M/S GRANVIN. Rapport etter utbetring av dekk, våren 2003. Gunnar Furre. Hardanger Fartøyvernsenter Mai 2003 Rapport nr. 3/03



Like dokumenter
D/S Stord 1 Månadsrapport - januar 2010

Galeas Svanhild. Boring av hol for propellgjennomføringar. Mikkel Rust

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

D/S Stord 1 Månadsrapport oktober - desember 2010

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Dekklegging D/S Børøysund

Forslag frå fylkesrådmannen

M/S Midthordland. Istandsetting av akterdekk. Morten Hesthammer

M/S NYBAKK SI HISTORIE

M/S Gamle Salten. Rapport etter dekklegging. Karsten Mæhl. HFS rapport nr Hardanger Fartøyvernsenter

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

D/S Børøysund. Innreiing av lugarar og salong i forskipet m.m. Alf Storaas

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Kulturhistoriske registreringar

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Notat om historie og kulturlandskap

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

«Ny Giv» med gjetarhund

Bilfergen Månedsrapport - november 2007

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Samansette tekster og Sjanger og stil

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Brødsbrytelsen - Nattverden

mmm...med SMAK på timeplanen

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SØKNAD OM RUTELØYVE FOR SIGHTSEEINGBUSS I BERGEN SENTRUM

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Sandeid skule SFO Årsplan

Kommunegeolog. Infomøte. Interkommunalt samarbeid. Kva kan kommunane spare? fredag 9. mars 2012, Thon Hotel Sandven, Norheimsund

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Frå dikt til teikneserie

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Lønnsundersøkinga for 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Transkript:

M/S GRANVIN Rapport etter utbetring av dekk, våren 2003 Gunnar Furre Hardanger Fartøyvernsenter Mai 2003 Rapport nr. 3/03

Tittel: M/S Granvin Undertittel: Utbetring av dekk vår 2003 Forfattar(ar): Gunnar Furre Utgjevar: Hardanger Fartøyvernsenter Utgjevingsår: 2003 Teikning/skisser: Gunnar Furre Foto: HFS 2

Innhald: Innhald:... 3 1.0 Samandrag... 3 2.0 M/S Granvin... 4 3.0 Oppstart av arbeidet... 4 4.0 Båtdekket... 5 5.0 Hovuddekk... 8 5.1Utbetra felt forut... 8 5.2 Utbetra felt akterut... 9 6.0 Vedlikehald... 10 7.0 Oppsummering... 11 8.0 Leverandørar... 11 9.0 Vedlegg... 12 1.0 Samandrag I November 2002 blei det avtalt at Granvin skulle liggja i opplag ved Hardanger Fartøyvernsentet gjennom vinteren. Verftet skulle i løpet av opplagstida skifta ut dårlege felt på båtdekk og hovuddekk. Då arbeidet kom i gang i januar synte det seg vanskeleg å ta berre einskildfelt ettersom tilstanden gjennomgåande var ganske dårleg, særleg på båtdekket var det store skader i både treverk og bjelkar/strekkplater. I denne situasjonen blei Riksantikvaren kontakta og førespurt om eit tilskot som gjorde det mogeleg å få gjort meir enn reine krisetiltak. Svaret var positivt og det blei løyvt kr. 800.000,- til div. arbeid på båten. Etter at det gamle båtdekket var rive blei bjelkar og strekkplater pikka reine for rust og påsveiste nytt stål der det var naudsynt. Det nye dekket som etterkvar kom på plass, blei ikkje lagt heilt fram, men fletta inn i det gamle dekket som ligg som dørk i styrehuset. På hovuddekket var arbeidet avgrensa til to felt som var særleg dårlege. Det eine feltet var å finna forut mellom nedgangane til salong og lugar. Her blei alle plankane mellom og framfor nedgangane skifta ut, likeeins dekket heilt ut til rennesteinen på babord side. Det andre feltet var å finna heilt akterut rundt styremaskina, i dette siste området blei berre det berre skifta ut mindre plankebitar. Arbeidet blei avslutta i månadsskiftet mars/april 2003. Morten Hesthammer har vore vår prosjektleiar under arbeidet, med seg har han hatt: Pål Synnes, Per Tore Meling, Sune Rosendahl, Pernille Voss, Kasper Krogh Hansen, Mikkel Rust og Olgar Neteland. 3

Samarbeidet med Veteranskipslaget har vore det aller beste, dette skuldast ikkje minst leiar Harald Kvinge si aktive oppfølging av prosjektet. Elles må Riksantikvaren berømmast for rask sakshandsaming i denne saka. Dersom det ikkje hadde blitt løyvt ekstra midlar i den situasjonen som oppstod, ville det nok ikkje blitt utført meir enn reine krisetiltak på Granvin i denne omgangen. Fjordabåtseminar som skulle gjennomførast som ein del av samarbeidspakka mellom Veteranskipslaget og HFS, fann stad helga 22-23.02.03. På bakgrunn av den store interessa for seminaret og dei mange positive tilbakemeldingane, er det blitt føreslått å gjera dette til ei årviss tilskiping. 2.0 M/S Granvin Type: Motorskip Lengde: 89,9 Tonnasje: 115 bruttotonn Maskin: Wichmann, 300 hk Byggjeår: 1931 Konstruksjonsmåte: klinka stål Granvin blei levert frå Mjellem og Karlsen i Bergen sommaren 1931 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Den første tida gjekk Granvin i turistruta mellom Norheimsund og Ulvik, sidan blei båten sett inn i andre ruter i Hardanger. I 1968 blei båten selt til partsrederiet Olav Linga som m.a. skifta motor og utvida lasterommet. Partslaget dreiv lokalruta mellom Granvin og Utne inntil denne blei nedlagt i 1987. I 1988 kjøpte Veteranskipslaget Fjordabåten Granvin. Selskapet har som mål å formidla fartøyet si historie gjennom aktiv drift. Granvin er registrert som verneverdig skip hjå Riksantikvaren og Sjøfartsdirektoratet. Eigar har inngått verneavtale med Riksantikvaren og er m.a. plikta å halde skipet så nær opp til original stand som råd er. 3.0 Oppstart av arbeidet Granvin kom til HFS i slutten av november 2002. Medlemmar i laget bygde vintertelt over båten før jul, medan me starta arbeidet med demontering av utstyr og utrusting på nyåret. Flåtar og anna redningsutstyr blei no fjerna frå båtdekket medan nedgangskappa til lugaren 4

blei fjerna frå hovuddekket forut. I røykjesalongen akterut blei taklistene skrudde ned med tanke på demontering av heile himlinga. Ut frå at det synte seg uråd å få platene ned uskadde, kom vi til at det var best la dei stå. Då det sidan blei bestemt at heile båtdekket skulle rivast var me i utgangspunktet innstilte på å riva himlinga frå oversida i staden. Dette slo me frå oss då himlinga blei avdekka og det synte seg at den originale oppbygginga var intakt (Sjå skisse 4). Himlinga i røykjesalongen blei såleis ståande gjennom heile arbeidsperioden med dei følgjer dette fekk for det vidare arbeidet. Delar av røyrrekke og nedgangskappe på båtdekk blei riven etter kvart som det blei klart kva plankar som måtte skiftast ut. 4.0 Båtdekket Då det blei klart at heile båtdekket skulle skiftast ut blei plassering av dekksutstyr dokumentert, dessutan dimensjonar og fasong på dekk. Plankane blei så rivne i heile lengder fram mot styrehuset. Etter at alle plankane som skulle skiftast var fjerna, starta arbeidet med å gå over bjelkar og strekkplater. Avrusta bjelke Då rusta var fjerna synte det seg at nokre av bjelkane var heilt avtærte, særleg var skadane store i området rundt røykesalongen. Også ein del av strekkplatene måtte forsterkast med påsveisingar. Etter utført rustpikking og sveising blei metallet påført rusthemmande primer. Påsveist bjelke På båtdekket til Granvin var dei gamle dekksplankane tynna over strekkplatene, medan plankane elles låg rett nedpå bjelkane. Under arbeidet med tillaging av ny plank blei det ikkje teke omsyn til dette og plankedimensjonen blei målt ute ved rennesteinen der det var utspara 5

for strekkplatene. Dimensjonen her ute var 2,5 x 110mm, eit mål som blei liggjande til grunn for til tilhøvlinga av alle dei nye plankane. Som følgje av dette blei dei nye plankane høvla ein ¼ for tynne, noko som stilte oss ovafor eit problem. Me valte ei løysing der me bygde opp bjelkane dei naudsynte millimeterane ved hjelp av fliser slik at underkanten blei liggjande i same plan som overkant av strekkplatene. Reint teknisk og arbeidsmessig er løysing me valde fullgod, og heller ikkje er uvanleg på fartøy som dette. Antikvarisk sett er det derimot ikkje særleg tilfredsstillande å måtte ty til avvik av dette slaget. Skrålask, merk flisa oppå bjelken Båtdekket på Granvin blei lagt på vanleg måte, noko som inneber at ein arbeider seg frå hakaplankane og inn mot senter. I området bak bruvengene blei det nye dekket fletta inn i det gamle slik biletet frå babord side syner. Nytt og gammalt dekk fletta saman 6

På grunn av nedgangen til hovuddekket og ein del roteskader i området rundt nedgangen, lot det seg ikkje gjera å få ei tilsvarande støytfordeling på styrbord side. Plankane blei festa til bjelkar og strekkplater på same måte som tidlegare ved hjelp av 12 mm dekksboltar med firkantmutrar på undersida. Under boltehovuda blei det lagt ein bit med drev, dessutan blei hovudet sett inn med linoljemaling. I det store og heile kunne me bruka dei gamle boltehola på ny. Dette blei sjølvsagt litt problematisk i området over røykesalongen der himlinga hindra gjorde det vanskeleg å koma til på undersida. For å letta teitinga på dei vanskelege stadane blei her brukt 8-kant mutter. Der det var uråd å koma til blei bolten sveist fast på bjelken og mutteren teita til frå oversida. Ute på strekkplatene der plankane var avsmalnande kunne det vera vanskeleg å treffa dei gamle hola, slik at her måtte det borast ein del nye hol. Casingen rundt røykjesalongen var festa opp i båtdekket ved hjelp av franske treskruar. Her sette me inn nye skruar, men på grunn av kablar, røyr og diverse så var det ikkje alle stader dette lot seg gjera utan eit større demonteringsarbeid. Skal ein på eit seinare tidspunkt ned med dei aktuelle kablane og røyra kan det vera greitt å få på plass dei resterande skruane. Med dei nye plankane på plass og godt festa, blei alle hola proppa, deretter starta drivinga. Dekket blei drive på vanleg måte med to trådar hampedrev og deretter beka med Marinebek. Etter at overflødig bek var skrapa vekk blei dekket sett inn med to strok av blandinga tjøre /rå linolje i forholdet 1 : 4. Smøring av nytt dekk Granvin hadde i utgangspunktet eit smalt styrehus med opne bruvenger der båtdekket gjekk heilt fram til styrehusfronten. Når båtdekket no skulle skiftast ut, kunne det vore naturleg å tatt styrehusdørken i same omgangen. No var det ikkje tid til å gå så grundig til verks i denne omgangen, men det er viktig å leggja dette arbeidet inn i framtidige planar. Nytt dekk her vil sikkert ikkje tvinga seg fram dei aller første åra, men truleg bli påkrevd i løpet av ein tiårsperiode. Det er særleg randplanken framme som byrjar å bli dårleg og likeeins endane som støyter inn mot denne. Når dørken står for tur vil det vera naturleg å også utbetra styrehustaket og det reisverket i styrehuset som er svekka ( sjå notat av 11.10.00). 7

5.0 Hovuddekk 5.1Utbetra felt forut I området rundt nedgangskappene hadde det vore lekkasjeproblem over tid. Som ei mellombels løysing på problemet var det lagt ei aluminiumsplate mellom kappene og likeeins ei plate mellom lugarnedgangen og rennesteinen på babord side. Etter at platene var fjerna blei dekket undersøkt nærare og det aktuelle rivingsområdet definert. Mindre justeringar av området blei det etterkvart som det synte seg at også bitar av dei tilstøytande plankane måtte skiftast. Før rivinga starta blei dei perforerte huntonit-platene som utgjorde himlinga i lugaren fjerna. Deretter blei også sjølve nedgangskappa fjerna. Denne var festa med skruboltar gjennom bjelkane og dessutan til ein langsgåande kravell. I tillegg var det ein avstivar frå takbuen og ned på kravellen som måtte brennast av før kappa kunne fjernast. Hovuddekk forut, etter riving Etter at dei aktuelle dekksplankane var rivne starta arbeidet med å fjerna rust frå bjelkar, strekkplater og rennestein. Nokre av strekkplatene var så pass tæra at det måtte sveisast på nytt stål. Då stålet var reingjort og sett inn med primer starta legginga av plankane. Her på hovuddekket var dei 3 tjukke og varierande mellom 110 og 120 mm i breidda. Der det ikkje var råd å koma til med mutrar, blei boltane sveiste fast til bjelkane. Påsveiste boltar 8

Det synte seg at dekket hadde særleg store skader i området rundt nedgangskappa framme. Denne kappa var skrudd fast oppå dekket ved hjelp av boltar gjennom ein flens som låg meir eller mindre rett ned på dekksplankane. Noko av problemet her var det at vatnet hadde følgt natane og samla seg under flensen der det vart gode forhold for rotesoppen. For å hindra at dette skal skje igjen blei det først lagt filt godt innsausa med tjære mellom treverk og stål. Som eit ekstra tiltak blei det sett skjørnaglar i alle natane i for- og akterkant av kappa. Poenget med skjørnaglane er at dei skal stoppa vatnet som følgjer natane og leia dette til sida der filten dannar ein vasstett pakning mellom planken og flensen. Døme på bruk av skjørnaglar Når det gjeld hovudekket forut er einskildfelt skifta før og store delar av dekksflata er i rimeleg bra stand. Med godt tilsyn og vedlikehald kan dekket haldast tett over tid, utskifting av einskildplankar og mindre felt må her påreknast som ein del av vedlikehaldet. 5.2 Utbetra felt akterut Hovuddekket i akterkant av røykesalongen har store roteskader og heile flata burde eigentleg vore skifta ut. Dårleg lufting i hekken må sikkert ta mykje av skulda for at tilstanden er som den er. I denne omgangen skulle berre det mest naudsynte takast, me avgrensa oss difor til eit felt rundt styremaskina forutan ein bit av hakeplanken på babord side med tilstøytande plankeendar. Utskiftinga blei gjort på enklaste vis utan vanlege omsyn til støytfordeling. Dei ny bitane blei laska saman med den gamle planken ved hjelp av flatlask. Dette er ein form for skøyt som vert nytta når det skal lagast lask på ein planke som ligg fast, som t.d. her der berre bitar av planken skulle skiftast. Elles er det skrålask det vanlege når det vert lagt nytt dekk. Flatlask Skrålask Ettersom det var tilkomst ned i hekken gjennom mannholet i dekket var det stort sett råd å få skrudd plankane fast på vanleg måte med dekksboltar gjennom bjelkar og strekkplater. 9

Utgraving av gammal plank For å betra ventilasjonen i hekken blei det montert ei ny luftelyre i tillegg til lyra som allereie står for lufting av hekken. Luftelyrene står på kvar si side av bordet i framkant av styremaskina, plasseringa er ikkje ideell då dei helst burde stått lengre frå kvarandre. Skifta felt akterut 6.0 Vedlikehald Dekka bør med jamne mellomrom smørjast med ei blanding av tjøre og rå linolje. Etter kvart kan det verta naudsynt med etterfylling av bek i natane. Det kan då vera ein fordel å rabbata først, det vil seia at ein pakkar det gamle drevet ved hjelp av eit rabattjern. Elles er det viktig å følgja med på om dekket er tett. Oppstår det lekkasjar må det området som er lekk drivast og bekast på ny. Mest utsett for lekkasjar er det der treverk ligg mot 10

metall og dessutan i laskane. På varme dagar bør dekket natast med sjøvatn slik Bjarne Winther skildrar i boka Hvordan vedligeholder jeg mitt skib Natning af trædæk: Et trædæk, der er tilbøjeligt til at slaa sig læk i Varmen, bør ikkje spules om Morgenen, men om Aftenen, eller hvis det er meget ubelejligt, i det minste aftørres med en Svaber efter endt spuling om Morgenen og om mulig overhældes med Vand efter Solens Nedgang. Naar vandet på et trædæk fordamper hurtig af stærk Solbestraaling, vil Plankerne trække sig sammen og Dækket efterhaanden blive læk. Det er især tilfeldet med ældre Trædæk, hvis Planker er blevet litt porøse, eller ved omtrent nye Trædæk, hvortil det er brugt for friske planker. Elles finst det fleire råd og vink i heftet Vedlikehald av tredekk på stålfartøy (Hardanger Fartøyvernsenter 2003). 7.0 Oppsummering Så pass dårleg som båtdekket på Granvin synte seg å vera, var det positivt at det blei satsa på ei omfattande utbetring. Gjennom dette arbeidet og tidlegare synfaringar byrjar me å få bra oversikt over kva tilstand Granvin er i. Me er såleis gjerne med i diskusjonen om ein langsiktig istandsetjingsplan for båten. Til grunn for dette arbeidet bør det liggja eit samanfatta historisk materiale som kan gje svar på kva endringar båten har gjennomgått på ulike tidspunkt. I tråd med tidlegare avtalar har me teke på oss eit visst ansvar i samband med innsamling og systematisering av eit slikt materiale. I denne omgangen vil me takka for oppdraget og ønskja Granvin ein god sesong. Frå overleveringa 11

8.0 Leverandørar Dekksmaterial: Tinnoset Sag, 3691 Gransherad. Tlf. 35 01 93 50 Werner Abrahamson Trävaruaffär, Menån, Sverige Tlf. 00 46 30 43 94 00 Dekksboltar: Drev: Linolje: Tjære og kronbek: Stål: Carl Engholms Eftf. A/S Dortheavej 43, 2400 København Tlf. 00 45 38 10 02 22 Carl Faanesen, Skoltegrunnskaien 1, 5804 Bergen Tlf. 55 54 91 80 Norheimsund Fargehandel, 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 17 33 Claessons Trätjæra, Heurlins plats 1, 413 01 Gøtheborg, Sverige Tlf. 00 46 31 71 14 287 Lid Jarnindustri, 5600 Norheimsund Tlf. 56 55 38 00 9.0 Vedlegg Skisse 1: Oversikt, plankar skifta på båtdekk Skisse 2: Oversikt, plankar skifta på hovuddekk forut Skisse 3: Oversikt, plankar skifta på hovuddekk akter Skisse 4: Himling i røykesalong, skjult av nyare himling Skisse 1: Oversikt, plankar skifta på båtdekk 12

Skisse 2: Oversikt, plankar skifta på hovuddekk forut 13

Skisse 3: Oversikt, plankar skifta på hovuddekk akter 14

15

Skisse 4: Himling i røykesalong, skjult av nyare himling 16

17