Reguleringsføresegner 04001 Utbyggingsplanar for golfbane og hyttefelt Nedkvitne/Hegle



Like dokumenter
Reguleringsføresegner Utbyggingplan for Nedkviten/Hegle - endring

Reguleringsføresegner Nedkvitne/Hegle - golfbane og hyttefelt

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Rogne - Endring gnr.47 bnr.354 og 355

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Kvasshaug II, Haugsvik hyttefelt

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Reguleringsføresegner P-ID Tråstølen detaljregulering

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

Fjell kommune, Langøyna Ørnahaugen Kystlandsby

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Voll-Hyttefelt

Reguleringsføresegner Reguleringsplan hyttefelt/mjølfjell

Reguleringsføresegner

Fjell kommune, Langøyna Ørnhaugen Kystlandsby

FØRESEGNER. TIL BEBYGGELSESPLAN FOR OMRÅDA FB2, FB3, FB4 og FB5 I HJELMELANDSDALEN

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

Føresegner. Planid: Arkiv nr.: Plan: Områdereguleringsplan Sørstrand / Austvik

Reguleringsføresegner Reguleringsplan Vetla Hegg-Hyttefelt Voss Kommune

Detaljplan for småbåthamn Haganesvika Gnr 52 bnr 227, 229 mfl, Haganes Fjell kommune REGULERINGSFØRESEGNER

DETALJREGULERING MIDSUNDFJØRA MIDSUND KOMMUNE

Reguleringsplan for Stavedalen

REGULERINGSPLAN LUNDSHAGEN / LUNDSNESET Gnr. 95, Bnr. 50 m.fl. KVINNHERAD KOMMUNE. FØRESEGNER Juni Side 1

REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN

Voss kommune Kommunalavdeling for tekniske tenester

Reguleringsføresegner Myrkdalen Camping

GULEN KOMMUNE Reguleringsføresegner til detaljreguleringsplan for: Gbnr. 91/1, Mjømna, Mjømna bobil camp og båtferie. Planid:

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GNR./BNR. 131/1 M.FL., PRESTALIO

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR ÅHEIM SMÅBÅTHAMN. Føresegner datert Plankart datert

Voss kommune Føresegner til detaljreguleringsplan for Vårstølshaugen

FJELL KOMMUNE Reguleringsføresegner for: jf plan- og bygningslovens (pbl) 12-7

Reguleringsføresegner

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Jotunheimen caravan camp, Postfuru

Gulen kommune Detaljregulering Nappen hytter Gnr 92 Bnr 1 m.fl. Nappen

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

BEBYGGELSESPLAN FOR B3, KVERNEVATN AUST - 2. GONGS HANDSAMING. Føresegner til bebyggelsesplan for felt B3 - Kvernevatn Aust

Reguleringsføresegner

SULDAL KOMMUNE. Reguleringsplan for Helganes rasteplass Rv 13 Kolbeinstveit Helganesbrua jf. plan- og bygningslovens (pbl) 12-7.

Detaljregulering for gnr/bnr 131/1 m.fl., Prestalio, Etne kommune PlanID

Detaljregulering for Hodlekve, gnr 64 bnr 5, m.fl.

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

REGULERINGFØRESEGNER

Reguleringsføresegner Detaljreguleringsplan for Tvildesbaret

FRAMLEGG TIL REGULERINGSFØRESEGNER FOR PLAN NR , SPJELD BÅTHAMN, JFR. PLAN- OG BYGNINGSLOVA 26

FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

DETALJREGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER OG CAMPINGPLASS «SLETTO AUST» Del av gnr. 56, bnr. 17 i SVEIO KOMMUNE. Planid:

Reguleringsplan Storemyr i Åbødalen Gnr. 32, Bnr. 4, Sauda kommune. Plan ID:

Meland kommune. Områdeplan for. Frekhaug sentrum gnr bnr m.fl. Reguleringsføresegner. (jf plan- og bygningslova 12-7)

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

G O L K O M M U N E R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN DETALJREGULERING GISKEREMEN (JOHANGARDEN), GNR. 127 BNR. 34 MED FLERE, GISKE KOMMUNE PLANIDENT:

Reguleringsføresegner

FØRESEGNER LEMHAGEN. Sogndal kommune Reguleringsplanføresegner Lemhagen Eining/avd/ PLN/TE. Arkiv L12 30B. Vår ref 04/

Reguleringsføresegner for reguleringsplan Turistanlegg Uskedalen

FØRESEGNER OG RETNINGSLINER

MELAND KOMMUNE. Reguleringsplan FOSSEMYRA IDRETTSANLEGG, GNR 24, BNR 58 m. fl. Reguleringsføresegner

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

DEL AV GNR. 4, BNR. 1 M. FL. NEDRE AKSNES, KVAM HERAD.

Finnøy kommune. Føresegner til detaljregulering for Holmastø, Fogn. Plan nr Vedtatt , KS-sak 027/13.

REGULERINGSFØRESEGNER DETALJREGULERING FOR KVITEFOSSMYRA, BORTELID.

DEL AV GNR. 4, BNR. 1 M. FL. NEDRE AKSNES, KVAM HERAD.

FRESVIK, VIK I SOGN PRIVAT REGULERINGSPLAN

REGULERINGSFØRESEGNER

1 REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSFØRESEGNER TIL DETALJREGULERINGSPLAN FOR SANDVIKA. Del av Gnr 64, bnr 1 og 30 Kvinnherad kommune

Detaljreguleringsplan for Farhovd, del av gnr. 151, bnr. 5

Framlegg til endring av delar av reguleringsplanen for. Nedkvitne / Hegle

Planbestemmelser. Reguleringsplan for Myllakollen

Reguleringsføresegner. Endringar Dato: Sign.: Justert 2.1, 2.6, 3.1, 3.2, 4.1, 4.2, 4.3, 6.01, Reidar

EID KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER for Reguleringsplan Lunden Nordfjordeid

FJELL KOMMUNE Reguleringsføresegner for: jf plan- og bygningslovens (pbl) 26

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

Reguleringsføresegner

Vedkomande reguleringsplan med tilhøyrande reguleringsføresegner for: "Del av gnr. 87, bnr. 53 m. fl. Skutevik, Tørvikbygd, Kvam herad.

REGULERINGSPLAN FOR APALEN SØR, GNR 202 BNR 1 M.FL.

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN GNR. 81, BNR. 181 og 90 ROSENDAL HYTTETUN OG CAMPING, VEDAVIKA I KVINNHERAD KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER Fjell kommune - Brudnane på Ågotnes, gnr. 27 bnr. 12, 39, 192 og 193

OSPELUNDEN BUSTADFELT Reguleringsføresegner pbl 12-7

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 22/ 23 m.fl, Haga Mat». Stord kommune. Forslag til. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 22/23 m.

DETALJREGULERINGSPLAN FOR PLASSEN 1. GENERELT 2. REGULERINGSFORMÅL

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

Detaljregulering Terrengparken Vierli

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 27/ 606 m.fl, Svehaugen». Stord kommune. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 27/606 m.

Reguleringsføresegner H32, H56, H57, H58 og Ringstadsætra Hyttegrend

Voss kommune Kommunalavdeling for tekniske tenester Reguleringsføresegner Detaljreguleringsplan Bjørgamarka 3

Fjell kommune Arkiv: 27/14 Saksmappe: 2007/ /2009 Sakshandsamar: Lene Takvam Dato: SAKSDOKUMENT

Reguleringsføresegner. for. Alverneset. gbnr 137/28 m.fl.

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SERIGSTADEIGEDOMEN AVGRENSA AV VARDHEIVEGEN, JERNBANEN, ARNE GARBORGS VEG OG TORGGATA PLAN FORMÅL

a) Utbygging kan ikkje setjast i verk før framføring av vegar, VA - løysingar og område for og renovasjon er ferdigstilt til vedkomande hytteområde.

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

AREALBRUK. ( Bestemmelser knyttet til bygningslovens 25 - Reguleringsformål ). I område A, B, C, D, E, F, og G skal bare oppføres boligbebyggelse.

VOLDA KOMMUNE Nærings- og utviklingsstaben 6100 VOLDA

EIDSVOLL KOMMUNE. Reguleringsbestemmelser i tilknytning til reguleringsplan for MO GÅRD, DAL

Reguleringsføresegner Reguleringsplan For Nordre Urdland - hyttefelt deler av gnr. 125 bnr. I og gnr. 126 bnr. 1. Urdland

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

DETALJREGULERING (etter pbl.-08) PLANFØRESEGNER

Transkript:

Reguleringsføresegner 04001 Utbyggingsplanar for golfbane og hyttefelt Nedkvitne/Hegle Arkivsak: 04/00156 Arkivkode: PLAN soneinndeling Sakstittel: UTBYGGINGSPLANAR FOR GOLFBANE OG HYTTEFELT NEDKVITNE/HEGLE Melding om plan oppstart den 29.01.04 Forslag til utbyggingsplan dat. 09.02.04. Vedtak i planutvalet om utlegging til offentleg ettersyn den 11.03.04 i sak 0035/04. Utlegging til offentleg ettersyn frå 13.03.04 til 14.04.04. Vedtak av plan utvalet om endring den 15.04.04. i sak 0054/04. Vedtak av planutvalet om godkjenning av revidert utbyggingsplan den 10.06.04 i sak 0095/04. 6.FØRESEGNER KNYTT TIL UTBYGGINGSPLANANE FOR Nedkvitne / Hegle Golfbane (9-hol), SG1, del av SG2 og fritidsbustader BF1, BF2, BF3 Forslag til føresegner dat. 09.02.2004, sign. Sivilarkitekt Per Steinar Nedkvitne rev. 12.04.2004psn INNHALD...13 Pkt. 1. GENERELT...... 14 1.1. Bakgrunn og mål for planen..... 14 1.2 Plankart og føresegner... 14 1.3 Planinnhald..... 14 Pkt. 2. BYGGJEOMRÅDE (pbl 25,1. ledd nr.1). 15 2.1 B1,B2,B8 og B9 -Område for einebustader 15

2.2 For alle byggeområda til fritidsbustader 15 2.3 BF1: Område for fritidsbustader..15 2.4 BF2 -BF3: Område for fritidsbustader 16 Pkt. 3. FAREOMRÅDE (PBL 25,l. ledd nr.5)....16 3.1 Område for høgspentline....16 Pkt. 4. SPESIALOMRÅDE (pbl 25,1. ledd nr.6)...16 4.1.1 SG1 SG2 : Golfbane og aktivitetspark... 16 4.1.2 Område for sportshus...16 4.1.3 Område for klubbhus.... 17 4.14 Område fot tilkomst og parkering...17 4.1.5 Driftsvegar og gangvegar 17 4.1.6 Bruer...18 4.1.7 Utslag (tee).18 4.1.8 Fairway..18 4.1.9 Sandbunker 18 4.1.10 Vatnhinder.18 4.1.11 Green med fringe og forgreen...18 4.1.12 Masseuttak.18 4.1.13 Sikring.18 4.1.14 Treningsområde (drivingrange) m.m...19 4.1.15 Vinterbruk.....19 4.1.16 Alternativ bruk.. 19 4.2 Anna spesialområde.19 4.3 Frisiktsområde...19 Pkt. 5. FELLESOMRÅDE (pbl 25,1. ledd nr.7).... 19 5.1 Avkøyrsle (veg)og gangareal........19 5.2 Fellesareal 19 5.3 Parkering og bos....20

Pkt. 6. ENDRINGAR...... 20 6.1 Endringar Pkt.1. GENERELT 1.1 Bakgrunn og mål for planen. Bakgrunn for utbyggingsplanen byggjer på pkt. 2.1 og pkt. 2.2 i reguleringsføresegnene godkjend reguleringsplan for Nedkvitne / Hegle, golfbane og fritidsbustader. Dette omfattar opparbeiding av drivingrange med tilhøyrande treningsfasilitetar, 9 golfhol (green, fairway, tee og rough), klubbhus, sportshus, driftbygningar til golf, fritidsbustader for utleige og sjølveige og bustader. 1.2 Plankart og føresegner Føresegnene gjeld for Voss Golf- og Aktivitetspark innanfor plangrenser vist på plankart datert 09.02.04. Planområda ligg på Nedkvitne / Hegle, på austsida av Lønavatnet og er ca. 8 km frå Voss sentrum. Plankart og føresegner utgjer til saman planen. 1.3 Planinnhald Det regulerte området er, i medhold av Plan- og bygningslova (pbl) 25, avsett til følgjande føremål: Byggjeområde 25,l. ledd nr. 1. Område for einebustader.(b1, B2, B8 og B9) Område for fritidsbustader.( BF1 BF3) Fareområde, 25,1. ledd nr.5 Spesialområde, 25,1. ledd nr.6 Golfbane og aktivitetspark (SG1 del av SG2) Anna spesialområde

Frisiktsone ved veg Fellesområde, 25,1. ledd nr.7 Avkøyrsle (veg) og gangareal Felles parkeringsplassar Pkt.2. BYGGJEOMRÅDE ( Pbl 25,l. ledd nr.1.) 2.1 B1, B2, B8 og B9: Område for einebustader I området kan det førast opp frittliggjande einebustader med tilhøyrande uthus og garasjar. Hybelhusvære kan innreidast. Bustadene kan vera i 2 etasjar, underetasje medrekna. Samla utbygd grunnflate skal vera maks. 200 m2. Takvinkel skal vera mellom 27 og 40 grader. Det skal vera 2 parkeringsplassar pr. hovudhusvære og 1 parkeringsplass for hybelhusvære. 2.2 For alle byggjeområda til fritidsbustader Byggjemelding skal på overtydande måte visa praktiske og estetiske løysingar med høg kvalitet og forståing av lokale tilhøve. Terreng skal i størst mogeleg grad halda si tidlegare form og vegetasjon. Fritidsbustadene skal plasserast innanfor byggegrensene. Kommunen kan godkjenna overdekka biloppstillingsplass og uthus utanfor byggegrensene. På plankartet er det vist høgde på ferdig golv. Dette er hovudhøgda, dvs. eventuell underetasje kjem under denne. Høgda kan ha avvik på +/- 0,5 m. Byggesøknad skal visa plassering av kvart hus i plan, høgdeplassering og terrenghøgde ved inngang, høgdeplassering av avkøyrsler, biltekkjeløysing og parkering, terrengplanering og terrengmurar med høgder. Bygningane skal vera kledd med glas-, stein- eller trematerial. Trekledning kan behandlast med beis i brun, svart, grå eller raud farge eller stå utan overflatebehandling. Kontrastfargar på mindre bygningsdelar, listverk, dørar og

liknande kan tillatast. Gavlar skal plasserast på bygningane si kortside. Hovudtakflater skal vera skrå og vera tekt med torv, tre, skifer, papp eller folie. Metalltekking er ikkje tillate. Terrassar inntil 25 m2 kan oppførast og vert ikkje rekna inn i BRA. Forstøtningsmurar og andre murar skal utførast som tørrmurar. I område BF1 BF3 er det ikkje tillate med parabolantenner utan at dette er for eit fellesanlegg. Det kan ikkje setjast opp enkeltgjerde rundt fritidsbustadene, men som fellestiltak kan det setjast opp inngjerding mot ytterkantane til byggeområda. Det er høve til å setja opp enkel levegg ved fritidsbustadene etter plan- og bygningslova. Fritidsbustadene kan vera sjølveigande eller for utleige. Det kan leggast tilrette for tilkomst med bil til fritidsbustadene. 2.3 : Område for fritidsbustader BF1 I området BF1 kan det førast opp inntil 19 stk. fritidsbustader med einingar på inntil 110 m2 BRA. Skal arealet vera større enn 110 m2 BRA, vert dette rekna som ei eining til (dvs 2 fritidsbustader). Einingane kan førast opp enkeltvis, i rekkje, gruppert i tun eller i landsbystruktur. Dei kan inngå i større bygningskroppar med maksimalt 5 einingar i kvar. Fritidsbustadene kan vera i 2 etasjar, underetasje medrekna og med takvinkel mellom 27 og 40 grader. Synleg grunnmur skal ikkje vera over 70 cm. I tilknyting til kvar bueining kan det i tillegg førast uthus med 10 m2 BRA og biloppstillingsplass kan overdekkast med 20 m2 BRA. Parkeringsdekning på 1 bilplass pr. bueining + 0,5 bilplass i fellesanleg 2.4 : Område for fritidsbustader BF2 -BF3 I område BF2 kan det førast opp inntil 23 stk. fritidsbustader med einingar på inntil 110 m2 BRA. I område BF3 kan det førast opp inntil 19 stk. fritidsbustader med einingar på inntil 110 m2 BRA. Skal arealet vera større enn 110 m2 BRA, vert dette rekna som ei eining til (dvs 2 fritidsbustader).

Einingane kan førast opp enkeltvis, i rekkje, gruppert i tun eller i landsbystruktur. Dei kan inngå i større bygningskroppar med maksimalt 5 einingar i kvar. Fritidsbustadene kan vera i 2 etasjar, underetasje medrekna og med takvinkel mellom 27 og 40 grader. Synleg grunnmur skal ikkje vera over 70 cm. I tilknyting til kvar bueining kan det i tillegg førast uthus med 10 m2 BRA og biloppstillingsplass kan overdekkast med 20 m2 BRA. Parkeringsdekning på 1 bilplass pr. bueining + 0,5 bilplass i fellesanlegg. Pkt. 3. FAREOMRÅDE (pbl 25,1. ledd nr.5) 3.1 : Område for høgspentline I området kan den vera høgspentline. Det vil ikkje føra til større risiko for golfsporten. Pkt. 4. SPESIALOMRÅDE (pbl 25,1. ledd nr.6) 4.1.1 :Golfbane og aktivitetspark SG1 SG2 I området SG1 og SG2 kan det leggjast til rette for aktivitetar både sumar og vinter (golfbane, treningsfelt, nærmiljøanlegg). I området SG1 kan førast opp bygningar til å tena desse funksjonane. Mindre pumpestasjonar, trafokioskar, leskur og liknande kan førast opp i SG1 og SG2. Det kan lagast veg til naust og hytteeigedomar over SG1 og friluftsområdet med tilkomst til Lønavatnet. 4.1.2 : Område for sportshus Det kan førast opp bygningar med slike funksjonar: Pro-shop, mindre opphaldsrom m/servering, kontor, møterom, ballautomat, wc og lignende. Byggjegrenser er vist på plankartet På plankartet er det vist byggegrenser og høgde på ferdig golv i hovudhøgda. Høgda kan ha avvik på +/- 0,5 m. Byggesøknad skal visa plassering i plan, høgdeplassering og terrenghøgde ved

inngang, terrengplanering og terrengmurar med høgder. Bygningar i ein etasje + loftsetasje. Det kan byggast inntil 150 m2 BRA. Takvinkel skal vera mellom 27 og 40 grader. Synleg grunnmur skal ikkje vera over 70 cm. Bygningane skal vera kledd med glas-, stein- eller trematerial. Trekledning kan behandlast med beis i brun, svart, grå eller raud farge eller stå utan overflatebehandling. Kontrastfargar på mindre bygningsdelar, listverk, dørar og liknande kan tillatast. 4.1.3 : Område for klubbhus Det kan førast opp bygningar med slike funksjonar: kafe/restaurant, kontor, møterom, garderobe og overnattingstilbod. I tillegg kan det byggast reiskapshus til utstyr. Området SG1 er regulert for bygningar inntil ein etasje + loftshøgd. I tillegg kan det vera underetasje. Det kan byggast inntil 1500 m2 BRA På plankartet er det vist byggegrenser og høgde på ferdig golv i hovudhøgda. Høgda kan ha avvik på +/- 0,5 m. Byggesøknad skal visa plassering i plan, høgdeplassering og terrenghøgde ved inngang, terrengplanering og terrengmurar med høgder. Takvinkel skal vera mellom 27 og 40 grader. Synleg grunnmur skal ikkje vera over 70 cm. Bygningane skal vera kledd med glas-, stein- eller trematerial. Trekledning kan behandlast med beis i brun, svart, grå eller raud farge eller stå utan overflatebehandling. Kontrastfargar på mindre bygningsdelar, listverk, dørar og liknande kan tillatast. 4.1.4 : Område for tilkomst og parkering Intern tilkomstveg og parkeringsløysingar for gjester og tilsette. I samband med klubbhus skal det vera parkeringsdekning for 100 bilar og 1 buss. Plankartet viser plassering og utforming av parkeringsanlegg. Parkeringsplassar skal byggast ut etter behov. Tilkomst til SG1, frå Veg1.

4.1.5 : Driftsvegar og gangvegar Driftsvegar og trallavegar er vist på plankartet. Vegane skal stort sett eksisterande terreng og arrondert slik at dei glir inn i terrenget. Sideavvik vera +/- 10 m. 4.1.6 : Bruer Det skal byggjast 5 bruer. Brukar skal ikkje endra på eksisterande groafar (plastring eller kantlinjer). 4.1.7 : Utslag (tee) Byggeområda til utslag (tee) er vist på plankartet med sirklar. Innan områda skal det utformast 3 utslag pr. hol. Alle utslaga vert utforma spesielt og med ulik storleik. På plankartet er gjennomsnitthøgd vist. Høgdeavvik kan vera +/- 1,5 m. Utslagstadane skal liggja mest mogeleg naturleg i eksisterande terreng 4.1.8 : Fairway Fairwayane er vist på plankartet. Avvik i sideretning kan vera 30 m. Farewayane skal byggast på eksisterande terreng og kan ha høgdeavvik inntil +/- 1 m. 4.1.9 : Sandbunker Område for sandbunker er vist på plankartet. Sandbunkerene vert stort sett bygd oppå eksisterande terreng og arrondert slik at dei glir inn i terrenget. Høgdeavvik kan vera +/- 1,5 m. 4.1.10 : Vatnhinder Nedkvitnegroa er markert på plankartet og vert rekna som vatnhinder. Groa skal liggja som i dag, men vil verta kryssa av 5 nye bruer. 4.1.11 : Green med fringe og forgreen

Byggeområda til Green er vist på kartet med ein sirkel. Innan området skal det utformast speleområde (forgreen, fringe og puttgreen). Alle 9 greenane vert utforma spesielt og med ulik storleik. Gjennomsnitt på puttegreenar er 500 m2. På plankartet er gjennomsnitthøgd vist. Puttinggreenen skal liggja mest mogeleg naturleg i eksisterande terreng, men det kan tillatast hødgeavvik på +/- 1,5 m. Greenområda kan avvikast med inntil 5 m i sideretning og skal arronderast slik at dei glir inn i terrenget. 4.1.12 : Masseuttak På plankartet er det vist område der det kan sprengjast ut masse. Områda skal fyllast opp med røter og lignende, arronderast og stellast til slik at dei ikkje framstår som sår i terrenget. 4.1.13 : Sikring Det kan setjast opp sikringsanordningar ( nett o.l.) for å sikra at ikkje det oppstår fare ved å vera på banen. Desse tiltaka skal utførast slik at dei ikkje framstår som skjemmande. 4.1.14 : Treningsområde (drivingrange) m.m. Treningsområde, treningsgreen og pitchinggreen kan opparbeidast. Dei er vist på plankartet og skal liggja mest mogeleg naturleg i eksisterande terreng, men det kan tillatast hødgeavvik på +/- 1,5 m. Greenområda kan avvikast med inntil 5 m i sideretning og skal arronderast slik at dei glir inn i terrenget. Utslaget til treningsområdet skal også vera av betongdekke og kan overbyggast i 2/3 av utslagsområdet. 4.1.15 : Vinterbruk Anna arealbruk om vinteren så som skiløyper, akebakkar og liknande kan etablerast. Dette kan også skje ved kunstig snø. 4.1.16 : Alternativ bruk Om golfaktiviteten tek slutt kan stor delar av baneområda takast tilbake til

jordbruks- og skogbruksareal. Utbygging av bygningar til golfbanen kan nyttast til å tena fritidsbustadane og grenda elles. 4.2 : Anna spesialområde Området skal tena til tilkomst frå tilgrensande jordbruksveg. 4.3 : Frisiktsområde I områda skal det vera fri sikt ned til ei høgd av 0,5 meter over planet i tilgrensande vegbanar. Pkt. 5. FELLESOMRÅDE (pbl 25,1. ledd nr.7) 5.1 : Avkøyrsle (veg) og gangareal Vegane er felles tilkomstvegar. Dei kan nyttast til køyring, gang og sykkelvegar. I det regulerte arealet inngår køyrebane, gangveg,skulder, grøft. Høgdene på vegane kan variera med + /- 0,5 meter. Terrenginngrep i samband med vegen skal utførast varsamt. Vegskjeringar og fyllingar skal plantast til eller handsamast på annan tiltalande måte. 5.2 : Fellesareal Fellesarealet skal nyttast til felles rekreasjonsområde og skal stellast til på ein tiltalande måte. 5.3 : Parkering og bos Talet på biloppstillingsplassar skal vera i samsvar med reguleringsføresegnene til reguleringsplanen for Nedkvitne / Hegle. Dei felles parkeringsområda er vist på plankartet. I tilknytning til plarkeringsområda er avsett areal til avfallsoppsamling og miljøstasjonar.

Pkt. 6. ENDRINGAR 6.1 : ENDRINGAR Mindre vesentlege avvik frå desse føresegnene og planen kan, når særlege grunnar talar for det, tillatast av kommunen innanfor plan- og bygningslova og byggeforskriftene sine rammer. Voss 09.02.04, rev. 12.04.2004psn Sivilarkitekt Per Steinar Nedkvitne