SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 252 U3 Arkivsaksnr.: 12/2959 Fjordglas AS og Fjordglas Eigedom AS. Søknad om finansiering. Rådmannen si tilråding: Fjordglas AS får eit tilskot stort kr 700.000 til utvikling av verksemda. Tilskotet vert finansiert ved forbruk av næringsfondet. Fjordglas Eigedom AS får eit lån stort kr 3.000.000 til investering i bygg og maskiner i samband med utviklingsprosjektet ved verksemda. Lånet er rente- og avdragsfritt i to år og skal deretter betalast ned over 13 år. Lånet er eit pantelån.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg:søknad frå Fjordglas AS med vedlegg. Samandrag: Fjordglas AS (FG) har sidan dei tok over fabrikken i Luster i 1994, utvikla verksemda til å bli ein stabil arbeidsplass med gode resultat. Bedrifta har vorte ein solid leverandør av tradisjonsprodukt til mellommarknaden; små og mellomstore aktørar og private kundar. Dei siste åra har FG merka at konkurransen i marknaden er blitt mykje hardare, m.a. grunna auka import av vindauge og dørar, meir makt til kjedeaktørar og strengare krav til produkta. FG står såleis framfor store utfordringar, som dei møter med å satse på eit stort utviklingsprosjekt ved verksemda. Verksemda søkjer om lån og utviklingstilskot til dette løftet. Rådmannen tilrår kommunal medverknad. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Fakta: Fjordglas AS (FG) har sidan dei tok over fabrikken i Steinabakkane i Luster i 1994, utvikla verksemda til å bli ein stabil arbeidsplass med gode resultat. Bedrifta har vorte ein solid leverandør av tradisjonsprodukt til mellommarknaden; små og mellomstore aktørar og private kundar. Forretningsideen til FG er slik: «Fjordglas AS skal vere ei bedrift innan utvikling, marknadsføring, produksjon og levering av vindauge, balkongdørar og portar. Fjordglas AS skal vere totalleverandør av vindauge, dører og beslekta produkt og vil derfor supplere med handelsvarer som innerdører, ytterdører, takvindauge og garasjeportar. Fjordglas skal dekkje behovet for vindauge og dører for entreprenørar, byggevareforretningar, byggefirma og private, til bustadhus, hytter, prosjekt og rehabilitering.» Dei siste åra har FG merka at konkurransen i marknaden er blitt mykje hardare, m.a. grunna auka import av vindauge og dørar, meir makt til kjedeaktørar og strengare krav til produkta. FG står såleis framfor store utfordringar, i søknaden om finansiering seier såleis FG: «Skal me overleve som vindusprodusent i framtida er det heilt nødvendig å ta desse grepa mens me enno har tillit og goodwill hos våre kundar» Fakta om selskapet Det er pr dato 17 tilsette i selskapet. Fjordglas As er driftsselskapet og er 100 % eigd av morselskapet Fjordglas Eigedom AS. Morselskapet er eigd av Veda AS 50 % (Robert Veum 60 %, John Børre Veum 20%, Øystein Veum 20 %) og Veum Invest AS 40 % (Elisabeth Eidem Veum 40%, Alexander Veum 30%, Richard Veum 30 %) og nokre av dei tilsette har 10 % til saman. Fjordglas AS har hatt aukande omsetning frå dei vart skipa, men hadde ein nedgang (12 %) i omsetninga frå 2008 til 2009, noko som i hovedsak skuldast generell nedgang i marknadssituasjonen i byggebransjen. Bedrifta har likevel greidd å auke omsetninga etterpå. Auke i omsetninga frå 2010 til 2011 er på ca 7%. FG forventar i åra framover at marknadssituasjonen vert tøffare. FG vurderer det slik at det vert vanskeleg å halde omsetninga oppe dersom dei ikkje tek nødvendige grep for å konkurrere i fleire segment enn dei er representerte i i dag.
Økonomi: Regnskap: Omsetning Resultat Egenkapital 2011 32 233 000 5 200 000 6 004 000 2010 30 581 000 4 599 000 3 009 000 2009 29 748 000 102 000 2 294 000 2008 34 184 000 3 735 000 3 963 000 Marknaden Utviklinga i marknaden har dei siste åra ført til at FG ikkje er i stand til å konkurrere med den breidda som forretningsideen tilseier. FG har satsa på teknologisk utvikling og ein kostnadseffektiv produksjon med CNC maskiner til produksjon/service. Men dei siste åra har konkurranse frå utlandet tvinga treindustrien til å redusere bemanning og auke investering i verktøy og maskiner ytterlegare. Samstundes har marknadsstrukturen endra seg med auka kjedetilknyting og oppkjøp, slik at det vert vanskelegare som uavhengig bedrift å få innpass i marknaden. Kjedene krev større produktbreidde, og FG greier ikkje å oppnå såkalla sentrale avtaler fordi dei ikkje er totalleverandør, dvs. har den produktbreidda som vert etterspurt. Utviklingsprosjekt Med bakgrunn i situasjonen omskriven ovafor har Fjordglas no avgjort at dei vil satse på eit betydeleg utviklingsprosjekt: «1. Utvikle og etablere ny produksjonsline som gjer oss i stand til å møte auka kvalitetskrav (m.a energieffektive vindauge) og fleksibilitet i produktbreidde 2. Produktutvikling 3. Kompetanseheving blant tilsette som følgje av pkt. 1 4. Etablere eit betre sals- og marknadsføringsapparat o Marknadsbearbeiding som totalleverandør o Styrke sal- og nettverksbygging o Merkevarebygging Samtidig skal bedrifta og tilsette (fleire produkt og større volum) greie overgangen med framleis fokus på det som har vore styrken vår desse åra: 5. Kvalitet i alle ledd 6. Rask ordrehandsaming 7. Leveringspresisjon innan frist på eksisterande ordrer, tilleggsprodukt og meirordrer 8. Sterk effektivitets- og kostnadskontroll 9. Effektiv logistikk «Det viktigaste i den nye satsinga er satsinga på automatisert produksjon og produktutvikling: «Vedrørande utviding av produktbreidde og produktutvikling ønskjer me å investere i robotisert høgteknologisk maskinline. Denne maskinlina vil gje oss mulegheiter for å produsere trevindauge med aluminiumsbeslag, innadslåande produkt og energieffektive vindauge. I ein og same produksjonsserie vil me kunne produsera mange forskjellige typar vindauge med ulik funksjon og isolasjonsverdi; frå enkle til meir avanserte produkt. Maskinlina sin funksjon og kapasitet: Maskinlina har me hatt på teiknebrett sidan me hadde det nye beisanlegget i full drift i hausten 2007. Me har vore innom fleire produsentar av trebearbeidingsmaskiner for få nokon av desse reint teknisk til finne dei rette løysingane som stettar våre krav. Vår samarbeidspartnar er det italienske firmaet Working Process. Maskina krev relativt stort areal,
ca 380 m2, og med ønskjeleg layout vil plasseringa føre til ein del omplasseringa av anna produksjonsutstyr. I korte trekk ønskjer me at maskinlina i ein og same gjennomkøyring skal utføre følgjande operasjonar; optimalisert kapping av laminerte emner etter programmering 4-kant profilering registrering kva delane skal nyttast til fylling av magasin, kapasitet på 600 deler med lenger opp til 450 cm bearbeiding i maskineringssenter med automatisk verktøyskift mobilt verktøymagasin transport og gjennomføring i impregneringsanlegg lagring og registrering, påføring av etikettar pussing etter eventuell fiberreisning lagring i tilpassa vogner for transport til samanslåing i presser system for reingjering av verktøy Herfrå og ut til ferdigstilling vil produkta følgje om lag eksisterande prosess: 1) overflatebehandling, 2) montering, 3) glasing og 4) pakking. Ved bruk av maskineringssenter og automatisk verktøyskift vil ein i maskina utføre høvling, tapping, fresing, boring, impregnering mm. Alle delane er ferdig til samanslåing i presser utan å gå vegen om 4-5 separate maskineringsstasjonar. Maskinlina gir oss høve til meir spesifikk ordreproduksjon, og vi vil kunne gå frå store seriar som i dag til dags- eller enkeltordrehandtering. Sagt på anna måte kan ein starte produksjonen etter vår prioritering få timar etter sendt ordrebekrefting. Dette kan overfor gode og faste kundar bli eit stort konkurransefortrinn, der pris har mindre betyding. Fleksibiliteten i vertøyval fjernar heilt tida til omstilling og me kan lage vindauge med ulik u- verdi ved enkel programmering. Maskinlina vil bli tilpassa nettbasert ordresystem/produksjonsstyring som vil vere tilgjengeleg frå kontor og andre stader via nett, slik at me kan ha både rekneskap og kontroll frå kontoret. Ordresystemet er kjernen og sikkerheita av drifta i selskapet, og ved at me har eit ope system som kan brukast frå alle stader har me mulegheit for å følgje opp og ha kontroll i forhold til budsjett, kvalitet og sikkerheit. Dei nye produkta, utvikling av eksisterande produkt som stettar krav til TEK 10, vil gjere bedrifta til ein totalleverandør, noko som vil bety at me kan oppnå sentrale avtaler med byggvarekjeder og husprodusentar. Desse vil gje oss introduksjon i nisjer me ikkje er tilstade på i dag, samtidig som produktbreidde og volum vil gjere oss i stand til også å konkurrere på prosjektmarknaden. Slik kan me ta opp kampen med volumfabrikkane sidan ny teknologi er eit viktig element i konkurranse med den fordelen stort volum har hatt tidlegare.» Kostnadsplan: Prosjektadministrasjon kr 180.000 Investeringskostnader: Kjøp av ny maskinline, verkty,, FOU-innkjøp kr 12.370.000 Ny bygningsmasse sponavsug/ventilasjonsanlegg kr 3.300.000 Software utvikling: Tilpassing produksjonsline og verktøy, maskinovervaking, montering, reisekostnader, opplæring og implementering av ny maskinline hos alle tilsette kr 2.014.000
Prøveproduksjon og prototypar Testing Sintef, sertifisering Norsk dør- og vinduskontroll, materialkostnader, personalressursar internt kr 390.000 Organisasjonsutvikling / kvalitetssikring: Kursing produksjonsflyt,utvikling av målesystem/strekkodesystem, kursing ordrehandsaming kr 720.000 Gjennomføring av strategistudie kr 375.000 Tiltak marknadsplan kr 410.000 Totale investeringskostnader i maskiner, utstyr og bygg er kr 15.670.000. Totale utviklingskostnader er kr 4.089.000. Finansieringsplanen slik han føreligg basert på rådmannen si tilråding: Eigenkapital/eige arbeid 5.660.000 Innovasjon Norge tilskot utvikling 390.000 Innovasjon Norge lån 5.000.000 Luster kommune tilskot til utvikling 700.000 Luster kommune lån 3.000.000 Bank 5.000.000 Totalt 19.750.000 Innovasjon Norge og Luster Sparebank har gjort vedtak om medfinansiering som synt ovafor. Vurdering: Det er eit stort løft Fjordglas skal gjennomføre. Verksemda er no ved eit vegskilje, der det må investerast tungt i ny teknologi for å vere konkurransedyktige i framtida. Ved å gjennomføre dette betydelege utviklingsløftet, er planane at ein skal kunne auke produksjonen med over 20% utan å tilsetje fleire personar. Over tid er planen å få ei så god marknadsutvikling av tal tilsette også kan auke. Kvaliteten på produkta vil auke som ein konsekvens av satsinga. Det vil også bli større fleksibilitet i produksjonen, slik at produktbreidden vil kunne auke betydeleg. Etter at utviklingsprosjektet er gjennomført vil Fjordgals framstå som eit av dei mest moderne og effektive produksjonsanlegg innafor denne sektoren i landet. Luster kommune ytte i 2007 eit lån stort kr 3 mill til Fjordglas i samband med modernisering av bygningsmassen og nytt automatisert anlegg for overflatebehandling. Det vart og gjeve eit tilskot på kr 300.000 til utvikling. Då hadde Fjordglas eit lån til Luster kommune som var på 2.2 mill. Pr dato har Fjordglas betalt ned låna sine i næringsfondet til ein saldo på til saman kr 2.7 mill kr. Rådmannen vil ut frå dette tilrå eit lån stort kr 3.0 mill kr og eit utviklingstilskot stort kr 700.000. Dato: 05.11.12 Jarle Skartun Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast:
m/kopi til: