ØRSTA KOMMUNE Teknisk sektor Jens Kåre Engeset 6160 HOVDEBYGDA Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2010/1280 6580/2011 WANGEN 58/9 31.05.2011 MELDING OM VEDTAK I SAMFUNNSUTVALET 25.05.11, SAK PS 44/11: GNR/BNR 58/9 - DELING AV GRUNNEIGEDOM MED KARTFORRETNING OVER PARSELL YTRE-HOVDEN -JENS KÅRE ENGESET Saksprotokoll tilråding / vedtak i samfunnsutvalet - 25.05.2011 Samfunnsutvalet (SFU), syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen for frådeling av grunn på gnr./bnr. 58/9 i Ytre-Hovden. Ut frå dei interessene kommuneplanen har hatt som føremål å sikre, finn SFU etter ei samla vurdering at fordelane ved å gje dispensasjon slik det er omsøkt vil vere større enn ulempene. Det vert då lagt særleg vekt på at ingen sektormynde har merknader til søknaden og at frådelinga har som hovudføremål å legge til rette for å sikre kulturminneinteresser knytt til den gamle kalkgruva. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl). kap. 19 dispenserer SFU frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av grunn i samsvar med søknaden og på følgjande vilkår: 1. Området som vert frådelt skal samanføyast med gnr. 58 nr. 40. 2. Det må sikrast tilkomst over teigen til tilgrensande skogsteigar. Med heimel i pbl. kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av grunn i samsvar med søknaden. -------------------------------------------------------------------------------------------------------------- --- Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år. Det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Handsaminga (9 røysteføre) Vedtak samrøystes i samsvar med tilrådinga. Postadresse: Dalevegen 6 postmottak@orsta.kommune.no www.orsta.kommune.no 6150 Ørsta 700 49 700 700 49 711 939461450 MVA 3992.07.30144 Besøksadresse: Dalevegen 6
Rett utskrift av møteprotokollen 01.06.11 Toril Langlo konsulent Kopi til: Hovdebygda Soge- og velferdslag 6160 HOVDEBYGDA Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset 6404 Molde Statens vegvesen Region midt Fylkeshuset 6404 Molde Landbrukskontoret, her Dalevegen 6 6150 ØRSTA Eigedoms-og fellesavdleinga, her
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2010/1280 Løpenr.: 2757/2011 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 44/11 Samfunnsutvalet 25.05.2011 GNR/BNR 58/9 - DELING AV GRUNNEIGEDOM MED KARTFORRETNING OVER PARSELL YTRE-HOVDEN -JENS KÅRE ENGESET TILRÅDING TIL VEDTAK: Samfunnsutvalet (SFU), syner til søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen for frådeling av grunn på gnr./bnr. 58/9 i Ytre-Hovden. Ut frå dei interessene kommuneplanen har hatt som føremål å sikre, finn SFU etter ei samla vurdering at fordelane ved å gje dispensasjon slik det er omsøkt vil vere større enn ulempene. Det vert då lagt særleg vekt på at ingen sektormynde har merknader til søknaden og at frådelinga har som hovudføremål å legge til rette for å sikre kulturminneinteresser knytt til den gamle kalkgruva. Med heimel i plan- og bygningslova (pbl). kap. 19 dispenserer SFU frå kommuneplanen sin arealdel for frådeling av grunn i samsvar med søknaden og på følgjande vilkår: 3. Området som vert frådelt skal samanføyast med gnr. 58 nr. 40. 4. Det må sikrast tilkomst over teigen til tilgrensande skogsteigar. Med heimel i pbl. kap. 20 og matrikkellova 3 gjev SFU løyve til frådeling av grunn i samsvar med søknaden. -------------------------------------------------------------------------------------------------------------- --- Vedtaket om dispensasjon gjeld i tre år. Det må rekvirerast og gjennomførast kartforretning innan same frist. Utskrift til: Jens Kåre Engeset, Ytre Hovden 6160 Hovdebygda Hovdebygda Soge og Velferdslag v/jostein Myklebust, 6160 Hovdebygda Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset 6404 Molde Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset 6404 Molde Statens vegvesen, Region midt, Fylkeshuset 6404 Molde Landbrukskontoret, her
Eigedom- og fellesavdelinga, her
Saksvedlegg: 1. Søknad om deling av grunn datert 27.08.10 2. Kart og ortofoto 3. Brev frå teknisk sektor til landbruk, 01.02.11 4. Vedtak/saksutgreiing Ørsta formannskap, sak 140/10 5. Vedtak/saksutgreiing Landbruksnemnda, sak 6/11 6. F. sak 0169/04, 09.11.2004 7. Referert i formannskapet, 06.11.03 8. FUM-sak 58/03, 24.09.03 9. Melding om vedtak frå Fylkesmannen, 06.04.2011. Uprenta saksvedlegg: Innkomne merknader Div. dokument Saksopplysningar: Det ligg føre søknad om frådeling av grunn frå gnr. 58 bnr. 9. Området er ikkje regulert og ligg i kommuneplanen sitt LNF-område sone C. Ørsta formannskap har i møte 14.10.10 gjort vedtak om å kjøpe det arealet som skal frådelast i tillegg til gnr. 58 bnr. 40. På området ligg ei eldre kalkgruve og hovudføremålet med frådelinga er å sikre grunn til at ein kan sikre denne som kulturminne. Det er tidlegare gjort politiske vedtak om å regulere området til kulturminnevern jf. vedlegg. Saka er og handsama i landbruksnemnda i Ørsta som har gjort vedtak etter jordlova. Saka er sendt på høyring og det ligg føre følgjande fråsegner: 1.Statens vegvesen, 11.03-11 Det vert søkt om frådeling for å sikre grunn til at ein kan bevare ei eldre kalkgruve som ligg på området. Ørsta kommune har gjort vedtak om å kjøpe grunnen. Statens vegvesen har ikkje merknader til frådelinga. 2.Fylkesmannen i Møre og Romsdal, 16.03.11 Fylkesmannen har ut frå sine ansvarsområde ingen merknader til søknaden. Fylkesmannen fatta følgjande vedtak den 06.04.2011: Med heimel i konsesjonslova av 28.11.2003 nr. 98, 1, og Forskrift 2003-12-08 nr 1479 om vedtak om overføring av myndighet til kommunen, fylkesmannen, Statens landbruksforvaltning og Direktoratet for mineralforvaltning etter konsesjonsloven, jordlova og odelsloven, 1, gir Fylkesmannen konsesjon til Ørsta kommune for erverv av omsøkte utmarksteig på 10,5 dekar på gnr. 58 bnr. 9 og 40, med føremål å sikre grunn for kulturminne. Det setjast vilkår om at det vert sikra tilkomst over teigen for tilgrensande utmarksteigar. 3.Landbruksnemnda - 15.02.2011 Landbruksnemnda viser til søknad datert 27.08.10, frå eigar av gnr 58 bnr 9 og 40, Jens Kåre Engeset, om frådeling av ein landbruksteig på om lag 10,5 da. Kjøpar er Ørsta kommune. Landbruksnemnda viser til saksutgreiinga med konklusjon, og tilrår at det kan gjevast løyve etter jordlova 12, til frådeling av omsøkte teig. Grunngjeving er at føremålet med delinga er
å sikre kalkgruva som kulturminne, og at dette er ei samfunnsinteresse av stor vekt. Vilkår for frådelinga er at det vert sikra tilkomst over teigen for tilgrensande utmarksteigar 4. Møre og Romsdal fylkeskommune, 24.03.11 Kulturminne frå nyare tid Dette er eit positivt tiltak for sikring av eit viktig kulturminne. Vi har elles ingen merknader til saka. Vurdering og konklusjon: Det aktuelle arealet er brattlendt lauvskogsmark der inngangen til kalkgruva og ei større kraftline beslaglegg ein stor del av arealet. Å sikre kalkgruva som kulturminne må seiast å vere ei viktig samfunnsinteresse. Kommunen skal starte arbeidet med kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda og det omsøkte området vil inngå i dette planarbeidet. Eit reguleringsarbeid vil også vere aktuelt for å fastsetje reglar for området. Frådelinga vil også omfatte noko større areal enn det som gjeld sjølve kalkgruva. I kommuneplanarbeidet vil det også vere naturleg at den framtidige arealbruken i det næraste området omkring kalkgruva vert teke opp til vurdering. Det ligg ikkje føre merknader frå naboar til frådelinga. Møre og Romsdal fylkeskommune ser positivt på frådelinga som har som føremål å kunne sikre eit viktig kulturminne. Fylkesmannen og Statens vegvesen har ikkje merknad til søknaden og landbruksnemnda har gjort frådelingsvedtak etter jordlova med grunngjeving at frådelinga er forsvarleg ut frå samfunnsinteressa der er å sikre kalkgruva som kulturminne. Det er sett vilkår om at det vert sikra tilkomst over teigen for tilgrensande utmarksteigar. Rådmannen syner til dei innkomne fråsegnene og at ingen sektormynde har innvendingar til søknaden. Vidare at den ikkje er vurdert å kome i konflikt med jordvernet eller omsynet til landbruksdrifta. Med å sikre arealet som no er aktuelt å frådele, vil det kunne ligge til rette for ei avklaring gjennom seinare planarbeid i høve verb av kalkgruva som kulturminne og framtidig arealbruk i områda omkring. Frådeling og kjøp av areal vil også avklare kommunen sitt ansvarstilhøve for gruva og området, jf den avtalen som har vore med grunneigaren av området, med dei plikter dette også vil innebere. Rådmannen finn etter ei samla vurdering at det er større fordelar enn ulemper med å gi dispensasjon og at dette vil kunne legge til rette for ei betre avklaring av kulturminneinteressene knytt til kalkgruva gjennom eit framtidig planarbeid. Svein Silseth konstituert teknisk sjef Gunnar Wangen avdelingssjef