NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Oktober 2014
Tittel: Strategi for utvikling av NOKUT 2015 2020 Dato: Oktober 2014 www.nokut.no
Forord NOKUT har vore i kontinuerleg endring sidan oppstarten i 2003. Etterspurnaden etter kompetansen vår og tenestene våre har auka sterkt i same perioden. Vi trur at tenestene vi tilbyr, og oppgåvene vi løyser, er viktige for det norske samfunnet. Samtidig ser vi eit stort potensial for å effektivisere og vidareutvikle dei kjerneoppgåvene vi har i dag, og for å bruke kompetansen vår på nye område. Dette strategidokumentet trekkjer opp retninga for utviklinga av NOKUT fram mot 2020. Det tek utgangspunkt i at NOKUT har potensial til å ta eit meir heilskapleg ansvar som nasjonalt kompetansesenter. Vi ønskjer i større grad å dokumentere, informere og gi råd på grunnlag av fakta om kvalitetstilstanden i norsk høgare utdanning og fagskuleutdanning og situasjonen når det gjeld godkjenning av kompetanse frå utlandet. Vi har ein ambisjon om å vere ein synlegare samfunnsaktør, samtidig som vi vil halde fram med å styrkje samarbeidet og dialogen med studentane, utdanningsinstitusjonane og samfunns- og arbeidslivet. Strategien er tydeleg forankra i styret og administrasjonen for NOKUT. I tillegg har vi fått mange nyttige innspel gjennom dialog med universitets- og høgskulesektoren, fagskulesektoren og andre samfunnsaktørar. Nokre av innspela har vore med og gjort strategidokumentet tydelegare, andre tek vi med oss i utviklinga av organisasjonen og verksemda. Første delen av strategidokumentet gjer tydeleg kva som er NOKUT sitt samfunnsoppdrag, og set opp tre overordna mål som NOKUT skal styrast etter. Andre delen består av fem utviklingsstrategiar som trekkjer opp hovudretninga for eit meir offensivt NOKUT som skal ta i bruk fleire verkemiddel for å nå måla. Vi skal bidra meir i arbeidet med å sikre at studentane skal få ei relevant utdanning som held høg kvalitet. Samtidig ser vi behov for eit kvalitetsløft, ikkje berre innanfor høgare utdanning, men òg innanfor fagskuleutdanning. Her vil vi styrkje innsatsen vår. Vi skal dessutan gjere meir for at personar med høgare utdanning frå utlandet skal få relevant jobb i Noreg, og at arbeidslivet generelt skal få gode og relevante kandidatar. Med strategien ønskjer NOKUT å bli oppfatta som ein tydeleg og synleg ambassadør for utdanningskvalitet ein sentral premissleverandør med solid kompetanse på norsk og utanlandsk høgare utdanning og norsk fagskuleutdanning eit kompetent, påliteleg og effektivt styringsorgan Vi vil følgje opp strategien gjennom årlege og fleirårige verksemdsplanar, med konkrete prioriteringar og styringsparametrar, som skal hjelpe oss å halde rett kurs. Vi legg til grunn at effektivisering gjennom nye IKT-løysingar vil frigjere ein del ressursar til å løyse nye oppgåver. Borghild Roald styreleiar Terje Mørland direktør i
Innhald 1 NOKUT sitt samfunnsoppdrag... 1 2 Mål og verkemiddel... 1 3 Strategiar for utvikling av NOKUT fram mot 2020... 2 ii
1 NOKUT sitt samfunnsoppdrag NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) er eit fagleg uavhengig styringsorgan med kompetanse innanfor norsk og utanlandsk høgare utdanning og fagskuleutdanning. NOKUT fører tilsyn med, informerer om og bidreg til å utvikle kvaliteten på norske utdanningar og utdanningsinstitusjonar godkjenner og informerer om utanlandsk utdanning og informerer om høvet til å få godkjent utanlandsk kompetanse i Noreg NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til at norsk høgare utdanning og fagskuleutdanning og dessutan godkjend høgare utdanning frå utlandet held tilfredsstillande kvalitet. I gjennomføringa av samfunnsoppdraget legg NOKUT vekt på dialog og samarbeid med studentar, utdanningsinstitusjonar, interessentar i samfunns- og arbeidsliv og andre styringsorgan. At NOKUT er fagleg uavhengig, inneber at vedtak i tilsyns- og godkjenningssaker ikkje kan overprøvast politisk. Den uavhengige rolla krev høg fagleg integritet, og NOKUT skal avdekkje og synleggjere kvalitetstilstanden på ein nøytral måte. Gjennom fakta skal NOKUT bidra til at det blir teke kloke avgjerder, og at utdanningskvalitet er noko både utdanningsinstitusjonane og styresmaktene prioriterer høgt. 2 Mål og verkemiddel Mandatet og oppgåvene til NOKUT er definerte i lov om universiteter og høyskoler og lov om fagskoleutdanning med tilhøyrande forskrifter gitte av Kunnskapsdepartementet. Av mandatet kan ein avleie desse overordna måla og verkemidla for NOKUT sitt arbeid: Mål 1: NOKUT skal bidra til at alle utdanningar ved norske universitet, høgskular og fagskular held tilfredsstillande kvalitet, at flest mogleg utdanningar er framifrå, og at samfunnet er godt informert om tilstanden i sektoren. Dette skal vi gjere gjennom å godkjenne og føre tilsyn med institusjonar og utdanningar ut frå nasjonale og internasjonale standardar å forvalte og utvikle verkemiddel for å stimulere til kvalitetsutvikling å få fram, samanstille og analysere kunnskap om utdanning og kvalitet å informere om utdanning og kvalitet å skape møteplassar for meiningsutveksling og setje viktige tema på dagsordenen å gi råd til styresmaktene og utdanningsinstitusjonane 1
Mål 2: NOKUT skal bidra til at personar med utdanning frå utlandet effektivt kan nytte kompetansen sin i Noreg, og at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarer til i Noreg. Dette skal vi gjere gjennom å godkjenne og vurdere høgare utdanning som enkeltpersonar har frå utlandet å informere om utanlandsk utdanning og systemet for godkjenning i Noreg å vareta nasjonale koordinerings- og kontaktpunktfunksjonar å få fram, samanstille og analysere kunnskap om godkjenning av utanlandsk kompetanse å skape møteplassar for meiningsutveksling og setje viktige tema på dagsordenen å gi råd til styresmaktene, arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane Mål 3: NOKUT skal administrere verksemda, kompetansen og ressursane på ein effektiv måte i samsvar med samfunnsoppdraget og internasjonale standardar på området. For å sikre dette skal vi i drifta og utviklinga av organisasjonen leggje vekt på at arbeidet vårt held høg kvalitet, er nyttig og har effekt å ha god og rett kompetanse tilpassa mål og oppgåver å ha eit godt arbeidsmiljø og ein organisasjonskultur som er prega av kunnskapsdeling, læring og samarbeid mot felles mål å ha effektive arbeidsprosessar og fleksible arbeidsformer å ha gode relasjonar til sektoren og samfunnet og til samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt 3 Strategiar for utvikling av NOKUT fram mot 2020 I perioden fram mot 2020 vil NOKUT styrkje og vidareutvikle verksemda i tråd med dei fem strategiane vi har lista opp nedanfor. Strategi 1: NOKUT skal styrkje arbeidet med å få fram og formidle kunnskap om tilstanden i høgare utdanning, fagskuleutdanning og systemet for godkjenning av utanlandsk kompetanse, mellom anna gjennom å bidra til å utvikle indikatorar for utdanningskvalitet å utvikle evalueringar der utdanning og forsking blir vurderte i same prosessen å samle informasjon om utdanningskvalitet på program- og institusjonsnivå frå nasjonale register, spørjeundersøkingar, tilsyn og evalueringar å samle informasjon og statistikk om godkjenning og autorisasjon av utanlandsk kompetanse å utarbeide analysar og kommunisere resultata aktivt på brukartilpassa nettportalar, i tilstandsrapportar og på ulike arrangement 2
Strategi 2: NOKUT skal stimulere meir aktivt til utvikling og forbetring av høgare utdanning, fagskuleutdanning og systemet for godkjenning av utanlandsk kompetanse, mellom anna gjennom å vere ein synleg ambassadør for kvalitet i utdanninga og skape arenaer for debatt å formidle god praksis og gi råd til utdanningsinstitusjonane å bidra til å vidareutvikle ordninga med senter for framifrå utdanning å bidra til å utvikle nye verkemiddel for å stimulere til kvalitet i utdanninga, både i NOKUTregi og elles å bidra til å utvikle systemet for godkjenning av utdanning og kompetanse frå utlandet å gi fagpolitiske råd til styresmaktene Strategi 3: NOKUT skal utvikle eit meir effektivt og målretta tilsyn med høgare utdanning og fagskuleutdanning, mellom anna gjennom å prioritere tilsyn med eksisterande verksemd ved alle typar institusjonar å bidra til å forenkle prosessen rundt akkreditering og godkjenning av institusjonar og utdanningar å bruke kunnskapsgrunnlaget aktivt i planlegginga og gjennomføringa av eit meir målretta tilsyn med heile institusjonar og enkeltutdanningar å ha større merksemd på kvaliteten og det faglege nivået på utdanningane i internasjonal samanheng og på kor relevant det oppnådde læringsutbyttet er å ha større merksemd på korleis institusjonane legg kvalitet til grunn for utviklinga av studieporteføljen sin Strategi 4: NOKUT skal utvikle tenestene knytte til godkjenning av utanlandsk utdanning og kompetanse slik at dei er betre tilpassa dei behova samfunnet og brukarane har, mellom anna gjennom å tilby meir effektiv godkjenning og lettare tilgjengeleg informasjon gjennom ny teknologi å bruke kunnskapsgrunnlaget og internasjonale trendar aktivt til å vidareutvikle NOKUT sin godkjenningspraksis å utvikle nye og vidareutvikle eksisterande godkjennings-, vurderings- og informasjonstenester retta mot enkeltpersonar, arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og andre godkjenningsinstitusjonar å styrkje dei nasjonale kontaktpunktfunksjonane og koordinerings- og rettleiingsrolla overfor utdanningsinstitusjonar og andre godkjenningsinstansar Strategi 5: NOKUT skal vidareutvikle ein effektiv, kompetent og brukarorientert organisasjon, mellom anna gjennom å ta i bruk digitale verktøy som vil effektivisere og auke kvaliteten på saksbehandlinga og frigjere ressursar til andre oppgåver å vidareutvikle kompetanse, arbeidsprosessar og organisasjonskultur 3
å bidra til meir effektiv arbeidsdeling og samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre styringsorgan innanfor utdanning og forsking å vidareutvikle eksterne relasjonar med særleg vekt på arbeidslivet, hjelpeapparatet (NAV osv.) og utdanningsleiar- og faglærarnivået ved institusjonane å vidareutvikle internasjonalt samarbeid med særleg vekt på konkrete samarbeidsprosjekt med søsterorganisasjonar 4