TRAINEE I SOGN OG FJORDANE



Like dokumenter
Rådgjevarkonferansen 2013 Gro Rukan

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Lønnsundersøkinga for 2014

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Finnøy og Rennesøy kommunar

Tilgangskontroll i arbeidslivet

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Bli lærling i BYGGOPP

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Ny strategiplan for Høgskulen

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Tiltaksforum. - Etablerartilskot

Stryn kommune 1

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Internasjonal vidaregåande skule

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

OPPLÆRINGSKONTOR FOR TILRETTELAGT FAGOPPLÆRING

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

DESTINASJONSUTVIKLING

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Kvifor og korleis lage årsplan som ressurssjukepleiar i lag med leiar? Av Marit Eikemo Halsnes

To kommuner - eitt kontor

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Transkript:

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE Prosjektplan for Framtidsfylket Trainee frå og med haust 2014 Framtidsfylket Trainee er den einaste fylkesdekkjande traineeordninga i landet for kandidatar med bachelor- eller masterutdanning. Ordninga skapar eit unikt nettverk både for bedrifter og trainear, og er med på å styrke samarbeidsånda knytt til ei sentral fellesoppgåve: rekruttering til Sogn og Fjordane. I dette dokumentet finn de rammene rundt programmet. Dersom ei verksemd ynskjer å vike frå hovudreglene for programmet, bør det takast opp med dagleg leiar i Framtidsfylket. MÅL OG MÅLGRUPPER Hovudmål Styrke konkurransekrafta og innovasjonsevna til næringslivet ved å auke talet på unge menneske med høgare utdanning som vil arbeide og bu i fylket. Delmål Tilby bedriftene kvalifisert arbeidskraft og fersk høgskule- og universitetskunnskap. Betre kunnskapen om næringslivet i Sogn og Fjordane på tvers av bransjar og regionar. Synleggjere næringslivet i fylket og nettverket av bedrifter i traineeordninga. Marknadsføre karrieremoglegheiter og gode levekår i Sogn og Fjordane. Målgrupper Traineear Krav til traineekandidatane: Utdanning på bachelor eller masternivå Maksimalt tre år med arbeidserfaring etter avslutta utdanning Beherske norsk som arbeidsspråk

Traineebedrifter Traineebedriftene kan vere av ulike storleikar og frå ulike bransjar eller arbeidsgjevarar innanfor offentleg sektor. For å sikre at traineen vert ein del av eit godt fagmiljø er hovudregelen at verksemda skal ha minst 4 tilsette. Kvar bedrift/arbeidsgjevar kan i prinsipp maksimalt tilsette ein trainee per år, ved interesse for fleire bør Framtidsfylket bli kontakta. Organisering Framtidsfylket AS eig og er ansvarleg for traineeordninga. Det inneber til dømes marknadsføring, gjennomføring og kvalitetssikring. FORPLIKTINGAR, ØKONOMI OG FORVENTNINGAR Juridisk tilknyting Kvar bedrift har det fulle arbeidsgjevaransvaret for sin trainee. Arbeidskontrakta er basert på ei tilsetjing på eit år. Om verksemda ynskjer å tilsette traineen fast frå byrjinga, er det fullt mogleg men dette bør Framtidsfylket informerast om. Traineeperioden går frå augus til og med juli året etter Dei 5 fellessamlingane er i perioden mellom september og juni. Det er ein intensjon å tilby traineen fast tilsetting etter avslutta traineeår. Økonomi Løn Traineeane får unike utviklingsmoglegheiter gjennom ekstra oppfølging av bedrifta og gjennom fellessamlingane. Lønnsnivået og kostnadar for programmet bør sjåast i samanheng. Bedrifta sjølve fastset lønsnivå, men ei anbefaling frå Framtidsfylket er minimum 80% av ordinær lønn for aktuelt fagområde. Det er høve for individuelle forhandlingar. Bedrifta som tilset, betalar ut løna. Traineebedrifta dekker: utgifter til løn og direkte kostnadar knytt til tilsettinga ein eigenandel for kvar trainee som tilsettast. Dette dekker kostnadene i eigenutviklingsprogrammet og ein del av felleskostnadane.

o kr 35.000,- (for små bedrifter under 10 tilsette) o kr 50.000,- (for bedrifter med 10 eller fleire tilsette) reisekostnader i fylket i samband med traineesamlingane (4 pr. traineeår). reise og opphald i samband med studietur i utlandet. evt. reise, opphald og deltakaravgift for årets trainee ifm alumnitraineetreff i fylket. reise og opphald ein gong i året for å profilere traineeordninga på Framtidsfylket sine eigne karrieremesser mentor i eiga bedrift. Om bedrifta ikkje klarer å tilsette ein trainee etter utlysningsperioden skal det berre betalast kr 5.000,- for å dekke eigenandel av marknadsførings- og koordineringskostnader for traineeutlysninga. Det er ei forutsetning at bedriften har bedriftsprofil på Framtidsfylket.no slik at traineestillinga kan lysast ut i våre kanaler. Sjå også priser og vilkår for bedriftsprofil. Framtidsfylket dekker elles størsteparten av felleskostnadane, slik som: marknadsføring koordinering av søknadsprosessen resterande kostnadar for felles fagsamlingar o overnatting og opphald for alle traineane o fagprogrammet inkl. organisasjonspsykolog, aktivitetar m.m. Forventningar til traineebedrifta Traineebedrifta må vere medviten om rolla den har og støttar traineen i læringsprosessen. Arbeidsgjevar stiller ein mentor til disposisjon for traineen. Mentoren skal vere støttespelar og rettleiar for den einskilde trainee heile traineeåret. Det er ikkje ynskeleg at mentor er same person som direkte sjef/avdelingsleiar til trainee. Det er obligatorisk for mentor å delta på 1-2 mentorsamlingar i løpet av traineeperioden. Mentor skal gjennomføre minst 5 samtalar med trainee. Det skal lagast ein utviklingsplan for traineeperioden slik at både trainee og bedrift veit kva ein skal arbeide med, og slik at forventningane er avklara.

Bedrifta skal ikkje behandle traineen som ein vanleg tilsett. Bedrifta kan stille krav, men samstundes skal ein leggje vekt på læring og utfordringar. Eksempel på dette er at ein: syt for at traineen får ein ordentleg introduksjon og bli-kjend-prosess med heile bedrifta, ikkje berre med den avdelinga han/ho arbeidar i. tar traineen med i viktige prosessar og på viktige møter. gje traineen ansvar og lar han/ho arbeide sjølvstendig. er open for innspel frå traineen. Eit ferskt blikk kan opne for nye moglegheiter. Det skal skrivast kontrakt mellom Framtidsfylket og traineebedrift der forventningane og forpliktingar er avklart. SØKNADSPROSESSEN Tidsplan Slutten av oktober medio november Desember til medio mars Desember, januar og februar Medio mars Mars/april April August Innan 1. mai Frist for avgjersle om å lyse ut ei traineestilling Levere stillingsannonseinformasjon Utlysing og elektronisk søknad på www.framtidsfylket.no Brei marknadsføring av traineestillingane. Årets Traineear deltek på Framtidsfylket messer Søknadsfrist Gjennomføre intervju Tilsetjingar Starttidspunkt Evt tilbod om fast jobb vidare Alle søknader går elektronisk til www.framtidsfylket.no. I etterkant kan bedriftene sjølve gå inn for å sjå kandidatane som har søkt.

PROSJEKTSKILDRING Verkemiddel Fellessamlingar Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging for kvar einskild trainee gjennom tre fokusområde: Personleg utvikling Bygge kunnskap om bedrifter og næringsliv i fylket Skape relevante nettverk Fellessamlingane er det viktigaste fellesverkemiddelet i traineeprosjektet. Det er obligatorisk å delta på fellessamlingane. Det vert fire felles fagsamlingar à tre dagar fordelte over heile året to samlingar før jul og to etter jul. Organisasjonspsykolog Thomas Bickhardt leiar samlingane. Samlingane vert haldne rundt om i Sogn og Fjordane for å vise fram ulike sider ved fylket. Valet av lokalitetar er knytt til både moglegheitane for å gjennomfør ulike gruppeøvingar og kva bedrifter ein kan besøke. Studietur til utlandet Det vert gjennomført ein studietur på fem dagar. Dei siste åra har turen gått til Brussel, med eit fagleg opplegg i samarbeid med Vest Norges Brussel kontor, for å synleggjere næringslivet sine utfordringar og moglegheiter knytte til EU. Turen gjennomførast vanlegvis i april. Nettverk Traineeane skal arbeide aktivt for nettverksbygging både seg imellom, mellom dei involverte bedriftene, og andre i fylket. Slik kan vi styrkje samarbeidskulturen i Sogn og Fjordane og bryte ned grensene mellom regionar og bransjar. Traineane kan òg bli spurde av Framtidsfylket om å representere Framtidsfylket, traineeordninga og/eller traineebedrifta på rekrutteringsarrangement. Traineeprosjekt Det vert lagt opp til eit fellesprosjekt som traineeane i fellesskap arbeider med, og som skal vere nyttig både for traineane, traineebedriftene og Framtidsfylket.

Traineeane arbeider delvis med dette fellesprosjektet på fellessamlingane. Dei må få lov til å arbeide litt med det i arbeidstida, men elles må dei bruke fritida si på å arbeide med det. Tema for traineeprosjektet endrar seg kvart år, og har i dei siste åra hatt med kompetanseutvikling og nettverksbygging å gjøre. Dialogsamtalar Det vert gjennomført minst ein ein-til-ein-samtale mellom dagleg leiar og/eller psykolog, og trainee. Skulle det vise seg å vere nødvendig eller ønskeleg å få meir individuell bistand utover traineeprogrammet sine rammer vil traineebedrifta bli kontakta. Ta kontakt dersom de har spørsmål! Førde, 6. mai 2014 Framtidsfylket AS Gro Rukan Mobil 91321392 gro@framtidsfylket.no