Kommunedelplan Rv.5 Loftesnes-Kaupanger Ope møte 22.01.19
Opplegg for kvelden Velkomen v/ordførar Informasjon om planarbeidet v/statens vegvesen Kaffe/kjeks Spørsmål/diskusjon Avslutting v/ordførar Reknar med å avslutte ca. 20.30
Bakgrunn for prosjektet Rv. 5 er ein viktig hovudveg mellom aust og vest Strekninga Loftesnes-Kaupanger stettar ikkje dagens krav til vegnormalstandard. Manglar tiltak mot møteulykker og utforkøyringsulykker. Ikkje eit tilbod til gåande og syklande på delar av strekninga. Viktig å avklare trase for ny veg, slik at ein har klare rammar for utbyggingar i området Pr. no IKKJE midlar til bygging før tidlegast i 2030.
Planområdet i større samanheng
Planområdet
Overordna mål
Effektmål
Skredfare
Jordbruk
Naturtyper
Kulturminne
Utbyggingsområde, planar
Dagens rv.5 mellom Loftesnes og Kaupanger Køyrelengde Loftesnes-Kaupanger; 8 km Køyretid; Om lag 7 min For smal vegbreidde og smal vegskulder, 6,5 m-7,5 m totalbreidde. Dårleg kurvatur (strekninga Kjørnes-Vestreim). Kurver med radier ned mot 160 meter og feildoserte svingar. Fleire alvorlege ulykker på 80- og 90-talet. Nedsett fart til 70 km/t på store delar av strekninga (5,5 km).
Dagens rv.5 mellom Loftesnes og Kaupanger Stor stigning før og etter Kjørnes (6 %), stigning Valeberg-Museet (7 %). Tyngre køyretøy misser fart (lagar kø) og framkomsten er dårleg. Påkøyrselsfarleg sideterreng (skjeringar), smale og grunne veggrøfter. 11 kryss mellom Loftesnes og Kaupanger. Dei fleste har dårleg utforming. Om lag 17 avkøyrsler med låg standard. Busetnad tett på vegen ved Hagalandet. Dårlege og uoversiktlege avkøyrsler. Næringsverksemd inn mot rv.5 (XL-bygg og Maskinsenteret) medfører stor trafikk i desse avkøyrslene.
Dagens rv.5 mellom Loftesnes og Kaupanger Ingen tilbod til mjuke trafikantar på strekninga Kjørnes-Vestreim Mange hjortepåkøyrsler Valeberg-Kaupanger
Dagens rv.5 mellom Loftesnes og Kaupanger Mykje trafikk i dei eksisterande kryssa på Kaupanger.
Dimensjoneringsføresetnader ny veg Trafikkmengde dagens riksveg mellom Sogndal og Kaupanger(ÅDT 2017): o Sogndal sentrum: 9400 o Loftesnes-Kjørnes:6100 o Kjørnes-Valeberg: 4950 o Valeberg-kryss Toyota: 4850 o Mannhellervegen: 2100 o ÅDT-L= 10-14 % Dimensjonerande trafikk: ÅDT over 6500, tungtrafikkandel 16 %.
Dimensjoneringsføresetnader veg i dagen
Dimensjoneringsføresetnader veg i tunnel
Dimensjoneringsføresetnader veg i tunnel
Alternativ i planprogrammet UTKAST!
Alternativ i planprogrammet UTKAST! Veg i dagen mellom Loftesnesbrui og startpunkt for tunnel. Ny tunnel, startpunkt: 1. XL bygg 2. Maskinsenteret 3. Hagalandet (ved kryss mot Vikane) Ny tunnel, sluttpunkt: A. Valeberg vest B. Valeberg aust C. Vestreim Veg i dagen som følgjer riksveg 5 mellom Vestreim og Kaupanger. Tilleggsutgreiing Ny riksveg nordaust for industriområdet med kort tunnel til Mannhellervegen.
Kva skal vi vurdere vidare i planarbeidet? Alternative linjeforslag som kan komme opp Plassering av nye kryss og evt. justering av eksisterande kryss Kva type kryss er aktuelle? T-kryss eller planskilde kryss? Løysingar for mjuke trafikantar Sidevegssystem og lokale vegar rundt riksveg 5 Løysingar for viltkryssing Plassering av overskotsmassar ++
Utfordringar i prosjektet Plassmangel Loftesnes Kort avstand mellom Loftesnesbrui, kryss og tunnelåpning Lite spelerom mellom sidebratt terreng, busetnad og Sogndalsfjorden (sjøfylling?) Stort inngrep på strekninga Loftesnes-Hagalandet Skredfare på Hagalandet (løsnepunkt heilt opp mot 550 moh) 180 høgdemeter mellom Loftesnes og Museet. Stigning på tunnel, maks 5 %. Krav om eige forbikøyringsfelt slår inn. Hjortepåkøyrsler Inngrep på dyrka mark Kryss-situasjonen på Kaupanger. Trangt om plass. Utforming av lokalvegsystem Kaupanger-Vesterland ++++
Forkasta alternativ Utbetring av eksisterande riksveg mellom Hagalandet og Vestreim er forkasta av fleire årsaker: Ein oppnår ikkje ei innkorting av køyrelengde Trafikkavvikling i anleggsperiode, tidkrevande og kostbart Krav om parallellført g/s-veg Stigning i bakkane kring Kjørnes og museet er større enn maks tillete i dimensjoneringsklassen Sanering av avkøyrsler og kryss er ei stor utfordring
Planarbeidet Kva skal utarbeidast? 1. Planprogram 2. Kommunedelplan med Konsekvensutgreiing (KU) Planprogrammet er det som no er ute på høyring. Vil bli justert etter høyringsrunden før vedtak i Sogndal kommune, truleg i mars. Planprogrammet gir rammer for det vidare planarbeidet, alternativ og tema som skal vurderast.
Planarbeidet - prosessen
Kommunedelplan m/ku Delt i to: 1. Prissette konsekvensar. 2. Ikkje prissette konsekvensar. I tillegg vurdering av m.a. arealbuksendringar og måloppnåing før ein tilrår alternativ.
Prissette konsekvensar Tema som kan vurderast i kroner og øre: Køyrekostnader Tidskostnader Ulykkeskostnader Drifts- og vedlikehaldskostnader Investeringskostnader Kostnader til m.a. støytiltak, skredsikring, bruer og nødvendige installasjonar i tunnel ligg i investeringskostnadar, mange tekniske vurderingar inngår i arbeidet med å definere løysingane!
Ikkje -prissette konsekvensar Tema som ikkje kan vurderast i kroner og øre: Landskapsbilete Naturmangfald Kulturarv Naturressursar Friluftsliv/by- og bygdeliv
Tilråding av alternativ Samfunnsøkonomisk analyse Vurdering av prissette konsekvensar Vurdering av ikkje prissette konsekvensar Samanstilling av desse Vurdering av m.a. måloppnåing og arealbruksendringar Statens vegvesen vil tilrå det vi ut frå dette meiner det beste alternativet
Vedtak, val av alternativ Sogndal kommune er planmyndigheit og vedtek planen
Framdriftsplan for kommunedelplanarbeidet
Merknader Innspel til arbeidet Vi ber om at de sender synspunkt og innspel til planarbeidet til oss innan 5. februar 2019. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til: Statens vegvesen region vest Askedalen 4 6863 Leikanger eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no. Informasjon om planarbeidet https://www.vegvesen.no/riksveg/rv5loftesneskaupanger.