Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Like dokumenter
Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Ei sentral føring er universitetsambisjonen og den profesjons- og arbeidslivsretta profilen.

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping. Kommentar til foreslått HVL-strategi fra Institutt for økonomi og administrasjon (IØA), FØS.

Høringssvar frå CASE senteret på utkast til Strategi HVL 2023

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft nyskaping

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Høyringssvar HVL-strategi

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Strategifrukost/lunsj

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Samhandling om kompetanseutvikling i eit nytt storfylke. Mai 2018

Strategisk plan for HVL, innspel til prodekan strategisk satsing. Generelt

Strategi Ny kunnskap ny praksis

<forside> Strategi Høgskolen i Bergen. Samspel i kunnskapsfronten. Sak 18 15/16 Vedlegg 6

Strategi for. Høgskolen i Oslo og Akershus. Ny viten, ny praksis

Høgskulen på Vestlandet. Send høringsinnspill til Merk svaret «høyring strategi HVL 2023»

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Innspel til justeringar i høyringsforslag Sortering i høyringssvar HVL-strategi 2023

Strategi Visjonen: Samskaping av kunnskap. Strategien og samfunnsoppdraget. Læring og utdanning for framtiden.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Innspill HVL-strategi Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Strategi Forord

STRATEGIPLAN VEDTATT AV HØGSKOLESTYRET , HS SAK 13/12

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar

1. Visjon Verdier Formål og profil Dimensjon 1 - Kunnskap om og for velferdssamfunnet... 6

NTNUs politikk for samarbeid med arbeidslivet

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Strategi 2024 Høringsutkast

Avtale om gjennomføring av fusjon mellom

Pedagogisk plattform

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Strategisk plan

Fakultet for helse- og sosialvitskap

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Foto: Thnkstock. Foto: Elin Iversen. NTNUs politikk for samarbeid med arbeidslivet Vedtatt Foto: Maxime Landrot/NTNU

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærhet til kunnskap

UNIVERSITETET I BERGEN

STRATEGISK PLAN

Føringer i fusjonsplattformen. Møte i gruppe for faglig organisering 18.09

Avdeling for helse- og sosialfag. Strategisk plan

Høgskolen i Sørøst-Norge. Forskning og faglig utviklingsarbeid

Sterkere sammen. Strategi for

Høgskulestyret. Møtebok: Styremøte 06/18 ( ) Side 1 av 238. Dato: Notat:

En utvikling på høgskolenes premisser?

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Kunst- og designhøgskolen i Bergen er en ledende arena for nytenkning og utprøvende kunstnerisk utviklingsarbeid og utdanning.

Grøn læring. Rektor Berit Rokne Toppledermøte Klimapartnere Hordaland HVL Kronstad 27. januar 2017

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Høgskolen i Lillehammer. Strategisk plan hil.no

Strategi Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Strategi for Norsk senter for menneskerettigheter

Fakultet for kunstfag

Strategi 2024 Leverer kunnskap som løser samfunnets utfordringer

Kommunikasjonsstrategi

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Modell for styring av studieporteføljen

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Strategisk plan UTKAST

Strategi Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Fakultet for landskap og samfunn

SAMSPEL I KUNNSKAPSFRONTEN STRATEGI

Frukostmøte om strategi

Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

FoU i næringslivet. Hvordan kan HVL legge til rette for et mer kunnskapsbasert næringsliv? Rektor Berit Rokne Kontaktkonferansen 15.

HANDLINGSPLAN FOR SAMARBEID MED ARBEIDSLIVET

S T R A T E G I D O K U M E N T

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Kunnskap for ei betre verd

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

FRÅ SAK TIL SAKS ALLMØTE

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS. Strategiplan

Arbeidsliv Bærekraft Entreprenørskap

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

«Hvordan kan utdanningsinstitusjonene bidra sammen med kommunene i det kunnskapsbaserte folkehelsearbeidet?»

Mulighetenes øyeblikk Jarle Aarbakke, Britt-Vigdis Ekeli, Curt Rice

Handlingsplan for formidling SV-fakultetet

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

PROGRAMSENSORRAPPORT FOR BACHELOR OG MASTER-PROGRAMMENE I PEDAGOGIKK VED UIB

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Fakultet for landskap og samfunn. Visjon for Institutt for eiendom og juss

Høgskolen i Sørøst-Norge. Samfunnsforankring

Forskningsmeldingen 2013

Realfag og teknologi mot 2030 (Diskusjonsdokument)

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Fagskolen sett med foretaksøyne

Frivilligpolitisk plattform

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Transkript:

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping HVL i 2023 Høgskulen på Vestlandet skal vere ei drivkraft for endring i det som er, og har vore, den viktigaste eksportregionen i Noreg. Vi utviklar relevant kunnskap, forankra internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt. Gjennom trygge og utfordrande læringsmiljø utdannar vi modige studentar, som trivst og lykkast. Vi tilbyr læring gjennom heile livet. Utdanning og forsking støttar opp om berekraftig utvikling av samfunnet. Høgskulen på Vestlandet har ein ambisjon om å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Det forpliktar oss til et høgt akademisk nivå, kombinert med evne til å vere tett kopla på arbeids- og samfunnsliv. Dette skal kjenneteikne HVL i 2023: Vi rekrutterer godt til utdanningane våre, og leverer etterspurde kandidatar med høg relevans for arbeidslivet vi utdannar for. Forskinga vår held høg internasjonal kvalitet, og bidrar både til å utvikle utdanningane våre og til å fremme meir forskningsbasert innovasjon i og arbeids-, nærings- og samfunnslivlivet som vi utdannar for. Vi har etablert ein entreprenørskapskultur der våre kandidatar kan gå inn som endringsagentar i arbeids-, nærings- og samfunnsliv Vi lyttar til behova i samfunnet rundt oss, og har styrka posisjonen vår regionalt gjennom forpliktande deltaking i nettverk og klyngesamarbeid. Vi har styrka den internasjonale profilen vår, og markerer oss gjennom auka mobilitet og internasjonalt samarbeid. Vi har ein profesjonell og effektiv organisasjon, der fag og administrasjon spelar saman om å nå måla våre. Kommentert [SEJ1]: Vi savner et punkt som tydeliggjør det særegne ved vår forskning, nemlig at den er tett på praksisfeltet og har et sterkt fokus på nytte/implementering. Vi har forsøkt å inkludere dette i eksisterende kulepunkt, alternativt kunne det særegne ved vår forskning vært eget punkt Kommentert [SEJ2]: Dette punktet støtter oppunder Kunnskapsdepartementets økte satsing på entreprenørskaps i utdanningen. Som en institusjon som vi være tett på og i samspill med våre omgivelser, er det viktig for oss å løfte fram våre kandidater som endringsagenter Vi har heva kvaliteten i heile verksemda, og fyller krava for å søke status som eit universitet. Visjon Kunnskap som bygger menneske og samfunn. Vi skal vere ei drivkraft for endring og berekraftig utvikling på Vestlandet. Vi skal utvikle relevant kunnskap som set spor både internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Verdiar Utfordrande Vi er nysgjerrige og ønskjer å sette spørsmålsteikn ved det etablerte gjennom å fremje kritisk tenking hos studentar og forskarar. HVL søker nye svar, nye løysingar og nye måtar å forstå vår plass i verda. Vi utfordrar oss sjølve ved å ha god takhøgd og rom for å prøve og feile. 1

Delande Vi er opne og inkluderande, og inviterer til dialog med samfunnet rundt oss. Kunnskap veks når den blir delt. Ved å dele med kvarandre, spelar vi kvarandre gode. Med utgangspunkt i ein vestlandsk tradisjon, er vi uredde og rettar blikket utover. Vi gir nye idear til, og hentar aktivt inn, perspektiv frå verda rundt oss. Handlekraftig Vi er tydelege, modige og framsynte i utdanning og forsking for å møte utfordringane som finst i samfunnet i dag, og behova som vil komme i framtida. Gjennom forsking, utvikling og innovasjon bidrar vi til ei utvikling der samfunnet forvaltar ressursane utan å øydelegge for framtidige generasjonar. Tett på Vi arbeider praksisnært, og vidareutviklar studiestadene tett på studentar og arbeidsliv slik at den regionale utviklingsrolla blir ivaretatt. Vi er tilgjengelege og har kort veg mellom studentar og tilsette. Terskelen for å ta kontakt er låg, og vi er inkluderande i tilnærminga vår til kvarandre. Vårt bidrag til samfunnet Vi skal tilby framtidsretta utdanningar tett kopla på arbeids-, næring- og samfunnslivet. Gjennom gode og utfordrande læringsmiljø skal vi vere kjende for å ha Noregs mest nøgde studentar som trivst og lykkast. I samspel med omverda utviklar vi kunnskap som samfunnet treng. Vi skal: Danne og utdanne Forske, utvikle og innovere Formidle og dele Utdanne høgt kompetente kandidatar til nytte for omverda Utdanningane våre skal vere basert på forsking og utvikling, og gi studentane relevant innsikt i arbeidslivet dei skal bidra i. Dei skal tileigne seg kompetanse og ferdigheiter som gjer dei rusta til å vere agentar for endring, og til å ta berekraftige val. Studentane våre skal vere aktive og sjølvstendige, og kunne ta ansvar for eiga læring. Dei skal forvente kvalitet i alle ledd, og studentar og tilsette skal strekkje seg i lag for å skape det beste miljøet for læring i landet. Undervisning og vurdering skal vere kjenneteikna av dyktige pedagogar som nyttar framtidsretta, kunnskapsbaserte og varierte læringsformer som gir studentane dei beste føresetnadene for å tileigne seg og ta i bruk kunnskap. Vi skal ta ansvar for at profesjons- og arbeidslivsretta kunnskap kjem fleire til gode gjennom livslang læring, blant annetog ved å involvere studentar i samarbeidsprosjekt med eksterne aktørar og ved å utvikle relevante etter- og videreutdanningstilbud. Mål på at vi lykkast: - Er kjende for eit godt læringsmiljø - Høg produksjon av studiepoeng og kompetente kandidatar - God rekruttering og godt kvalifiserte søkjarar - Kandidatar i relevant arbeid - Utdanningar som er utvikla i samarbeid med arbeidslivet Kommentert [SEJ3]: Arbeidsliv blir en for snever betegnelse når det gjelder hvem vi utdanner for og hvem vi har samarbeid med. Foreslår at vi gjennomgående bruker arbeids-, nærings- og samfunnsliv 2

- Drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet og relevans Utfordringane i samfunnet er med på å sette dagsorden for oss, og vi skal utvikle ny kunnskap for å løyse utfordringane i eit berekraftig perspektiv. Nyttiggjering av forskinga står sentralt, saman med bidrag til innovasjon gjennom forbetring av tenester, produkt og teknologi. FoU-verksemda skal skje i eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt forskarfellesskap, og studentane skal aktivt involverast i dette arbeidet. Forskingsmiljøa skal vere aktive i å søke om eksterne midlar til forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen skal styrke FoU i klynge- og nettverkssamarbeid med arbeids- og næringslivet på Vestlandet. Entreprenørskap, tverrprofesjonelt og tverrfagleg samarbeid er berande element. I dette arbeidet skal vi ha eit særleg fokus på forskingsetiske problemstillingar. Vi skal rette søkelys på kunnskapsutvikling og kompetanseheving knytt til den profesjons- og arbeidslivsretta profilen, og vi skal bidra til å auke forskingskompetansen hos samarbeidspartnarane våre. Mål på at vi lykkast - Forsking til nytte for og i samarbeid med arbeids-, nærings og samfunnsliv - Profesjons- og arbeidslivsretta forskingsprogram på tvers av fagområde - Involverer studentane i FoU-aktivitet - Betydelig innslag av Grad av ekstern finansiering - Auka internasjonal publisering - Økt samarbeid med sterke nasjonale og internasjonale fagmiljøer Formidle kunnskap og kompetanse som kjem samfunnet til gode Den kompetansen vi har og den kunnskapen vi utviklar, skal samfunnet kunne ta i bruk. Eit viktig føremon for at vi lykkast i dette, er at kunnskapen er utvikla i samspel med omgjevnadane våre. Vi skal ikkje berre formidle kunnskap, men også vere ein arena for kunnskapsdeling og debatt. Tilsette og studentar blir oppmoda om å delta i den offentlege samtalen, og til aktivt å stille dei spørsmåla som samfunnet treng svar på. Språkleg skal vi ta eit særleg ansvar for eit godt nynorsk fagspråk innanfor fagområda våre, og leggje til rette for norsk som eit fullverdig vitskapeleg publiseringsspråk. HVL skal stå fram med ein tydeleg nynorsk profil, og «klarspråk» skal vere eit kjenneteikn ved den skriftlege kommunikasjonen vår. Mål på at vi lykkast - Føretrekt samarbeidspartnar for verksemder i regionen vår - Aktiv deltakar i offentleg ordskifte - Kjende for høg og relevant kompetanse på fagområda våre - Tydeleg formidlar av forskningsbasert kunnskaptilgjengeleg kunnskap frå faga våre - Attraktiv tilbydar av tilrettelagt kompetanse for den enkelte Felles faglege satsingsområde Vi har fem felles faglege satsingsområde, der fakulteta bidrar med kompetanse og utvikling. Desse områda skal styrke høgskulen sin samla profil. Kompetanse og synergiar på tvers av fagmiljø og fakultet er viktig for å få heilskapleg kunnskap innan områda. Den faglege profilen til fakulteta blir beskrive i fakultetsstrategiane. Ansvarleg innovasjon 3

Berekraftig utvikling Danning Folkehelse Mogleggjerande teknologi Ansvarleg innovasjon Innovasjon dreier seg om nyttiggjering av forsking, og å ivareta og utvikle samfunnsrolla vår. I ansvarleg innovasjon ligg det at vi gjennom verdiskaping og berekraftig utvikling skal bidra til samfunnets beste. Innovasjonar skal vurderast i eit økonomisk, miljømessig og sosialt perspektiv. Vi skal utdanne studentar som kan bidra til fornying av tenester og arbeids-, næring og samfunnsliv, i tillegg til at vi skal fornye og forbetre eiga verksemd og utdanningane våre. Berekraftig utvikling Forsking ved HVL skal vere relevant for FN sine mål for ei berekraftig utvikling. Relasjonane våre til eit samfunns- og næringsliv som merkar konsekvensane av klimaendringane, gir oss ein inngang til problemstillingar der løysingane får nasjonal og internasjonal relevans. Berekraftperspektivet knyter seg òg til aktuelle problemstillingar, som fordeling av ressursar, organisering av velferds- og omsorgstenester og like rettar til utdanning. Danning Danning i forsking og utdanning gir høve til å fremje perspektiv, teoriar og handlingar som gjer at vi betre kan forstå den verda vi lever i og samtidig gjere oss i stand til å endre ho til det betre. Vi skal drøfte danningsidealet i profesjonane, og stille spørsmål om kva som skal vere formålet med utdanningane og forskinga. Danning skal bidra til at vi tar i bruk kunnskap med klokskap. Det inneber òg ansvar for å utdanne studentane til reflekterte samfunnsborgarar og yrkesutøvarar. Folkehelse Folkehelse er eit område som femner om store livsstilsutfordringar i samfunnet, og er ei av dei største utfordringane i vår tid. Folkehelse knyter seg til fysisk, psykisk og sosial helse, trivsel og miljø, kosthald og inaktivitet. Økonomiske og kulturelle føresetnader har konsekvensar for korleis helse er fordelt i befolkninga. Sentrale problemstillingar er oppvekstvilkår for barn og unge, korleis ein best kan legge til rette for sunne levevanar, fremje fellesskap, sikkerheit og tryggleik, inkludering og deltaking. Mogleggjerande teknologi Teknologi er ein del av løysinga for fleire av utfordringane i samfunnet. Vi har fagmiljø som både kan bidra med å stille dei rette spørsmåla og finne løysingane. Som arbeidstakarar skal studentane vere i stand til å realisere potensiale for effektivisering, vere endringsagentar i nye digitale organisasjonsformer og få folk med i komplekse endringsprosessar. I møtet med den raske teknologiske utviklinga skal vi kunne reflektere og drøfte etiske, sikkerheitsmessige, menneskelege og organisatoriske utfordringar knytt til det digitale skiftet. Bygging av institusjonen Vi skal utvikle ein fagleg sterk og tydeleg kunnskapsinstitusjon med utgangspunkt i eit mangfaldig kompetansefellesskap. Vi skal samle kreftene som ligg i fagmiljøa og bygge Høgskulen på Vestlandet til éin organisasjon, der vi har felles identitet. Kvardagen vår skal vere kjenneteikna av trivsel, mangfald og inkludering der vi har rom for å prøve og feile, og saman utviklar ny kunnskap. 4

For å nå ambisjonane vi har sett oss, vil vi legge ned ein særleg innsats på nokre prioriterte område: Kompetansebygging og organisasjonsutvikling Samhandling Internasjonalisering Digitalisering Kompetansebygging og organisasjonsutvikling Høgskulen skal bygge kompetanse og kapasitet innanfor fag og administrasjon i tråd med kvalitetskrava til eit universitet. Dette skal skje både ved at tilsette får høve til å utvike eigen kompetanse og ved målretta rekruttering. Dei tilsette må vere førebudd på endringar i arbeidsoppgåver og -metodar, men dei skal kjenne seg trygge på at høgskulen legg til rette for kompetanseutvikling og nye karrierevegar. I strategiperioden skal vi samkøyre utdanningane våre, og legge til rette for at fagmiljøa kan utvikle ulike profilar på dei ulike campusane. På same måte som berekraft skal vere eit sentralt perspektiv i utdanning og forsking, skal det òg stå sentralt i utviklinga av organisasjonen og vala vi gjer. Studentane skal involverast når vi utviklar tenestene våre. Samhandling Den profesjons- og arbeidslivsretta profilen inneber ei forpliktande haldning til samfunnet rundt oss. Med eit tydeleg innovasjonsperspektiv skal vi sørge for at samfunnsliv, næringsliv og offentleg sektor har tilgang på relevant og framtidsretta kunnskap. Organiseringa vår med fem campusar er ein styrke for evna vår til å utvikle Vestlandet i samspel med omgjevnadane våre. Innanfor dei områdae hvor vi har spisskompetanse skal vi Vi vil vere den føretrekte samarbeidspartnaren for arbeids- nærings- og samfunnslivi regionen vår. Vi skal kunne sjå utdannings- og kompetansebehova på Vestlandet under eitt og bidra med læring heile livet. Vi skal legge til rette for, og oppmuntre tilsette til, å delta i relevante nettverk. Som ein stor institusjon må vi profesjonalisere og systematisere måten vi samhandlar både med omverda og med kvarandre. Dette krev merksemd på intern samhandling, tenlege kommunikasjonskanalar og gode leiarlinjer. Internasjonalisering HVL skal jobbe målretta for å møte krava om utdanning og FoU-verksemd av høg internasjonal kvalitet. Vi skal styrke fagområde der det finst moglegheiter for å ta nasjonal og internasjonal posisjon. Gjennom fleksible og gode ordningar for mobilitet i alle utdanningssyklusar og for tilsette, skal vi vere synlege internasjonalt. Vi skal vere offensive for å få auka ekstern finansiering av utdanning og forsking. Studietilbodet vårt på engelsk skal vidareutviklast. Ved å rekruttere tilsette internasjonalt sørger vi for å styrke utdanning og forsking, og skapar eit mangfaldig og stimulerande miljø. Digitalisering Vi satsar digitalt for å sikre effektiv kunnskaps- og informasjonsdeling, både mellom tilsette og mellom tilsette og studentar. Vi skal særleg arbeide for å ta i bruk digitale arbeids-, undervisnings- og vurderingsformer og verktøy som bidrar til auka kvalitet i utdanningane og betre samhandling mellom campusane. Vi skal arbeide målretta for å vidareutvikle den digitale kompetansen hos tilsette og studentar, og for å ruste studentane med digital kompetanse og kritisk dømmekraft for eit digitalisert arbeidsliv. Gjennom ei styrt utvikling med digitalisering av arbeidsprosessar, vil vi frigjere administrativ kapasitet for å vidareutvikle kvaliteten på tenestene våre. Kommentert [SEJ4]: Her kan vi evt peke på noen av de områdene hvor vir mener at vi er særlig god. 5

Om strategien Strategien til HVL bygger på både eksterne føringar og interne grunnlagsdokument. Han skal gi organisasjonen ei tydeleg retning, og med utgangspunkt i strategien skal vi utarbeide planar for å konkretisere korleis vi skal realisere måla. Fakulteta sine strategiar skal understøtte den overordna strategien, og vise korleis dei kan bidra for å nå måla. Nøkkeltal 2018 16 000 studentar 1800 tilsette 52 bachelorprogram 46 masterprogram 3 ph.d.-program (ytterlegare to søknadar sendt) Fire fakultet: Lærarutdanning, kultur og idrett Helse- og sosialvitskap Ingeniør- og naturvitskap Økonomi og samfunnsvitskap Fem campusar: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord 6