KVAM HERAD NOTAT Til Anbjørn Høivik, Kvinnherad kommune Knut Magnar Teigen, ansvarleg søkar Dato: 27.06.2013 Synfaring 05.06.2013 Frå Tore Dolvik, kommunegeolog Vår ref: 12/50-102/N-860//TORDOL Kopi til: Bjørn Vik Leiar for byggesak og geodata Kvam herad Hogne Høysæter Teknisk sjef Kvam herad Kvinnherad - reguleringsplan Norsafe, Årsnes - synfaringsnotat Kvinnherad kommune er med i eit interkommunalt samarbeid om ein kommunegeolog. Kommunegeologen kan rådgje kommunen blant anna om skredfare. Reguleringsområde som skal vurderast er på Norsafe, Årsnes, gnr. 70, bnr. 3 med fleire. Reguleringsområde ligg ikkje i aktsemdkartet for snø- og steinskred (fig. 8) eller i aktsemdkartet for steinsprang (sjå fig. 9), men heile reguleringsområde ligg i aktsemdkartet for snøskred (sjå fig. 10). Skredvurdering Skredvurderinga i dette notatet er på aktsemdnivå. Det vil seie at vurderinga er om det kan vere skredfarleg i område, ikkje om det er skredfarleg. Om det kan vere skredfarleg i område så må det til ein utvida skredvurderinga som vurderer den reelle skredfaren og som viser til tryggleiksonene i byggteknisk forskrift (TEK10) 7.3. Figur 1. Kvinnherad kommune. Svart sirkel viser lokalisering av Årsnes. Samandrag Ut frå synfaringa og analyser så vil ikkje skred frå fjellsida kunne nå vurdert reguleringsområde. Ein utvida skredvurdering som viser til byggteknisk forskrift er dermed ikkje nødvendig. Figur 2. Årsnes. Svart sirkel viser lokaliseringa av planområde.
1. INNLEIING Norsafe ligg på Årsnes, gnr. 70 bnr. 3 med fleire. Kartutsnitt under viser lokalisering på kart og på ortofoto (fig. 3 og 4) og forslag til planområde fått frå ansvarleg søkar (fig. 5). Figur 3. Kartoversikt som viser vurdert planområde med lilla farge. Figur 4. Ortofoto som viser same område som figur 3. Vurdert planområde er markert med lilla farge. Figur 5. Planområde for Norsafe, Årsnes gbnr. 70/2 mfl. er markert med svart stipla linje. Side 2 av 17
2. GEOLOGI På NGU sine heimesider kan ein finne tenesta «Geologien i min kommune». Kartutsnitta i figur 2, 6, 8, 9 og 10 er henta frå denne karttenesta. Figur 7 er henta frå kartapplikasjonen lausmassekart for å få med marin grense. 2.1. BERGGRUNN Berggrunnskartet viser at vurdert planområde ligg i eit område med granitt. Figur 6. Utsnitt frå bergrunnskartet er henta frå ngu.no. Svart sirkel viser omtrent vurdert område. Planområde ligg i eit område kartlagt som granitt. Teiknforklaring oppe til høgre. 2.2. LAUSMASSEDEKKE Lausmassekartet viser at vurdert reguleringsområde ligg delvis på tynn morene og delvis på bart fjell. Den blå stipla linja viser modellert marin grense for område som ligg ca. på kote 90 i dette område. Heile planområde er under marin grense. Figur 7. Utsnitt frå lausmassekartet er henta frå ngu.no. Svart sirkel viser omtrent vurdert område. Teiknforklaring oppe til høgre. Side 3 av 17
2.3. AKTSEMDKART FOR SKRED Aktsemdkarta for snøskred, for steinsprang og for snø- og steinskred er alle henta frå ngu.no, «Geologien i min kommune». Aktsemdkarta viser at heile vurdert område ligg utanfor aktsemdkartet for snø- og steinskred (fig. 8) og aktsemdkartet for snøskred (fig. 9). Heile planområde ligg i aktsemdkartet for snøskred (fig. 10). For planlagde tiltak i S1 og S2 så er det anbefalt å bruke aktsemdkartet for snø- og steinskred der dei er tilgjengelege (fig. 8). Figur 8. Utsnitt frå aktsemdkartet for snø- og steinskred er henta frå ngu.no. Svart sirkel viser vurdert område. Planområde ligg ikkje i aktsemdområde. Figur 9. Utsnitt frå aktsemdkartet for steinsprang er henta frå ngu.no. Svart sirkel viser vurdert område. Planområde ligg ikkje i aktsemdområde. Side 4 av 17
Figur 10. Utsnitt frå aktsemdkartet for snøskred er henta frå ngu.no. Svart sirkel viser omtrent vurdert område. Heile planområde ligg i aktsemdkartet for snøskred. Side 5 av 17
3. SKREDHISTORIKK På skrednett er det registrert 2 skredhendingar i område rundt vurdert reguleringsområde. Alle skredhendingane er registrert av Statens vegvesen, begge er registrert som steinskred. Tids- og stadplassering frå Statens vegvesen er som oftast nøyaktige, men skredhendinga kan vere totalt feilplasserte for enkelte hendingar. Det er først rundt år 2000 at Statens vegvesen starta opp med systematisk registrerer av nedfall, utglidingar og skredhendingar på veg, så det kan ha skjedd skredhendingar i dette område som ikkje er registrert. Figur 11. Inne på skrednett.no er det registrert to skredhendingar. Svart sirkel viser omtrent vurdert område og lilla sirklar viser område kor det er registrert skredhendingar langs vegen (Statens vegvesen). Grå firkant nord for planområde (Fv. 551): *registrert av Statens vegvesen som steinskred, uspesifisert, på Lyngstrand. Skredet skal ha gått den 14. jan. 2006 og gjorde skade på veg. Grå firkant sør for planområde (Fv. 48): *registrert av Statens vegvesen som steinskred, uspesifisert, i Geitebu. Skredet skal ha gått den 14. sept. 2005 og gjorde skade på vegen. *Kommentar: Er truleg eit flaumskred. Skredhendinga er synleg på ortofoto (2006). Ut frå ortofoto kan det sjå ut som om skredet har losna ca. 300 meter opp i lia. Side 6 av 17
4. SYNFARING 5. JUNI 2013 Kommunegeolog Tore Dolvik og ansvarleg søkar Knut Magnar Teigen var på synfaring på område onsdag 5. juni 2013. Me gjekk opp på ein lokal haug, kalla «Heia» på fig. 3. Haugen er ca. 80 meter høg og er ein naturleg voll mot skred som kjem ned frå fjellsida. På det høgaste er haugen ca. 10 meter høgare enn dalbotnen mellom haugen og fjellsida. Lenger nord er vert høgdeforskjellen mellom haugen og fjellsida nærmast borte før ein ny dal vert tydeleg (sjå fig. 3). Det er nokon blokkar på haugen som truleg er moreneblokk, men steinsprangblokk er ikkje utelukka ut frå synfaringa. Figur 12. Oversiktbilde av Norsafe og fjellsida bak sett frå ferga. Det er ikkje så lett å sjå haugen som ligg mellom fjellsida og Norsafe (strømmast står omtrent midt på haugen. Figur 13. Oversiktsbilde av sett frå sør. Her er det haugen som ligg mellom fjellsida og Norsafe meir tydeleg. Side 7 av 17
Figur 14. Fjellsida sett frå innkjøringa til Norsafe. Figur 15. Fjellsida sett frå traktorveg nesten på toppen av haugen (opp til venstre i bilde). Side 8 av 17
Figur 16. Høgaste punkt på haugen, ca. 80 m.o.h Det er ein tydeleg høgdeforskjell mellom toppen av haugen og dalen mellom haugen og fjellsida. Figur 17. Lenger mot nord vert høgdeforskjellen mellom fjellsida og haugen mindre markant. Bilde er tatt omtrent frå høgaste punkt og mot nord. Side 9 av 17
Figur 18. Utsikt ned mot Norsafe og ferjekaien sett frå område kor høgdeforskjellen mellom fjellsida og haugen er minst. Moglege skred vil gå mot innkjøring til Norsafe eller lenger mot nord. Figur 19. Bilde er tatt ikkje langt frå der skogsvegen som går opp på haugen «Heia» startar opp frå Fv 551. Steinblokkane er truleg moreneblokkar, men eg kan ikkje utelukke at dei er skredblokkar. Område ligg i traséen ned frå haugen der høgdeforskjellen mellom fjellsida og haugen er minst (sjå fig. 18). Side 10 av 17
5. REKKEVIDDEANALYSE Ved hjelp av WinMap og Geomedia GRID er det laga eit hellingskart og dreneringskart for heile Kvinnherad kommune som bygger på ein 10x10m-terrengmodell lasta ned frå Norge Digitalt. I område rundt vurdert areal er det laga eit studieområde kor oppløysinga er 1x1 meter. Terrengmodellen frå Norge digitalt er så reprojektert ned til denne oppløysinga og brukt for å lage eit meir nøyaktig hellingskart (fig. 20) og dreneringskart (fig. 21) i område rundt vurdert areal. 5.1 HELLINGSKART Hellingskartet viser grafisk kor bratt det er ut i frå ein underliggande terrengmodell. Ut frå når skred kan losne er hellingskartet delt inn i fem soner som vist i teiknforklaringa til figur 20. Vurdert areal er markert med lilla omkrets. Figur 20. Hellingskart laga på grunnlag av nedlasta terrengmodell frå Norge Digitalt (10x10m). Teiknforklaring til høgre. Side 11 av 17
5.2. DRENERINGSKART Dreneringskartet viser grafisk, ut i frå underliggande terrengmodell, kor vatnet teoretisk vil renne. Usikkerheita ligg sjølvsagt i kor riktig terrengmodellen er. Dreneringskartet kan vere ein godt hjelpemiddel for å finne moglege skredbaner. Kor våtare eit skred er jo større grad vil det følgje bekkeløp og andre søkk i terrenget. Det er ein del usikkerheit sidan bekkeløpa kan gå tett eller ha for liten kapasitet, slik at vatnet/skredet må ta ein anna veg. Men så lenge bekkeløpet er stort nok så vil flaum- og sørpeskred følgje bekkeløpet. Det er viktig å få med seg at eit skred kan gå rett fram i fartsretninga i staden for å følgje svingen som bekken naturlegvis tar. Figur 21. Dreneringskart laga på grunnlag av nedlasta terrengmodell frå Norge Digitalt (10x10m). Steinsprang vil hoppe og kan ha ein kaotisk bane, men dei fleste små og våte skred vil som oftast følgje dreneringsvegane, men kan oppføre seg annleis. Skred kan gå rett fram det bekken tar ein brå sving og skred har med seg lausmasse som kan sprerre den naturlege dreneringsvegen slik at skredet og vatnet må ta ein anna veg. Side 12 av 17
5.3. REKKEVIDDEMODELLER Teoretisk rekkevidde for skred kan bereknast ut i frå hellingskarta og alfa-beta-metoden langs eit lengdeprofil. Metoden er utvikla av forskarar ved NGI på bakgrunn av empiri (Steinsprang - Domaas (1994), snøskred - Lied og Bakkehøi (1980)). Modellane er utvikla ved å bruke terrengprofilar frå 20 m-kotar på fleire hundre skredhendingar. Rekkeviddemodellar reknar med ein β-vinkel, som er vinkelen mellom øvste del av kjeldeområde og punktet på terrengprofilet som har helling 23 (steinsprang) og 10 (snøskred). Utifrå β -vinkelen vert vinkelen mellom startområde og maks utløp, (α-vinkel), berekna. Steinsprang: α = 0,77β + 3,9 (NGI) SD = 2,3 α = 0,8β + 3 (NGU) SD = 2,3 Snøskred: α = 0,96β + 1,4 (NGI) SD = 2,3 Figur 22. Empirisk rekkeviddemodell (alpha-beta), som kan brukast for å berekne rekkevidda til steinspang og snøskred (Domaas (1994); Lied og Bakkehøi (1980)). Berekning av rekkevidde av skred er brukt i vurderinga som støtte. Side 13 av 17
5.4. REKKEVIDDEMODELLER - RESULTAT Ut frå hellingskartet (fig. 20) og dreneringskartet (fig. 21) er det laga 5 profillinjer kor det er gjort rekkeviddeanalyse på (sjå fig. 23a-d). Resultatet viser at teoretisk vil dei fleste skred stoppe opp vei haugen «Heia». I nord kan snøskred moglegvis gå forbi haugen og ned til kote 40, eit stykke oppom fylkesvegen. Figur 23. Rekkeviddeanalyse. Figur a) viser hellingskart, dreneringskart og profillinjer; b) viser profillinjer; c) viser mogleg rekkevidde av steinsprang og d) viser mogleg rekkevidde av snøskred. Som figuren viser så vil ikkje snøskred eller steinsprang kunne nå vurdert reguleringsplanområde. Side 14 av 17
6. SKREDVURDERING Ut frå synfaringa og rekkeviddeanalysen så er det ikkje fare for at snøskred eller steinsprang kan nå område som skal regulerast. Haugen «Heia» vil stoppe eller leie dei fleste skred vekk frå vurdert reguleringsplanområde. 6.1 STEINSPRANG Rekkeviddeanalysen viser at steinsprang vil ikkje gå forbi haugen «Heia» som står mellom reguleringsområde og fjellsida. Lokal steinsprangfare frå utsprengte skjeringar nede på reguleringsområde er ikkje vurdert i dette notatet. 6.2. STEIN- OG FJELLSKRED Det er ikkje vurdert om det kan vere fare for steinskred eller større skred, men haugen «Heia» vil avgrense eit større skred og det er lite sannsynleg at vil nå fram til reguleringsområde. 6.3. SNØSKRED Det er fare for snøskred langs fjellsida, men rekkeviddeanalysen viser at snøskreda vil stoppe på haugen «Heia». I nordlege deler kan i verste fall snøskred gå forbi haugen, men vil stoppe opp omtrent ved kote 40 i god avstand til reguleringsområde. 6.4. SØRPESKRED Det er klart fare for sørpeskred frå fjellsida, men dei vil bli ledet anten nord eller sør for haugen «Heia» og vil ikkje vere noko fare for reguleringsområde. 6.5. FLAUMSKRED Om det er fare for flaumskred i fjellsida så vil dei bli leda vekk frå reguleringsområde pga. terrenget og haugen «Heia». 6.6. JORDSKRED Jordskred i fjellsida vil bli leda vekk frå reguleringsområde. I område frå haugen «Heia» og ned til reguleringsområde er det ut frå kotegrunnlaget ikkje bratt nok til jordskred. Lokal jordskredfare frå skjeringar og fyllingar innanfor reguleringsområde er ikkje vurdert. Side 15 av 17
6.7. KVIKKLEIRESKRED Ut frå NGU sine kart så ligg marin grense i område omtrent på kote 90 på Årsnes. Heile reguleringsområde er dermed under marin grense. Det er ikkje noko som tyder på at det er avsett marin leire i eller rundt reguleringsområde (sjå kap. 2.2 Lausmassedekke). 6.8. SAMANDRAG Ut frå skredvurderinga på aktsemdnivå så er det ingen skredfare som truer reguleringsområde. Skreda vil anten stoppe eller bli leda vekk at haugen «Heia» som er mellom reguleringsområde og fjellsida. Side 16 av 17
7. KONKLUSJON Ut frå synfaringa og rekkeviddeanalyser så vil ikkje eventuelle skred frå fjellsida nå vurdert reguleringsplanområde. Lokal skredfare innanfor reguleringsområde er ikkje vurdert (lokale skrentar og fyllingar). Flaum og overvatn er heller ikkje vurdert. Aktsemdkartet for snøskred er ikkje reell for vurdert reguleringsplanområde. Ein utvida skredvurdering som viser til byggteknisk forskrift er ikkje nødvendig. Tore Dolvik Kommunegeolog for Kvinnherad Kvam herad Referanse Domaas, U. (1994). Geometriske metoder for å beregne rekkevidden til steinsprang. Geometrical methods of calculating Rockfall Range. EU-prosjekt: "Meteorological factors influencing slope stability and movement type". Norges Geotekniske Institutt. Lied, K. og Bakkehøi. S. (1980): Empirical calculations of snow-avalanche run-out distance based on topographic parameters. J. of Glaciology Vol 26 No 94. NVE (2011): Flaum og skredfare I arealplanar. NVE Retningslinjer 2-2011. Norges vassdrag- og energidirektorat. URL: http://www.nve.no/documents/retningslinjer2-11-endelig1.pdf Side 17 av 17