He Trollnytt for januar og februar. Henry-førstehjelp for barnehagebarn er eit pedagogisk læringsopplegg utviklet for barn mellom 3-6 år. Målet er å lera dei eldste barna i barnehagen om førstehjelp. Henryførstehjelp er ein del av den nasjonale førstehjelpsdugnaden «Sammen redder vi liv» Me hadde fellessamlingar med ulike tema, songar, samtaler og barna er med og hjelper til med dei ulike temaene. «Barnehagen skal invitera til ulike typar samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektera og stille spørsmål. Barnehagen skal bidra til at barna vert kjent med eigne behov, får kjennskap til menneskekroppen, trygg på eigen kropp og bli bevisst på eigne og andre sine grenser». Jf. Rammeplan for barnehagen.
Etter veka med Henry hadde me sjukehusdag og to sjukehusveker. På sjukehusdagen hadde me fellessamling og da kom store Henry på besøk. På sjukehuset var det venterom, akuttavdeling, røntgenavdeling og kantine. Alle bamsane fekk trygg og god behandling.
Etter sjukehusdagen hadde me to sjukehusveker. Me lagde sjukehuskrokar i stovo, og barna leike der med bamsane sine. Bamsane kunne vera med i barnehagen etter sjukehusdagen da fekk dei meir god behandling. Me hadde to veker i år, fordi etter vurdering i fjor ynskja barna fleire dager med sjukehus. «Barna skal jamnleg få høve til å delta aktivt i planlegging og vurdering. Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen» Jf. Årsplanen.
A M T S Me skapar bokstavar og formar i gymsalen. Me måtte samarbeide for å få det til. C E «Barnehagen skal bidra til at barna leiker og eksperimenterer med tal, mengd, teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje det på.» «Barnehagen skal inkludere alle barna i språkstimulerande aktivitetar» Barnehagen skal bidra til at vidareutvikla motoriske ferdigheiter, kroppskontroll,koordinasjon og fysiske egenskaper.» Jf. Årsplanen.
«Kaste ball, hoppe,balanserelegge på plass, slenge, vente på tur, følge leiaren, delta og samarbeide i gymsalen»
Vinteren gav oss nokre kjekke dager med snø. Me hadde VINTERLEIKER med innmarsj, og ulike aktivitetar som barna kunne velja. Til lunsj hadde med fiskeburger. Alle fekk diplom for aktiv og god innsats!
Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna møter opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale. Besøk av bokheksene frå Stord bibliotek. Dei trylla, leste bøker og hadde samtalar og undring saman med alle på stor avdeling. Det var ei spennande og magisk stund for alle. Me fekk låne nye bøker frå biblioteket, og det var veldig kjekt.
Me inviterte forfatter Helge Hammersland til samling. Han fortalte boka saman med barna, ved å vise bilete på tavla, samtale om å vera redd, me viste han kva me hadde laga og tilslutt spela han gitar og me song. Me stilte spørsmål til han. Det var ei flott stund i saman med Helge! Stord er ein språkkommune, og det er ein del av regjeringens satsing ; Språkløyper- den nasjonale strategien for språk, lesing og skriving 2016-2019.Målet er å styrke språkarbeidet i barnehagene, og gjøre elever bedre til å lese og skrive. «Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga, språkkompetansen og eit mangfald av kommunikasjonsformer.» Me har jobba med boka «Guten som ikkje ville læra å lesa» av Helge Hammersland. I denne prosessen har me lest boka, hatt samtale om boka, snakka og reflektert rundt enkelt ord i boka.me har snakka om tema som boka tok opp. Gruppa har laga mala monstertreet, laga rommet til Jonas (hovedpersonen ), laga Jonas, senga, kosedyret han bl.a. Me har nytta remida materielet, maling, og ulike andre materialer.
Å lage eit samisk flagg Me markerte Samisk nasjonaldag 6. februar med fellessamling med joik,fortelling, bilete samiske barnesongar og baking av Gahkko(samisk brød). Trollgruppa hadde ansvaret og me hadde snakket og reflektert om kvar samene bur, lever og det samiske flagget. Gjennom arbeidet med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna blir kjende med at samane er Noregs urfolk, og får kjennskap til samisk kultur. I mars og april vil me ha fokus på karneval, Min tur, Barnehagedagen, gamle dagar og påske. Fin vår til alle!