Region vest Ressursavdelinga Planseksjonen April 2018 Fv. 303 Seimsdalstunnelen Risikovurdering tunnel Ingrid Hynne, Statens vegvesen
1 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Innhald 1. Bakgrunn for risikovurderinga... 2 Bestilling... 2 Føremål... 3 Metode... 3 Prosess... 4 Vurderingskriterier... 4 2. Prosjektbeskrivelse... 5 Fv. 303 Seimsdalstunnelen... 5 3. Sikkerheitsproblem... 8 Innspel frå deltakarane i arbeidsgruppa... 8 Vurdering av risiko... 12 4. Tilråding for vidare arbeid... 14 Vedlegg... 15 1
2 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering 1. Bakgrunn for risikovurderinga Bestilling Det skal utarbeidast reguleringsplan for utbetring av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune, der det m.a. skal leggjast betre til rette for gåande og syklande gjennom tunnelen. Etter utbetring skal tunnelen tilfredsstille krava i vegnormalane, m.a. Handbok N100 Veg- og gateutforming og Handbok N500 Vegtunneler. Tunnelen må og godkjennast i samsvar med Tunnelsikkerheitsforskrift for fylkesveg m.m. Region vest har bestilt risikovurdering som belyser kva særtrekk tunnelen har. 2
3 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Føremål Føremålet med risikovurderinga er å ivareta krav i TSF om å sikre lavaste tillete tryggleiksnivå for trafikantar i tunneler ved krav til å forebygge kritiske hendingar som kan sette menneskeliv, miljø og tunnelanlegg i fare og til å sørge for vern i tilfelle av ulykker. Metode Statens vegvesens veiledar for risikoanalyser av vegtunneler krev at det for tunneler over 500 m gjennomføres TUSI-beregninger og grov risikovurdering. TUSI-beregningar i tunnelen er utført for både fartsgrense 80 km/t og 60 km/t. Metodikken som er benytta for denne analysen er basert på grov risikovurdering/hazid-samling (tverrfaglig risikoanalysemøte) slik beskreve i vegdirektoratet si handbok V 721 «Risikovurdering i vegtrafikken» og «Veileder for risikoanalyser av vegtunneler». Metoden omfattar: 1. Beskrive analyseobjekt 2. Identifisere sikkerheitsproblem. Kva uønska hendelsar kan inntreffe og kvifor. 3. Vurdere risiko. Kor ofte kan uønska hendingar inntreffe og kva er konsekvensene 4. Foreslå tiltak 5. Dokumentere. Beskrive datagrunnlag, prioritering og anbefaling Trinn 2-4 blei gjennomført arbeidsmøte 08.03.2018 der fylgjande tverrfaglege personar deltok: Namn Arbeidsgivar Rolle Ingar Hals SVV Prosessleiar i denne rapporten, Planleggingsleiar for reguleringsplan Gaute Johnsgaard Årdal kommune Brannsjef Årdal/Lærdal Helge Øvstetun Årdal lensmannskontor Politiførstebetjent Arne Kjos Årdal kommune Teknisk avdeling kommunen Ole Ingar Hæreid Sogn og Fjordane fylkeskommune Plan- og beredskapsleiar Jens-Ivar Nilsen SVV Prosjektleiar investering 3
4 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Namn Arbeidsgivar Rolle Leif Henning Øyre SVV Prosjektleiar drift og vedlikehald Janne Grønli SVV Prosjekteigar sin representant Runar Stadheim SVV Fungerande Brannvernleiar- tunnelar Sogn og Fjordane/Skiltmyndigheit vegseksjon Sogn Eirik Heggheim Rørvik SVV Vegplanleggar Prosess Deltakarane i HAZID-møtet har kompetanse innan prosjektering, tunnelforvaltning, tunnelsikkerheit, brannsikkerheit, drift, skiltmyndigheit og trafikksikkerheit. Føremålet med analysen å kartlegge tilhøve som bidreg til auka risiko og foreslå tiltak for å redusere risikoen. Vurderingskriterier Risikoanalysa tek utgangspunkt i nullvisjonens krav til sikre vegar og gjeldande normalar. Jf N500 4.1.2: Risikoanalysen skal presisere og begrunne tiltak for å redusere sannsynligheten for ulykker og deres konsekvenser. I tillegg får ein lokal kunnskap og erfaringar frå møtedeltakarane. Kor sagt, utforming og innretningar i tunnelen skal etter utførte tiltak bidra til at trafikantane blir leda gjennom på ein logisk og lettlest måte. 4
5 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering 2. Prosjektbeskrivelse Fv. 303 Seimsdalstunnelen Seimsdalstunnelen ligg på fv. 303 i Årdal kommune, og knyt Seimsdalen og Ofredalen saman med resten av kommunen. Vidare er fv. 303 ein blindveg. Standard for tunnelen i dag er: Byggeår 1965 Lengde 1515 ÅDT 1000 Andel tungtrafikk i % 10 Antal tunnelløp 1 Fartsgrense i km/t 50 Stigning i % Ingen stigning Breidde i m Om lag 6 m Skilta høgde i m 3,3 m Gul midtlinje Nei Dekning for nødnett Nei Telefondekning Nei 5
6 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering 6
7 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering I samsvar med vedtak i Fylkestinget etter at fleire alternativ har vore vurdert i eit forprosjekt skal tunnelen utbetrast til profil T10,5GS, og den vil bli utstyrt i samsvar med krava i Tunnelklasse B. 7
8 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering 3. Sikkerheitsproblem Innspel frå deltakarane i arbeidsgruppa Det er registrert ei ulykke med personskade i Seimsdalstunnelen frå 2007 og fram til i dag. Dette gjald ein motorsykkel som kom utanfor vegkant på rettstrekke. Uønska hending Variant Lokale forhold av betydning S/K Forslag til risikoreduserande tiltak Trafikkulykke Møteulykke Utfordring mtp kurvatur i begge S2/K2 Følgjer krav i N100/N500 tunnelpåhogg gir redusert sikt. Påkøyring bakfrå Utfordring mtp kurvatur i begge tunnelpåhogg gir redusert S2/K1 sikt. Utforkøyring Kurvatur S2/K2 Påkøyrsel av mjuke trafikantar Skild med rekkverk Sporadisk syklistar i køyrebane Vedlikehaldskøyretøy på g/sveg S1/K2 Auke breidde på g/s-veg. Snulomme 8
9 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Uønska hending Variant Lokale forhold av betydning S/K Forslag til risikoreduserande tiltak Brann Brann i lett Kun beredskap frå S2/K2 Styrt ventilasjon ved nødstyrepanel køyretøy Årdalstangen-sida retning med trekk Vindmåler Brann i S2/K2 el-bil Brann i tungt S1/K2 køyretøy Brann i buss Skuleskyss S1/K2 Lekkasje av farleg Lekkasje av Ikkje venta transport av dette til S1/K1 gods farleg gods Seimsdalen Køyretøystans Drivstoff TUSI-berekningar viser stans S4/K1 Havarinisje Punktering opp mot 5-6 gonger i året God drenering for å oppretthalde Teknisk svikt jamnt dekke Helsesvikt 9
10 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Uønska hending Variant Lokale forhold av betydning S/K Forslag til risikoreduserande tiltak Skred Tunnelmunning Fare for skred ved begge S1/K2 Reetablere skredsikring (bolting, retning mot tunnelmunningar. Er etablert fanggjerde) Årdalstangen fanggjerde på begge sider. Tunnelmunning retning mot Seimsdalen Vasslekkasje/frost Neddrypp av vatn gir S2/K1 Tilstrekkeleg vann-/frostsikring opphoping av issvullar i dag Andre: S2/K1 Kommunikasjon mellom tunnelane og til VTS Portalane Etablerast nye S1/K1 Alvorleg hending i Ingen beredskap på S1/K2 Seimsdal ved stengt tunnel Seimsdalsida Utrykningskøyretøy slepp gjennom ved vanleg drift. Oversvømmelse/flom Ikkje kjent problem i dag. S1/K1 10
11 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Uønska hending Variant Lokale forhold av betydning S/K Forslag til risikoreduserande tiltak Størrelse på tunnelprofil Planlegg endra tverrprofil gjennom tunnel krev fråvik Fordel for å få redusere omfang av mjuke trafikantar i køyrebana Doggproblem Har problem vinterstid i dag S4/K1 Betring ved utbetra ventilasjon 11
12 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Vurdering av risiko Matrisa nedanfor gjengir korleis gruppa vurderte risikoen knytta til dei identifiserte uønska hendingane. Frekvens Konsekvens K1 Lettere skadd K2 Hardt skadd K3 Drept S4 Svært ofte Køyretøystans (Minst en gang pr. år) Doggproblem S3 Ofte (1 gang hvert 2-10 år) S2Sjelden (1 gang hvert Påkøyring bakfra Møteulykke 11-50 år) Vasslekkasje/frost Utforkøyring Kommunikasjon mellom Brann i lett tunnel og VTS køyretøy/el-bil S1Svært sjelden (Sjeldnere enn jvert 50. år Lekkasje av farleg gods Portalar Oversvømmelse/flom Påkøyrsel av mjuke trafikantar Brann i tungt køyretøy Brann i buss Skred Alvorleg hending Seimsdal ved stengt tunnel 12
13 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Fargekodane angir ein vurderingsskala for risiko i henhold til V 721 Risikovurdering i vegtrafikken. Tiltak ikkje nødvendig Tiltak bør vurderast Tiltak skal vurderast Tiltak nødvendig Begge hendingar som kjem inn i ein kategori der «Tiltak skal vurderast» har liten konsekvens. Ved bygging av tunnel etter vegnormalstandard, med havarinsisjer og betre ventilasjon, vil risiko bli redusert. 13
14 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering 4. Tilråding for vidare arbeid Det har kun vore registert ei ulykke med personskade i dagens Seimsdalstunnel dei siste 10 åra. I dagens situasjon deler både harde og mjuke trafikantar dei om lag 6 metrane som er til disposisjon. I denne risikovurderinga er det ny planlagt situasjon som er vurdert. Denne løysing skiljer harde og mjuke trafikantar gjennom heile tunnelen, samt på utsida. Samanlikna med dagens situasjon vil risiko for alle trafikantgrupper bli redusert etter at tiltak er gjennomført. I planlegginga har ein så langt ikkje teke stilling til fartsgrense på vegstrekninga etter tiltak. Gruppa tilrår at fartsgrensa etter tiltak ikkje blir auka til meir enn maks. 60 km/t. Dette vil redusere risiko gjennom tunnelen, og vil og redusere risiko utanfor tunnelen. Ein kort strekning med 80 km/t med fartsgrenser 30 og 50 km/t i kvar ende vil auke risikoen. Gruppa tilrår at ein prøver å auke breidda på gs-veg gjennom tunnelen. Dette vil redusere sjansen for at ein del brukarar vel å sykle/gå på rulleski i køyrebana i staden for å bruke gs-vegen. Det kan oppstå problem i samband med at vedlikehaldskøyretøy møter trafikantar på gs-veg. Møte- /snuplass bør vurderast. Det bør vurderast vidare korleis ein løysar problemet med at tunnelen er flat, det bør leggjast opp til at vatn og andre væsker kan drenerast ut frå tunnelen. Ut over det som er nemnt over ser ein ikkje at tiltak ut over krav i vegnormalane er nødvendig. 14
15 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - Risikovurdering Vedlegg Tabellen nedanfor viser frekvens for ulike typar hendingar i tunnel ut frå berekningar i TUSI. Det er vist for fartsgrense 80 km/t og 60 km/t. Type hending i tunnel Antall pr år 80km/t Antall pr år 60 km/t Køyretøystopp 5,636 5,636 Ulykke med personskade 0,095 0,067 Brann i lett køyretøy 0,005 0,005 Brann i tungt køyretøy 0,001 0,001 15
Statens vegvesen Region vest Ressursavdelinga Postboks 43 6861 LEIKANGER Tlf: (+47) 22073000 firmapost-vest@vegvesen.no vegvesen.no Trygt fram sammen