Til stades frå verksemda:



Like dokumenter
Til stades frå verksemda:

TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG

SUNNDAL KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJ Postboks SUNNDALSØRA TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG

Holmestrand Kommune Rådhusgt HOLMESTRAND. Att. Rådmannen

Til stede fra Arbeidstilsynet ved samtlige verifikasjoner:

TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG TEMA: INNEKLIMA I OFFENTLIGE BYGG, HERUNDER SKOLER

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Til stede fra Arbeidstilsynet ved samtlige verifikasjoner:

Det vises til varsel om pålegg av , samt til tilbakemelding fra Karasjok kommune datert

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG ELLINGSRUDÅSEN SKOLE. Vi viser til tilsyn ved Ellingsrudåsen skole den hvor følgende deltok:

Jonas Marschner Kommunelege (vikar) Askvoll legesenter

Beskrivelse av tilsynstema og tilsynsprosessen I brev av etterspurte Arbeidstilsynet skriftlig dokumentasjon i forhold til følgende:

AURE KOMMUNE SENTRAL LEDELSE 6690 AURE TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG

TILSYNSRAPPORT VEDRØRENDE SIKRING AV VEDLIKEHOLD OG ET TILFREDSTILLENDE INNEKLIMA I RÆLINGEN KOMMUNE SINE SKOLEBYGG

VEDLIKEHOLDSPLANER M.M. VEDTAK OM PÅLEGG

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG VEDRØRENDE SIKRING AV VEDLIKEHOLD OG ET TILFREDSTILLENDE INNEKLIMA I AUDNEDAL KOMMUNE SINE SKOLEBYGG

Tilsyn - BALSFJORD BO- OG SERVICESENTER

Vi viser til tilsynsprosessen gjennomført hos Re kommune den 04.april 2011 og 14.april 2011 hvor følgende deltok:

Tilsynsrapport og varsel om pålegg

Tilsyn - BARNEVERNSTJENESTER

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG VEDRØRENDE INNEKLIMA OG VEDLIKEHOLD

Tilsyn - ÅMLI PLEIE- OG OMSORGSSENTER

VARSEL OM TILSYN VED OMVIKDALEN SKOLE

Vi viser til tilsyn ved Kastellet skole den hvor følgende deltok:

SURNADAL KOMMUNE RÅDMANN Bårdshaugvegen SURNADAL TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG

TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG VESTLI SKOLE. Arbeidstilsynet Oslo viser til tilsyn ved Vestli skole hvor følgende deltok:

I brev med varsel om pålegg av fikk dere frist til for å komme med kommentarer. Vi har mottatt kommentarer fra dere.

Vår ref. 2012/

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Odda komposteringsanlegg 25. mars 2014

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Vi viser til tilsyn gjennomført hos Gjerdrum kommune og to av skolene i kommunen. Tilsynene ble gjennomført og

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG VEDRØRENDE SIKRING AV VEDLIKEHOLD OG ET TILFREDSTILLENDE INNEKLIMA I GRAN KOMMUNE SINE SKOLEBYGG

Beskrivelse av tilsynstema og tilsynsprosessen I brev av etterspurte Arbeidstilsynet skriftlig dokumentasjon i forhold til følgende:

Tilsyn - ULLERUD HELSEBYGG

Beskrivelse av tilsynstema og tilsynsprosessen I brev av etterspurte Arbeidstilsynet skriftlig dokumentasjon i forhold til følgende:

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG VEDRØRENDE SIKRING AV VEDLIKEHOLD OG ET TILFREDSTILLENDE INNEKLIMA I GULEN KOMMUNE SINE SKOLEBYGG

Tilsyn - BERGEN KOMMUNE BYRÅDSAVDELING FOR HELSE OG OMSORG

Tilsyn - SELBU KOMMUNE NESTANSRINGEN BOFELLELSKAP

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Rapport frå inspeksjon 7. november 2012

RETNINGSLINJE FOR HANDTERING AV KONFLIKT

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG, BELSET SKOLE. Vi viser til tilsyn gjennomført ved Belset skole i Bærum kommune dato

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Rygge kommune v/rådmann Larkollveien DILLING TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG. Vi viser til tilsyn den hos Rygge kommune.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG ÅRNES SKOLE. Vi viser til tilsyn gjennomført ved Årnes skole i Nes kommune den

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG - SVINNDAL SKOLE. Vi viser til tilsyn gjennomført ved Svinndal skole i Våler kommune den

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Beskrivelse av tilsynstema og tilsynsprosessen I brev av 24.2 etterspurte Arbeidstilsynet skriftlig dokumentasjon i forhold til følgende:

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Øvre Eiker Kommune, Rådmannen Stasjonsgata Hokksund

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG - MAURA SKOLE. Vi viser til tilsyn gjennomført ved Maura skole i Nannestad kommune dato

Rapport frå inspeksjon ved Lindum Bioplan Eidfjord slamkomposteringsanlegg

Vi viser til tilsyn gjennomført ved Åsen skole i Lørenskog kommune Mette S. Haugstvedt, verneombud skole Elin Wanne, rektor

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Fylkesmannen i Hordaland fant 6 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema:

Rådmannen i Hemne kommune Trondheimsveien KYRKSÆTERØRA VEDTAK OM PÅLEGG. Vi viser til tilsyn hos VINJE BARNEHAGE den

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG VEDRØRENDE SIKRING AV VEDLIKEHOLD OG ET TILFREDSTILLENDE INNEKLIMA I LARVIK KOMMUNE SINE SKOLEBYGG

Vedtak om samtykke og gebyr Handsaming av søknad om samtykke etter arbeidsmiljøloven 18-9

Vi viser til tilsyn gjennomført ved Hovedgården ungdomsskole i Asker kommune dato

Vi viser til tilsyn gjennomført ved Landøya ungdomsskole i Asker kommune 5. mai Ingunn Steinnes, verneombud

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Det vises til varsel om pålegg av , hvor det ble gitt en frist for å komme med eventuelle kommentarer. Vi har ikke mottatt noen kommentarer.

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fylkesmannen i Hordaland fann 2 avvik under inspeksjonen innan følgjande tema: Internkontroll Lagring av farleg avfall

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG VEDRØRENDE SIKRING AV VEDLIKEHOLD OG ET TILFREDSTILLENDE INNEKLIMA I OSLO s SKOLEBYGG

TILSYNSRAPPORT OG VARSEL OM PÅLEGG FOR KLEVSTRAND SKOLE

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Aurland kommune Rådmannen

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Tilsyn - BALSFJORD KOMMUNE

Tilsyn - ÅS KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Tilsyn - HJEMMETJENESTEN SONE SØR

Beskrivelse av tilsynstema og tilsynsprosessen I brev av etterspurte Arbeidstilsynet skriftlig dokumentasjon i forhold til følgende:

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Kopi til: Rauma kommune Vollan 8a 6300 ÅNDALSNES Miljødirektoratet Administrativ faggruppe Fylkesmannen i Møre og Romsdal

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Endeleg rapport frå tilsyn med Fjell kommune ved Nav Fjell 2013

TILSYN - MALVIK KOMMUNE

TILSYNSRAPPORT MED VARSEL OM PÅLEGG- HAMMER SKOLE. Vi viser til tilsyn gjennomført ved Hammer skole i Lørenskog kommune dato

Namning av vegar i Fræna Kommune

Miljøretta helsevern har ikkje avdekka avvik ved skulen i 2012.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Rapport frå inspeksjon 6. mai Resultat frå inspeksjonen. Fusa mekaniske industri AS 5640 EIKELANDSOSEN. Rapportnummer: I.

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

Tilsyn - VIKNA KOMMUNE

Tilsynsrapport og varsel om pålegg

Tilsyn - ULLERUD HELSEBYGG

Tilsyn - BARNEVERNSTJENESTER

Fylkesmannen i Oppland SKJÅK KO. Stadfester rapport etter tilsyn - Barneverntjenesten i Lom og Skjåk og 11. juni 2015

y Y Kvinnherad kommune n 2915 ll [ex i

Transkript:

VÅR DATO VÅR REFERANSE 1 19.12.2011 2011/19020 DYKKAR DATO 21.11.2011 VÅR SAKHANDSAMAR Svein Arne Laugen tlf 481 55 408 DYKKAR REFERANSE Herøy kommune Rådhuset, Boks 274 6099 FOSNAVÅG Att. Sølvi Lillebø Remøy VEDTAK OM PÅLEGG Vi viser til tilsyn gjennomført hos Herøy kommune den 24.-25. oktober 2011. Til stades frå verksemda: Opningsmøte Rune Sjurgard Torill Myklebust Elisabeth Slettestøl Per-Sveinning Leine Sølvi Lillebø Remøy Robert Myklebust Marit Lillestøl Olga Eggesbø Ole Frank Bakken Atle Fagerheim Bergsøy skule Marit Lillestøl Olga Eggesbø Per-Sveinning Leine Monica Nerland Elisabeth Slettestøl Robert Myklebust Ytre Herøy ungdomskule Ole Frank Bakken Per-Sveinning Leine Olav Emdal Torill Myklebust Laila Elisabeth Slettestøl Robert Myklebust rådmann kommuneoverlege leiande helsesøster hovudverneombod skuleleiar eigedomsleiar rektor Bergsøy skule, avdeling Borga rektor Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen rektor Ytre Herøy ungdomskule hovudtillitsvald Utdanningsforbundet rektor, avdeling Borga rektor, avdeling Blåhaugen hovudverneombod verneombod Bergsøy skule leiande helsesøster eigedomsleiar rektor hovudverneombod verneombod kommuneoverlege leiande helsesøster eigedomsleiar POSTADRESSE E-POST TELEFON ORGANISASJONSNR Postboks 4720 Sluppen post@arbeidstilsynet.no 815 48 222 974771705 7468 Trondheim INTERNETT TELEFAKS Norge www.arbeidstilsynet.no 73 19 97 01

VÅR REFERANSE 2 Sluttmøte Rune Sjurgard Torill Myklebust Elisabeth Slettestøl Per-Svenning Leine Sølvi Lillebø Remøy Robert Myklebust Birgitte Sævik Pedersen Atle Fagerheim Marit Lillestøl Olga Eggesbø Monica Nerland Line Konningen Ole Frank Bakken Olav Emdal Frode J. Ose Til stades frå Arbeidstilsynet: Svein Arne Laugen rådmann kommuneoverlege leiande helsesøster hovudverneombod skuleleiar eigedomsleiar personalleiar hovudtillitsvald Utdanningsforbundet rektor Bergsøy skule, avdeling Borga rektor Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen verneombod Bergsøy skule verneombod Bergsøy skule rektor Ytre Herøy ungdomskule verneombod Ytre Herøy ungdomskule Hjelp24 - bedriftshelseteneste overingeniør Hensikta med tilsynet I tilsynssatsninga Inneklima i offentlege bygg set Arbeidstilsynet fokus på korleis kommunen (skuleeigar), skuleleiinga og dei tilsette arbeider saman i høve til det å skape eit godt inneklima. Mangelfullt vedlikehald og dårleg inneklima kan skade helsa til både tilsette og elevar og gje helseproblem eller sjukefråvær. Godt inneklima bidreg til god helse og betre læring. Difor samarbeider Arbeidstilsynet med helse- og undervisningsmyndigheitene i dette prosjektet. Ein av dei viktigaste reiskapane til kommunen for å sørgje for eit godt inneklima er gjennom det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet og det systematiske arbeidet med forvaltning, drift og vedlikehald (FDV). Systema skal bestå av gode verktøy som avdekker, betrar og reduserer risikoforhold som kan førebyggje helseproblem og sjukefråvær. Tema for tilsynet med kommunen Under tilsynet ba Arbeidstilsynet verksemda om å gjere greie for, og legge fram skriftleg dokumentasjon i høve til følgjande: Systema til kommunen for kartlegging, risikovurdering og oppfølging av inneklima og tilhøve som verkar inn på inneklima i skulane til kommunen (fordeling av roller og ansvar mellom skulane og kommunen). Kommunen sin overordna vedlikehaldsstrategi med tilhøyrande vedlikehaldsplan som skal følgjast opp gjennom dei einskilde skulane sine vedlikehaldsplanar. Tidfesta plan for meir omfattande rehabiliteringar med konkrete tiltak og grunnlaget for prioritering mellom dei skulane som kommunen har ansvar for. Mellombels tiltak som må iverksetjast der det er konstatert /kartlagt belastningar på grunn av utilfredsstillande inneklima.

VÅR REFERANSE 3 Vurderinga til rådmannen av om vedlikehald på planlagt nivå er nok for å oppnå og oppretthalde tilfredsstillande inneklima i skulane. Om resultat av tilstandskartlegging og prioritering av vedlikehald og rehabilitering har vore lagt fram for politiske utval/kommunestyre eller anna styrande organ. Tilknyting og bruk av godkjent bedriftshelseteneste (BHT) Godkjenning etter forskrift om Miljøretta helsevern for barnehagar og skular mv. Tema for tilsynet på skulane Kartlegging av inneklima Risikovurdering og oppfølging System for melding og handtering av avvik Reinhaldsrutinar Vedlikehaldsrutinar Rolleavklaring/medverknad Tilknyting og bruk av godkjent bedriftshelseteneste (BHT) Godkjenning etter forskrift om Miljøretta helsevern for barnehagar og skular mv. Vi viser til varsel om pålegg av 17.11.2011, der det vart gjeve ein frist for å kome med eventuelle kommentarar. Arbeidstilsynet mottok den 21.11.2011, tilbakemelding frå Herøy kommune. I denne tilbakemeldinga, kjem det fram kommentarar til påleggspunkt nr.1, 4 og 5. Når det gjeld dykkar kommentarar til påleggspunkt 1 og 4, blir desse til dels tatt til følgje (sjå grunngjeving for pålegg). Angåande påleggspunkt nr 5, har det ved ein inkurie verte fastsette feil tidsfrist, riktig tidsfrist for gjennomføring skal være 01.03.2012. Da saksbehandlinga vår har teke noe tid, gis det ein forlenging av frist for gjennomføring av påleggspunkt 1-6 på 1 månad. Grunngjeving for pålegg 1. Avvikshandtering - grunngjeving for pålegg nr 1 Herøy kommune har i forbindelse med dette tilsynet opplyst at de har tre system for avvikshandtering: 1) Kvalitetslosen; der ein melder avvik i høve brot på prosedyrer og rutiner i den daglege drifta 2) VPRO; der ein melder om manglar ved bygg og anlegg, og behov for tiltak som gjeld drift og vedlikehald 3) Vernerunder Kvalitetslosen er no under utbetring/revidering. I følgje kommunen har alle tilsette fått tilgang (utdelt brukarnavn og passord) til dette systemet. Under tilsynet kom det fram opplysningar som kan tyde på at ikkje alle har tilstrekkeleg kjennskap til dette systemet (opplæring). Rapportering av avvik er ein føresetnad for at uønska forhold blir kjende og at tiltak kan utførast før forholda vert forverra. Nokre avvik blei rapportert inn, men det var ingen

VÅR REFERANSE 4 samanheng mellom det som blei meldt inn og det som ble gjennomført av tiltak. Under tilsynet ved Herøy kommune vart det klart at avviksrutinane ikkje var godt nok kjent blant dei medverkande/tilsette. Kommunen må treffe tiltak slik at avvikssystemet blir betre kjent og brukt av de tilsette. I tillegg plikter kommunen med jamme mellomrom å revidere sine rutinar for å sikre at dei fungerer som føresett. Jf. forskrift om systematisk helse-, miljøog sikkerheitsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 6 2. Rutine for kartlegging av inneklima - grunngjeving for pålegg nr 2 I høve til arbeidsmiljøloven 3-1 (2) c, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 6, har arbeidsgivar plikt til å kartlegge farar og problem og på den bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforhold med det mål å førebygge arbeidsrelatert sjukdom og skade på grunn av uheldige inneklimaforhold. Herøy kommune gjennomfører årlege vernerundar, men har ikkje dokumentert tilfredsstillande kartlegging/målingar og vurdering av risiko knytt særskilt til inneklima, og forhold som har innverknad på inneklima, i dei skulane som kommunen har ansvar for. 3. Gjennomføring av risikovurdering av inneklima - grunngjeving for pålegg nr 3 Etter utarbeiding av rutinar/prosedyrar for kartlegging av inneklima, skal det gjennomførast ei risikovurdering av inneklimaforhold i alle skulane i kommunen. Jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 6 Arbeidstilsynet vil peike på nokre forhold som må kome med i ei slik risikovurdering. Ved både Bergsøy skule og Ytre Herøy ungdomskule var det fleire undervisningsrom der det mangla full ventilasjon og ved enkelte undervisningsrom mangla ventilasjon heilt. Til dømes mangla det blant anna avtrekk/punktavsug i samband med oppbevaring av kjemikaliar (maling, o.l.) ved Ytre Herøy ungdomsskules undervisningsrom for sløyd. Vidare mangla det tilfredsstillande ventilasjonsforhold i skolekjøkkenet og sløydrommet ved Bergsøy skule. Ventilasjonstilhøva i gymsalen til Bergsøy skule verka også å vere dårleg. I følgje dei tilsette ved Bergsøy skule, avdeling Borga, var lufta i læraranes arbeidsrom også følt som dårleg, mange klaga på hovudverk. Vidare var det mangelfull solavskjerming på lærarane sitt arbeidsrom ved Bergsøy skule, avdeling Borga. Dette var også tilfelle ved fleire tå undervisningsromma ved Bergsøy skule. Inne på arbeidsromma til lærarane ved begge skulane var det opne og til dels overfylte hylle, noe som vanskeleggjær eit godt reinhald (støvoppsamling). Vidare var det fleire steder ved skulane, kor det var skadar i golv/golvbelegg (sprekker, sår og liknande), som igjen medfører dårlege tilhøve for reinhaldarane. Inne på teikne- / formingsrommet ved Ytre Herøy ungdomskule var det ei stor strekk i golvet, noe som bør kontrollerast/vurderast opp mot byggnings-/konstruksjonsmessige forhold. Enkelte stader ved Bergsøy skule, avdeling Blåhaugen, var det overflater (over vanleg arbeidshøgde), som ikkje er lett å halde reine i den daglege drift. I høve synfaringa ved Bergsøy skule blei det stadfesta golvfliser som truleg inneheld asbest.

VÅR REFERANSE 5 Ved sanering av asbest må verksemda sikre seg at slike arbeider blir utført i tråd med krav gjeve i forskrift om asbest. Utifrå ei grundig kartlegging og risikovurdering skal Herøy kommune iverksetje nødvendige tiltak, slik at alle undervisningsrom/arbeidslokale har tilfredsstillande inneklimaforhold. Jf. forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokalar 8. Arbeidstilsynet vil oppfordre Herøy kommune til å nytte personell med kompetanse innanfor yrkeshygiene ved kartlegging og risikovurdering av inneklimaforhold. Alle godkjende bedriftshelsetenester skal mellom anna inneha slik yrkeshygienisk kompetanse. 4. Vedlikehaldsstrategi og vedlikehaldsplanar - grunngjeving for pålegg nr 4 Kommunen skal i samarbeid med arbeidsgjevar og tilsette utarbeide vedlikehaldsstrategi og planar for systematisk vedlikehald, og gjennomføre dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at inneklima til ei kvar tid er tilfredsstillande. Vedlikehaldsstrategien skal dokumenterast skriftleg og det skal lagast vedlikehaldsplanar for den einskilde skule. Jf. arbeidsmiljøloven 3-1 (2) c) jf. forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerhetsarbeid 5 (2) nr. 6. Det vart stadfesta under tilsynet at kommunen ikkje har ein overordna vedlikehaldsstrategi for skulene og at det heller ikkje er utarbeida vedlikehaldsplanar for den einskilde skule. Det er kjent gjennom omfattande undersøkingar av tilstanden til skulebygningar at mange kommunar har eit ganske stort etterslep i vedlikehaldet. Dette bidreg til at mellom anna inneklima ikkje er tilfredsstillande. Det er kommunen si oppgåve å gjennomføre naudsynte tiltak så raskt som muleg og prioritere tiltaka ut frå ein vurdering av tilstand og risiko. 5. Fuktskadd materiale - grunngjeving for pålegg nr 5 På begge skulane vart det avdekt fuktproblem. På Ytre Herøy ungdomskule har det ved fleire høve rent vatn inn i gangar og undervisningsrom. Her blei det ved synfaring stadfesta synlege fuktskadar oppe i taket i gangen utanfor bibliotek/arbeidsrom for lærarane. Det ble også funne fuktskadar ved Bergsøy skule, ved begge avdelingane. Blant anna blei det funne fuktskadar på enkelte vindauge ved begge avdelingane. Inne på gymsalen ved Bergsøy skule, avdeling Borga, var det enkelte stadar at golvet svikta/gav litt etter. Da det tidligare har vært drift av symjebassenget under gymsalen, bør det gjennomførast ein kontroll av tak- og gulvkonstruksjonar, for å avdekkje eventuelle fuktskade. Under tilsyna ute på skulane vart det stadfesta at fuktskadd materiale ikkje vart fjerna/utbetra. For at det skal vere eit godt inneklima på skulen må det vere klare retningslinjer i FDVsystemet som sikrar ein god oppfølging av bygget og skjerming av tilsette/elevar/brukarar dersom det skjer ein vasskade eller ein finn ein fuktskade. Jf.. forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokalar 8. Påviste fuktskadar i skulebygningane til kommunen, skal utbetras på ein tilfredsstillande måte og alt av fuktskadd materialar skal fjernast/sanerast. Dette punktet bør sjåast i samanheng med påleggspunkt 3.

VÅR REFERANSE 6 6. Radonmåling - grunngjeving for pålegg nr 6 Det fanst ikkje dokumentasjon på utførte målingar av radon i kommunen sine skular. Radon kan utgjere ein alvorleg helseskadeleg faktor i bygg. Det kan vere store lokale variasjonar av radonnivå i dei enkelte kommunar. Arbeidstilsynet ber om dokumentasjon på gjennomførte radonmålingar. Skulle målingar vise overskriding må det utarbeidast tidfesta handlingsplanar for å redusere eksponering til eit tilfredsstillande nivå. Jf. forskrift om systematisk helse, miljø og sikkerhetsarbeid 5 (2) nr. 6. og forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokalar 8. Viser vidare til forskrift om stråling og bruk av stråling (stålevernforskriften) 6, 5-ledd, der mellom anna følgjande blir nemnt: "Radonreduserende tiltak skal iverksettes i barnehager, skoler mv. som er omfattet av forskrift 1. desember 1995 nr. 928 om miljørettet helsevern i skoler, barnehager mv. 2, dersom radonnivået overstiger 100 Bq/m 3 (tiltaksgrense). Tilsvarende gjelder for boliger hvor eier ikke bor eller oppholder seg. Radonnivået skal uansett ikke overstige grenseverdien på 200 Bq/m 3 i slike bygninger og lokaler..." Pålegg Arbeidstilsynet har heimel til å gje pålegg og til å setje vilkår etter arbeidsmiljølova 18-6 første og sjette ledd. På grunnlag av det som er gjort greie for her, vil vi gje følgjande pålegg: 1. Herøy kommune må utarbeide betre rutinar/prosedyrar for melding og behandling av avvik. Rutinar/prosedyrar må gjerast kjent blant dei tilsette, jf. forskrift om systematisk helse-, miljøog sikkerhetsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 6. Frist for gjennomføring av pålegget vil vere: 01.04.2012. Pålegget vert rekna som oppfylt når Arbeidstilsynet har fått tilsendt kopi av nye/reviderte avviksrutinar (avvikssystem). 2. Herøy kommune skal, utarbeide og iverksetje skriftlege rutinar, for å sikre jamleg og systematisk kartlegging av helsefarar og problem knytt til skulebygningar og installasjonar med omsyn til forhold som kan påverke inneklima. Dette for å kunne sikre at inneklima til ei kvar tid er tilfredsstillande, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 7. Frist for gjennomføring av pålegget vil vere: 01.04.2012. Pålegget vert rekna som oppfylt når Arbeidstilsynet har fått tilsendt kopi av rutinar som skal sikre gjevnleg og systematisk kartlegging av helsefarar som kan påverke inneklimaet i skulane til kommunen.

VÅR REFERANSE 7 3. Herøy kommune skal, foreta ein risikovurdering av dei funn som er avdekt i forbindelse med kartlegging av helsefarar og problem knytt til alle skulebygningar og installasjonar med omsyn til forhold som kan påverke inneklima, for å kunne sikre at inneklima til ein kvar tid er tilfredsstillande. Tilsette og deira representantar skal medverke i dette arbeidet, jf. Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr.6. Frist for gjennomføring av pålegget vil vere: 01.05.2012. Pålegget vert rekna som oppfylt når Arbeidstilsynet har fått tilsendt kopi av risikovurdering av relevante inneklimautfordringar. 4. Herøy kommune skal, på bakgrunn av risikovurdering i pålegg 3, utarbeide vedlikehaldsstrategi og planar for systematisk vedlikehald for den enkelte skule, og gjennomføre dei tiltak som er nødvendige for å sikre at inneklima til ein kvar tid er tilfredsstillande. Arbeidstakarane og deira representantar skal medverke i dette arbeidet, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 6 Frist for gjennomføring av pålegget vil vere: 01.07.2012. Arbeidstilsynet set følgjande vilkår til dette varsel om pålegg: I vedlikehaldsplan for den enkelte skule skal det gå fram tidsfristar og ansvarleg for gjennomføring av tiltak. I vedlikehaldsplan for den enkelte skule skal det gå fram kva for midlertidige og kortsiktige tiltak som skal settes i verk. I vedlikehaldsplan for den enkelte skule skal det gå fram kva for tiltak som vert sette i verk for regelmessig vedlikehald. I vedlikehaldsplan for den enkelte skule skal det gå fram ei skildring av omfattande vedlikehald og rehabiliteringar for dei skulane der normalt vedlikehald ikkje vil være tilstrekkeleg åleine for å oppnå eit tilfredsstillande inneklima. Pålegget vert rekna som oppfylt når Arbeidstilsynet har fått tilsendt kopi av kommunens vedlikehaldsstrategi og vedlikehaldsplanane for den enkelte skule. 5. Herøy kommune må utarbeide ei rutine for fuktsanering. Rutinen må nyttast ved sanering av fukt i skulebygningane i kommunen, jf. forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid i verksemder 5, 2. ledd nr. 6 Frist for gjennomføring av pålegget vil vere: 01.04.2012. Pålegget vert rekna som oppfylt når Arbeidstilsynet har fått tilsendt kopi av rutine for fuktsanering. 6. Herøy kommune må gi tilbakemelding til Arbeidstilsynet om resultat av radonmålingar utført i skulane i kommunen. Jf arbeidsmiljøloven 18-5 (1). Skulle slike målingar ikkje vere gjennomført ved alle skular i kommunen, vil Arbeidstilsynet gi pålegg om målingar. Jf forskrift om arbeidsplassar og arbeidslokalar 8.

VÅR REFERANSE 8 Frist for gjennomføring av pålegget vil vere: 01.07.2012. Pålegget vert rekna som oppfylt når Arbeidstilsynet har fått tilsendt kopi av måleresultat for kvar enkelt skule i kommunen. Verksemda skal sende skriftleg tilbakemelding til Arbeidstilsynet. Tilbakemeldinga skal syne korleis kvart påleggspunkt er etterkome. Pålegg vert ikkje rekna for etterkome før Arbeidstilsynet har motteke tilbakemelding som syner at pålegg er utført, jf. arbeidsmiljølova 18-6 sjette ledd. Meldinga skal vere underteikna av arbeidsgjevar eller den som har fullmakt frå arbeidsgjevar. Meldinga kan også underteiknast av verneombod eller tilsette sin representant. Moglege konsekvensar av at pålegga ikkje vert etterkome innan fristen Om Arbeidstilsynet ikkje har motteke skriftleg tilbakemelding om at pålegget er etterkome innan fastsatt frist, kan Arbeidstilsynet gi ein løpande tvangsmulkt eller eingongsmulkt, jf. arbeidsmiljølova 18-7. Arbeidstilsynet kan og heilt eller delvis stanse verksemda sin aktivitet til pålegget er etterkome, jf. arbeidsmiljølova 18-8. Klagerett Partane kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova 28. Fristen for å klage er tre veker frå dette brevet er motteke. Direktoratet for arbeidstilsynet er klageinstans. Klagen skal sendast Arbeidstilsynet Midt-Norge. For nærare framgangsmåte ved klage, viser vi til orientering som ligg ved her. Orientering til verneombod/representant for dei tilsette Etter arbeidsmiljølova 6-2 sjette ledd og 18-6 åttande ledd skal verneombodet, eventuelt tillitsvalte og tilsette sine representantar gjerast kjende med pålegg som er gjevne. Kopi av vedtaket ligg ved. Vi ber om at du gjev opp vårt referansenummer 2011/19020 ved svar. Med helsing Arbeidstilsynet Midt-Norge Jan Erik Rinnan tilsynsleiar (sign.) Svein Arne Laugen overingeniør (sign.) Dette brevet er godkjend elektronisk i Arbeidstilsynet og har difor ingen signatur.

VÅR REFERANSE 9 Kopi til: Herøy kommune v/ Ordfører Herøy kommune, Eigedomsavdelinga Herøy kommune, Hovudtillitsvald i kommunen Herøy kommune, Hovudvernombod Herøy kommune, Kommuneoverlege Herøy kommune, Rektor ved Bergsøy skule Herøy kommune, Rektor ved Ytre Herøy ungdomskule Herøy kommune, Verneombod ved Bergsøy skule Herøy kommune, Verneombod ved Ytre Herøy ungdomskule Fylkesmannen i Møre og Romsdal, v/ Fylkeslegen Fylkeshuset 6404 MOLDE Fylkesmannen i Møre og Romsdal, v/ Utdanningsdirektør Fylkeshuset 6404 MOLDE Vedlegg: Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak