VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE

Like dokumenter
VURDERINGSRAPPORT ÅGOTNES SKULE

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

VURDERINGSRAPPORT Hjelteryggen skule

ØYGARDEN UNGDOMSSKULE

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

VURDERINGSRAPPORT KOLLTVEIT SKULE

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Øystese barneskule April - 08

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Kvalitetsplan mot mobbing

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

SOSIAL KOMPETANSE, kva er det? Barn som strevar med sosial kompetanse, må læra det ZERO TRIVSELSPROGRAMMET

: Surnadal ungdomsskole. Unni Søbstad Larsen og Liv Ingrid Horvli

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

VURDERINGSRAPPORT TINNTJØNN SKOLE

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

VURDERINGSRAPPORT. Håkvik skole

VURDERINGSRAPPORT MOSEIDMOEN SKOLE

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

METODIKK FOR SKULEVURDERING

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Plan for overgangar. for barn og unge

Barnehageplan for Vinje kommune

Forord

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Sandeid skule SFO Årsplan

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

Svein Ove Rørvik - rektor Inger-Helen Kallestad undervisningsinspektør Elisabeth Skjerdal SFO-leiar

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Aurland kommune Rådmannen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

VURDERINGSRAPPORT FRAMNES SKOLE

VURDERINGSRAPPORT FOR SEKSE BARNEHAGE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Ordensreglar for Julsundet skole vedtekne

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Informasjonshefte Tuv barnehage

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

PLAN FOR SKOLE HJEM SAMARBEID

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

HEIM OG SKULE SAMAN OM ELEVEN SI LÆRING OG UTVIKLING TID FOR SAMTALE

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Ekstern hjelp til vurdering i barnehagar

ROS-analyse i kommuneplan

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Velkomen til Mork barnehage

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Transkript:

VURDERINGSRAPPORT BJORØY SKULE 12. nov. 15. nov. 2012 Vurderingstema: Relasjonskompetanse Rektor: Bjørnar Fjellhaug Adresse: 5177 Bjorøyhamn E-post: bjornar.fjellhaug@fjell.kommune.no

Innhaldsliste: Vurderingsnettverk for skuleutvikling 1. Eit framtidsretta vedtak i regionen! 2. Fakta om skulen/vurderingstema 3. Vurdering 4. Glansbilde 5. Sterke sider 6. Utviklingsområde 7. Vidare arbeid Vedlegg: 1. Deltakarar i vurderinga 2. Tidsplan 3. Metodar 4. Tomme malar som har vorte brukt i vurderinga 12.11-15.11 2012 2

1 - Eit framtidsretta vedtak i regionen Fjell, Sund og Øygarden Med utgangspunkt i Stortingsmelding nr. 28 (1998-99) Mot rikare mål, vart det sett i gang eit 3-årig nasjonalt prosjekt: Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid. Hordaland søkte, men kom ikkje med i prosjektet. Likevel var signala der, og kommunane vart oppmoda om å jobba med kvalitetsutvikling og vurdering. Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i kommunane i regionen Fjell, Sund og Øygarden vedtok difor i år 2008 å oppretta ei vurderingsgruppe i regionen. Regionen består av tre kommunar. I det regionale samarbeidet er økonomiske og personlege ressursar samla og nytta på tvers av kommunegrensene på ein god og effektiv måte. Dette har i ettertid synt seg å vera eit svært så framtidsretta vedtak. Etter at Hardanger /Voss starta med ekstern vurdering i 2000 for å betra kvaliteten i skulen, har det kome fleire meldingar frå sentrale styresmakter som understrekar kor viktig det er å ha system som etterspør og sikrar kvalitet i opplæringa, mellom anna i Kvalitetsutvalet si delinnstilling av 14. juni 2002 Førsteklasses fra 1. klasse. Vidare kom St.meld. nr. 30. (2003-2004) Kultur for læring, som var forløparen til ny læreplan, Kunnskapsløftet (2006). Føremålet er at vurderingsgruppa skal vera til hjelp i arbeidet med pedagogisk kvalitetsutvikling i skulen. Sikra kvalitetsutvikling Erkjenning av at skulen treng, og kjem til å få auge utanfrå Ekstern hjelp i vurderingsarbeidet Oppfylla kravet i Opplæringslova om kommunen sitt ansvar for å sjå til at skulane jamleg vurderer si eiga verksemd Kven er vurderar? 15 personar i Fjell, Sund og Øygarden er medlemmer i vurderingsgruppa. Dei har brei og variert pedagogisk bakgrunn, og skal vurdera grunnskulane i regionen i løpet av 3 år, dvs. 10-12 skular pr år. To frå gruppa (vurderingspar) gjennomfører vurdering på ein skule, og ingen vurderer skular i eigen kommune. 12.11-15.11 2012 3

Kva gjer vurderarane? Skulen vel eit fokusområde for vurdering, i samråd med skulefagleg ansvarleg i kommunen. Vurderarane nyttar verktøy utvikla av Utdanningsdirektoratet, Ståstedsanalysen og Organisasonsanalysen. Vurderingsparet førebur sjølve vurderinga gjennom eit fyrste møte med skulen, utarbeiding av glansbilde, det vil sei kriterium på kvalitet og teikn på god praksis, metodeval og verktøy tilpassa det skulen ynskjer fokus på. Sjølve vurderinga vert gjennomført. Rapporten På bakgrunn av dokumentanalyse, intervju med elevar og lærarar, møte med foreldre og observasjon på skulen skriv ein rapport om resultatet av vurderinga. Rapporten trekker fram verksemda sine sterke sider, og kva utviklingsområde skulen har. Han gjev også informasjon om rammene for vurderinga tidsbruk, metodeval, verktøy m.m. Vurderinga tek ikkje mål av seg til å gje eit fullstendig bilete av skulen, men er eit bidrag til kva ein skal arbeida vidare med og utvikla til det betre på skulen Det har synt seg at dei reiskapar og metodar som har vorte nytta i den eksterne vurderingsprosessen, kan overførast til det interne vurderingsarbeidet skulen årleg arbeider med. Skulevurdering 12.11-15.11 2012 4

2 - Fakta om skulen og val av vurderingstema er ein fulldelt barneskule med 123 elevar og nyttar bokmål som skriftsspråk. Bjorøy ligg aust for Sotra og høyrer til i Fjell kommune. Øya har fastlandssamband med Bergen, om lag 15 minuttar køyring med bil. I 1996 vart det bygd ein undersjøisk tunnell frå Bergen kommune til Bjorøy. Øya har bussamband med fastlandet. Bjorøy har dei siste åra hatt ei sterk vekst i innbyggjartalet. Bjorøy skule er ein skule i vekst der elevtalet er aukande. Det er 14 pedagogar i heil- og delstilling ved skulen, 4 assistentar/fagarbeidarar tilsett i heil- og delstilling i skule og SFO og ein sekretær. I leiinga er rektor Bjørnar Fjellhaug, inspektør Inger Helen Kallestad og SFO-leiar Karen Gjertsen. er ein ZERO-skule knytt til antimobbeprogrammet ZEROnulltoleranse mot mobbing. Skulen arbeidar og med satsingsområda til Fjell kommune TSK (Tydeleg, støttande og førebudd program for klasseleiing) og SOL ( systematisk observasjon av lesing). Skulen er med i eit treårig pilotprosjekt med Jan Spurkeland der personalet gjennomgår ein kurspakke i relasjonspedagogikk. Det er sju samlingar fordelt på tre år. I dette skuleåret er det tre samlingar. Skulen har som mål å bli ein relasjonskompetent organisasjon. Zeroundersøkinga viser at fleire elevar kjenner seg mobba av vaksne på skulen. I september 2012 gjennomførte personalet ståstadsanalysen. På bakgrunn av dette ville personalet bli vurdert på relasjonskompetanse som tema. 12.11-15.11 2012 5

3 Vurdering Vurderingsnettverk for skuleutvikling 12.11-15.11 2012 6

4 - Glansbilde Vurderingsnettverk for skuleutvikling Kriterium tyder her krav til kjenneteikn på god kvalitet. Dei fastsette kriterium er henta frå lov, regelverk, læreplanverk og skulen sine eigne planar. Når vurderingsparet gjennomfører ei vurdering, vert kriterium samanlikna med den informasjon som er samla om temaet gjennom intervju og observasjon på skulen, i tillegg til dei dokument som skulen har lagt fram. Kriterium i denne rapporten er utforma av vurderingsparet, og godkjende av skulen. Kriterium Leiinga på skulen sikrar ein trygg skulekvardag Personalet skaper ei trygg og inkluderande ramme rundt skulekvardagen Elevane kjenner seg trygge i skulekvardagen Foreldra er delaktige i å skapa trygge rammer rundt skulekvardagen Teikn på god praksis - Skulekvardagen er organisert på ein oversiktleg måte - Leiinga har sett av tid til møter og samarbeid mellom personalet - Skulen har eit godtfungerande elevråd - Skulen har ein plan for gjennomføring av Zero-programmet - Personalet har lik forståing av reglement og konsekvensar av dette - Personalet er synleg og møter opp presis - Personalet er tydelege i møte med utfordrande åtferd - Personalet brukar zero-programmet aktivt - Elevane er godt kjente med ordensreglementet og konsekvensar av brot på det - Elevane rettar seg etter reglane på skulen - Elevane trivst på skulen - Elevane er godt kjente med zero-programmet - Skulen har eit godtfungerande FAU - Foreldra får god informasjon om skulen si verksemd - Foreldra deltek på klasseforeldremøte og utviklingssamtalar - Foreldra tek initiativ til arrangement på skulen 12.11-15.11 2012 7

5 - Skulen sine sterke sider innan vurderingsområdet Leiinga på skulen sikrar ein trygg skulekvardag Skulekvardagen er organisert på ein oversiktleg måte I samtale og observasjon kjem det fram at skulekvardagen er godt organisert. Timeplanen er sett opp i faste rammer til faste tider på ein oversiktleg måte. Vi finn oppdatert og relevant informasjon på infotavla på personalrommet. Vikarar vert møtt med det materiellet dei treng for å gjennomføra skulekvardagen. Leiinga har sett av tid til møter og samarbeid mellom personalet I følgje dokumentasjon og etter samtale med leiing går det fram at kvar tysdag er det møte mellom lærarar og leiing frå halv eitt til halv fire. SFO-leiar er med på tysdagsmøte i første halvdel. Kvar veke er det møte i leiiargruppa, og i assistentgruppa. Andre faste møte er med tillitsvalde kvar månad og elevrådet kvar tredje veke. Skulen har eit godtfungerande elevråd Resultat i ståstadsanalysen viser: Elevrådet har møte med ansvarleg lærar kvar tredje veke. Representantar tek aktuelle saker med til samarbeidsutvalet. Elevrådet har hatt tradisjon for å arrangere ulike miljøfremjande tiltak som til dømes kantine. Skulen har ein plan for gjennomføring av Zero-programmet Resultat i ståstadsanalysen viser: 12.11-15.11 2012 8

Det føreligg ein ferdig revidert plan for Zero-programmet. I innleiingsordet står det slik; Det er vi som er skulen og det er alle sitt ansvar at alle har det godt på skulen. Vi må vere nøye med korleis vi snakkar om, med og til kvarandre. Ingen er berre det du ser. Vi må respektere at alle er ulike og handle utifrå det. Gjennom målretta arbeid gjer vi til ein god skule, ein trygg stad å vera og ein god stad og læra. er ein skule med null toleranse mot mobbing. Planen syner tydelege mål for skulen sitt arbeid mot mobbing. I samtalane kjem det fram at skulen gjennomfører trivselsprogrammet, elevsamtalen, utviklingssamtalen, klasseforeldremøte, elevundersøkinga og program for oppfølging av konkrete mobbesaker. Personalet skaper ei trygg og inkluderande ramme rundt skulekvardagen Personalet er tydelege i møte med utfordrande åtferd Resultat i ståstadsanalysen viser: I samtale og observasjon ser vi få teikn til utfordrande åtferd. Personalet seier seg nøgde med elevane si framferd og merkar ei positiv utvikling dette skuleåret. Det er tydeleg at personalet i møte med elevane gjer TSK-reglane med konsekvensar godt kjent. Elevane kjenner seg trygge i skulekvardagen Elevane er godt kjente med ordensreglementet og konsekvensar av brot på det I observasjon og samtaler ser vi at TSK-reglane og konsekvensar er godt synlege i alle klasserom. Elevane kan fortelja om reglane og syner at dei forstår kva reglane tyder. Dei er godt kjende med kva konsekvensane er ved brot. Foreldra er godt orienterte om elevane sin skulekvardag på dette området. Elevane rettar seg etter reglane på skulen 12.11-15.11 2012 9

I samtale med personalet går det fram at elevane i stor grad rettar seg etter reglane på skulen. Klassevis har dei ulike påskjønningstiltak som fremjar positiv utvikling. I observasjon ser vi gode arbeidstilhøve på skulen. Det er lite støy og god kommunikasjon mellom elevane og dei vaksne. Elevane trivst på skulen Resultat i ståstadsanalysen viser: I samtalane med elevane kjem det fram at det er høg trivselsfaktor på skulen dette skuleåret. Trivselsprogrammet er godt likt og fremjar trivsel på alle trinn. Populariteten gjer at det til tider er trongt om plassen. Elevane kan fortelja om tidlegare episodar av mobbing og trur at det framleis førekjem, men i minkande grad. Foreldra er delaktige i å skapa trygge rammer rundt skulekvardagen Skulen har eit godtfungerande FAU Foreldra tek initiativ til arrangement på skulen I samtale med foreldra møtte vi stort engasjement og konstruktive haldningar. Representantane viste stor grad av kreativitet. Dei var tydelege i tilbakemeldingane om skulen si verksemd. FAU bidreg til fleire arrangement gjennom skuleåret. Dei deltek aktiv i gjennomføringa av desse og hadde gode framlegg til nytenking rundt organiseringa. 12.11-15.11 2012 10

6 - Skulen sine utviklingsområde innan vurderingsområdet Personalet skaper ei trygg og inkluderande ramme rundt skulekvardagen Personalet har lik forståing av reglement og konsekvensar av dette Resultat i ståstadsanalysen viser: I Udir (Utdanningsdirektoratet) sin rettleiiar «Arbeid mot mobbing» står det; Alle må bli i stand til å gå aktivt inn i det førebyggjande arbeidet, i avdekkinga og i problemløysinga. Dei tilsette skal støtte kvarandre og stille krav til kvarandre om å delta. Skolen må vere prega av ein felles god praksis blant dei tilsette i møtet med elevane og foreldra. http://www.udir.no/upload/laringsmiljo/5/arbeid_mot_mobbing_rettleiar_nn.pdf Gjennom samtale gjev elevar, foreldre og personalet uttrykk for at dei vaksne har ulik forståing av reglement og konsekvensar av dette. Ordensreglementet for skulen er felles. I tillegg til dette har klassane TSK-reglar som i hovudssak har same innhald, men med ulik språkdrakt. Elevane er medvitne om korleis dei vaksne set i verk konsekvensane for brot på reglane. Dei opplever at kontaktlærarane handsamar TSK-reglane best. Dei andre lærarane som og underviser mykje i klassane er meir utydelege på reglar og konsekvensar, seier elevane. I samtale med leiing og tilsette kjem det fram at tilliten dei tilsette imellom er varierande. Ein må vere merksam på faren for oppsplitting i personalet. Skulen må difor ha som overordna målsetjing å samla avdelingane til godt samarbeid. I følgje Udir sin rettleiiar skal alle tilsette støtte kvarandre og stille krav til kvarandre. Den overordna 12.11-15.11 2012 11

målsetjinga må vere ein trygg og inkluderande skulekvardag for alle. Dette er det viktigaste utviklingsområde i relasjonen dei tilsette imellom. Foreldra fortel om påskjønningar som kan verke mot si hensikt, t.d. månadsdiplom som ikkje er oppnåeleg for alle og som kan opplevast ubehageleg for dei som får han alltid. Personalet stadfestar at det er ulik praksis i reaksjonar og ulik handtering av brot på reglane. Personalet er synleg og møter opp presis I skulen sin handlingsplan mot mobbing finn vi; Sjekkpunkt for vakt- og tilsynsordninger: 1. Alle som har vakt bærer vester som gjør dem synlige i skolegård/uteområde. 2. Skolen har et område som er sikkert. Her er det alltid en voksen til stede. Det vet alle elever om. Dette området er mellomplassen, plassen ved hovedinngangen. 3. Alle har ansvar for ett område. Resultat i ståstadsanalysen viser: Gjennom samtale med elevar og personale går det fram at det kan vera knapt med vaksne ute i friminutta. Elevane må til dels leita etter vaksne når dei treng dei, særleg oppe på plassen. Ikkje alle brukar gul vest slik Zero-programmet påpeikar. Personalet seier at i samband med vikarbruk fell ofte inspeksjonen bort, sjølv om det finst plan for bakvakt. Fleire i personalet gjev uttrykk for at inspeksjonsoppgåvene har for lav prioritet. Lærarane opplever det problematisk å vera presise når dei til dømes må skifta klasserom i dobbeltimar. Handlingsplanen viser at det skal vere gode rutinar for dette på skulen. Personalet brukar zero-programmet aktivt I Udir sin rettleiar «arbeid mot mobbing» står det; 12.11-15.11 2012 12

Arbeidet mot mobbing er viktig og må vere ein sjølvsagt del av dykkar daglege gjeremål. På skolen skal de ha eit systematisk, breitt basert arbeid for eit godt psykososialt miljø. Dette er òg lovpålagt. For å sikre kontinuitet må de ha ein oppdatert plan mot mobbing på skolen. Planen skal vere kjend for alle, og han skal vise kva dei tilsette har ansvaret for. http://www.udir.no/upload/laringsmiljo/5/arbeid_mot_mobbing_rettleiar_nn.pdf I følgje personalet vert zero-undersøkinga gjennomført i november. Heimen godkjenner elevdeltaking. Handlingsplanen i zero-programmet vert nytta direkte i mobbesaker. I samtalane kjem det fram at ikkje alle tilsette kjenner zero-programmet. Nye tilsette til ei kvar tid treng innføring i programmet Elevane kjenner seg trygge i skulekvardagen Elevane er godt kjente med zero-programmet I samtale med elevane kjem det fram at berre dei eldste elevane er kjende med zero-programmet. Dei kjenner til at programmet handlar om mobbing, men berre få av dei har arbeidd med det som tema i samling. Under observasjon ser vi få synlege teikn på at skulen er ein zero-skule. Foreldra er delaktige i å skapa trygge rammer rundt skulekvardagen. Foreldra får god informasjon om skulen si verksemd På Udir sine sider om elevane og foreldra sitt ansvar og rettar står det; Samarbeid mellom skolen og hjemmet er et gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativ og legge til rette for samarbeidet. Hjemmet skal få informasjon om målene for opplæringen i fagene, elevenes faglige utvikling i forhold til målene og hvordan hjemmet kan bidra til å fremme elevenes måloppnåelse. Videre skal hjemmet ha informasjon om hvordan opplæringen er lagt opp og hvilke arbeidsmåter og vurderingsformer som brukes. Det må også legges til rette for at foreldrene/de foresatte får nødvendige opplysninger for å kunne delta i reelle drøftinger om utviklingen av skolen. 12.11-15.11 2012 13

http://www.udir.no/laringsmiljo/foreldresamarbeid/elevers-og-foreldres-ansvar-og-rettigheter/ I møtet med FAU kjem det fram at informasjonen heimen får frå skulen er god. Vekeplanen og informasjon som kjem i meldemappa fungerer godt. Foreldra gjev likevel uttrykk for at lærarane har ulik kontakt med heimane. Dei ønskjer å få ranselpost på e-post eller sms. Heimesida treng oppdatering og må brukast aktivt i informasjonsstraumen til foreldra. Foreldra ønskjer fleire tilbakemeldingar frå faglærarane. Dei har og ønskje om å møte fleire lærarar på klasseforeldremøta og i utviklingssamtalen. Foreldra fortel at det er store forskjellar i korleis dei vaksne på skulen kontaktar heimen. Dei synest det er viktig at skulen har ei felles forståing for kor tid og korleis ein tek kontakt. Dei som har fått tilbakemelding på korleis veka eller perioden har vore, set stor pris på dette. Foreldra deltek på klasseforeldremøte og utviklingssamtalar På Udir sine sider om elevane og foreldra sitt ansvar og rettar står det; Foreldremøtet er en viktig møteplass for foresatte med barn i samme gruppe/klasse. Her er muligheten til å bli kjent med lærerne og hverandre, knytte kontakter, gi og få informasjon og ta opp aktuelle temaer som foresatte på trinnet er opptatt av. Her er muligheten for å etablere et godt klasse- og læringsmiljø som barna kan nyte fruktene av gjennom hele grunnskolen. http://www.udir.no/laringsmiljo/foreldresamarbeid/elevers-og-foreldres-ansvar-og-rettigheter/ I møtet med foreldra kjem det fram at deltakinga på klasseforeldremøta er varierande. Foreldra opplever møta som nyttige. Godt frammøte på desse møta kan i større grad etablere eit godt klasse- og læringsmiljø for elevane. Utviklingssamtalane er derimot høgt prioritert hos foreldra. Det er ulik praksis om elevane er med på utviklingssamtalen, det er gjerne dei yngste elevane som ikkje deltek. 12.11-15.11 2012 14

7 - Vidare arbeid Vurderingsnettverk for skuleutvikling 6 månadar etter at skulevurderinga finn stad, vil rektor rapportera attende til skulesjef/skulefagleg ansvarleg korleis skulen har arbeidd med utviklingsområda sine. Det politiske fagutvalet vil få ei orientering. Ågotnes 15. 11. 2012 Kjellaug Solsvik Martha Landro Vedlegg 1 Interne: - Et utval av elevar frå 1.-7. klasse - Lærarar - Assistentar - Rektor - FAU Eksterne: Kjellaug Solsvik og Martha Landro Grunngjeving for val av informantar Temaet relasjonskompetanse krev at vi snakkar med alle partar på skulen. Både elevar, tilsette og foreldregruppa er viktige informantar. Vedlegg 2 Tidsplan for vurdering av v. 46 Vurderingstema: Relasjonskompetanse Vurderingspar: Kjellaug Solsvik og Martha Landro Tid Aktivitet Ansvar 5.okt. Vurderingsparet kjem og vil seia litt om kva ein Vurderarane kl. 14.00 legg i det å vera eksterne skulevurderarar, og 12.11-15.11 2012 15

presentera glansbilete vi har utarbeida. 5. okt. Personalet på skulen drøftar kriteria i glansbilete Skulen Veke 42 Skulen kjem med framlegg om eventuelle endringar Skulen i glansbilete Veke 44 Informasjonsbrev til foreldra om skulevurdering blir sendt heim. Det same gjeld innkallinga til foreldremøte. Vurderarane lagar skrivet, skulen sender det ut Veke 45 Endeleg timeplan for vurderingsveka er ferdig Vurerarane og skulen Veke 46 Vurderingsveka Vurerarane og skulen Dette tenkjer vi no: Måndag ønskjer vi å intervjue om lag 3 elevar i frå kvar klasse fordelt på 3 intervjugrupper. Vi vil at lærarane skal velja ut elevar som er gode informantar. Ein kort samtale med rektor på slutten av dagen. Foreldremøte med alle i FAU (inkl. vara) frå 18.00-19-00. Det er fint om vi i starten på veka kan får kopi av vekeplanar, halvårsplanar, verksemdsplan, årshjul og liknande. Tysdag vil vi intervjua lærarane i grupper på ca fem-seks fordelt på to intervjugrupper. Vi vil ha intervju med assistentane for seg sjølve. Deretter ønskjer vi å observera i klasseromma. Samtale med rektor på slutten av dagen. Onsdag. Intervju med rektor og inspektør. Deretter observasjon og rapportskriving. Torsdag siste arbeid med rapporten. Framlegging av rapport for rektor. Deretter framlegging av rapport for personalet og skulesjefen. 22. november Frist for skulen å koma med innspel om faktiske feil Skulen i rapporten 29. november Endeleg rapport vert sendt skule/kommune Vurderarar, skule og kommune 29. mai 2013 Rektor skal levera ein handlingsplan til skuleiegar. Rektor, skuleeigar 12.11-15.11 2012 16

Vedlegg 3 Metodar For å sikra god forankring og at alle røyster vert høyrde, hentar vurderarane inn data frå fleire andre kjelder (kjeldetriangulering). Informantane er det vurderarane som plukkar ut, for eksempel ved å ønskja å møta alle klassekontaktar, elev nr 5, 8, 14, 20 og 25 frå klasselista, 3 faglærarar i praktisk-estetiske fag, 3 kontaktlærarar på trinn 7, hele elevrådet osv. For å styrka kvaliteten på dei data me finn, nyttar me ulike metodar for datainnsamling (metodetriangulering). Gjennom eit breitt spekter av metodar tek vurderarane temperaturen på den pedagogiske praksisen til skulen, og på korleis skulen fungerer som organisasjon. Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metode. I prosessen på denne skulen er følgjande metodar nytta: Dokument- og resultatanalyse Skulen sendte vurderarane diverse relevante dokument, til dømes verksemdsplan, arbeidsplanar, resultat av elevundersøkinga. Kriterium og teikn på god praksis Vurderingsparet utarbeidde forslag til eit glansbilete med kriterium og teikn på god praksis. Dette med utgangspunkt i L-06, Opplæringslova med forskrift og skulen sine planar. Framlegg til kriterium med teikn på god praksis vart drøfta på skulen. Skulen godkjende desse med små endringar. Samtaleguidar For å fanga lik tematikk, har vurderarar i forkant utarbeidd ulike guidar til hjelp for samtalar med høvesvis elevgrupper, foreldre og pedagogar. Møte med føresette Ein føresetnad for god skuleutvikling er god dialog mellom heim og skule. Føresette må få høve til å involvera og engasjera seg. I løpet av denne vurderinga har me hatt møte med klassekontaktane. Møte med rektor Rektor har ei nøkkelrolle i utviklingsarbeidet som skulen skal ta tak i når konklusjonane i rapporten ligg føre. Ein god dialog med rektor dannar grunnlag for gjensidig forståing av skulen sin nosituasjon og for vidare arbeid. Observasjon Me observerte i klasseromma, gangane og uteområdet. 12.11-15.11 2012 17

Vedlegg 4 Intervju med foreldre 1 Kor ofte har FAU møte? Kor mange møter i snitt på desse møta? 2 Er skulemiljøet oppe som sak i FAU? Nemn ulike tema. 3 Korleis får foreldra informasjon frå skulen? Er informasjonen god og ofte nok? 4 Har skulen ei heimeside? Kva inneheld heimesida? 5 Deltek foreldra på klasseforeldremøte og utviklingssamtalar? Kor nyttige er desse møta? 6 Har skulen tradisjon for andre arrangement i og utanfor skuletida? Kva arrangement og for kven? 7 Kva er foreldra si rolle i ulike arrangement på skulen? Samarbeider foreldra om arrangement på tvers av klassedeling? 8 Korleis er samarbeidsklimaet mellom skule heim? 9 Er det nøgde med skulen dykkar? Kva for utfordringar opplever de i skulemiljøet? Intervju med elevar 1 Kjenner de ordensreglane på skulen? 2 Kva skjer viss de ikkje følgjer reglane? 3 Følgjer de ordensreglane? 12.11-15.11 2012 18

4 Kor tid og kvar skjer det brot på ordensreglane? 5 Trivst de på skulen? 6 Trur de alle trivst på skulen? 7 Kva er Zero-programmet? 8 Kor ofte arbeider de med Zeroprogrammet? Vurderingsnettverk for skuleutvikling Intervju med personalet 1 Har skulen same ordensreglement for alle? 2 Korleis vert elevane gjort kjende med ordensreglementet og brot på det? 3 Har personalet lik forståing av reglementet og konsekvensar på brot på dette? 4 Rettar elevane seg etter reglane på skulen? 5 Er personalet godt synleg på skulen? 6 Møter personalet presis til timane og friminutta? 7 Rettar elevane seg etter personalet sine intrukser? I timen? I friminuttet? 8 Er personalet konsekvente i møte med elevane? Er det felles praksis? 9 Brukar alle på skulen Zeroprogrammet? 10 Korleis og kor ofte brukar de Zero- 12.11-15.11 2012 19

programmet? Vurderingsnettverk for skuleutvikling 11 Korleis opplever de samarbeidet mellom heim og skule? 12 Korleis kontaktar og informerer de heimen? 13 Opplever de høg trivselsfaktor på skulen? I personalet? Hos elevane? Intervju med leiinga 1 Er skulekvardagen organisert på ein oversiktleg måte? Korleis? 2 Er organiseringa synleggjort? Korleis? 3 Kor ofte har personalet møter? Er heile personalet med på møta? 4 Er skulemiljøet tema på personalmøtet? 5 Har de rutinar for oppfølging av vikarar? Korleis vert nye vikarar informert? 6 Kor ofte har elevrådet møte? 7 Er skulemiljøet tema i elevrådet? 8 Har skulen ein plan for gjennomføring av Zero-programmet? 9 Er Zero-programmet eit tema på personalmøtet? 10 Korleis sikrar leiinga at innhaldet i planen blir følgt opp? 12.11-15.11 2012 20

11 Opplever de motsetningsforhold i personalet? Korleis? 12 Korleis opplever de samarbeidet mellom heim og skule? 13 Møter personalet presis til timane og friminutta? 14 Opplever de høg trivselsfaktor på skulen? I personalet? Hos elevane? Vurderingsnettverk for skuleutvikling 12.11-15.11 2012 21