Reguleringsplan Storemyr i Åbødalen Gnr. 32, Bnr. 4, Sauda kommune. Plan ID: 2014003 Føresegner Mai 2016 Dette dokumentet inneheld føresegner knytt til framlegget for reguleringsplanen for Storemyr i Åbødalen i Sauda kommune.
Dokumentinformasjon Oppdragsgjevar: Gro Johanne og Karl Gustav Lofthus Rapporttittel: Føresegner Utgåve/dato: Mai 2016 Oppdrag: 14018 Reguleringsplan Åbødalen Oppdragsleiar: Arne Espeland Skriven av: Arne Espeland Kvalitetskontroll: Framlegg til reguleringsføresegner for: REGULERINGSPLAN FOR ÅBØDALEN GNR 34 BNR, I SAUDA KOMMUNE. Dato for siste revisjon av planen : Dato for kommunestyret sitt vedtak : Desse føresegnene gjeld innafor det området som er vist med plangrense på plankartet datert 20.08.2015. Planen er ein detaljplan (jf. pbl 12-3). Planen omfattar desse arealføremåla (pbl 12-5) : 1. Bygningar og anlegg 2. Samferdsle og teknisk infrastruktur 5. Landbruks-, natur- og friluftsføremål 6. Sjø- og vassdragsføremål 1 FELLESFØRESEGNER 1.1 Utbyggingsrekkefølgje Det lyt utarbeidast ein detaljplan for handtering av overvatn og dimensjonering av stikkrenner mv. før opparbeidinga av området starter opp. Tilknyting til veg må vere avklåra i samband med byggeløyvet. 1.2 Energiforsyning Det skal leggast til rette for framføring av straum til hyttene. All ny forsyning av straum o.l. skal førast fram som jordkabel. 1.3 Vatn Det kan borast etter vatn for utvendig brønn. Der tilhøva ligg til rette for det, kan brønnen delast på fleire hytter. 1.4 Universell utforming Prinsippet om universell utforming skal leggast til grunn for planlegging og opparbeiding av vegar, gangareal og parkeringsplassar. 1.5 Estetikk Ved utbygging skal det leggjast vekt på stadtilpassing, god arkitektonisk utforming og god fargesetting. Sterk eksponering skal unngåast. Terrenginngrep i samband med nyanlegg skal skje skånsamt, og ev. reparasjon
av overflater skal utførast på ein god måte. Eksisterande buskar og tre skal i størst mogeleg grad takast vare på. Framtredande materialbruk i ev. støttemurar skal vera naturstein. 1.6 Radon Hyttene skal utformast slik at radonnivå i innelufta ikkje overstig gjeldande tiltaksgrense. 1.7 Klima og miljø Det skal i byggesøknad gjerast greie for korleis tiltaket ivareteke omsynet til klima og miljø. 1.8 Bilparkering Parkeringsnorm er to parkeringsplassar pr. hytte. Ved avkøyringa frå kommunal veg er det sett av plass til offentleg parkering for personbil. Plassane er retta mot parkering for besøkande og turgåarar og skal opparbeidast og driftast i privat regi, ev. i samarbeid med Sauda kommune dersom det er ønskeleg. 1.9 Renovasjon Gjeldande reglar for hytterenovasjon i Sauda kommune skal følgjast. 2 BYGNINGAR OG ANLEGG 2.1 Hytter Innan området kan det førast opp totalt 20 nye frittliggande hytter plassert på tomta jf. plankartet. Det koordinatfesta punktet (Merkepælen) skal liggje innafor bygget sin grunnmur. Areal rundt punktet ved tomtefesting skal stadfestast i festeavtalen med grunneigar. Ved utskiljing av tomt kan tomtearealet dekke opp mot 1 da. Kvar hytte skal ikkje ha større areal enn 100 m² BYA. (målt jf. reglane i NS 3940). Hyttene skal ha ei høgd + ev. hems/loft. Tekking av shingel, torv eller tre. Maks. mønehøgde: 6 m over gjennomsnittleg planert terreng. Takvinkel skal vere mellom 25 og 35º, og takform skal vere saltak. Det vert ikkje tillate med fyllingar som er høgare enn 1 m. Grunnmuren skal ikkje vere høgare enn 1,0 m. Bygningar kan settast opp på pelar med gjenmurte opningar mellom pelane. Det er ikkje lov å føra opp gjerde rundt eigedommane. 2.2 Konsentrerte fritidsbustader Innan området BFK er det avsett 7,2 da til konsentrert fritidsbusetnad. Her er BYA sett til opp mot 60% utnytting. Kvar bueining skal ikkje ha større areal enn 100 m² BYA. (målt jf. reglane i NS 3940). Hyttene skal ha ei høgd + ev. hems/loft. Tekking av shingel, torv eller tre. Maks. mønehøgde: 6 m over gjennomsnittleg planert terreng. Takvinkel skal vere mellom 25 og 35º, og takform skal vere saltak. Det vert ikkje tillate med fyllingar som er høgare enn 1 m. Grunnmuren skal ikkje vere høgare enn 1,0 m. Bygningar kan settast opp på pelar med gjenmurte opningar mellom pelane. Det er ikkje lov å føra opp gjerde rundt eigedommane.
2.3 Bod Bod kan førast opp som del av hyttebygget, eller frittståande med inntil 15m² BYA. Total storleik på hytte inkludert bod er 115m² BYA. 2.4 Leik Områda som ikkje er avgrensa rundt særskilde eigedomar kan nyttast til leik for born. 3 SAMFERDSLEANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR 3.1 Veg Det er regulert 3 m breie vegar inni området. Krysset med avkøyrsle frå kommunal veg er etter spesifikasjonar på kryssløysing etter krav frå Statens vegvesen. Alle køyrevegar inn i området er privat. I tillegg til vegbreidda vert det sett av naudsynt grunn til vegskulder og avrenningsgrøfter. Drift og vedlikehald av vegen vert administrert gjennom eit veglag valt av hytteigarane. Medlemskap i veglaget er obligatorisk for alle hytteeigarane. Terrenginngrep i samband med nyanlegg og opparbeiding av midlertidige transport-trasear skal skje skånsamt, og overflater skal tilbakeførast til før inngrep. Transport skal, så langt som råd er, skje etter opparbeidde vegar. 3.2 Gangveg og stiar Frå området ved badeplassen aust for Klovsteintjødna er det regulert inn ein 1 m brei gangveg langsmed vatnet. Traseen skal byggast opp med enkel opparbeiding som skal følgje terrenget utan større inngrep. Maksimal tillate stigningstilhøve er 1:20. Drift og vedlikehald av gangveg inngår i ansvarsområdet til veglaget. Jf. 3.1. Der det ikkje er veg, skal etablerte stiar oppretthaldast. Hytteeigarar driftar og held ved like stiar etter eigne avtalar. 3.3 Parkeringsplassar Ved avkøyringa til kommunal veg er det regulert inn parkeringsplassar for personbilar for besøkande og turgåarar jf. 1.8. Drift og vedlikehald inngår i ansvarsområdet til veglaget. Jf. 3.1. Tilrettelegging av parkeringsplassar langsmed tilkomstvegar skal ikkje forkomme utan løyve frå grunneigar. Drift og vedlikehald av slik parkering går ikkje automatisk inn under veglaget sitt ansvar. 3 LANDBRUK,- NATUR- OG FRILUFTSFØREMÅL 5.1 Friluftsområde Naturområde med dei naturkvalitetar som områda har i dag. Bruk skal baserast på allemannsretten. Det er forbode med alle bygningsmessige tiltak i sone 50 meter frå strandlina.
6 BRUK OG VERN AV SJØ- OG VASSDRAG 6.1 Vatn og vassdrag Del av Klovsteintjødna som inngår i planområdet er avsett som friluftsområde med tilhøyrande strandsone. 7 OMSYNSSONER 7.1 Frisiktsoner ved vegkryss og avkøyrsler (jf. 3 samferdsleanlegg) Innan frisiktsona skal det vera fri sikt frå 0,5 m over tilstøytande vegbanar. 7.2 Faresoner I faresonene skal ein halde seg til rapport om vurderingar av skredfare i samband med bygge- og anleggstiltak. Det bratte terrenget ned mot Buerelva i vestlege del av planen er tilrådd markert som generell omsynssone for skredfare. Den austlege delen av planområdet ligg innanfor potensielt utløpsområde for blaute snøskred, som er vurdert å vere dimensjonerande skredtype. Det er utarbeidd eit faresonekart som viser grenselinjene for utløp av skred med ulike gjentaksintervall, tilsvarande tryggleiksklasse S1, S2 og S3. Dersom det skal byggast innanfor desse sonene, må det utførast sikringstiltak. Slike tiltak kan t.d. vere ein stoppvoll ved foten av skråninga, ledevollar i skredløpa eller snøforankringsgjerder i løsneområda. Eventuelle sikringstiltak må detaljprosjekterast og følgast opp av geolog/geoteknikar. Kon-Sul AS 03.05.2016 AE