Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Like dokumenter
Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

IKT-strategi. for opplæringssektoren

Elev- og lærlingombod i HFK

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Rådmannsutvalet Førde

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

Mal for tilstandsrapport 2015/16 vil følgje prioriteringane i Styringsdokument Det vil bli utarbeidd ein ny mal neste skuleår.

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Retten til spesialundervisning

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Likeverd i Hordaland fylkeskommune. Temaplan

Utviklingsplan

Påstandar i Ståstadsanalysen (nynorsk)

Velkomen til dykk alle!

AUD-rapport Berekning av dispensasjonar frå skuleskyssordninga. Grunnlag for svar til helse og opplæringsutvalet.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Ungdomstrinnsatsinga

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Fag og fornying sentrale begrep. Smakebitar frå temanotatet med problemstillingar til drøfting. fagfornying

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

Mobbeombod og elev- og lærlingombod - framtidig organisering

Handlingsplan for Hordaland fylkeskommune. Forvaltningsrevisjon av forholdet mellom skuleeigar og vidaregåande skular

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Kommunedelplan for oppvekst

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

SKULE I UTVIKLING Skulebasert kompetanseutvikling, Rubbestadneset skule

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

INTERNASJONAL STRATEGI

RAPPORTERINGS- OG VURDERINGSSYSTEM I DEI VIDAREGÅANDE SKULANE

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

PLAN FOR KOMPETANSE- UTVIKLING

SAKSDOKUMENT. Sakshandsamar: Øystein Johansen Arkivsaknr: 2015/ /2015 Arkiv: Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsutvalet

Pedagogisk plattform

«Leiarutfordringar knytt til ein framtidig digital/teknologisk skuleog barnehagekvardag»

TILSYNSRAPPORT. Fylkeskommunen sitt system for å vurdere og følgje opp lovkrav. Hordaland fylkeskommune

Vurdering i Prosjekt til fordjuping

Fag Fordyping Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet

Pedagogisk analysemodell

Utviklingsplan Sviland skule

CP IT-COMENIUS-C3PP

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal atab

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Prosjekt Betre Læringsresultat (BLR)

på vegne av barn og unge

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Transkript:

Styringsdokument for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane Skuleåret 2019/20

Forord Fagfornyinga eit viktig lagarbeid Mål og strategi i det pedagogiske styringsdokumentet 2016-2018 skal vidareførast for skuleåret 2019-2020. Formålet med styringssignala frå 2016 var å ruste organisasjonen i møte med det som allereie då var varsla om fornying av læreplanverket. Det var og er behov for å styrke og profesjonalisere det lokale, kollektive arbeidet med å fortolke og omsetje kompetansemål på ulike nivå til god og tilpassa opplæring. Tilsvarande er det kontinuerleg behov for å vurdere i kva grad dei planane vi legg for utviklingsarbeidet faktisk blir gjennomført, og ikkje minst undersøke kva spor arbeidet etterlet seg i klasseromma. Sist, men ikkje minst, så slår dokumentet fast at arbeidet med å sikre eit godt psykososialt miljø for alle skal leggast til grunn for alt pedagogisk arbeid. Styringsdokumentet gir oss alle eit tydeleg oppdrag innanfor vide rammer og sikrar høg grad av autonomi for skulane når det gjeld innretting av tema for skulane sitt utviklingsarbeid. Samtidig har dokumentet i større grad gjort det meir tydeleg kva som er forventa av skuleleiarar, lærarar, og elevar gjennom den pedagogiske plattforma for utviklingsarbeidet. Samspelet mellom lærarar og elevar i møte med læreplan og lærestoff utgjer kjernen i det daglege arbeidet. Det er kvaliteten i kjernen vi skal ha merksemd på når vi dei nest tre åra står framfor omfattande fornying av læreplanverket. Fornyinga av læreplanverket må få betyding for retninga på skulane sitt utviklingsarbeid, men arbeidet skal byggje vidare på praksis som fungerer godt i dag. Gode kollektive prosessar er naudsynt for å utvikle og forankre ei felles forståing av det nye læreplanverket. Skuleleiinga har eit ansvar for å motivere tilsette og legge til rette for fagleg diskurs kring nye læreplanar med mål om å sikre at alle elevar skal få møte ei opplæring i tråd med overordna formål og kompetansemål i faga. Det betyr å ha det store biletet med seg i det daglige arbeidet, og passe på å halde stø kurs mot det langsiktige målet. Nasjonale styresmakter har teke lærdom frå erfaringar frå innføringa av Kunnskapsløftet og har lagt til rette for involverande prosessar som har gått over lang tid. Den overordna delen har vore klar lenge, noko som har sikra at arbeidet med læreplanar i fag er godt forankra i overordna del. Fleire lærarar og skuleleiarar frå HFK har delteke aktivt i arbeid med kjerneelement og læreplanmål. Vi bør ha gode føresetnader i HFK for å få til eit vellukka fagfornyingsarbeid dei neste åra. Det er sidan førre reform etablert ein tydeleg leiarstruktur i HFK. Eit velfungerande mellomleiarledd er avgjerande for å få til profesjonelt arbeid med læreplanar. Vidare har ein stor del av leiarane sidan 2008 teke vidareutdanning innan utdanningsleiing og opplæringsavdelinga har dei seinare åra samarbeidd med UH sektoren om nye tilbod om etter- og vidareutdanning for leiarar, særleg innanfor yrkesfaga. Gjennom FYR satsinga dei siste åra har eit stor tal leiarar og lærarar delteke i kompetanseheving og undersøkt praktiske måtar å arbeide tverrfagleg og yrkesretta med læreplanar. Dette arbeidet bør kome til nytte i fagfornyinga. I HFK er det etablert 17 fagnettverk som har representantar for både pedagogisk tilsette, skuleleiarar, skuleeigar, og UH sektor/arbeidsliv. Fagnettverka vil særleg få i oppdrag å kartlegge nye kompetansemål i fag og ta initiativ til etterutdanning innanfor eige utdanningsprogram. Sjølv om det er grunn til å vente at det nye læreplanverket skal sikre større heilskap og samanheng innanfor fag og mellom fag, så veit vi frå tidlegare erfaringar med endring i læreplanverket at det den første tida vil kome mange spørsmål, og at den kollektive forståinga av oppdraget kan endre seg gjennom dei innleiande fasane i arbeidet. Når vi no skal mobilisere til felles innsats i møte med fagfornyinga, er det viktig at skuleleiinga legg opp til eit «langdistanseløp» over fleire år gjennom gode og varige strukturar for profesjonelt samarbeid. Opplæringsavdelinga vil ta initiativ til å samle innspel frå skular og fagnettverk for å få oversikt over kva som er nytt og kva kompetanseutvikling det er behov for. Vi ser fram til å ta fatt på arbeidet med fagfornyinga i lag med skulane, og ser fram til skulebesøka 2019/20. Fylkesdirektør opplæring Bjørn Lyngedal 2

Innhald Forord... 2 Skulane sitt pedagogiske utviklingsarbeid... 4 Plattform for pedagogisk utviklingsarbeid... 5 3

Skulane sitt pedagogiske utviklingsarbeid Skulane har ansvar for å vurdere eigen organisasjon og resultat i lys av sentrale og lokale styringsdokument. På grunnlag av vurderinga skal skulen utarbeide kunnskapsbaserte mål og tiltak. Det er skulane som skal definere tiltaksområde for det pedagogiske utviklingsarbeidet og grunngi valet ut frå lokal kontekst, styringssignal og relevant kunnskap. Kva kompetansar treng skuleleiarar, personale og elevar for å skape trivselsfremjande læringsmiljø der elevane opplever høgt læringsutybytte og oppnår målet om bestått vidaregåande opplæring? Korleis får vi prosessar på skulane som sikrar høg kvalitet på iverksettinga av utviklingstiltak? Den pedagogiske plattforma for pedagogisk utviklingsarbeid skal leggjast til grunn for skulane sitt skuleutviklingsarbeid og være tema i styringsdialogen gjennom VBV. 4

Plattform for pedagogisk utviklingsarbeid Skuleleiarar i HFK har ansvar for å arbeide systematisk med å: 1. Utvikle ein undervisnings- og vurderingskultur bygd på kunnskap, erfaringar og observasjon av læringssituasjonar, der det blir oppfatta som eit felles ansvar å undersøke kva elevane har lært og vurdere kva skulen skal gjere når eleven ikkje lærer det som er forventa. 2. Halde seg oppdatert om nyare kunnskap og forsking innan skuleutvikling og legge til rette for kunnskapsog erfaringsbasert dialog der elevane si læring står i sentrum. 3. Legge til rette for elevmedverknad i spørsmål som er av betyding for læringsutbyte og trivsel. 4. Skape og halde ved like eit godt psykososialt miljø med mål om nulltoleranse for mobbing, ved å legge til rette for samarbeid og bygge gode relasjonar internt og eksternt. 5. Kartlegge sider ved skulen si verksemd som kan føre til utanforskap og sjå til at det blir sett i verk effektive førebyggande tiltak/prosessar. 6. Identifisere elevar som står i fare for å ikkje fullføre og legge til rette for tett oppfølging og læring med fokus på meistring og motivasjon. 7. Involvere tilsette og elevar i arbeidet med å vurdere skulen sine resultat og utarbeide utviklingsmål og -tiltak som er tilpassa lokal kontekst og rammevilkår. 8. Mobilisere dei ressursane som trengs for å gjennomføre utviklingstiltak og sjå til at gjennomføringa av tiltaka blir følgt opp og vurdert. Relevante ressursar kan til dømes vere kompetanse, tid, organisering, struktur og økonomiske midlar. 5

Lærarane i HFK har ansvar for å arbeide systematisk med å: 1. Bidra aktivt til å utvikle ein felles undervisnings- og vurderingskultur bygd på kunnskap, erfaringar og observasjon av læringssituasjonar, der det blir oppfatta som eit felles ansvar å undersøke kva elevane har lært og vurdere kva skulen skal gjere når eleven ikkje lærar det som er forventa. 2. Halde seg oppdatert om forsking og utvikling innan eige fagområde og bidra til ein kunnskaps- og erfaringsbasert dialog med mål om å utvikle ein undervisnings- og vurderingspraksis der elevane si læring står i sentrum. 3. Legge til rette for elevmedverknad i undervisninga i spørsmål som er av betyding for læringsutbyte og trivsel. 4. Skape og halde ved like eit godt psykososialt miljø med nulltoleranse for mobbing gjennom å vere ein tydeleg klasseleiar og bygge gode relasjonar til gruppa og enkelteleven. 5. Møte alle elever med respekt og omtanke og bidra til at dei opplever læring, motivasjon og meistring, uavhengig av bakgrunn eller individuelle føresetnader. 6. Identifisere og følgje tett opp elevar som står i fare for å ikkje fullføre, gjennom fagleg tilrettelegging og systematisk samarbeid med elev, føresette, skuleleiing og støtteapparat. 7. Bidra i felles vurdering av skulen sine resultat og samarbeide med skuleleiinga, lærarar og elevar om utarbeiding av utviklingsmål og -tiltak som er tilpassa lokal kontekst og rammevilkår. 8. Fremje skulen si kvalitetsutvikling ved å bidra aktivt i gjennomføring og vurdering av skulen sine utviklingstiltak. 6

Elevane i HFK har ansvar for å: 1. Møte medelevar og tilsette med respekt og omtanke og bidra til å skape eit trygt psykososialt miljø med nulltoleranse for mobbing. 2. Bidra til å skape eit læringsmiljø der elevar og lærarar samarbeidar aktivt for å oppnå best mogeleg læring for alle. 3. Reflektere over eigen læringsprosess og delta i vurdering av eige læringsarbeid. 7

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 E-post: hfk@hfk.no www.hordaland.no Mai 2019. Opplæringsavdelinga/seksjon skule 8