Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 012/19 Plan- og PS 14.05.2019 samfunnsutvalet 030/19 Bystyret PS 21.05.2019 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Heidi Dyrøy K2-L12, PlanId-20170101, PlanNavn-Joneset, gbnr 37/7, Skorpa, hytter, GBN-37/7, PlanType-35 18/1058 Endeleg vedtak - Privat detaljreguleringsplan for Joneset, gbnr 37/7, Skorpa, hytter, planid 2017010 Framlegg til vedtak: 1. Flora Bystyre vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 12-12 framlegg til Privat ROS-analyse, plankart og føresegner sist datert 30.04.2019 2. Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har difor ingen signatur. Plan- og samfunnsutvalet - 012/19 PSUV - handsaming: Tilrådinga vart samrøystes vedteke. PSUV - vedtak: Flora Bystyre vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 12-12 framlegg til Privat ROS-analyse, plankart og føresegner sist datert 30.04.2019. Bystyret - 030/19 BYST - handsaming: Samrøystes vedteke som tilrådd BYST - vedtak:
1. Flora Bystyre vedtek i samsvar med plan- og bygningslova 12-12 framlegg til Privat ROS-analyse, plankart og føresegner sist datert 30.04.2019 2.
Saksopplysingar: Utgreining Hovudformålet med reguleringsplanen er å legge til rette for eit mindre hyttefelt på Joneset på Skorpa med tilhøyrande infrastruktur. Planframlegget legg til rette for god terrengtilpassing av hyttene, då landskapet er ope og eksponert frå sjøen. Planframlegget vart vedteke lagt ut på høyring av Plan- og samfunnsutvalet i møtet 27.11.2018, saknr 049/18. Fylkesmannen i Vestland varsla motsegn mot planframlegget, då dei meinte at hyttene som er plasserte nærast sjøen vil gje vesentleg negativ verknad på landskapsverdiane og strandsona, jfr plan- og bygningslova 1-8. Det er gjort endringar i planmaterialet som følgje av varsel om motsegn, og Fylkesmannen har trekt varselet. Planframlegget kan såleis vedtakast. Planforslaget Forslag til Privat detaljreguleringsplan for Joneset, gbnr 37/7, Skorpa, hytter er utarbeidd av ivest Consult AS på vegne av Anne-Lene Norman. Bakgrunn for saka og beskriving av tiltaket går fram av forslaget med tilhøyrande beskriving. Formålet med reguleringa/omreguleringa Formålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for eit mindre hyttefelt innanfor området med tilhøyrande infrastruktur. Forhold til overordna planar Planforslaget er i tråd med arealdelen i kommuneplanen. Området er sett av til bygging med arealformål fritidsbusetnad der det i føresegnene er sagt at det kan byggjast inntil 8 hytter føresett at arealet vert regulert. I arealressurskartet er området registrert som open fast mark. Planforslaget medfører såleis ikkje omdisponering av dyrka areal. Førstegongsbehandling Planforslaget blei førstegongsbehandla av Plan- og samfunnsutvalet 27.11.2018 sak 049/18. Planog samfunnsutvalet vedtok å fremje saka, sende henne på høyring og leggje henne ut til offentleg ettersyn. Høyringsfråsegner Planforslaget blei lagt ut til offentleg ettersyn i perioden frå 18.01. 01.03.2019. I same periode blei forslaget sendt til uttale mellom anna til regionale myndigheiter, grunneigarar som forslaget ville få konsekvensar for, og tenesteområde i kommunen. Det kom inn totalt 9 fråsegner. Dei følgjer saka som utrykte vedlegg. Hovudtrekka i merknadene er refererte i eige vedlegg. Motsegner Fylkesmannen i Vestland varsla motsegn mot planframlegget, då det dei meinte at hyttene som er plasserte nærast sjøen vil gje vesentleg negativ verknad på landskapsverdiane, sett frå sjøen,og at dette plangrepet var i strid med pbl. 1-8 og dei statlege planretningslinjene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen. Lovheimlar I samsvar med plan- og bygningslova 12-12 blir saka lagd fram til vedtak for kommunestyret. Vurdering: Innkomne merknader Vurderinga av dei enkelte innkomne fråsegnene kjem fram av kommentarane i eige vedlegg. Motsegner Det er gjort endringar i planforslaget for å rette seg etter motsegna frå Fylkesammen i Vestland.
Motsegna er no trekt sjå brev datert 04.04.2019, og Bystyret kan gjere endeleg planvedtak. Endringar etter førstegongsbehandling Det er gjort følgjande endringar etter førstegongshandsaming for å imøtekome varsel om motsegn og merknadar: Dei to hyttene nærast sjøen er flytta lenger opp på land. Området vest for vegen er endra frå byggeområde til LNF. Planframstillinga er endra, slik at det er sett av hyttetomter, med byggegrenser, og arealet kring er regulert til friluftsføremål. Eksisterande sjøbu har fått naustføremål. Det er lagt reguleringsføremål i sjø som viser kvar ein kan plassere kai/brygge. Det er sett av areal til parkering ved vegen. Det er endra reguleringsføremål på moloen til molo, og Skorpevågen har endra reguleringsføremål til hamneområde i sjø. Endringane er innarbeidd i plankart, planomtale og føresegner. Endringane er vist med raud skrift i planomtalen og føresegene. Samla vurdering: Planforslaget er godt gjennomarbeidd og ivaretek nødvendige omsyn. Det er gjort endringar etter høyring for å imøtekome merknadar. Etter rådmannen si vurdering er desse endringane presiseringar for å gjere planframlegget meir eintydig. Rådmannen legg derfor til grunn at endringane ikkje utløyser krav om ny høyring Med bakgrunn i utgreiinga ovanfor tilrår rådmannen at planforslaget Privat detlajreguleringsplan for Joneset, gbnr 37/7, Skorpa, hytter, planid 20170101 blir vedteke. Økonomiske konsekvensar: Vedtak av detaljreguleringsplanen vil ikkje ha økonomiske konsekvensar for kommunen. Miljømessige konsekvensar: Miljømessige konsekvensar er utgreidd i planomtalen og vurdert ved førstegongshandsaming av planframlegget Aktuelle lover, forskrifter, avtalar mm: Plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter Vedlegg: 2017009_PLANOMTALE_Joneset_Skorpa_rev_20190107_vedtak 2017009_PLANKART_Joneset_Skorpa_Hytter_rev_20190430-A2-L 2017009_FØRESEGNER_Joneset_Skorpa_Hytter_vedtak 20170101_Innkomne merknadar høyring Vedlegg 3_Illustrasjon_rev_20181210 V2. 2017009_Rapport kulturminneregistrering Fråsegn til revidert plankart til detaljregulering for fritidsbustader på gnr. 37, bnr. 7 på Joneset på Skorpa i Flora kommune AcosSvarInn.xml