SAKSGANG Styre/råd/utval Møtedato Sak nr Saksbeh. Helse, skule og kultur 06.06.2006 027/06 SAP Formannskapet 12.06.2006 SAP Kommunestyret 12.06.2006 SAP Saksansvarleg: Svein Aas Pedersen Arkiv: K1- Arkivsaknr.: 06/690 Oppfølgjingsansvar: Tidsfrist: STATUSRAPPORT OM FLYKTNINGARBEIDET I BØ 2005-06. Vedlegg: Ingen Saksomtale: 1. HISTORIKK Bø kommune har mottatt flyktningar meir eller mindre samanhengande sidan 1979/80. Dette er det gjort greie for i Plan for integreringsarbeidet i Bø kommune som blei behandla i kommunestyret sommaren 2004. Det har variert frå år til år kor mange flyktningar som har kome til Bø, avhengig av kommunenes kapasitet, etterspurnad frå ulike asylmottak og UDI (som nå heiter IMDI (Integrerings og Mangfolds Direktoratet)). Her følgjer ein presentasjon av dei vedtaka sittande kommunestyre har gjort dei siste åra når det er snakk om busetting av flyktningar: 1) Sommaren 2004 blei det gjennomført ein grundig debatt i kommunestyret om framtidig busetting av flyktningar i Bø kommune (K-styresak 40/04). Rådmannen hadde innstilt på å auke talet som den gong var vel 70 til opp mot 100 flyktningar. Kommunestyret gjekk motsett veg og sa at talet skulle ned mot 60 innan 2008. På bakgrunn av det la vi fram ein plan (Statusrapport om flyktningarbeidet i 2004) om korleis vi skulle nå dette målet. 2) Sommaren 2005 (K-styrevedtak 53/05) tok debatten ei ny vending. Bø kommune skulle inntil vidare ikkje ta imot nye flyktningar. Grunngjevinga var retta mot økonomien. Med bakgrunn i dei konsekvensane som kjem fram i Statusrapprt om flyktningarbeidet i Bø 2004-2005 finn ikkje Bø kommune det økonomisk forsvarleg å ta inn fleire flyktningar før staten kjem opp med økonomiske betingelsar som fullt ut dekker kommunane sine utgifter til flyktninge- og integreringsarbeidet. Her legg kommunestyret seg på ein vente og sjå line. Vedtaket blei sett på prøve på slutten av året da vi fekk ein direkte oppfordring frå UDI om å busette 3 burmesiske overføringsflyktningar. Kommunestyret stod fast på sitt vedtak. 3) Våren 2006 kjem det eit forslag til kommunestyret (sak 21/06) om å ta imot nye flyktningar på slutten av året 2006. Spørsmålet har samanheng med innsparingstiltak i 2006/07 og tanken er at busetting seint på året er identisk med god økonomi. Kommunestyret valte å utsette saka i påvente av ein rapport frå Sosialtenesta om utbetalingar i 2005 og utfallet av revidert statsbudsjett. (Begge desse sakene blir det gitt svar på i denne statusrapporten)
Debatten om busetting av flyktningar i Bø har i lengre tid hatt eitt fokus; økonomi. Utspela frå det politiske fleirtalet peikar berre i ein retning, ein skepsis til at Bø kommune skal motta nye flyktningar. Atter og atter blir det ein diskusjon om pengar. Andre sider ved flyktningarbeidet er dessverre fråverande. Borte er tanken om det samfunnsmessige ansvaret, solidariteten til menneskjer som kan få ein ny start og vekse på å få bu i Bø. Det humanitære perspektivet er glømt, likeså at Bø-samfunnet så seint som i 2004 fekk heiderspris som Internasjonal kommune av Fredskorpset. Tanken på at lokalsamfunnet vårt kan bidra med myke positivt til menneskjer som har lovleg opphald i landet og som vil vere å sjå på som berikande kjem sjeldan fram i debatten. I den grad det skjer, druknar argumenta i økonomisk skepsis. 2. BUSETTING Kommunestyret sa nei til busetting av nye flyktningar i 2005. Vedtaket blei administrativt tolka slik at vi skulle fullføre prosessen med å gjennomføre den busettinga som alt var avtalt. I 2005 blei det i alt busett 15 nye flyktningar i Bø kommune. Dei kom frå Afghanistan, Burma, Somalia og Irak. Dette er busetting som utløyser integreringstilskot. I tillegg fekk Bø 2 tilfeller av familiegjenforening i 2005. Gjennom desse gjenforeningane kom det 7 barn og 2 vaksne til kommunen. Fordi dei sentrale myndigheitene endra regelverket frå januar 2005 fekk Bø kommune dessverre ikkje integreringstilskot for dei som kom som familiegjenforente i fjor. Oppdatert DSF-liste (Det sentrale folkeregister) viser at det pr. 01.01.06 bur 59 personar i Bø som kommunen mottek integreringstilskot for. Så lenge K- styrevedtak 53/05 gjeld skal vi ikkje busette nye flyktningar. Men i februar i år mottok vi 3 personar som familiegjenforente. Desse får vi integreringstilskot for. Prognose som viser talet på flyktningar i åra framover: Busetting av flyktningar til og med 2008 2006 2007 2008 2009 01.01 Ut Inn 01.01 Ut Inn 01.01 Ut Inn 01.01 59 52 36 18 10 3 16 0 18 0 Ut-kolonna viser kor mange flyktningar som fell ut av 5-årsregelen i løpet av året og inn-kolonna kor mange vi seier ja til IMDI å busette. All erfaring viser at det i løpet av eit år alltid flyttar nokon slik at ut-talet blir høgare enn forventa. Talet på flyktningar vi får integreringstilskot for går raskt nedover. Vi vil vere nede i 52 første januar neste år og 36 året deretter. Tala kan avvike litt avhengig av familiegjenforeningar og spontan utflytting. 3. INTEGRERINGSTILSKOT Tabellen under viser kva vi kan forvente i integreringstilskot i perioden 2006 2008. Tala er basert på busetting som vist over. Tala vil avvike, men tabellen gir likevel ein klar peikepinn på utviklinga framover:
Budsjettert integreringstilskot basert på oppdatert DSF-liste: År Forventa Budsjettert i vedtatt Avvik integreringstilskot økonomiplan 2006 5.194.000 5.212.000-18.000 2007 3.713.000 3.810.000 + 97.000 2008 2.325.000 2.467.000 + 142.000 For 2006 ligg vi an til å få eit integreringstilskot på kr. 5.194.000. Det er så godt som i tråd med budsjetterte inntekter. Vi ser og at i åra framover er det eit rimeleg godt samsvar mellom kva som ligg i økonomiplanen og den ajourførte informasjonen vi har pr. i dag. Som ein konsekvens av at vi ikkje busetter nye flyktningar fell integreringstilskotet dramatisk. Til samanlikning fekk Bø kommune i 2004 kr. 8.164.000 i integreringstilskot og i 2005 kr. 7.979.233 Som ein del av K-styrevedtak 53/05 sendte Bø kommune eit brev til kommunalministeren for m.a. å peike på ein del svakheter med gjeldande tilskotsordningar. Så langt er det, med eitt unntak, grunnlag for å hevde at dei store endringane ikkje har kome. Unntaket er at regjeringa har endra praksisen når det gjeld integrerinsgtilskot for familiegjenforente. Endringa fører til at kommunane heretter får integreringtilskot i 3 år for denne målgruppa. Regelendringa har ikkje tilbakevirkande kraft. Ellers er det viktig å nemne følgjande. 1) Integreringstilskotet er endra frå kr. 432.000 til 450.000 over 5 år. Endringa gjeld frå 1. januar 2006. 2) Tilskotet til norskopplæring blei lagt om frå ei ordning basert på time- og deltakarrefusjon til eit per-capital tilskot frå 01.09.05. Endringa fører til ein svakare finansiering for kommunane. Det ligg ikkje an til at dette blir endra med det første. 3) Revidert statsbudsjett, som blei presentert 12. mai, ga meir pengar til kommunane, men ingenting til flyktningearbeidet spesielt. Det kom ingen endringar i tilskotsordningane. 4) Statsbudsjett for 2007. Berekningsutvalet har nyleg sett opp eit reknestykke som viser at det er for lite pengar til kommunane i integreringstilskotet. Frå KS har vi fått høre at dei vil leggje inn krav om ei auke i tilskotet på om lag kr. 50.000. Om dette kravet blir akseptert i regjeringa sitt neste statsbudsjett vil tilskotet harmonisere betre med kva Berekningsutvalet har sett fram som rett nivå på faktiske utgifter. 4. ØKONOMIEN I FLYKTNINGEARBEIDET I 2005 I kommunen er det to einingar som har ein tydeleg budsjett- og rekneskapsoversikt over flyktningarbeidet. Rekneskapen for Arbeid og kvalifisering viser ein nettougift på kr. 5.881.000 og Sosialtenesta 1.500.000, til saman 7.381.000. Til samanlikning var altså integreringstilskotet på 7.979.000. I forbruk er tre store postar som skil seg ut: Sosialhjelp Ca. 2.400.000 Introduksjonsstønad Ca. 3.003.000 Løn- og sosiale utgifter Ca. 1.600.000
Desse tala gir ikkje ein fullstendig oversikt over den økonomiske innsatsen i flyktningfeltet. Stillingsressursar til helsesøster, sosialtenesta og psykiatrien er ikkje rekna inn. Grunnskulen fekk ei stor utfordring på grunn av familiegjenforente barn utan å få særleg kompensasjon for det. Vaksenopplæringa er inne med kommunalt finansierte ressursar, men her fekk kommunen til gjengjeld ein stor refusjon (vel 2 mill) til norskopplæring. Og for å gjere oversikten mest mogleg komplett må det nevnast at busette flyktningar påverkar folketalet i Bø som igjen påverkar det generelle rammetilskotet. 5. ØKONOMIEN I FLYKTNINGEARBEIDET I 2006 For 2006 må vi nøye oss med prognoser basert på budsjetterte tal og det vi veit ut frå tertialrapportering pr. 30.04. Arbeid og kvalifisering ligg an til eit nettoforbruk på ca. kr. 5.000.000 og Sosialtenesta på 1.500.000. Integreringstilskotet er forventa å ligge på ca. 5.200.000. Det er dei same 3 store postane som i 2005 som framleis er mest utslagsgjevande. På same måte som i 2005 blir det framleis nytta stillingsressursar i andre einingar, men desse er som før ikkje direkte budsjetterte til flyktningarbeid. Da ser vi at utgiftene til flyktningarbeidet er vesentleg høgare enn inntektene i 2006. Den viktigaste årsaka til det store misforholdet er at vi i år ikkje vil få førsteårstilskot som følge av at vi ikkje busetter flyktningar. Førsteårstilskotet er på mange måtar den økonomiske bærebjelken i systemet. I sin økonomiske tenkning føreset IMDI ein rytme der kommunen busett kvart år og fordi tilskotet gjeld for heile året, men utgiftene berre påløper deler av det første året er det best økonomi i nettopp førsteårstilskotet. 6. INTRODUKSJONSPROGRAMMET Bø kommune innførte introduksjonsprogram da dette blei lovfesta 1. september 2004. Det inneber at vi snart har 2 års erfaring å sjå tilbake på. Vi er framleis av den klare oppfatning at lovfesta rett og plikt til introduksjonsprogram for flyktningar er svært positivt. Tidsperspektivet er 2 års programtid, enkelte kan klare seg med mindre, nokre vil trenge meir tid, men hovudregelen er at deltakarane får 2 år. I løpet av 2005 hadde vi heile 42 deltakarar med i introduksjonsprogrammet (langt frå alle var med heile året). Pr. 15. mai 2006 har vi 29 deltakarar. Mange av desse vil bli ferdige med programmet i løpet av sommaren og hausten. Når vi går inn i 2007 vil ca. 15 flyktningar delta i introduksjonsprogrammet. Viktige erfaringar og utfordringar a)økonomi Introduksjonsstønaden er individretta og baserer seg på grunnbeløpet i folketrygda og deltakarar skal betale skatt. Mange må ha supplering. Skattetrekk og høge buutgifter er vesentlige årsaker til det. Behovet er særleg stort for deltakarar under 25 år som berre mottek 2/3 av full introduksjonsstønad. b) Praksisplassar
Det er mykje lettare å skaffe praksisplassar nå enn det var i starten. Vi har bygd opp ein base som det er lettare å komme tilbake til, vi får oftare tilbakemelding om praksisplassar som fungerer bra og enkelte plassar har vore direkte suksess for deltakarane. Kommunen har blitt flinkare til å stille plassar til disposisjon og vi legg vekt på å ha eit godt samarbeid der oppfølging av deltakarane er viktig. Også i norskopplæringa legg vi meir vekt på å bruke dei erfaringane deltakarane skaffar seg gjennom praksis. Likevel er det ganske sikkert eit utviklingspotensiale for å få betre gjensidig utbytte av ordninga med praksisplassar. c) Samarbeidet med A-etat, arbeid og studier Vi har formalisert eit samarbeid med A-etat, men så langt har vi fått altfor lite ut av dette samarbeidet (arbeidspraksisplassar og kursplassar). Den verkelge store utfordringa kjem når deltakarar sluttar i introduksjonsprogrammet. Da oppstår det lett daudtid før deltakarar kjem i nye tiltak gjennom A-etat. I denne perioden kjem dei lett over på sosialhjelp og det er og i denne fasen at flyktningar vel å forlate Bø kommune fordi det kan vere lettare å skaffe seg jobb andre stader. I løpet av hausten skal, som sagt, mange av våre flyktningar avslutte sitt introduksjonsprogram. Vi vil intensivere innsatsen mot A-etat for å sikre flest mogleg med på eit arbeidslivskurs som A-etat har annonsert oppstart på i september. Dette kurset og oppfølginga vil bli den første verkelege prøvesteinen på korleis arbeidsmarknaden er for flyktningar i Bø kommune som har fullført 2-årig introduksjonsprogram. Men det er ingen grunn til å leggje skjul på at arbeidsmarknaden i Bø og omegn er begrensa for flyktningar. Derfor er det viktig å minne om at introduksjonsprogrammet ikkje skal skaffe flyktningar arbeid, men kvalifisere til dette. Økonomisk er det liten tvil om at det beste er at flyktningar finn seg jobb, klarer seg sjølv og blir buande her. Men det må og vere lov å sjå den positive sida det er om vi har klart å gje dei nødvendige kvalifikasjoner til at dei greier å skaffe seg arbeid andre stader. Og endeleg må vi huske på at slett ikkje alle vil kunne gå ut i jobb. Vi må akseptere at vi også snakkar om menneskje som på grunn av helse (fysisk og psykisk), alder og skule- arbeidsbakgrunn aldri vil kunne nå eit slikt mål. Fleire av dei som er ferdige med introduksjonsprogram nå i sommar skal over i vidaregåande skule. Vi foruset da at dei økonomisk raskt skal klare seg på dei lån- og stipendordningane som Statens Lånekasse administrerer. d) Prosjekt flykningeguide Bø kommune støtter også i år Prosjekt flyktningeguide økonomisk. Vi har avtalt å betale kr. 50.000 til prosjektet. Telemark Røde Kors krevde i utgangspunket kr. 100.000 av Bø kommune. Det blei avslått med grunngjeving i at vi ikkje skal ta imot nye flyktningar og at talet derfor går ned. Det er sjølvsagt viktig med ein allianse med det frivillige og dei gjennomfører ein del tiltak og arrangement som er bra for flyktningane. Leksehjelp er det viktigste tiltaket i samarbeidet. I år har vi gjort det slik at leksehjelpa er eit obligatorisk tiltak i introduksjonsprogrammet. 7. STILLINGAR OG ARBEIDSFORDELING
Bemanning knytt til integreringsarbeidet blei vedteke i sak 46/04. På grunn av krav om innsparingar er bemanninga endra noko. For tida sit vi med flyktningkonsulent (100%), miljøarbeidar (120%) og helsesøster (25%). I tillegg er einingsleiar og fyrstesekretær i Arbeid og kvalifisering mykje inne i flyktningarbeidet. For tida står stillinga som koordinator for introduksjonsprogrammet vakant. Koordinator slutta ved utgangen av 2005. Vi lyste ut stillinga, men resultatet av tilsettingsprosessen blei at vi ikkje fekk tilsett ny person. I og med gjeldande vedtak om ikkje å busette nye har vi inntil vidare valt å la stillinga stå ledig. Men vi brukar delar av den til å styrke miljøarbeidarinnsatsen. I 2004 avtalte vi ei fordeling av oppgåver mellom Arbeid- og kvalifisering og Sosialtenesta. Det kan vere grunnlag for å gå gjennom og eventuelt endre denne fordelinga. Erfaringar viser at Sosialtenesta har hatt meir oppfølgingarbeid enn forventa etter innføringa av introduksjonsordninga. Vi får sjå nærmare på fordeling når vi veit korleis biletet ser ut med tanke på framtidig busetting. 8 VEGEN VIDARE Flyktningarbeidet, administrasjon og øvrige tilsette tåler ikkje meir venting. Vente- og sjå lina er brukt opp. For administrasjonen og dei som står for det daglege arbeidet med flyktningane er situasjonen lite haldbar og alt anna enn oppmuntrande. Det er ikkje mogleg å styre langsiktig etter kommunestyret sin avventande haldning. Det er lite tilfredsstillande å jobbe innan eit fagområde der ein heile tida blir møtt med at det kostar for myke. Det gjer noko med tilsette når dei aldri får svar og samtidig oppfattar at flyktning og integreringsarbeid stort sett blir omtalt med skepsis og søken etter meir informasjon for å finne ut om vi ikkje brukar meir pengar enn det som blir presentert i rapportar og innspel til det politiske miljøet. Dei økonomiske realitetene slik dei blei omtalt i statusrapporten i fjor står ved lag. Med unntak av tilskot til familiegjenforente har den nye regjeringa vidareført dei økonomiske ordningane. Det er grunnlag for å slå fast at økonomien i flyktningarbeidet er svekka. Vi må akseptere at det nå er mindre pengar både i integreringstilskotet og i refusjonsordninga som skal finansiere norskopplæring. For å komme vidare har Bø kommune 2 vegar å velje mellom: Den eine vegen er at kommunestyret vedtek å oppretthalde sitt vedtak om ikkje å busette nye flyktningar. Da kan kommunen relatere sit vedtak til at det er for tronge økonomiske rammer til arbeidet og sjå bort frå dei humanitære oppgåvene som mange andre kommunar synest er viktig å ta seg av. Det er samstundes eit klart svar på at ein kjapt må byggje ned flyktningadminstrasjonen og vaksenopplæringa. Utfallet av eit slikt vedtak vil vere at økonomien i integreringsarbeidet fell dramatisk og ein vil i åra framover måtte subsidiere flyktningarbeidet i langt sterkare grad enn ellers over det generelle rammetilskotet. Ein viss bemanning i flyktningarbeidet og vaksenopplæringa må sjølvsagt vidareførast. Introduksjonsordninga og rett og plikt til norskopplæring er lovpålagt og vil krevje oppfølging. Daglege utfordringar og spørsmål som gjeld bustad, helse, økonomi, leksehjelp, barnehage, skule etc. vil og kome og vi må derfor ha eit apparat som kan ta seg av dette.
Det andre vegen er at ein held fast ved vedtaket frå 2004 og seier at talet på flyktningar skal ligge på ca. 60. Det er eit mykje rausare vedtak og Bø kommune tek sitt samfunnsansvar også i forhold til å busette og kvalifisere flyktningar. Det vil alltid liggje uvisse i økonomien. Men det er i alle fall tydelegare føringar for arbeidet om ein kan busette årleg og ha eit langsiktig perspektiv på arbeidet. Uansett kva ein gjer vil det alltid oppstå overraskingar i ei gruppe med flyktningar slik at reknestykket frå år til år kan slå ut med tal i balanse, negative eller positive tal. Men nettopp denne uklarheita må vi kunne leve med. Det er ikkje bra for Bø sitt omdømme om kriteriet for å busette flyktningar skal vere at kommunen skal tene pengar. Kva seier ikkje det om Bø kommune om ein går ut og seier ja til å busette flyktningar i haust for å redde årets budsjett, men nei i 2007, fordi det økonomisk kan vise seg lite lønsamt? Tida er inne for å komme med klare og tydlege politiske avklaringar som har eit langsiktig perspektiv i forhold til integreringsarbeidet. IMDI har varsla at dei vil sende ut sitt oppmodingsbrev om busetting av flyktningar for 2007 i første halvdel av juni. Da må vi kunne gje eit tydeleg svar. Vente og sjå haldninga frå kommunestyret fører berre til at vi lever i eit vakuum og det er ikkje lenger akseptabelt. Vi må kunne gå til tilsette og gje svar på korleis framtida skal sjå ut. Skal vi halde på fagkompetansen må vi ha eit framtidsretta og positivt politisk vedtak å vise til.
Rådmannen tilrår: 1. Statusrapporten blir tatt til etterretning 2. Vi må ha ein avklaring på korleis Bø kommune skal drive flyktningarbeidet framover. Det må vedtakast anten a) å oppretthalde vedtaket om ikkje å busette nye flyktningar eller b) gå tilbake til vedtaket frå 2004 som seier at talet på flyktningar i Bø kommune skal liggje på ca. 60. Ytterlegare utsetting at saka nyttar ikkje. 3. Flyktningadministrasjonen får fullmakt til å svare på oppmodingsbrevet frå IMDI om busetting i 2007 basert på utfallet av punkt 2.