Kontrollutvalet i Leikanger kommune Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune Sakshandsamar Møtedato Saknr Bente Hauge 20.05.2015 8/2015 KONTROLLUTVALSSEKRETARIATET SI INNSTILLING: Kontrollutvalet vedtek fråsegn til årsrekneskapen for 2014 for Leikanger kommune slik den ligg føre. Fråsegna vert sendt til kommunestyret, med kopi til formannskapet. VEDLEGG: Nr. Dok. Dato Avsendar Tittel 1 20.05.15 Kontrollutvalet Fråsegn frå kontrollutvalet om rekneskap, årsmelding og revisjonsmelding (utkast) 2 Leikanger kommune Årsmelding 3 Leikanger kommune Årsregneskap 4 23.04.15 SF Revisjon Revisjonsmelding Vedlegg 2, 3 og 4 vart og sendt frå kommunen sin administrasjon til medlemmane i kontrollutvalet per post den 11.05.15. BAKGRUNN I samsvar med kommunelova og forskrift om kontrollutval kap. 4, 7 skal kontrollutvalet gje ei fråsegn til kommunerekneskapen. Fråsegna skal sendast til kommunestyret, med kopi til formannsskapet. Fråsegna skal vere formannskapet i hende tidsnok til at formannskapet kan ta omsyn til den før formannsskapet gjer innstilling til kommunerekneskapet. Leikanger kommune har lagt opp til at årsrekneskapen skal handsamast i formannskapet den 11. juni og i kommunestyret den 18. juni. AKTUELLE LOVER, FORSKRIFTER, AVTALER MV. Kommunelova Forskrift om kontrollutval Forskrift om revisjon 1
SAKSUTGREIING Sekretariatet mottok årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding måndag 11. mai. Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen for Leikanger kommune i 2014 er basert på årsrekneskapen for 2014, årsmelding 2014 frå rådmann og revisor si revisjonsmelding. I fråsegna er det teke omsyn til følgjande punkt: Netto driftsresultat Netto driftsresultat viser kva kommunen sit igjen med av løpande inntekter etter at alle løpande utgifter er trekt i frå. I tillegg til inntekter og utgifter vedkomande den ordinære drifta, det vil seie til administrasjon og tenestetilbod, inngår også finansinntekter og finansutgifter (renteutgifter, avdrag på lån m.v.) i resultatomgrepet. I tillegg er netto driftsresultat korrigert for avskrivingar slik at desse ikkje gjev resultateffekt. Netto driftsresultat vert og brukt som samanlikningsgrunnlag mellom kommunar. Netto driftsresultat kan nyttast til finansiering av investeringar eller avsettast til seinare bruk og gir dermed ein indikasjon på kommunen sin økonomiske handlefridom. For Leikanger kommune var netto driftsresultat for 2014 negativt med kr 5,6 mill. medan talet for 2013 var positivt med kr 2,4 mill. Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2014 var kr 0,4 mill., mot eit mindreforbruk på kr. 3,4 mill. i 2013. KS og Kommunal- og regionaldepartementet har sett opp eit mål på 3 % for nøkkeltalet netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene. Skal kommunen ha økonomisk handlingsrom og kunne avsetje til investeringar, tiltak som kjem utanom planane og ivareta "formuesbevaringsprinsippet" i kommunelova, bør netto driftsresultat opp på 3 % av driftsinntektene over tid. I Leikanger kommune var netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene negativt med -3 % i 2014. Dei siste åra har netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene utvikla seg slik: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014-19,7 % 12,4 % 9,7 % -3 % 6,6 % 1,3 % -3% Nøkkeltalet har hatt ein vesentleg nedgang i 2014 og ligg under det nivå som er anbefalt av KS og KRD. Netto driftsresultat er sterkt påverka av marknadssvingingane knytt til verdipapir. I 2014 er det bokført gevinst knytt til verdiendringar med kr 3,5 mill. Til samanlikning vart det inntektsført gevinst med kr 8,5 mill i 2013 og kr 8 mill i 2012, mao ein vesentleg nedgang i 2014 samanlikna med dei to år føregåande åra. 2
Ser ein utviklinga tilbake i tid måtte kommunen for åra 2008 og 2011 bokføre tap på verdipapir, medan 2009, 2010, 2012, 2013 og 2014 har gjeve gevinstar: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014-17 mill. +16 mill. + 11 mill. -5 mill. +8 mill. +8,5 mill. +3,5 mill. Utan gevinst/tap på verdipapir ville kommunen sitt netto driftsresultat og nøkkeltalet netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene sett slik ut: 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014-9,3 mill. 2 mill. 4 mill. 0,2 mill. 3,3 mill. -6,1 mill. -9,1 mill. -7 % 1,4 % 2,6 % 0 % 1,9 % - 3,5 % -5% Kommunen sitt resultat har hatt ei negativ utvikling siste 2 åra, og syner underskot når gevinst/tap på verdipapir vert trekt ut. Vidare viser trenden tilbake i tid at kommunen ikkje klarer å nå det nivået for nøkkeltal som er anbefalt av KS og KRD når gevinst/tap på verdipapir vert trekt ut. Det er verdt å merke seg at i 2014 kom ein del av resultateffekten gjennom føring av eit positivt premieavvik på pensjon (netto inntekt ca kr 4,0 mill.). I 2013 var dette beløpet vesentleg legre, ca kr 0,3 mill. I 2014 er mva-kompensasjon i sin heilskap ført i investeringsrekneskapen, noko som påverkar resultatet negativt samanlikna med tidlegare år. Rådmann peikar i årsmeldinga side 4 på at kommunen har etablert eit høgare driftsnivå enn det årlege driftsinntekter gjev rom for. For å unngå at fond vert brukt opp til inndekning i planperioden er det sett i gang prosessar i 2015 for å vurdere innsparingstiltak for perioden 2016-2018. Rekneskapen sett mot revidert budsjett Drifta på tenesteområda viser samla sett eit rekneskapsmessig meirforbruk på kr 0,2 mill. I 2013 var det eit meirforbruk på kr 0,4 mill. Einingane med størst meirforbruk i 2014 er byggforvaltning, pleie og omsorg, vegar samt miljø, areal og næring. Undervisning og fellestenester skil seg ut med positive avvik. I høve til opphaveleg budsjett er det eit meirforbruk/negativt avvik på omlag kr 3,1 mill. Det største rammeområdet oppvekst og omsorg fekk budsjettregulering i 2014 på samla kr 4,1 mill, av dette kr 3,9 mill til pleie og omsorg. For andre inntekter (som går til fordeling drift, jfr rekneskapsskjema 1A side 50) er det eit mindreforbruk (les auka inntekter i høve budsjettet) med ca kr 0,6 mill. Dei viktigaste forklaringsfaktorane er finanspostane, slik som i 2013. Gevinst frå verdipapir vart kr 0,5 mill. høgre enn revidert budsjett samt høgre renteinntekter og lågare rentekostnader enn budsjettert med samla kr 1,3 mill. Frie inntekter har eit negativt avvik mot revidert budsjett på samla kr 1 mill., herav utgjer skatt på inntekt og formue kr 1,6 mill i legre inntekt medan andre generelle statstilskot og skatt på eigedom har høgare inntekt enn budsjett på hhv kr 0,4 mill og kr 0,2 mill. 3
Samla sett har meirforbruket på tenesteeiningane (kr 0,2 mill.) og auka andre inntekter i høve budsjett (kr 0,6 mill.) gjeve eit rekneskapsmessig mindreforbruk mot regulert budsjett på kr 0,4 mill. for 2014. Betring av arbeidskapitalen Arbeidskapitalen gir uttrykk for likviditeten i kommunen, dvs kommunen si evne til å betale gjeld ved forfall. Arbeidskapitalen omfattar bankinnskot, verdipapir og fordringar etter frådrag for kortsiktig gjeld. Arbeidskapitalen har betra seg med kr. 0,3 mill. i 2014. Den var positiv med kr 98,9 mill per 31.12.14 mot kr 98,6 mill i 2013. Betringa i arbeidskapitalen kjem av ein større auke i omløpsmidlar enn i kortsiktig gjeld. Det er spesielt omløpsaksjane, premieavviket og anna kortsiktig gjeld som har hatt ein auke i 2014. Det har vore ein auke i ubrukte lånemidlar, som er bokført som bankbehaldning. Ubrukte lånemidlar er auka med kr. 7,4 mill. frå kr 10,2 mill i 2013 til kr 17,6 mill i 2014. Dette har påverka arbeidskapitalen positivt. Samstundes kan årets underskot i drift forklare nedgang i likvidar, bokført bankbehaldning er redusert med kr 5,5 mill. samanlikna med 31.12.13. Premieavviket har derimot påverka arbeidskapitalen positivt med kr 4 mill. Premieavviket skuldast at departementet har gitt reglar om fordeling av pensjonskostnader over tid, som medfører at kommunane har høve til å balanseføre betalte pensjonskostnader, i staden for å kostnadsføre desse. Premieavviket representerer difor ikkje reell arbeidskapital. Balanseført akkumulert premieavvik er per 31.12.14 på 13,9 mill. kr og representerer ikkje reelle omløpsmidlar. Den reelle arbeidskapitalen (eks balanseført premieavvik) har hatt ei forverring på ca kr. 3,7 mill. Langsiktig gjeld (låneutvikling og pensjonsforpliktingar) Låneutvikling Langsiktig lånegjeld har gått opp med om lag kr 22,2 mill. kr. Sett i høve til driftsinntektene har lånegjelda også auka. Langsiktig lånegjeld utgjer i 2014 98 % av driftsinntektene mot 89% i 2013. Dette er over både landsnittet på 83 % og gjennomsnittet i Sogn og Fjordane på 91,6 % (samanlikningstala er henta frå førebelse KOSTRA-tal for 2014). Rådmann har i årsmeldinga side 10 gjort ei samanlikning av netto lånegjeld per innbyggar i Leikanger mot KOSTRA gruppa kommunen tilhøyrer samt mot fylkessnittet og landssnittet. Netto lånegjeld per innbyggar i Leikanger ligg omlag på snittet i fylket medan den ligg over KOSTRA gruppa med om lag kr 9.600 per innbyggar. Samanlikna med landssnittet (eks Oslo) ligg den og høgare, omlag kr 17.200 per innbyggar.. Pensjonsforpliktingar Pensjonsforpliktingane til kommunen held fram å auke, og utgjer no kr. 239,8 mill., mot kr 226,1 mill. i 2013. Samla langsiktig gjeld som inkluderer pensjonsforpliktingane utgjorde per 4
31.12.14 229 % av driftsinntektene, mot 217% i 2013 og 200% i 2012. Auken i 2014 skuldast både auken i pensjonsforpliktingane i tillegg til at andelen langsiktig lånegjeld har auka. Til samanlikning var gjennomsnittet for kommunane i fylket på 216,0 % for 2014 og 201,8 % for landsgjennomsnittet (førebelse Kostratal). Kommunen har eit forholdstal som ligg høgre enn både fylket og landet. Nærare om pensjonsforpliktingane: I balansen står både pensjonsmidlar og pensjonsforpliktingar. Netto pensjonsforplikting kan uttrykkast som pensjonsmidlar fråtrekt pensjonsforpliktingar. Dette forholdstalet har utvikla seg i negativ lei dei siste åra, men denne utviklinga har stoppa opp i 2014. Per 31.12.2010 var netto pensjonsforplikting i rekneskapen på 16,8 mill. kr. Per 31.12.2011 var netto pensjonsforplikting i rekneskapen på 42,8 mill. kr. Per 31.12.2012 var netto pensjonsforplikting på 46,3 mill.kr. Per 31.12.2013 var netto pensjonsforplikting på 53,4 mill. kr. Per 31.12.2014 var netto pensjonsforplikting på 50,4 mill. kr. Ein nedgang på kr 3 mill. siste året. Budsjettoverskridingar Rekneskapen (skjema 1B) syner at tenesteeiningane samla sett kom ut med eit meirforbruk på kr 0,2 mill. Einingane som har hatt størst meirforbruk i 2014 er: Tenesteeining Meirforbruk Forklaring: Bygg forvaltning 0,8 mill. kr Ifølge årsmeldinga kjem overforbruket frå drift av mange av dei kommunale bygga. Størst overforbruk har det vore for adm.lokale, idrettshallen, sjukeheimen/helsesenteret og Nybø barnehage/fylkesmannsgarden. Dei største avvika er knytt til straum, inventar/utstyr, vedlikehald, reinhaldstenester og husleigeinntekter. Det vert vist til årsmeldinga side 41 for meir detaljar. Pleie og omsorg 0,65 mill. kr Innafor dette tenesteområdet er det størst avvik knytt til tiltak for funksjonshemma (kr 0,3 mill) som skuldast overskriding på lønn som følgje av langvarig sjukmelding. Vidare er det avvik på kr 0,3 mill knytt til særtiltak samla, dette kjem av fordeling av kostnader mellom pleie og omsorg og skulen knytt til eit brukartiltak. Iflg årsmeldinga vart det ikkje fordelt/budsjettert tilstrekkeleg med midlar til pleie og omsorg for dette tiltaket. Vidare peikar rådmann i årsmeldinga på at sjukeheimen, som er den største eininga innafor pleie og omsorg, kom ut med ei innsparing (mindreforbruk) på kr 0,2 mill. Det har vore stort fokus på drifta ved sjukeheimen i 2014. Vegar 0,4 mill. kr Det er i årsmeldinga side 45 lista opp ulike forhold som forklarar meirforbruket, utan at desse er talfesta nærare; brøyting, nytt brøyteskjær, sikring av Valebrekkvegen, 5
Miljø, areal og næring sluttarbeid etter nedfall av ein berghammar og førebyggande arbeid med slamsuging av alle stikkrenner og grøftesluk. 0,4 mill. kr Skuldast iflg årsmeldinga mindre gebyrinntekter som følgje av legre aktivitet enn budsjettert. Einingane med størst innsparing i høve regulert budsjett er undervisning (kr 0,6 mill.) og fellestenester (kr. 0,55 mill.). Når det gjeld innsparing innafor undervisning er dette hovudsakleg knytt til barneskulen med kr 0,2 mill. (innsparing lønn og driftspostar) samt til skulefritidsordninga med kr 0,2 mill (innsparing på lønn men overforbruk på driftspostar). Når det gjeld innsparinga innan fellestenester kr. 0,5 mill. kjem ikkje dette klart fram i årsmeldinga men det kan synast som det er knytt til føring av pensjon. Viser elles til årsmeldinga side 18-46 for meir detaljar rundt avvika for tenesteeiningane. Revisjonsmeldinga Revisor har per 23. april 2015 avlagt revisjonsmeldinga. Revisor har ikkje merknader til årsrekneskapen for 2014 for Leikanger kommune. Konklusjon: Med bakgrunn i denne saksutgreiinga, årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding er det utarbeidd eit utkast til fråsegn til Leikanger kommune sin årsrekneskap for 2014. 6