RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR LIFJELL BØ KOMMUNE PLANPROGRAM Fastsett av formannskapet 18.3.13
INNHALD 1. Innleiing...3 1.1. Mandat...3 1.2. Formål med planarbeidet...3 1.3. Planområdet...4 1.4. Gjeldande plan...4 1.5. Overordna føringar for planarbeidet...5 2. Planprosess...6 2.1. Organisering...6 2.2. Framdrift...6 2.3. Medverknad...7 3. Behov for utgreing i planprosessen...7 3.1. Utgreiingar frå førre rullering av kommunedelplan for Lifjell...7 3.2. Tema for utgreiingar ved denne rulleringa...8 4. Kjelder...8 KVA ER EIT PLANPROGRAM? Planprogrammet er eit styringsdokument for arbeidet med rullering av kommunedelplanen og utgjer det fyrste dokumentet i planprosessen. - Fortel om føremålet med planlegginga - Fortel om dei overordna føringane for arbeidet - Skildrar kva som skal vere tema for konsekvensutgreiinga - Skildrar planprosess, framdrift og opplegg for medverknad - 2 -
1. Innleiing 1.1. Mandat Gjeldande kommunedelplan for Lifjell vart vedtatt 14.2.2005. I planstrategi for Bø kommune 2012-2015 er rullering av denne kommunedelplanen prioritert hausten 2012. Kommunen har ikkje prioritert ei full rullering av planen, men ei rullering der ein del sentrale tema vert drøfta. Kva for tema som skal prioriterast vart drøfta i formannskapet i sak 090/12. Saka dannar grunnlag for prioriteringane i planprogrammet. Plankart og føresegner for gjeldande plan er å finne på www.bo.kommune.no. 1.2. Formål med planarbeidet Det er i utgangspunktet ikkje eit føremål med rullering av kommunedelplan for Lifjell å vurdere heilt nye utbyggingsområde, men det kan verte aktuelt å endre på avgrensing av utbyggingsområde som ligg inne i gjeldande plan dersom dette er riktig utfrå ei heilskapleg vurdering. Eit sentralt føremål med rulleringa er å vurdere bruken av rekkefylgjekrav til bygging av heis. All utbygging av hytter på Lifjell (med unntak av fortetting i eldre hyttefelt) skjer no etter dispensasjon frå rekkefylgjekravet om utbygging av heis D før utbygging av hytter i fyrste byggetrinn (PTN-sak 155/10). Dispensasjonsvedtaket gir utbyggarar i fyrste byggetrinn lov å bygge 60 hytter før heisen er ferdig bygd. Vidare skal plassering av utbyggingsområde i utbyggingstrinn vurderast og når ein kan tillete opning av eit nytt utbyggingstrinn. Marknaden for varme senger har endra seg sidan planen vart vedtatt i 2005, og omfanget av varme senger og utnytting av sentrumsområdet skal vurderast. Det er vidare eit føremål å vurdere føresegner om utnytting av tomtene i kommunedelplanen, parkeringskrav og om det bør gjerast endringar i løypetraséar som ikkje inngår i reguleringsplan. Utbygging av v/a-nettet på Lifjell krev bygging av eit nytt høgdebasseng. Det må setjast av areal til dette i planen. Ved utarbeiding av planen i 2005 forelå det ikkje aktsemdskart for snoskredfare frå NVE på Lifjell. Dette ligg føre no, og framtidige utbyggingsområde og hovudløypetraséar innafor planområdet må vurderast på bakgrunn av denne kunnskapen. - 3 -
1.3. Planområdet Planområdet vil vere avgrensa som i gjeldande plan: Planområdet dekker eit område på 14 000 daa frå Glekse (1120 moh) i nordvest til Åseåa (300 moh) i aust og Østlikollen (600 moh) i sør. Jønnbuplatået ved foten av høgfjellet er det sentrale utbyggingsområdet og turutfartsområdet i planen. Mot nord inngår delar av sjølve høgfjellsplatået, frå Bøkstulnatten og inn til Skåråfjellholmen. Mot vest går grensa fra toppen av Glekse til Anebunatten og derifrå ned i Okslajuvet og rundt Vihuskollen. Arealet består for det meste av lågbonitet skog, fattig fjellbjørkeskog, myr og snaufjell. I lia ned mot Årmotdalen er det innslag av meir produktiv skog. 1.4. Gjeldande plan Gjeldande kommunedelplan legg til rette for utbygging av om lag 400 nye hytter i hyttefelt, eit høgt utnytta sentrumsområde med leiligheter og forretningar og 11 alpinheisar, sjå kartutsnitt under. Det er ved hjelp av rekkefylgjekrav lagt opp til parallell utbygging av hytter og heisar i fem byggetrinn. Trinn 1 omfattar utbygging av hytteområda H6 (del 1), H7, H9, D1, sentrumsområdet S1 og sambandstrekket (heis D). Det er vedtatt reguleringsplanar for hytteområda i trinn 1 (unntatt H9), øvre del av sentrumsområdet og sambandstrekket. For alle vedtatte reguleringsplanar er det inngått utbyggingsavtale mellom utbyggar og kommunen. Gjennom avtalene er kostnads- og ansvarsfordeling for teknisk infrastruktur fordelt. I tråd med vedtatte reguleringsplanar (og kommunedelplanen n.d.gj. H9) kan det byggast 130 hytter i trinn 1. Innafor sentrumsområdet er det som grunnlag for utbyggingsavtalen anslått om lag 360 nye leiligheter. Kommunen ga i 2010 dispensasjon frå rekkefylgjekravet om at heis D skal vere bygd før utbygging av trinn 1 for frådeling/sal av 60 hyttetomter (2 leiligheter tilsvarar ei hytte). I dag er det bygd/selt om lag 30 tomter - 4 -
og 12 leiligheter i områda H6, S1 og H7. Utbygginga har gått betydeleg saktare enn anslått i 2005, da prognosane tilsa at det skulle vere bygd/selt 310 einingar i løpet av 2010. Gjeldande kommunedelplan 1.5. Overordna føringar for planarbeidet Ei rekke lovar, retningsliner og overordna planar legg føringar for planarbeidet. Nedanfor er dei viktigaste nemt: Plan- og bygningslova Forskrift om konsekvensutgreing Naturmangfoldlova Kulturminnelova RPR barn og unge i planleggingen RPR areal og transport i planleggingen RPR for vernede vassdrag Regional plan for reiseliv og opplevelser Kommunale og interkommunale planar som ligg til grunn for rulleringa: Kommuneplanens samfunnsdel og arealdel Kommunedelplan for klima og energi Strategisk næringsplan for Midt-Telemark - 5 -
Fylgjande reguleringsplanar gjeld innafor planområdet: Fv 153 Lifjell hotell Gapet (1993) Skitrekk og løypenedfart på Lifjell (1993) Jønnbu (2000) Jønnbu, del av Kalveliane (2001) Del av Østerli sameige (2001) Lifjell feriesenter (2006) Hytteområde H6 (2007) Sentrumsområdet S1_2 og hytteområdet H7 (2007) Bråtenfeltet - D1 (2007) Samanbindingsheis D på Lifjell (2011) Offentleg veg og parkering på Lifjell (2007) 2. Planprosess 2.1. Organisering Rullering av kommunedelplanen vert organisert som eit prosjekt: Prosjekteigar: Formannskapet (planutval for kommunedelplanar) Prosjektansvarleg: Rådmannen Prosjektleiar: Sakshandsamar ved Teknisk eining Prosjektgruppe: Politikarrepresentant frå formannskapet, representant frå Midt-Telemark Næringsutvikling, ekstern plankonsulent og prosjektleiar 2.2. Framdrift Nov Desjan Feb Mars Apr Mai Juni Juliaug Sep X Forslag til planprogram lagt fram for X Offentleg ettersyn av planprogram, pres. i PTN- Nov Des x Fastsetting av planprogram i formannskapet x x x Utarbeiding av planforslag x Drøfting i formannskapet x Drøfting i regionalt planforum x 1.gongs handsaming i formannskapet. Folkemøte x x Offentleg ettersyn x Vedtak av planen - 6 -
2.3. Medverknad Planprogrammet vert lagt ut på offentleg ettersyn og oppstart av planarbeidet vert varsla i tråd med krava i plan- og bygningslova 11-12 og 11-13. Planprogrammet vert presentert for hovudutval for plan, teknikk og næring (PTN) mens det ligg ute til offentleg ettersyn. Hovudutval for kultur, idrett og miljø (KIM) har ikkje møte i høyringsperioden. Midt-Telemark Næringsutvikling ynskjer å få utarbeidd ein erfaringsgjennomgang av gjeldande plan, med fokus på dei spørsmåla som er føremål for rulleringa, ei analyse av i kva grad det er økonomisk realistisk å få gjennomført rekkefylgjekrava om utbygging av heisar og ei analyse av trender og utviklingstrekk i liknande destinasjonar, sjå kap 3.2. Analysa skal ligge føre før planprogrammet vert vedtatt. Resultatene i rapporten vil verte presentert i eit ope møte for aktørane på Lifjell før planprogrammet vert fastsett av formannskapet. Kommunen vil be om regionalt planforum på nyåret 2013 for å drøfte planprogrammet med regionale styresmakter før dette vert fastsett. Prosjektgruppa vil undervegs i arbeidet, før planforslaget vert lagt fram til 1.gongs handsaming, invitere til dialog med aktuelle aktørar innafor planområdet. Omfanget av dette vil bli vurdert undervegs, avhengig av tema som skal drøftast. Det vil verte gjennomført drøfting i formannskapet undervegs i prosessen, før forslaget vert lagt fram til 1.gongs handsaming. KIM-utvalet og PTN-utvalet vil bli orientert i møte undervegs i planprosessen, t.d. i møta i mars/april. Forslag til plan vert lagt ut på offentleg ettersyn i tråd med krava i plan- og bygningslova 11-14. Det vil bli invitert til ope folkemøte medan planforslaget ligg ute til offentleg ettersyn. 3. Behov for utgreing i planprosessen Forskrift om konsekvensutgreiing (KU) 2 set krav om KU for alle kommunedelplanar der det vert angitt område for utbygging. Det er i hovudsak ikkje lagt opp til å ta inn nye utbyggingsområde i rulleringa, men ein kan ikkje utelukke muligheten til å endre på avgrensing av utbyggingsområde som ligg inne i gjeldande plan. 3.1. Utgreiingar frå førre rullering av kommunedelplan for Lifjell Konsekvensar av utbyggingsområde som ligg inne gjeldande plan vart vurdert ved førre rullering. Det vil difor ikkje vere behov for å vurdere dette på ny. Ved førre rullering var fylgjande utgreiingar utført: Kartlegging av biologisk mangfald av framtidige utbyggingsområde (Faun 2004). Etter dette er det gjort registrering av biologisk mangfald i samband med reguleringsplan for sambandstrekket. Registrering av kulturminne (Telemark fylkeskommune 2004) Landskapsanalyse (Feste 2004) Kartlegging av eksisterande og framtidige friluftsaktivitetar I tillegg vart trafikktryggleik ved framtidig utbygging vurdert i samarbeid med Statens vegvesen, og det var gjort ei gjennomfang av risiko- og sårbarhet, inkl. historiske data for skred- og rasfare - 7 -
3.2. Tema for utgreiingar ved denne rulleringa Natur, miljø og kulturminne Landskap og biologisk mangfald Det er ikkje lagt opp til ytterlegare kartlegging da nye utbyggingsområde ikkje er tema for rulleringa. Rapporten frå førre rullering og data i Naturbase vil bli lagt til grunn for planarbeidet. Evt. endringar i utbyggingsområde må utgreiast med omsyn på biologisk mangfald og landskap. Dette gjeld og areal til nytt høgdebasseng. Kulturminne Det er ikkje lagt opp til ytterlegare registreringar da nye utbyggingsområde ikkje er tema for rulleringa. Rapporten frå førre rullering og data i Kulturminnesøk vil bli lagt til grunn for planarbeidet. Ved endringar i avgrensing av utbyggingsområde kan det verte aktuelt med arkeologiske registreringar. Samfunnstema Samfunnstryggleik NVE har utarbeidd aktsemdskart for snøras som dekker planområdet. Desse karta var ikkje utarbeidd ved førre rullering. Det er difor behov for å gå gjennom framtidige utbyggingsområde og hovudløypetraséar innafor planområdet på bakgrunn av denne informasjonen. Det er ikkje lagt opp til ytterlegare kartlegging av snøskredfare utover aktsemdskarta på kommunedelplannivå. Det vil vert utarbeidd ROS-analyse. Friluftsliv Det er ikkje lagt opp til ytterlegare kartlegging da nye utbyggingsområde ikkje er tema for rulleringa. Evt. endringar i utbyggingsområde må utgreiast med omsyn på friluftsliv. Dette gjeld og areal til nytt høgdebasseng. Kartlegging frå førre rullering og kartlegging av viktige friluftsområde frå 2009 vert lagt til grunn for planarbeidet, saman med lokalkunnskap. Lifjell løypelag vil stille GPS-registreringar av vinterløypene (2013) til rådighet for planarbeidet. Det vert gjort vurdering av om det er behov for å justere delar av løypetraseane som ikkje inngår i reguleringsplanar. Vurderingane gjerast i samråd med Lifjell løypelag. Teknisk infrastruktur Konsekvensar for utbygging av kommunalt v/a-nett må vurderast dersom det gjerast endringar i t.d. plassering av utbyggingsområde i utbyggingstrinn eller utnytting av sentrumsområdet. Næringsutvikling Midt-Telemark Næringsutvikling vil få utarbeidd ei analyse av økonomisk realisme i gjennomføring av rekkefylgjekrava om utbygging av heisar. Analysa skal og vise trender og utviklingstrekk i liknande destinasjonar. Analysa vil vere eit grunnlagsdokument for den vidare planprosessen. 4. Kjelder Faun 2004. Kommunedelplan for Lifjell, Bø kommune. Vurdering av biologisk mangfald. Feste 2004. Notat landskap. Telemark fylkeskommune 2004. Kulturhistorisk registrering. Bø kommune, Lifjell - 8 -