REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET"

Transkript

1 REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

2 INNLEIING Dette skrivet gir reglane for utføring av bachelor- og masteroppgåva. Reglane er fastsette av fakultetet og gir rammene for arbeidet med oppgåva. Fakultetet har i tillegg gitt ut skrivet Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva som gir utfyllande kommentarar til reglane og råd om korleis du som student bør gå fram i samband med oppstart og gjennomføring av oppgåva. 1. Oppstart av oppgåva 1.1. Institutta held orienteringsmøte for studentane og informerer om rutiner og prosessen rundt oppgåveskrivinga. Institutta lyser så ut tilbodet av oppgåver. Fristar for å halda informasjonsmøte og lysa ut oppgåver er viste i tabell Studenten(ane) søkjer på nokre av instituttet sine oppgåver i prioritert rekkjefølgje eller registrerer eiga oppgåve, dvs. ei oppgåve som studenten(ane) har skaffa sjølv. Frist for søknad/registrering er vist i tabell Ved søknad/registrering kan ein nytta skjemaet Søknad om bachelor- og masteroppgåve. Dette må då fyllast ut av kvar student og leverast til instituttadministrasjonen Instituttet godkjenner endeleg oppgåvetekst og sjekkar at studenten(ane) har tilstrekkjeleg progresjon, jfr Instituttet tildeler så fagansvarleg slik at uttak av oppgåva kan skje innan fristen vist i tabell 1. For studentar på 1-årige påbyggingsstudier kan desse fristane fråvikast Fagansvarleg skal vera tilsett ved Universitetet i Stavanger Ved uttak skal skjemaet Kontrakt for bachelor- og masteroppgåva fyllast ut av kvar student og leverast til instituttadministrasjonen Maksimal tid fra uttak til innlevering er vist i tabell 1. Spesielle faglege grunnar kan gi grunnlag for dispensasjon når det gjeld maksimaltida. Det må då sendast ein grunngitt skriftleg søknad til instituttet, sjå 6 om dispensasjonar. Oppgåve: Frist for institutta til å halda informasjonsmøte Bacheloroppgåve, 15sp 30sp 15/10 1/11 15/3 60sp Frist for utlysing av institutta sine oppgåver Frist for søknad/registrering (gjeld også eksterne oppgåver) Frist for kunngjering av tildelte oppgåver 15/10 1/11 15/3 15/11 1/12 1/4 1/12 15/12 15/4 Frist for formelt uttak av oppgåva 15/1 1/2 15/9 Kva semester oppgåva går over Vår Vår Haust og vår Maksimal tid mellom uttak og innlevering 5 månader 5 månader 10 månader Tabell 1 2

3 1.8. For å ta ut ei bacheloroppgåve, må studentane ha bestått minst 90 studiepoeng per 1. september. Studentar kan likevel få ta ut oppgåve dersom dei har bestått minst 120 studiepoeng per 15. januar. I tekniske årsstudier blir det ikkje stilt krav om beståtte studiepoeng for å få ta ut oppgåve For å kunne ta ut masteroppgåva, må studenten(ane) ha oppfylt opptakskrava og ha bestått minst 45 studiepoeng av masterstudiet per 1. september. Studentar kan likevel få ta ut ei masteroppgåve på 30 studiepoeng dersom dei har bestått minst 70 studiepoeng per 15. januar Oppgåva skal normalt gjennomførast i vårsemesteret, i siste semester etter studieplanen. Masteroppgåver på 60 studiepoeng går over dei to siste semestra. Det må sendast ein grunngitt skriftleg søknad til instituttet dersom ein må endra tida for gjennomføring av oppgåva, sjå 6 om dispensasjonar. 2. Arbeidet med oppgåva 2.1. Omfanget av ei bacheloroppgåve er 15 studiepoeng Inntil tre studentar kan samarbeida om ei bacheloroppgåve. Samla omfang for ei oppgåve skal ikkje overstiga 45 studiepoeng Masteroppgåva skal vera eit individuelt arbeid med eit omfang på 30 eller 60 studiepoeng. To studentar kan likevel arbeida på same prosjekt. Oppgåvene kan då innehalda ein fellesdel, men denne må ikkje utgjera meir enn 50% av arbeidet Det skal vera kontakt mellom student(ar), fagansvarleg og eventuell rettleiar fleire gonger i løpet av arbeidsperioden Studenten(ane) skal laga framdriftsplan for arbeidet. I tillegg skal studenten(ane) laga skriftlege statusrapportar med jamne mellomrom avtalt med fagansvarleg og eventuell rettleiar Fakultetet har i tillegg til reglane gitt ut skrivet Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva som mellom anna gir utfyllande kommentarar til reglane. Institutta kan ha supplerande retningslinjer Studentane pliktar å setja seg inn i gjeldande HMS-regelverk ved instituttet før oppstart av eksperimentelt arbeid Det faglege innhaldet i oppgåva står for studenten(ane) si eiga rekning Kjelder skal nyttast i samsvar med fakultetet sine retningslinjer for dette, sjå kap.4.2 i Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva. Brot på dette blir vurdert som fusk, jf Forskrift om eksamen ved Universitetet i Stavanger 17. 3

4 3. Innlevering 3.1. Innlevering av oppgåva skjer til instituttadministrasjonen innan frist vist i tabell 2. Ved innlevering skal skjemaet Kontrakt for bachelor- og masteroppgåva kvitterast av administrasjonen, og studenten(ane) skal ha ein stempla kopi. For eksperimentelle oppgaver som er utførte ved UiS, skal det vera kvittert for at arbeidsplassen er rydda og reingjort før innlevering blir akseptert. Oppgåve: Bacheloroppgåve, 15sp 30sp Innleveringsfrist 15/5 15/6 15/6 Frist for institutta til å skaffa sensor 15/5 15/5 15/5 60sp Vurderingsfrist 6 veker 12 veker 12 veker Tabell Oppgåva skal leverast i to papireksemplar og på CD-plate med omslag i to eksemplar merkte med tittel, dato og namn. Sjølve sluttrapporten skal vera på.pdf -format. I tillegg skal oppgåva leverast på It s learning. Dersom fagansvarleg ikkje treng papireksemplar, kan han/ho merka av/kryssa av for dette på skjemaet Kontrakt for bachelor- og masteroppgåva. Skjemaet Framside skal vera standard framside Oppgåva skal som hovudregel vera open, men kan etter søknad haldast konfidensiell, normalt inntil 2 år og maksimalt i 5 år, sjå 5.5. Dersom søknaden om konfidensialitet blir godkjent, skal framside/side 1 vera raud Ei bachelor- eller masteroppgåve kan som hovudregel bare leverast inn ein gong, jf Forskrift om eksamen ved Universitetet i Stavanger 7.1. Dekan kan innvilga eit andre forsøk dersom ein student ønskjer å betra karakteren. Studenten(ane) må då skriva ei ny oppgåve og på eit nytt grunnlag. Ei bachelor- eller masteroppgave som er vurdert til ikkje bestått, kan bare leverast inn i omarbeidd form ein gong. Denne skal då leverast innan fastsett frist, og tel som eit nytt eksamensforsøk, jf Forskrift om eksamen ved Universitetet i Stavanger 8.2g). Ei bachelor- eller masteroppgave som ikkje blir levert innan tidsfristen, blir vurdert som ikkje bestått Er det fare for at innleveringsfristen ikkje kan haldast, kan studenten(ane) i samråd med rettleiar og fagansvarleg søkja instituttet om utsett frist. Det må understrekast at det skal tungtvegande grunnar til for å få utsett fristen, og det må skuldast forhold som er utanfor studenten(ane) sin kontroll. Søknad om utsett innleveringsfrist blir handsama som ei dispensasjonssak, sjå Grunngitt skriftleg søknad om utsetting må leverast instituttadministrasjonen seinast 14 dagar før innleveringsfristen eller vera vedlagt legeattest eller tilsvarande, sjå også 6.2 om dispensasjonar. Ein utsett innleveringsfrist gir tilsvarande utsetting av vurderingsfristen. 4

5 4. Vurdering 4.1. Institutta skaffar sensorar innan frist vist i tabell Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve og eventuell munnleg eksaminasjon av studenten(ane). Sensor og fagansvarleg utfører vurderinga. Ved munnleg eksaminasjon skal fagansvarleg, sensor og eventuelt rettleiar delta Det blir nytta bokstavkarakterar. Fakultetet har eigne retningslinjer for vurdering av oppgåver. Desse er gitt i skrivet Vegvisar for bachelor- og masteroppgåva Vurderingsfristar er som vist i tabell Eigedomsrett og utnytting 5.1. Studenten(ane) har opphavsrett til oppgåva. Studenten(ane) har rett til å publisera oppgåva si, eller delar av denne, som ei sjølvstendig avhandling eller som del av eit større arbeid, eller i popularisert form i ein vilkårleg offentleg publikasjon. Utan samtykkje gjeld dette likevel ikkje materiale som er stilt til disposisjon av ei bedrift og som er gjengitt direkte i oppgåva eller i vedlegg til denne. Tilsvarande samtykkje krevst av fagansvarleg for materiale han har stilt til disposisjon Dei innleverte eksemplara av oppgåva med teikningar, modellar og apparatur, så vel som dataprogramvare som inngår som del av eller vedlegg til oppgåva, tilhøyrer UiS. UiS kan fritt nytta oppgåva med vedlegg til undervisnings- og forskingsformål Ei bedrift eller ein institusjon som har bidrege ved utarbeidinga, har krav på å få eit eksemplar av oppgåva med vedlegg, og kan få opplyst UiS si vurdering av oppgåva. Bedrifta eller institusjonen kan nytta innhaldet av oppgåva i verksemda si Ved ein kvar bruk utover det som er spesifisert i 5.1-3, må det inngåast avtale mellom UiS, eventuell bedrift og studenten(ane) Student(ar), rettleiar eller bedrift/institusjon som har bidrege, kan søkja oppgåva sperra for offentleggjering normalt inntil 2 år og maksimalt i 5 år. I søknaden må det sannsynleggjerast betydeleg skadeverknad av offentleggjering. Ved sperring må det inngåast eigen avtale. Fakultetet har utarbeidd Avtale om båndlegging av bachelor- og masteroppgaven som kan nyttast her, sjå også 6.3 om dispensasjonar. 6. Dispensasjonar 6.1. Søknad om dispensasjon frå reglementet skal vera skriftleg og grunngitt. Søknad skal leverast instituttadministrasjonen i god tid eller innan fristen der denne er gitt Dispensasjonssøknader skal avgjerast av instituttleiar etter tilråding frå fagansvarleg Søknader om sperring av oppgåver i inntil 2 år kan avgjerast av instituttleiar etter tilråding frå fagansvarleg. Søknader utover dette må avgjerast av fakultetet sin dekan. 5