Strategidokument

Like dokumenter
STRATEGI FOR SPRÅK, LESING OG SKRIVING

PLAN FOR EIT INKLUDERANDE BARNEHAGE- OG SKULEMILJØ

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Språkkommuner Gardermoen, 11. mai 2016 Utdanningsdirektoratet

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

STRATEGIPLAN FOR SPRÅKKOMMUNEPROSJEKTET

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Sør-Varanger kommune SPRÅKLØYPER STRATEGIPLAN SØR-VARANGER KOMMUNE. Innledning: «FØRST I REKKA - barnehagene i Sør-Varanger».

BARNEHAGANE vbnmqwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq. KVINNHERAD KOMMUNE wertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui

Haust 2018 EIN TRYGG START PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE - SKULE KVITESEID KOMMUNE

Utlysning av midler til språkkommuner

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

KVALITETSPLAN SKULAR OG BARNEHAGAR

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

VEDLEGG: TILTAKSPLAN. 6.1 Kompetanseheving hos barn og unge i matematikk

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Språkkommune. Strategi for 2019

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

SAK er språkkommune fra høsten 2017

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kompetanseplan for barnehagane i Stord kommune Foto: Mariann Steinsland

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Ungdomstrinnsatsinga

PPT no og i framtida.

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Handlingsplan. for. grunnskulen i Vestnes

Analyseverktøy for status for språk, lesing og/eller skriving i kommunen

Framlegg til planprogram

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Utviklingsplan. Luster Oppvekstsenter

Regelverksamling Oppvekstsjef Olav Fure

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Mette Anfindsen Arkiv: A20 Arkivsaksnr.: 18/176

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden Vedteken av Ørskog kommunestyre

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Verksemdsplan for Vest-Telemark PP-teneste 2011

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/ OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Utviklingsplan 2016 Meling skule. «Elevarbeid 6. klasse»

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

på vegne av barn og unge

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Tiltaksplan Tett på realfag Nasjonal strategi for realfag i barnehagen og grunnopplæring a ( )

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Tryggleikssirkelen i systemretta arbeid

HÅ KOMMUNE VIGRE SKULE OG BARNEHAGE

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND HANDLINGSPLAN Prinsippet om vasshjul og sagbruk blir utprøvd i Sveio barnehage

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Plan for overgangar. for barn og unge

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Analyseverktøy for status for språk, lesing og/eller skriving i kommunen/fylkeskommunen Dette analyseverktøyet skal fylles ut og legges ved søknaden.

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

SØKNAD OM RETTLEIING I SAMBAND MED IMPLEMENTERING AV RAMMEPLAN FOR KULTURSKULEN

Erfaringsdeling

Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule i Stord kommune

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

1.1 Bakgrunn Prosjektet er ein del av oppfølginga av Styringsdokument for oppvekst Stord kommune vedteke i K-styret i sak 29/07 (juni 2007).

Årsmelding Misje skule 2018

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Kvalitetsmelding for 2014

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Inkluderande barnehage og skulemiljø Plan for arbeidet med inkluderande barnehage og skulemiljø i Sogn

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Transkript:

Språkkommunen Stord Strategidokument 2018-2019

Innhald Innleiing... 3 Føremål... 3 No-situasjon/ situasjonsskildring... 4 Hovudmål / overordna mål... 4 Målgruppe... 4 Innsatsområder og resultatmål... 4 Organisering... 5 Medspelarar... 6 Evaluering og læring... 6 Rapportering... 6 Vedlegg... Feil! Bokmerke er ikke definert. 2

Innleiing Stord kommune er, som ein av 28 kommunar i Noreg, blitt teke med i den nasjonale satsinga «Språkkommuner pulje 2». Dette strategidokumentet skal gje rammene for Stord kommune sitt arbeid som språkkommune. Som språkkommune skal Stord kommune ha fokus på heile opplæringsløpet gjennom barnehagen og grunnskulen sitt barne- og ungdomssteg. Stord kommune har over år hatt låg score på nasjonale prøvar i lesing. Kartleggingsprøva i lesing som vart gjennomført i 2016 syner at Stord kommune har fleire elevar på 1. og 2.trinn som ligg under bekymringsgrensa samanlikna med fylket og nasjonalt. Våren 2017 scorar 5 av 7 barneskular under grenseverdien som gir raudt resultat i Puls på nasjonale prøvar i lesing på 5.trinn. Dårleg lesedugleik blant born og unge kan ha sterkt negative konsekvensar både for den einskilde og for samfunnet som heilskap. Elevar som går ut av skulen utan tilstrekkeleg språkkompetanse, vil få vanskar både i yrkeslivet, samfunnslivet og dagleglivet. Strategien skal forankrast politisk og inngå i dei lokale planane for utvikling av barnehage og skule i kommunen. Strategien er forankra hos barnehage- og skuleeiger og hos leiarane i barnehage og skule. Strategien skal bidra til at me alle held stø kurs og prioriterer slik at mål vert nådd. Føremål Språk, lesing og skriving er nøkkelkompetansar kvart enkelt menneske treng for aktiv deltaking i eit samfunn som stiller høge krav og forventningar til samfunnsborgarane. Dugleikar innan språk er avgjerande for kommunikasjon og samspel mellom menneske, og arbeid med barn sine sosiale- og språklege dugleikar må derfor vera gjennomgåande i heile utvikling- og opplæringsløpet. Dette byggjer på ei overordna forståing av at det er eit nært samspel mellom språk og læringsmiljø som saman rustar barn for livslang læring. Stord kommune sitt arbeid med språk må derfor sjåast i samanheng med kommunen sitt arbeid i prosjektet «Ein inkluderande barnehage, skule og SFO. Ein inkluderande barnehage, skule og SFO som hindrar utanforskap og som bidreg til læring, utvikling og livsmeistring». God språkutvikling er avgjerande for leik og sosiale relasjonar i barnehagealder, men også for lesing, skriving og læring i skulealder. Eit godt språk i tidleg alder lettar lese og skriveutviklinga i skulen (Aukrust, 2005; Scarborough et al., 2009: Hagtvet et al., 2011; Sandvik et al., 2014 i Bakgrunnsdokumentet for Nasjonal satsing for språk, lesing og skriving 2016-2019). I dag er det store forskjellar på korleis det vert jobba med språk, lesing og skriving i dei ulike barnehagane og skulene. Forskjellen finst ikkje berre mellom barnehagar og mellom skular, men også innad i dei ulike verksemdene. Stord kommune vil med denne strategien styrka dei tilsette sine kunnskapar, dugleikar og haldningar til språk, lesing og skriving, og utvikla ei felles forståing og eit felles språk hos dei som jobbar med barn si språkutvikling. Dette arbeidet skal jamna ut forskjellane mellom barnehagane og mellom skulane, komma alle barn til gode og føra til ein synlig endring av praksis på avdelingar og i klasserom. For å nå dette målet er kompetanseheving blant dei vaksne det aller viktigaste strategiske grepet. Stord kommune har difor og som føremål at alle tilsette i barnehage og skule skal få auka kompetanse og rammeplanforståing / læreplanforståing innafor områda språk, lesing og skriving. 3

No-situasjon/ situasjonsskildring Barnehagane og skulane i Stord kommune har gode planar og tilsette med mykje kompetanse, men me meiner me ikkje får utnytta ressursane godt nok. Me ser at det er behov for å jobba med ein struktur som sikrar at dei tilsette får møtearenaer der refleksjon over barnehagen og skulen sitt innhald og vår eigen praksis vert sett i system. Eksisterande plan for overgang barnehage-skule er ikkje utfyllande og konkret nok i forhold til strategien, og må oppdaterast. For å nå målet i strategien må det etablerast eit samarbeid for overgangar og tidleg innsats. Nasjonale prøvar og kartleggingar av språkmiljø i Stord kommune syner at det må vera eit meir systematisk språkarbeid og kompetanseheving i barnehage og skule. Hovudmål / overordna mål Dette strategidokumentet gjeld i utgangspunktet for eit relativt kort tidsrom; tre semester (skuleåret 2017/18 haustsemesteret 2018). Utvida prosjektperioden til juni 2019.Trass i dette finn Stord kommune det rett å leggja eit langsiktig mål til grunn for arbeidet. Dette inneber at fokuset på språk, lesing og skriving må haldast oppe også etter at prosjektperioden er avslutta. Hovudmålet med arbeidet i Stord kommune er: Styrka alle barn og elevar sine språk, lese og skrivedugleikar. Dette skal sikrast ved: Kompetanseheving og bevisstgjering hos dei tilsette mellom anna gjennom lærande nettverk lokalt og gjennom bruk av kompetanseprogrammet Språkløyper. At det vert utarbeida ein gjennomgåande plan for språkopplæring i barnehage og skule. PPT deltek i barnehagar og skular sitt arbeid retta mot barn/elevar med særlege behov Tilsette i barnehagane skal jobba systematisk for å styrka barn si språkopplæring. Tilsette på skulane fokuserer på språk munnleg, lesing og skriving i alle fag. Målgruppe Strategien si målgruppe er alle barn i barnehage og skule, men med ekstra fokus på: Barnehagebarna Begynnaropplæringa Fleirspråklege barn Auke medvita og kompetansen til personalet Innsatsområder og resultatmål Skapa samanhengar mellom barnehagen og skulen sitt språkarbeid Tilsette i barnehage og småskule har god kunnskap om språkarbeidet som vert drive på begge arenaer. Lærarar i barnehage og skule har faste møtepunkt for å utveksla erfaringar frå arbeid med språk. Stord kommune har ein språkplan som omfattar barnehagen og skulen sitt 4

språkarbeid. Styrka språkarbeidet i den første lese- og skriveopplæringa Alle tilsette i skule og barnehage er gode rollemodellar som jobbar systematisk med språk, omgrep og omgrepsforståing gjennom kompetanseprogrammet Språkløyper. Alle lærarar som jobbar med tidleg lesing, og i begynnaropplæring i lesing og skriving, har særskilt kompetanse på området. Barnehagane og skulane har lærarar med særskilt kompetanse på språkopplæring for nyankomne og minoritetsspråklege barn. Tidleg identifisering av barn og elevar som strevar med språk, lesing og skriving og oppfølging med tilpassa tiltak Barn med språklege utfordringar vert fanga opp gjennom observasjon og kartlegging, og vert følgd opp så tidleg som råd i utviklingsløpet. Kommunen har system for gjennomføring og oppfølging av resultata etter kartleggingsprøvar på 1. 3. trinn. Arbeid med litteraturformidling og leseglede Tilsette i barnehage og skule har god litteraturkunnskap og nyttar variert litteratur medvite for å fremja læring og leseglede. Bibliotek vert nytta aktivt og systematisk. Organisering a. Overordna styringsgruppe: Nettverket for rektorar og barnehagestyrarar under leiing av kommunalsjef for oppvekst, er overordna styringsgruppe for prosjektet. Rektorane og barnehagestyrarane er prosjektansvarlege på kvar si driftseining og har plikt til å syta for framdrift i prosjektet i eiga eining, samt at tiltaksplanane er i tråd med strategiplanen. Vidare skal dei syta for at nettverka/arbeidsgruppa mellom skule og barnehagane møtast jamnleg. b. Arbeidsgruppa (tidl. Ressursgruppa): Arbeidsgruppa skal utforma strategisk utvikling av språkarbeid i Stord kommune. Denne skal vera innovatør og finna kreative løysingar i utforminga av strategien for språkløyper. Arbeidsgruppa skal møtast jamleg og følgja opp prosjektet. c. Ressurspersonar (på kvar eining): Ressurspersonar (frikjøp) skal bidra til å styrka innsatsen i barnehage og skule. Deltek i arbeidet med å utvikla tiltaksplanar for språkutviklinga. Skal arbeida saman med rektor og styrar i utviklinga av språklege planar i kommunen, samt rettleia personalet i opplæringa og undervisninga av barna og elevane. Kven som vert definert som ressurspersonar i prosjektet avgrensast til oppgåver som skal løysast. d. Tilsette i barnehage og skule, SFO: Utøva praksis i tråd med strategien og tiltaksplanane. Delta aktivt i trinnteam, fagteam og personalmøter for å vidareutvikla tiltaksplanar i barnehagen og skulen. e. PPT: Bidra med organisasjonsutvikling og kompetanseutvikling knytt til elevar med særlege behov. Knytta til språk/lesing og skriving, jmf. 5.6 i Opplæringslova f. Nettverk: Nettverk på den enkelte arbeidsplass: Etablere eit lærande nettverk for å ivareta eit forpliktande samarbeid mellom skule og barnehage. 5

Medspelarar Lesesenteret/Skrivesenteret Stord folkebibliotek. Tilgang på litteratur med særleg fokus på nynorske bøker for barnehage, barneskule og barnehage Forum for Oppvekst i Sunnhordland (FOS): Koordinering av kurstilbod for tilsette i skule og barnehage Helsestasjonane. Informasjon til foreldra sin påverknad på born si tidlege språkutvikling Foreldre til born og elevar i Stord. Styrka barnehage-/skule-/heimsamarbeidet om språkutvikling og lese- og skriveopplæring PPT for Stord og Fitjar. Samarbeid om tidleg intervensjon og førebygging av leseog skrivevanskar Hordaland fylkesbibliotek. Tilgang på litteratur ut over det som finst på det lokale folkebiblioteket Nynorsksenteret Evaluering og læring Det skal gjennomførast undervegs-evaluering halvårleg gjennom perioden. Tiltaksplanen skal evaluerast halvårleg, slik at ein kan gjennomføra naudsynte kursendringar under vegs med bakgrunn i erfaringar frå dei ulike tiltaka. Rapportering Internt i kommunen. Det skal rapporterast til komité for oppvekst og utdanning, formannskapet og kommunestyret som ein del av den årlege tilstandsrapporten for skulane og barnehagane i Stord. Etter prosjektperioden skal sluttevalueringa leggjast fram for handsaming i komiteen, formannskapet og kommunestyret. Eksternt til Utdanningsdirektoratet. Rapportera på bruk av midlar og resultata knytt til mål og innsatsområde i den lokale strategien i høve til mal for rapportering utarbeidd av Utdanningsdirektoratet, slik det går fram av tildelingsbrevet. Frist for rapportering er 30.juni 2019. Stord, 27.11.2017 (Oppdatert 13.02.19) 6