STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR Endeleg vedtaksorgan: Kommunestyret Saksansvarleg.: Torbjørn Emblem Arkiv: FE-145 Objekt: Arkivsaksnummer 10/1289 SAKSGANG Saksnr Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksbehandlar 121/10 Formannskapet 24.11.10 TE 020/10 Råd for menneske med nedsatt 07.12.10 TE funksjonsevne 074/10 Kommunestyret 15.12.10 TE Økonomiplan 2011-2014 Vedlegg i saka: Brevdato Dok.dato Tittel Dok.ID 18.11.10 Økonomiplan 2010-2013 306 Dokumentliste i arkivsaka: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 18.11.10 Fylkesmannen i Møre og Utvikling i kommuneøkonomien i 2009 Romsdal 3 I 21.11.10 Stordal kyrkjekontor Økonomiplan 2012-2014 Stordal kyrkjekontor 4 X 24.11.10 Økomomiplan 2011-2014 - Kunngjering
Andre saksdokument (ikkje vedlagt): Budsjettinnspell frå etatane/avdelingane desse ligg i budsjett 2011 saka. Saksopplysningar Økonomiplanene for 2011 2014 bygger på budsjett for 2011 og dei føresetnader som ligg til grunn der. Rulleringa av økonomiplanene bygger vidare på vedteken økonomiplan for 2010 2013.vedkomande investeringsdelen. Innspel til investeringssida og driftssida i økonomiplanen frå etatane/avdelingane kjem klart fram i notata som ligg i budsjettsaka for 2011. Rådmannen legg opp til ein økonomiplan som vil kunne vidareføre dagens driftsnivå på tenester samstundes som ein tek høgde for dei investeringar som ligg i allereie vedteken økonomiplan. Utfordringane her er dei største investeringane og finanskostnader knytt til desse. I praksis vil dette sei at den langsiktige finansieringa av Stordalstunet, nye skule og etableringasåra av vatn/avlaup Øvre Stordal er finansiert inn i økonomiplanperioden. Vedteken økonomiplan inneheld desse investeringane: 2010. Skulebygg kr 2.000.000,- (finansiert med samla 15 million) Kvammen bru (nye investeringsmidlar i driftsbudsjett 2010) kr. 2.000.000,- # # Ein føreset maksimal medfinansiering frå fylke m/fl vert lagt inn i finansieringa av prosjektet. Ev. restmidlar jf. Løyvinga på kr. 2.000.000,- vert å vurdere ved budsjettrevisjonen. Personalrom Andershaugen barnehage kr 200.000,- Stordalstunet kr 800.000,- Heilårsveg Kvitlevegskiftet/til Pusken bru kr 1.000.000,- * Totalt: kr 2.000.000,- * Ein legg til grunn at når naudsynte planar, kostnadsoverslag og finansieringsplan er godkjende, kan midlane finansierast fram. Vegar og bruer kr. 800.000,- Stordalstunet kr. 800.000,- Kloakkrenseanlegg kr 400.000,- Totalt: kr 2.000.000,- Kloakkrenseanlegg kr. 2.000.000,- Gang og sykkelveg Øvrebust - Mo/Vad (Løset).
For det som gjeld gang og sykkelveg må om naudsynt dette finansierast så snart som mogleg etter at prosjektet er innarbeidd i naudsynte planar (jf. føreståande rullering NTP), regulering gjennomført og grunnavtalar sikra. Vurdering: Stordal kommune har gjennom 2010 vedteke budsjettrevisjon som og skal ha virkning for ramme inn i økonomiplanenperioden. Desse endringane er i hovudsak fylgjande: Auke av ramma innan ansvar 3000 3999 med kr. 300.000,- Reduksjon av ramma innan ansvar 2000 29999 med kr. 300.000,- Reduksjon av avsetjing auka arb.gj..avgiftsfond med kr 1.000.000,- Auke av ansvar 9000 finansområde med kr 1.000.000,- I tillegg til dese endringane har Stordal kommunestyre vedteke å auke investeringsramma for ny/tilbygg ved Stordal skule med kr 10.000.000,- til samla kr 25.000.000,-. Kommuneøkonomien for mindre kommunar i planperioden gjev ikkje signal om eit større løft på overføringar i frie inntekter (skatt og rammetilskot). Det vil såleis ikkje vere grunnlag for at ein i denne perioden iverksett tiltak eller investeringar utover vedteke tiltak og investeringar som ikkje vert finansiert innanfor dagens drifts- og investeringsrammer. Stordal kommune har dei siste 15 åra nytta netto budsjettrammer som styringsverktøy for den kommunale tenesteytinga. Dette gir etatane/avdelingane mogligheiter til å gjennomføre endringar og påvirke eigne inntekter/utgifter for å få optimal kommunal dalig drift. Planperioden 2011 2014 vil såleis legge opp til at dagens tenestetilbod i hovudsak vert vidareført og at nye tiltak vert finansiert innanfor etatane/avdelingane sine eigne rammer gjennom endringar, tilpassningar og eigne inntekter. Rådmannen legg såleis opp til at budsjettrammene for 2011 vert førande og grunnlaget for kommunal drift i planperioden og at investeringsbudsjettet for planperioden vert likt vedtek justert økonomiplan for 2010 2013, med tillegg av året 2014. FRAMLEGG TIL VEDTAK: Formannskapet legg fram forslag til vedtak for kommunestyret Behandling i formannskapet 24.11.10: Ole J Vidhammer sette fram fylgjande forslag til vedtak: 1. Driftsdelen i økonomiplanperioden vert vidareført på same nivå som 2010 sine nettorammer. Endringar i rammer og tenestetilbod vert å vurdere ved kvart årsbudsjett/rullering av Økonomiplanen i perioden. 2. Finansieringane vert finansiert ved låneopptak, etter dei til ei kvar tids gjeldande vilkår.
Vegar/bruer kr. 800.000,- Heis kommunehuset kr. 1.200.000,- Heilårsveg Overøye bruene kr. 1.000.000,- Innanfor finansieringa i Økonomiplanen 2010-2013. Stordalstunet kr. 800.000,- Skifte vindu aust Kyrkja kr. 700.000,- Kloakkrenseanlegg kr. 400.000,- Skulebygg kr. 1.000.000,- Kloakkrenseanlegg kr. 2.000.000,- Uthus kyrkja kr. 400.000,- 2014: Kloakkrenseanlegg kr. 1.000.000,- Beplanting kyrkjegarden kr. 100.000,- Gang- og sykkelsti Øvrebust-Vad kr. 1.000.000,- 4. Dersom planar og fylkeskommunal merverknad tilseier det, kan gang- og sykkelvegen verte framprioritert i høve til 2014. Det vart i møtet framsett fylgjande endringar i høve til forslaget frå Ole J Vidhammer: Under pkt. 3.. - Heilårsveg Overøye bruene kr. 200.000,- - Forprosjektering ny barnehage kr. 300.000,- - Vatn og avløp kr. 500.000,- Under pkt. 3. - Kyrkja. Garasje/redskapshus kr. 400.000,- Ole J Vidhammer sitt forslag til vedtak med dei endringar som kom fram i møtet, vart samrøystes tilrådd. FS-121/10 VEDTAK: 1. Driftsdelen i økonomiplanperioden vert vidareført på same nivå som 2010 sine nettorammer. Endringar i rammer og tenestetilbod vert å vurdere ved kvart årsbudsjett/rullering av Økonomiplanen i perioden. 2. Finansieringane vert finansiert ved låneopptak, etter dei til ei kvar tids gjeldande vilkår.
Vegar/bruer kr. 800.000,- Heis kommunehuset kr. 1.200.000,- Heilårsveg Overøye bruene kr. 200.000,- Forprosjektering ny barnehage kr. 300.000,- Vatn og avløp Øvre Stordal kr. 500.000,- Innanfor finansieringa i Økonomiplanen 2010-2013. Stordalstunet kr. 800.000,- Skifte vindu aust Kyrkja kr. 700.000,- Kloakkrenseanlegg kr. 400.000,- Skulebygg kr. 1.000.000,- Kloakkrenseanlegg kr. 2.000.000,- Kyrkja. Garasje/redskapshus kr. 400.000,- 2014: Kloakkrenseanlegg kr. 1.000.000,- Beplanting kyrkjegarden kr. 100.000,- Gang- og sykkelsti Øvrebust-Vad kr. 1.000.000,- 4. Dersom planar og fylkeskommunal merverknad tilseier det, kan gang- og sykkelvegen verte framprioritert i høve til 2014. Behandling i RFUN 07.12.10: Ole Johan Vidhammer sette fram fylgjande forslag til uttale: Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne har merka seg framlegget til økonomiplan for perioden 2011-2014, og har for sin del ingen vesentlege merknader til dei foreslåtte tiltaka. Ein vil likevel vise til sak om nye omsorgsbustader og ved det reise spørsmålet om ikkje dette tiltaket for det som gjeld investeringssida burde ha vore med for 2011 eller 2012. Framlegget vart samrøsytes vedteke RFUN-020/10 VEDTAK: Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne har merka seg framlegget til økonomiplan for perioden 2011-2014, og har for sin del ingen vesentlege merknader til dei foreslåtte tiltaka.
Ein vil likevel vise til sak om nye omsorgsbustader og ved det reise spørsmålet om ikkje dette tiltaket for det som gjeld investeringssida burde ha vore med for 2011 eller 2012. Behandling i kommunestyret 15.12.10: Handsaming av denne saka vart gjort etter at kommunestyret hadde ferdighandsama sak 025/10 -Budsjett 2011 Med vising til vedtak under sak 025/10 vert pkt. 3 endra som fylgjer: Skulebygg kr. 12.000.000 Vegar/bruer kr. 800.000 Heis kommunehuset kr. 1.200.000 Forprosjektering ny barnehage kr. 300.000 Vatn og avløp Øvre Stordal kr. 500.000 Innanfor finansieringa i Økonomiplanen 2010-2014 Formannskapet si tilråding til vedtak med ovannemnde endringar samrøystes vedteke. KS-074/10 VEDTAK: Stordal kommunestyre vedtek slik økonomiplan for 2011-2014: 1. Driftsdelen i økonomiplanperioden vert vidareført på same nivå som 2010 sine nettorammer. Endringar i rammer og tenestetilbod vert å vurdere ved kvart årsbudsjett/rullering av Økonomiplanen i perioden. 2. Finansieringane vert finansiert ved låneopptak, etter dei til ei kvar tids gjeldande vilkår. Skulebygg kr. 12.000.000 Vegar/bruer kr. 800.000 Heis kommunehuset kr. 1.200.000 Forprosjektering ny barnehage kr. 300.000 Vatn og avløp Øvre Stordal kr. 500.000 Innanfor finansieringa i Økonomiplanen 2010-2014. Stordalstunet kr. 800.000 Skifte vindu aust Kyrkja kr. 700.000 Vegar bruer kr. 800.000 Kloakkrenseanlegg kr. 400.000 Skulebygg kr. 2.000.000 Skulebygg kr. 1.000.000 Kloakkrenseanlegg kr. 2.000.000 Vegar bruer kr. 800.000 Kyrkja. Garasje/redskapshus kr. 400.000
2014: Kloakkrenseanlegg kr. 1.000.000 Vegar bruer kr. 800.000 Beplanting kyrkjegarden kr. 100.000 Gang- og sykkelsti Øvrebust-Vad kr. 1.000.000 4. Dersom planar og fylkeskommunal merverknad tilseier det, kan gang- og sykkelvegen verte framprioritert i høve til 2014.