsent, byggherre og eigedomsforvaltar. For å ivareta miljøkrava ved offentlige anskaffingar som er sett i Lov og forskrift om offentlige anskaffelser, samt dei føringane som fylket har sett i sin miljøpolicy, har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd ei innkjøpsprosedyre for å fylle miljøkrava på innkjøpsområdet. I Møre og Romsdal har Fylkesmannen ved assisterande fylkesmann Kjeld Brecke ansvar for å lede styringsgruppa for grønt knutepunkt for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar. Møre og Romsdal fylkeskommune, ved innkjøpsseksjonen, er utpeika som knutepunkt. Knutepunktet vil ha ansvar for den daglige drifta av prosjektet. I Møre og Romsdal er det utarbeida ei handlingsplan og ei aktivitetsplan for prosjektet. Våre oppgåver vidare vil tildømas være å innarbeide miljøkriterier i fellesavtaler, gjennomføre dialogkonferansar og kurs samen med leverandørmiljøa og bistå med malar for gode innkjøpsprosessar der miljø, etisk handel og universell utforming inngår. Sjølv om dei miljømessige aspekt har hovudfokus i prosjektet, vil knutepunktet også legge vekt på oppgåver knytta til leverandørutvikling og samfunnshensyn som etikk og universell utforming. Knutepunkt tek også mål av seg til å vere eit kompetansesenter for kommunar og andre som må gjere sine anskaffingar i samsvar med regelverket. Legge klimaomsyn til grunn i all verksemd i eigen organisjon. Side 50

Side 15 Status: Som det kjem fram av rapporten forsøker organisasjonen å ivareta klimaog miljøomsyn mellom anna i planlegging og innkjøp, men dette er ei oppgåve som ein kontinuerlig må ha fokus på. Det er og etablert eit fylkeskommunalt nettverk for klima, der ein utvekslar erfaringar og gode tiltak med dei andre fylkeskommunane som er med. Første møtet i nettverket fann stad våren 2010. Den største utfordringa med klima- og miljøarbeidet er å koordinere arbeidet som blir gjort på avdelingane. Vi ser fram til å få på plass den nye miljøkoordinatoren som startar 1.juli, som kjem til å følgje opp plana framover. Vurdering Fylkestinget har vedtatt at energi- og klimaplanen skal reviderast annankvart år. I samband med utarbeiding av regional planstrategi (RPS), er det foreslått at planen skal reviderast i 2012. Planen er relativt ny, og problemstillingane den tek opp er viktige for samfunna i Møre og Romsdal. Det faktum at fylkestinget vedtok å vidareføre miljøutvalet viser at miljøspørsmål er ønska på dagsorden regionalt. Nasjonalt er det no fokus på tilpassing til klimaendringar, jf NOU 2010:10. Ein må pårekne at dette vil resultere i nye forventningar til fylkeskommunane i klimatilpassingsarbeidet. Dersom fylkestinget vedtar ei revidering, vil arbeidet med planprogrammet bli starta i løpet av 2012. Det er nødvendig med ei evaluering av eksisterande energiog klimaplan før planprogrammet utformast. Dette vil gje eit best mogleg utgangspunkt for vidare behov for utgreiingar, presisering av planens føremål og langsiktige mål, deltaking og prosess. Forslag til vedtak: Fylkesutvalet tek rapporteringa på iverksetting av Regional energi- og klimaplan til vitande. Nils-Gunnar Solli administrasjonssjef Side 51

Side 52

Side 53

Side 54

Side 55

Side 56

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 25.05.2011 29292/2011 Einar Oterholm Saksnr Utval Møtedato NM-43/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-18/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Etablering av ei ordning med tilskot til energianalyser Bakgrunn I Enova sin rapport Potensial for energieffektivisering i norsk landbasert industri blir det dokumentert dei at 19 % av barrierane for å utløyse det 27 000 GWh store enøkpotensialet skuldast manglande bevisstheit og kompetanse i bedriftene. Eit av hovudmåla i arbeidsprogrammet for Energiregion Møre er å initiere energieffektivisering som svarar til 100 GWh/år innan 2015. Omgjort i sparte kroner utgjer dette eit beløp i storleiksorden 100 millionar kroner per år. Energiregion Møre har valt å konsentrere aktiviteten mot dei mindre og mellomstore bedriftene. I nært samarbeid med Enova har vi arbeidd oss fram til ein strategi som omfattar tre steg 1. Motivering 2. Enkel energianalyse 3. Utløysing av enøkpotensial og etablering av energinettverk Sentralt gjennom heile denne prosessen er å få til eit nært samarbeid med det lokale energiselskapet. Det har god oversikt over dei aktuelle bedriftene i nettområdet sitt og ikkje minst, elektrisitetsbruken deira. Dessutan sit det på mykje kompetanse og ressursar som vil vere til stor hjelp i prosessen. Erfaringane frå prosessen som førte til etableringa av Energinettverk Svorka har vore så positive at Enova har uttrykt at dei vil marknadsføre den som eit godt eksempel overfor andre. 1. Motivering Det heile startar med å komme i kontakt med bedriftene og motivere dei til å starte prosessen med å utløyse noko av enøkpotensialet i bedrifta. Vi har gode erfaringar med at Energiregion Møre først motiverer energiselskapet, dei plukkar ut dei aktuelle bedriftene og går deretter til bedriftene. Erfaringa viser at dette kan vere ei stor utfordring. Etter at kontakten er oppnådd, inviterer det lokale energiselskapet og Energiregion Møre representantar for leiinga i dei aktuelle bedriftene til eit motiveringsmøte. Side 57

Side 2 Det er heilt vesentleg at ein på dette møte fokuserer på den økonomiske sida og botnlina i rekneskapen til bedriftene. I tillegg bør ein også få fram dei andre ulike energi-, miljø- og klimaaspekta ved ein meir effektiv energibruk. For at motiveringa skal vere mest mogleg relevant for leiinga, må ein få fram konkrete erfaringar frå tilsvarande bedrifter, for eksempel korleis andre, både med og utan ekstra investeringar har redusert energiutgiftene sine med fleire prosent, vidare korleis konkrete investeringar kan betalast attende i løpet av relativt kort tid og også korleis bedriftene kan gå fram for å nyte godt av dei aktuelle gode tilskotsordningane som Enova tilbyr. Motiveringa blir vesentleg styrka dersom Energiregion Møre kan stille med ei lita økonomisk gulrot. 2. Enkel energianalyse For å kunne dokumentere enøkpotensialet i bedrifta må ein kjenne godt til korleis energibruken er i dag og korleis den kan bli meir effektiv. Heilt konkret betyr det at det blir gjennomført ei enkel energianalyse av heile eller deler av bedrifta. Den enkle energianalysa må utførast av ein kompetent person. Personen går grundig gjennom energibruken til bedrifta, og med utgangspunkt i det han/ho finn, lagar ein rapport. Rapporten skal omfatte eit overslag over enøkpotensialet, forslag til korleis bedrifta skal gå fram for å utløyse deler eller heile potensialet og ikkje minst, ei vurdering av den økonomiske gevinsten som bedrifta kan rekne med. Rapporten skal vere så pass omfattande at den kan vere tilstrekkeleg grunnlag for leiinga/styret til å avgjere om dei vil halde fram og delta i det tredje steget i prosessen. I utgangspunktet er det bedriftene som må finansiere energianalysene, men som nemnt under avsnittet om motivering, vil motiveringa til bedriftene bli vesentleg styrka dersom dei kan få eit økonomisk tilskot til dette arbeidet. Her kan eit tilskot frå fylkeskommunen vere avgjerande. Vi ser for oss at denne delen av prosessen blir avslutta med eit møte der rapportane blir presenterte og bedriftene avgjer om dei vil bli med vidare. Erfaringane frå prosessen som førte til etableringa av Energinettverk Svorka gjer at vi ser det som ein føresetnad at energiselskapet kan stå for koordineringa og administreringa av prosessen. 3. Utløysing av enøkpotensial og etablering av energinettverk Energianalysa vil truleg vere så positiv for bedrifta at leiinga/styret bestemmer seg for å gå vidare med prosessen, enten åleine eller saman med andre gjennom å etablere eit energinettverk, noko som sjølvsagt bedriftene sjølve må avgjere. På dette steget kjem Enova på banen. Ved etablering av eit energinettverk blir Enova ein sentral samarbeidspartnar med både økonomisk og fagleg hjelp. Det er grunn til å tru at dei forslaga til fysiske tiltak som er nemnt i energianalysa er så lønsamme at Enova ikkje kan gi tilskot direkte til desse. Enova kan derimot gi tilskot som mellom anna kan brukast til å engasjere ein prosjektleiar som i tre år kan hjelpe bedriftene med å etablere energileiing og gjennom denne prosessen, sette tiltaka ut i livet. Storleiken på tilskotet frå Enova avheng ikkje minst av ambisjonsnivået til bedriftene. Side 58

Side 3 Gjennom eit energinettverk vil bedriftene kunne nyte godt av dei tilskotsordningane som Enova kan tilby, men enno viktigare er at dei vil få hjelp til å etablere energileiing i bedrifta. Gjennom prosjektleiaren i energinettverket vil bedriftene også vere sikra hjelp til både å gjennomføre dei fysiske tiltaka som er lista opp i energianalysa og andre tiltak som dukkar opp under vegs. Det er bedriftene som utgjer Energinettverket og vel eit styre som administrerer søknadsprosessen og seinare styrer midlane frå Enova. Søknaden til Enova må komme frå ein juridisk person som enten kan vere eit eige selskap, ei av bedriftene, men helst energiselskapet som også kan føre rekneskapen som eit prosjektrekneskap. På Forum Fornybar sitt haustmøte i 2010 vart det orientert om pilotprosjektet Energinettverk Svorka og dei positive erfaringane dei kunne vise til så langt. Dei andre energiselskapa i fylket vart derfor oppfordra til å etablere energinettverk etter det same mønsteret. Nordmøre Energiverk AS, Rauma Energi Kraft AS og Nordvest Kraft AS der sju lokale nettselskap står bak, mellom andre Sykkylven Energi, har teke denne utfordringa og ønskjer å bidra til at bedrifter i området sitt får hjelp til å effektivisere energibruken sin. Desse tre energiselskapa søkjer no Nærings- og miljøutvalet om tilskot til å kunne gjennomføre det første steget i prosessen. Dei gode erfaringane vi til no har hausta gjer at vi finn grunn til å vurdere om dette bør etablerast som ei fast ordning. Vurdering I Virksomhetsplan 2011, Innsatsområde: Fornybar energi er eit av hovudmåla for perioden 2010 2015 å utløyse 100 GWh av potensialet for energieffektivisering. Det aktuelle tiltaket i 2011 er å delta i etableringa av tre nye energinettverk. Søknadane frå Nordmøre Energiverk AS, Rauma Energi Kraft AS og Nordvest Kraft AS om tilskot til å kunne gjennomføre energianalyser hos bedrifter i områda deira gjer at det er grunn til å tru at ein når målet om å etablere tre nye energinettverk. Erfaringane så langt tyder på at strategien som Energiregion Møre har arbeidd seg fram til er fruktbar og bør også kunne komme andre bedrifter til gode. Den beste rolla som fylkeskommunen og Energiregion Møre kan ha i denne samanhengen er å delta aktivt i motiveringa over for bedriftene og energiselskapa delta aktivt på motiveringsmøta tilby tilskot til å gjennomføre energianalyser i bedriftene vere ein medspelar saman med Enova og energiselskapet ved etableringa av energinettverk. Forslag til vedtak: Nærings- og miljøutvalet etablerer ei ordning med tilskot til energianalyser i bedrifter med siktemål å medverke til energieffektivisering i næringslivet, jfr Møre og Romsdal fylkeskommune sine strategiar. Tilskotet vil bli gjeve gjennom energiselskapet som koordinerer og administrerer prosessen for bedriftene i området. Side 59

Side 4 Tilskotet for kvar energianalyse er avgrensa oppover til kr 20 000, maksimalt 50 % av dei totale kostnadane, og blir finansiert over Tiltaksfondet. Ordninga gjeld inntil vidare. Bergljot Landstad regional- og næringssjef Side 60

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 27.04.2011 22981/2011 Einar Oterholm Saksnr Utval Møtedato NM-46/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-19/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Nordmøre Energiverk AS søknad om tilskot til energianalyser Nordmøre Energiverk AS (NEAS) søkjer om tilskot på inntil kr 210 000 til å få gjennomført energianalyser i inntil 12 bedrifter i nettområdet sitt. Bakgrunn Det vises til saka Etablering av ei ordning med tilskot til energianalyser der det er gjort greie for bakgrunnen for at ei slik ordning blir etablert og dei strategiane som ligg til grunn. På Forum Fornybar sitt haustmøte i 2010 vart det orientert om pilotprosjektet Energinettverk Svorka og dei positive erfaringane dei kunne vise til så langt. Dei andre energiselskapa i fylket vart derfor oppfordra til å etablere energinettverk etter det same mønsteret. NEAS var det første energiselskapet som reagerte positivt og har, i nært samarbeid med Energiregion Møre, kome godt i gang med prosessen. Vurdering Det er gjennomført motiveringsmøte i Averøy og Aure der dei aktuelle bedriftene i NEAS sitt nettområde var inviterte. I alt er det no 12 bedrifter som har sagt seg interesserte i å få gjennomført energianalyser for bedriftene. Det er bedriftene som i utgangspunktet skal koste energianalysene og NEAS har teke på seg å administrere gjennomføringa. Budsjett Kostnader Energianalyser (konsulent) kr 410 000 Møter, samlingar, reiser etc 10 000 Til saman kr 420 000 Finansiering Eigenandel frå bedriftene kr 210 000 Tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune 210 000 Side 61

Side 2 Til saman kr 420 000 Dei 12 bedriftene brukar om lag 25 GWh elektrisk energi om året. Erfaringar frå tilsvarande bedrifter rundt om i landet tyder på at det er realistisk å rekne med ein årleg reduksjon på 15 % i løpet av ein treårsperiode. For desse 12 bedriftene vil det bety ein reduksjon på 3,75 GWh/år. I Virksomhetsplan 2011, Innsatsområde: Fornybar energi er eit av hovudmåla for perioden 2010 2015 å utløyse 100 GWh av potensialet for energieffektivisering. Det aktuelle tiltaket i 2011 er å delta i etableringa av tre nye energinettverk. Dette prosjektet legg fundamentet for det første av desse energinettverka. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune v/nærings- og miljøutvalet løyver Nordmøre Energiverk AS (NEAS) eit tilskot på inntil kr 210 000 til gjennomføring av energianalyser i inntil 12 bedrifter i NEAS sitt nettområde. Tilskotet er avgrensa til 50 % av dei totale kostnadane på kr 420 000 og blir finansiert over Tiltaksfondet. Bergljot Landstad regional- og næringssjef Side 62

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.05.2011 27101/2011 Einar Oterholm Saksnr Utval Møtedato NM-44/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-20/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Rauma Energi Kraft AS søknad om tilskot til energianalyser Rauma Energi Kraft AS søkjer om tilskot på inntil kr 37 500 til å få gjennomført energianalyser i to bedrifter i nettområdet sitt. Bakgrunn Det vises til saka Etablering av ei ordning med tilskot til energianalyser der det er gjort greie for bakgrunnen for at ei slik ordning blir etablert og dei strategiane som ligg til grunn. På Forum Fornybar sitt haustmøte i 2010 vart det orientert om pilotprosjektet Energinettverk Svorka og dei positive erfaringane dei kunne vise til så langt. Dei andre energiselskapa i fylket vart derfor oppfordra til å etablere energinettverk etter det same mønsteret. Rauma Energi Kraft AS reagerte positivt og har, i nært samarbeid med Energiregion Møre, kome godt i gang med prosessen. Vurdering Det er gjennomført motiveringsmøte på Åndalsnes der aktuelle bedriftene i Rauma Energi Kraft AS sitt nettområde var inviterte. Det resulterte i to bedrifter som er interesserte i å få gjennomført energianalyser for bedriftene. Det neste steget i prosessen er å kartlegge enøkpotensialet i den einskilde bedrifta, med andre ord gjennomføre ei energianalyse. Det er bedriftene som i utgangspunktet skal koste energianalysene og Rauma Energi Kraft AS har teke på seg å administrere gjennomføringa. Budsjett Kostnader Energianalyser (konsulent) kr 70 000 Møter, samlingar, reiser etc 5 000 Til saman kr 75 000 Finansiering Eigenandel frå bedriftene kr 37 500 Tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune 37 500 Side 63

Side 2 Til saman kr 75 000 Dei to bedriftene brukar om lag 2,8 GWh elektrisk energi om året. Erfaringar frå tilsvarande bedrifter rundt om i landet tyder på at det er realistisk å rekne med ein årleg reduksjon på 20 % i løpet av ein treårsperiode. For desse to bedriftene vil det bety ein reduksjon på om lag 0,5 GWh/år. I Virksomhetsplan 2011, Innsatsområde: Fornybar energi er eit av hovudmåla for perioden 2010 2015 å utløyse 100 GWh av potensialet for energieffektivisering. Det aktuelle tiltaket i 2011 er å delta i etableringa av tre nye energinettverk. Dette prosjektet legg fundamentet for eitt av desse energinettverka. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune v/nærings- og miljøutvalet løyver Rauma Energi Kraft AS eit tilskot på inntil kr 37 500 til gjennomføring av energianalyser i to bedrifter i deira nettområde. Tilskotet er avgrensa til 50 % av dei totale kostnadane på kr 70 000 og blir finansiert over Tiltaksfondet. Bergljot Landstad regional- og næringssjef Side 64

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 16.05.2011 27066/2011 Einar Oterholm Saksnr Utval Møtedato NM-45/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-21/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Nordvest Kraft AS søknad om tilskot til energianalyser Nordvest Kraft AS søkjer om tilskot på inntil kr 705 000 til å få gjennomført 49 energianalyser i bedrifter i nettområdet sitt. Bakgrunn Det vises til saka Etablering av ei ordning med tilskot til energianalyser der det er gjort greie for bakgrunnen for at ei slik ordning blir etablert og dei strategiane som ligg til grunn. På Forum Fornybar sitt haustmøte i 2010 vart det orientert om pilotprosjektet Energinettverk Svorka og dei positive erfaringane dei kunne vise til så langt. Dei andre energiselskapa i fylket vart derfor oppfordra til å etablere energinettverk etter det same mønsteret. Nordvest Kraft AS der sju lokale nettselskap står bak, mellom andre Sykkylven Energi, har teke denne utfordringa og ønskjer å bidra til at bedrifter i området sitt får hjelp til å effektivisere energibruken sin. Målgruppa i dette prosjektet er bedrifter knytt til Sykkylven Industri- og næringslag. Vurdering I Enova sin rapport Potensial for energieffektivisering i norsk landbasert industri blir det dokumentert at 19 % av barrierane for å utløyse det 27 000 GWh store enøkpotensialet skuldast manglande bevisstheit og kompetanse i bedriftene. Energiregion Møre har også erfart at det kan vere ei stor utfordring å komme i kontakt med bedriftene og få dei motiverte til å starte på prosessen med å utløyse noko av enøkpotensialet i bedrifta. Energiregion Møre har også vore involvert i dette arbeidet. Nordvest Kraft AS har, i nært samarbeid med Sykkylven Industri- og næringslag og Energiråd AS, gjennomført eit grundig forarbeid og greidd å motivere bedrifter til å komme i gang med prosessen med å utløyse enøkpotensialet i bedriftene. Det neste steget i prosessen er å kartlegge enøkpotensialet i den einskilde bedrifta, med andre ord gjennomføre ei energianalyse. Det er bedriftene som i utgangspunktet skal koste energianalysene og Nordvest Kraft AS har teke på seg å administrere gjennomføringa. Side 65

Side 2 Budsjett Kostnader Energianalyser (konsulent) kr 1 385 000 Administartive kostnader 25 000 Til saman kr 1 410 000 Finansiering Eigenandel frå bedriftene kr 705 000 Tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune 705 000 Til saman kr 1 410 000 Bedriftene brukar i dag om lag 86 GWh elektrisk energi om året. Erfaringar frå Enøknettverket ved Raufoss Industripark som sparte 52 GWh/år (22 %) og nettverket i Haram næringslag som ser ut til å spare meir enn målet på 20 % (totalt 7 GWh/år), gjer at det for dei aktuelle bedriftene er realistisk å rekne med ein årleg reduksjon på 20 % i løpet av ein treårsperiode. Det betyr ein reduksjon på 17 GWh/år. I Virksomhetsplan 2011, Innsatsområde: Fornybar energi er eit av hovudmåla for perioden 2010 2015 å utløyse 100 GWh av potensialet for energieffektivisering. Det aktuelle tiltaket i 2011 er å delta i etableringa av tre nye energinettverk. Dette prosjektet legg fundamentet for eit av desse energinettverka. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune v/nærings- og miljøutvalet løyver Nordvest Kraft AS eit tilskot på inntil kr 705 000 til gjennomføring av inntil 49 energianalyser hos bedrifter knytt til Sykkylven Industri- og næringslag. Tilskotet er avgrensa til 50 % av dei totale kostnadane på kr 1 410 000 og blir finansiert over Tiltaksfondet. Bergljot Landstad regional- og næringssjef Side 66

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2011 27654/2011 Joralf Flataukan Saksnr Utval Møtedato NM-41/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 Fylkesutvalet 27.06.2011 RS-22/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Nytt skatteregime for vindkraft Bakgrunn Fylkestinget behandla i møte 14.04.2010 interpellasjon frå representanten Iver G. Nordseth (V) om skattlegging av vindkraft og havbruk. Fylkesordføraren konkluderte slik i sitt svar: Som det går fram av svaret mitt meiner eg at dei spørsmåla som er reist i interpellasjonen er svært viktige både for den enkelte vertskommune, men og for næringane som er avhengig av areal og naturressursar for å kunne drive sin produksjon. Å behandle desse spørsmåla grundig i ein interpellasjon er ikkje muleg. Eg vil derfor be administrasjonen om å greie ut to separate saker der vi får ein grundig gjennomgang av dei to nemnte næringane med fokus på skattlegging og vertskommunane sin andel av verdiskapinga. Eg legg opp til å behandle dei to sakene i fylkesutvalet i juni. Eg reknar og med at dette er saksområde der dei andre vestlandsfylka har dei same interessene som Møre og Romsdal. Eg vil derfor og ta opp spørsmåla i Vestlandsrådet for å legge størst muleg tyngde bak dei tilrådingane vi kjem fram til. Saka handlar om etablering av eit nytt skatteregime for å sikre vertskommunane større del i verdiskapinga frå areal -og naturressursbasert produksjon som vindkraft. Dette er eit viktige tema som har vore berørt i ulike samanhengar, men der lov og regelverk ikkje er tilpassa slik aktivitet. For naturbaserte næringar er det eit fellestrekk at produksjonen er avhengig av investeringar både frå finanskapital og frå naturkapital i form av areal og naturressursat. Så langt må det kunne seiast at det først og fremst er finanskapitalen som er sikra avkastning. Naturkapitalen får avkastning i form av skattar og avgifter til vertskommunane som er mykje mindre enn avkastninga for finanskapitalen. Vindkraft har mange fellestrekk med vasskraft, men og nokre ulikskapar. Begge formene for energiproduksjon skil seg frå vanleg økonomisk verksemd ved at det kan oppnås særskilte inntekter som følgje av at verksemda nyttar naturressursar og ikkje berre arbeid, kapital og andre produksjonsfaktorar. I og med dei mange likskapane mellom dei to ulike naturbaserte formene for energiproduksjon er det naturleg å søke å bruke skattesystemet for vasskraft som mal for eit liknande skattesystem for vindkraft som sikrar at vertskommunane får tilsvarande avkastning på sin naturkapital. Omlegging av energiproduksjon Omlegging av energiproduksjonen i meir fornybar retning har stor fokus både nasjonalt og internasjonalt. EU sitt fornybardirektiv legg avgjerande forpliktingar på medlemslanda (og EØS-landa) med omsyn til å legge om energiproduksjonen frå fossile til fornybare energikjelder. Norge er i tingingar Side 67

Side 2 med EU om korleis fornybardirektivet skal implementerast i Norge. Norge og Sverige har dessutan vedtatt å innføre ein felles nordisk sertifikatmarknad for fornybar energi frå 2012. Dei mest modne fornybare energikjeldene er vasskraft og vindkraft. Utbygging av desse energikjeldene har konsekvensar for lokalsamfunn i form av bruk av areal og miljø. Utviklinga både i Norge og elles i Europa viser at det blir stadig større lokal motstand mot utbygging av både vasskraft og vindkraft særleg på grunn av visuell forureining og påverknad på det lokale miljøet. Dette medfører at mange lokalsamfunn seier nei til å bli vertskap for anlegg for energiproduksjon basert på vind så lenge vertskommunen meiner at inntektene frå anlegget ikkje står i forhold til dei ulempene lokalmiljøet meiner dei må bere. Situasjonen no er slik at det i mange kommunar er stor motstand mot å nytte ressursar og areal så lenge desse ulempene ikkje blir kompenserte. Som døme på situasjonen viser ein til følgjande vedtak i 3 kommunar som alle er aktuelle vertskommunar for utbygging av vindkraft: Hitra kommunestyre: konsesjonssøkers manglende evne og vilje til å avklare de økonomiske elementene i en slik avtale. For ytterligere å underskreke skjevheten i fordelingen av verdiskapingen og dermed legitimiteten for en bedre og mer rettferdig fordeling av verdiskapingen fra vindparker i favør av lokalsamfunn og vertskommuner, så vil Hitra kommunestyre også påpeke manglene ved dagens skatteregler knyttet til eiendomsskatten Økonomiske godtgjørelser som er bedre enn det tilbudte, og som er tilfredsstillende nok inntil lovhjemlet rett til større andel av verdiskapingen til verktskommunene Aure kommunestyre:.. tilrår Aure kommune at det gis konsesjon for Skardsøya vindkraftanlegg. Dette forutsetter at det inngås en kommuneavtale med utbygger hvor Aure kommune ytes både en engangskompensasjon og en fast årlig kompensasjon i påvente av nytt skatteregime som sikrer lokal andel av verdiskaping / energiproduksjon, som man finner innen vannkraft Gulen kommunestyre: Under føresetnad av at vindkraftkommunar får kompensasjonsordningar på linje med vasskraftkommunar, er Gulen kommune generelt positiv til utbygging av vindkraft i kommunen Av desse uttalane frå potensielle vertskommunar går det fram at det er etablert ein motstand mot utbygging med mindre ein rettmessig del av verdiskapinga går til vertskommunen. Skal omlegging av energiproduksjonen kunne gjennomførast utan alt for store konfliktar med lokalsamfunn og kommunar, så er det heilt avgjerande at det blir lagt til rette for at ein større og føreseieleg del av verdiskapinga går til vertskommunen. Benefit sharing i EU I mange EU-land er det gjort omfattande utbygging av vindkraft. For å sikre størst muleg legitimitet for utbyggingsprosjekta har EU sett benefit sharing på sin agenda. Dette er gjort for å sikre at lokalsamfunn som stiller areal og naturressursar til rådvelde for storsamfunnet sine behov for fornybar energi, får ein rettmessig del av verdiskapinga. I Tyskland kom det i 2009 ei ny lov der det slås fast at 70 % av skatten frå vindkraftselskap skal gå til kommunen der anlegget er plassert ikkje kommunen der hovudkontoret ligg. Side 68

Side 3 Danmark har valt ei anna tilnærming. Der har lokalbefolkninga fått ein lovfesta rett til å kjøpe eigardelar i lokale vindkraftanlegg til sjølvkost. Skattlegging av vasskraftanlegg i Norge Norge har lang tradisjon for å sikre vertskommunane for vasskraftanlegg økonomisk kompensasjon og del i verdiskapinga som står i forhold til den naturkapitalen som lokalsamfunnet investerer i vasskraftanlegg. Reglane for skattlegging av vasskraftanlegg vart revidert i 1997 og skjer i dag gjennom ulike former for skatt og avgifter: Innteksskatt: Alle kraftforetak blir ilikna innteksskatt av årets overskudd med same skattesatsar som andre foretak, 28%. Grunnrenteskatt: Grunnrenta for eit vasskraftanlegg blir fastsett som normert salsverdi av det enkelte kraftverk sin produksjon i inntektsåret med frådrag av driftsutgifter, skattar og avskrivingar. Skattesatsen er 27%. I tillegg gjeld spesielle reglar for skattlegging av gevinst ved realisasjon. Naturressursskatt: blir berekna med 1,1 øre/kwh til kommunen og 0,2 øre/kwh til fylkeskommunen av gjennomsnittleg produksjon dei siste 7 åra. Denne skatten er uavhengig av selskapa si lønsemd og er samordna med innteksskatten. Eigedomsskatt: Kommunane kan skrive ut eigedomsskatt på det enkelte kraftverket på same måten som på anna næringseigedom. Skattesats frå 2 7 0 / 00 av takst. Produksjon av vindkraft og vasskraft har mange fellestrekk, men og nokre ulikskapar. Begge formene for energiproduksjon skil seg frå vanleg økonomisk verksemd ved at det kan oppnås særskilte inntekter som følgje av at verksemda nyttar naturressursar og ikkje berre arbeid, kapital og andre produksjonsfaktorar. Det er rimeleg at og naturkapitalen får avkastning og at delar av den tilfell vertskommunen. Skattlegging av vindkraftanlegg i Norge Selskap som eig vindkraftanlegg blir i dag skattlagt på same måte som selskap som driv ordinær økonomisk aktivitet dvs skatt på inntekt og eigedom. I tillegg har gjerne utbyggar betalt ei eingongs- erstatning i samband med planlegging og oppstart av dei konkrete anlegga. Så langt ein kjenner til så er det ikkje reglar for fastsetting av eingangstilskot. Beløpet blir fastsett etter forhandlingar mellom utbyggar og kommune og vil derfor kunne variere frå prosjekt til prosjekt. Det er i dag ikkje nokon form for naturressursskatt, grunnrenteskatt eller arealavgift til vertskommunen for vindkraftanlegg. Samanlikna med vasskraftanlegg er dette urimeleg. Ein annan part i samband med utbygging av vindkraftanlegg er grunneigarane. Godtgjersle til grunneigaren for bruk (leige) av areal er gjerne forhandla fram separat for det enkelte prosjekt og består gjerne av ei eingongserstatning og ei årleg produksjonsavhengig leige. (ikkje basert på lønsemd). Godtgjersle til grunneigarane er etter måten låg og speglar vel i nokon grad alternative inntekter dei same areala kunne gitt. Side 69

Side 4 Vurdering Skal måla om å auke andelen fornybar kraft i energibalansen nåast, så er det viktig å få størst muleg lokal aksept for vindkraftanlegg. Eit verkemiddel for å nå dette målet er å gi vertskommunane større inntekter og andel i verdiskapinga frå slike anlegg. Prosessen fram til endra skatteregime må leiast av sentrale styresmakter og vil involvere mange departement, interesseorganisasjonar og kommunane sin organisasjon m. fl. I tillegg vil ein slik prosess måtte avklare reint skattetekniske og juridiske sider ved endra skatteregime for vindkraft. Det er derfor ikkje formålstenleg å foreslå i detalj korleis eit slikt nytt system bør vere. Målet om større inntekter og del i verdiskapinga til vertskommunane må likevel stå fast. Forslag til vedtak: Møre og Romsdal fylkeskommune støttar vertskommunane for vindkraftanlegg sitt krav om større inntekter og andel av verdiskapinga frå slike anlegg. Fylkeskommunen ser på dette som eit verkemiddel for å sikre omlegging av energiproduksjonen i fornybar retning og for å sikre vertskommunane ein rettmessig kompensasjon for bruk av areal og miljø. Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer dei andre fylkeskommunane langs kysten frå Agder til Finnmark til å etablere ein Kystallianse med formål å vere pådrivar for å sikre vertskommunane sin rettmessige andel av verdiskapinga frå bruk av areal og naturressursar. Møre og Romsdal fylkeskommune vil stille seg i spissen for å få etablert ein slik allianse og ber fylkesordføraren leie prosessen. Bergljot Landstad regional- og næringssjef Side 70

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 20.05.2011 28246/2011 Eivind Vartdal Ryste Saksnr Utval Møtedato NM-47/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-23/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Bioforsk Økologisk etablering og utbygging av Tingvoll Økopark - støtte til prosjektleiar Bakgrunn Bioforsk Økologisk har 16.04.2011 søkt om kr. 1,2 mill i støtte frå dei regionale utviklingsmidlane til tilsetjing av prosjektleiar i samband med etablering og utbygging av Tingvoll Økopark. Idèen om eit opplevingssenter basert på økologi og miljø på Tingvoll har vore jobba med sidan 2006, men skaut fart då Tingvoll kommune fekk tildelt midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet sin småsamfunnssatsing i 2008. Økoparken vil vere plassert på Tingvoll Gard, og vil nytte den gamle låvebygninga som utstillingslokale. I tillegg vil uteområdet med økologisk hage, den nybygde runde kufjøsen, Tingvoll kyrkje, Sol- og bioenergisenteret og Bioforsk Økologisk sine forskningsaktivitetar utgjere totalopplevinga Tingvoll Økopark. Det er allereie i dag mange besøkande på Tingvoll Gard, og aktivitetane vil bli utvida gradvis fram mot etablering av Økoparken. Visjonen er frå undring til begeistring, og målet er å vere leiande på formidling av innsikt og kunnskap om praktiske løysingar og ei berekraftig utvikling til born, unge og vaksne i skule, arbeid og fritid. Det ligg no føre planer for ombygging av låven, design av utstillingar og aktivitetar, og planer for opprusting av uteområdet. I tillegg er det laga ein forretningsplan, der ein legg til grunn at ein i løpet av fem år kjem opp i 15 000 besøkjande årleg. Det er planlagt investeringar på til saman 32 millionar kroner, og at parken blir opna hausten 2013. Den vil vere den første i sitt slag i Norge. Småsamfunnsprosjektet har så langt gjennomført forprosjekt for Økoparken, men det blir avslutta hausten 2011. Tingvoll Økopark har difor behov for ressursar til å kunne fullføre forprosjektering og finansiering, køyre tilbodsprosessar, følgje opp i utbyggingsfasen, drive marknadsføring og produktutvikling og ha den daglege leiinga i ein oppstartsfase. Det er søkt om støtte til eit tre-årig prosjekt i regi av Bioforsk Økologisk, med følgjande budsjett: Løn og sosiale utgifter Kr. 2 450 000,- Kontorutgifter Kr. 150 000,- Reiser, nettverk Kr. 150 000,- Andre driftskostnader Kr. 250 000,- Side 71

Side 2 Sum Kr. 3 000 000,- Prosjektet er tenkt finansiert slik: Bioforsk Økologisk Kr. 500 000,- Tingvoll kommune Kr. 1 000 000,- Frå investeringsbudsjettet Kr. 1 200 000,- Møre og Romsdal fylkeskommune Kr. 1 200 000,- Sum Kr. 3 000 000,- Investeringane på 32 millionar er planlagt finansiert gjennom eit spleiselag, der Møre og Romsdal fylkeskommune er bedt om å bidra med kr. 7,5 millionar i aksjekapital/investeringstilskot. Avgjerdsla om det vil vere ein del av neste års økonomiplan, som vert behandla av Fylkestinget i desember. Vurdering Økoparken vil famne om mange målgrupper, frå barnehageungar til gardbrukarar og andre næringsdrivande, hageinteresserte og tilreisande frå nært og fjernt. Senteret skal formidle viktig kunnskap og haldningar om økologi, miljø og bærekraft gjennom opplevingar knytt til dyrevelferd, økologisk landbruk, mat og helse, hagebruk og sol- og bioenergi. Bioforsk Økologisk er i dag ein viktig kompetansearbeidsplass, med nærare 40 forskarar og rådgjevarar. Mykje av kompetansen som finst på Tingvoll er unik i nasjonal samanheng. Etablering av Økoparken vil styrke Tingvoll sin posisjon i Bioforsk-systemet, og saman med Tingvoll Næringshage vil det etter utbygginga vere minst 55 arbeidsplassar knytt til staden. Ei realisering av Økoparken vil også styrke Tingvoll sin status som kompetansesenter for sol- og bioenergi, særleg når det gjeld formidling. Det vil støtte opp om dei investeringane fylkeskommunen har gjort på det området tidlegare. Forretningsplanen for Økoparken viser eit positivt resultat etter 4-5 års drift. Det er då lagt til grunn at 15 000 besøkande i året skal betale ein gjennomsnittleg billettpris på 200 kroner kvar. Overslag over besøkstal og planlagt billettpris kan synast noko optimistiske. Det er viktig at prosjektperioden blir brukt til vidare arbeid med både forretningsplan, investeringsbudsjett og finansiering, slik at prosjektet blir tufta på mest mogleg realistiske forventningar. Om dei mål som er sett for tal besøkjande blir nådd, vil det gi særs positive ringverknader til anna handels- og næringsliv på Tingvoll. Tingvoll kommune og Tingvoll Næringsforum er aktive støttespelarar i prosjektet. Utbygging og oppstart av Økoparken vil sjølvsagt avhenge av at investeringane blir finansiert. Skulle finansieringa ikkje lukkast vil det heller ikkje vere grunnlag for å la dette prosjektet halde fram. Forslag til vedtak gjeld difor i denne omgang berre perioden fram til finansiering er avklart og vedtak om utbygging er gjort. Side 72

Side 3 Forslag til vedtak: Bioforsk Økologisk får eit tilskot på kr. 400 000,- frå dei regionale utviklingsmidlane,kap. 551 post 60 i Statsbudsjettet, til første år av eit treårig prosjekt i samband med etablering, utbygging og oppstart av Tingvoll Økopark. Tilskot til dei to siste åra av prosjektet vil bli gitt dersom finansiering av dei planlagde investeringane kjem på plass, og Tingvoll Økopark blir vedtatt utbygd. Bergljot Landstad regional- og næringssjef Side 73

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 25.05.2011 29198/2011 Carmen Inga Dahl Saksnr Utval Møtedato NM-38/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-24/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Orientering om EU-prosjektet EfficienSea Bakgrunn Den veksande skipstrafikken aukar risikoen for ulykker til sjøs og belastningane på miljøet. EU-prosjektet Safety at Sea, som vart avslutta i 2007, hadde som mål å få nasjonale, regionale og lokale myndigheter og institusjonar til å samarbeide om å finne nye metodar for å unngå katastrofer, og for å redusere skadane desse kan føre til. Mykje av tankegodset er vidareført i det nye EU-prosjektet EfficienSea. Det er også delvis dei same institusjonane som sto bak Safety at Sea som ønskte å få i stand eit nytt prosjekt, inspirert av den gode mottakinga Safety at Sea -prosjektet fekk i EU. Mens Safety at Sea var eit Interregprosjekt i Nordsjøprogrammet (North Sea Programme), er EfficienSea eit treårig Interregprosjekt i Østersjøprogrammet (Baltic Sea Programme). www.eu.baltic.net Østersjøen er eit sårbart havområde med spesielle utfordringar (som også angår norske farvatn), og EU har nyleg ferdigstilt ein egen strategi for å møte desse (Baltic Sea Strategy). EfficienSea har ei økonomisk ramme på 8 millionar Euro. Safety at Sea hadde ei ramme på 5 millionar Euro. Prosjektet fekk status som Strategisk Prosjekt i EU, noko som betyr spesiell oppfølging og merksemd frå EU si side. Prosjektet starta i 2009 og vert avslutta våren 2012. Prosjektet sin visjon: Skipstrafikken i Østersjøområdet skal vere rein, sikker og påliteleg. Side 74

Side 2 8 millionar Euro tildelt til heile prosjektet 3-årig prosjekt 17 partnarar frå Danmark, Sverige, Finland, Estland, Polen og Norge Projektleiar: Farvandsvæsenet i Danmark (Danish Maritime Safety Administration) Interreg IVB prosjekt i Østersjøprogrammet (Baltic Sea Programme) Start januar 2009, avslutning våren 2012 Godkjent som Strategisk Prosjekt i EU gir spesiell status Møre og Romsdal einaste fylke på norsk side To arbeidspakkar: Arbeidspakke 3 (Rekruttering til maritime yrke) og arbeidspakke 5 (miljø) Partnarar i Møre og Romsdal: - Kystverket - Møre og Romsdal fylkeskommune - Runde Miljøsenter (som sub partner) - (Norwegian Centre of Expertise Maritime trekte seg ut av prosjektet i august 2009) Møre og Romsdal fylkeskommune bidrar med 1 mill over 3 år, i penga og arbeidsinnsats Vurdering Det er viktig å delta i det internasjonale handlingsrommet og utnytte muligheitene til ekstern delfinansiering frå EU og EØS-program til prosjekt vi har nytte av å gjennomføre regionalt, i samarbeid med kompetente fagmiljø i andre land. Målet med EfficienSea er å auke sikkerheten til sjøs og oppretthalde eit bærekraftig miljø. Ulykker og oljespill skal hindrast eller føre til mindre omfattande skader ved å ta i bruk dei rette tiltaka. Møre og Romsdal fylkeskommune si involvering i prosjektet, og samarbeidet med Runde Miljøsenter, har hatt to mål: - Å utarbeide eit nytt og banebrytande kartverktøy (sensitive-dynamiske kart for kystsoner) - Å utarbeide retningsliner for planlegging av kystarealsoner - Å lære av samarbeidet med det internasjonale nettverket - Å bidra internasjonalt med forsking frå vårt område Økonomi Totalt for treårsperioden har Møre og Romsdal fylkeskommune eit budsjett på 307 642 Euro, dvs ca 2,6 mill kroner, der vi får refundert halvparten av beløpet, dvs ca 1,3 mill. kroner. Per i dag har vi brukt rundt 115 000 Euro, dvs nærmare ein million kroner. Dei to største postane våre går til: 124 100,- Euro (ca 1,05 mill kroner) for arbeidet inn i prosjektet, utført av eigen arbeidskraft (hovudsakleg frå Areal- og Miljøvernavdelinga (altså Fylkesmannen) og frå RN-avdelinga. Blant anna har vi sjølve stått for ein del av felt- og kartleggingsarbeidet, rapporteringa til EU-systemet og den økonomiske styringa av vår del av prosjektet. 138,968,- Euro (ca 1,2 mill kroner) til avtalane med Runde Miljøsenter. Vi reknar med at heile ramma vil bli nytta. Det er vanleg at meir midlar blir nytta i avslutningsfasen enn i startfasen av prosjekt. Vi har sju delavtalar med Runde Miljøsenter for leveransar i prosjektet. Side 75

Side 3 Kva har vi arbeidd med? Møre og Romsdal fylkeskommune har engasjert seg i to arbeidspakker: Arbeidspakke 3 er leia av det svenske Sjøfartsverket SMA. Utdanningsinstitusjonar med maritime utdanningsløp er kartlagt. Arbeidsgivarar sine rekrutteringsbehov er kartlagt, samt ønske om å delta i traineeordning. Dessverre førte finanskrisa til at responsen ikkje vart så god som forventa. Bedriftene kunne ikkje forplikte seg til å ta i mot traineer då krisa slo til for fullt. NCE Maritime trekte seg frå prosjektet, noko som førte til mindre ressursar i arbeidspakken. Rekrutteringskampanjar og filmar for å få ungdom til å velje høgare maritim utdanning vart derfor gjennomført i mindre målestokk enn først planlagt. Arbeidspakke 5 er det einaste delprosjektet i EfficienSea som har eit rent miljøinnhald. Målet er å handtere oljespill frå skipsulykker på best muleg måte. Verktøy for å nå dette, finst ikkje. Ei viktig oppgåve i denne arbeidspakken har derfor vore å arbeide fram eit nytt kartverktøy (data) som er dynamisk og sensitiv, d.v.s. at dataene karta viser forandrar seg gjennom året og viser sårbarhet av artar og område på gitte tidspunkt. Partnerskapet har bestått av Kystverket (leiar), Runde Miljøsenter og Møre og Romsdal fylkeskommune på norsk side, og sjøfartsmyndighetene i Gdansk, Universitetet i Gdynia og det polske Havforskningsinstituttet på polsk side. For å finne ut kva data eit slikt nytt kartverktøy må innehalde, har både Norge og Polen valt ut kvar sitt sjøområde / del av ei kystsone som skulle samanliknast. I Polen er Gdansk-bukta valt ut, i Møre og Romsdal eit område som strekker seg frå Stadt til og med Giske kommune. Områda er svært ulike, noko som gjer prosjektet fagleg utfordrande. Samtidig betyr det at resultata kan brukast på breidt grunnlag. Det er derfor realistisk å tru at resultata vil ha relevans for Østersjøen og for Norskekysten. Møre og Romsdal har hatt hovudregien på strukturering av data, mens Polen har hatt hovudansvaret for utviklinga av den matematikken som ligg til grunn for ei samla kartframstilling. Prosjektet har stort sett i heile perioden lege framfor forventa framdrift. Kva er gjennomført: Det er kartlagt: Naturfaglege datasett: Verna og verneverdig natur på land, i strandsona og i sjø (i vannsøyla og på sjøbotnen) Næringsfaglege datasett: Fiskeområde, lokalitetar for akvakultur. Datasett knytt til friluftsliv, kulturminne i strandsona og i sjø (skipsvrak og liknande). Datasetta frå kvar region er harmonisert mht. sensitivitetskarakterisering. Med grunnlag i datasetta er det: Presentert ulike datasett etter sårbarhet (sensitivitet) for aktuelle område gjennom året (dynamiske data) Side 76

Side 4 Utvikla ein matematisk modell for vurdering av fleire datasett saman (samtidig). Utvikla ei visuell dynamisk framstilling på kart. Dette betyr at kartet forandrar karakter frå månad til månad. Det er utvikla ein animasjon som viser dette. Preliminære resultat har blitt presentert ved fleire anledningar i ulike fora. For tida blir det arbeidd med ein vitskapeleg publikasjon der ideane i delprosjektet blir presentert. Dette vil skje på ein internasjonal konferanse om kystsoneforvaltning (CICZM) i Arendal i juli. I det vidare vil resultata bli brukte til å utarbeide ein modell for integrert kystsoneforvaltning som kan takast inn i det nasjonale regelverket. Denne modellen vil gi regionale og nasjonale myndigheter eit nøytralt verktøy for å kunne ta avgjerder når det må prioriterast mellom aktivitetar og interesser som fører til konflikt i kystområde. Desse retningslinene vil føre til at ein gjennom året kan velge sikre fartøyleder til sjøs. Møre og Romsdal fylkeskommune var vertskap for milepælmarkeringa Major Event i mai 2010 der 120 deltakarar, forskarar, maritime fagfolk og media frå mange land var tilstade. Vidareføring EfficienSea blir avslutta tidleg neste år. Møre og Romsdal sit i dag med ein ide/ patent til å utvikle eit nytt forvaltningsverktøy for interaksjon mellom naturfaglege verdiar og vårt ønske om å ta naturen i bruk. Beslutningsverktøyet vi har utvikla gjennom samarbeidet med Polen kan nyttast på mange konfliktområde: Vurdering av areal for vindkraft, differensiert forvaltning av strandsona, betre beslutningsgrunnlag for kystnær oljeleiting/ oljeutvinning, vurdering av ulike installasjonar på sjøbotnen, framtidige bærekraftige areal for akvakultur og val av riktig tidspunkt for hausting av ressursar (til dømes fisk, tang og tare.) Vi ser nå på korleis vi skal vidareføre dette arbeidet. I hovudsak er det viktig å føre produktet (kartverktøyet) frå utviklingsstadiet til prototyp og teste det i praksis. Dette bør skje saman med andre relevante forskingsinstitusjonar og forvaltningsmyndigheiter. Forslag til vedtak: Nærings- og miljøutvalet tek presentasjonen av EfficienSea til orientering. Bergljot Landstad Side 77

Side 5 regional- og næringssjef Side 78

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 23.05.2011 28629/2011 Cecilie Flatnes Saksnr Utval Møtedato NM-39/11 Nærings- og miljøutvalet 14.06.2011 RS-25/11 Miljøutvalet 14.06.2011 Høyring - Effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa Bakgrunn Ekspertutvalet for effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringa oppnemnt av Fiskeri-og kystdepartementet i 2009 har vore leia av tidlegare fiskeridirektør Peter Gullestad ( Gullestadutvalget ). Øvrige medlemmer i utvalet kom frå Fiskeridirektoratet, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Mattilsynet, Havforskningsintituttet, Veterinærinstituttet, Direktoratet for Naturforvaltning, Kystverket, Hordaland fylkeskommune, Fiskeri- og kystdepartementet, Høgskolen i Bodø, Klima- og forurensningsdirektoratet. Rapporten Effektiv og berekraftig arealbruk i havbruksnæringen lagt fram 4.februar 2011 med med høyringsfrist 10. august 2011. Bakgrunn for arbeidet er Regjeringa sin strategi for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring og ei miljømessig berekraftig havbruksnæring. Utvalet sitt mandatet var å kome med forslag til ein ny overordna arealstruktur, som kan bidra til at akvakulturnæringa nytter arealet på ein meir berekraftig og effektiv måte, med minst mogleg miljøpåverknad og smitterisiko. Balansert sameksistens med andre interesser i kystsona er òg vektlagt. Rapporten omhandlar i del 1 status på rammebetingelser og utvikling av akvakulturnæringa i Noreg, i del 2 diskusjon av relevante problemstillingar ved bruk av sjøareal og i del 3 kjem utvalets tilrådingar. I dette framlegget er utvalets tilrådingar vurdert. Status Møre og Romsdal Tilgang på produktivt sjøareal er eit av Noregs hovudfortrinn som havbruksnasjon. Det er regionale skilnader innan arealutnytting og produksjonsintensitet; Møre og Romsdal har den tredje største maksimalt tilatte mengde fisk i sjøen i landet (89245 tonn MTB) etter Nordland og Hordaland. Fylket er også på tredjeplass når det gjeld produksjonsintensitet. Vi har 19,1 tonn laks og regnbueørret per km 2 sjøareal. Vårt sjøareal tilsvarar 6271 km 2. Fire fylke har meir sjøareal enn Møre og Romsdal (Nordland, Finnmark, Troms og Sør-Trøndelag). Vi har god slaktekapasitet og er sjølvforsynt med settefisk. Møre og Romsdal kjem jf. Havforskningsinstituttets risikovurdering av havbruksnæringas miljøeffektar (Tab.5.6.1), relativt godt ut med tanke på lakselusproblematikk frå havbruk mot villfisk. Vi kjem dårleg ut med tanke Side 79

Side 2 på risiko for genetisk påverknad av villaks i elv.(rapport frå Havforskningsinsituttet Nr.5-2011). Slik at alle tiltak mot rømming er ledd i ein føre-var prosess. Når det gjeld tap i produksjonen (svinn, dødeligheit) kjem Møre og Romsdal dårleg ut jf. Fiskeridirektoratets statistikk dei siste 11 åra. Gullestadutvalet har foreslått 25 tiltak Etter utvalets vurdering står næringa overfor tre hovudutfordringer på sjukdomsog miljøsida som alle har samanheng med arealbruk og produksjonsomfang. Ei berekraftig utvikling i næringa er heilt avhengig av at desse utfordringane blir løyste. Dette er lakselus, rømming og tap i produksjonen. Tiltaksforslaga er meint å bidra til å løyse dette samt forbetre sameksistens med andre interesser. Vi har valt ut dei tiltaka som vi anser som mest aktuelle for vurdering. Nummereringa på tiltaka samsvarar med rapporten. Presentasjon av tiltaka til Gullestadutvalet med vurdering 10.4 Produksjonsområde med eigne utsettssoner koordinert utsett og brakklegging Forslaget går ut på ei inndeling av kysten i produksjonsområde som geografisk forvaltningseining. Dette vil avvike frå Fiskeridirektoratets 7 regioner som blir brukt i dag. Tildelte konsesjonar høyrer i dag til Fiskeridirektoratets regionar og det er vanskeleg å få løyve til flytting over regiongrensene. Det er foreslått at konsesjonar skal høyre til eit produksjonsområde, men at søknadsbehandling skal utførast i det fylket som lokaliteten høyrer til. Innafor kvart område skal produksjon av fisk koordinerast for utsett, brakklegging og sjukdomstiltak i ein 2-årig Side 80