MØTEINNKALLING Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset : 21.03.2013 Tid: 09.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling SAKLISTE Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA 3/13 13/238 SJUKEFRÅVÆRET 4. KVARTAL 2012 YMSE Drøftingar/ orienteringar: Oppfølging av tilsyn i barnehagane Balestrand 14.3.2013 Annbjørg Alrek Leiar
Sak 1/13 1/13 Arbeidsmiljøutvalet 21.03.2013 Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkivsaknr.: 13/241 Arkiv: X55 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU Vedlegg: Bakgrunn: Møte i AMU 06.12.2012 I møte i AMU 06.12.2012 gjekk ein under orienteringar og drøftingar gjennom AMU sine oppgåver og ansvar med utgangspunkt i AML 7-2. og peika på fleire punkt som kan lette gjennomføring og oppfølging i organisasjonen. Det er naturleg at ein tek eit tilbakeblikk og ser på gjennomføringa av framlegg til tiltak som vart nemnd: Syte for forskrifts messig skolering av medlemmene i arbeidsmiljøutvalet, for verneombod og tillitsvalde. Setje opp plan for gjennomføring av grunnskolering. Legge til rette for temasamlingar for hovudverneombod og verneombod. Døme på tema i slike samlingar kan vere -utarbeiding av rutinar for HMS arbeidet. -erfaringssamlingar der ein trekker fram fellessaker i HMS-arbeidet -hovudverneombod får ansvar for oppstart Legge til rette for temasamlingar mellom einingsleiarar og BHT t.d. som ledd i etterarbeid tilsyn. Status i implimentering av vedtatt handlingsplan for BHT: Avdelingane ved leiar, verneombod og tillitsvald utarbeider avdelingsvise handlingsplanar. Ønskjeleg med tilbakemelding til AMU om resultat. Kvar eining har deretter ein gjennomgang og kartlegg kva punkt dei kan gjennomføre utan ekstern bistand og på kva område dei treng støtte frå BHT. Vidare planlegging og kostnadsrekning av tiltak der ein treng ekstern bistand vert
Sak 1/13 gjort i samband med budsjettarbeidet. Ein ønskjer og å sjekke ut oppfølging av tidlegare gjennomgang av vedtak 19.04. og 14.06.2012 som var som følgjer: Rutinar ved auke i sjukefråvær. -Rutinar for oppfølging må vere kjende av einingsleiarane -Gjennomgang av rutinar ved behov for inn henting av ekstern bistand frå BHT -Vurdere belastningsrisiko i arbeid på einingar, jf. kartleggingar i høve HMS-arbeid -Vurdering av fysiske tilhøve på arbeidsplassen -I samband med utarbeiding av sjukefråværsrapporten er det viktig at tillitsvalde og verneombod kjem med i drøftingsarbeidet Tiltak i høve betre oppfølging -Referat frå møte i AMU vert lagt fram i leiarmøte. -Kommunalsjefane har ansvar for å tilrettelegge for oppfølging på einingane -Gjennomgang av sentrale tema innan personalpolitikk/personalpolitiske planar/ i leiargruppa/med einingsleiarane, og såleis skape felles forståing blant leiarar på einingsnivå og på kommunenivå. -Auka fokus på medarbeidarsamtalar
Sak 2/13 2/13 Arbeidsmiljøutvalet 21.03.2013 Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 441 Arkivsaknr.: 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA Vedlegg: Bakgrunn: Årsrapport frå BHT Balestrand kommune er tilslutta Bedriftshelse1 (tidlegare Sogn bedriftshelseteneste). Forskrift om organisering, leiing og medvirkning 13 Bedriftshelsetjeneste seier kven som skal vere tilknytt godkjent bedriftshelseteneste. Balestrand kommune har vald å melde inn alle sine tilsette i ordninga. Det er Forskrift om organisering, leiing og medvirkning 13-3 som set krav til dokumentasjon over planar og årsrapportar for bedriftshelsetenesta sin bistand i verksemda. Årsrapporten inngår i verksemda sitt systematiske HMS-arbeid, og skal oppbevarast i HMS-systemet. Som det går fram av vedlagde årsrapport, har BHT ytt kommunen bistand ved fleire høve i 2012. For å få ein best mogleg og fornuftig bruk av BHT, skal dei ulike tenestene lage handlingsplanar for bruk av BHT. Dette er spesielt viktig med tanke på at bruk av BHT i hovudsak medfører utgifter som må budsjetterast. Årsrapporten frå BHT for 2012 vert med dette lagt fram for AMU til orientering. Årsrapporten frå BHT for 2012 vert teken til orientering.
Sak 3/13 3/13 Arbeidsmiljøutvalet 21.03.2013 Sakshandsamar: Alf M. Høyrem Arkiv: 461 Arkivsaknr.: 13/238 SJUKEFRÅVÆRET 4. KVARTAL 2012 Vedlegg: Sjukefråværsrapport for 4. kvartal 2012 Bakgrunn: Balestrand kommune sitt samla gjennomsnittlege sjukefråvær for fjerde kvartal 2012 var på 3,8%. Tilsvarande tal for 2011 var 8,9 %. Det kvartalsvise fråværet for 2012 vert då slik: 1. kvartal 10,1 % 2. kvartal 5,3 % 3. kvartal 5,1 % 4. kvartal 3,8 % Dette gjev eit samla gjennomsnittleg fråvær for 2012 på 6,5% mot 7,4% for 2011. Tilsvarande tal for 2010 var 5,1%. For fleire detaljer om sjukefråværet viser eg til vedlagd rapport. Rapporten er ikkje offentleg.