17. mai Kva vil det seie å vere norsk?

Like dokumenter
17. mai Hva vil det si å være norsk?

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Hva jobber FN med? Hva er FN-dagen?

Refleksjon og skriving

Arbeidshefte om kommunereforma for ungdomsskulane i Bremanger

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Oppgaver/Aktiviteter/lærestoff (Hvordan sjekke måloppnåelse) Undersøk påstanden: Elever blir kjørt til skolen fordi de har lang vei.

17. mai - tidslinje. Målet for undervisningsopplegget er at elevene skal: Mål for elevene: Slik skal du bruke undervisningsopplegget:

Matematikk 1, 4MX25-10

Læreplan i klima- og miljøfag

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Uke Emne Kompetansemål L06 VÅGSBYGD SKOLE. Årsplan i samfunnsfag. Klasse 5.trinn.

Årsplan Samfunnsfag Årstrinn: 7. årstrinn

Nobels fredspris 2018

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen DRA2009 Drama og samfunn. Programområde: Drama. Nynorsk/Bokmål

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Frå novelle til teikneserie

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 6. TRINN, SKOLEÅRET

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om statistikk og sannsyn

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

Skjema for eigenvurdering

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 7. TRINN, SKOLEÅRET

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Årsplan Samfunnsfag

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen DRA2009 Drama og samfunn. Programområde: Drama. Nynorsk/Bokmål

Elevundersøkinga 2016

De Bonos tenkehattar. Slik arbeider de i Luster Tipset er laget av Ragnhild Sviggum. Til bruk i samtalegruppene og i klassemøtene

ORDINÆR EKSAMEN Sensur faller innen

Samfunnsfag årsplan for 6.klasse Kaldfjord skole.

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Vurderingsrettleiing 2011

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Matematikk 1, MX130SKR-B

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

START. En Ein tverrfaglig tverrfagleg og og levende levande læringsressurs for 1. og 2. trinn

MATEMATIKK 1 for 1R, 4MX130SR09-E

ÅRSPLAN Arbeidsmåter Evaluering / vurdering for læring

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

RAUMA KOMMUNE Kultur- og oppvekstetaten

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Barnerettane i SKULEN

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Fag: Samfunnsfag Trinn: 6. Tema: Bestemme sammen Tidsperiode; Grunnleggende ferdigheter Kompetansemål Delmål Aktivitet for å oppnå målet

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Hvorfor har vi en egen internasjonal kvinnedag?

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: Alle menneske er fødde like (den amerikanske revolusjon)

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

TV-aksjonen Hva skjer når barn og unge blir stående uten skolegang? Hva kan konsekvensene være for samfunnet og for den enkelte?

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Årsplan Samfunnsfag Årstrinn: 7. årstrinn Hanna Guldhaug og Ulla Heli

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen NAB3001 Naturforvaltning. Programområde: Naturbruk. Nynorsk/Bokmål

Rettleiing del 1 til nasjonal prøve i lesing 2009

Eksamen HHO2002 Aktivitetar med hest / Aktiviteter med hest. Programområde: Heste- og hovslagerfag. Fylkeskommunenes landssamarbeid

Om kartlegging og vurdering

Å LÆRE OM FN VED Å VÆRE FN

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Tema: Lesing i fag i teori og praksis.

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Samfunn. Trinn: 8.

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1007 Tryggleik og transport

gjere greie for sentrale trekk ved tidsepoken mellomalder i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga

Retningslinjer for gjennomføring

Eksamen APO3001 Helsefremjande arbeid / Helsefremmende arbeid. Programområde: Apotekteknikar / Apotektekniker.

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen. 13. november MED1001 Mediekommunikasjon. Programområde: Medieproduksjon.

Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

mmm...med SMAK på timeplanen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Fylkeskommunane sitt landssamarbeid. Eksamensrettleiing. - om vurdering av eksamenssvar. LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN SSA1006 Marknadsføring og sal

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Eksamen. 16. november BUA2001 Helsefremjande arbeid / Helsefremmende arbeid. Programområde: Barne- og ungdomsarbeider.

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing.

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Eksamen matematikk S1 løysing

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fag : SAMFUNNSFAG Trinn 7. klasse Tidsperiode: Uke 2-3 Tema: På flukt Grunnleggende ferdigheter

ÅRSPLAN Arbeidsmåter Evaluering / vurdering for læring

Til deg som bur i fosterheim år

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Av en født forbryters dagbok

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Eksamen HSF1003 Yrkesutøving/ Yrkesutøvelse. Programområde: Helse- og oppvekstfag. Nynorsk/Bokmål


Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Hauten 2017 er det Stortingsval i Noreg. Det er ei fin anledning til å arbeide med og snakke om samfunnsfaglege emne.

ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG 6. TRINN

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering

S1 eksamen våren 2016 løysingsforslag

Skuleåret 2017/2018.

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen. 28.november APO3002 Kommunikasjon og samhandling. Programområde: Apoteknikk.

Kvifor? Matematikksamtalen Munnlege arbeidsmetodar Munnleg kompetanse i matematikk?


Transkript:

Undervisningsopplegg om norskheit, kultur og nasjonal identitet, 5. 7. trinn 17. mai Kva vil det seie å vere norsk? Til lærar: I samband med 17. mai har Solaris utvikla eit undervisningsopplegg for 5. 7. trinn. I tida rundt 17. mai ser vi ofte diskusjonar i media om kva det vil seie å vere norsk, og forsøk på å trekkje grenser for norskheit. Det er viktig at elevane får reflektere over ulike måtar å vere norsk på og kva identitet og tilhøyrsle i ein nasjonalstat tyder for kvar einskild. Dette opplegget stimulerer til forståing for kulturell identitet og mangfald. Forslag til læringsmål Frå læreplanen i samfunnsfag, etter 7. trinn Elevane skal kunne: diskutere samfunnsfaglege tema med respekt for andre sitt syn, bruke relevante fagomgrep og skilje mellom meiningar og fakta gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur Mål til eleven: Eg skal øve på å tenkje kritisk, diskutere og vere ueinig. Eg skal reflektere over ulike måtar å vere norsk på. Opplegget inneheld følgjande delar: Kort introduksjonssamtale basert på kong Harald sin tale https://www.youtube.com/watch?v=16lwwb0qavi Tenkjeark, del 1 Kva veit vi frå før om temaet? Arbeidsark individuelt og i gruppe http://tjenester.aschehoug.no/solaris/17.mai/pdf_nn/tenkjeark_17mai_nn.pdf «Hvem skal ut?» Gruppeoppgave og klassesamtale om kulturelle symboler http://tjenester.aschehoug.no/solaris/17.mai/pdf_nn/17_mai_kven_skal_ut_nn.p ptx Tenkjeark, del 2 Kva veit vi no? Oppsummering i gruppe og samla klasse 1

Rammer Tidsbruk: 45 minuttar / 1 skoletime Nivå: 5. 7. trinn Utstyr: utskrift av tenkjeark og oppgåver, blyantar til elevane, projektor e.l. til å vise kongen sin tale Innleiing introduksjonssamtale og tenkjeark, del 1 Tidsbruk: 20 minuttar Start timen med å vise kong Haralds tale til hagefesten 1. september 2016. Denne festen blei halden i Dronningparken ved Slottet for å feire at kongeparet hadde vore 25 år på trona. I talen snakkar kongen om ulike måtar å vere norsk på. Spør elevane kva dei synest om talen. Kjenner dei seg igjen? Er det noko som manglar i talen? For å setje fokus på 17. mai kan læraren snakke om at sjølv om vi på 17. mai feirar Grunnlova og at alle skal vere med og bestemme, handlar det å vere del av ein nasjonalstat også om identitet og tilhøyrsle. I tida rundt 17. mai er det derfor mange som diskuterer kva det vil seie å vere norsk, og forsøkjer å finne grenser for norskdom. Slike grenser kan verke både inkluderande og ekskluderande. I PowerPointpresentasjonen er det tips til korleis ein kan gjenomføre introduksjonssamtalen. Til lærar: Om bruk av tenkjearket Arket er meint som eit hjelpemiddel for å få i gang diskusjon og deling av idear. Arket tar opp problemstillinga «Kva vil det seie å vere norsk?». Skriv ut arket i A3. Del elevane inn i grupper på maksimalt fire (tenkjearket er utforma for fire deltakarar, men det vil også fungere med grupper på tre, dersom talet i klassen ikkje passar). Elevane får kvart sitt «hjørne» av tenkjearket. Trinn 1: Alle skal skrive ned så mange idear dei greier, i «si» rute. I denne runden skal elevane ikkje snakke saman. Ta tida bruk tre minutt. Trinn 2: Alle les opp sine idear for dei andre i gruppa. Trinn 3: Gruppa skal bestemme seg for kva for tre idear dei meiner er best eller viktigast, og skrive desse i den grøne ruta. Ein gruppesekretær får i oppdrag å notere på vegner av alle. Trinn 4: Gruppa blir utfordra til også å grunngje kvifor dei valde nettopp desse tre ideane. 2

Gruppeoppgåve og klassesamtale «Ein skal ut» Tidsbruk: 15 20 minuttar Elevane jobbar først med oppgåva i gruppa. Målet er å finne det som skil seg ut, og å grunngje dette. Oppgåva er laga slik at det er fleire moglege løysingar, alt ettersom kva kategoriar elevane vel å bruke. Du kan oppfordre gruppene til å finne flest moglege løysingar, og dei får poeng for kvart forslag. I notatfeltet i PowerPointen ligg det også nokre løysingsforslag som læraren kan bruke som eksempel dersom elevane står fast. Det er viktig å poengtere at det ikkje finst eit enkeltståande rett svar. Dersom du trur det er vanskeleg for elevane å forstå oppgåveforma, kan du bruke ei eksempeloppgåve i klasserommet: Moglege svar her kan vere: Eplet skal ut fordi det er ei frukt. Dei tre andre er grønsaker. Mais skal ut fordi han er gul, mens dei andre er raude. Mais skal ut fordi han er avlang, mens dei andre er runde. Når elevane har kome fram til nokre moglege løysingar, deler gruppene sine forslag i heilklassesamtale. Læraren kan stille støttande spørsmål som: Kva er grunngjevinga for svaret dykkar? Var de ueinige om nokre løysingar? Korleis løyste de usemja? 3

Det kan også vere lurt å be elevar tenkje på svara til dei andre, og for eksempel spørje: Kva kan vi leggje til det gruppe 1 har svart? Kan de sjå ein samanheng mellom svaret dykkar og svaret til gruppe 2? Kva kan vere bra med denne måten å jobbe på? Var det nokon som hadde idear du sjølv ikkje hadde tenkt på? Avslutning tenkjeark, del 2 Tidsbruk: 5 10 minuttar Gruppene hentar fram igjen tenkjearket og vurderer forslaga sine. Er det noko dei vil endre på? Har dei noko å leggje til? Kva vil dei i så fall endre eller leggje til, og kvifor? Til slutt kan læraren be gruppene rapportere kort til klassen om sine erfaringar med å jobbe på denne måten. Elevane kan få spørsmål om det var lett å snakke om kva det vil seie å vere norsk, og bli bevisstgjort på skilnader mellom gruppene. Dersom det ikkje er stort mangfald i elevsvara, kan læraren forklare at det er mange måtar å vere norsk på, og at det ikkje er noko absolutt svar på det. 4

H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) 2018 Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkjeleg samtykke er eksemplarframstilling, som utskrift og anna kopiering, berre tillaten når det er heimla i lov (kopiering til privat bruk, sitat o.l.) eller avtale med Kopinor (www.kopinor.no). Det er gitt samtykke til utskrift og kopiering i dei delane av materialet som er markert med ein eksplisitt utskriftsfunksjon. Utnytting i strid med lov eller avtale kan føre til erstatnings- og straffeansvar. Forfattarar: Kristin Gregers Eriksen og Tuva Skjelbred Nodeland Biletredaktør: Nina Hovda Johannesen Redaktør: Karianne Nessen Omsetjing til nynorsk: Karianne Nessen Teknisk prosjektleiarar/produksjonskonsulentar: Christoffer Glosli, Kari Hovda, Niklas Sandberg og Rolf Simonsen Marknadssansvarlig: Marianne Lehnert Ødemark Biletliste: Barnetog: frodiga/istock, tomat: anna1311/istock, eple: t_kimura/istock, paprika: The_Pixel/iStock, mais: ilietus/istock, tur: Oleh_Slobodeniuk, spill: OHishiapply/Shutterstock/NTB scanpix, langrenn: gorillaimages/shutterstock/ntb scanpix, fotball: Fotokostic/Shutterstock/NTB scanpix, brunost: Geshas/Shutterstock/NTB scanpix, sjokolade: Hege Johnsen, fårikål: Olav Olsen, taco: DronG/Shutterstock/NTB scanpix, kofte: V. Belov / Shutterstock/NTB scanpix, bunad: Inger Marie Grini/NTB scanpix, sko: Ezezer/iStock, sari: Yakov Oskanov/Shutterstock/NTB scanpix 5