Retningslinjer for gjennomføring
|
|
|
- Lene Ask
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Retningslinjer for gjennomføring 2012 Kartleggingsprøver i grunnskolen Versjon desember 2012 nynorsk 1
2 Innhald 1. Føremålet med kartleggingsprøver Praktiske opplysningar Tidspunkt for gjennomføring av kartleggingsprøvene Distribusjon av obligatoriske kartleggingsprøver Bestilling av frivillige kartleggingsprøver Kartleggingsprøver på samisk Ansvar for gjennomføringa Deltaking og fritak Individuelt fritak Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar Internasjonale og utanlandske skolar Særskild tilrettelegging Rettleiingsmateriell Gjennomføring av kartleggingsprøvene Etterarbeid Behandling av resultata Vurdering og bruk av resultata Bekymringsgrenser Sjekkliste over viktige oppgåver for skoleleiaren
3 1. Føremålet med kartleggingsprøver Informasjonen frå kartleggingsprøvene skal brukast av skolen og lærarane for å identifisere elevar med særskilde utfordringar, slik at dei kan få ekstra oppfølging. Kartleggingsprøvene er lagt til steget for å kartleggje og identifisere dei elevane som ikkje har tileigna seg nødvendige ferdigheiter i begynnaropplæringa. Dersom prøveresultata avdekkjer manglande ferdigheiter hos enkelte elevar, kan det vere grunnlag for at desse elevane får ekstra oppfølging. Informasjonen frå prøvene må ein sjå i samanheng med annan informasjon om elevane som skolen har tilgang til. 2. Praktiske opplysningar Vinteren og våren 2012 skal det gjennomførast obligatoriske kartleggingsprøver i talforståing og rekneferdigheit for 2. steget, og i leseferdigheit for 1., 2. og 3. steget. Det er tilbod om frivillige kartleggingsprøver i talforståing og rekneferdigheit for 1. og 3. steget og engelsk lesing og lytting for 3. steget. I dette dokumentet finn du viktig informasjon om kartleggingsprøvene, når dei skal gjennomførast, og korleis dei skal gjennomførast. Skoleleiaren har ansvaret for at retningslinjene blir følgde Tidspunkt for gjennomføring av kartleggingsprøvene Tabellen nedanfor viser ei oversikt over dei ulike kartleggingsprøvene og tidspunkt for gjennomføring i Obligatoriske kartleggingsprøver Talforståing og rekneferdigheit 2. steget Leseferdigheit 1. steget Leseferdigheit 2. steget Leseferdigheit 3. steget Frivillige kartleggingsprøver Engelsk lesing og lytting 3. steget Veke 11, 12 og 13 ( mars) Veke 15, 16 og 17 ( april) Veke 15, 16 og 17 ( april) Veke 15, 16 og 17 ( april) Januar og februar (Må bestillast 15. desember 20. februar) Talforståing og rekneferdigheit 1. Veke (12. mars 27. april. Må bestillast 20. steget februar 13. april) Talforståing og rekneferdigheit 3. Veke (12. mars 27. april. Må bestillast 20. steget februar 13. april) Kartleggingsprøvene skal gjennomførast i løpet av dei fastsette vekene. Skolane bestemmer sjølv kva for vekedag prøva skal gjennomførast på. 3
4 Skolar som ønskjer å gjennomføre dei frivillige kartleggingsprøvene, må sjølv bestille prøvehefta og gjennomføre prøva innanfor det fastsette tidsrommet Distribusjon av obligatoriske kartleggingsprøver For dei obligatoriske prøvene som skal gjennomførast våren 2012, treng ikkje skolane sjølve å bestille prøvemateriell. Utdanningsdirektoratet sender ut prøvene til skolane baserte på tal frå GSI. Prøvepakkene med dei obligatoriske kartleggingsprøvene inneheld prøvehefta og eit følgjebrev til skoleleiaren med informasjon om prøva og gjennomføringa. I tillegg får skolane brosjyrar med informasjon om obligatoriske kartleggingsprøver til føresette på 1., 2. og 3. steget. Skoleleiaren må syte for at skolen har fått det rette talet på prøver, og at dei er på rett målform Bestilling av frivillige kartleggingsprøver Dei frivillige kartleggingsprøvene skal bestillast frå Lundeby AS, som har ansvaret for å distribuere kartleggingsprøver for Utdanningsdirektoratet. Prøvehefta er gratis. Ein må rekne med noko tid før prøvepakka er framme på skolen. Prøvene skal bestillast ved å sende ein e-post til: [email protected]. E-posten må innehalde denne informasjonen: Namn på kontaktpersonen Namn på skolen Postadresse Talet på elevar på steget Målform på prøvehefta Det er viktig å oppgi det nøyaktige talet på elevar på steget. Det blir lagt til eit standardpåslag på 15 prosent slik at alle skolane får nok prøver. Ved eventuelle spørsmål om bestilling av prøver, ta kontakt med Lundeby på telefon Kartleggingsprøver på samisk Elevar med samisk som førstespråk skal gjennomføre obligatoriske kartleggingsprøver på samisk i leseferdigheit for 1., 2. og 3. steget, og obligatorisk kartleggingsprøve i talforståing og rekneferdigheit for 2. steget. Dei obligatoriske samiskspråklege kartleggingsprøvene blir sende ut til skolane basert på elevtalet dei har registrert i GSI. Elevane kan 4
5 også gjennomføre frivillig kartleggingsprøve i talforståing og rekneferdigheit for 1. og 3. steget på samisk. Desse prøvene må bestillast. Sjå punkt 1.3 om bestilling av frivillige kartleggingsprøver. Kontakt Samisk høgskole dersom skolen har faglege spørsmål om gjennomføringa av kartleggingsprøvene. Skolen kan gjere det på e-post: [email protected], eller på telefon Elevar med samisk som andrespråk skal gjennomføre kartleggingsprøvene på norsk. 3. Ansvar for gjennomføringa Ved offentlege skolar har skoleeigaren det overordna ansvaret for at alle elevane deltek på kartleggingsprøver. Skoleleiaren er ansvarleg for gjennomføringa av kartleggingsprøvene på eigen skole etter retningslinjene. For private skolar er det skolestyret som har det tilsvarande ansvaret for gjennomføringa av kartleggingsprøvene. Dette er heimla i forskrift til opplæringslova 2-4 og i forskrift til privatskolelova Deltaking og fritak Dei obligatoriske kartleggingsprøvene skal gjennomførast av alle elevane på dei aktuelle stega. Elevar som er sjuke på prøvedagen, eller som har anna fråvær, skal få høve til å ta prøva i ettertid. Elevar som er på ein institusjon når prøvene skal gjennomførast, skal ta prøva på institusjonen. Skolen der eleven eigentleg høyrer heime, har ansvar for at prøva med rettleiingar blir send til institusjonsskolen. Institusjonsskolen er ansvarleg for gjennomføringa, og for at prøva blir returnert til skolen der eleven høyrer til. På visse vilkår er det høve til å gi fritak frå å delta på prøvene. Sjå punkt 3.1. Dette er heimla i forskrift til opplæringslova 2-4 og i forskrift til privatskolelova Individuelt fritak For at kartleggingsprøver skal fungere som eit godt verktøy for læraren og skolen, er det viktig at alle skolane følgjer reglane for individuelt fritak. Det er berre to kategoriar elevar som kan vurderast for fritak frå ei kartleggingsprøve, og det er anten: Elevar som har et enkeltvedtak om rett til spesialundervisning (etter opplæringslova 5-1 og privatskolelova 3-6), OG det i tillegg er klart at resultata 5
6 Eller frå prøva det blir vurdert fritak frå, ikkje vil vere informasjon som kan brukast i opplæringa til eleven. Elevar som har eit enkeltvedtak om rett til særskild språkopplæring for språklege minoritetar (etter opplæringslova 2-8 og privatskolelova 3-5), OG det i tillegg er klart at resultata frå prøva det blir vurdert fritak frå, ikkje vil vere informasjon som kan brukast i opplæringa til eleven. Dette inneber at elevar med enkeltvedtak om særskild språkopplæring eller spesialundervisning ikkje automatisk skal få fritak frå kartleggingsprøver. Det skal i kvart enkelt tilfelle gjerast ei særskild og individuell vurdering om læraren kan ha nytte av resultata frå prøva i opplæringa eller ikkje. Her kan det vere store skilnader mellom elevane. Skolen kan gjere eit vedtak om fritak utan ein formell søknad frå eleven eller dei føresette. Det er ein føresetnad at dei får uttale seg før eit slikt vedtak blir gjort. Sjølv om ein elev oppfyller vilkåra for fritak, kan eleven sjølv eller dei føresette likevel bestemme at eleven skal gjennomføre prøva. Denne avgjerda kan ikkje skolen og kommunen overprøve eller klage på. I dei tilfella der skolen vurderer at eleven ikkje oppfyller vilkåra for fritak, men dei føresette ønskjer at eleven får fritak, må skolen fatte enkeltvedtak om at eleven skal gjennomføre prøva. Dette enkeltvedtaket kan dei føresette klage på. Eventuell klage skal sendast til skolen, og endeleg klageinstans er Fylkesmannen. Avgjerda om fritak er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette inneber mellom anna at enkeltvedtaket skal vere skriftleg og grunngitt, og det skal gi informasjon om klagerett og fristar for klage. I enkeltvedtaket må ein presisere kva for prøve fritaket gjeld for, og ein må i tillegg til grunngivinga vise til heimelen for fritak i opplæringslova 2-4. Vedtaket skal sendast til dei føresette, og det må sendast i god tid før prøva skal haldast, slik at det er eit reelt høve til å klage på vedtaket. Avgjerda om fritak er lagt på skolenivå og føreset ikkje delegering frå kommunenivået. For private skolar er det på tilsvarande måte mogleg med individuelt fritak i forskrift til privatskolelova 2-4, andre ledd Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar, jamfør opplæringslova 2-12, kan anten søkje om å leggje prøva på eit anna steg enn det som er fastsett, eller søkje om 6
7 fritak frå kartleggingsprøver. Det same gjeld skolar som er godkjende på grunnlag av ein anerkjend pedagogisk retning. Ordlyden skal kunne søkje gir ingen rett til fritak. Skolen skal grunngi søknaden ut frå læreplanane. Vilkåret for å leggje prøvene på eit anna steg enn det som er fastsett, eller å søkje om fritak frå kartleggingsprøvene, er mellom anna om prøvene ikkje vil vere føremålstenlege ut frå kompetansemåla i læreplanen for den aktuelle skolen. Vi viser til forskrift til opplæringslova 2-4 tredje ledd og forskrift til privatskolelova 2-4 tredje ledd: Skolar som gir opplæring etter alternative læreplanar i faga, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet Internasjonale og utanlandske skolar Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak frå kartleggingsprøver. Vilkåret for å gi fritak er at det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene. Dette er fordi kartleggingsprøvene ikkje vil vere føremålstenlege dersom elevene ikkje har fått opplæring etter aktuelle læreplanar/kompetansemål som kartleggingsprøvene testar. Vi viser til forskrift til opplæringslova 2-4 fjerde ledd (Internasjonale og utanlandske skolar): Internasjonale skolar og utanlandske skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene. 5. Særskild tilrettelegging Skolen har ansvaret for at kartleggingsprøvene også kan gjennomførast av elevar som treng særskild tilrettelegging. Skolen kan ikkje lage eigne ordningar som kan påverke elevresultata. Skolen må vurdere behovet den enkelte eleven har for spesiell tilrettelegging. Kartleggingsprøvene i leseferdigheit og i talforståing og rekneferdigheit finst i punktskriftversjonar. Skolar med elevar som treng punktskriftversjon, kan bestille prøvene frå: 7
8 Tambartun kompetansesenter: E-post: telefon: Kartleggingsprøvene i leseferdigheit og i talforståing og rekneferdigheit finst i teiknspråksversjonar. Skolar med elevar som treng teiknspråkversjon, kan bestille prøvene frå: Møller-Trøndelag kompetansesenter E-post: [email protected], telefon: Rettleiingsmateriell Det er utarbeidd rettleiingar til kvar kartleggingsprøve. Rettleiingane inneheld informasjon om gjennomføring av prøvene, vurderingsrettleiing (fasit) og tips til oppfølging av resultata. Skoleleiaren må syte for at lærarane som er ansvarlege for å gjennomføre prøvene, har sett seg godt inn innhaldet i rettleiingane før gjennomføringa. I rettleiingsmateriellet står det forklart korleis skolen og lærarane kan følgje opp prøveresultata i opplæringa. Dette inneber tolking av resultata og forslag til tiltak. Tilgangen til rettleiingsmateriellet krev pålogging. Brukarnamn og passord står i følgjebrevet til skoleleiaren som ligg ved prøvepakkene. Det blir òg sendt på e-post til skolane. 7. Gjennomføring av kartleggingsprøvene Elevane arbeider individuelt med kartleggingsprøvene. Lærarinstruksjonen inneheld detaljert informasjon om oppgåvene til lærarane under gjennomføringa. Talforståing og rekneferdigheit: Prøvegjennomføringa tek om lag 40 minutt. Dersom det er ønskjeleg, kan prøva delast opp i to delar og gjennomførast i 2 x 20 minutt. I instruksjonen i rettleiinga står det kor lang tid elevane får på dei ulike delprøvene. Det er viktig å følgje denne instruksjonen. Leseferdigheit: Prøvegjennomføringa tek om lag 45 minutt. Prøvene er laga slik at det er mogleg å gjennomføre prøvene over to økter. Det går fram i lærarrettleiingane når det 8
9 kan passe med ein pause i prøvesituasjonen. I instruksjonen til læraren er det ført opp kor lang tid elevane får bruke på dei enkelte oppgåvene. Det er viktig å følgje denne instruksjonen. 8. Etterarbeid 8.1. Behandling av resultata Skolen skal gi tilbakemelding til eleven og dei føresette om resultata på kartleggingsprøvene. Ingen resultat skal rapporterast til Utdanningsdirektoratet Vurdering og bruk av resultata I rettleiingane er det forklart korleis lærarane skal rette prøva og rekne ut poeng. Til kvar prøve følgjer det med eit skjema for grupperesultata som lærarane kan bruke for å halde oversikta. Bekymringsgrensa er basert på prestasjonane til elevar frå eit representativt utval skolar etter at prøva var gjennomført første gongen. Elevar som presterer under eller på denne grensa, kan ha behov for ekstra oppfølging. Det er viktig at denne grensa ikkje blir tolka absolutt. Ein elev som presterer like over bekymringsgrensa, kan likevel trenge spesiell oppfølging. På same måte kan ein elev som presterer like under bekymringsgrensa, ikkje ha behov for ytterlegare oppfølging. Prøveresultata må altså vurderast i samanheng med det ein veit om eleven frå før. Rettleiingsmateriellet inneheld forslag til aktivitetar som kan brukast til oppfølging av prøveresultata i klasserommet. Intensjonen er at mange av desse læringsaktivitetane kan gjennomførast utan store endringar i klasseromspraksisen elles. 9
10 9. Bekymringsgrenser Obligatoriske kartleggingsprøver Bekymringsgrense Talforståing og rekneferdigheit 2.steget 43 poeng Leseferdigheit 1. steget Del 2: 12 poeng. Del 4: 13 poeng Del 5: 7 poeng Del 6: 6 poeng Del 7: 10 poeng Del 8: 4 poeng Leseferdigheit 2. steget Del 3: 24 poeng Del 4: 10 poeng Del 5: 9 poeng Del 6: 5 poeng Del 7: 9 poeng Del 8: 5 poeng Del 9: 2 poeng Leseferdigheit 3. steget Del 2: 16 poeng Del 3: 3 poeng Del 4: 12 poeng Del 5: 2 poeng Frivillige kartleggingsprøver Bekymringsgrense Engelsk lesing og lytting 3. steget Del 1: 16 poeng Del 2: 18 poeng Talforståing og rekneferdigheit 1. steget 34 poeng Talforståing og rekneferdigheit 3. steget 52 poeng 10
11 Sjekkliste over viktige oppgåver for skoleleiaren Før prøva Kontrollere at kontaktinformasjonen i GSI er rett (adresse og e-postadresse). Gjere seg kjend med kva for obligatoriske prøver som skal gjennomførast når. Bestille frivillige kartleggingsprøver. Informere lærarane om gjennomføringa av kartleggingsprøvene. Syte for at lærarane er kjende med rettleiingsmateriellet. Kontrollere at skolen har fått prøvepakke med rett tal på prøvehefta og i rett målform. Ta vare på brukarnamn og passord som står i følgjebrevet til skoleleiaren. Det blir sendt til skolane saman med prøvehefta. Avklare stad og tidspunkt for gjennomføring av prøvene. Informasjon til elevane og deira føresette om gjennomføring av prøvene. Følgje med på Utdanningsdirektoratets nettside for å få oppdatert informasjon i forkant av prøvegjennomføringane. Syte for at elevar som har behov for det, får spesiell tilrettelegging. På prøvedagen Vere til stades for å hjelpe lærarane som står for gjennomføringa av prøva. Etter prøva Syte for at eleven og dei føresette får tilbakemelding på prøveresultatet. Vurdere om elevar som skårar under bekymringsgrensa, treng ekstra oppfølging. Oppmuntre lærarane til å ta i bruk rettleiingsmateriellet for å følgje opp prøveresultata i klasserommet. Intensjonen er at mange av desse forslaga kan gjennomførast utan store endringar i opplæringa. Bruke resultata som ein del av det lokale forbedrings- og utviklingsarbeidet. Skolar som har fått ein spesiell førespurnad frå eit fagmiljø, hjelper til med å stille elevresultata til disposisjon for fagmiljøet. 11
Retningslinjer for gjennomføring av kartleggingsprøver i grunnskolen våren 2011
Versjon februar 2011 Nynorsk Retningslinjer for gjennomføring av kartleggingsprøver i grunnskolen våren 2011 Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 Oslo Besøksadresser: Schweigaardsgate 15 B, Oslo Britveien
Retningslinjer for gjennomføring
Retningslinjer for gjennomføring 2012 Kartleggingsprøver i grunnskolen Versjon desember 2012 bokmål 1 Innhold 1. Formålet med kartleggingsprøver... 3 2. Praktiske opplysninger... 3 2.1. Tidspunkt for gjennomføring
Retningslinjer for gjennomføring
Retningslinjer for gjennomføring 2013 Kartleggingsprøver i grunnskolen Sist oppdatert 30.11.2012 bokmål 1 Innhold 1. Formålet med kartleggingsprøver... 3 2. Praktiske opplysninger... 4 2.1. Tidspunkt for
Retningslinjer for gjennomføring av kartleggingsprøver i grunnskolen våren 2011
Versjon februar 2011 Bokmål Retningslinjer for gjennomføring av kartleggingsprøver i grunnskolen våren 2011 Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 Oslo Besøksadresser: Schweigaardsgate 15 B, Oslo Britveien
Kartleggingsprøver 2016
Kartleggingsprøver 2016 Retningslinjer og rettleiing til skoleeigarar og skoleleiarar Sist oppdatert desember 2015 Nynorsk Innhald 1. OM KARTLEGGINGSPRØVER... 3 1.1 Formål: Kvifor kartleggingsprøver på
Kartleggingsprøver 2015
Kartleggingsprøver 2015 Retningslinjer og rettleiing til skoleeigarar og skoleleiarar Sist oppdatert 20. januar 2015 Nynorsk Innhald 1. OM KARTLEGGINGSPRØVER... 2 1.1 Formål: Kvifor kartleggingsprøver
Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2010
Versjon september 2010 Nynorsk Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2010 Postadresse: Postboks 2924 Tøyen, 0608 Oslo Besøksadresser: Kolstadgata 1, Oslo Britveien 4, Molde Parkgata
Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2011
Versjon juni 2011 Nynorsk Retningslinjer for gjennomføringa av nasjonale prøver hausten 2011 Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 Oslo Besøksadresser: Schweigaardsgate 15 B, Oslo Britveien 4, Molde
TILSYNSRAPPORT. Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver. Hjartdal kommune - Sauland skule. Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune v/rådmann Rune Engehult 3692 SAULAND TILSYNSRAPPORT Skulen sin gjennomføring av nasjonale prøver Hjartdal kommune - Sauland skule Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om
Kartleggingsprøver 2015
Kartleggingsprøver 2015 Retningslinjer og veiledning til skoleeiere og skoleledere Sist oppdatert 20. januar 2015 Bokmål Innhold 1. OM KARTLEGGINGSPRØVER... 2 1.1 Formål: Hvorfor kartleggingsprøver på
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende.
1 Oppsummeringen fra 2013 ble publisert denne uka på vår nettside. Vi hadde i 2013 noen flere saker enn året år, og noen av sakene var tidkrevende. 2 Elevene skal få informasjon om klageretten og hvordan
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Stord kommune - Langeland skule 20.02.15 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med Stord kommune Langeland skule...
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.
Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Gimle skule 1 Lovverk Opplæringslova Føremålet med denne planen Rutinane skal
I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.
Valfag på ungdomstrinnet Udir-7-2012 I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet. RUNDSKRIV SIST ENDRET: 14.08.2012 Innhold 1. Innleiing 2. Bakgrunn for endringane
Endeleg TILSYNSRAPPORT
Fylkesmannen i Telemark Hjartdal kommune Endeleg TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Hjartdal kommune September 2017 1 Innhald 1. Innleiing... 3 2. Om tilsynet med
Standpunktkarakterar 2016
Standpunktkarakterar 2016 Rettleiing ved behandling av klage på standpunktkarakterar i vidaregåande opplæring Innhald 1. Innleiing... 3 Klagefrist... 3 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen...
Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir
Rettane til sterkt svaksynte og blinde elevar Udir-9-2012 Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring har rett til vurdering etter reglane i
Fra Forskrift til Opplæringslova:
Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.
Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering
Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova: Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar,
Rettleiing. Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn. Versjon: juli 2010, nynorsk
Rettleiing Nasjonale prøver i rekning for 5. trinn Versjon: juli 2010, nynorsk Nasjonale prøver i rekning for 5. steget Her får du informasjon om nasjonale prøver i rekning og kva prøva måler. Vidare er
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring http://www.lovdata.no/for/sf/kd/xd-20060623-0724.html#map004 I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg
Kvalitetskriterium i PP-tenesta
Kvalitetskriterium i PP-tenesta For å hjelpe kommunar og fylkeskommunar til å utvikle PP-tenesta har Utdanningsdirektoratet utforma fire kvalitetskriterium for PP-tenesta. Føremålet med kriteria er å medverke
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Fjell kommune Knappskog skule 20. februar 2015 1 Innhald 1 Innleiing... 3 2 Om tilsynet med Fjell kommune Knappskog skule...
GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk
GSI'09 Voksenopplæring (Vo) rettleiing nynorsk Datert 01.10.2009 Side 1 av 11 Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) GSI09, Vo-eining Generelt A. Deltakarar i vaksenopplæring på grunnskoleområdet. Alle
STANDPUNKTKARAKTER 2016
Fylkesmannen i Rogaland STANDPUNKTKARAKTER 2016 Rettleiing ved behandling av klage i grunnskolen 1 1 Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema...
Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)
Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til
Skuleåret 2017/2018.
Skuleåret 2017/2018 www.fylkesmannen.no/oppland Innhald Innleiing... 3 Kva kan du klage på?... 3 Kven kan klage på karakter?... 3 Når er klagefristen?... 3 Før du klagar... 3 Korleis klagar du?... 3 Kva
Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan
Vår dato: Vår ref: 11.06.2019 2019/12340 Dykkar dato: Dykkar ref: Lindås kommune Kvernhusmyrane 20 5914 ISDALSTØ Saksbehandlar, innvalstelefon Alan Khaderi, 5764 3107 Varsel om felles nasjonalt tilsyn
ENDELEG TILSYNSRAPPORT
Norddal kommune v. rådmann Postboks 144 6211 Valldal ENDELEG TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskild tilrettelegging Norddal kommune Eidsdal skule Innhald Samandrag... 3 1. Innleiing
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:
Forskrift om endringer i forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven og forskrift om endringer i forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskoleloven I I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven
Rettleiing del 3. Oppfølging av. resultata frå. nasjonal prøve i rekning. 8. steget
Versjon 8. september 2009 Nynorsk Rettleiing del 3 Oppfølging av resultata frå nasjonal prøve i rekning 8. steget Hausten 2009 1 Dette heftet er del 3 av eit samla rettleiingsmateriell til nasjonal prøve
Fylkesmannen i Rogaland Utdanningsavdelinga. Tilsynsrapport
Fylkesmannen i Rogaland Utdanningsavdelinga Tilsynsrapport Tilsyn med gjennomføring av nasjonale prøver 2010 i eit utval grunnskolar i Sandnes kommune Stavanger 13.05.2011 INNHALD: 2.1 Generelt... 4 2.2
Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST
Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST NOEN ENDRINGER/PRESISERINGER I LOVEN 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper I
Saksbehandlar: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: /5571 Dykkar dato: Dykkar referanse: TILSYNSRAPPORT. Hosanger Montessoriskule
Saksbehandlar: Linn Kvinge Vår dato: Vår referanse: 04.02.2015 2013/5571 Dykkar dato: Dykkar referanse: Hosanger Montessoriskule ved styreleiar Hosanger 5282 Lonevåg TILSYNSRAPPORT Hosanger Montessoriskule
STANDPUNKTKARAKTER 2015
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane STANDPUNKTKARAKTER 2015 Rettleiing ved handsaming av klage i grunnskulen Innhald 1 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skulen... 2 Skjema...
Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging
Vinje kommune Rådmannen FYLKESMANNEN I TELEMARK Postboks 2603 3702 SKIEN Sakshands. Saksnr. Løpenr. Arkiv Dato ANDERSSA 2016/1637 9709/2017 SA5 26.04.2017 Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12
6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12 Jon Todal, professor dr.art., Sámi allaskuvla / Samisk høgskole, Guovdageaidnu Samandrag I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval
Vurderingsrettleiing 2011
Vurderingsrettleiing 2011 ENG0012 Engelsk 10.trinn Til sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga gir informasjon
Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon
SKULEN SITT ARBEID MED ELEVANE SITT UTBYTE AV OPPLÆRINGA Spørsmål som skal vurderast og svarast på Ja/nei Skuleleiinga si vurdering av situasjonen ved skulen grunngjeving for svara i førre kolonne SKULEN
Fylkesmannen i Hordaland
Fylkesmannen i Hordaland Innhald 1. INNLEIING... 2 Klagefrist... 2 Informasjons- og rettleiingsplikta til skolen... 2 Skjema... 3 Om sluttvurderinga... 4 Ikkje grunnlag for å setje karakter Krav om varsling...
Forskrift til opplæringslova
Forskrift til opplæringslova Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring V. Eksamen 3-25.Generelle føresegner Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket. Læreplanen
EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT
EKSAMEN 2019 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2018/19 Eksamen og vurdering Eksamen 2019 - kursrekke 1. samling torsdag 25. oktober 08.30
SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.
VOLDA KOMMUNE Skuleavdelinga SPESIALUNDERVISNING Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune. Ein viser også til heftet Spesialundervisning. Veileder
Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune
rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt
Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar
Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar for Bø kommune 2015-2018 Lovverk og referansar Opplæringslova Føremålet med planen Rutinane skal legge til rette for fagleg og
Regelverk og rettar. opplæring for einslege mindreårige asylsøkjarar
Regelverk og rettar opplæring for einslege mindreårige asylsøkjarar Rett til opplæring Grunnloven 104 respekt for menneskeverd, personlig integritet, og Staten skal legge til rette for barnet si utvikling
Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune
0 Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune 1 Innhald Innleiing... 3 Mål for særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar
Rettigheter for minoritetsspråklige
1 Rettigheter for minoritetsspråklige Særskilt språkopplæring for elever fra språklige minoriteter Opplæringslova 2-8 (grunnskole) 3-12 (videregående opplæring) http://www.udir.no/laring-og-trivsel/minoritetsspraklige/skole/sangen-om-sarskiltsprakopplaring/
4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE
4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE 02.11.2016 1 1. Minoritetsspråklege utan dokumentasjon Forskrift til opplæringslova 6-13: Søkjarar som hevdar at dei har gjennomgått allmenn grunnopplæring i utlandet
Kl. 09.00: Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.
RINGSAKER KOMMUNE BRUMUNDDAL UNGDOMSSKOLE Mai 2014 Til elever og foreldre på 10. trinn Informasjon om eksamen og klagerett Dette skrivet inneholder følgende informasjon: om skriftlig eksamen våren 2014
Kunngjort 9. juni 2017 kl PDF-versjon 9. juni Lov om endringer i opplæringslova og friskolelova (skolemiljø)
NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 9. juni 2017 kl. 14.15 PDF-versjon 9. juni 2017 09.06.2017 nr. 38 Lov om endringer i opplæringslova
Vurdering på barnesteget. No gjeld det
Vurdering på barnesteget No gjeld det 2 No gjeld det 1. august 2009 endra ein forskrifta til opplæringslova kapitel 3 Individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Denne brosjyren gjev
1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.
TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL PSYKISK HELSEARBEID 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje
Vurderingsrettleiing 2011
Vurderingsrettleiing 2011 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen 2011 Denne vurderingsrettleiinga
Vurderingsrettleiing 2012
Vurderingsrettleiing 2012 NOR0214/NOR0215 Norsk hovudmål og norsk sidemål Sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Vurderingsrettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i norsk, grunnskolen 2012 Denne
TILSYNSRAPPORT. Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE TILSYNSRAPPORT Forvaltningskompetanse avgjerder om særskilt tilrettelegging Sogndal kommune Kaupanger skule Innhald Samandrag... 3 2. Om tilsynet med Sogndal kommune Kaupanger
EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT
EKSAMEN 2018 KOMPETENT ÅPEN PÅLITELIG SAMFUNNSENGASJERT Kursrekke for faglærere, skoleledere og sensorer skoleåret 2017/2018 Eksamen og vurdering Eksamen 2018 - kursrekke 1. samling tirsdag 31. oktober
SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR
SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR Spørsmåla handlar om forhold som er viktige for læringa di. Det er ingen rette eller feile svar, vi vil berre vite korleis du opplever situasjonen på skulen din. Det er frivillig
Regelverksamling Alstor - Stavanger
Regelverksamling 19.03.2015 Alstor - Stavanger Særskilt språkopplæring for elever fra språklige minoriteter Opplæringslova 2-8 og 3-12 2-8 og 3-12 Særskilt språkopplæring for elever fra språklige minoriteter
Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.
Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune. Forskriftene regulerer: 1. Omfanget av grunnskuleopplæringa. 2. Målformer i grunnskulen. 3. Ordensreglement. 4. Skulen (krinsgrenser). 1 Punkt
- Retningslinjer for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune
rundskriv nr. 18/16 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 14.11.2016 116213/2016/062 - Retningslinjer for
Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder
Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør
Kompetanse for mangfold. Opplæringsloven 2-8 og 3-12 UiN 24. september 2015
Kompetanse for mangfold Opplæringsloven 2-8 og 3-12 UiN 24. september 2015 Mål for økta Kjenne innholdet i 2-8 og 3-12 mm. Vite hva man skal gjøre når man får elever med minoritetsspråklig bakgrunn Før
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring I. Generelle føresegner 3-1. Rett til vurdering Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar
