Prosjektskildring for Føregangsfylke økologisk frukt og bær 2014-17

Like dokumenter
FØREGANGSFYLKE FOR ØKOLOGISK FRUKT OG BÆR

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Strategiplan for Apoteka Vest HF

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Forslag frå fylkesrådmannen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Til godkjente omsetningsledd for ordningen med Distrikts- og kvalitetstillegg for frukt og grønt.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Årsmelding 2014 for Sognefrukt SA

Auka konkurransekraft gjennom samarbeid om felles FoUutfordringar. Finn fram i finansieringsjungelen, Oslo, 20. april 2010

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Merkur programmet. Den multifunksjonelle nærbutikken Bokhandelen i distriktet. programmet.no

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

«Ny Giv» med gjetarhund

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Les for livet - del 2 (Ref # )

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Vinje kommune. Sluttrapport

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Lønnsundersøkinga for 2014

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Kva er økologisk matproduksjon?

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

AGROGASTRONOMI PLAN FORPROSJEKT UTVIKLING AV FAGSKULE INNAN MATKULTUR PÅ HJELTNES

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Den nye seksjon for applikasjonar

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Børild Skåra Arkivsak: 2015/433 Løpenr.: 5409/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta landbruksnemnd

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SØKNAD OM DRIFTSTILSKOT TIL FUZZ AS FOR

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Transkript:

Prosjektskildring for Føregangsfylke økologisk frukt og bær 2014-17 Fylka Hordaland og Sogn og Fjordane har i 2010-13 år vore Føregangsfylke for økologisk frukt og bær, med eit mangfald av aktivitetar for å stimulere til auka produksjon og forbruk av økologisk frukt og bær. Det har i denne perioden vore ei jamn auke i økologisk frukt-og bærareal i Noreg, og ikkje berre i dei to Vestlandsfylka (figur 1). Figur 1. Samla areal av all økologisk frukt- og bær produksjon i Noreg (målt i daa) i perioden 2009-2012 (Kjelde : Debio). SLF rapporterte i september 2013 om ei auke i omsetjinga for blant anna kjernefrukt, på over 50% frå 2011 til 2012. Totalt sett var det nesten 15% auke i frukt-og grøntsektoren første halvdel av 2013. Det tyder på auka etterspurnad og at det framleis er eit marknadspotensiale for både å auke produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt-og bær. Føregangsfylka kan og bør spele ei viktig rolle i ei framtidig og nasjonal satsing innan norsk økologisk frukt-og bær. Vårt hovudmål er at Føregangsfylke økologisk frukt og bær skal bidra til å auke produksjonen og forbruket av norsk økologisk frukt og bær i Noreg til 15% innan 2020. Konkret målsetting: I 2017 skal 10% av den norske økologisk frukt-og bærproduksjonen vera økologisk godkjend og minst 15% av forbruket av økologisk frukt og bær skal koma frå norsk produksjon i norsk sesong. (bær: juni-august, frukt: august-november). 1

Status og potensiale Marknad Ferske tal frå dei største fruktlagra viser at det er ei jamn auke i produksjon av frukt (kl.1). Til dømes har produksjonen av økologiske eple auka frå 59 tonn i 2010 til 112 tonn i 2013 (figur 2). Figur 2. Produksjon av norske økologiske eple (målt i tonn klasse 1 standard) i utvalde fylke i perioden 2010-2013 (Kjelde: GPS). I 2010 sette Bama ein terskelverdi på 100 tonn økologiske eple for at dette produktet skulle vera interessant å distribuere i den norske marknaden. No er målet nådd, men ein ser ei innsnevring i kva for del av produksjonen som er interessant for daglegvarehandelen. Enkelte grossistar pakkar til dømes berre økologiske eple i størrelsen 70-80 i 6-pakningar, og gjev økologisk meir-pris berre for dette produktet. Resten vert omsett som konvensjonell vare. Det gjer at ein mindre del av produksjonen vert omsett som økologisk, og produsenten får i snitt mindre meirpris. Gjennom to ulike satsingar mot storhushalding i 2013 (sjukehus i Førde og skulefrukt i Hordaland) vart det opna for å omsetje også andre størrelsar av eple som økologisk. Det tyder på at ein i framtida må satse parallelt med sal av økologiske produkt til daglegvarehandelen og storkjøkken/offentleg innkjøp for å få omsatt heile produksjonen som økologisk. For økologiske plommer skjer ei anna karakteristisk utvikling. Fruktlageret som distribuerar flest økologiske plommer har hatt ei jamn auke i produksjonen frå 2010-2013 (tabell 1). Ved dei andre fruktlagra er det levert inn svært små mengder økologiske plommer og dei har vorte selde som konvensjonelle plomme. Tabell 1. Utvikling i produksjonen (målt i tonn)av den økologiske plommeproduksjonen ved Hardanger fjordfrukt i perioden 2010-2013 (kjelde: GPS). 2010 2011 2012 2013 Hardanger Fjorfrukt 13 tonn 14 tonn 11 tonn 30 tonn I 2013 vart 36% av den økologiske plommeavlinga i Hardanger seld som økologisk resten vart omsett som konvensjonell. 2

Det er med andre ord eit stor utfordring at store delar av den økologiske produksjonen ikkje finn vegen til forbrukaren som økologisk vare. Difor er det viktig i framtida å drive god produksjonsplanlegging i saman med salskanalane og grossistane, og syte for at den eksisterande økologiske produksjonen vert omsett som økologisk i rett type avtakarar i marknaden. Økologisk bærproduksjon er ei ferskvare kor det viktig å satse på rask omsetting av produksjonen. Lokal distribusjon av dei norske økologiske bæra har vore ein avgjerande strategi for å sikre god kvalitet til kundane. Dette har dei hausta gode erfaringar med i Agder-fylka, og det er eit godt eksempel på korleis ein parallelt må arbeide med å bygge produksjon og marknad for økologiske produkt. Prosjektet Økologiske bær på Agder og forbrukeres prissensitivitet (2013-15)) er eit tilknytningsprosjekt under Føregangsfylke økologisk frukt og bær, og vil bidra med verdifull erfaring for ei framtidig nasjonal bærsatsing. Erfaringar frå marknadsarbeid innan økologisk frukt og bær i Føregangsfylke og andre regionale omsettingsprosjekt av økologisk frukt og grønt, konkluderar med at dette må få auka fokus i framtida. Økologisk produksjon må verte meir marknadsdreven, for å sikre omsetting av varene som økologiske også i ein oppbyggingsfase av økologisk produksjon. Positiv marknadsutvikling for økologisk frukt og bær vil også gje signal til produsentane om at det er behov for varene. Det vil motivere dei til å legge om til økologisk produksjon eller utvide eksisterande øko-produksjon. Innsal av økologisk frukt og grønt til daglegvarehandelen og innpass i storkjøkken gjennom anbodsprosessar i det offentlege, krev ei målretta og profesjonell satsing. Det er det ikkje kunnskap og ressursar til slik Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Føregangsfylke grønt er organisert i dag. Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Føregangsfylke økologisk grønt starta difor i 2013 eit samarbeid for å koordinera marknadsarbeidet økologisk frukt og grønt. Det er ein naturleg strategi då daglegvarehandelen og storhushaldninga ikkje skil på frukt-bær og grønt i sine bestillings- og distribusjonssystem. I tillegg har frukt- og grøntsektoren mest dei same utfordringane i å nå marknaden med dei økologiske varene sine. Det er produsentane som har uttrykt eit behov for å kunne sikre omsetting av varene sine som økologiske og oppretthalde meirprisen. Målet er å etablera ein marknadskoordinator for økologisk frukt-bær og grønt. Å samarbeide om ein marknadskooordinator vil kunne styrke kommunikasjonen og profesjonalisera dei økologiske frukt-bær og grøntprodusentane sitt arbeid opp mot marknadsaktørane. Vi ynskjer å samle det økologiske produsentmiljøet i 2014 og forankre rolla og stillinga til ein marknadskoordinator gjennom eit produsentinitiativ. Sjå delmål 1 i tiltaksplanen med forslag til tiltak som bør leggjast til ein marknadskoordinator for økologisk frukt og bær (50% av stillinga). Vårt mål er å ha ei Effektiv og sikker omsetting av all norskprodusert økologisk frukt og bær som økologisk vare med meirpris. Konkret målsetting: 100% av all norsk frukt og bær som vert økologisk produsert til konsum, skal verte omsett på marknaden til minst 20% meirpris for produsenten. Auka produksjon Daglegvarehandelen og grossistane er spesielt opptekne av evna til å kunne levere riktige mengder og ha jamn levering av kvart produkt, for å halde lønsemda. Det betyr at norske frukt - og bærprodusentar må vera konkurransedyktige på kvalitet og mengde i norsk sesong, for å vera 3

leveringsdyktige til daglegvarehandelen. Ein må drive god produksjonsplanlegging og produsera god sal-og produksjonsstatistikk for å kunne møte behova i marknaden. Føregangsfylkeprosjektet vil framleis har ei viktig oppgåve med å auke produksjon og kvalitet av økologisk frukt og bær: Sjå delmål 2 i tiltaksplanen for målsetting og tiltak. Føregangsfylke økologisk frukt og bær har saman med fag-og produsentmiljø i dei to fylka klart å auke areala i perioden. Det har vore ei jamn auke frå 448 til 923 daa i dei to fylka frå 2009-2012 (figur 3). Figur 3. Samla areal med økologisk frukt- og bærproduksjon (målt i daa) i Hordaland og Sogn og Fjordane i perioden 2009-2012 (kjelde: Debio). Ser ein på dei samla statistikken for økologisk frukt og bær areal i Noreg ser ein ei liknande trend : Frå 2010-2012 har produksjonsareala med norsk økologisk frukt og bær auka frå 4,1 % til 5,6 % av den totale produksjonen av frukt og bær i Noreg. I areal vil det seie frå 1790 daa i 2010 til 2447daa i 2012 (kjelde: Debio). Men ser ein på karenstal for den same perioden, er det ein negativ utvikling i denne arealstatstikken (figur 4). Figur 4. Fulldyrka areal med økologisk frukt- og bærproduksjon, inkludert areal i karens (målt i daa) i perioden 2009-2012 (kjelde: Debio). Det tyder på at auke i areal av økologisk frukt og bær vil flate ut, og for å motverke dette må ein framleis arbeide for å auke produksjonen, gjennom landsdekkande aktivitet og god koordinering av eksisterande prosjekt. Eit landstekkande fokus er viktig for å kunne nå målet om 15% økologisk produksjon innan 2020, då eksisterande areal med økologisk frukt- og bærproduksjon må 3-doblast innan 2020. Men det er ikkje nødvendigvis eit mål å få mange fleire dyrkarar for å nå målet om auka 4

produksjon. Ein kan like gjerne arbeide for at dei som driv vellukka økologisk produksjon i dag, kan auke produksjonen per dekar og/eller drive meir areal. NILF sine undersøkingar frå 2010 (NILF; Notat 2012-15) viser at avling per daa for eple varierer frå 52,6 til 2000 kg pr daa. Liknande tal for bringebær er frå 40 til 1400 kg pr daa. Mange av dei dyrkingstekniske løysingane fleire delprosjekt i Føregangsfylkeprosjektet og Bioforsk/NN/NLR har arbeida fram, har vore viktige for å forstå korleis ein kan få til ein effektiv og vellukka økologisk produksjon av økologisk frukt og bær. Ein har arbeidd systematisk med å løyse flaskehalsar knytt til produksjonen, for å auke norsk økologisk frukt- og bærproduksjon les meir erfaringar og framtidig behov i kommunikasjonsplanen. Denne kunnskapen er no klar til å systematiserast og formidlast til dyrkarane, men det vil krevje ekstra arbeidsinnsats frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær og aktørane som driv med rådgjeving og FoU-arbeid. Ein ny prosjektmedarbeidar i 100% stilling skal difor tilsettast for å drive informasjons - og motiveringsarbeid overfor produsentane. Arbeid med å drive fram nye utviklings - og forskingsprosjekt (FoU-arbeid) knytt til utfordingar i produksjonen (kvalitet og volum) er også ei viktig oppgåve lagt til denne stillinga. Sjå Delmål 2 med tiltaksplan. Føregangsfylkeprosjektet sitt samla mål er framleis å auke avling og kvalitet på frukt og bær til konsum. Konkret målsetting: Økologisk areal per 2020 skal vere 6600 daa som er 15% av samla frukt - og bærareal i Noreg. (Grunnlagsmaterialet for å fastsetje realistiske mål for kg/daa, areal/produsent, og utsorteringsprosent er ikkje klare enno, men vil utarbeidast som eit vedlegg til prosjektrapport for Føregangsfylke økologisk frukt og bær 2012). Informasjon Mange erfaringar frå dei første fire prosjektåra er klare for å formidlast til dyrkarane gjennom ulike kanalar sjå kommunikasjonsplanen som vart utarbeidd fyrste halvdel av 2013. To av dei viktigaste informasjonskanalane som ein må få på plass, er ei nettside for økologisk- frukt og bærdyrkarar, samt eit landsdekkande nyheitsbrev. Føregangsfylke økologisk frukt og bær har gjennomført prøveprosjekt av dette dei siste åra, og har erfart at det er eit tidkrevjande arbeid som vil vera viktig å prioritera for både prosjektleiar (auka stilling med 10%) og den nye prosjektmedarbeidaren. I ei vidare satsing blir det også viktig å dele informasjon frå Føregangsfylkearbeidet med andre aktørar innan forvaltninga, rådgjeving og fagtenesta. På sikt bør det også formidlast forbrukarretta informasjon om økologisk frukt-og bærproduksjon, i samarbeid med aktørar som har etablerte formidlingkanalar for denne målgruppa. Difor har me formulert eit eige delmål 3 for denne satsinga, kor Føregangsfylke økologisk frukt og bær må arbeide for å etablere informasjons-strukturar som sikrar god informasjonsflyt om økologisk frukt-og bærproduksjon til forbrukarar, støtteapparat og produsentar. Konkret målsetting: Etablera strukturar for informasjonflyt som kan eksistera utan Føregangsfylkeprosjektet i 2018. Løysingar på nasjonalt nivå Det er fleire flaskehalsar både i produksjon og forvaltning som ikkje kan løysast med regionale delprosjekt, men må løysast på nasjonalt nivå. Utan god nasjonal og regional statistikk er det til dømes vanskeleg å måle effekten av satsinga i både Føreangsfylke økologisk frukt og bær, og Føregangsfylke grønt. Det er behov for å utvikle betre verkty for overvaking av norsk økologisk frukt - og grøntproduksjon, samt volumstatistikk for sal av norske økologiske varer i grossist og 5

daglegvaresystem. Det finst god statistikk for kor store areal det vert produsert økologiske varer på gjennom Debio. Men det er få data for kor mykje som vert produsert på areala og kor mykje som vert omsett som økologisk i norsk daglegvarehandel og storkjøkken 1. Det gjer det vanskeleg, dyrt og tidkrevjande å sette realistiske og gode målsettingar, og finne målbare tiltak som kan gje effekt i produksjonen og marknaden. Dette er eit felles interesseområde for både Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Føregangsfylke grønt, som må løysast på nasjonalt nivå. Påverknad på regelverksutforming og tolkingar har vorte gjort gjennom god dialog med Mattilsynet, NLR, Regelverksutvalet og Debio. Dei same partane har Føregangsfylke økologisk frukt og bær vore i kontakt med i samband med vurdering av nye plantevernmiddel som er godkjent for økologisk drift i Norden. Fleire potensielle plantevernmiddel til norsk økologisk planteproduksjon har ikkje godkjenning gjennom Mattilsynet, og har dermed heller ikkje distributør i Noreg. Dette arbeidet må oppretthaldast i framtida gjennom Føregangsfylke økologisk frukt og bær i samarbeid med aktørane. Den nye regelverkstolkinga av parallellproduksjon, gjeldande frå 2014, vil truleg føre til nedgang i norsk økologisk produksjon av frukt, bær og grønt i framtida. Dette har Føregangsfylka og NLR teke opp med forvaltinga mange gonger. Vidare kommunikasjon mellom Føregangsfylka, NLR og forvaltinga er naudsynt, for å finne løysingar som ikkje har negativ verknad på økologisk produksjon i Noreg. Økologisk frukt-, bær- og grøntsatsing har vorte fronta som ein spydspiss for å fremje miljøvenlege strategiar, som også det konvensjonelle miljøet innan planteproduksjon kan dra nytte av. Det ser ein spesielt tydeleg effekt av innan plantevernstrategiane som økologisk landbruksproduksjon nyttar. Til dømes er olje sprøyting som tiltak mot overvintrande egg av bladlus og midd (haustsprøyting) ein vanleg praksis i dag. Denne tilrådinga vart gjennomført etter dokumentert effekt av denne behandlinga, i eit forskingsprosjekt på økologiske bringebær (Bioforsk, 2011). Mekanisk ugrashandtering kan verte aktuelt for konvensjonelle produsentar i framtida, då ein ser ein tendens til at effektive ugrasmiddel ikkje lenger vert godkjent av Mattilsynet eller ikkje har importør som søkjer godkjenning i Noreg. Slike eksempel er viktige og ein må difor halde fram arbeidet med å stimulere til nye forskingsprosjekt (FoU-arbeid) med nasjonal overføringsverdi, og arbeide fram miljøvenlege dyrkingsstrategiar for heile den norske frukt-bær og grøntnæringa. I Føregangsfylke økologisk frukt og bær vil ein i framtida aktivt arbeide for å definere flaskehalsar i produksjon og forvaltning som må løysast på nasjonalt nivå og sette i verk tiltak. Konkret er målsettinga å syte for at norsk økologisk frukt-og bærproduksjon er statistisk dokumenterbar og ha like produksjonsvilkår som dei andre nordiske landa. Småskala produksjon og omsetting NILF si undersøking Økologisk frukt og bær i Noreg hvor mye produseres det og hvordan omsettes det? (Notat 2012-15) viser at om lag 35 % av den økologisk frukt- og bæravlinga vert omsett privat eller ved direktesal. Ein ser også trendar kor private forbrukarar går inn i samanslutningar om å kjøpe økologiske produkt rett frå bonden, som til dømes i andelslandbruk, abonnementsordningar, spesialbutikkar for økologiske varer eller Bondens marknad. Lokalmataktørane i fylka vil difor vere viktige samarbeidspartnarar for gje økologiske varer innpass i lokalmatdistribusjon -og profilering. 6

Arenaer for sal av lokalmat er ofte fyrste omsettingskanal for nye produkt, som skal ut og testast på marknaden. Dyrkarane har i ein oppbyggingsfase av økologisk frukt-og bærproduksjon ofte små volum, og ein finn høg andel til 2. sortering og ukurante sortar for daglegvarehandelen. Desse råvarene bør også kunne omsettast som økologiske eller vidareforedlast, for å kunne gje økonomi for produsentane i ein oppbyggingsfase av den økologiske produksjonen. Det er difor behov for både for å utvikle nye økologiske produkt av økologisk frukt og bær, som kvalitetssikra produkta fram til forbrukar. Dersom ikkje det er god smak og kvalitet på dei økologiske produkta til småskalaprodusentane av økologisk frukt og bær, kan det skade omdømmet til økologiske varer i framtida. Hovudmålsetting i delprosjekt 5 er å syte for at økologiske råvarer av frukt og bær, som ikkje kan omsetjast i til daglegvarehandelen, vert omsett og foredla som økologiske varer. Konkret målsetjing: økologiske råvarer av frukt og bær, som ikkje kan omsetjast i daglegvarehandelen, skal omsettjast og foredlast som økologiske varer. Kort aktør- og verdikjedeanalyse for økologisk frukt og bær i Noreg På side 9 er det utarbeidd eit aktørkart som viser ulike nivå som påverkar produsentane. Aktørane er delt inn i tre hovudgrupper, kor dei viktigaste aktørane i kvar undergruppe er lista øvst: Marknadsaktørar (dalegvarehandelen, aktørar innan storhushaldning og offentleg innkjøp, er viktige marknadsaktører i framtida) Produsent - og FoU-institusjonar (fagtenesta) Forvaltninga (LMD, SLF, FMLA i alle fylker, Debio og Mattilsynet). Det er i denne gruppa Føregangsfylkeprosjekta er forankra. (Kommunikasjonsorgan er også lista i aktørkartet på side 9, men det er kanalar for å spreie informasjon og ikkje reelle aktørar.) Forvaltninga Det er gode kontaktpunkt mellom bestemte aktørar innad i forvalting, LMD-SLF-FMLA har alle eit naturleg samarbeid. Regelverksutvalet fungerer som eit godt møteorgan for regelverksspørsmål, men Føregangsfylka har ikkje møterett i dette organet. Nettverksmøta mellom Debio og NLR fungerer som einaste møteplass for Føregangsfylka når det gjeld regelverksspørsmål. Føregangsfylka blir inviterte til møta, men er ikkje ein reell samarbeidspart i møte med NLR og Debio. Her kunne det ha vore eit tettare kopling mellom Føregangsfylka (Fylkesmannen), Debio (Mattilsynet) og NLR. Då kunne ein ha funne meir effektive løysingar for forvaltningsspørsmål (t.d. koplingar mellom regelverk og tilskot) innan økologisk landbruksproduksjon, samtidig som produksjonsretta problem vert synliggjort av rådgjevarane i NLR. 7

Kommunkasjonsgap mellom produsentar og marknad Det er eit godt samarbeid mellom FoU-institusjonar, rådgjevingtenesta og frukt-og bærlager i dag. Dei utviklar prosjekt i lag og arrangerer jamnleg møte for produsentane. Løysingar for økologisk drift har vorte integrerte i aktuelle tema på møta, og dermed normalisert økologisk drift. På nokre samlingar er også produsentorganisasjonane og grossistane tilstades, men det er få eller ingen møteplassar kor daglegvarehandelen er synlege. Det er med andre ord gode samarbeidsstrukturar for produsent-og FoU-organisasjonane, men liten kontakt med salsleddet i verdikjeda. Det er eit marknadskoordinerande ledd innan frukt-og bærsektoren for økologiske produsentar som manglar for å kunne målrette produksjonen, og få innpass med norske økologiske varer i marknaden. Føregangsfylke vil i 2014 arbeide saman med produsentorganisasjonane for å finne løysingar på dette kommunikasjonsgapet, gjennom å tilsette ein felles marknadskoordinator. Offentleg innkjøp for auka økologisk forbruk Innan offentleg innkjøp har det vore arbeidd godt og systematisk frå Føregangsfylke forbruk (FMOA) med å lage rettleiar for offentleg innkjøp av økologisk mat. I tillegg har statleg miljøfyrtårnsertifisering og gull/sølv/bronse-godkjenninga av bedrifter som serverer økologisk mat, gjort det enklare å få innpass med økologiske varer i storkjøkken og offentleg innkjøp av mat. Dette arbeidet må halde fram skal ein få mange nok suksesshistoriar som kan gje ringverknader. Føregangsfylke økologisk frukt og bær ser likevel eit behov for å kunne søke råd frå ein erfaren jurist i diskusjonar med ulike aktørar, om korleis dei skal formulere øko-andelar i offentleg innkjøp. Kommunikasjonskanalar mellom ulike nivå. Kommunikasjonskanalane som er lista i aktørkartet, viser dei viktigaste kanalane for kommunikasjon mellom produsent og fagtenesta (viktige publikasjonar, nettsider og ulike media). Men det eksisterar ikkje gode kanalar for å spreie erfaringar mellom forvaltnings- og fagorgan. Utveksling av informasjon om løysingar frå andre Føregangsfylkeprosjekt og frå utviklingsprosjekt innan distribusjon og forbruk av økologisk mat, blir i framtida viktig for å vise suksesshistoriar frå alle økologi-prosjekt med offentleg støtte. Føregangsfylke økologisk frukt og bær ser eit behov for eit nasjonalt kommunkasjonsverktøy for å sikre dette arbeidet. 8

9

Fotnoter: 1. Statlege instansar fører ikkje volumstatistikk bortsett frå Hagebruksundersøkelsen (SLF) som har ikkje detaljerte nok innsamling av volumdata frå økologiske produksjonar. Ein kunne ha sett det på Distrikts- og kvalitetstilskotet (SLF), men den skil ikkje på konvensjonell og økologisk avling. Daglegvarehandelen og grossistane skiljer heller ikkje mellom norsk og importerte økologiske varer i sin statistikk som vert levert The Nielsen Company (i SLF sine rapportar om produksjon og omsetting av økologiske landbruksvarer i Norge). Den indikerar dessutan berre omsetting i verdi, og ikkje volum. 10