NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte 21.-22. mars 2012 Sak 3 Regnskap -2011 Sentralforvaltningen
Til denne saka ligg desse dokumenta føre: Årsregnskap for (resultatregnskap, balanse og noter) Revisjonsberetning for Årsregnskap for 2011 (resultatregnskap, balanse og noter) Revisjonsberetning for 2011 (blir delt ut i møtet) Samanstilling med budsjettal og kommentarar Årsrekneskapane og revisjonsberetninga ligg føre i eit eige dokument, medan dette dokumentet inneheld styret si innstilling, samanstillinga med budsjettal og kommentarane. Representantskapen skal behandle årsrekneskapane og revisjonsberetningane for dei to åra, medan samanstillinga med budsjettal og kommentarane er til informasjon. Styrets innstilling: Årsregnskapet for NTL Sentralforvaltningen for med revisjonsberetning godkjennes. Årsregnskapet for NTL Sentralforvaltningen for 2011 med revisjonsberetning godkjennes. Side 2 av 6
Samanstilling med rekneskaps- og budsjettal For oversikten si skuld inneheld oppstillinga under både budsjettala som blei lagt fram på representantskapsmøtet i og den siste budsjettrevisjonen som styret har vedteke. Avvika er sett i høve til den siste budsjettrevisjonen. Under tala kjem nokre kommentarar. Resultat 2011 Revidert budsjett 15.9.2011 2011 Avvik 2011 Budsjett rep.møte Resultat Revidert budsjett 20.9. Avvik Budsjett rep.møte Kontingent 3 894 745 3 865 000 29 745 3 725 000 3 590 106 3 562 000 28 106 3 562 000 Tilskudd NTL, frikjøp 530 426 541 000-10 574 558 000 527 363 523 000 4 363 542 000 Refusjon NTL, kurs 216 608 180 000 36 608 130 000 208 899 130 000 78 899 100 000 Refusjon NTL, medlemsblad 181 974 190 000-8 026 190 000 184 553 180 000 4 553 190 000 Andre inntekter 8 297 10 000-1 703 15 000 0 15 000-15 000 15 000 Sum inntekter 4 832 049 4 786 000 46 049 4 618 000 4 510 922 4 410 000 100 922 4 409 000 Kostnader til organisasjonens formål Verving og profilering 29 574 60 000-30 426 50 000 39 763 50 000-10 237 50 000 Medlemsblad og informasjon 295 037 300 000-4 963 280 000 287 761 300 000-12 239 280 000 Aktivitetsstøtte til avdelingene 164 907 200 000-35 093 250 000 141 752 250 000-108 249 250 000 Organisasjonsutvikling 9 795 40 000-30 205 40 000 2 826 40 000-37 174 40 000 Egne kurs 213 565 300 000-86 435 285 000 234 057 200 000 34 057 200 000 Kontingenter 195 166 200 000-4 835 200 000 197 419 200 000-2 581 200 000 Bevilgninger og gaver 75 588 80 000-4 412 93 000 131 805 128 360 3 445 93 000 Styre- og AU-møter 162 140 230 000-67 860 312 000 239 146 250 000-10 854 312 000 Representantskapsmøte/ ledersamling/landsmøte (inkl. avsetninger) 369 782 370 000-218 242 500 430 514 430 000 514 290 000 Møter med avdelingene 25 273 20 000 5 273 40 000 18 750 40 000-21 250 40 000 Andre møter og kurs 126 485 165 000-38 515 80 000 114 961 105 000 9 961 80 000 Mellomsum - Til organisasjonens formål 1 667 310 1 965 000-297 690 1 872 500 1 838 753 1 993 360-154 607 1 835 000 Lønn og honorarer Lønn og sosiale utgifter 2 184 234 2 255 000-70 766 2 280 000 2 407 276 2 285 000 122 276 2 621 000 Honorar til styret, AU og redaktør 8 000 8 000 0 8 000 12 650 12 650 0 7 250 Andre personalkostnader 71 899 65 000 6 899 48 000 111 980 102 000 9 980 48 000 Mellomsum - Lønn og honorar 2 264 133 2 328 000-63 867 2 336 000 2 531 906 2 399 650 132 256 2 676 250 Kontorhold og -drift, Andre driftskostnader 475 405 546 000-70 595 471 000 585 976 635 200-49 224 514 000 Sum kostnader 4 406 848 4 839 000-432 152 4 679 500 4 956 635 5 028 210-71 575 5 025 250 Driftsresultat 425 202-53 000 478 202-61 500-445 713-618 210 172 497-616 250 Finansinntekt og -kostnad 36 330 30 000 6 330 30 000 33 843 30 000 3 843 30 000 Årsresultat 461 532-23 000 484 532-31 500-411 870-588 210 176 340-586 250 Side 3 av 6
Kommentarar I hadde NTL Sentralforvaltningen over 400 000 kroner i underskott, medan vi fekk vel så mykje i overskott i 2011. Det er viktig å hugse at i var det budsjettert med underskott for å ha ein ekstra tillitsvald frå representantskapsmøtet og ut året, samtidig som vi skulle konsolidere drifta til å gå i balanse frå 2011. Som venta, blei det underskott i, men ikkje riktig så mykje som vi hadde budsjettert med. Samanlikna med budsjettet er det altså 2011 som skil seg ut og som de ser skuldast det særleg lågare kostnader enn venta. Nokre meir detaljerte kommentarar er knytt til høvesvis inntektene og kostnadene, og til balansen, sjå under. Etter at NTL Sentralforvaltningen blei oppretta per 1. april 2008, blei det utarbeidd kontoplan, rekneskapsprinsippa blei reindyrka og det blei laga retningslinjer for økonomisk styring og rekneskapsføring. Nokre justeringar har skjedd etterpå, men hovudprinsippa er dei same og det er no i stor grad mogleg å samanlikne rekneskapane. Resultata er av same grunnen så korrekte som råd er, og det er berre mindre beløp som ikkje er ført på rett år f.eks. fordi vi estimerer for lite i kontingent for 4. kvartalet. Ved utgangen av 2011 er eigenkapitalen til NTL Sentralforvaltningen på nesten 3 millionar kroner. Dette gjer oss mindre sårbare om medlemstalet snur eller mot andre uventa hendingar. God eigenkapital gjer det samtidig mogleg å gjennomføre målretta satsingar eller investeringar. Inntektene NTL overfører kontingenten kring den 20. i månaden etter at kvartalet er slutt. Inntektene varierer ein del mellom kvartala og det er vanskeleg å treffe med periodiseringa. Dermed gjeld om lag 6000 kroner, men er ført som inntekt i 2011, medan om lag 17 000 kroner vil bli inntektsført i 2012 sjølv om det er kontingent for 2011. Kursrefusjon er kalkulert med støtte frå Opplysnings- og utviklingsmidla, og så er det lagt til noko for støtte frå Aktivitetsfondet. Det er vanskeleg å budsjettere støtta frå Aktivitetsfondet og her har vi alltid vore forsiktige. Kursrefusjonen omfattar både kurs for medlemmer og tillitsvalde (dagskurs og kurs over to dagar), styreseminara, delegatsamlingane før landsmøtet i og leiarsamlinga i 2011. Andre inntekter i 2011 kjem av at NTL Fredskorpset blei lagt ned. Kostnadene Vi har vore fleire stadar i landet, som oftast i kombinasjon med andre reiser. Aktivitet i Oslo-området gir oftast små utgifter. Når vi er innleiarar på NTL-kurs dekker NTL utgiftene knytt til det, og dermed blir det sjeldan store ekstrautgifter for landsforeininga sjølv om vi legg til avdelings-/medlemsbesøk eller liknande. Side 4 av 6
I er det betalt ut aktivitetsstøtte til 28 tiltak fordelt på 17 avdelingar, og til 36 tiltak fordelt på 25 avdelingar i 2011. Mesteparten er knytt til kurs, men det er også tiltak som aktivitet på NTL-dagen og deltakaravgift på konferansar. Evalueringa vi gjennomførte i 2011 viste behov for å gjere aktivitetsstøtta betre kjent, sjå også budsjettet for 2012-2013. Posten for Organisasjonsutvikling vurderer styret frå år til år korleis skal brukast. Begge åra har vi samarbeidd med NTL sitt fylkesutval i Oslo og NTL Politiet om ein ungdomskonferanse, og i 2011 tok vi initiativ til å lage eit departementsnettverk. Under Egne kurs i 2011 er det inntektsført om lag 40 000 kroner i refusjon frå NTL sitt fylkesutval i Oslo for pensjonskonferansen 11.11.. Den reelle utgifta i 2011 er altså om lag 40 000 kroner høgare enn rekneskapen viser, medan ho skulle vore tilsvarande lågare i. Talet på kursdeltakarar varierer mykje og også kor mange som har reiseutgifter. Kontingent gjeld LO sine lokalorganisasjonar. Alle avdelingane som har dokumentert utgifter har fått refusjon. Om lag ¾ er LO i Oslo. Solidaritetsløyvingar og politiske løyvingar er stabilt, medan utgiftene til gåver har større naturleg variasjon. Solidaritetsprosjektet i Nicaragua blei støtta med 60 000 kroner til prosjektretta tiltak i i tillegg til besøksreisa, medan utgifta i 2011 var om lag 8000 kroner til eit nyheitsblad. Vi har fått reviderte rekneskapar for prosjektstøtta begge åra. Det er fleire styremøte og ei ekstra styresamling det året det er representantskapsmøte. Kor mange som må reise, kombinasjonar med andre møte/reiser og forfall slår inn her. I var det både representantskapsmøte og landsmøte. Det var sett av ein del pengar i 2008 og 2009, men ikkje nok til å unngå ekstra høge utgifter dette året. I 2011 var det leiarsamling og vi sette av pengar til representantskapsmøtet i 2012 og landsmøtet i 2014. Møte med avdelingane handlar om bistand ved forhandlingar, personalsaker og liknande, men mykje bistand blir også gjeve på telefon eller e-post. Andre møter og kurs er frå 2011 fordelt på tre kontoar etter at vi i tillegg har oppretta kontoar for Egne utvalg, og Eksterne kurs og konferanser, sjå også budsjettet 2012-2013. Løn og honorar omfattar løn inkludert arbeidsgivaravgift og opptente feriepengar til fastløna tillitsvalde og til reinhaldaren og arkivaren. Fram til representantskapsmøtet i blei det betalt ut møtegodtgjering til styremedlemmene og til redaktøren, medan redaktøren er den einaste som har fått utbetalt honorar etterpå. Bedriftshelsetenesta og forsikringane utgjer mesteparten av dei andre personalkostnadene. Den høge utgifta i skuldast gjennomgang og rettingar knytt til forsikringane. Kontorhald og drift og andre driftskostnader omfattar til dømes husleige, IT- og kopikostnader, kontorrekvisita og -utstyr, inventar, telefon og internett, porto, aviser og faglitteratur, rekneskapsføring og revisjon, og bank- og kortgebyr. Frå 2011 får vi avskrivingar fordi vi har kjøpt ny server. IT-kostnadene var ekstra høge i som følgje av eit par nye pc-ar, oppgradering til ny office-pakke og kurs i samband med det, og meir bistand enn i 2011. Nokre nye skrivebord og stolar blei kjøpt i, det blei montert kjølemaskiner på kontoret, og arkivet til NTL Embetskontorene blei ordna og sett bort til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Side 5 av 6
Balansen Vi kjøpte ny server i 2011. Den er ført i balansen under kontormaskiner og skrivast av over tre år. Aksjer og andeler er obligasjonen i Folket Hus som NTL Sentraladministrasjonen hadde. NTL Sentralforvaltningen tok over eigarskapen etter samanslåinga. Fordringane er kontingenten for 4. kvartal året før, og mindre beløp som eventuelle refusjonar som ikkje er komne inn på konto ved årsskiftet og avisabonnement og anna vi har betalt på førehand. Gjelda omfattar fakturaar, skatt og arbeidsgivaravgift som gjeld dette året, men blir betalt året etter. I tillegg er feriepengane som skal utbetalast året etter og avsettingane med her. Side 6 av 6