Kunnskapsportalen GRIND UNIVERSITETET I BERGEN. Referat frå fagredaksjonssamling på Solstrand 08.11.10



Like dokumenter
Forslag frå fylkesrådmannen

- ei nyskaping i forskingsformidling NATUR, KULTUR, GEOGRAFI, HISTORIE. Prosjektskildring

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

INNKALLING TIL MØTE I FORSKNINGS- OG FORMIDLINGSUTVALGET

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Tilgangskontroll i arbeidslivet

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ehandel og lokalt næringsliv

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Lotteri- og stiftingstilsynet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Den nye seksjon for applikasjonar

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Kvalitetsplan mot mobbing

Frå novelle til teikneserie

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Ny strategiplan for Høgskulen

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

EasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt

Brukarrettleiing E-post lesar

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vitskaplege samlingar. Åse Wetås, Norsk Ordbok 2014 Ope seminar om Språkbanken,

«Ny Giv» med gjetarhund

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)

Psykologisk førstehjelp i skulen

Lønnsundersøkinga for 2014

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Vurdering av allianse og alternativ

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Retten til spesialundervisning

Altas bosetningshistorie

Farleg avfall i Nordhordland

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Rektorforum 15. april

Naturfag vidareutdanning

Samansette tekster og Sjanger og stil

Informasjon til pasientar og pårørande

Nytt HFK Intranett

Brukarrettleiing. epolitiker

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tilgangsrettighetar i episerver

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Tid for forskning. Kort saksfremstilling. Forslag til vedtak: Erik Waaler, prorektor for FoU

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

LUK- slik vi forstår intensjonane frå KRD

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Referat frå møte nr. 62, 18. september

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Støtteordningar og søknader

Farleg avfall på Voss og i Hardanger Handsaminga av farleg avfall hjå ulike verksemder på Voss og i Hardanger.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Les for livet - del 2 (Ref # )

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Transkript:

Kunnskapsportalen GRIND UNIVERSITETET I BERGEN Referat frå fagredaksjonssamling på Solstrand 08.11.10 Tilstades: Gunstein Akselberg, professor, Nordisk seksjon, LLE Jostein Bakke, førsteamanuensis, Institutt for geografi / Bjerknessenteret Randi Barndon, koordinator for faget Region og regionalisering, HF Nils Georg Brekke, redaktør og tidlegare professor i kulturvitskap, AHKR Amy Dale, geolog, Oslo (oversetjar for Naturhistorisk vegbok) Irene Eikefjord, spesialbibliotekar og redaksjonsssekretær for GRIND Ole Gunnar Evensen, tilvekstsjef, Universitetsbiblioteket William Helland-Hansen, professor, Institutt for geovitskap Peter Emil Kaland, professor, Institutt for biologi Siri Skjold Lexau, førsteamanuensis, Seksjon for kunsthistorie, LLE Svein Nord, forleggjar, Nord 4 Randi E. Taxt, bibliotekdirektør, Universitetsbiblioteket 1.0 Status for prosjektet Randi E. Taxt ønskte velkommen til denne første samlinga i fagredaksjonen for GRIND. Universitetsbiblioteket har fått oppgåva med å forvalta og utvikla den nye kunnskapsportalen for forskingsformidling ved Universitetet i Bergen. IT-avdelinga skal stå for den tekniske drifta av portalen, og det vil vera fagredaksjonen for GRIND som har ansvaret for redaksjon og fagleg utvikling av portalen. Ei rekkje sentrale fagpersonar er førespurde og har takka ja til å vera med som fagredaktørar og i redaksjonrådet (vedlegg 1, 2 og 3). 1

Nils Georg Brekke orienterte om status og perspektiv for vidareutvikling av portalen. Materialet frå Kulturhistorisk vegbok, som i dag ligg på GRIND, er i PDF-format og såleis statisk. Denne versjonen kan kallast 1.0 versjonen. Målet må vera, så snart finansieringa er på plass, å gå vidare med 2.0 versjonen, som skal gje ein dynamisk portal der det er lett å leggja inn nytt materiale og redigera stoffet i nye format. Dette vil og gjera det mogeleg å søkja tematisk og geografisk i heile databasen, etter kvart som innhaldet i portalen vert bygt ut. Det vart presentert eit notat om fagleg profil, omfang og mandat for GRIND, med døme på underportalar som kan leggjast inn i den noverande portalen for å letta tilgangen til stoffet og gjera det enkelt å finna fram alfabetisk og geografisk, og for å kunne presentera nytt forskingsstoff og anna materiale i tillegg til det som er på GRIND i dag. Eksempel på aktuelt stoff som kan leggjast ut er t.d. aviskronikkar og tidskriftartiklar som supplerer og utvidar perspektivet. Det er viktig for omdømmet til GRIND som kunnskapskjelde om landskapet at det stadig er interessant stoff å finna og at portalen også kan vera ein rettleiar og vegvisar til andre databasar (vedlegg 4). 2.0 Forskingsbaserte prosjekt på GRIND Peter Emil Kaland la fram eit prosjekt som arbeider med sikte på å få etablert eit biosfæreområde i Nordhordland og Gulen. UNESCO har eit biosfæreprogram kalla Man and the Biosphere, og Noreg er eit av dei få landa i Europa som ikkje har biosfæreområde. UNESCOs World Heritage-program handlar om fortida, medan biosfæreprogrammet handlar om framtida. Det aktuelle området i Nordhordland spenner vidt, frå Trollfeltet på kontinentasokkelen til toppen av Stølsheimen, som eit stort ressurssnitt gjennom kyst- og fjordlandskapet. For å underbyggja og dokumentera det innhaldsrike vestnorske kystlandskapet vil det vera viktig å kunna redigera saman stoffet om Nordhordland frå dei to vegbøkene, som eit vedlegg til søknaden, henta frå GRINDbasen. Jostein Bakke presenterte Juklafjordsenteret i Jondal og Folgefonna nasjonalpark. Juklafjordsenteret kombinerer kunnskapsformidling og vandreturisme, og dei har bygd om ei gamal skulestove til kunnskapssenter, kafé og turistinformasjon. Her tenkjer ein seg 2

at GRIND vil verta ein viktig kunnskapsleverandør. Det vert også arbeidt med å kartleggja Folgefonna si historie, og GRIND-basen vil vera sentral i slik samanheng. Siri Skjold Lexau gav ei orientering om prosjekt ho er involvert i og som kan vera interessant for GRIND(bl.a. http://www.uib.no/fg/arkitekturogbyforskning), og generelt om arkitektur, landskap og byggeskikk. Kunnskap og folkeopplysning er viktig til dømes i høve til gamle industristader, for at samfunnet skal forstå verdien av arkitekturen. Ho gav nokre konkrete innspel om GRIND: det er viktig at vi på startsidene får formidla målet med og innhaldet i portalen kva er det? Er det ein biletdatabase, ein kunnskapsdatabase, ein funksjon? Korleis kan portalen brukast og kor tilgjengeleg er stoffet - kort sagt: det bør vera ei brukarrettleiing på startsidene. Ole Gunnar Evensen gav eit konkret døme på korleis innhaldet i GRIND kan brukast på mobiltelefonar og GPS, eksemplifisert gjennom ein tur til Hårteigen, der ein kan henta opp artikkelstoff om landskap og geologi når ein er på toppen. Her utviklar teknologien seg raskt. NOKIA har ei løysing kalla Ovi (finsk for dør/port/grind!), som let personar laga eigne applikasjonar til Nokia-telefonar. Nils Georg Brekke viste ut frå si eiga magisteravhandling om folkekunst og handverk korleis stoff i dag lett kan bearbeidast og leggjast inn med eit godt biletformat, t.d. i forlenginga av artikkelen i Kulturhistorisk vegbok, med vekt på å få fram kunnskapen om kryssande kulturimpulsar over landegrensene, frå andre regionar og landskap, formidla av dei vandrande handverkarane. Han gav døme på innhaldsrike motiv-tradisjonar i utsmykking av bondestovene i Sverige, som gjer at ein forstår meir av den kulturelle konteksten og dei norske tradisjonane i folkekunsten, som ein sentral del av kulturarven. Her vil ein kunna gjera eit fargerikt biletmateriale tilgjengeleg gjennom GRIND, med lenkjer til andre biletsamlingar og til BORA. 3.0 Prospekt for GRIND Randi E. Taxt skisserte kvar ein står i dag i høve til det vidare utviklingsarbeidet. Ein har konseptet, interesserte samarbeidspartnarar i regionen og eit innhald forankra i dei tre kunnskapsbøkene om Hordaland som startkapital og basis for drift, men det må utviklast ei ny teknisk løysing. GRIND får ei basisløyving frå UiB, men ein treng også ekstern 3

finansiering for at det skal vera mogleg å laga den nye versjonen av GRIND. Irene Eikefjord tok så for seg prosjektskissa som har vorte utvikla i løpet av hausten innhald, organisering, finansiering og tekniske aspekt ved portalen. 4.0 Innspel og diskusjon 4.1 Universitetsbiblioteket (UB) si rolle i prosjektet er som systemeigar og fagleg vertskap, men UB er berre eit verktøy i dette arbeidet, og det er Universitetet i Bergen som vil verta profilert som eigar av portalen. 4.2 Ein må leggja vekt på ikkje berre å leggja lenkjer vidare til andre ressursar, men også å få tydeleg fram eige kunnskapsstoff, representert ved dei tre bøkene om Hordaland. Dette er eksklusivt og finst ikkje på same måte andre stader. Det er på dette feltet eit nært samarbeid med Hordaland fylkeskommune. 4.3 For at GRIND skal fungera, må nokon ha sitt daglege arbeid med portalen. Den redaksjonelle oppfølginga kan ikkje berre vera basert på ein fagredaksjon som gjer dette i tillegg til anna arbeid. 4.4 Det vart orientert om samtalar med sentrale representantar for reiselivet. Den nye digitale satsinga innanfor Fjordnett-samarbeidet kan representera ein potensiell samarbeidspartnar om den tekniske plattforma. Reiselivet har satsa på teknisk infrastruktur og kompetanse som kanskje også kan vera interessant for GRIND. Dersom dette vert ein realitet, må det vera ein garanti forat UiB og GRIND har det fulle redaksjonelle ansvaret og fridomen til å forma ut stoffet i samarbeid med fagmiljø og forfattarar. 4.5 Det er naturleg å byggja ut samarbeid med aktuelle fagmiljø ved UiB. Det er alt oppretta kontakt med Institutt for informasjons- og medievitskap om prosjektet. Det vil vera interessant om dei kan delta i utviklingsarbeidet for GRIND i si verksemd innanfor undervisning og forsking. 4

4.6 I nær framtid vil det også vera mogeleg å utvikla potensialet for kopling mot GPS og syntetisk tale, audiobøker, og å ha historisk datamateriale samanstilt med nyare datamateriale. Dette må vera ein del av vidareutviklinga av GRIND. 4.7 Eit prosjekt som viser døme på virtuell navigering i byrommet gjennom samankopling av kartdata og kjeldedata er BERGIS-prosjektet ved UiB, orientert mot sentrale byområde i Bergen. Det vart i denne samanhengen også referert til eit aktuelt 3D prosjekt for virtuell vandring på gamle Vossevangen, basert på historisk biletmateriale. 4.8 Geoparken i Telemark og Vestfold kan også vera døme på prosjekt som det kan vera nyttig å orientera seg om: http://www.geanor.no/ 4.9 Prosjektet GRIND bør sikra at ikkje blir gjort parallellarbeid ved Universitetet i Oslo eller ved dei andre universiteta i Noreg, slik at det eventuelt kan leggjast opp til felles utviklingsarbeid om konseptet for ein kunnskapsportal om landskap, natur og kultur. Dette er naturleg å sjå i samanheng med det nye nasjonale senteret i Tromsø for IKT i utdanningssamanheng og arbeidet med Norsk Digital Læringsarena. 4.10 Ein bør om mogeleg reservera GRIND-namnet for iphone-applikasjon. 4.11 Tidsskriftet Naturen kan vera aktuelt å leggja ut på Grind. Det same kan gjelda stoffet i serien Godbiter fra samlingene og eldre kjeldemateriale. 4.12 Eit anna døme på kunnskapsstoff som presenterer forsking omkring landskap og ressursar, er Svein Indrelids artikkel i fagmagasinet Villrein om undersøkingane på Sumtangen. Dette prosjektet representerer førti års forsking på Hardangervidda, vår største nasjonalpark, og det illustrerer verdien av forskingsbasert kunnskap som på ein interessevekkjande måte supplerer informasjonen som ligg på Direktoratet for Naturforvaltning sine sider om Noregs nasjonalparkar. 4.13 Det vart understreka at GRIND-portalen ikkje kan haldast oppe berre med dei tre kunnskapsbøkene om Hordaland. Det er naturleg at desse bøkene utgjer 5

startkapitalen, men ein må raskt koma eit steg vidare dersom ein skal ha von om å få gjennomslag for samarbeid om finansiering og fagleg og teknisk utviklingsarbeid. GRIND må ikkje bli statisk og stilleståande. 4.14 Det vart også vist døme på korleis wiki-teknologien kan brukast på GRIND sitt materiale. Det kan tenkjast eit opplegg for feltdagbok og brukardialog inn mot fagmiljøa, og forskarane kan dra nytte av denne teknologien. 4.15 XML-teknologien må vurderast nøye. Det er laga ein rapport om GRIND ved Uni Digital (Aksis-senteret). Ein fordel med XML er at ein slepp alle lenkjene i teksten; dette er tagga inn i løpande tekst slik at ein kan gjera gode søk i alt materiale. XML er meir fleksibelt enn wiki-teknologien, men også dyrare å koda. 4.16 Materialet i kunnskapsbøkene kan overførast til XML, men det vil trengja ein vask. Layouten frå bøkene vil då bli endra, så denne må byggjast opp og tilpassast på nytt. Då vil det vera lett å generera nye format og redaksjonelle omgrupperingar av stoffet, til dømes med å kopla saman natur- og kulturstoff innanfor ein landskapsregion. Det grafiske uttrykket og bileta må også arbeidast med kontinuerleg, slik at kvaliteten på tekst og bilete ikkje blir svekka. 4.17 GRIND sin styrke må liggja i fagleg tekstkvalitet og eit godt visuelt format, og portalen må representera ein kanal inn mot naturfaglege, samfunnsvitskaplege og kulturvitskaplege forskingsmiljø, tilgjengeleg for alle. 4.18 Det må liggja eit mandat og ein selskapsidé til grunn for GRIND, med klare rammer for redaksjonelt innhald som grunnlag for profil og omfang. Dette er også nødvendig sidan fagredaksjonen vil skifta. Prospektet som er utarbeidt for GRIND, legg føringar for dette. 4.19 Eit ynske frå fagforfattarar kan vera å koma inn under den nasjonale teljekanten, slik at ein får fagleg utteljing for å bidra til GRIND. Dette er eit arbeidskrevjande prosjekt, då GRIND truleg må definerast som ein publiseringskanal og ein må ha fagfellevurdering. Dette må derfor bli eit meir langsiktig mål. 6

4.22 Det er eit allsidig materiale i dei tre bøkene om Hordaland, og dei femner breitt innhaldsmesssig. Men det vart samstundes peika på at det ligg mykje stoff i eit godt pedagogisk format som er klar til å bli lagt ut på GRIND, som til dømes den internasjonale boka om lyngheiane, Fem tusen år i flammer, eller materialet om vestnorske kulturlandskap frå det internasjonale kulturlandskapsprogrammet i regi av Europarådet og Miljøverndepartementet. 4.23 Vestlandshistoria vart også nemnd som døme på solid fagstoff i ei pedagogisk form. Sparebanken Vest har finansiert eit digitalt tilretteleggingsarbeid for skulesektoren, utført av Mediesenteret ved Høgskulen i Bergen. 4.24 Eit argument er at det på GRIND, for å vera fagleg utfordrande, også må vera mogleg å publisera nye ting, dersom ein skal få gjennomslag i fagmiljøa om ein kanal for forskingsformidling. Dette vil ha noko å seia for samarbeidspartnarar i det vidare utviklingsarbeidet. 4.25 Om det geografiske utgangspunkt for GRIND skal vera Vestlandet, bør dette likevel ikkje framstå som ei eksklusiv regional avgrensing. Der perspektivet er komparativt, må det sjølvsagt vera rom for materiale som omhandlar andre geografiske stader og regionar. 4.26 Ein må ikkje må setja for stramme grenser eller avgrensa for mykje, slik at ikkje fagredaksjonen har spelerom og det vert fagleg interessant. Det same gjeld eit eventuelt utviklingsarbeid og samarbeid med andre fagmiljø i Noreg. 4.27 Materialet på GRIND kan vera skreddarsydde artiklar til dette føremålet eller også visa til materiale som finst andre stader. Målet må vera å byggja opp ein innhaldsrik database som er lett å finna fram i, under redaksjonell kontroll, men det er viktig å ha fagleg kjernestoff frå forskingsmiljøa om landskap og historie som ein profil for GRIND og ikkje for mykje resirkulerte referansar til stoff som finst andre stader (t.d. forsking.no). 4.28 Prosessen med å koda stoffet i vegbøkene for å gjera GRIND til ein dynamisk 7

portal med gode søkeinngangar bør gå parallelt med også å gjera aktuelt stoff tilgjengeleg, slik at GRIND framstår som oppdatert og interessant. Avtalar med Bergens Tidende om kronikkstoff kan vera døme på dette. Konkret vart det vist til kronikkar om oskeskyene i atmosfæren etter vulkanutbrotet på Island og ulik stiging av verdshava ved issmelting på grunn av CO2 utsleppa. 4.29 Det er viktig å definera publikumsgruppene for å kunne diskutera avgrensingane: Friluftsfolket, den interesserte vandraren the qualified spectator - både lokale og langvegsfarande; i undervisningssamanheng, på senioruniversiteta etc. Skulesektoren på alle nivå vil sjølvsagt bli ein sentral brukar av kunnskapsstoff. 4.30 Jamvel om GRIND ikkje primært er innretta mot forskarar, er det ikkje tvil om at lødig kunnskapsstoff som er tilgjengeleg på denne portalen, saman med kart og biletmateriale av høg kvalitet, også blir ei kunnskapskjelde for fagmiljøa ved universiteta. Tilgang til tekst og bilete i undervisningssamanheng vil utan tvil vera etterspurt av lærarar på alle nivå. 4.31 Reiselivet etterspør i dag kunnskap som går ut over brosjyrenivået, men som likevel har eit godt pedagogisk og visuelt format. Stikkord for dagens turisme er i aukande grad kunnskapsbasert reiseliv. GRIND vil kunna tilby kunnskapsstoff i ei form som kan tilpassast til tematisk og geografisk informasjon og tilretteleggjast i ulike versjonar og variantar. 4.32 Eit realistisk tidsperspektiv for å få opp den nye portalen i fullt format vil vera 1-2 år. Kjem reiselivet inn som aktør og samarbeidspartnar, kan dette gå fortare. Dersom nødvendig finansiering er tilgjengeleg, kan det faglege og tekniske utviklingsarbeidet for GRIND koma langt i 2011. 4.33 Den engelske omsetjinga er tidkrevjande når ein skal sikra god fagleg kvalitet, og dette arbeidet vil ta ei tid. Ein bør få opp startsida i XML og alt nytt stoff bør koma i XML. Den engelske omsetjinga bør verta overført direkte til XML. 4.34 Redaksjonsmodell og fagleg verksemd ved GRIND versus undervisningsplikt ved universitetet er eit tema som må avklarast særskilt i samråd med fakulteta. 11.11.10 IE / NGB 8