Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2

Like dokumenter
2. Stabilitet. Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda Nesset Skredfarevurdering

Geologisk vurdering. Skredfare. Strand. Volda kommune. Side1 av 23. November 2013

Skredfarevurdering for Hanekam hyttefelt, Vik kommune

Skredfarevurdering Dyrdal Aurland kommune

Vurdering av lausmassestabilitet og snøskredfare ved Fosslid (gbnr. 137/200 m.fl.), Valestrandsfossen, Osterøy kommune

Skredfare i byggesak

Skredfarevurdering for alternative vegtrasear og fergeleier, Varaldsøy

Kulturhistoriske registreringar

Arealplanlegging og skredfare. Skredseminar Øystese Toralf Otnes, NVE region vest

SKREDFAREVURDERING FOR REGULERINGSPLAN GNR./BNR. 132/2, LUSSAND, GRANVIN HERAD.

Plan- og bygningsloven 28-1 stiller krav om tilstrekkelig sikkerhet mot fare for nybygg og tilbygg:

Kartlegging av skredfare

Kommunegeolog. Infomøte. Interkommunalt samarbeid. Kva kan kommunane spare? fredag 9. mars 2012, Thon Hotel Sandven, Norheimsund

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

NOTAT KVAM HERAD. Kvinnherad - reguleringsplan Norsafe, Årsnes - synfaringsnotat

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

Storetveitv. 98, 5072 Bergen Telefon: Faks: ROS II GEOTEKNISKE UNDERSØKELSER. Øvre Riplegården 4, 6, 8, 10, 12, 14, 16

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Erfaringar med naturfare og overordna planlegging

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Skredfare i arealplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Statens vegvesen. Notat. Svein Mæle Lene Eldevik. E39 Vistvik - Sandvikvåg - vurdering av skredfare. 1 Innledning

Storetveitv. 98, 5072 Bergen Telefon: Faks: ROS II GEOTEKNISKE UNDERSØKELSER. Øvre Riplegården 4, 6, 8, 10, 12, 14, 16

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Teknisk notat. Innhold. Befaringsnotat 31. august 2010

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

KULTURHISTORISK REGISTRERING

SKREDFAREVURDERING FOR REGULERINGSPLAN PÅ RENE, VOSS KOMMUNE

Flaumfarevurdering Rene - Gnr/Bnr 188/2 - Voss kommune INNHALD. 1 Samandrag s 1. 2 Innleiing s 2. 3 Regelverk s Vurdert område s 46

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Skredfare i byggesak

Skredfarevurdering for Nedrehagen i Sogndal

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

FRESVIK, VIK I SOGN PRIVAT REGULERINGSPLAN

Klepp kommune Tu skule

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Figur 1-1: Kart over området i Sula kommune. Planområdet er merket i rød firkant (Kartverket).

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

NOTAT KVAM HERAD. Ingo Bewer, Saksbehandlar, Kvinnheradkommune. Til. Dato: Frå ToreDolvik, kommunegeolog Vår ref: 14/ /N-016//TORDOL

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Rapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Storåna, Sandnes kommune

Geologisk undersøking i Naustbakkane og Oldenleirane i Olden, Stryn kommune

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Steinsprangområde over Holmen i Kåfjorddalen

Interkommunalt samarbeid. Kommunegeolog. Kvam, Fusa, Ullensvang, Masfjorden, Modalen, Ulvik, Jondal, Eidfjord, Kvinnherad

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vurdering av allianse og alternativ

ROS-analyse i kommuneplan

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Bustadområde i sentrum. Vurdering

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Reguleringsplan for Storøynå hytteområde, Kvaløy

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

REGULERINGSENDRING FOR DYRDAL

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SKREDFAREVURDERING FOR UTSKILLING AV TOMT FRÅ GNR/BNR 79/2, LÅNEFJORDEN, BALESTRAND KOMMUNE

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Skredfarevurdering for massetak ved Ytre Skårhaug i Eid kommune

NOTAT. 1 Innledning. 2 Grunnlag og befaring SAMMENDRAG

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

E-post: I foreliggende Notat har Sweco AS utført en Fase II vurdering ved Løvstakken barnehage og en del av bebyggelse ved Øvre Kråkenes.

Granvin herad Sakspapir

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Internt notat KU Felles akuttsykehus for Nordmøre og Romsdal Ingeniørgeologisk vurdering av skredfare og gjennomførbarhet

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Svein Grønlund. Vurdering av rassikring for boligfelt på Grønlund, Balestrand kommune. Utgave: 1 Dato:

Storetveitv. 98, 5072 Bergen Telefon: Faks: ROS II GEOTEKNISKE UNDERSØKELSER. Bjørgegrend 86, 88 og 90

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

DETALJREGULERINGSPLAN FOR PLASSEN 1. GENERELT 2. REGULERINGSFORMÅL

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /28

Transkript:

NOTAT nr 1 Gjelder: Volda Prosj.nr. : 2011117-1 Revisjon : Dato : 16.11.2011 Utført av: Kontrollert av: Godkjent av: Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland INNHALD Side 1. BAKGRUNN OG SYNFARING... 1 2. TILHØVE OG STABILITET... 2 3. TILTAK... 2 4. FØLGJER FOR REGULERINGSPLAN... 3 5. FIGURAR OG BILETE... 3 6. REFERANSAR... 10 1. Bakgrunn og synfaring Synfaringa vart gjennomført 04.11.2011 av geolog Torkjell Ljone med formål å kartlegga skredfaren ved Gamlevegen 48, då det er planar om å riva eksisterande bygg, og bygga rekkehus. Figur 1 viser oversiktskart med planområdet avmerkt. For denne type bustadar er det tryggleiksklasse 3 med største nominelle sannsyn for skred på 1:5000 som gjeld (Byggteknisk forskrift, 2010; Statens byggtekniske etat, 2010). Aktsemdkarta til skrednett.no syner at planområdet har potensiell fare for snøskred. Sjølv om aktsemdkarta ikkje viser noko potensiell fare for steinsprang, vart det òg undersøkt for dette, då desse karta dårleg fangar opp isolerte skrentar under 20 meter (skrednett.no). Det nye bygget vil plasserast med omtrentleg same avstand til skråninga, som det eksisterande bygget har (Bilete 1). Bilete 2, Bilete 3 og Bilete 4 viser oversikt over den studerte skråninga. Geovest-Haugland AS - Grandfjæra 24, 6415 Molde Telefon 71 20 59 20 - Telefaks 71 20 59 30 www.geovest.no - post@geovest.no Bank 4202.21.82298 - NO 942 735 456 MVA Rådgivende ingeniører Bygge- og anleggsteknikk Geoteknikk og ingeniørgeologi Samferdselsteknikk og arealplanlegging

Trond Klepp og Magne Aksnes frå Hake AS var med i starten av synfaringa. Trond Klepp har vakse opp i nærleiken og har aldri høyrt om noko skred i dette området. I nokre tilfelle har det trilla ned nokre stein i samband med gravearbeid lenger oppe. 2. Tilhøve og stabilitet Området som er undersøkt er ei skråning som går omtrent frå eksisterande husvegg og opp mot Lønnevegen (nordaust). Hellinga til skråninga varierer, med fleire parti på rundt 40 i tillegg til å ha bergblottingar som er brattare. Skråninga er dekt av eit tynt morenelag og har tett lauvskog av hovudsakleg bjørk og hassel. Det ligg stein og blokker i store delar av skråninga og dei nedste ligg om lag 5 meter frå husveggen. Me kan ikkje sjå vekk i frå at materiale som har nådd lengre har vorte fjerna i samband med husbygging. Dei fleste stein og blokkene er resultat steinsprang som stammar frå kjeldeområde i nærleiken. Mot toppen mot Lønnevegen, vert skråninga slakkare og det vert mindre kjeldeområde for steinsprang. Eventuelle blokker som losnar her vil difor truleg ikkje nå det planlagde byggefeltet. Skredmaterialet i skråninga er dekt av kraftig mosevekst og vegetasjon noko som kan tyda på at dei har lege i ro lenge (Bilete 5). Det er ikkje observert ferske steinsprang og heller ingen ferske brotflater i dei potensielle kjeldeområda. Mesteparten av skredmaterialet stammar truleg frå tidleg etter nedsmeltinga av siste istid for om lag 10 000 år sida, då skredaktiviteten var høg. Bergarten er ein glimmergneis, som er ein skifrig bergart som lett spaltar opp langs foliasjonsplana. Retninga til foliasjonsplanet til bergarten varierer noko, men er fleire stader parallell med retninga til skråninga (Bilete 6). Dette fører til at eventuelle blokker som losnar vil skli ut og nedover skråninga i staden for å rulla/hoppa, og vil dermed raskt mista energi til underlaget (Bilete 7). Andre stadar gjer retninga til foliasjonsplanet at blokker som har losna kviler på kvarandre i staden for å skli ut (Bilete 8). Jord- og snøskred Det er ikkje observert teikn til tidlegare snø- eller jordskred. Nokre av trea i skråninga viser at det er noko jordsig, ved at dei har krumma stamma nedst (Bilete 9). Då det ikkje er tenkt å bygga inn i skråninga, vil dette ikkje ha noko å sei. Ved gjeldande skogtilhøve er jord- og snøskredfaren tolka til å vera innanfor krava i byggteknisk forskrift 7-3, som er største nominelle sannsyn på 1/5000 for fleirmannsbustadar(byggteknisk forskrift, 2010; Statens byggtekniske etat, 2010). Steinsprang Kjeldeområda er relativt låge, noko som avgrensar fritt fall for eventuelle steinsprang. Dette gjer at stein og blokker som losnar vil få lite energi, og vil truleg skli nedover skråninga. Sjølv om det ikkje er observert ferske steinsprang, er det nokre av bergblottingane som har ustabile parti som vil kunne losna og nå det planlagde rekkehuset. Årleg nominelt sannsyn for skred er difor tolka til å vera høgare enn 1:5000. Rekkehuset kan difor ikkje setjast opp utan sikringstiltak. 3. Tiltak Sidan nominelt sannsyn for steinsprang er tolka til å vera høgare enn 1:5000, trengs det sikringstiltak. På grunn av låge kjeldeområde og foliasjonen til bergarten, vil eventuelle blokker som losnar komme skliande nedover skråninga. Skråningsgradienten vert òg mindre nedover mot husveggen noko som promoterer for skliing i staden for rulling/spretting. Beste tiltak til å stoppa eventuelle steinsprang vil vera å grava ned ei fanggrøft i første partiet av skråninga (nærast hus). Dersom det er tynt jordlag kan det i tillegg byggast opp voll på nedsida av grøfta. Dato 16.11.2011 Side 2 av 10

Etter at sikringstiltak er utført må det på ny kontrollerast av geolog for å vurdera om arbeidet oppfyller krava i byggteknisk forskrift. 4. Følgjer for reguleringsplan Den eksisterande skogen er ein føresetnad for skredfarevurderinga som er gjennomført. Den reduserer faren for jord- og snøskred i tillegg til å hjelpa til med å stoppa steinsprang. Flatehogst av skog vil i tillegg kunna føra til nye problemstillingar ved at det kan auka faren for jordskred. På bakgrunn av dette vert det foreslått at planområdet vert utvida til å gjelda lenger opp i skråninga, som vist på Figur 2. Dette området må då definerast som omsynssone og reguleringsføresegnene må innehalda forbod mot flatehogst av skogen. 5. Figurar og bilete Figur 1: Oversiktskart over Gamlevegen 48 med planområdet merkt i gult Dato 16.11.2011 Side 3 av 10

Figur 2: Forslag til utvida planområde. Kart henta frå www.gislink.no Dato 16.11.2011 Side 4 av 10

Bilete 1: Eksisterande bygg, Gamlevegen 48. Bilete 2: Oversikt over nordvestlege del av skråning Dato 16.11.2011 Side 5 av 10

Bilete 3: Oversikt over midtre del av skråning Bilete 4: Oversikt over søraustlege del av skråning Dato 16.11.2011 Side 6 av 10

Bilete 5: Blokker frå tidlegare steinsprang Bilete 6: Kjeldeområde 10 meter frå husvegg. Foliasjonsplanet er omtrent parallelt med skråninga. Blokker sklir ut og mistar raskt energi Dato 16.11.2011 Side 7 av 10

Bilete 7: Blokk som har losna like over og stoppa raskt på grunn av energitap mot underlag Bilete 8: Lause blokker som kviler på kvarandre på grunn av retninga til foliasjonplanet Dato 16.11.2011 Side 8 av 10

Bilete 9: Skogen i skråninga. Nokre av trea viser teikn på jordsig Dato 16.11.2011 Side 9 av 10

6. Referansar Byggteknisk forskrift, 2010. Forskrift om krav til byggverk og produkter til byggverk. Fastsatt ved kgl. Res. 26. mars 2010 nr 489 med hjemmel i lov 27. juni 2008 nr 71. Tilgjengeleg frå: http://www.lovdata.no/ltavd1/filer/sf-20100326-0489.html#7-3 Lest: 14.11.2011 Statens byggtekniske etat, 2010. Veiledning om tekniske krav til byggverk. Tilgjengeleg frå: http://byggeregler.be.no/dxp/content/tekniskekrav/kap-07/3/ Lest 14.11.2011 www.skrednett.no Dato 16.11.2011 Side 10 av 10