2017/544-26 Karl Andreas Johannessen 05.12.2018 karl.andreas.johannessen@bykle.kommune.n o Melding om vedtak Reguleringsendring Gbnr 2/85 Plassestøylen 21 Planutvalet vedtok i møte 03.12 2018 (sak 127/18) ein mindre vesentlig endring av reguleringsplana for Hovden Aust (planid 200509). Planendringa innebærer ein ny tomt i for gnr/bnr 2/85 i delområde H17 og nye avkjørslar til den nye og eksisterande tomt. Vedtaket kan påklagast til Bykle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen. Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på, gjerne med saksnummer, den eller dei endringar De ynskjer, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje. Klaga må vere underskriva. Med helsing Bykle kommune Karl Andreas Johannessen arealplanleggjar Brevet er elektronisk godkjent og sendast utan underskrift. side 1 av 9
side 2 av 9
Saksmappe: 2017/544 Sakshandsamar: KAJ Dato: 22.11.2018 SAKSFRAMLEGG Utv.saksnr Utvalg Møtedato 127/18 Planutval 03.12.2018 Reguleringsendring Gbnr 2/85 Plassestøylen 21 del av reguleringsplan Hovden Aust - planid 200509 Saksprotokoll i Planutval - 03.12.2018 Handsaming: Saka vart drøfta og rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak: Planutvalet vedtek endring av reguleringsplan for Hovden Aust felt H18 med heimel i planog bygningslova 12-14. Følgjande endringar blir vedteke: Det blir regulert inn ein ny tom på gnr/bnr 2/85, og nye avkjørsle til eksisterande og ny hytte. Endringane omfattar berre endring i plankartet, - ingen endring i reguleringsføresegnene til Hovden Aust. Rådmannen si tilråding: Planutvalet vedtek endring av reguleringsplan for Hovden Aust felt H18 med heimel i planog bygningslova 12-14. Følgjande endringar blir vedteke: Det blir regulert inn ein ny tom på gnr/bnr 2/85, og nye avkjørsle til eksisterande og ny hytte. Endringane omfattar berre endring i plankartet, - ingen endring i reguleringsføresegnene til Hovden Aust. side 3 av 9
SAKSUTGREIING Samandrag/ konklusjon Det ligg føre eit forslag til mindre endring av reguleringsplan for Hovden Aust (planid 200509), vedtatt 27.05.2010. Planendringa vil medføre fortetting av del av område H17, med ein ny hyttetomt. Dette er positivt i forhold til regionale føringar for fortetting. Samstundes har Bykle kommune uttrykt at ein ikkje ønskjer fortetting i Hovden Aust før ny områdeplan er vedteke. Det blei gjort eit prinsippvedtak 16.04.2018 om at søknader om endringar i Hovden Aust planen vart avslått, men at planforslag i prosess skulle bli behandla. Dette planarbeidet blei starta før vedtaket 16.04.2018, og fell såleis innfor saker som skal realitetshandsamast. Figur 1:Flyfoto som visar plasseringa på Hovden side 4 av 9
Forslag til endring i reguleringsplana Det blir kun ein endring i plankartet, det blir regulert inn ein ny tomt og nye avkjørslar til den nye tomta og ein til den eksisterande tomta (se figur 2). Figur 2: Gjeldande reguleringsplan til venstre og forslag til endring vist til høgre Bakgrunn for saka På vegne Torhild Einstabland, har Cowi fremma eit forslag til endring av mindre del av reguleringsplan. Gjeldande reguleringsplan for Hovden Aust (planid 200509) er føreslege endra med 1 nye hyttetomt i område H17. Prosess Administrasjonen har vurdert dette til å vere ei mindre vesentleg endring av reguleringsplan. Det vart halde oppstartsmøte i 2017. Undervegs i prosessen har det vore dialog med planleggjar frå Cowi. Etter oppstartsmøte blei det annonsert oppstart av planarbeid og det side 5 av 9
blei sendt ut varsel til naboar, vegvesenet, Fylkesmannen i Aust- og Vest Agder og Aust- Agder Fylkeskommune. Nabovarslet viste seg å være mangelfullt. Naboar blei derfor varsla på nytt den 5.11 2018, med frist for uttale 26.11 2018. Formelt grunnlag Plan- og bygningsloven - 12-14 Endring og oppheving av reguleringsplan Kommunestyret kan delegere myndigheten til å treffe vedtak om endringer i reguleringsplan når endringene i liten grad vil påvirke gjennomføringen av planen for øvrig, ikke går utover hovedrammene i planen, og heller ikke berører hensynet til viktige natur- og friluftsområder. Før det treffes slikt vedtak, skal saken forelegges berørte myndigheter, og eierne og festerne av eiendommer som direkte berøres av vedtaket, og andre berørte, skal gis anledning til å uttale seg. Jf. for øvrig 1-9. Kommunestyret kan delegere myndigheten til å treffe vedtak om å oppheve plan som i det vesentlige er i strid med overordnet plan. Før det treffes slikt vedtak, skal eierne og festerne av eiendommer som direkte berøres av vedtaket, gis anledning til å uttale seg. Jf. for øvrig 1-9.» (https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2008-06-27-71/kapittel_2-4-3#kapittel_2-4-3) Delegeringsreglementet Bykle kommune I medhald av delegeringsreglementet i Bykle kommune, vedteke 01.04.2017 sak 40/17, er det tillagt Planutvalet å gjere vedtak om mindre og små endringar i reguleringsplan og utfyllingar innafor hovudtrekka i reguleringsplaner. Merknader frå naboar Det har kome inn ein merknad til siste nabovarslet. Berit Lunden Gbnr 2/1/215 klager på at nye vegar i området blir sjenerande for hennes eigedom. Området der avgjørsla opphavleg var plassert går over hennes parkeringsplass. Foreslår at vegen til 2/85 blir lagt inn frå aust. Kommentar til merknad Avkjørsla er flutt lenger mot sør for å imøtekome naboen, og for ikkje å forringe parkeringsplassen som er nytta av Berit Lunden i dag (figur 3). side 6 av 9
Figur 3: Varsla plankart til venstre, avkjørsle er flutt - søknaden illustrert til høgre. Det kom inn merknadar frå naboar til varslinga av oppstart av planarbeid i 2017. Dei har ikkje gitt uttale til den nye nabovarslinga. Merknadane var av ein sånn karakter at dei ikkje er relevante til saka men dei ligg vedlagt. side 7 av 9
Kommentarar frå regionale myndigheitar Statens vegvesen: «Statens vegvesen sitt ansvar er avkøyrselen til Rv. 9. Denne har kapasitet til å ta den minimale auking i trafikken, som fylgjer av denne reguleringsendring. Vi har ingen merknader til denne planendringa.» Merknaden i sin heilhet ligg vedlagt. Aust Agder Fylkeskommune «Ut fra opplysningene som fremkommer i varselet, kan ikke seksjon for plan og natur se regionale interesser som blir berørt av planforslaget» Vurderingar og konsekvensar Fortetting har samfunnsmessige fordelar og er i samsvar med overordna miljøpolitikk. I Bykle kommune sin kommuneplan og kommunedelplan for Hovden vert det peika på at fortetting er eit prinsipp som skal nyttas for å spare nytt areal. Frå kommuneplanen for Bykle 2010-2022: «Mangel på areal kring Hovden har ført til at det framover blir satsa på å legge til rette for fleire fritidsbustader i allereie bygde områder» Ulempa med fortetting er at naboar kan miste utsikt, sol og føle seg inneklemt. Omsyn til naboar og estetikk er lagt vekt på, gjennom at byggegrense er satt langs høgdekote på den nye tomta (150B) - som vist på figur 2. Dette er gjort for å forhindra store inngrep i terrenget. Naturmangfaldet vert i liten grad påverka av endringa. Med bakgrunn i at naturmangfaldet vart vurdert ved behandling av gjeldande reguleringsplan, vil det ikkje vera naudsynt å foreta vurderingar etter miljøprinsippa i naturmangfaldlova 9-12. Endringa er avgrensa og aukar ikkje trafikkfara vesentleg. Ein vurdere heller ikkje at det medfører konsekvensar /moment som kan vere ei fare for ålmenta Det er tilgang på vatten og avlaup i område, men dette er eit privat anlegg. Forslagstiller har sjølv ansvaret for drift og kapasitet. Barn og unges interesser En kan ikkje sjå at denne endringa kan ha nokre negative eller positive konsekvensar for barn og unge. Konsekvensar for folkehelse Området ligg sentralt på Hovden og nært skisenteret, det er kort veg til skiløypa. Bykle, side 8 av 9
Rådmann Vedlegg: 1 Innkommen merknad - plassestøylen - 2. varsling 2 Innkomne merknader - Plassestøylen 3 Søknad - mindre endring av reguleringsplan for Hovden Aust- plassestøylen 4 Vedlegg -Plankart Melding om vedtak blir sendt til: side 9 av 9