GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk aktivitet I Bismo barnehage vil vi at barna skal vere aktive og bruke kroppen sin mykje i løpet av ein barnehagedag! Alle barn er glade i å bevege seg -denne gleda må vi ta vare på! Måtar vi jobbar med dette fokusområdet på er: Ein fast turdag i veka Leik og fysisk aktivitet i idrettshallen kvar veke Mykje uteleik og variert bruk av terrenget i barnehagen Fokus på kosthald og matlaging Song, dans og rørsle inne og ute Vi følgjer eit årshjul for motorikk, som tek for seg ulike sansar og motoriske ferdigheiter : Gjennom arbeid med fagområdet skal barna få sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt. Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggjande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.
Natur og miljø Natur har vi mykje av i Skjåk, og vi vil at barna skal lære om, bruke og bli glade i naturen vi har rundt oss. Samstundes er det viktig å tenkje på at vår vesle barnehage er ein del av eit større fellesskap, og at det er viktig at vi bidreg til ei berekraftig utvikling, der vi er miljøbevisste og tek vare på naturen og ressursane rundt oss. Måtar vi jobbar med dette fokusområdet på er: Kildesortering og kompostering Gjenbruk Få gode friluftsliv- og naturopplevingar året rundt. Fylgje syklusen i naturen gjennom årstidene Utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomen Kjukling- og rumpetrollprosjekt. Få kunnskap om dyr og dyreliv Naturvakter. Skape tidleg gode vanar med å ta vare på naturen og miljøet Forut: Innsamlingsaksjon i samband med FN-dagen Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider. Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring. Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. Språk i barnehagen, mykje meir enn berre prat «Å lære språk er noe av det viktigste som skjer i et barns liv. Gjennom språket lærer vi å forstå verdenen. Gjennom språket får vi innsikt i oss sjøl. Gjennom språket trer vi inn i fellesskap med andre mennesker, og får del i samfunnet. Språket gir identitet og tilhørighet» (Anne Høigård). Vi veit at språk er avgjerande for læring, sosiale relasjonar og vennskap, og vi arbeider derfor aktivt og systematisk for å fremje barnas språkutvikling, og for å skape eit godt språkmiljø i barnehagen. Barn lærer språk ved å høyre og bruke språket i meiningsfulle situasjonar i direkte samhandling med andre.
Dette legg vi vekt på i barnehagen sitt språkarbeid: Personalet skal vera gode språkmodellar for barna. Vi set ord på alt vi gjer i kvardagen saman med barna Gode kvardagssamtaler Forteljing, høgtlesing, rim, regler, dikt, song og songleikar kvar dag Fokus på leiken som ein viktig arena for språklæring og språkutvikling. Leggje til rette for å oppretthalde og skape gode relasjonar Bruk av språkstimulerande verkty. Til dømes Snakkepakken, Språksprell og Språkkista Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer. Barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling. Synleggjere språkleg og kulturelt mangfald, støtte barna sine ulike kulturelle uttrykk og identitetar og fremje mangfald i kommunikasjon, språk og andre uttrykksformer. Leik og vennskap Leik er kjernen i arbeidet i barnehagen, og skal vektleggast ved å komme i fyrste rekkje (Kunnskapsdepartementet). Vi må derfor gje rikeleg med tid og rom for leik. Vi vil og vektleggje spennande leikemiljø for barna, som kan inspirere og utvikle barna sin leik. Nokre gonger kan vi ha laga eit miljø klart til barna kjem, til dømes eit sjukehus, eller ein frisørsalong. Andre gonger kan vi finne utstyr og byggje opp miljø og rom saman med barna. I barnehagen har det utvikla seg to viktige reglar når det gjeld leik og vennskap: Vi skal si fine ting til kvarandre Alle skal ha nokon å leike med Desse reglane vil vi jobbe med i kvardagen vår. I tillegg vil vi jobbe med vennskap og inkludering ved eit opplegg der vi blir kjent med Kanin og Pinnsvin som er både venner og uvenner. Alle barnehagane og skulane i Skjåk er også med i eit prosjekt som heiter Inkluderande skule- og barnehagemiljø.
Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik- åleine og saman med andre. Barnehagen skal fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik. Tilvenning Ny i barnehagen eller på ny avdeling, ny gruppesamansetting. Vi har stort fokus på å bruke god tid, og leggje til rette for å få ein god start for alle, innarbeide faste rutinar og trygger rammer når nytt barnehageår tek til. Primærkontakt Nye barn får ein primærkontakt som vil ha særskilt ansvar for å hjelpe det enkelte barnet til rette på avdelinga, og i starten fylgje barnet opp i kvardagen. Den første tida i barnehagen vil det vere primærkontakta som har mest med barnet å gjere. Dette er viktig for at barnet skal føle seg trygg i dei nye omgjevnadane. Overgang barnehage skule/førskuleopplegg Det vert 5-årsklubb tysdagane gjennom heile året. Her blir det leik med ulike skuleførebuande aktivitetar. Barnehagane i Skjåk er opptekne av at barna skal få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule. Skjåk kommune har ein eigen plan for korleis vi gjer overgangen mellom barnehage og skule mest mogleg smidig og god. Det vert gjeve informasjon om dette etter kvart.