ÅRSPLAN 2015-2016. Haus barnehage. Osterøy kommune

Like dokumenter
ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Velkomen til Mork barnehage

I Borsheim skal vi vere saman om å skape livsglede med autoritative vaksne og medverkande barn.

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Bærekraftig utvikling

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Øystese barneskule April - 08

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Årsplan Trollongane barnehage. Time kommune

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Plan for overgangar. for barn og unge

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

OSTERØY KOMMUNE VALESTRAND BARNEHGE

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

LUNDE OG ONARHEIM BARNEHAGE 2015/ En god start på livet

! I Rosterud blir barna sett og hørt!

Månadsplan for Hare November

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Årsplan 2011/2012 for Ebbestad barnehage

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Velkommen til foreldremøte

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Virksomhetsplan

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Barnehageplan for Vinje kommune

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Plan for Liabygda SFO

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

«Gode opplevelser med naturen som lekeog læringsarena.» Årsplan Birkebeineren friluftsbarnehage

Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

Årsplan Klara`s familiebarnehage 2016

Årsplan Hvittingfoss barnehage

Vetlandsveien barnehage

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Årsplan Gamlegrendåsen barnehage

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Kvalitetsplan mot mobbing

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

SKOGSTUA BARNEHAGE ÅRSPLAN 2011/2012

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

FJELLHAGEN BARNEHAGE

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSPLAN OG KALENDER HARØY BARNEHAGE 2010 / 2011

Årsplan Søre Fusa oppvekstsenter avdeling barnehagen 2015/2016

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

ÅRSPLAN FOR TUETEIGEN BARNEHAGE

Osterøy kommune ÅRSPLAN Hauge barnehage. Saman gjer vi kvarandre gode

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Årsplan for Hol barnehage 2013

NÆRLANDPARKEN BARNEHAGE

Del 2 ÅRSPLAN FOR SKORGEN BARNEHAGE 2012/2013. BARNEHAGENS VISJON: Trygghet og trivsel.

Årsplan for BJORHAUG BARNEHAGE

Årsmelding for Urhei barnehage

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

FØRRESDALEN BARNEHAGE ÅRSPLAN 2016

VELKOMMEN til SELJE barnehage

Transkript:

ÅRSPLAN 2015-2016 Osterøy kommune Haus barnehage «Haus barnehage skal vera ein trygg og god plass der borna kan leika, læra, oppleva og utvikla seg saman med andre.

Innhalda INNLEIING... 2 1. HALDNINGAR OG VERDIAR... 3 I HAUS BARNEHAGE... 3 2. SATSINGSOMRÅDER... 5 3. DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING... 10 4. MEDVERKNAD... 12 5. FAGOMRÅDA PROGRESJONSPLAN... 13 6. 5 ÅRINGANE... 14 7. PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING... 15 8. FORELDRESAMARBEID... 17 9. KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN... 19 Side 1

INNLEIING Årsplanen vår er delt inn i to delar: Del ein: kommunal årsplan for alle barnehagane på Osterøy. Denne skal vera førande for barnehagen sitt arbeid med eigen årsplan. Planen finn de på Osterøy kommune si heimeside. Del to: årsplanen til barnehagen skal gje informasjon om det faglege innhaldet; kva satsing vi har og korleis vi vel å arbeide med føringane i rammeplanen. Den gir og oversikt over tema og prosjekt på dei ulike avdelingane. Alle nye foreldre får utdelt velkomstskriv før barnet startar opp i barnehagen. Her finn dei praktisk informasjon, informasjon om rutinar og organisering, viktige datoar, informasjonsrutinar, vedtekter m.m. Side 2

1. HALDNINGAR OG VERDIAR Med utgangspunkt i Rammeplanen sine føringar og kommunen sin visjon og verdiar, jobbar vi slik i vår barnehage: «Haus barnehage skal vera ein trygg og god plass der borna kan leika, læra, oppleva og utvikla seg saman med andre. I Haus barnehage Vi skal skapa ein trygg og god atmosfære både for born, foreldre og tilsette Holdningane skal vera positive og prega av respekt Vi ynskjer å ha ein open kommunikasjon Vi vil at leiken skal ha stor plass i barnehagekvardagen og ser kor viktig det er at vi vaksne har eit bevisst forhold til alt leiken kan romma. Lære prosessane startar frå dag ein i barnehagen, og alle situasjonane kan utnyttast i pedagogisk samanheng dersom vi vaksne har opne augo. Me har som mål at borna skal få oppleva på mange ulike område, det kan vera naturopplevingar, utprøving av ulike formingsmateriale, få ansvarsoppgåver, oppleva gleda av å meistra Når vi snakkar om at borna skal få utvikla seg saman med andre er vi opptekne av den sosiale kompetansen som ikkje naturleg veks fram i borna, skal kunna lærast og hjelpast fram Alle borna skal møte vaksne som tar dei på alvor og møter kvart enkelt barn der det er. Vi har fokus på å skapa gode relasjonar og å visa omsorg for kvarandre i daglegdagse situasjonar. Vi legg vekt på å gje borna varierte opplevingar og erfaringar i eit stimulerande læringsmiljø, der tryggleik, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Side 3

Den gode barnehage - våre mål Den gode barnehage gir born fridom til sjølv å bestemma sin kvardag ut frå sine føresetnader Den gode barnehage møter foreldre med openheit og forståing ut frå deira føresetnader og behov Den gode barnehage er prega av fleksibilitet, endringsvilje og tilpassingsevne. Den gode barnehage er ein barnehage med engasjerte born og vaksne med omsorg, humor, undring og tryggheit Den gode barnehage er møteplass der born og vaksne bryr seg om både seg sjølv og andre. Den gode barnehage gir born mogelegheit for utvikling av basiskompetanse gjennom leik og læring i sosialt samspel og gjennom arbeid med dei ulike fagområda Den gode barnehage tar vare på sine tilsette. Leiter etter meitemakk Ein slik barnehage gir dei tilsette yrkesglede og moglegheit for fagleg og personleg utvikling. Ein slik barnehage har glade og trygge born. Ein slik barnehage har fornøgde foreldre. Side 4

2. SATSINGSOMRÅDER Sjø, båt og friluftsliv I Haus barnehage har vi sjø, båt og friluftsliv som satsingsområde. Vi vil at alle skal oppleva glede ved å vera ute, og ved å ferdast i naturen. Naturen er ein unik læringsarena og ein god arena for utvikling av sosial kompetanse. Satsingsområdet er så mangfaldig og innhaldsrikt at det passer inn under alle dei sju fagområda i Rammeplanen. Hovudmål: Å lære barna å bli glade i sjø og natur. Delmål: - få kjennskap til dyr og planter både i sjøen og naturen - få begynnande forståing for samanhengar i naturen - tilegne seg grunnleggande motoriske ferdigheiter og kroppsbehersking Tiltak for å nå måla: - legge til rette for leik og aktivitetar ute i all slags vær. Vi har flott naturleikeplass i barnehagen og nyttar den dagleg til leik og opplevingar - deltakande vaksne som stimulerer borna sin nysgjerrighet og vektlegg undring som kvalitet for læring. Ein nøkkel er nærleik til borna i leik - formingsprosjekt både ute og inne vi tar «naturen inn» og lagar kunst av dette dyrke, så og plante - - lage mat ute på bål og gå turar i nærmiljøet - vi har fast plass i naturen leirplassen vår ( Hakkebekkeskogen ). Dette området er lagt til rette med ulike fysiske utfordringar og bålplass - studerer dyr, insekt og plantar både ved sjøen og i naturen. Fiska - følgjer årstidene og få erfaringar med alle typar vær - bruka båten vår på Mjeldavatnet så ofte som mogeleg - dei yngste borna får ein gradvis tilvenning til det å vera ute. Side 5

BILETE AV SJØ, BÅT OG FRILUFTSLIV Båten til barnehagen Kanotur på Mjeldevatnet Hakkebekkeskogen Barn og vaksne er klare til å utforske sjølivet. Heimelaga fiskekaker laga av born og vaksne på Tusenbein Tur til Stemmeseggi Side 6

BARNS TRIVSEL VAKSNE SITT ANSVAR I barnehagane på Osterøy skal ein i komande periode ha særskild fokus på vaksenrolla. Utdanningsdirektoratet sin rettleiar «Barn sin trivsel vaksne sitt ansvar» skal liggja til grunn for arbeidet i personal-og barnegruppa. Rettleiaren handlar om korleis dei tilsette kan støtta barna si sosiale utvikling og arbeida for eit godt psykososialt miljø som førebyggjer mobbing og krenkingar. Barnehagen har ei samfunnsoppgåve når det gjeld førebyggjande arbeid mot mobbing. Dei tilsette i Osterøy barnehagane skal : skapa gode relasjonar mellom barnet og dei vaksne, og mellom barn-barn sikra at alle barn blir sett og høyrt sikre at alle har ein ven i barnehagen arbeida aktivt for å hindre diskriminering/ utestenging og mobbing visa glede og engasjement i samvær og arbeid med borna Barna leiker «Tøffe-tøffe toget» For å få dette til skal personalet i Haus barnehage : bruka alle møte aktivt. Praksisforteljingar dialogspel få kunnskap om faget /forsking diskusjonar- kollega rettleiing og gode relasjonar rollemodell, vera tett på når barna leiker, rettleia/støtta der det er behov alle born skal bli sett og høyrt kontaktperson til alle barn, sosiogram og barnesamtaler sikre at alle har ein ven kontaktskjema og vaksne aktive i leik likestilling bevisstheit omkring lik behandling av gutar og jenter. arbeida aktivt med å gi borna ferdigheitar i sosial kompetanse: gjennom felles opplevingar styrkjer vi samhaldet i barnegruppa. Dette gjev gode relasjonar og vennskap mellom barna. ( Felles samlingar og arrangement) humor og glede Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei (den gylne regel). Side 7

TIDLEG INNSATS Sektor for Oppvekst, undervisning og kultur fokuserer på tidleg innsats for livslang læring. Tidleg innsats er eit gjennomgripande mål for barnehagane. Forsking syner at ved tidleg å avdekke behov og setja inn tiltak for dei yngste borna, vil dette ha god effekt seinare i skuleløpet. Barnehagane skal : identifisera og setja i verk tiltak for å fremja barn si utvikling på ulike områder på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg sikra at personalet har kunnskap om og kan nytta verktøy for å identifisera og avdekka vanskar hjå barnet ved overgang frå barnehage til skule sikra naudsynt informasjonsflyt for at borna skal få eit så godt utgangspunkt som mogeleg samarbeida med biblioteket for å gje borna tilbod om varierte bøker ha særskild fokus på språkutvikling hjå borna. For å få dette til må vi bruka desse metodane : personalet observerer og bruker kartleggingsverktøy der det er nødvendig. aktiv bruk av dei to spesialpedagogane våre. språkstimulering er viktig vi har systematisk bruk av snakkepakken system for overgang i barnehagen og overgang barnehage skule. tilvenning for nye barn som skal byrja i barnehagen. låner ut bøker til foreldre frå «Biblioteket «vårt i gangen aktiv bruk av bokbuss sikra godt samarbeid med Haus skule. Foreldre og barn kan låne med seg bøker heim. Barnehagen brukar snakkepakken aktivt. Side 8

VÆRE SAMMEN Barnehagane i Osterøy kommune skal starta med prosjektet «Være sammen» i barnehageåret 2015-2016. «Være sammen» er ein god metode for barnehagen vår for å kunna lukkast i arbeidet med «Tidleg innsats» og «Barn sin trivsel voksne sitt ansvar» Gjennom arbeidet med «Være sammen» programmet får barnehagane arbeidd med å utvikle kompetanse i alle ledd i organisasjonen på ein systematisk måte. Kjerneelementa i «Være sammen» er: Tidleg innsats : læra barn å ta dei rette vala gjennom avlæring og omlæring Kommunikasjon : gjennom responsen frå andre dannar vi vårt sjølvbilete. Barn «speglar» seg i våre responsar. Utfordrande åtferd : hjelpa til med å avlæra reaktiv og proaktiv aggresjon gjennom samspel med miljøet rundt. Implementering : frå teori til praksis. Omgjera kunnskapen til ny praksis i barnehagen. Autoritative vaksne : varme og grensesetjande. Barn som møter autoritative vaksne i barnehagen og heime : Utviklar godt sjølvbilete Får god sjølvtillit og sjølvkjensle Utviklar meir glede og venleik Blir demokratiske Får betre sjølvkontroll og har større evne til å møta motgang og frustrasjonar Klarar betre å oppretthalda sosiale forbindelsar Blir betre på å kontrollera sterke kjensler og får større motstandsevne mot krav og stress Har høgare grad av evner til å ta ansvar og løysa oppgåver og oppnår betre resultat i skule og arbeidsliv. Prosjektperioden er sett til to år men implementering av den autoritative vaksenstilen vil vera eit satsingsområde fleire år framover. Side 9

3. DANNING GJENNOM OMSORG, LEIK OG LÆRING I barnehagetradisjonen står barndommens eigenverdi sentralt. I barnehagen er gjensidige samhandlingsprosessar med born og vaksne i leik og læring og omsynet til kvarandre føresetnader for danning av barnet. Gjennom gode danningsprosessar ynskjer vi at borna skal få utvikla evna til å forholda seg prøvande og nyfikne til omverda og til å sjå seg sjølv som eit verdifullt medlem av eit større fellesskap. Danning er meir enn utvikling, meir enn læring, meir enn omsorg, meir enn oppdraging og meir enn sosialisering. Samstundes er danning alt dette. Born må få utfordringar, høve til å utvikla kunnskap og ferdigheiter og støtte for å handla omsorgsfullt. Gjennom danning legg ein grunnlaget for born si utvikling. lytta til borna «Det viktigaste ved å lytta er å bøya seg i knea» vera gode rollemodellar borna deltek i daglege gjeremål ved å la borna medverke Omsorg : Kvart born er unikt og har rett til omsorg og skal møtast med omsorg. Omsorg er viktig for at borna skal føla tryggleik og tilknyting. Dette igjen er ein viktig føresetnad for born si utvikling og læring. Borna skal kvar dag møta lydhøre vaksne som viser nærleik og innleving. Bruka god tid i rutinesituasjonar som måltid, av/påkledning og stell. Vera ein god, trygg, tydeleg og kunnskapsrik voksen. Gjennom å læra borna omsorg for kvarandre er vi med på å utvikla deira sosiale kompetanse. Leik: Born kan uttrykkja seg på mange måtar i leik og leiken har ein sjølvskriven plass i barnehagen. Barnehagen skal bidra til den gode barndommen ved å gi alle borna høve til leik. Leiken er viktig for at borna skal trivast, og er ei grunnleggjande livs- og læringsform som borna kan uttrykkja seg gjennom. Dei vaksne må leggja til rette for å vera aktive for å gje leiken gode vilkår. Leiken er grunnlaget for borna sin trivsel og meiningsskaping i barnehagen og viktig i forhold til å etablera venskap. Side 10

vi gir borna høve til leik (nok tid), meiningsfylte aktivitetar og opplevingar vi er tilgjengelege, inspirerande og støttande i borna sin leik både ute og inne. Vi møter borna sin leik med respekt vi skal skapa eit inkluderande klima i leiken vi tilbyr ulike material og variert fysisk miljø vi har leikegrupper på avdelingane og grupper på tvers av avdelingane. Læring : I barnehagen legg vi til rette for både formelle og uformelle læringssituasjonar. Vi meiner at læring skjer både i samhandling med andre, og gjennom opplevingar og erfaringar som borna gjer på eiga hand. Fordi borna sine interesser og spørsmål bør danne grunnlag for læringsprosessar og tema i barnehagen, må personalet sitt samspel med borna vera prega av ei bevisst haldning. Vi legg til rette for formelle og uformelle læring situasjonar. Formelle læringssituasjonar er planlagde og leia av personalet. Uformelle læringssituasjonar er knytt til kvardagsaktivitetar og her og no situasjonar, leik og anna samhandling vi gjev dei varierte og utfordrande opplevingar vi gir borna god tid til å leike vi lar borna vera aktive deltakarar i ulike prosessar. vi lar dei få oppleva glede og meistring Kjenneteikn på den gode vaksne i Haus barnehage : syner engasjement og glede i arbeidet tek ansvar for å skapa gode relasjonar gjev rom for humor har kunnskap og kompetanse om barn samarbeider for å nå felles mål, til det beste for borna ser kvart einskild barn og stadfestar barnet sine opplevingar Side 11

4. MEDVERKNAD Medverknad handlar om at barna skal vera med å setja sitt preg på kvardagen og få lov til å vera synlege i det som vert gjort. Mål: Å sikra barna retten til å verta sett og høyrt og moglegheit til å påverke eigen kvardag. I Haus barnehage legg vi til rette for medverknad: ved å plassere utstyr og leikar tilgjengeleg for barna ved å observere og tolke borna sitt kroppsspråk og ha kunnskap om born si utvikling (gjeld spesielt dei yngste) ved å la borna delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av ulike aktivitetar gjennom barnesamtale og samtale i mindre grupper oppgåver som ordensperson (gjeld dei eldste) Kjernen i barn sin medverknad er evna vaksne har til å støtte barna sine initiativ. Dei vaksne må by på seg sjølv og vera ekte. Barn treng tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Ein føresetnad for å ta barn sin rett til medverknad på alvor er god kommunikasjon mellom borna og personalet, og mellom personalet og foreldra. «Eitkvart menneske er eit under og skal møtast med respekt, godheit og anerkjenning» Side 12

5. FAGOMRÅDA PROGRESJONSPLAN Barnehagen skal gje barn grunnleggjande kunnskap på sentrale og aktuelle område. Rammeplanen deler barnehagens innhald inn i 7 fagområd som dekkjer eit vidt læringsfelt. Fleire fagområde er ofte representert samstundes i ulike aktivitetar, både ute og inne til alle årstider. Vi vil prøva å knytte dei ulike fagområda opp mot satsingsområdet vårt : «Sjø, båt og friluftsliv» 1. Kommunikasjon, språk og tekst : Vera bevisst i måten ein brukar språket, snakka tydeleg og konkret. På alle avdelingar er bøker, tal og bokstavar tilgjengeleg. 2. Kropp, bevegelse og helse : Leggja til rette for variert fysisk aktivitet som skapar glede og engasjement. Vi låner Haus skule sin gymnastikksal to gongar pr.veke Vi følgjer Helsedirektoratet sitt hefte»bra mat i barnehagen» og er ein 5 om dagen barnehage. Vi har fokus på hygiene. 3. Kunst, kultur og kreativitet : Borna får utfalde seg i forming, musikk, dans og drama 4. Natur, miljø og teknikk : Vi skal bidra til at borna får erfaring med og kunnskap om naturen 5. Etikk, religion og filosofi : Skape interesse, forståing og tolerase for kvarandre. 6. Nærmiljø og samfunn : Skape god erfaring og tilknyting til nærmiljøet 7. Tal, rom og form : Leggja til rette og oppmuntre for utvikling av matematisk kompetanse. Vi legg til rette for godt og riktig lærestoff, arbeidsmåtar, utstyr og organisering med tanke på borna sine ulike behov, alder, interesser, barnegruppa si samansetning og andre føresetningar. Vi held på å utarbeida ein ny progresjonsplan som kvar avdeling vil arbeida etter. Denne blir eit vedlegg til årsplan Førskulegruppa samlar og ser på former i naturen. Rektangel laga av bringebær Side 13

6. 5 ÅRINGANE PPT har i samarbeid med barnehagekonsulent utarbeidd eit hefte om kva tilrettelegging som er nyttig for 5 åringane i barnehagen for å ivareta deira læringsbehov, og for å skapa kontinuitet i opplæringa ved overgang til skulen. Rammeplanen understrekar at barnehagen har eit klart ansvar når det gjeld å gje borna stimulering/ opplæring som skal vere med på å førebu dei for skulen og den læringa som skal skje der. Med utgangspunkt i utarbeidd hefte og rammeplanen ha me vår eigen plan for arbeidet med 5- åringane. For barnehageåret 2015/2016 har vi tretten 5- åringar i barnehagen. Det blir sett av ein fast dag til førskulegruppe som i år blir måndagar. Vi prioriterar å ha 2 pedagogiske leiarar som har ansvar for gruppa. Noko av tida er dei saman og noko av tida deler dei seg inn i grupper. Fokus er : Språk matematikk sosial kompetanse. I tilegg brukar vi gym salen på skulen kvar tysdag frå kl. 9.55 10.50 Uteområdet til skulen og idrettsbana brukar vi også. Gruppa disponerer ein avdeling den tida vi har førskulegruppa. Vi legg tilrette avdelinga med diverse materiell som spel, puslespel, bøker og leiker som er spesielle for 5 åringane. Ofte varer ein aktivitet ca. 30 min, og vi har ulike leike/ spelegrupper etterpå. Alle 5- åringane får kvar si mappe til å samle oppgåve ark og liknande i. Varigheit for 5- års gruppa er ca. 4,5 timar kvar måndag og gymsal - aktivitetar (torsdagar) er ein skuletime (45minutt). Plan for meir detaljert innhald blir levert ut til alle foreldre til førskuleborna. Førskulegruppa har også fått reist i bassenget på Hatland kvar fredag på våren. Vi avsluttar førskulegruppa med overnattingstur til Raknestunet i mai/juni. OVERGANG TIL SKULE Det er utarbeidd ein plan for overgang barnehage-skule som barnehagen er forplikta til å følgje. Vi har i hovudsak born som skal byrja på Haus skule og difor samarbeider vi godt med denne skulen. Barnehagen har sett opp ein plan for overgang barnehage skule for våren og den blir følgd både av skule og barnehage. Foreldra får den planen ut våren 2016. Side 14

7. PLANLEGGING, DOKUMENTASJON OG VURDERING Planlegging Personalet har 5 planleggingsdagar i løpet av året. Her legg vi føringar for det pedagogiske tilbodet i barnehagen. Detaljplanlegging og oppfølging av barn blir gjort gjennom personalmøter, avdelingsmøter og leiarmøter. Leiargruppa består av styrar og pedagogiske leiarar. Pedagogiske leiarar har 4 timar i veka til planlegging, dokumentasjon og vurdering/etterarbeid. Barnehagen lagar årsplan, halvtårsplanar, temaplanar, månadsplanar og vekeplanar. Årsplanen er felles for heile barnehagen. Vi har utarbeidd felles mal for resterande planar for å sikre god planlegging og felles prosessar på alle avdelingane, med utgangspunkt i felles mål. I planane våre kjem vi nærare inn på aktivitetar og arbeidsmetodar. Gjennom barnesamtalar, direkte innspel og bruk av tankekart får borna delta i planarbeidet. Sentrale spørsmål er kva dei liker å gjere i barnehagen. Vi observerer i tillegg kva dei er opptekne av, og tar dette med i arbeid med planane våre. Foreldre deltek i planarbeidet gjennom foreldremøter, foreldresamtalar, møter i samarbeidsutvalet og brukarundersøkingar. Spørsmål om innhald og kva foreldra ønskjer å medverke i blir diskutert i SU kvar haust. Dokumentasjon Gjennom dokumentasjon tydeleggjer vi kva vi gjer og oppnår i barnehagen. Det er informasjon om barna sine opplevingar, kva dei lærer og gjer i barnehagen. Vi dokumenterer slik: Foreldre/andre: - bilete av borna i leik og ulike aktivitetar - foreldrearrangement i barnehagen og foreldresamtalar - utstillingar og bruk av solmodell, dag -rapportar, månadsbrev, rapportar frå turar/andre aktivitetar og årsplanen vår. Personalet: - observasjonar, praksisforteljingar, solmodell - fagområda og ulike kartleggingsverktøy (sosiogram, kartlegging av kvardagsaktivitetar m.m.). Side 15

Barn: - formålet er refleksjon og utvikling er det slik vi vil har det? Får alle born erfaringar og utfordringar dei treng? - bilete/album/diplom til alle barn når dei sluttar i barnehagen. - skulestartarane har eigen perm som dokumenterer noko av arbeidet siste året i barnehagen. Det blir og sendt felles dokumentasjon til skulen: «dette har vi med oss i barnehagesekken». - alle barn har ein kontaktperson. Vurdering Vi vurderer barnehagen si totale verksemd, samspel mellom barn og barn-vaksen, korleis fagområde blir ivaretatt, enkeltbarns trivsel og utvikling, og om vi har nådd måla våre. Alt arbeidet vi gjer skal vere gjennomtenkt, og dokumentasjonen vi har er ein viktig reiskap for å vurdera. Vurderingane dannar grunnlag for vidare planlegging og oppfølging av barn. Personalet: - Årsplan vert evaluert to gonger i året - Temaplanar/andre planar vert evaluert seinast to veker etter endt periode - Personalet vurderer fortløpande og på ulike møtearenaer. Vi vurderer arbeidet vårt i møte med foreldre: - Årsplan evaluert i SU - Bukarundersøkingar årleg/annakvart år - Foreldresamtaler born sin trivsel, utbytte og utvikling blir evaluert - Innhald og evaluering av planar er tema på foreldresamtaler og foreldremøter Barn: - Vi evaluerer gjennom barnesamtaler med spørsmål om korleis borna har det og kva ynskje dei har - Observasjon Barnehagen har utarbeidd felles evalueringsskjema som skal nyttast i arbeid med vurdering. Side 16

8. FORELDRESAMARBEID Lov om barnehagar 1 seier at barnehagen skal: «i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling» Samarbeid mellom foreldre/føresette og personalet er ein sjølvsagt del av arbeidet i barnehagen. God kontakt og gjensidig informasjon er ein viktig føresetnad for å skapa tryggleik for born og foreldre. DAGLEG KONTAKT Den daglege kontakten når borna kjem i barnehagen og vert henta er den viktigaste kontaktforma. Her vert beskjeder, idear og anna viktig informasjon utveksla. Når barnet vert henta er målet å fortelja litt om korleis dagen har vore. Det kan nokre gongar vera informasjon som ein ikkje vil barnet skal overhøyra, då er det høve til å gå i eit anna rom, ringe eller be om eit møte. FORELDRESAMTALAR For born/ foreldre som er heilt nye i barnehagen har vi oppstartsamtale. Her utvekslar vi gjensidig informasjon som kan vera viktig for at barnet skal få ein best mogeleg start i barnehagen. Elles vert det i løpet av året avvikla to foreldresamtalar der ein utvekslar informasjon og diskuterer korleis ein best kan samarbeida om barnets trivsel og utvikling.er det behov for møte utanom dette er det berre å gje beskjed så ordnar vi det. FORELDREMØTE Det vert avvikla eit haust- og eit vår foreldremøte. På foreldremøte om hausten vert det gjeven generell informasjon, både på avdelingsnivå og for heile barnehagen. Det skal og veljast foreldrerepresentantar til barnehagens samarbeidsutval. Vår-foreldremøte vil som oftast ha eit tema som innhald. I juni er det foreldremøte for «nye» foreldre som har barn som skal begynna i barnehagen til hausten. FORELDRERÅD Alle foreldre i barnehagen utgjer foreldrerådet, og det er foreldrerådet sitt ansvar å kalla inn til foreldremøte dersom det er ynskjeleg. SAMARBEIDSUTVAL Samarbeidsutvalet er barnehagen sitt øvste styringsorgan og skal vera eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ for alle partar som på ulike måtar har eit ansvar for barnehagen sitt innhald og drift. SU skal føreleggjast saker som er viktige for barnehagen sitt innhald og verksemd. I samarbeidsutvalet skal det vera representantar frå personalet og foreldrerådet, slik at kvar gruppe er likt representert. Her i Haus barnehage sit det 2 frå kvar gruppe. Eigar har hatt som praksis at det for 4 år om gangen sit ein politisk vald representant. Side 17

I tillegg til desse formelle møta har vi fleire uformelle samkome gjennom året : Foreldrecafe med mat og underholdning, fester og dugnad. Dei vaksne har teater for barna Barn har teater for resten av barnehagen Nissefest Trollfest Foreldredugnad Side 18

9. KULTUR OG TRADISJONAR I BARNEHAGEN Haustfest i september: Vi lagar suppe av haustens grønsaker og fruktsalat til dessert. Foreldrecafe 29.10.15: Vi sel ting borna har laga, kaffi og kaker. Inntekta går til Slumsøstrene, Frelsesarmeen Luciafest 11.12.15 og 14.12.15: Vi vil markera Lucia ved å invitera besteforeldre til barnehagen Nissefest 18.12.15: Borna har raude klede på seg. Vi går nissemarsj og stoppar ulike stader i Haus for å syngja julesongar. Etterpå har vi nissefest i barnehagen med nissegraut og sjølvsagt kjem nissen. Temafest: Foreldra inviterer til fest utanfor barnehagen (Karneval, solfest, juletrefest) Temafest: Dette feirar vi i slutten av februar. Vi kler oss ut og et god mat Påskefrukost: 18.03.16: Vi inviterer foreldre og born til frukost i barnehagen Sumarfest: Foreldra inviterer til grillfest her i barnehagen Avslutningstur: I mai/juni får 5 åringane reisa på overnattingstur Bursdagsfeiring: Vi feirar kvart barn sin bursdag med krone og song. Born får gå i bursdagsskapet og velja kva klede dei vil ha på seg. Dei får sitja på kongestol i samlingsstunda. Side 19