SKODJE KOMMUNE SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE Til behandling i Kommunestyret 14.12.2010 Sak PS /10 Saksnr.: 06/521-9 Side 1
2 1. MÅLSETJING I Skodje kommune ønskjer alle tilsette å halde fram i arbeid fram til pensjonsalder fordi - seniorar føler at dei er ønska og blir verdsette - deira erfaring og kompetanse blir etterspurt - arbeidsgjevar tek omsyn til aldersbetinga behov, og tilrettelegging blir gjort 2. PLANMESSIG BAKGRUNN OG GRUNNGJEVING FOR PLANEN Nokre overorda mål for Skodje kommune sitt seniorarbeid: - Fornøgde brukarar og tilsette - Ta vare på opparbeidd kompetanse lengst mogleg - Å auke den gjennomsnittlege pensjonsalderen er eitt av måla i IA-avtalen mellom partane i arbeidslivet - Ein bør arbeide målretta for å unngå bruk av AFP: Kvar spart AFP gir eit beløp til å jobbe med tilrettelegging og med førebyggande arbeid, samt trivselstiltak. Dette vil igjen medføre at tilsette vel å stå i jobb lenger, og kommune får dermed behalde kompetansen lengst mogleg. 3. FORMELL BAKGRUNN FOR PLANEN Skodje kommune har vore IA-bedrift (IA = Inkluderande Arbeidsliv) sidan juli 2003. Mål for IA-avtalen er at kommunen skal fastsette eigne mål for IA-arbeidet tilpassa sine eigne utfordringar på grunnlag av dei tre delmåla 1. sjukefravær 2. personar med redusert funksjonsevne 3. avgangsalder Skodje kommune sitt seniorpolitiske arbeid vil være ein sentral del av dette arbeidet. Sjukefråvær, uførepensjon og tidleg pensjonering er med på å svekke tilgangen på arbeidskraft til alle delar av samfunnslivet. Samtidig kjem yngre folk stadig seinare ut i arbeidslivet. Ein har difor ei utfordring i å motivere eldre arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid. Gjennom IA-avtalen har kommunen teke på seg ansvar for eit haldningsskapande arbeid for å betre utviklinga. I dette ligg m.a. at Skodje kommune har teke på seg å gjere ein innsats når det gjeld livsfaseorientert personalpolitikk. Seniorane er ein viktig del av dette. Skodje kommune vil etterkvart kome til å få stadig fleire seniorar i arbeid. Gruppa 60 + representerer mykje erfaring og kunnskap som det er viktig å ta vare på. Det er i tillegg eit faktum at å rekruttere og lære opp nye medarbeidarar er kostnadskrevjande. Tal frå 2004 syner at yrkesdeltakinga går generelt gradvis ned frå 55 år, men fell først markant frå 61 år. I Norsk seniorpolitiske barometer (Synnovate MMI, 2010) kan vi sjå at delen av arbeidsstyrken under 30 år som jobbar i kommunal sektor er på 17%, medan der i aldersgruppa over 60 år er 42% av arbeidsstyrken som jobbar i kommunal sektor. Dette kan
3 tyde på at kommunane er flinke til å halde på eldre arbeidstakarar og/eller at eldre arbeidstakarar søkjer seg til kommunal sektor når dei byrjar å dra på åra. Nokre andre funn i undersøkinga er at: Alder ikkje har nokon sterk innverknad på kor mykje ein arbeider. Eldre arbeidstakarar gler seg i større grad til å gå på jobb enn andre aldersgrupper. Eldre arbeidstakarar føler dei meistrar arbeidsoppgåvene godt. Eldre arbeidstakarar har ein tendens til å avslutte si yrkesperiode seinare dersom dei opplever positive ting i arbeidet sitt. 75% av arbeidstakarane over 60 år kan tenkje seg å fortsette i arbeid etter at dei får rett til pensjon. På spørsmål om kva som skal til for å stå i arbeid eit år ekstra, gjev ikkje undersøkinga noko grunnlag for å trekkje bastante konklusjonar. Men av moment som blir nemnt er: Høgare løn (23%) Helse (12%) Meir interessante arbeidsoppgåver (10%) Redusert stilling (10%) Trivsel (7%) Tilrettelagt arbeidsplass (7%) Meir fleksibel arbeidstid (6%) Lettare arbeidsoppgåver (6%) Ekstra ferie (5%) Dette gjev oss eit signal om at det er behov for eit bredt spekter av tiltak, der ein må ha fokus på fleksibilitet og individuelle tilpassingar. Dette samsvarar òg med dei resultata ein fekk i eiga kartlegging som blei utført blant kommunen sine seniorar (aldersgruppa 55+) i 2009. Målsetjinga har vore å lage ei skisse som viser kva muligheiter arbeidstakarar 60 + har for tilpassa tiltak. Gjennom å nytte mulige tiltak kan kommunen bidra til at fleire arbeidstakarar ønskjer å stå i arbeid til fylte 67 år. Arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen (HTA) inneheld ein del reglar som dannar det formelle grunnlaget for kommunen sin seniorpolitikk: Arbeidsmiljølova kap. 4. Krav til arbeidsmiljø 4-1 : Generelle krav til arbeidsmiljøet. 4-2 : Krav til tilrettelegging, medvirkning og utvikling 4-6 : Særlig om tilrettelegging for arbeidstakere med redusert arbeidsevne
4 HTA Kap. 3.2.3 Seniorpolitiske tiltak Kommunen skal utvikle virkemidler for å motivere arbeidstakere til å stå lenger i arbeid. Slike virkemidler kan være tilpasset arbeidstid, tilrettelegging av arbeidsoppgaver, tjenestefri med lønn, kronetillegg, kontantutbetaling eller lignende. Arbeidsgiver kan avtale virkemiddelbruk med den enkelte arbeidstaker. Arbeidsgiver drøfter med de tillitsvalgte alternative virkemidler og orienterer om inngåtte avtaler. 4. FINANSIERING 4.1 AFP (Avtalefesta pensjon) Tariffpartane i offentleg sektor har vedteke eigne vedtekter for AFP. Ordninga gir dei fleste som har vore i arbeid til fylte 62 år rett til pensjon. Frå 62-64 år dekkjer kommunen utgiftene til eigne AFP-pensjonar. For 65-66 år er det ei utgiftutjamning mellom kommunane. Full AFP utgjer inntil 70 % av lønna. For tilsette med ei årslønn på 375 000 kroner vil full AFP utgjere 262 500 kroner pr. år. Dette er ein ikkje-produktiv kostnad for kommunen. I tillegg kjem sosiale kostnader på ca. 30 %. Ved å stimulere til, og legge til rette for, at tilsette veljer å stå i arbeid til 67 år, vil ein kunne investere store beløp i tilrettelegging og stimuleringstiltak, og likevel oppnå ein vinn-vinn situasjon, både for arbeidstakar og arbeidsgjevar, dersom den enkelte ønskjer å halde fram i arbeid i staden for å ta ut AFP. For den enkelte vil det medføre eit auka pensjonsgrunnlag. Samfunnsøkonomisk synest dette å vere ein smartare måte å bruke AFP-midlar på. Tabellen nedanfor gjev ei oversikt over estimerte ytingar for tilsette i Skodje kommune som kan ta ut AFP i åra som kjem: Fødselsår Alder i 2011 Antall årsverk Sum estimert AFP ved 100 % uttak Sum estimert AFP ved 50 % uttak Sum estimert AFP ved 30 % uttak 1944 67 2,4 819.000 409.500 257.700 1945 66 1,4 477.750 238.875 143.325 1946 65 4,7 1.603.875 801.937 481.162 1947 64 5,6 1.911.000 955.500 573.300 1948 63 6,5 2.218.125 1.109.062 665.437 1949 62 8,3 2.832.375 1.416.187 849.712 1950 61 6,4 2.184.000 1.092.000 655.200 1951 60 7,2 2.457.000 1.228.500 737.100 1952 59 12,9 4.402.125 2.201.062 1.320.637 1953 58 8,3 2.832.375 1.416.187 849.712
5 Tabellen syner kostnader til AFP ved tre ulike uttaksnivå. Og syner årleg kostnad for kvar årsklasse. Den einskilde tilsette er innanfor ordninga frå fylte 62 år til fylte 67 år. Dei 3 første åra (62-64) dekker Skodje kommune kostnaden til eigne AFP-pensjonistar. Dei siste to åra (65-66) er det ei utjamningsordning mellom kommunane slik at kostnadsbilde kan bli noko annleis avhengig av om dei andre kommunane har stort eller lite uttak av AFP. Det avgjerande for Skodje kommune reint økonomisk er å motivere dei tilsette til å stå i arbeid til fylte 65 år, men i eit samfunnsperspektiv er det viktig å motivere flest mogleg til å stå i arbeid fram til fylte 67 år, òg med tanke på at vi i framtida vil ha mangel på arbeidskraft innan mange sektorar og at seniorane representerer ein verdifull kompetanse. Dei seniorpolitiske tiltaka får difor verknad for den tilsette heilt fram til fylte 67 år. 5. TILTAK TILTAK NÆRARE BESKRIVELSE KVEN TILTAKET GJELD FOR 1 Bevisstgjering av tilsette og leiarar / tiltak i forhold til haldningar til eldre arbeidstakarar Iverksetjing av kompetansehevings-tiltak i forhold til dette. Einingsleiarane er forplikta til å syte for oppegåande HMS-system på alle arbeidsplassar. 2 Informasjon/kurs Informasjon/kurs som førebuing til pensjonisttilværelsen og generell informasjon til arbeidstakarar i gruppa 55+ 3 Medarbeidarsamtalar Tilsette skal få tilbod om ein ekstra medarbeidarsamtale pr. år, med vurdering av behovet for endring av arbeidsoppgåver og individuell tilrettelegging. 4 Kompetansehevingstiltak Einingsleiarane skal kartlegge behovet for kompetansehevingstiltak for seniorane i eiga eining. 5 Tilrettelegging i arbeidssituasjonen Gjennomføringa av slike tiltak kan variere etter kva som er mogleg å få til innafor den enkelte eining evt. på tvers av einingane. Aktuell tilrettelegging kan være endra arbeidsoppgåver, lettare arbeid og tilrettelegging av arbeidstid. 6 Meir fritid To veker fri frå fylte 62 år. Tilsette som vel å nytte seg av AFP vert ikkje omfatta av denne ordninga. Ordninga gjeld også deltidstilsette i forhold til stillingsstorleik og kjem i tillegg til lovfesta og avtalefesta ferie. 7 Meir løn Auka årsløn med inntil kr. 21.000. Tillegget vert gjeve med eit årleg tillegg på kr. 7.000 slik at ein må stå i ordninga i 3 år for å nå øvre grense. Tillegget er pensjonsgjevande. Alle tilsette 55 og 67 år 60 og 67 år 60 og 67 år I utgangspkt. alle tilsette, jfr. IAavtalen 62 og 67 år. 62 og 65 år
6 TILTAK NÆRARE BESKRIVELSE KVEN TILTAKET GJELD FOR 8 Redusert arbeid/stilling med delvis lønnsreduksjon Tilsette som har fylt 62 år kan få høve til å søkje om inntil 20 % redusert arbeidstid med delvis redusert lønn, t.d. 80 % stilling med 90 % lønn. Dette gjeld uansett stillingsstorleik. Tilsette som vel å nytte seg av AFP vert ikkje omfatta av denne ordninga. 62 og 67 år. Merknader: - Dei økonomiske tiltaka gjeld for alle tilsette frå fylte 62 år til fylte 67 år. Einingsleiarane og overorda leiing er ikkje omfatta av dei tiltaka som er heimla i seniorpolitisk plan, men kan ha rettar som følgjer av anna regelverk. Einingsleiarar og andre som rapporterer direkte til rådmannen inngår eigne avtalar om seniortiltak. - Dei økonomiske tiltaka kan ikkje kombinerast (tiltak nr. 6, 7 og 8). - Dei økonomiske tiltaka gjeld bare for tilsette med rett til AFP i samsvar med Hovudtariffavtalen kap.2.2 jmf. Vedlegg 4 (Vedtekter for avtalefestet pensjon) 3. - Dei økonomiske tiltaka skal samordnast med andre målretta seniortiltak i Hovudtariffavtalen eller andre avtalar som regulerer tilsettingsforholdet. Til dømes gjeld dette punkt 5 i SFS 2213 omredusert leseplikt for lærarar over 55 og 60 år. - Tiltak nr. 8 kan ikkje nyttast i kombinasjon med å ta på seg nytt arbeid i eller utanfor Skodje kommune. 6. IVERKSETJING Tiltaka i planen gjeld frå 01.01.2011. Tilsette som går på økonomiske tiltak etter gamal plan (2007) vert ikkje omfatta av endringane i denne planen.